Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'amerika'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

  1. Desse tre søskeni frå Lingjerde i Luster, som òg er del av følgjande tema frå 2018, men aldri fekk noko svar: https://forum.arkivverket.no/topic/220706-øyanes-påskenøtt-2018-2-asbjørnsfolket-på-lingjerde-i-luster-som-delvis-forsvinn-i-amerika-kan-henda-nokon-av-dei-døydde-av-kolera-ei-kjempeutfordring/?tab=comments#comment-1865652 er ein del av ein søskenflokk som alle hamna i Amerika med unntak av ei søster i Luster og ein bror i Tromsø. Det er ein (no avliden) etterkomar etter Kari Thomasdotter Lingjerde sin bror Jørgen, som er ganske so sikker på at Kari og mann hennar døydde i ein koleraepidemi i Wisconsin i 1854, og eg har ein mistanke om at ogso Gjertrud og son hennar KAN ha litt same lagnad...(?). Kanskje ogso mor deira, Anna Marie Davidsdotter (Svabo), døypt 25.8.1793, som utvandra i lag med dei i 1854, døydde òg. Derimot veit me sikkert at den eldste av desse søskeni, Anders Asbjørnson, fødd 1818, utvandra som ungkar til Amerika i 1861, og voni mi er no at i alle fall han kan finnast att i Amerika? Her følgjer eit oppdatert manuskript for dei tre søskeni: ~~~~~~~~~~~~~~~ 4. Anders Asbjørnson, f. {i Luster} 23.5.1818, I 1850 fekk Anders attest for å flytta til Nordland. Det vart då sagt om han at han var middels høg og hadde blondt hår og blå auge. Kor lenge han var i Nordland, veit me ikkje, for i 1861 fekk han ny presteattest for å utvandra til Amerika. ##### (lagnaden hans der borte?) 5. Gjertrud Asbjørnsdotter, f. {i Luster} 21.11.1821, Gertrude Asbjornson utvandra til Amerika med mori og broren John i 1854, men vart kan henda òg offer for den koleraepidemien som knekte broren og kona hans. Me ser i alle høve ikkje noko meir til ho der borte. ##### (sjekka dette?) Ho hadde ein son: a. Andreas Knutson, son av Gjertrud og hus­mannssonen Knut Olson frå Bakken under La i Joranger sokn, Hafslo (1820- ), var f. i Hafslo 27.2.1852. Andreas utvandra truleg med mori til Amerika i 1854, men vert likeins borte for oss. ##### (sjekka dette?) 6. John Asbjørnson, f. {i Luster} 7.8.1824, gifte seg 10.4.1854 med Kari Thomasdotter frå Lingjerde øvre, Lingjerde (bnr. 4), f. 28.2.1835.­ John og Kari Asbjornson utvandra til Amerika i 1854, men Kari var avlidi før 1860; ho og John skal som før nemnt ha sett livet til i det nordlege Wisconsin i ein koleraepidemi sommaren eller hausten 1854. ##### (sjekka dette?) Dei fekk ikkje born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  2. Dette er ein huslyd som eg første gongen arbeidde med tidleg på 1980-talet. Eg fann ut ein heil del den gongen, men stod fast på mange detaljar og særleg lagnadane til dei to yngste sønene, Christen d.y. og Jens. Når eg no tek opp att denne huslyden til nærare studium, finn eg svar på ein god del av dei gamle spørsmåli, som til dømes lagnaden til sonen Jens, som vart prest i Amerika, men Christen d.y. er framleis ei stor gåte. Kvar vart det av han? Og kvar vart det av enkja etter Christen d.e.? Og kven var Nils Iverson som gifte seg med yngste dotteri? Var det han eg har finne frå Meldal? