Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'amerika'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

  1. I mange år har eg freista finna lagnadane til tre av dei fire borni i denne huslyden frå Sogndal/Luster som utvandra til Amerika, og dessutan fleire detaljar om huslyden til ei dotter som vart gift på Ulvingen i Vega. Etterkomarar etter jenta på Ulvingen skal ifølgje bygdebokskrivaren for Sogndal for ein del år sidan ha vore på leiting etter slekti si gjennom massemedia, og kanskje nokon greier finna att eventuelle etterlysingar? Manuskriptet mitt ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ Gjertrud Olsdotter (Sandvik), f. i Luster 16.4.1827, Gjertrud Olsdotter flytte i svært ung alder til Sogndal og gifte seg der 16.10.1844 med Johannes Olson frå Lindborg under Midtun, Øvstedalen i Sogndal, dotterson av gardbrukardotteri Britha Gjertsdotter frå Haugen (1764-1803). Johannes var f. i Sogndal 7.1.1822. Gjertrud og Johannes var ei tid husmannsfolk på ein plass under Øyre i Sogndal, men flytte derifrå då Gjertrud vart sjuk kring 1864. Johannes budde sidan i Sogndalsfjøra i Sogndal der han d. som legdelem 3.4.1883. Gjertrud Olsdotter flytte til Bergen der ho d. 9.4.1893. Dei fekk ni born i lag: a. Kari Johannesdotter, f. i Luster 18.2.1845, var hushaldar og budde i Sogndalsfjøra i Sogndal der ho d. 18.1.1904. Kari var ugift, men let etter seg ei dotter. b. Ole Johannesson, f. i Sogndal 23.7.1847, d. i Sogndal 27.12.1849. c. Johannes Johannesson, sidan kjend som John Lindborg, f. i Sogndal 5.7.1849, utvandra til Amerika i 1876 og busette seg som farmarbeidar («farm laborer») i Utica township, Crawford Co., Wis. Han d. ugift i Crawford Co., Wis. 15.8.1894. d. Ole Johannesson, f. i Sogndal 1.12.1851, d. i Sogndal 13.1.1852. e. Andreas Johannesson, f. i Sogndal 2.4.1853, var sjukleg og budde i Sogndalsfjøra i Sogndal, men d. som fattiglem på Slinde i Sogndal 29.1.1929, ugift. f. Ole Johannesson, f. i Sogndal 28.12.1855, utvandra til Amerika i 1878, ##### (lagnaden hans i Amerika?) g. Carl Johannesson, f. i Sogndal 23.10.1858, utvandra til Amerika i 1876, ##### (lagnaden hans i Amerika?) h. Gjertrud Johannesdotter, f. i Sogndal 18.12.1861, flytte i 1879 til Bergen, men dro snart vidare til Vega i Nordland der ho 18.9.1892 gifte seg med Edvard Andreas Peder Benjamin Pederson frå Ulvingen i Vega, f. i Vega 9.9.1857. Edvard var fiskar, og han og Gjertrud slo seg ned som strandsitjarar på Sjøvegen under U lvingen i Vega der Gjertrud d. som strandsitjarkone 21.6.1919. Edvard d. som enkjemann same staden 28.8.1925. ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.: * Georg Johan Olafsen – hennar son (far: Olaf Rafaelsen) – f. Vega 15.3.1891 – n. 1910/1910 * Petra Amalie Teonora Edvardsdotter – f. Vega 3.6.1896 – n. 1900/1910 * Ingvarda Paluda Johanna Edvardsdotter – f. Vega 13.2.1900 – n. 1900/1910 * Oscar Amandus Edvardsen – f. Vega 6.5.1905 – n. 1910) i. Britha Johannesdotter, f. i Sogndal 13.6.1864, utvandra til Amerika i 1881, ##### (lagnaden hennar i Amerika? – døydde kan henda barnlaus før 1894?) ~~~~~~~~~~~~~~ Mori Gjertrud Olsdotter hadde tre søsken som alle utvandra til Amerika på 1860-talet, og dei budde alle i Crawford Co., WI der ogso eldste sonen i huslyden hennar Gjertrud busette seg. Han skreiv seg for John Lindborg, men var ugift. Dei andre søskeni har eg førebels ikkje sett noko til i Crawford Co., WI! Det hadde vore heilt fantastisk om nokon kunne hjelpa meg finna lagnadane til dei tre «amerikafararane» og likeins supplerande opplysningar om huslyden i Vega! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Iver Olson (1806-1862) og Lisbeth Andersdotter (1805-1861), husmannsfolk på plassen Folefoss under garden Trøgstad i Norderhov, fekk i alt fem søner, som eg etter kvart har greidd gjera rede for (ein av dei var oldebesten min), men dei hadde òg tre døtrer, som eg ikkje har greidd finna att. Eg mistenker i alle fall to av dei for å ha utvandra til Amerika: * Maren Karine Iversdotter, fødd i Norderhov 8.7.1835 - ser eg ikkje noko meir til * Anna Marie Iversdotter, fødd i Norderhov 26.4.1838 - kan det vera denne i Hole 1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037109000961 * Johanna Iversdotter, fødd i Norderhov 2.3.1845 - nemnd som faddar i Christiania i 1877, truleg denne: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052055032098 Det hadde vore svært so kjekt å fått greie på kvar det vart av desse grandtantene mine, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Anna Johanna Eriksdotter Raaum var fødd i Luster 19.3.1877, dotter av gardbrukar Erik Erikson Raaum (1841-1924) og kona Maren Andersdotter f. Eikum (1843-1930) Ho nytta til dagleg namnet Johanna og er nemnd heime hjå foreldri * i 1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053010002515 * i 1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037351002719 Ætti hennar i Luster fortalte meg på 1980-talet at Johanna skule vera flytt til Christiania kort etter hundreårsskiftet og «skal ha» utvandra derifrå til Amerika. Men då skifti vart haldne etter foreldri hennar i Luster, får me vita at ingen hadde høyrt gjete ho etter 1912! Det hadde vore kjempekjekt om me endeleg i dag kunne finna ut noko meir om lagnaden hennar, både i Christiania og i Amerika og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! PS: Ho hadde ein einaste bror, Anders «Andrew Erickson», som utvandra til Amarika, og han busette seg i Latah Co., Idaho, men heller ikkje der har nokon høyrt gjete ho!
