Search the Community
Showing results for tags 'amerika'.
-
Dette er ein huslyd som eg jobba ein del med for 30 år sidan, men likevel luktest eg ikkje i å finna all dei detaljane som eg var på leiting etter. Kanskje det no er mogeleg å få litt hjelp? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Gjertrud Pedersdotter {Raaum}, f. {i Luster} 24.8.1834, Gjertrud flytte med mor si til Sogndal i 1839 og voks opp på Husum. Ho gifte seg i Tjugum, Balestrand 27.4.1857 med Størk Jacobson frå Sæbø i Vik. Han var son av husmann Jacob Andreasson på ##### (ein plass under Sæbø, men kva for ein?) under Sæbø, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Borghilda Olsdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og f. i Vik 29.6.1833. Størk og Gjertrud slo seg ned som strandsitjarar på Vikøyri i Vik der Gjertrud d. 7.1.1896. Størk gifte seg 25.2.1898 att i Vik med enkja Inga Eriksdotter, opphavleg frå Øvstedal i Vik. Ho var dotter av husmann Erik Olson på ##### (ein plass under Øvstedal, men kvar for ein?) opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Britha Olsdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og f. i Vik 17.8.1839. Størk og Inga vart buande på Vikøyri der Størk d. 15.7.1909. Inga d. på Seim i Vik 12.2.1929. Størk Jacobson fekk ni born, som alle var frå første ekteskapet med Gjertrud Pedersdotter: a. Bertha Størksdotter, f. i Balestrand 20.6.1857, d. ##### (lagnaden hennar?) b. Andreas Størksen, f. i Vik 6.2.1860, d. på Vikøyri 14.9.1895. Han gifte seg i Vik 1.5.1888 med Anna Marie Monsdotter frå Vikøyri, f. i Vik 10.4.1867. Ho d. på Vikøyri 8.4.1946. Andreas var handelskar og jekteførar, og han og Anna budde som strandsitjarar på Vikøyri i Vik. Som enkje gifte Anna seg sidan att med Edvard Andersson frå Vikøyri, f. i Vik 17.9.1871. Han d. på Vikøyri 26.2.1945. Edvard Vikøren var bakar, og han og Anna vart buande på Vikøyri i Vik. Anna fekk i alt sju born; fire av dei var frå første ekteskapet med Andreas Størksen. c. Peder Nitter Størkson Vikøren, f. i Vik 2.10.1862, utvandra til Amerika i 1885, ##### (lagnaden hans i Amerika?) d. Jacob Bartholomeus Størkson Vikøren, kjend som Jacob Vikoren, f. i Vik 6.4.1865, utvandra til Amerika i 1884 og d. i Grand Forks, N.D. 6.3.1913. Jacob gifte seg i Grand Forks Co., N.D. 25.7.1889 med Ida Albertine Hagness, dotter av husmannssonen Mons Torgerson frå Ekrene under Haganes i Luster (1843-1897). Ida var f. i Buffalo Co., Wis. 19.9.1867 og d. i Grand Forks, N.D. 21.10.1944. Jacob Vikoren var skreddar («tailor»), og han og Ida budde levetidi ut i Grand Forks, Grand Forks Co., N.D. Dei fekk seks born i lag. e. Martin Størksen, f. i Vik 20.4.1868, d. på Vikøyri 25.6.1935. Han gifte seg i Vik 23.1.1894 med Sitona Jensdotter frå Vikøyri, f. i Vik 14.3.1868. Ho d. på Vikøyri 30.11.1943. Martin Størksen var sjømann, og han og Sitona budde på Vikøyri i Vik levetidi ut. Dei fekk sju born i lag. f. Maria Størksdotter Vikøren, kjend som Marie Vikoren, f. i Vik 13.1.1871, utvandra til Amerika i 1892 og gifte seg ##### (date and place of her marriage? – about 1893?) med Peder Johnson Nederdal frå Øksendal på Nordmøre, i Amerika kjend som Peter J. Nerdahl. Han var son av innerst ##### (sjekka yrkestitel?) John Pederson på Nederdal ##### (på ein plass? – i so fall kva plass?) opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Anna Ingebrigtsdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og f. i Øksendal 4.3.1862. Peter utvandra til Amerika i 1881. Marie og Peter slo seg ned som farmarar i Loretta township, Grand Forks Co., N.D., men flytte sidan til Thief River Falls, Pennington Co., Minn. Marie d. ##### (place of her death?) 2.8.1912, medan Peter Nerdahl d. i Nelson Co., N.D. 7.6.1914. Dei fekk fire born i lag. g. Jens Størksen, f. i Vik 18.2.1874, d. på Vikøyri 21.7.1942. Han gifte seg i Bergen 28.11.1905 med Johanna Monsdotter frå Vikøyri, f. i Vik 12.10.1870. Ho d. på Vikøyri 7.10.1941. Jens Størksen var snikkar og laksefiskar, og han og Johanna budde på Vikøyri i Vik. Dei var barnlause. h. Kirstina Størksdotter Vikøren (1877-1952), vart gift med bakar Lars Kristoffersen på Sjøtun i Hafslo (feste nr. 3) (1877-1952) (s.d.). i. Hans Henrik Bartholomæi Størkson Vikøren, kjend som Hans Jacobson, f. i Vik 27.2.1881, utvandra til Amerika i 1899 og gifte seg i Grand Forks, N.D. 24.10.1906 med Ellen Karina Moe frå ##### (hennar norske opphav?) Ho var dotter av ##### (foreldri hennar med bustad, yrkestitel og opphav?) og f. ##### (fødestaden hennar?) 4.7.1874, men utvandra til Amerika i 1904. ##### (sjekka utvandringsåret hennar?) Hans Jacobson var jarnbanearbeidar («railroad worker»), og han og Ellen budde først i Aneta, Nelson Co., N.D., men flytte sidan til Finley, Steele Co., N.D. der Hans d. 11.3.1942. Ellen Jacobson d. i Whittier, Cal. 1.6.1968. Dei fekk fire born i lag. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette er ei gåte som eg har kjempa med i mange år, men aldri greidd å finna ei løysing på. Kanskje er no tidi kommi...? Kari Sjursdotter (Dversdalen/Marifjøra), fødd i Hafslo 24.12.1822, budde i ei lita stova i Marifjøra frå kring 1853 til ho i 1870 utvandra til Amerika. Ho hadde då med seg ein «uekte» son; Sjur Jørgenson (Marifjøra), son av Kari og Jørgen Johannesson Sandvik, var fødd i Hafslo 21.1.1858. Mor og son er sporlaust borte i Amerika, og no vonar eg at kanskje ein eller annan kan hjelpa meg finna dei att? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