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Anders Jensson Dale, frå Søvde i Dale, var f. 22.12.1817 og gifte seg 10.6.1845 med Kirstina Johannesdotter frå Nedreengi under Talle, f. 27.1.1821. Anders og Kirstina slo seg kring 1845 ned som innerstfolk under prestegarden, og me trur det var på denne plassen i Årstu dei budde. Men alt kring 1852 flytte dei herifrå att, og plassen vart nedlagd på same tidi. Anders og Christine Dale flytte 1852 til Haus, og i fleire år var Anders tilsett ved ullvarefabrikken på ytre Arna. Han dreiv òg ei tid med noko handel, men i 1880 utvandra parfolket til Amerika. Dei slo seg ned nær sonen Ole på ein farm i Cedar Lake township, Barron Co., Wis. der Anders d. 12.5.1901. Christine Dale d. i Cedar Lake, Wis. 12.3.1915. Dei fekk sju born i lag: a. Johanna A. Dale, f. i Luster 19.12.1841, d. på ein pleieheim i Bergen 16.4.1915. Ho gifte seg i Haus 2.7.1866 med Hans Martin Hansen frå Bergen. Han var son av tollbetjent Hans Christian Michelsen i Bergen og andre kona Anna Marie Martinusdotter Rye frå Bergen og f. i Bergen 7.2.1838. Hans var ei tid bakar i Haus, men dei flytte sidan til Bergen der Hans d. som bakarsvein 26.8.1884. Dei fekk ##### (talet på søner og døtrer? - minst to søner! - inkl.: * Alfred, f. Arna 1874 - n. 1900 * Jens Olai, f. DK, Bergen 25.3.1881 - n. 1900) b. Christen A. Dale (1845‑1845), f. og d. i Luster. c. Christen A. Dale, d.e., f. i Luster 4.9.1846, utvandra til Amerika frå Haus i 1867, men d. i Dane Co., Wis. alt 14.3.1871. Han gifte seg i Columbia Co., Wis. 11.11.1869 med Magdeli Johannesdotter frå Seim i Haus, i Amerika kjend som Magdeli Seim. Ho var dotter av gardbrukar Johannes Dagson på Seim, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Ingeborg Andersdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Haus 7.4.1845, men utvandra til Amerika i 1869. Christen og Magdeli Dale budde på Spring Prairie, Dane Co., Wis. den korte tidi dei var gifte, men ##### (what became of Magdeli? - remarried? - date and place of her death?) Christen og Magdeli Dale fekk ei dotter i lag. d. Ole A. Dale, f. i Luster 16.7.1848, utvandra òg til Amerika frå Haus i 1867 og d. i Barron Co., Wis. 23.2.1904. Han gifte seg ##### (date and place of his marriage? - Chicago, IL June 8, 1872?) med Andrena Severson (Kjednas), f. i Dane Co., Wis. 23.8.1853 og d. i Minneapolis, Minn. 20.8.1928. Ole og Andrena Dale farma mange år i Cedar Lake township, Barron Co., Wis., men flytte visstnok siste åri til ein farm i Rice Lake township, Barron Co., Wis. Som enkje flytte Andrena til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. Dei fekk tolv born i lag. e. Christen A. Dale, d.y., f. i Luster 1.12.1850, ##### (levde framleis i Haus i 1865 - seinare lagnad?) f. Jens Bremer A. Dale, f. i Haus 29.6.1854, utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret? - 1873?) og d. i Minneapolis, Minn. 22.8.1931. Han gifte seg i Howard, Story Co., Ia. 14.7.1881 med Julia Anna Olson, f. i LaSalle Co., Ill. 23.11.1865. Ho d. i Minneapolis, Minn. 12.8.1963. Jens Dale var prest («Lutheran Minister») ##### (places of residence? - incl. 1900: Twin Valley, Norman Co., MN - 1910/1920: McIntosh, Polk Co., MN - 1930: Dunseith, Rollette Co., ND!) Dei fekk fjorten born i lag. g. Gunnhild, kjend som Nellie A. Dale, f. i Haus 14.9.1856, utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret? - 1870-talet?) og d. i Barron Co., Wis. 15.10.1915. Nellie gifte seg i Barron Co., Wis. 16.8.1882 med Nils Iverson frå ##### (opphavet hans? - kan han vera frå Lilleholte i Meldal: https://media.digitalarkivet.no/view/2395/50 i Amerika kjend som Nels Everson. Han var son av ##### (foreldri hans?) og f. ##### (fødestaden hans? - sjekka datoen?) 8.8.1844, men utvandra ##### (utvandringsåret? - 1872 til Menomonie, Dunn Co., Wis.?) Han d. i Barron Co., Wis. 10.3.1928. Nellie og Nels Everson farma i Cedar Lake township, Barron Co., Wis., men Nels var dessutan vaktmeister, postbod og stasjonsagent («janitor, mail carrier and station agent»). Dei fekk tre born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan gjera denne biografien meir fullstendig!