  4. Eg har i mange år vore på leiting etter det norske opphavet til denne jenta: Berit Tollefsdotter Haugen, fødd i Slidre 27.7.1836: https://media.digitalarkivet.no/view/9382/216 Foreldri var Tollef Thorson (Berge) og kona Marit Olsdotter (Qvale) - vigde i Slidre 15.12.1828: https://media.digitalarkivet.no/view/9382/247 Av vigsli kjem det fram at Tollef var gardbrukarson frå Berge, medan Marit var gardbrukardotter frå Kvåle. MEN, det står ikkje noko om: ** Kva yrkestitel hadde Tollef medan han budde på Haugen? - husmann eller gardbrukar? ** Og kva år utvandra Berit til Amerika? Ho gifte seg i Fillmore Co., MN 9.8.1855, so ho utvandra FØR den tid! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Er det noen som er flink på Amerikasporing, som kan finne ut om denne karen dro til Amerika slik hans etterkommer har hørt? Ole Hans Eliassen ble født på Hjelle i Eid 18.11.1848. https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000000022507 Han fikk en datter Marte Olava Elise i 1872 u.e. Martes mor døde i forbindelse med fødselen , men han forsørger sin datter som bor hos mormora i 1875. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052319002505 I 1973 meldte han flytting til Vesterålen https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000051020 Der er han i 1975 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052440000422 Så kommer han til Evenes der han får sønnen Olav Emil u.e i 1879 SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 863/L0913: Klokkerbok nr. 863C03, 1877-1885, s. 16 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050420040779 Han får enda en sønn der i 1882, med samme jenta SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 863/L0913: Klokkerbok nr. 863C03, 1877-1885, s. 46 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050420040809 Men så blir han altså borte og familien tror han kan ha reist til Amerika. Noen som kan hjelpe oss med denne nøtta?
  6. Christer Kjølsrud

    Norsk-amerikanske kirkebøker

    Jeg prøver å finne et familiemedlem som emigrerte i 1843. Jeg tror han dro til Pine Lake i fylket Waukesha i staten Wisconsin. Det ble opprettet en svensk/norsk kirke der i 1844/1845 (Pine Lake Norwegian Lutheran Congruation). Jeg vet at kirken har ført kirkebøker fra starten, men hvor finner jeg amerikanske kirkebøker? Er de skannet og tilgjengelige slik de er i Norge?
  7. Hva skjedde egentlig med Ingrid Aslaug Myhre født i Bergen 25.12.1891. I 1908 fikk hun datteren Ida Alfhild med konditor Ingvald Martin Zakariasen. De giftet seg i Mariakirken 4.10.1910 og fikk så sønnen Adolf en knapp måned senere. Begge de to barna dør tidlig. Adolf i mai 1911 og Ida Alfhild 18.4.1918 på Hagavik. I følge emigrantprotokollene dro Ingrid Asaug Myhre til Amerika 27.8.1917 som: ug (Enepike) Stuepike og hun dro til sin bror. Så reiser hun på nytt til Amerika 30.3.1921 men nå som "ug Sykepleierske" og hun har "Været hjemme paa besøk". Var hun skilt fra sin mann da hun dro? Dro hun fra den syke datteren? Og hvor ble det av henne. Ingvald Martin giftet seg på nytt etter mange år og den saken har vi kontroll på.
  8. Dette er ei utfordring som eg har slite med i 40 år, og som eg framleis ikkje har klart å finna ut av. Kanskje er no tidi kommi? Gjertrud Johannesdotter frå Bergheim i Luster (1816-1867) var i mange år tenestejente på garden Holmestad i Luster. Ho gifte seg aldri, men ho fekk to born: * Kari «Karen» Hansdotter, fødd i Luster 26.11.1839, utvandra til Amerika frå Bergen i 1867 og busette seg nær Bricelyn i Faribault Co., MN der ho vart gift med Knut Johnson frå Balestrand. Karen Johnson døydde i Faribault Co., MN som enkje 20.5.1925. * Johannes Olson, fødd i Luster 28.12.1859, voks opp på Holmestad og kalla seg Holmestad då han i 1884 utvandra som korporal frå Bergen til Amerika: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000673216 ** Er det mogeleg å finna ut kvar det vart av Johannes i Amerika? ** Kan det tenkjast at det finst ein liktale (obituary) etter halvsøsteri Karen Johnson som kan hjelpa oss på veg? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og held fingrer og têr vel krossa!
