Gå til innhold
Arkivverket

Dokument frå 1594, Austefjorden i Volda


Ivar S. Ertesvåg
 Del

Recommended Posts

Eg er på leiting etter eit dokument frå 1594, med 12 segl av bønder frå Austefjorden i Volda.

 

Det einaste eg veit om dokumentet er at Lars Strømme i «Bumerke frå Sunnmøre», 1943,

http://www.nb.no/nbs...ff8?index=0#285 viser 12 segl han har funne i 1594.

 

Det er bumerke nr. 8 (Johannes Guttormson Aurstad, s.282), 91 (Jon Knutsson (Skinnvik-)Botnen, s.288), 113 (Paul Jonsson Djupvik/Leirvågen, s.288), 215 (Rasmus Nilsson Fyrde, s.294), 216 (Jon J. Fyrde, s.294), 287 (Gullik Jonsson Indre Høydal, s. 298), 295 (Oluf Olsson Høydalsdal, s.300), 405 (Salmund E. Løfoll/Folla, s. 306), 485 (Knut L. Skinvik, s.310), 486 (Torberg J. Skinvik, s. 310), 527 (Bård Andersson Svarthammar/Hamre, s.312), 618 (Ottar Kolbeinsson Vike/Høydalsvik, s. 316)

 

I 1594 var truleg dette dei fleste oppsitjarane på sørsida av inste delen av Austefjorden (Aurstad ligg på nordsida). Strømme gjev ingen referansar, anna enn at han har brukt mykje tid på Statsarkiva i Trondheim og Bergen.  Eg har ikkje funne noko slikt dokument omtala i Volda-soga (Aarviknes, 1973) eller den nye Busetnadssoga (Kjelland m.fl.).  (Aarviknes har kopiert bumerka frå Strømme og brukar årstala i teksten – utan fleire opplysningar).

 

Eg reknar med at dei 12 segla kom frå eitt og same dokument, og at dei anten er vitne eller partar i ei sak. Altså tingsvitne, forlik/semje eller dom.

Det må vere eit «laust» dokument. Så langt eg veit, er det ingen dokument-seriar som byrjar så tidleg (lensrekneskap frå 1603, tingbok 1648). Med 12 vitne må det vere ei stor sak – eller så er det nokon som har gjort noko skikkeleg gale. Vanlegvis heldt det vel med 3-6 vitne.

 

Har de høve til å sjå etter i diplomsamling (e.likn.) etter eit slikt dokument?

 

For ordens skuld: Eg har sett etter ved SAT, og dette dokumentet er ikkje der.  Så har eg spur på forumet for SAB,

http://forum.arkivverket.no/topic/191840-dokument-fr%C3%A5-1594-austefjorden-i-volda/  , som ikkje finn noko dokument der og foreslår Riksarkivet.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi har undersøkt i våre registre over vår diplomsamling, men kan dessverre ikke se at vi har dokumentet du beskriver i våre samlinger.

 

Vennlig hilsen

 

Seksjon for brukertjenester

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi har undersøkt i våre registre over vår diplomsamling, men kan dessverre ikke se at vi har dokumentet du beskriver i våre samlinger.

 

Vennlig hilsen

 

Seksjon for brukertjenester

 

takk for svar.   Har de sett i avskriftsamlinga også (slik Nedrebø foreslår i svaret frå SAB)?

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi har også sjekket Riksarkivets samling av avskrevne diplomer, men kan ikke se at dokumentet du beskriver finnes her heller.

 

Vennlig hilsen

 

Seksjon for brukertjenester

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Fint at du fant dokumentet til slutt. Hvorfor vi ikke fant det i registeret til avskriftsamlingen er et mysterium.

 

Dessverre er det kun avskriften som Sivert Aarflot gjorde det vi har. Selve originaldiplomet vet vi ikke hvor er.

 

Vennlig hilsen

 

Seksjon for brukertjenester

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.