- 5 replies
-
- dversdalen
- marifjøra
-
(and 1 more)
Tagged with:
-
Erik Olson var fødd i Luster 10.8.1837 - foreldri hans var: ** Ole Erikson Prestegard (1796-1876) og første kona hans: ** Ingeborg Jensdotter Raaum (1810-1839): https://media.digitalarkivet.no/view/11592/48 Etter mori døydde so tidleg, kom Erik til oppfostring i Jostedalen, først hjå fasteri Øllegaard Eriksdotter (1801-1874) - gift til Grov i Jostedalen, og sidan til den barnlause farbroren Peder Erikson (1791-1871) - gardbrukar på Bjørk i Jostedalen. Her vart Erik konfirmert i 1852: https://media.digitalarkivet.no/view/8397/84 Og Erik utvandra derifrå i 1856: https://media.digitalarkivet.no/view/8397/160 Faren Ole Erikson Prestegard budde 1865 framleis under Prestegard i Luster: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1426&kenr=010&bnr=0049&lnr=000 Men i 1870 var han framkomen til Burke township, Dane Co., WI der han som Ole Prescott var busett hjå dotteri Ingeborg og svigersonen Henrik: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WL9-X56 Henrik og Ingeborg utvandra med Fido i 1866, og same året skal òg Christian Olson (Sanvik) (1844-1915), ein son som Ole hadde utanfor ekteskap og som delvis skal ha vokse opp hjå far sin(!), ha utvandra, men eg finn ikkje korkje Christian Olson eller Ole Erikson sjølv i passasjerlistene for 1866! Det høyrer med til soga at Ingeborg døydde hausten 1870, og Ole flytte sidan inn hjå sonen Christian i Blue Mounds township, Pope Co., MN der han d. 4.4.1876. Her er FT1875 frå Pope Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-65XS-DYH Er det nokon som kan hjeklpa meg freista finna svar på følgjande utfordringar: ** Kvar vart det av Erik Olson (Bjørk) i Amerika? ** Kva år utvandra faren Ole Erikson og halvbroren Christian Olson til Amerika (passasjerlister)? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Eg syner til denne huslyden i FT1865 for husmannsplassen Tenor under Moen nordre i Eidsberg der Johan er ein av sønene til husmann Ole Hansson og kona Helene Petersdotter: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0125&kenr=001&bnr=0057&lnr=000 Og her er dåpen til den same Johan Olson, fødd 19.4.1864: https://media.digitalarkivet.no/view/359/131 Ved dåpen står ein merknad om at huslyden i 1875 flytte ut, og her er flyttingi til Askers prestegjeld: https://media.digitalarkivet.no/view/5754/458 Og her er huslyden på plass ved Kristiania Tændstikfabrik i Asker 1875: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0220&kenr=004&bnr=0085a&lnr=00 Er det nokon med lokal kunnskap som kan hjelpa meg finna: * Kva gard/plass i Eidsberg var Ole Hansson fødd/oppvaksen? * Kva gard/plass i Eidsberg var Helene Petersdotter fødd/oppvaksi? * Kva gard/plass budde denne huslyden på i Asker? Dei budde vel ikkje på fabrikken? * Kvar kan Johan ha fått namnet Newgard ifrå? * Kva år utvandra Johan til Amerika? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Christen Bjørnson (Valde), son av Bjørn Andersson (1796-1851) og Martha Pedersdotter (1799-1886), husmannsfolk på plassen Stein under Tandle i Luster, var fødd i Luster 9.3.1838: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/52 og vart konfirmert i Luster i 1855: https://media.digitalarkivet.no/view/8401/125 Etter den tid er han «borte vekk», og eg vonar no at ein eller annan kanskje dreg kjensel på denne karen og kan hjelpa meg finna ut kvar han vart av? Han hadde to søsken, og dei budde båe i Luster levetidi ut, men Christen KAN jo sjølvsagt ha utvandra til Amerika utan at det er oppskrive...? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Denne unge mannen frå Luster freista eg spora opp i Amerika alt på 1980-talet, men fann ingen spor etter han! Når eg no tek opp att leitingi etter Nils, er eg forundra over at me sjølv med «moderne» kjelder likevel ikkje lukkast i å finna spor etter han: ** Nils Hansson Raaum/Sandvik, fødd i Luster 30.10.1876 som son av Hans Henrikson Sandvik og Synneva Larsdotter Raaum, utvandra til Amerika i 1892 Eg kan leggja til at Nils hadde ein yngre halvbror, Lars Hermundson Sandvik (1885-1967) som i 1905 utvandra til Amerika med reisemål North Dakota. Han busette seg på ein farm i Bottineau Co., ND! Lars var næraste slekt for Nils i Amerika, bortsett ifrå at faren Hans Henrikson Sandvik «stakk av» til Amerika i 1877 og farma i mange år i South Dakota før han flytte til Canada kort etter hundreårsskiftet! Det hadde vore kjempeflott om me greidde å finna att lagnaden til Nils i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Odelsguten Arne Thomasson frå storgarden Sørheim i Luster var tydeleg lite «hugen» på gardsbruk. Han flytte til Trondheim der han gifte seg med dotteri til ein dansk skodespelar, Jetta Christina Qværndrup. Ei tid var Arne bokhandlar i Trondheim, og sidan var han grossist, men kva som so skjedde, veit me lite om. Truleg flytte heile huslyden til Luster, men Jetta skal snart ha forsvinne til Amerika, og nokre år etter drog òg dei to attlevande borni over havet, medan Arne vart att åleine.... Eg har sidan 1980-talet spekulert på lagnaden til denne huslyden, men har so langt ikkje hatt hell med meg. Kanskje er tidi no kommi til å få svar på ein del av desse spørsmåli? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Arne Otteson Sørheim, opphavleg frå Sørheim (bnr. 2), var f. {i Luster} 1.3.1826. Som me har sett under bnr. 2 ovanfor, fekk Arne alt i 1844 skøyte hjå far sin på heimebruket her på Sørheim, men han selde det att til broren Thomas i to luter i 1857 og 1858. Han gifte seg i Trondheim 7.4.1861 med Jetta Christine Christiansdotter Qværndrup frå Trondheim. Ho var dotter av skodespelar Christian Qværndrup frå København i Danmark og Karen Martha Pedersdotter Holthe frå Levanger ##### (fleire detaljar om foreldri?) og f. i Trondheim 8.3.1840. Arne Sørheim fekk i 1859 attest hjå soknepresten for å flytta til Trondheim, og der tok han namnet Arnt Søhring. Han var ei tid bokhandlar i Trondheim, men starta sidan opp med grossistforretning same stad, og huslyden budde i Kongens gate i Trondheim fram til kring 1869. Kring 1869 flytte Arne og visstnok òg Jetta ##### (sjekka om ogso ho flytte attende?) attende hit til Luster, og på same tidi busette dei seg i denne stova her på heimebruket hans på Sørheim som etter han fekk namnet «Gaml-Arnestova» (Arne Otteson gjekk nok under namnet «Gaml-Arne» i motsetnad til brorsonen Arne Thomasson som i 1880-åri tok over heimebruket på Sørheim, sjå under bnr. 2). Denne stova, som opphavleg skal ha vore oppsett på Farnes i Årdal i 1721 i tilknyting til koparverket der, vart visstnok kjøpt og flytt til Sørheim alt kring 1800 eller like før, og vart truleg nytta som kårstove på garden her fram til Arne og Jetta fekk hand om ho kring 1869. Jetta Sorum(?) ##### (amerikansk namn?) utvandra visstnok til Amerika alt kring 1872, ##### (sjekka denne utvandringi? – kva med lagnaden hennar i Amerika??) Arne Sørheim vart sjuk om lag på same tidi, og han vart sidan buande her i Gamle-Arnestova som legdelem til han d. på Sørheim 26.4.1897. Etter den tid vart stova ståande tom i mange år til ho i 1953 vart flytt attende til Årdal og oppsett på heidersplass. Me kan elles leggja til at Arne vart understøtta av fattigkassa i Trondheim sjølv etter at han flytte attende hit til Luster. Me veit om tre born etter Arne og Jetta Sørheim: ##### (kan dei ha hatt fleire born?) 1. Oluf Christian Arneson Sørheim, f. i Trondheim 22.8.1861, kom til Luster med foreldri kring 1869, men d. på Sørheim alt 6.5.1870. 2. Thomas Johan Arneson Sørheim, f. i Trondheim 16.4.1863, kom òg med foreldri til Luster kring 1869 og voks dels opp her. Thomas Sorum(?) ##### (amerikansk namn?) utvandra til Amerika i 1880, ##### (lagnaden hans i Amerika?) 3. Sophia Marie Arnesdotter Sørheim, f. i Trondheim 18.5.1865, flytte truleg òg til Luster med foreldri kring 1869, men fekk ikkje innflyttingsattest til Luster før i 1875. Ho voks òg dels opp her på Sørheim. I 1880 utvandra også Sophie Sorum(?) ##### (amerikansk namn?) til Amerika, ##### (lagnaden hennar i Amerika?) ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
I mange år har eg freista finna lagnadane til tre av dei fire borni i denne huslyden frå Sogndal/Luster som utvandra til Amerika, og dessutan fleire detaljar om huslyden til ei dotter som vart gift på Ulvingen i Vega. Etterkomarar etter jenta på Ulvingen skal ifølgje bygdebokskrivaren for Sogndal for ein del år sidan ha vore på leiting etter slekti si gjennom massemedia, og kanskje nokon greier finna att eventuelle etterlysingar? Manuskriptet mitt ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ Gjertrud Olsdotter (Sandvik), f. i Luster 16.4.1827, Gjertrud Olsdotter flytte i svært ung alder til Sogndal og gifte seg der 16.10.1844 med Johannes Olson frå Lindborg under Midtun, Øvstedalen i Sogndal, dotterson av gardbrukardotteri Britha Gjertsdotter frå Haugen (1764-1803). Johannes var f. i Sogndal 7.1.1822. Gjertrud og Johannes var ei tid husmannsfolk på ein plass under Øyre i Sogndal, men flytte derifrå då Gjertrud vart sjuk kring 1864. Johannes budde sidan i Sogndalsfjøra i Sogndal der han d. som legdelem 3.4.1883. Gjertrud Olsdotter flytte til Bergen der ho d. 9.4.1893. Dei fekk ni born i lag: a. Kari Johannesdotter, f. i Luster 18.2.1845, var hushaldar og budde i Sogndalsfjøra i Sogndal der ho d. 18.1.1904. Kari var ugift, men let etter seg ei dotter. b. Ole Johannesson, f. i Sogndal 23.7.1847, d. i Sogndal 27.12.1849. c. Johannes Johannesson, sidan kjend som John