  9. Desse to søskeni var del av ein søskenflokk der dei fleste før eller sidan hamna i Amerika. Tre brør, som skreiv seg Rasmussen eller Robinson eller Lee, budde alle i Dane Co., WI, medan ei søster (Mrs. Erager) budde i Goodhue Co., MN. Eg brukte mykje tid på 1980-talet i leitingi etter desse, men greidde aldri å finna ut kvar det vart av dei! Eg søkte særleg i Dane Co., WI og i Goodhue Co., MN!! * Endre Rasmusson (Ødegaard), fødd i Luster 20.7.1824, utvandra til Amerika i 1847 * Kari Rasmusdotter (Ødegaard), fødd i Luster 13.12.1835, utvandra til Amerika i 1854 Eg lyt tilstå eg ville vorte overlukkeleg om nokon greidde finna att nokon av desse i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Johannes Erikson Lerum representerer ein huslyd som eg har jobba ganske so aktivt med i mange år, men der eg framleis står fast på ein del detaljar om borni og ektemakane deira. No vågar eg å leggja ut huslyden i Brukarforum med von om at kanskje ein og annan detalj kan komma til rette? Det oppdaterte manuskriptet mitt ser i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~~ Johannes Erikson {Lerum}, f. {i Luster} 27.12.1842, John E. Lerum utvandra til Amerika alt i 1861 og gifte seg første gongen i Dane Co., Wis. 29.6.1868 med Lucris Nilsdotter frå Vetlesætre under Solvi i Hafslo, i Amerika kjend som Lukris Nelson. Ho var f. i Hafslo 8.9.1850 og utvandra til Amerika med foreldri sine i 1862. John og Lukris farma ei tid i Dane township, Dane Co., Wis., men flytte kring 1878 til ein farm i Oslo township, Brookings Co., S.D. Sidan budde dei ei tid som pensjonistar i Brookings, Brookings Co., S.D. der Lukris d. 28.11.1901. John gifte seg att i Jackson, Minn. 27.1.1903 med enkja Anna Christensdotter, opphavleg frå Volden under Hauge, men då kjend som Anna Haverberg. Ho var f. i Luster 5.10.1842 og hadde før vore gift to gonger, først med skomakar og innerst Ole Johannes­son i Fura under Hauge (1839-1864) og sidan med husmann Anders Olson, visstnok i Åreskori under Kroken (1845-1894). Ho utvandra til Amerika i 1887. Anna d. i Jackson, Minn. 8.7.1915, men alt kring 1913 vart ho skild frå John. John Lerum på si side gifte seg tredje gongen i Minnehaha Co., S.D. 8.7.1914 med Britha Arnesdotter Matre frå Kvinge i Masfjorden, i Amerika kjend som Bertha Mathre. Ho var dotter av gardbrukar Arne Rognaldson Matre på Kvinge nordre, opphavleg frå Matre lille, og kona Randina Andrea Rognaldsdotter frå Soleim og f. i Masfjorden 17.1.1888. Ho utvandra til Amerika i 1908. John og Bertha budde visstnok ei tid i Dell Rapids, Minnehaha Co., S.D., men flytte sidan attende til Volga, Brookings Co., S.D. John d. i Elko, Minn. 29.5.1930, medan Bertha Lerum sidan flytte til Seattle, King Co., Wash. der ho d. 1.11.1952. John Lerum fekk i alt ni born, åtte frå første ekteskapet og eitt frå det tredje: a. Elick Louis Lerum, f. i Dane Co., Wis. 2.7.1869, d. i Minneapolis, Minn. 3.8.1931. Han gifte seg i Brookings, S.D. 15.2.1899 med Anna Marie, kjend som Mollie Kjos. Ho var f. i Rock Co., Minn. 19.6.1879 og d. i Minneapolis, Minn. 21.8.1962. Elick og Mollie farma nokre år i Oslo township, Brookings Co., S.D., men flytte sidan til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Elick livnærte seg som trikkemekanikar («street car motorman»). Dei fekk fire born i lag. b. Johanna, kjend som Jennie Lerum, f. i Dane Co., Wis. 17.9.1870, d. i Elko, Minn. 2.2.1952. Jennie gifte seg i Elko, Minn. 4.1.1891 med Carl Johan Vebjørnson frå Bradset i Meløy, Rødøy i Nordland, i Amerika kjend som Charles J. Knutson. Han var son av husmann og fiskar Vebjørn Knutson i Bradsetvik under Bradset i Meløy, Rødøy, opphavleg frå Dalen under Tjugen i Stryn, og kona Hanna Steffensdotter frå ##### (opphavet hennar? – f. Rødøy 1841) og f. i Rødøy 4.5.1866, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1876. Han d. nær Northfield, Minn. 23.8.1956. Jennie og Charles farma i New Market township, Scott Co., Minn. og fekk elleve born i lag. c. Nels Lerum, f. i Dane Co., Wis. 3.11.1871, d. i Beulah, Mercer Co., N.D. 