Gå til innhold
Arkivverket

Hvem var kona til Laurits Jacobsen Togning/Tonning, Stryn


Jon Christian Ringdal
 Del

Recommended Posts

Hei,
jeg har en Nordfjordnøtt her som jeg håper noen kan hjelp meg med. Jeg har en stund nå prøvd å finne identiteten til kona til Laurits Jacobsen Tonning (Sønn av Jacob Lauritsson "Buchen" Roset) uten hell. På side 86 i boken "Nordfjord fraa gamle dagar til no: II de enskilde bygder: 3. Innvik - Stryn" av Jacob Aaland:http://www.nb.no/nbsok/nb/ee2753c649e083abc8110b94753d9f3e?index=13#331 står det at Laurits trolig var gift med en ukjent datter av Jon Botolvsen Togning da eldste sønnen til Laurits het Jon. Jacob Aaland nevner også på samme side at denne Jon Botolvsen skal ha hatt en antatt halvbror ved navn Jørgen Philipsen som visst nok også skal ha vært lagmann.

Jon C Ringdal
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aaland var dessverre bunden av eit stramt budsjett og det er nok ein av grunnane til at han er dårleg på kjeldebelegging. Eg har prøvd å gå han etter i saumane på ein del opplysningar, og finn stundom at han har rett og stundom ikkje.

 

No skriv du ikkje så mykje om kva du veit om denne familien, men for å få med heilskapen skriv eg det eg for min del har om Lars Jakobson Tonning.

 

Skiftet etter faren Jakob i 1690 nemner borna Lars Tonning, (avdød), Peder, Ola Nes, Gunnhild Ulvedal, Marte Berge og Barbrå Hopland. (Mor deira var Brite Olsdtr - ho stiller med broren "Ole Pederson" Rand som verje; eg har kome til at det må vere motsett, Peder Olsson). Lars sine umyndige born har farbrør som verjer, og vi får dermed ikkje vite noko om morsslekta deira.

 

Så når du spør kven kona til Lars var, kan eg ikkje svare deg heilt sikkert, men vi veit ho var gift 2 gonger; andre mannen hennar, Ola Larsson, er førd opp med 2 søner i 1701 - Lars Olsson,17 år, tener i Bergen, og Nils Olsson, 13 år, og med to ste-søner, Jon Larsson 40 år og Lars Larsson 31 år, begge oppgjevne å vere tenande utanlands.

 

Jon Larsson har eg ikkje funne meir om, men Lars Larsson er det skifte etter i Bergen i 1751. Då får vi vite at arvingane hans er halvbroren Nils Olsson Tonning som er død og etterlet seg 6 born. Skal vi gå ut frå at han har brukt mora sitt namn på ei dotter? Dei heiter Anna Marie, Johanna og Anna.

 

Så er der ei fullsyster som arvar, nemleg Anne (Larsdtr), enkje etter Rasmus Ytrehorn. Skiftet etter henne i 1756 inneheld to døtre: Ingeborg etter farmora, og Anne.

 

Til slutt ei fullsyster Marte, død og med 6 born etter seg. Døtrene heiter Berte, Anne og Borgny.

 

Det må då vere eit temmeleg heitt tips at kona til Lars Jakobson og Ola Larsson heitte Anne.

 

Andre mannen hennar, Ola Larsson, har gifta seg på nytt etter hennar død, for han er enkjemann i skiftet etter Anne Jonsdtr Tonning i 1714. Ho er død utan livsarvingar, og ei rekkje syskenborn i området Olden/Innvik arvar. I dette skiftet er Lars Olsson nemnt - han har noko av morsarven sin ståande i dette buet, og det er vist til eit skiftebrev av 1687 - det er dermed rimeleg å tru at den ukjende mora (Anne?) har døydd dette året.

 

Så kjem eit spennande punkt: Det står nemleg at det ligeledes skal det tilfalle han ein arv etter hans salige moders farbroder, lagmann Jørgen Filipson (heia, Aaland!), frå året 1697. Men Lars Olsson er framleis utanlands, så enkjemannen skal ta vare på midlane hans; dei er usikre på om han er i live, virkar det som.