  3. I utvandrarlista frå kyrkebøkene for Hafslo finst det i 1886 ei «underleg» innførsle: Johannes Johannesson Opheimshaug, ungkar, fødd 1832, utvandra i 1866: https://media.digitalarkivet.no/view/6870/118 Johannes var fødd i Opheimshaugen 16.3.1832 av foreldri Johannes Lasseson og Britha Lassesdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11456/73 FT1865 syner Johannes som dreng på nabogarden Lid øvre: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1425&kenr=006&bnr=0012&lnr=000 Eg kan ikkje finna Johannes i Quebec-listene frå Bergen..., og han er heller ikkje å sjå i passasjerlistene frå 1886, i fall det hadde vore ei feilskriving av presten...! Er det mogeleg å finna att Johannes Johannesson Opheimshaug i andre kjelder? Ingen av søskeni hans utvandra, men han hadde ei uekte dotter Gunnhild, som er omskrivi i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/238273-guri-sjursdotter-talsete-flahammar-fødd-i-luster-1825-til-amerika-i-1861-med-to-born-lagnaden-til-denne-huslyden-ei-kjempeutfordring/ Det hadde vore kjempefint om denne mannen kunne finnast att, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Dette emnet vart i 2018 grunna skyldskap «hengt på» følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/202828-tre-søsken-frå-luster-skalperte-av-indianarar-i-1860-åri-er-det-mogeleg-å-finna-fleire-opplysningar-om-dette/?tab=comments#comment-1882466 men då det ikkje er komme nokon attendemeldingar på det, tek eg det i dag opp som eige tema. Her er kva opplysningar eg sit med om Margretha og Synneva: ~~~~~~~~~~~~~ Margretha Endresdotter {Eide}, f. {i Luster} 13.9.1818, Margretha Anderson(?) flytte til Bergen i 1851, og derifrå utvandra ho i 1856 til Amerika ##### (her destiny?) Ho fekk to born i Noreg: a. Mari Andersdotter, dotter av Margretha og husmannssonen Anders Thomasson frå Sage under Fuhr (1818- ), var f. i Luster 12.7.1843, men utvandra til Amerika med mor si i 1856 ##### (her destiny? – perhaps this one? Name Ole Johnson Aas Event Type Marriage Event Date 09 Apr 1879 Event Place Armenia, Juneau, Wisconsin, United States Gender Male Race White Birthplace Kingston, Norway Father's Name John Johnson Aas Mother's Name Ingabar Johnson Aas Spouse's Name Mary Anderson Spouse's Gender Female Spouse's Race White Spouse's Father's Name Andrew Anderson Spouse's Mother's Name Margaret Anderson b Petra Andrea Pedersdotter, dotter av Margretha og hattemakarmeistar Peder Andreas Thistel i Bergen (1828-1897), var f. i Bergen 30.10.1852, men d. i Bergen 27.11.1854. ##### (more children in America?) ~~~~~~~~~~~~ Synneva Endresdotter {Eide}, f. {i Luster} 21.1.1827, Synneva Anderson(?) utvandra til Amerika i 1860 ##### (her destiny?) Synneva fekk to born i Luster: a. Bertha Thomasdotter, dotter av Synneva og husmann Thomas Trondson på Stubbøy under Øyene (1825‑1879), var f. i Luster 17.4.1852, men utvandra til Amerika med mor si i 1860, ##### (her destiny?) b. Ole Jensson (1859‑1859), f. og d. i Luster, var son av Synneva og gardbrukar Jens Olson på Fuglesteg (1838 1880). ##### (more children in America?) ~~~~~~~~~~~~~ Mor til dei tre søskeni som vart etterlyste i ovennemnde tema, Christi Endresdotter (som døydde i Luster), var søster til Margretha og Synneva, og dei hadde ogso ei anna søster Johanna Endresdotter, som utvandra til Amerika og som eg har sport opp der