14.9.1941. Han gifte seg i Volga, S.D. 8.11.1893 med Anna G. ##### (Anna’s middle name?) Olson. Ho var f. ##### (exact date and place of Anna’s birth? – Norway 1868/1869!? – ”from Appleton, Minn.” – 1910 census suggests she emigrated 1877!? – 1930 census suggests she emigrated 1871!!? – born May 24, 1867 – daughter of Olaf Olson?) og d. i Chicago, Ill. ##### (date of Anna’s death? – about 1962?? – Dec. 13, 1961?) Nels Lerum var murar («stone mason»), og han og Anna budde først ##### (early place(s) of residence of Nels and Anna? – Nels 1900 alone (married laborer) at Willmar, Kandiyohi Co., Minn. – lived 1904 in S.D. – Dec. 1905 in Brookings Co., S.D. – moved 1906 to N.D. – 1910 common laborer Velva township, McHenry Co., N.D. – 1920 hotel keeper at Noonan, Divide Co., N.D.! – 1930 plasterer at Zap, Mercer Co., ND) men flytte 1920 til Zap, Mercer Co., N.D. Dei fekk ni born i lag. d. Anna Christine Lerum, f. i Dane Co., Wis. 30.3.1873, d. i Summit, S.D. 4.11.1951. Anna gifte seg i Volga, S.D. 5.5.1893 med Rasmus Rasmusson frå Utset på Hitra, i Amerika kjend som Rasmus Udseth. Han var son av gardbrukar Rasmus Pederson på Utset, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Anna Marie Estensdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. på Hitra 7.12.1858. Han utvandra til Amerika i 1888 og d. i Watertown, S.D. 6.9.1944. Anna og Rasmus farma i Summit township, Roberts Co., S.D. og fekk fjorten born i lag. e. Emma Jeanette Lerum (1877-1964), vart gift med husmanns­sonen Melchior Knutson Aaberge frå Bukti under Bollingberg (1864-1951) (s.d.). f. Sena ##### (Sena’s full first and middle names? – Sena is often a ”shortening”! – cemetery shows ”Sina” – search Lake Campbell Lutheran church records!?) Lerum, f. i Brookings Co., S.D. 30.8.1880, d. i Brookings Co., S.D. 18.4.1888. g. Henry ##### (Henry’s middle name?) kjend som Harry J. Lerum, f. i Brookings Co., S.D. 3.1.1884, d. i San Francisco, Cal. 15.9.1935. Harry gifte seg ##### (exact date and place of Harry’s marriage? – only son: Kenneth D. Lerum, born San Francisco, Cal. Feb. 14, 1916, died June 26, 1988 Fresno, Cal.) 1914 med Elizabeth M. ##### (Bessie’s middle name?) kjend som Bessie M. MacLennan. Ho var f. ##### (place of Bessie’s birth? – Nova Scotia – parents born in Norway!! – town/county? – 1920 census says 1878! – death record says: born in Canada ”about Feb. 21, 1884” – 1930 census gives her age as 49 – imm. 1890!) 21.2.1884 og d. i Oakland, Cal. 17.10.1954. ##### (death record says: ”found dead”) Harry var frisør (”barber”), og han og Bessie budde i San Francisco, San Francisco Co., Cal. Dei fekk ein son i lag. h. Arthur ##### (Arthur’s middle name?) Lerum, f. i Brookings Co., S.D. 10.7.1885, d. i Brookings Co., S.D. 22.4.1888. i. Arnold L. ##### (Arnold’s middle name?) Lerum, f. i Minnehaha Co., S.D. 8.4.1915, d. i Beloit, Ia. 14.10.1926. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Eg er i kveld på leiting etter nokon som sit med lokal kunnskap og/eller ekspertise på ætter frå Ringebu. Eg syner til denne innførsli frå FT1865 for innerstplassen Svadstuen: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0520&kenr=003&bnr=0069&lnr=000 Sonen Erland, fødd på Ringebu 22.5.1853: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001982538 utvandra til Freeborn Co., MN før 1887. Kan nokon, please, hjelpa meg finna ut følgjande: * Kva skal eg skriva som yrketitel og bustad til foreldri Ole Torstenson og Mari Ingebrigtsdotter? Under kva gard ligg Svadstuen, om dette var den endelege bustaden deira? * På kva gard/plass var Ole Torstenson oppvaksen? * På kva gard/plass var Mari Ingebrigtsdotter oppvaksi? * Kva år utvandra Erland Olson til Amerika? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  12. Denne huslyden på garden Lerum (til dagleg kalla Leri) har sidan 1980-talet skapt meg mykje hovudbry, men no har eg teke mot til meg til å freista det eksellente Brukarforum med ei von om at nokon der kan hjelpa meg finna dei manglande svari. Her kjem eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Arne Hansson Lerum, son av føregåande brukar og herifrå garden, vart døypt 4.12.1811 og d. som gardbrukar på Leri 14.12.1855. Arne fekk 3.6.1835 skøyte på heimebruket hjå faren, og 10.11.1840 gifte han seg med Kirstina Pedersdotter frå Sørheim. Ho vart døypt 28.1.1811 og d. som gardbrukarenkje på Leri 14.2.1863. Arne og Kirstina dreiv garden så lenge dei levde. Dei fekk seks born: 1. Hans Arneson Lerum (1841-1932), fekk ta over heimebruket på Leri etter foreldri. 2. Peder Arneson, f. 6.10.1843, budde heime på Leri i 1865. Peder Lerum flytte ##### (forsvinn frå Luster etter 1865 – seinare lagnad? – Amerika???) 3. Erik Arneson, f. 22.11.1845, Erik Lerum flytte til Bergen tidleg i 1860-åri og tente ei tid hjå handelsmann Bjelland på Østre Muralmending. Sidan vart han furer ved artilleriet, og 25.11.1875 gifte han seg i Bergen med Unni Larsdotter frå Lavoll, f. i Luster 13.10.1853. Dei busette seg på Vestre Muralmending i Bergen der Erik d. alt 8.12.1887. Unni vart buande på same staden til kring 1905. Men kring 1905 flytte Unni Lerum attende til Luster, og ho busette seg på Kåret, Lavoll der ho d. 6.1.1917. Erik og Unni Lerum fekk fire born i lag, og dessutan fekk Unni ei dotter etter ho vart enkje: a. Arne Christian Erikson Lerum, f. i Bergen 30.3.1877, d. i Bergen 22.5.1878. b. Arne Christopher Erikson Lerum, f. i Bergen 20.7.1879,­ Arne C. Lerum utvandra til Amerika i 1893 og busette seg i Madison, Dane Co., Wis. der han vart vald til offentleg teneste­mann («Dane County Clerk of Court»). Han d. ugift i Madison, Wis. 25.6.1911. c. Ludolf Martin Erikson Lerum, f. i Bergen 15.5.1883, d. i Bergen 10.11.1900. d. Christine Petra Gunhild Eriksdotter Lerum, f. i Bergen 18.10.1885, d. i Bergen 19.8.1903. e. Unni Erna Olea, kjend som Erna Olsdotter Lerum (1893-1951), dotter av Unni og husmannssonen Ole Torkildson frå Mordøla under Heltne i Dale (1867-1943), flytte med mori til Luster og vart her gift med fabrikkarbeidar Søren Hansson Sperle frå Sperle øvre, Sperle i Jostedalen (bnr. 3) (1895-1974) (s.d.). 4. Gunnhild Arnesdotter (1847-1876), d. ugift på Leri. 5. Arne Arneson, f. 11.11.1849, Arne A. Lerum utvandra til Amerika i 1868 og budde først ei tid hjå farbroren Ole Hanson i Nelson township, Buffalo Co., Wis. Sidan fòr han vestover, og ##### (lagnaden hans? - truleg d. i San Francisco, CA 7.4.1884: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=60249&h=99398&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx20935&_phstart=successSource 6. Andreas Arneson, f. 24.6.1853, Andreas Lerum flytte til Bergen der han vart sersjant i artill­eriet. Han gifte seg i Bergen 29.4.1884 med Bianca Elisabeth Olsdotter Olsen. Ho var dotter av kommandørsersjant Ole Olsen og kona Anna Marie f. Pettersen og f. i Bergen 18.11.1862. Andreas og Bianca busette seg i Neumanns gate i Bergen, men liksom broren Erik vart heller ikkje Andreas gamle karen. Han d. i Bergen alt 7.7.1889. Enkja Bianca flytte snart etter til Rosenberggaten i Bergen der ho sidan dreiv kolonialhandel. Ho d. i Bergen 10.11.1946. Andreas og Bianca fekk tre born i lag: a. Ole Andreasson Lerum, f. i Bergen 14.3.1885, var kontormann i Bergen der han d. ugift 14.1.1941. b. Arne Andreasson Lerum, f. i Bergen 2.1.1888, d. i Bergen 19.6.1888. c. Arne Andreasson Lerum, f. i Bergen 30.4.1889, d. i Bergen 25.4.1946. Arne gifte seg i Bergen 3.7.1920 med Berthe Petrikke Nilsdotter Knutsen. Ho var f. i Bergen 12.1.1894 og d. i Bergen 11.10.1974. Arne var bokhaldar, medan Berthe var tannteknikar. Dei budde i Bergen levetidi ut og fekk to born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ * Eg har ikkje finne spor etter Peder etter FT1865, men eg ser ikkje bort ifrå at han har teke vegen til Amerika. * Arne veit me utvandra til Amerika, og dødsfallet som eg har finne i San Francisco, CA, liknar svært på «vår mann», men kanskje finst det avisartiklar om denne karen ein eller annan stad? Han bør jo finnast i folketeljingar i Amerika? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse gutane!
