Gå til innhold
Arkivverket

Familien Arentz og utvandring frå Stavanger 1840-1850? - er det mogeleg å verta klok på desse folki?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg må ut og be dykk om hjelp til å freista finna fleire utvandrarar til Amerika av denne huslyden ARENTZ som dels har opphavet sitt i Luster i Sogn, men som budde i Stavanger før dei alle hamna i Amerika.  Huslyden har vore drøfta før i det gamle Brukarforum som tema #76547 (http://forum.arkivverket.no/topic/161890-76547-didrik-bay-arentz-1789-og-anna-marie-philipsdotter-fraas-1785-fraa-bergen/?hl=arentz), men spørsmåli som er innfeldt nedanfor, vart aldri løyste den gongen...)

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt frå gnr. 172, Sjøtun:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Marie, kjend som Maria Philipsdotter Fraas, døypt i Hafslo 20.3.1785,

Maria Fraas gifte seg i Hafslo 9.4.1817 med Didrik Bay Samuelson Arentz frå Bergen.  Han var son av frisør Samuel Arentz i Bergen og kona Anna Christine Alm og f. i Bergen 12.7.1789.  Didrik var kopparslagarmeister, og han og Maria budde først i Bergen til dei kring 1830 flytte til Stavanger.  Maria d. i Stavanger 16.6.1849, og i

 

¤¤¤¤¤ (year of Didrik’s emigration? – perhaps 1850?)

 

utvandra Didrik Arentz som enkjemann til Amerika.  Han busette seg i Chicago, Cook Co., Ill. der han d.

 

¤¤¤¤¤ (exact date of his death?)

 

1857.  Dei fekk fem born i lag:

a. Samuel Christopher Didrikson Arentz, f. i Bergen 3.1.1818, utvandra til Amerika i 1843

 

     ¤¤¤¤¤ (according to 1900 census!)

 

     og gifte seg

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of his marriage? – Chicago, IL about 1847/1848?)

 

     med Bertha Marie, kjend som Maria Nilsdotter frå Brekke nordre i Gjerpen, i Amerika kjend som Mary Nelson.  Ho var dotter av arbeidar Nils Axelson på Brekkejordet under Brekke nordre, opphavleg frå Hyni søndre, og kona Anna Christine Saamundsdotter frå Brekkejordet under Brekke søndre og f. i Gjerpen 31.3.1823, men utvandra til Amerika i 1847.  Samuel og Mary Arentz busette seg i Chicago, Cook Co., Ill. der Samuel stort sett livnærte seg som jarnvarehandlar (”hardware store owner and operator”), men ei tid var han òg politibetjent (”park policeman”).  Mary d. i Chicago, Ill. 30.6.1899, medan Samuel Arentz d. same staden 19.12.1900.  Dei fekk åtte born i lag.

b. Anna Christine Didriksdotter Arentz, f. i Bergen 1.12.1819, utvandra til Amerika i

 

     ¤¤¤¤¤ (year of her emigration? – perhaps 1850?)

 

     og budde truleg i lag med far sin i Chicago, Cook Co., Ill. der ho òg d.

 

     ¤¤¤¤¤ (exact date of her death?)

 

     1857, ugift.

c. Birgitte Marie Didriksdotter Arentz, f. i Bergen 8.3.1822, gifte seg første gongen i Stavanger 28.9.1842 med Eilert Christian Nilsson Eeg frå Stavanger, døypt i Stavanger 31.12.1815.  Eilert var urmakar, og han og Birgitte budde i Stavanger til dei i 1850

 

     ¤¤¤¤¤ (verify emigration year?)