Lindborg, f. i Sogndal 5.7.1849, utvandra til Amerika i 1876 og busette seg som farmarbeidar («farm laborer») i Utica township, Crawford Co., Wis. Han d. ugift i Crawford Co., Wis. 15.8.1894. d. Ole Johannesson, f. i Sogndal 1.12.1851, d. i Sogndal 13.1.1852. e. Andreas Johannesson, f. i Sogndal 2.4.1853, var sjukleg og budde i Sogndalsfjøra i Sogndal, men d. som fattiglem på Slinde i Sogndal 29.1.1929, ugift. f. Ole Johannesson, f. i Sogndal 28.12.1855, utvandra til Amerika i 1878, ##### (lagnaden hans i Amerika?) g. Carl Johannesson, f. i Sogndal 23.10.1858, utvandra til Amerika i 1876, ##### (lagnaden hans i Amerika?) h. Gjertrud Johannesdotter, f. i Sogndal 18.12.1861, flytte i 1879 til Bergen, men dro snart vidare til Vega i Nordland der ho 18.9.1892 gifte seg med Edvard Andreas Peder Benjamin Pederson frå Ulvingen i Vega, f. i Vega 9.9.1857. Edvard var fiskar, og han og Gjertrud slo seg ned som strandsitjarar på Sjøvegen under U lvingen i Vega der Gjertrud d. som strandsitjarkone 21.6.1919. Edvard d. som enkjemann same staden 28.8.1925. ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.: * Georg Johan Olafsen – hennar son (far: Olaf Rafaelsen) – f. Vega 15.3.1891 – n. 1910/1910 * Petra Amalie Teonora Edvardsdotter – f. Vega 3.6.1896 – n. 1900/1910 * Ingvarda Paluda Johanna Edvardsdotter – f. Vega 13.2.1900 – n. 1900/1910 * Oscar Amandus Edvardsen – f. Vega 6.5.1905 – n. 1910) i. Britha Johannesdotter, f. i Sogndal 13.6.1864, utvandra til Amerika i 1881, ##### (lagnaden hennar i Amerika? – døydde kan henda barnlaus før 1894?) ~~~~~~~~~~~~~~ Mori Gjertrud Olsdotter hadde tre søsken som alle utvandra til Amerika på 1860-talet, og dei budde alle i Crawford Co., WI der ogso eldste sonen i huslyden hennar Gjertrud busette seg. Han skreiv seg for John Lindborg, men var ugift. Dei andre søskeni har eg førebels ikkje sett noko til i Crawford Co., WI! Det hadde vore heilt fantastisk om nokon kunne hjelpa meg finna lagnadane til dei tre «amerikafararane» og likeins supplerande opplysningar om huslyden i Vega! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Iver Olson (1806-1862) og Lisbeth Andersdotter (1805-1861), husmannsfolk på plassen Folefoss under garden Trøgstad i Norderhov, fekk i alt fem søner, som eg etter kvart har greidd gjera rede for (ein av dei var oldebesten min), men dei hadde òg tre døtrer, som eg ikkje har greidd finna att. Eg mistenker i alle fall to av dei for å ha utvandra til Amerika: * Maren Karine Iversdotter, fødd i Norderhov 8.7.1835 - ser eg ikkje noko meir til * Anna Marie Iversdotter, fødd i Norderhov 26.4.1838 - kan det vera denne i Hole 1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037109000961 * Johanna Iversdotter, fødd i Norderhov 2.3.1845 - nemnd som faddar i Christiania i 1877, truleg denne: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052055032098 Det hadde vore svært so kjekt å fått greie på kvar det vart av desse grandtantene mine, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Anna Johanna Eriksdotter Raaum var fødd i Luster 19.3.1877, dotter av gardbrukar Erik Erikson Raaum (1841-1924) og kona Maren Andersdotter f. Eikum (1843-1930) Ho nytta til dagleg namnet Johanna og er nemnd heime hjå foreldri * i 1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053010002515 * i 1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037351002719 Ætti hennar i Luster fortalte meg på 1980-talet at Johanna skule vera flytt til Christiania kort etter hundreårsskiftet og «skal ha» utvandra derifrå til Amerika. Men då skifti vart haldne etter foreldri hennar i Luster, får me vita at ingen hadde høyrt gjete ho etter 1912! Det hadde vore kjempekjekt om me endeleg i dag kunne finna ut noko meir om lagnaden hennar, både i Christiania og i Amerika og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! PS: Ho hadde ein einaste bror, Anders «Andrew Erickson», som utvandra til Amarika, og han busette seg i Latah Co., Idaho, men heller ikkje der har nokon høyrt gjete ho!
- 18 replies
-
- raaum
- christiania
-
(and 2 more)
Tagged with:
-
Berit Tollefsdotter Haugen (1836-1888) frå Slidre i Valdres - kven var ho, og kva år utvandra ho til Amerika?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Eg har i mange år vore på leiting etter det norske opphavet til denne jenta: Berit Tollefsdotter Haugen, fødd i Slidre 27.7.1836: https://media.digitalarkivet.no/view/9382/216 Foreldri var Tollef Thorson (Berge) og kona Marit Olsdotter (Qvale) - vigde i Slidre 15.12.1828: https://media.digitalarkivet.no/view/9382/247 Av vigsli kjem det fram at Tollef var gardbrukarson frå Berge, medan Marit var gardbrukardotter frå Kvåle. MEN, det står ikkje noko om: ** Kva yrkestitel hadde Tollef medan han budde på Haugen? - husmann eller gardbrukar? ** Og kva år utvandra Berit til Amerika? Ho gifte seg i Fillmore Co., MN 9.8.1855, so ho utvandra FØR den tid! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Ole Hans Eliassen Hjelle - Eid/Evenes/Amerika Hvor ble det av ham?