  13. Då eg på 1980-talet samla opplysningar om folket som hadde butt på garden Sørheim i Luster, kom eg framom denne karen, som er omskriven på følgjande vis i manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Otto Thomasson Sørheim, f. {i Luster} 11.4.1863, Otto Sorheim utvandra til Amerika i 1883, men det gjekk ikkje lenge før han vart borte. Då det i 1886 vart halde skifte etter foreldri, var det ingen som visste kvar Otto var, og i 1910 vart det halde skifte etter Otto som «forsvunnen erv­ing». ~~~~~~~~~~~~~ På 1980-talet levde det både brorborn i Noreg og søsterborn i Amerika, men INGEN visste noko som helst om lagnaden til denne onkelen! Mest truleg er det at han utvandra til Buffalo Co., WI der han hadde slekt, og no lurer eg på om det kanskje kan finnast avisskriverier om han lokalt i Amerika som kan bdra med fleire opplysningar? Sørheim vart normalt «amerikanisert» til Sorum eller Serum. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. Eg freista skriva eit nytt emne her i kveld, men emnet forsvann før eg fekk gjort det ferdig og redigert det! Og no får eg berre ei feilmelding når eg freistar henta det opp att!! Utfordringi mi er i første rekke: * Identifikasjon av Christen Erikson og forklaring på namnet hans: https://media.digitalarkivet.no/view/1/22 * Yrke til far hans og bustaden deira? * Opphav til båe foreldri? * Utvandringsåret til Christen? Finst det kanskje ei bygdebok for Eidsberg som kan hjelpa oss med fleire opplysningar? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  15. Eg finn følgjande vigsle i Christiana township, Vernon Co., WI: 4.1.1860 C. E. HOMESTAD med Emeline PETERSON Brudgomen skal ha vore: Christian Erikson Homstvedt, fødd i Eidsberg 19.12.1815 som son av Erik IOlson oig Ingeborg Jacobsdotter QUILLERPL: https://media.digitalarkivet.no/view/1/22 Huslyden skreiv seg for HOMESTEAD i Amerika, og Christian hamna i Ben Wade township, Pope Co., MN der han døydde før 1900! Kona Emeline var Ingebiorg Pedersdotter Wigdahl, fødd i Luster
  16. Vi har eit bilete som skal vere av fire brør som alle drog til Amerika. Det er desse. Erik Karolus Johnson Os født 19.9.1850 og gift 31.3.1874 med Samuline Jensine Simonsdatter Møklebust 30.6.1851. Dei emigrerte til Amerika 4.5. 1881 med borna Helene født 1873, Karoline 1876 og Johanne 1880 Peder Mathias Johnson Os født 26.9.1852 og gift 28.10.1875 med Elene Bertine Larsdotter Alsaker født 15.6.1851. Dei emigrerte til Amerika i 1876 og hadde då med seg dottera Karoline Bertine født i 1876. Ole Cornelius Johnson Os (1855-1887) ugift. Emigrerte til Amerika i 1881, men kom attende og døyde på Os Daniel Johnson Os født 3.5.1868. Emigrerte til Amerika i 1886 og var då ugift Nummer 3 kom altså heimatt og døyde her. Men kor vart det av dei andre tre? Då mor deira døyde i 1904 er det opplyst at ho berre har ein son igjen i Amerika, men fleire barnebarn. Vi veit ikkje om bilete er teke på Nordfjordeid eller i Amerika.
  17. Ener Olsen født 1839 og Ingeborg Torgersdatter født 1841 bor i 1885 i Bredgaten 21 i Oslo. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053257085750 Det ser ut til at han drar over til Amerika i 1887 og at hun kommer etter i 1888 med barna Ingeborg (1876), Sigurd(1878), Hilda (1881), Otto (1883) og Einar (1885) Jeg finner imidlertid ingen av dem i noen av emigrasjonsprotokollene , kan noen hjelpe med å finne ut hvordan de kom seg over? Kan noen også si om hva det må ha kostet å få så mange over til Amerika, og hvordan greide de å skaffe penger?
  18. Dette er ein huslyd som eg første gongen jobba med på 1980-talet, men som eg aldri heilt greidde å komma «til bånns» i. Eldste broren Bottolf hadde to søner og ein steson som forsvinn, og ikkje heller veit me kvar det vart av Hermund, som i mange år budde i Grand Forks, ND. Kanskje er det nokon som har tankar og idéar om korleis me kan komma vidare med desse utfordringane? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #10 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  19. Av og til når du driver med slektsforskning finner du personer som en er usikker på om dette er den riktige personen en søker. Dette skjer ofte med meg spesielt når jeg leter i utenlandske arkiv og forum. Jeg har her et eksempel som jeg håper en av dere kan ta seg tid til å hjelpe meg med. Det hadde jeg satt stor pris på. Jeg har brukt mye tid på denne personen og har funnet frem til noen opplysninger. Edvard Marselius Edvardsen, født: Dønna 28.07.1879 Flytter fra Dønna i 1899 (Nesna i Dønna 1881-1910, s. 343, nr. 17) og drar fra Trondheim til Queensland, Australia sammen med 3 andre karer fra Dønna. Først reiste de med skipet Tasso 19.07.1899 fra Trondheim til Hull i England. Australiabåten S.S. Orizaba gikk fra London 11.08.1899. De ankommer Queensland 19.09.1899, Maryborough 22.09.1899 og til Sydney kort tid etterpå. Dette har jeg funnet bekreftelse på bl.a. gjennom passasjerlistene. Under overfarten kaller han seg "Edward Nordo" og er registrert i listene under det navnet (Han bodde på plassen Nordøy på Dønna). Her slutter alle spor etter han i Australia. Jeg finner Edvard igjen i Amerika. Da heter han Edward Nelson. (Farsnavnet er Edvard Andreas Nilssen). Det kan være at han ble sjømann etter han kom til Australia og hoppet av i Amerika som emigrant i 1902 etter en tid til sjøs. Dette er bare gjetninger fra min side. Jeg har ikke klart å finne andre opplysninger om han i Australia enn ankomsten i 1899. I det amerikanske militære registreringskortet fra 1918 står det «sailor» som yrke og innvandring 1902. Bosted: Buffalo, Wright, Minnesota. Det er mange "Edward Nelson" i Amerika på den tiden og det er nå jeg blir noe fortvilet. Kan noen gi meg et tips hvordan jeg finner "min" Edward?