 

     utvandra til Amerika.  Dei busette seg i Chicago, Cook Co., Ill. der Eilert Eeg vart første norske smykkehandlar (”jeweller”) med butikk på Clark street.  Men Eilert d. i Chicago, Ill. alt 4.8.1853, og Birgitte, då kjend som Betsy, gifte seg att i Mower Co., Minn. 9.3.1859 med enkjemannen Helge Erikson, opphavleg frå Åberg i Nord-Aurdal, i Amerika kjend som Helge Erickson.  Han var son av husmann Erik Evenson i Åbergshagen under Åberg, opphavleg frå Åberg, og kona Ragnhild Lagesdotter frå Bø vestre og vart døypt i Nord-Aurdal 25.12.1806.  Helge hadde vore gardbrukar på Fløene i Nord-Aurdal, men utvandra som enkjemann til Amerika i 1852.  Helge og Betsy farma først i Windom township, Mower Co., Minn. og frå 1861 i Adams township, Mower Co., Minn.  Kring 1872 flytte dei til ein farm i Leon township, Clearwater (Polk) Co., Minn. og i 1876 vidare med eldste dotter deira til Nora township, Pope Co., Minn. der Betsy d. 27.10.1876.  Helge Erickson d. same staden 20.3.1883.  Betsy fekk i alt sju born, fire frå første ekteskapet og tre frå det andre, men ansdre mannen Helge hadde òg fire born frå første ekteskapet sitt.

d. Philipine Christopherine, kjend som Philippa Christophine Didriksdotter Arentz, f. i Bergen 4.1.1825, utvandra til Amerika i 1846 og gifte seg i New York City, N.Y. 7.8.1846 med Johan Nathanael Johanson Holfeldt frå Stavanger, i Amerika kjend som John Holfeldt.  Han var son av krigskommisær Johan Nathanael Christopherson Holfeldt i Stavanger, opphavleg frå Arendal, og kona Metta Marie Jeansdotter Borelly, òg frå Arendal, og f. i Kristiansand 19.4.1818, men utvandra òg til Amerika i 1846.  John og Philippa busette seg i New York City, N.Y. der John var handelsmann (”merchant”).  I 1853 flytte dei til Quebec, Qué. der John var handelsmann og immigrasjonsagent (”merchant and immigration agent”) til dei i desember 1863 flytte attende til Stavanger.  John tok til som skipsreiar og sidan som grosserar, men d. i Christiania (Oslo) 1.7.1873 då han var undervegs på feriereise til ”Syden”.  Philippa Holfeldt vart som enkje buande i Stavanger der ho d. 26.1.1904.  Dei var barnlause, men hadde fleire fosterborn.

e. Petronelle Lovise, kjend som Louise Didriksdotter Arentz, f. i Bergen 23.12.1826, utvandra til Amerika i 1850

 

     ¤¤¤¤¤ (year of her emigration to be verified?)

 

     og gifte seg i Chicago, Ill. 15.12.1853 med Johannes Stephanus Olson Irgens frå Nymoen på Modum, i Amerika kjend som John Irgens.  Han var son av kontorist Ole Marcusson Irgens på Nymoen, opphavleg frå Bergen, og kona Henriette Christine Henriksdotter Calmeyer frå Christiania og f. på Modum 10.2.1832, men utvandra til Amerika i 1849.  John var nokre år fabrikkarbeidar (”factory worker”) i Chicago, Cook Co., Ill., men han og Louise flytte i 1857 til ein farm i Adams township, Mower Co., Minn.  John var borgarkrigssoldat (”Civil War sergeant and lieutenant”) og arbeidde sidan som stasjonsstyrar ved jarnbanen (”railroad station agent”) i Austin, Mower Co., Minn. der han frå 1870 til 1874 var finansråd (”County treasurer”).  Han var frå 1875 til 1879 statspolitikar (”Minnesota Secretary of State”), men flytte i 1879 med huslyden sin til ein farm i

 

     ¤¤¤¤¤ (name of township? – T139 R55)

 

     Barnes Co. N.D.  Dei budde frå 1881 til 1887 i Claremont, Surry Co., Va.,

 

     ¤¤¤¤¤ (what did he do while they lived there?)

 

     men heldt elles fram som farmarar i Barnes Co., N.D.

 

     ¤¤¤¤¤ (verify that they lived on the same farm in Barnes Co., ND?)

 

     til dei i 1896 tok pensjon og flytte til Jamul, San Diego Co., Cal. der John d. 31.12.1901.  Louise Irgens d. same staden 22.6.1916.  Dei fekk sju born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips, som kan hjelpa meg med å fylla flest mopgeleg av desse "hòli"!