Truls Songstad posted a topic in Users' own forum
Er det noen som er flink på Amerikasporing, som kan finne ut om denne karen dro til Amerika slik hans etterkommer har hørt? Ole Hans Eliassen ble født på Hjelle i Eid 18.11.1848. https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000000022507 Han fikk en datter Marte Olava Elise i 1872 u.e. Martes mor døde i forbindelse med fødselen , men han forsørger sin datter som bor hos mormora i 1875. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052319002505 I 1973 meldte han flytting til Vesterålen https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000051020 Der er han i 1975 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052440000422 Så kommer han til Evenes der han får sønnen Olav Emil u.e i 1879 SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 863/L0913: Klokkerbok nr. 863C03, 1877-1885, s. 16 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050420040779 Han får enda en sønn der i 1882, med samme jenta SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 863/L0913: Klokkerbok nr. 863C03, 1877-1885, s. 46 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050420040809 Men så blir han altså borte og familien tror han kan ha reist til Amerika. Noen som kan hjelpe oss med denne nøtta? -
Jeg prøver å finne et familiemedlem som emigrerte i 1843. Jeg tror han dro til Pine Lake i fylket Waukesha i staten Wisconsin. Det ble opprettet en svensk/norsk kirke der i 1844/1845 (Pine Lake Norwegian Lutheran Congruation). Jeg vet at kirken har ført kirkebøker fra starten, men hvor finner jeg amerikanske kirkebøker? Er de skannet og tilgjengelige slik de er i Norge?
- 6 replies
-
- amerika
- kirkebøker
-
(and 3 more)
Tagged with:
-
Ingrid Aslaug Myhre Zakariassen - hvor ble det av henne
Truls Songstad posted a topic in Users' own forum
Hva skjedde egentlig med Ingrid Aslaug Myhre født i Bergen 25.12.1891. I 1908 fikk hun datteren Ida Alfhild med konditor Ingvald Martin Zakariasen. De giftet seg i Mariakirken 4.10.1910 og fikk så sønnen Adolf en knapp måned senere. Begge de to barna dør tidlig. Adolf i mai 1911 og Ida Alfhild 18.4.1918 på Hagavik. I følge emigrantprotokollene dro Ingrid Asaug Myhre til Amerika 27.8.1917 som: ug (Enepike) Stuepike og hun dro til sin bror. Så reiser hun på nytt til Amerika 30.3.1921 men nå som "ug Sykepleierske" og hun har "Været hjemme paa besøk". Var hun skilt fra sin mann da hun dro? Dro hun fra den syke datteren? Og hvor ble det av henne. Ingvald Martin giftet seg på nytt etter mange år og den saken har vi kontroll på. -
Dette er ei utfordring som eg har slite med i 40 år, og som eg framleis ikkje har klart å finna ut av. Kanskje er no tidi kommi? Gjertrud Johannesdotter frå Bergheim i Luster (1816-1867) var i mange år tenestejente på garden Holmestad i Luster. Ho gifte seg aldri, men ho fekk to born: * Kari «Karen» Hansdotter, fødd i Luster 26.11.1839, utvandra til Amerika frå Bergen i 1867 og busette seg nær Bricelyn i Faribault Co., MN der ho vart gift med Knut Johnson frå Balestrand. Karen Johnson døydde i Faribault Co., MN som enkje 20.5.1925. * Johannes Olson, fødd i Luster 28.12.1859, voks opp på Holmestad og kalla seg Holmestad då han i 1884 utvandra som korporal frå Bergen til Amerika: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000673216 ** Er det mogeleg å finna ut kvar det vart av Johannes i Amerika? ** Kan det tenkjast at det finst ein liktale (obituary) etter halvsøsteri Karen Johnson som kan hjelpa oss på veg? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og held fingrer og têr vel krossa!
-
Desse to søskeni var del av ein søskenflokk der dei fleste før eller sidan hamna i Amerika. Tre brør, som skreiv seg Rasmussen eller Robinson eller Lee, budde alle i Dane Co., WI, medan ei søster (Mrs. Erager) budde i Goodhue Co., MN. Eg brukte mykje tid på 1980-talet i leitingi etter desse, men greidde aldri å finna ut kvar det vart av dei! Eg søkte særleg i Dane Co., WI og i Goodhue Co., MN!! * Endre Rasmusson (Ødegaard), fødd i Luster 20.7.1824, utvandra til Amerika i 1847 * Kari Rasmusdotter (Ødegaard), fødd i Luster 13.12.1835, utvandra til Amerika i 1854 Eg lyt tilstå eg ville vorte overlukkeleg om nokon greidde finna att nokon av desse i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Johannes Erikson Lerum representerer ein huslyd som eg har jobba ganske so aktivt med i mange år, men der eg framleis står fast på ein del detaljar om borni og ektemakane deira. No vågar eg å leggja ut huslyden i Brukarforum med von om at kanskje ein og annan detalj kan komma til rette? Det oppdaterte manuskriptet mitt ser i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~~ Johannes Erikson {Lerum}, f. {i Luster} 27.12.1842, John E. Lerum utvandra til Amerika alt i 1861 og gifte seg første gongen i Dane Co., Wis. 29.6.1868 med Lucris Nilsdotter frå Vetlesætre under Solvi i Hafslo, i Amerika kjend som Lukris Nelson. Ho var f. i Hafslo 8.9.1850 og utvandra til Amerika med foreldri sine i 1862. John og Lukris farma ei tid i Dane township, Dane Co., Wis., men flytte kring 1878 til ein farm i Oslo township, Brookings Co., S.D. Sidan budde dei ei tid som pensjonistar i Brookings, Brookings Co., S.D. der Lukris