  20. Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjende sidan 1980-talet, men som eg aldri har greidd å finna ei løysing på. Kanskje tidi no er kommi... Jekteskippar Ole Henrikson Høyum, som mellom anna er nemnd av Sverre Halleraker i artikkelen hans om koleraepidemien som råka Sveio i 1849, busette seg etter kvart på Osnes i Eid, Nordfjord. Eg veit diverre lite om kona hans og opphavet hennar, og dessutan er to av døtrene deira bortkomne i Amerika. Eg attgjev frå manuskriptet mitt; ~~~~~~~~~~~~~~ Ole Henrikson {Høyum}, døypt {i Luster} 24.3.1816, Ole H. Høyum flytte til Eid i Nordfjord i 1853 og gifte seg der 1.11.1854 med Anna Waldine Marie, kjend som Waldine Jetmundsdotter frå ##### (ein plass under Gjerde? – kva plass?) Gjerde i Eid. Ho var dotter av husmann Jetmund Jetmundson på ##### (bustaden Gjerde i Eid – plassnamn?) opphavleg frå ##### (på kva gard/plass oppvaksen?) og kona Ragnhild Waldemarsdotter frå ##### (på kva gard/plass oppvaksi?) og f. i Eid 6.2.1830. Ole Høyum var jekteskippar og sjømann, og huslyden budde ei tid på Myklebust i Eid til dei i 1860-åri flytte til Osnes i Eid. Ole d. på Osnes 12.7.1872, medan Waldine d. som enkje same staden 4.10.1911. Dei fekk sju born i lag: a. Sofia Jensine Marie Olsdotter Høyum, f. i Eid 4.7.1854, gifte seg i Eid 26.4.1882 med Johan Kristian Wiik frå Vereid indre i Gloppen, f. i Gloppen 7.9.1858. Sofia og Johan flytte til Bergen straks dei vart gifte og vart buande der levetidi ut. Johan Wiik var politikonstabel og sidan handelsreisande. Sofia d. i Bergen 1.2.1919, medan Johan d. same staden 31.8.1926. Dei fekk sju born i lag, mellom anna denne dotteri: - Karoline Ovidia Johansdotter Wiik (1883-1943), vart gift med tremenningen Ludvig Larsson Høyum (1884-1947), ein son av husmannssonen Lars Pederson herifrå Krigsvolden under Høyeim (1843-1922) (sjå nedanfor). b. Henrik Olson Høyum, f. i Eid 15.6.1856, d. på gamleheimen i Eid 23.3.1952. Han gifte seg i Eid 13.5.1889 med Else Larina Olsdotter frå Rysjevik i Hærøy på Sunnmøre. Ho var f. i Hærøy 23.2.1846 og d. på Osnes i Eid 12.3.1920. Henrik Høyum var skomakar, og han og Elise vart buande på Osnes i Eid. Dei fekk ei dotter som utvandra til Amerika. c. Ragnhild Samueline Olsdotter Høyum, f. i Eid 1.7.1858, flytte til Bergen i 1870-åri, men utvandra derifrå til Amerika i 1880. ##### (levde framleis i Amerika i 1911 – lagnaden hennar der borte?) d. Jakobea Karoline Olsdotter Høyum, f. i Eid 3.1.1861, d. på Osnes i Eid 10.5.1923. Ho gifte seg i Eid 2.4.1883 med Anders Jacob Simonson frå Klopstad i Førde, vanleg kjend som Anders Simonsen. Han var f. i Førde 30.6.1857 og d. på Osnes i Eid 1.8.1916. Anders Simonsen var telegrafverksarbeidar, og han og Jakobea budde på Osnes i Eid. ##### (talet på søner og døtrer? – minst ei dotter!) e. Olina Marie Olsdotter Høyum, f. i Eid 27.9.1862, utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hennar? – 1880-åri?) og gifte seg ##### (dato og stad for vigsli hennar? – kring 1890?) med Lars Thomasson, opphavleg frå garden Husetuft i Jelsa, Rogaland, i Amerika kjend som Lars Thompson. Han var son ##### (fulle namn på foreldri hans med yrke, bustad og opphav?) og f. i Jelsa ##### (dato og stad for fødsli hans? – kring 1834?) men utvandra til Amerika ##### (utvandringsåret hans? – kring 1846?) ##### (lagnaden til dette parfolket i Amerika?) ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1911!) ##### (talet på søner og døtrer? – minst ei dotter!) f. Synneva Marie Olsdotter Høyum, f. i Eid 8.4.1865, d. på Osnes i Eid 10.5.1877. g. Jetmund Olson Høyum, f. i Eid 25.1.1868, d. på Myklebust i Eid 29.3.1876. ~~~~~~~~~~~~~~ Det hadde vore kjempegildt om nokon kunne hjelpa meg finna ut av dei to døtrene og lagnadane deira i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  21. Eg har kontakt med ei dame i Canada som leitar etter opphavet til tre sysken som kom frå Sverige til Nord-Amerika og treng hjelp til å finne deira opphav i Sverige. Finst det nokon på forumet som kan hjelpe henne? Her er hennar melding til meg: I have 3 siblings who were born in sweden. Diadrick Olson born sept 1866. Mary Olson born feb 1879 Ole olson born april 1884. Looks like the 2 brothers came to minnesota in 1902. She came in 1905. Not sure if married in sweden (married name mattson). She had 2 boys in the states. Oscar (oct 1895), and godfried (nov 1899). Mary was maybe widowed or divorced. Looking for her family in sweden.