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

På ancestry.com

Samuel Christopher Didrikson Arentz
Birth 3 JAN 1818 in Bergen
Death 19 DEC 1900 in Chicago, il
 
 
Mette
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Diedrich Bay Arentz
Birth 12 Jul 1789 in Bergen, Hordaland, Norway
Death 1857 in Chicago, Cook, Illinois, United States
 
 
 
Anna Maria Fraas
Birth 18 Mar 1787 in Bergen, Hordaland, Norway
Death 1849

 

 

Lovise Petronelle

Cencus 1880

Location
Barnes, Dakota Territory, United States
Endret av Mette R Francke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Mette for kommentarar henta frå ancestry.com om denne huslyden.  Eg har tidlegare vore og "forsynt" meg derifrå, men diverre er det ikkje stort å finna som me ikkje veit frå før...

 

Det heile "kokar ned" til spørsmåli om kva år dei ulike personane siglde til Amerika:

 

Samuel Christopher Didrikson Arentz, fødd i Bergen 1818, synest ha utvandra i 1843 (ifølgje FT1900) - var seinast i Chicago, IL i 1847!

 

Didrik Bay Samuelson Arentz, fødd i Bergen 1789, vart enkjemann i juni 1849 - kan vel neppe ha utvandra før 1850 og då tydeleg i lag med tre døtrer:

 

* Anna Christine Didriksdotter Arentz, fødd i Bergen 1819, ugift, utvandra truleg i lag med far sin - kan henda 1850

 

* Birgitte Marie Didriksdotter Arentz, fødd i Bergen 1822, gift i Stavanger 1842 med Eilert Christian Nilsson Eeg, fødd i Stavanger 1815 - skal ha utvandra i 1850? - i lag med far hennar?

 

* Peternelle Lovise, kjend som Lovise Didriksdotter Arentz, fødd i Bergen 23.12.1826, skal òg ha utvandra i 1850? - ogso i lag med faren og dei to søstrene?

 

Ingen av desse emigrantane er å finna i utflyttelistene frå kyrkjene i Stavanger by, der dei budde, men det finst jo talrike andre skipslister med emigrantar frå denne perioden.  Noen forslag?

 

Om me visste kvar i Stavanger (adressen dei budde på før dei utvandra), kunne kanskje pantebøkene ha vore til hjelp...?  Men det finst vel ikkje so gamle adressebøker for Stavanger?

 

Har nokon andre tips?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje Det Norske Utvandrersenteret i Stavanger kan hjelpe deg? http://www.emigrationcenter.com/.

 

Jeg har forsøkt Norwegian Heritage, men der er ikke noe å hente heller. Og databasen over emigranter fra Stavanger som starter i 1825, har heller ikke gitt noe svar. Jeg har også gjort søk i Castle Garden, men jeg finner ingen Arentz her som jeg "drar umiddelbar kjensel på".

 

Jeg ser av lenken til det gamle forumet at Marie Arentz døde 1849 og da står det bare Stavanger i rubrikken for oppholdssted:

Rogaland fylke, Domkirken, Frue, Randaberg i Stavanger, Ministerialbok nr. A 13 (1841-1851), Døde og begravede 1849, side 73. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1667&idx_id=1667&idx_listetype=bg&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-72
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051214030674.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Hva med Naeseth som har immigranter før Borgerkrigen ?

 

Helge H


Jeg prøvde nettopp med Naeseth som registrerte tusener

av immigranter før Borgerkrigen.


Treghet i systemet. Der i Madison må du forøvrig betale.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk til Grethe og Helge for dei siste innleggi under emnet!

 

Eg trur det vert svært vanskeleg å finna svari på desse emigrantspørsmåli.  Dei er ikkje registrerte av Gerhard Naeseth, og dei manglar tydeleg i kyrkjebøkene frå Stavanger.  Kanskje finst det passasjerlister, men ikkje alle er like lette å finna, og dessutan kan namni vera ganske so "forvanska".  Heldigvis har me her ganske gode anslag for utvandringsår, so eg lyt kan henda nøya meg med dei....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.