d. 28.11.1901. John gifte seg att i Jackson, Minn. 27.1.1903 med enkja Anna Christensdotter, opphavleg frå Volden under Hauge, men då kjend som Anna Haverberg. Ho var f. i Luster 5.10.1842 og hadde før vore gift to gonger, først med skomakar og innerst Ole Johannesson i Fura under Hauge (1839-1864) og sidan med husmann Anders Olson, visstnok i Åreskori under Kroken (1845-1894). Ho utvandra til Amerika i 1887. Anna d. i Jackson, Minn. 8.7.1915, men alt kring 1913 vart ho skild frå John. John Lerum på si side gifte seg tredje gongen i Minnehaha Co., S.D. 8.7.1914 med Britha Arnesdotter Matre frå Kvinge i Masfjorden, i Amerika kjend som Bertha Mathre. Ho var dotter av gardbrukar Arne Rognaldson Matre på Kvinge nordre, opphavleg frå Matre lille, og kona Randina Andrea Rognaldsdotter frå Soleim og f. i Masfjorden 17.1.1888. Ho utvandra til Amerika i 1908. John og Bertha budde visstnok ei tid i Dell Rapids, Minnehaha Co., S.D., men flytte sidan attende til Volga, Brookings Co., S.D. John d. i Elko, Minn. 29.5.1930, medan Bertha Lerum sidan flytte til Seattle, King Co., Wash. der ho d. 1.11.1952. John Lerum fekk i alt ni born, åtte frå første ekteskapet og eitt frå det tredje: a. Elick Louis Lerum, f. i Dane Co., Wis. 2.7.1869, d. i Minneapolis, Minn. 3.8.1931. Han gifte seg i Brookings, S.D. 15.2.1899 med Anna Marie, kjend som Mollie Kjos. Ho var f. i Rock Co., Minn. 19.6.1879 og d. i Minneapolis, Minn. 21.8.1962. Elick og Mollie farma nokre år i Oslo township, Brookings Co., S.D., men flytte sidan til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Elick livnærte seg som trikkemekanikar («street car motorman»). Dei fekk fire born i lag. b. Johanna, kjend som Jennie Lerum, f. i Dane Co., Wis. 17.9.1870, d. i Elko, Minn. 2.2.1952. Jennie gifte seg i Elko, Minn. 4.1.1891 med Carl Johan Vebjørnson frå Bradset i Meløy, Rødøy i Nordland, i Amerika kjend som Charles J. Knutson. Han var son av husmann og fiskar Vebjørn Knutson i Bradsetvik under Bradset i Meløy, Rødøy, opphavleg frå Dalen under Tjugen i Stryn, og kona Hanna Steffensdotter frå ##### (opphavet hennar? – f. Rødøy 1841) og f. i Rødøy 4.5.1866, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1876. Han d. nær Northfield, Minn. 23.8.1956. Jennie og Charles farma i New Market township, Scott Co., Minn. og fekk elleve born i lag. c. Nels Lerum, f. i Dane Co., Wis. 3.11.1871, d. i Beulah, Mercer Co., N.D. 14.9.1941. Han gifte seg i Volga, S.D. 8.11.1893 med Anna G. ##### (Anna’s middle name?) Olson. Ho var f. ##### (exact date and place of Anna’s birth? – Norway 1868/1869!? – ”from Appleton, Minn.” – 1910 census suggests she emigrated 1877!? – 1930 census suggests she emigrated 1871!!? – born May 24, 1867 – daughter of Olaf Olson?) og d. i Chicago, Ill. ##### (date of Anna’s death? – about 1962?? – Dec. 13, 1961?) Nels Lerum var murar («stone mason»), og han og Anna budde først ##### (early place(s) of residence of Nels and Anna? – Nels 1900 alone (married laborer) at Willmar, Kandiyohi Co., Minn. – lived 1904 in S.D. – Dec. 1905 in Brookings Co., S.D. – moved 1906 to N.D. – 1910 common laborer Velva township, McHenry Co., N.D. – 1920 hotel keeper at Noonan, Divide Co., N.D.! – 1930 plasterer at Zap, Mercer Co., ND) men flytte 1920 til Zap, Mercer Co., N.D. Dei fekk ni born i lag. d. Anna Christine Lerum, f. i Dane Co., Wis. 30.3.1873, d. i Summit, S.D. 4.11.1951. Anna gifte seg i Volga, S.D. 5.5.1893 med Rasmus Rasmusson frå Utset på Hitra, i Amerika kjend som Rasmus Udseth. Han var son av gardbrukar Rasmus Pederson på Utset, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Anna Marie Estensdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. på Hitra 7.12.1858. Han utvandra til Amerika i 1888 og d. i Watertown, S.D. 6.9.1944. Anna og Rasmus farma i Summit township, Roberts Co., S.D. og fekk fjorten born i lag. e. Emma Jeanette Lerum (1877-1964), vart gift med husmannssonen Melchior Knutson Aaberge frå Bukti under Bollingberg (1864-1951) (s.d.). f. Sena ##### (Sena’s full first and middle names? – Sena is often a ”shortening”! – cemetery shows ”Sina” – search Lake Campbell Lutheran church records!?) Lerum, f. i Brookings Co., S.D. 30.8.1880, d. i Brookings Co., S.D. 18.4.1888. g. Henry ##### (Henry’s middle name?) kjend som Harry J. Lerum, f. i Brookings Co., S.D. 3.1.1884, d. i San Francisco, Cal. 15.9.1935. Harry gifte seg ##### (exact date and place of Harry’s marriage? – only son: Kenneth D. Lerum, born San Francisco, Cal. Feb. 14, 1916, died June 26, 1988 Fresno, Cal.) 1914 med Elizabeth M. ##### (Bessie’s middle name?) kjend som Bessie M. MacLennan. Ho var f. ##### (place of Bessie’s birth? – Nova Scotia – parents born in Norway!! – town/county? – 1920 census says 1878! – death record says: born in Canada ”about Feb. 21, 1884” – 1930 census gives her age as 49 – imm. 1890!) 21.2.1884 og d. i Oakland, Cal. 17.10.1954. ##### (death record says: ”found dead”) Harry var frisør (”barber”), og han og Bessie budde i San Francisco, San Francisco Co., Cal. Dei fekk ein son i lag. h. Arthur ##### (Arthur’s middle name?) Lerum, f. i Brookings Co., S.D. 10.7.1885, d. i Brookings Co., S.D. 22.4.1888. i. Arnold L. ##### (Arnold’s middle name?) Lerum, f. i Minnehaha Co., S.D. 8.4.1915, d. i Beloit, Ia. 14.10.1926. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Erland Olson - fødd på Ringebu i 1853 - opphavet hans og til foreldri hans, samt utvandringsår?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Eg er i kveld på leiting etter nokon som sit med lokal kunnskap og/eller ekspertise på ætter frå Ringebu. Eg syner til denne innførsli frå FT1865 for innerstplassen Svadstuen: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0520&kenr=003&bnr=0069&lnr=000 Sonen Erland, fødd på Ringebu 22.5.1853: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001982538 utvandra til Freeborn Co., MN før 1887. Kan nokon, please, hjelpa meg finna ut følgjande: * Kva skal eg skriva som yrketitel og bustad til foreldri Ole Torstenson og Mari Ingebrigtsdotter? Under kva gard ligg Svadstuen, om dette var den endelege bustaden deira? * På kva gard/plass var Ole Torstenson oppvaksen? * På kva gard/plass var Mari Ingebrigtsdotter oppvaksi? * Kva år utvandra Erland Olson til Amerika? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Lerum-familie frå Luster 1840-1900 med to kjempeutfordringar - hjelp?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Denne huslyden på garden Lerum (til dagleg kalla Leri) har sidan 1980-talet skapt meg mykje hovudbry, men no har eg teke mot til meg til å freista det eksellente Brukarforum med ei von om at nokon der kan hjelpa meg finna dei manglande svari. Her kjem eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Arne Hansson Lerum, son av føregåande brukar og herifrå garden, vart døypt 4.12.1811 og d. som gardbrukar på Leri 14.12.1855. Arne fekk 3.6.1835 skøyte på heimebruket hjå faren, og 10.11.1840 gifte han seg med Kirstina Pedersdotter frå Sørheim. Ho vart døypt 28.1.1811 og d. som gardbrukarenkje på Leri 14.2.1863. Arne og Kirstina dreiv garden så lenge dei levde. Dei fekk seks born: 1. Hans Arneson Lerum (1841-1932), fekk ta over heimebruket på Leri etter foreldri. 2. Peder Arneson, f. 6.10.1843, budde heime på Leri i 1865. Peder Lerum flytte ##### (forsvinn frå Luster etter 1865 – seinare lagnad? – Amerika???) 3. Erik Arneson, f. 22.11.1845, Erik Lerum flytte til Bergen tidleg i 1860-åri og tente ei tid hjå handelsmann Bjelland på Østre Muralmending. Sidan vart han furer ved artilleriet, og 25.11.1875 gifte han seg i Bergen med Unni Larsdotter frå Lavoll, f. i Luster 13.10.1853. Dei busette seg på Vestre Muralmending i Bergen der Erik d. alt 8.12.1887. Unni vart buande på same staden til kring 1905. Men kring 1905 flytte Unni Lerum attende til Luster, og ho busette seg på Kåret, Lavoll der ho d. 6.1.1917. Erik og Unni Lerum fekk fire born i lag, og dessutan fekk Unni ei dotter etter ho vart enkje: a. Arne Christian Erikson Lerum, f. i Bergen 30.3.1877, d. i Bergen 22.5.1878. b. Arne Christopher Erikson Lerum, f. i Bergen 20.7.1879, Arne C. Lerum utvandra til Amerika i 1893 og busette seg i Madison, Dane Co., Wis. der han vart vald til offentleg tenestemann («Dane County Clerk of Court»). Han d. ugift i Madison, Wis. 25.6.1911. c. Ludolf Martin Erikson Lerum, f. i Bergen 15.5.1883, d. i Bergen 10.11.1900. d. Christine Petra Gunhild Eriksdotter Lerum, f. i Bergen 18.10.1885, d. i Bergen 19.8.1903. e. Unni Erna Olea, kjend som Erna Olsdotter Lerum (1893-1951), dotter av Unni og husmannssonen Ole Torkildson frå Mordøla under Heltne i Dale (1867-1943), flytte med mori til Luster og vart her gift med fabrikkarbeidar Søren Hansson Sperle frå Sperle øvre, Sperle i Jostedalen (bnr. 3) (1895-1974) (s.d.). 4. Gunnhild Arnesdotter (1847-1876), d. ugift på Leri. 5. Arne Arneson, f. 11.11.1849, Arne A. Lerum utvandra til Amerika i 1868 og budde først ei tid hjå farbroren Ole Hanson i Nelson township, Buffalo Co., Wis. Sidan fòr han vestover, og ##### (lagnaden hans? - truleg d. i San Francisco, CA 7.4.1884: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=60249&h=99398&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx20935&_phstart=successSource 6. Andreas Arneson, f. 24.6.1853, Andreas Lerum flytte til Bergen der han vart sersjant i artilleriet. Han gifte seg i Bergen 29.4.1884 med Bianca Elisabeth Olsdotter Olsen. Ho var dotter av kommandørsersjant Ole Olsen og kona Anna Marie f. Pettersen og f. i Bergen 18.11.1862. Andreas og Bianca busette seg i Neumanns gate i Bergen, men liksom broren Erik vart heller ikkje Andreas gamle karen. Han d. i Bergen alt 7.7.1889. Enkja Bianca flytte snart etter til Rosenberggaten i Bergen der ho sidan dreiv kolonialhandel. Ho d. i Bergen 10.11.1946. Andreas og Bianca fekk tre born i lag: a. Ole Andreasson Lerum, f. i Bergen 14.3.1885, var kontormann i Bergen der han d. ugift 14.1.1941. b. Arne Andreasson Lerum, f. i Bergen 2.1.1888, d. i Bergen 19.6.1888. c. Arne Andreasson Lerum, f. i Bergen 30.4.1889, d. i Bergen 25.4.1946. Arne gifte seg i Bergen 3.7.1920 med Berthe Petrikke Nilsdotter Knutsen. Ho var f. i Bergen 12.1.1894 og d. i Bergen 11.10.1974. Arne var bokhaldar, medan Berthe var tannteknikar. Dei budde i Bergen levetidi ut og fekk to born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ * Eg har ikkje finne spor etter Peder etter FT1865, men eg ser ikkje bort ifrå at han har teke vegen til Amerika. * Arne veit me utvandra til Amerika, og dødsfallet som eg har finne i San Francisco, CA, liknar svært på «vår mann», men kanskje finst det avisartiklar om denne karen ein eller annan stad? Han bør jo finnast i folketeljingar i Amerika? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse gutane! -