  22. Jori Svensdatter ble født 15. mai 1850 i Lunde, Sirdal - nummer 32 Vest-Agder fylke, Tonstad, Øvre Sirdal i Sirdal, Klokkerbok nr. B 2 (1848-1878), Fødte og døpte 1850, Side 8 Permanent bilde-ID: kb20070531620295 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070531620295 Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070531620295.jpg I 1875 flytter hun til Tveit - nummer 7 Vest-Agder fylke, Tonstad, Øvre Sirdal i Sirdal, Ministerialbok nr. A 3 (1874-1886), Inn- og utflyttede 1874-1877, Side 315 Permanent bilde-ID: kb20060927060257 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060927060257 Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060927060257.jpg Hun blir ikke registrert innflyttet før 1880 - nummer 1 Vest-Agder fylke, Tveit i Tveit, Ministerialbok nr. A 6 (1872-1886), Inn- og utflyttede 1880, Side 255 Permanent bilde-ID: kb20060102030621 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060102030621 Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060102030621.jpg Vielsen - nummer 1 Vest-Agder fylke, Tveit i Tveit, Ministerialbok nr. A 6 (1872-1886), Viede 1880, Side 170 Permanent bilde-ID: kb20060102030551 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060102030551 Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060102030551.jpg De får sønnen Theodor i 1884 - nummer 11 Vest-Agder fylke, Greipstad i Søgne, Ministerialbok nr. A 3 (1883-1910), Fødte og døpte 1885, Side 6 Permanent bilde-ID: kb20051202030471 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051202030471 Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051202030471.jpg I 1889 reiser mor og sønn til Amerika til mannen John Aanensen - nummer 2 og 3 Vest-Agder fylke, Greipstad i Søgne, Ministerialbok nr. A 3 (1883-1910), Utflyttede 1890, Side 226 Permanent bilde-ID: kb20051202030646 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051202030646 Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051202030646.jpg Etter dette finner jeg ingen spor av familien. Er det noen som kjenner denne familien og vet hvor det ble av Jori/Gorine/Guri/Gurine Svensdatter?
  23. Hei! Jeg jobber med en oversikt over emigranter fra Leka kommune i Nord-Trøndelag. Er nå i sluttfasen, etter å ha funnet noe over 220 emigranter. Det er imidlertid 2-3 emigranter jeg ikke har klart å gjøre rede for. Gjør nå et siste forsøk på å knekke en skikkelig nøtt! Lotte Christine Pedersdatter, f. 19.07.1863, Haug. Foreldre: Peder Ludvig Jensen og Anne Nilsdatter. Kirkeboka skriver at hun emigrerte til Amerika i mai 1886. Hun emigrerer den 19. mai, 1886 med ”Hero”. Bestemmelsessted er oppgitt å være Byron, Minnesota. Hun reiser sammen med Petra Olsdtr., også fra Leka. Det er flere som skal til Byron på denne turen. Ankommer New York den 10.06.1886 med skipet ”State of Pennsylvania”. Skipet gikk fra Glasgow, Skottland og Larne, Irland. Det er flere lekværinger med på dette skipet. Det har ikke lyktes å finne Lotte i USA, men i skiftet etter faren i 1904, står følgende: "Lotte Pedersdtr ca. 43 år gl, reiste til Amerika for ca. 20 år siden men har ikke latt høre fra seg på 14 år. For ca. 2 år siden har man hørt rykte om at hun enn levde. Adresse ukjent.” Da må vi tro at hun levde i alle fall til ca. 1890. Mulig dette er et skudd i blinde, men det kan hende noen klarer å finne henne :-) MVH Ørjan Kvaløy
  24. Sigmund Hill

    Amerikabrev fra 1892

    Hei! Jeg trenger hjelp til å tyde et gammelt brev fra 1892. Jeg forstår litt bare. Dette er en gammel kone som skriver et slags avskjedsbrev til slektningene I Norge. Familien I USA skulle så gjerne få dette tydet. Jeg har sagt meg villig til å oversette det til engelsk, så lenge noen klarer å tyde håndskriften. Håper på hjelp! Sigmund
  25. Johannes Severin var småbrukersønn fra småbruket Viken på Ytterøya i Nordre Trondhjems Amt. Han utvandret som ung mann til Amerika, og familien vet ikke mer om hans liv eller skjebne. Har noen her noe forslag om hvor en kan finne informasjon? På forhånd takk!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.