 

Etter dette blir det nemnt at Nils Olsson har tilsvarande krav. Vidare blir det sitert frå eit gjensidig testamente mellom Anne Jonsdtr og Ola Larsson - der omtalar han sin avdøde 1 hustru, men ikkje med namn.

 

Dette er alt eg har funne ut, så langt.

 

Dersom eg søkjer på avansert personsøk på Jørg* Phil*|Fil* kjem eg fram til ein lagmann i Bragernes. Dette er eit heilt nytt funn for meg, og eg må studere det nøyare - virkar veeeldig interessant.

 

Denne lagmannen er død i 1696. http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000001338623

 

Kona er død i 1704 og det ser ut som dei ikkje har hatt felles born. http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/27/pa00000000024560

 

Eg ser lagmannen er nemnt her http://forum.arkivverket.no/topic/115285-29688-anders-larsen-hadeland-av-gullsmedslekt/

 

- kan det finnast skifte etter han? Litt googling viser at han var ein mektig mann.

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg finn dette på Lokalhistoriewiki:

Jørgen Fillipsen

 

Jørgen Fillipsen (andre skrivemåtar: Philipsen, Phillipssøn, fødd ca 1620, død 1696) var fut i Gudbrandsdalen i alle fall frå 1653 til svogeren Jens Madssen overtok embetet i 1659. Kvar han kom frå er ukjent. Det har vore rekna med at han var ein av dei danske skrivarane som kom til Noreg kring 1650, men Halvdan Koht påpeiker at det berre er laus gjetting. Fillipsen var eigar av Lesja jernverk frå starten i 1660 til 1687 og kjøpte opp dei aller fleste gardane på Lesjaskogen frå 1660 og utover.

Fillipsen organiserte to friviljuge kompani av bønder frå Gudbrandsdalen til frigjeringa av Trondheim i 1658-59. Etter han gjekk av som fut sendte bøndene i dalen klager mot han og den neste futen, svogeren Jens Madssen, for ei lang rekkje overgrep. Men ein kongeleg kommisjon frikjende dei.

Da Fillipsen slutta som fut, flytta han til Christiania der han dreiv stort som trelasteksportør. I 1669 vart han utnemnt til viselagmann på Opplanda og nokre år seinare lagmann for same distrikt. Han var òg assistensråd ved Overhoffretten. I 1670-åra var han rekna som ein av dei rikaste borgarane i Christiania.

Fillipsen var gift 1656 med Anne Bentsd., enkje etter Jacob Eggertsson Stockfleth, tidlegare fut over Land og Valdres. Dei fekk ikkje barn, og i testamentet deira frå 1685 gav dei jordeigedom til ein verdi av 3000 riksdaler til «skolen og de fattige». Dette vart sett i eit legat og utbyttet vart delt mellom Christiania latinskole og Oslo hospital, som altså på dette viset vart jordeigarar m.a. i Gudbrandsdalen fram til gardane vart selde til sjølveige i 1720-åra.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter å ha lese det Aaland skriv om desse folka, kjem eg til at sambandet til Jon Botolvson truleg er ein kjapp snarveg. Eg finn i alle fall ingen dokumentasjon, men på 1920-30-talet var "må ha vore" oftast godt nok til å setje to strekar under. Eg ville ikkje gjort det, endå i alle fall.

 

Sjå tråden om Jørgen Filipson for meir opplysningar.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Aase,

takk for de omfattende opplysningene!

Jeg synes det virket litt mangelfullt når det gjaldt Aalands kildebelegg for at jon botolvsson var laurits sin verfar ja.

Men vil dette si at Laurits Jacobsson stammer fra "hardborgætti" gjennom mora Brite Olsdotter?

 

Jon C Ringdal 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har vel sett den andre tråden eg starta om Jørgen Filipson? Kven som var foreldra til Brite Olsdtr Rand har eg ikkje noko belegg for, så eg kan ikkje knyte henne til Hardbog-ætta. Broren i skiftet er som nemnt kalla Ole Pedersen; er det rett er dei berre halvsysken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.