borte. Eg tenkte at Johanna kanskje kunne leia oss til Margretha og/eller Synneva der borte, men so løangt har det ikkje lukkast... Her er opplysningane eg sit med når det gjeld denne Johanna Endresdotter og mann hennar: ~~~~~~~~~~~~~ Erik Rasmusson Kilen, opphavleg frå Fura under Hauge, var f. 11.12.1817 og gifte seg 12.10.1843 med Johanna Endresdotter frå Eidsbakken under Eide, f. 14.3.1822. Erik og Johanna hadde først ein plass på Bøen under Berge i Dale, men kring 1854 kom dei til Gjerdet, og her vart dei buande som plassfolk til 1858. Erick og Johanna Kilen utvandra til Amerika i 1858 og farma først nokre år i Hampden township, Columbia Co., Wis., men flytte kring 1862 til Arendahl township, Fillmore Co., Minn. og derifrå i 1867 til ein farm i Belmont township, Jackson Co., Minn. der dei vart buande levetidi ut. Erick Kilen d. i Jackson Co., Minn. 31.5.1897, medan Johanna d. same staden 25.6.1901. Dei fekk tretten born i lag: Her er denne huslyden i FT1860 for Hampden township, Columbia Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BSF-9LNF Her er denne huslyden i FT1870 for Belmont township, Jackson Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6LDQ-238 ~~~~~~~~~~~~~ Eg har mellom anna søkt meg gjennom vigselsregistrene i Wisconsin, og eg fann den eine vigsli mellom Ole Johnson Aas og Mary Anderson som er innfelt ovanfor og som eg MISTENKER kan vera dotteri som Margretha hadde med seg til Amerika i 1856. Men kan Ole og Mary finnast att i andre kjelder? Eg takkar so mykje for alle gode tips når det gjeld denne huslyden og lever i voni!
  5. Dette er ein huslyd som eg arbeidde første gongen med tidleg på 1980-talet, og med dei ressursane som då var tilgjengelege, kom eg ikkje so langt... Problemet er i første omgongen å finna ut kvar det vart av dotteri Inga og sønene Ole og Peder. Dei to siste skal ha hamna i Amerika, men Peder var først ein tur i Nordland! Det hadde vore svært so kjekt å få på plass fleire detaljar om denne ætti, og her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette mauskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #11 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Dette er ein huslyd som eg har slite med i mange år, men som eg aldri har greidd å komma skikkeleg «til bonns» i. Ei òrsak kan vera dei mange måtane som dette ættenamnet vart skrive på i Amerika... Hans Christopherson Høyum, i Amwrika kjend som Hans C. Hoium, fødd i Luster 30.4.1819, gifte seg i Luster 17.1.1843 med Maria Monsdotter Heltne, fødd i Luster 23.1.1819. Etter mange år som gardbrukarar på Skildeim i Luster utvandra dei i 1862 og busette seg som farmarar i Pine Island township, Goodhue Co., MN. Mary døydde i Zumbrota, MN 18.5.1894, medan Hans døydde i Polk Co., MN 2.4.1900. Dei hadde åtte born i lag: * Christopher Hanson Haium, fødd i Luster 15.3.1848, døydde i Barron Co., WI 29.8.1943 - var gift to gongar og budde mange år i Brookings Co., SD og sidan i Spokane Co., WA. Ni born. * Hans Hansson Hoium, fødd i Luster 23.1.1850, døydde i Polk Co., MN 15.1.1928 - var gift tre gongar og budde både i Goodhue Co., MN og i Polk Co., MN. Fire born. * Agatha Hansdotter ?Hoium, fødd i Luster 17.2.1852 - lagnad ukjend! * Ole Hansson Hiam, fødd i Luster 12.6.1854, døydde i Barron Co., WI 8.12.1943 - var gift og budde i Barron Co., WI. Fem born. * Melchior «?Michael» Hansson ?Hoium, fødd i Luster 23.1.1856 - budde med foreldri i 1880 - seinare lagnad ukjend! * Mons Hansson Haim, fødd i Luster 21.12.1857, døydde i Goodhue Co., MN 26.1.1890 - tok over heimefarmen i Goodhue Co., MN, men var ugift. * Thor Christian «Christian» Hansson ?Hoium, fødd i Luster 30.10.1859 - budde med foreldri i 1880 - seinare lagnad ukjend! * Karen Marie «Marie» Hansdotter Hoium, fødd i Luster 7.1.1862, døydde i Goodhue Co., MN 13.9.1882, ugift. So er den store utfordringi følgjande: Er det mogeleg å finna ut noko som helst om dei tre sakna borni? Kanskje finst det obituaries etter foreldri eller nokre av søskeni som han hjelpa oss på veg? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Eg har i mange år slite med å identifisera denne Thelacious Harold Thorson som i Amerika gifte seg med ei jente av sognaætt, ei fjern slektning av meg... No oppdaga eg eit family tree hjå ancestry, men dette ser mildt sagt noko «forvirrande» ut. No vonar eg at det finst einkvan med lokal kunnskap i dette området som kan hjelpa meg «rydda opp» i denne huslyden? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Peder Olson Øvrebø, f. {i Luster} 20.3.1847, Peter O. Overboe utvandra til Amerika i 1869 og gifte seg første gongen i Sioux City, Ia. 17.5.1876 med Christina Nilsdotter frå Fuglesteg, i Amerika kjend som Christine Solfestson. Ho var f. i Luster 4.12.1853, men utvandra til Amerika med foreldri sine alt i 1858. Peter og Christine slo seg ned som farmarar i Summerhill township, Dixon Co., Nebr. der Christine d. alt 8.4.1881. Peter gifte seg so att i Chickasaw Co., Ia. 14.2.1883 med Gjertrud Marie, kjend som Jane Munson, dotter av gardbrukar Melchior Schjeldrup Monsson frå Vamberg i Jostedalen (1813-1893). Jane var f. i Jostedalen 16.3.1843, men utvandra til Amerika frå Lærdal i 1857. Peter og Jane heldt fram med farmingi i Dixon Co., Nebr. til dei i 1887 flytte til ein farm i Jacksonville township, Chickasaw Co., Ia. Jane d. i New Hampton, Ia. 29.1.1936, medan Peter Overboe d. same staden 12.2.1937. Han fekk i alt tre born, to frå første ekteskapet og eitt frå det andre; dessutan adopterte han og Jane ei lita jente: a. Nilda Gustava Overboe, f. i Dixon Co., Neb. 1.8.1879, d. i Dixon Co., Neb. ##### (tre månader gamal) b. Oscar Nels Overboe, f. i Dixon Co., Neb. ##### (hausten) 1880, d. i Dixon Co., Neb. ##### (våren 1881, fem og ein halv månad gamal) c. Oscar Carl Overboe, f. i Dixon Co., Nebr. 17.11.1885, d. i Dixon Co., Nebr. 17.6.1886. d. Mabel Carina Overboe, adoptivdotteri, var f. i Dakota Co., Nebr. 16.4.1886 og d. i Ft. Dodge, Ia. 13.3.1961. Ho gifte seg i Chickasaw Co., Ia. 29.6.1921 med enkjemannen Thelacious Harold Thorson frå Kragerø ##### (sjekka? - Sannidal?) Han var son av ##### (foreldri? - family tree på ancestry oppgjev som foreldre Ole Hansen Abrahamson (d. 1870) og Berthe Tomine Halvorsdotter - f. Drangedal 1833! - sidan attgift med Erik Thorson!) og f. ##### (fødestad?) 5.10.1865, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1871 ##### (sjekka? - 1872?) og d. i Humboldt, Ia. 6.7.1950. Thelacious var butikkmann («grocery salesman»), og han og Mabel budde i Humboldt, Humboldt Co., Ia. Dei fekk to døtrer i lag. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Alt tidleg på 1980-talet var eg oppteken av å finna lagnadane til dei to brørne, Martinus og Thomas Johannessøner Bringe som «forsvann» til Amerika, men utan hell. No har eg freista på ny, men kjem ikkje nokon veg! Kanskje nokon veit råd? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden, der me òg manglar nokre andre detaljar...: ~~~~~~~~~~~~ Johannes Jacobson Bringe, frå Kvasshilleren under Høyeim, var f. 18.9.1829 og d. som husmann på Bringe 24.11.1903. Han gifte seg 14.4.1862 med Cathrina, kjend som Trina Thomasdotter frå Kvalsøyri under Kvale. Ho var f. 29.7.1835 og d. som husmannsenkje, då busett på Ottum, 4.4.1921. Johannes og Trina budde først ei kort tid som innerstar på Kvalsøyri under Kvale, truleg hjå foreldri hennar, men fekk kring 1871 hand om denne plassen i Haugen under Bringe. Johannes dreiv so lenge som han levde, og sidan heldt Trina fram med plassen so lenge som ho var god til det. Dei vart siste plassfolki i Bringshaugen, for i 1920 vart Haugen utskild frå Bringebøen som bnr. 18 og fråseld (s.d.). Johannes og Trina i Haugen fekk åtte born i lag, men Trina hadde òg ei dotter frå før: 1. Anna Johnsdotter (1858‑1873), dotter av trina og John Knutson frå Bolstadøyri på Voss. ##### (kven var han?) 2. Martinus Johannesson, f. 24.11.1861, Martin Johnson/Bringe(?) utvandra til Amerika i 1885, ##### (lagnaden hans?) 3. Lars Johannesson (1863‑1886), tente på Kvale og d. der, ugift. 4. Thomas Johannesson (1865‑1868). 5. Gjertrud Johannesdotter (1868‑1868). 6. Thomas Johannesson, f. 24.3.1870, Thomas Johnson/Bringe(?) utvandra til Amerika i 1892, ##### (lagnaden hans?) 7. Peder Johannesson (1873‑1876). 8. Anders Johannesson, f. 2.8.1875, Andrew J. Bringe utvandra til Amerika i 1894 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 14.4.1894 med Anna Pedersdotter frå Meljane under Hauge. Ho var f. i Luster 25.5.1871 og utvandra til Amerika i lag med Andrew i 1894. Dei slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis., men Andrew Bringe d. i Crawford Co., Wis. alt 21.1.1909, berre 33 år gamal. Anna gifte seg att i Crawford Co., Wis. 11.12.1913 med Martin A. Erickson, son av husmann Østen Erikson frå Ekrene under Haganes (1847‑1928). Martin var f. i Luster 20.4.1884, men utvandra til Amerika med foreldri sine alt i 1885. Martin og Anna heldt fram som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Anna d. 23.12.1953. Martin Erickson flytte som enkjemann til Viroqua, Vernon Co., Wis. der han d. 28.11.1962. Andrew Bringe fekk fire born med ho Anna, medan ho med Martin Erickson fekk ei dotter, i alt fem born: a. Bent, kjend som Bennie A. Bringe, f. i Luster 8.12.1893, utvandra med foreldri til Amerika i 1894 og d. i Miles City, Mont. 27.9.1956. Bennie gifte seg i Volborg, Mont. 24.7.1936 med enkja Marie Matilda, kjend som Mary Pikkula. Ho var f. i Vaasolani i Finnland 27.3.1874, men utvandra til Amerika i ##### (year of emigration? - names of parents??) og d. i Miles City, Mont. 24.10.1962. Bennie Bringe var i mange år farmar og gruvearbeidar («farmer and miner») i Volborg, Custer Co., Mont., men dei flytte sidan inn til Miles City, Custer Co., Mont. der Bennie var bygningsarbeidar («construction laborer»). Mary og Bennie vart barnlause, men ho hadde fire born frå eit tidlegare ekteskap. b. John A. Bringe, f. i Crawford Co., Wis. 5.4.1896, d. i Crawford Co., Wis. 15.5.1896. c. Julius A. Bringe, f. i Crawford Co., Wis. 10.6.1900, d. i Crawford Co., Wis. 10.9.1900. d. Julia A. Bringe, f. i Crawford Co., Wis. 4.9.1904, d. i Crawford Co., Wis. 12.7.1908. e. Aline Erickson, f. i Crawford Co., Wis. 22.5.1913, d. ##### (place of her death? - Viroqua, WI?) 1.9.1986. Aline var gamleheimsarbeidar («retirement home employee») og budde i Viroqua, Vernon Co., Wis., ugift. 