Otto Thomasson Sørheim - fødd i Luster 1863 - utvandra til Amerika i 1883 - forsvann! - kvar vart det av han?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Då eg på 1980-talet samla opplysningar om folket som hadde butt på garden Sørheim i Luster, kom eg framom denne karen, som er omskriven på følgjande vis i manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Otto Thomasson Sørheim, f. {i Luster} 11.4.1863, Otto Sorheim utvandra til Amerika i 1883, men det gjekk ikkje lenge før han vart borte. Då det i 1886 vart halde skifte etter foreldri, var det ingen som visste kvar Otto var, og i 1910 vart det halde skifte etter Otto som «forsvunnen erving». ~~~~~~~~~~~~~ På 1980-talet levde det både brorborn i Noreg og søsterborn i Amerika, men INGEN visste noko som helst om lagnaden til denne onkelen! Mest truleg er det at han utvandra til Buffalo Co., WI der han hadde slekt, og no lurer eg på om det kanskje kan finnast avisskriverier om han lokalt i Amerika som kan bdra med fleire opplysningar? Sørheim vart normalt «amerikanisert» til Sorum eller Serum. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Christen Erikson Homstad - fødd i Noreg 1815 - til Vernon Co., WI før 1860 - opphavet og utvandringi hans? - NYTT
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Eg freista skriva eit nytt emne her i kveld, men emnet forsvann før eg fekk gjort det ferdig og redigert det! Og no får eg berre ei feilmelding når eg freistar henta det opp att!! Utfordringi mi er i første rekke: * Identifikasjon av Christen Erikson og forklaring på namnet hans: https://media.digitalarkivet.no/view/1/22 * Yrke til far hans og bustaden deira? * Opphav til båe foreldri? * Utvandringsåret til Christen? Finst det kanskje ei bygdebok for Eidsberg som kan hjelpa oss med fleire opplysningar? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Christian Erikson Holmstvedt - fødd i Eidsberg 1815 - til Vernon Co., WI før 1860 - opphavet og utvandringi hans?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Eg finn følgjande vigsle i Christiana township, Vernon Co., WI: 4.1.1860 C. E. HOMESTAD med Emeline PETERSON Brudgomen skal ha vore: Christian Erikson Homstvedt, fødd i Eidsberg 19.12.1815 som son av Erik IOlson oig Ingeborg Jacobsdotter QUILLERPL: https://media.digitalarkivet.no/view/1/22 Huslyden skreiv seg for HOMESTEAD i Amerika, og Christian hamna i Ben Wade township, Pope Co., MN der han døydde før 1900! Kona Emeline var Ingebiorg Pedersdotter Wigdahl, fødd i Luster -
Fire brør frå Nordfjordeid i Amerika. Kvar vart det av dei?
Truls Songstad posted a topic in Users' own forum
Vi har eit bilete som skal vere av fire brør som alle drog til Amerika. Det er desse. Erik Karolus Johnson Os født 19.9.1850 og gift 31.3.1874 med Samuline Jensine Simonsdatter Møklebust 30.6.1851. Dei emigrerte til Amerika 4.5. 1881 med borna Helene født 1873, Karoline 1876 og Johanne 1880 Peder Mathias Johnson Os født 26.9.1852 og gift 28.10.1875 med Elene Bertine Larsdotter Alsaker født 15.6.1851. Dei emigrerte til Amerika i 1876 og hadde då med seg dottera Karoline Bertine født i 1876. Ole Cornelius Johnson Os (1855-1887) ugift. Emigrerte til Amerika i 1881, men kom attende og døyde på Os Daniel Johnson Os født 3.5.1868. Emigrerte til Amerika i 1886 og var då ugift Nummer 3 kom altså heimatt og døyde her. Men kor vart det av dei andre tre? Då mor deira døyde i 1904 er det opplyst at ho berre har ein son igjen i Amerika, men fleire barnebarn. Vi veit ikkje om bilete er teke på Nordfjordeid eller i Amerika.- 21 replies
-
- amerika
- nordfjordeid
-
(and 1 more)
Tagged with:
-
Ener Olsen(f 1839) og Ingeborg Torgersdatter (f 1841)drar fra Oslo til Amerika i 1887 og 1888
Lasse Jensen posted a topic in Users' own forum
Ener Olsen født 1839 og Ingeborg Torgersdatter født 1841 bor i 1885 i Bredgaten 21 i Oslo. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053257085750 Det ser ut til at han drar over til Amerika i 1887 og at hun kommer etter i 1888 med barna Ingeborg (1876), Sigurd(1878), Hilda (1881), Otto (1883) og Einar (1885) Jeg finner imidlertid ingen av dem i noen av emigrasjonsprotokollene , kan noen hjelpe med å finne ut hvordan de kom seg over? Kan noen også si om hva det må ha kostet å få så mange over til Amerika, og hvordan greide de å skaffe penger?- 72 replies
-
- utvandring
- oslo
-
(and 1 more)
Tagged with:
-
Dette er ein huslyd som eg første gongen jobba med på 1980-talet, men som eg aldri heilt greidde å komma «til bånns» i. Eldste broren Bottolf hadde to søner og ein steson som forsvinn, og ikkje heller veit me kvar det vart av Hermund, som i mange år budde i Grand Forks, ND. Kanskje er det nokon som har tankar og idéar om korleis me kan komma vidare med desse utfordringane? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #10 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Recently Browsing 0 members
- No registered users viewing this page.