9. Anna Johanna Johannesdotter, f. 20.12.1877, Anna Bringe flytte til Bergen og gifte seg i Domkyrkja 18.10.1924 med enkjemannen ##### (eller var han skild?) Mons Joakim Monsson Mjelde frå ##### (opphavet hans?) Han var son av skomakar Mons Andersson Mjelde ##### (bustad og opphav?) og kona ##### (fullt namn og opphav?) og f. i Hamre ##### (eller i Valestrand?) 4.1.1890. Mons var skomakar, og han og Anna budde i Bergen der Anna d. på eit sjukehus 14.12.1940. Mons Mjelde d. som enkjemann same staden 21.6.1949. Dei var barnlause. ~~~~~~~~~~~~ Eg har forresten alt sendt eit spørsmål til Arkivverket for å sjekka dødsmelødiongi etter Anna Johanna Mjelde frå 1940. Er me heldige, er brørne hennar nemnde der...? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Dette er ei kjempegåte som eg har hatt liggjande i mange år, men som eg aldri har greidd å løysa. Kanskje tidi no er kommi? Anders Einerson Vindedal, fødd i Lærdal 17.10.1826 (son av Einar Andersson og Kirsti Olsdotter), gifte seg i Lærdal 19.6.1853 med Eli Jansdotter Dalsøren, fødd i Luster 4.6.1821 («uekte» dotter av Jan Johannesson og Rannei Knutsdotter). Dei skal eit par år ha butt som husmannsfolk på Grindateigen under Vindedalen, men utvandra til Amerika i 1857. Eg kjenner ikkje til at dei fekk born i Noreg. Yngste søsteri til Anders var: * Christi Einersdotter Vindedal, fødd i Lærdal 25.8.1845, utvandra i 1863 - gifte seg på Spring Prairie, Columbia Co., WI i 1869 med Bertel Martin Monsson frå Lærdal: Marriage Date 1869.10.22 Church Location Spring Prairie, Columbia Co. Groom First Name Bertel Martin Groom Last Name Monsen / Groom Age 41 Groom Birth Place Laerdal Groom Fylke Sogn og Fjordane Groom U.S. Residence Bristol Groom's Father Mons Hansen Groom's Mother Mari Olsdatter Bride First Name Kristi Bride Last Name Enersdatter / Bride Norwegian Name Bride Age 23 Bride Place of Birth Bride Fylke Bride U.S. Residence Bride's Father Ener Andersen Bride's Mother Kersti Olsdtr State Wisconsin County Columbia Co. Eldste barnet deira var fødd same staden året etter: Birth Date 1870-02-17 Age Sex Child's Name Karoline Father's Name Berthel Martin Monsen Mother's Name Kristi Enersdatter Source Spring Prairie County Columbia State Wisconsin Elles hadde ingen av dei søsken som utvandra til Amerika. Er det mogeleg å finna ut noko som helst om lagnadane til Anders og Eli i Amerika? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Christen Olson Flikki, fødd i Luster 17.9.1835, som «uekte» son av Ole Christenson Alme (1810-1877) og Christi Johannesdotter Sage (1807-1875), sidan gift og busett på ein plass under Dalsøyri i Luster, utvandra til Amerika i 1857 (#80): https://media.digitalarkivet.no/view/8403/11 Christen hadde elles ikkje noko med garden Flikki å gjera, so truleg har han berre tent der, eller kanskje voks han opp der? Han nytta Flikki-namnet også då han vart konfirmert i 1850 (#18): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/107 Kan Christen ha vore borgarkrigssoldat? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne karen!
  11. Arne Monsson Eide var fødd i Luster 16.10.1836, som «uekte» son av Mons Jensson Hauge (1817-1854) og Ingeborg Pedersdptter Eide (1815-1896). Denne Arne utvandra til Amerika i 1860, men er ikkje nemnd då skiftet etter m,ori vart slutta i Luster i 1900, so truleg døydde Arne før den tid, men dette kan me aldri vera siklre på... Utvandringstidspunktet høver svært bra med den amerikanske borgarkrigen. Svært mange unge nordmenn verva seg som soldatar, og registeri over borgarkrigssoldatar syner ein einaste person med dette namnet (kopiert frå ancestry): Name: Arne Monson Side: Union Regiment State/Origin: Union Regular Army Regiment: 3rd Regiment, US Cavalry (Regular Army) Company: I Rank Out: Private Film Number: M233 roll 30 Meir kan eg ikkje finna om denne personen, men eg veit det sit ekspertar «der ute», so kanskje kan ein eller annan finna ut meir om denne Arne? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  12. Min oldefar Erik Johansen Melhus reiste til Amerika (Quebec) med skipet Parisian og var framme 21. Juli 1893. I følge passasjerlisten, så reiste han under navnet Erik Johansen. Han bodde mest sannsynlig i St. Paul, men reiste tilbake til Norge en eller annen gang i 1894 eller tidlig i 1895. Er det mulig å finne ut eksakt når han reiste tilbake til Norge?
  13. Denne huslyden låg på teiknebrettet mitt alt i 1984, men eg kom ikkje nokon veg den gongen grunna manglande kjelder. Og dessutan levde borni til langt ut på 1900-talet... Særleg var interessa mi den gongen knytt til Martha Eriksdotter, fødd 1.8.1878, dotteri som Martha Olsdotter hadde før ho vart gift. Denne jenta voks opp som fosterbarn hjå mosteri Anna og utvandra med ho til Amerika i 1889, men sjølv om mosteri og huslyden hennar er godt dekt, ser eg ikkje spor etter Martha nokon stad. Her er huslyden til mosteri Anna: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar om denne huslyden er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #13 (#21) under! Og her følgjer eit oppdatert manuskript for Martha og huslyden hennar: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar om denne huslyden er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #13 (#21) under! Det hadde vore kjempebra om nokon greidde å finna att Martha Eriksdotter i Amerika, men eg er sjølvsagt òg svært takksam for alle gode tips om huslyden på Fjærestad i Balestrand.
  14. Rasmus Sivert Olson Orheim, født på Stårheim i Eid 17.9.1870 http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp14431868&gardpostnr=214&personpostnr=1358&merk=1358#ovre Emigrerte til Amerika i 1892. http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=0206EMIG&gardpostnr=608&merk=608#ovre Der skal han ha blitt gift med en som het Bessie. Noen som finner spor etter dem?
  15. Jeg sliter med å finne ut hvor og når Harald Ingemann Dahl døde.... Det jeg vet om ham er at hans siste bosted var Munkegata 2 i Kristiania 1/12 1923. Finner ham da i kommunetellingen til Kristiania. Ellers så finner jeg ham utvandret flere ganger. Første gang 15/5 1920 hvor han dra med Bergensfjord. https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000001163159 Neste gang er 25/1 1924 med Oscar II linjen.... Fra annet arkiv så sies det hos hans sønn at han dør i 1924..... Dog et lite problem... Kirkebøkene for Gamlebyen kirke er ikke innlevert, og kirkekontoret har vist seg lite villig til å finne ut hvor de er... men, men... Vet ellers greit om hvor han er født, og i folketellingene for 1900 og 1910...
  16. Jan Roger Olsen

    Emigranter over Trondheim

    Hei! Når jeg leter etter emigrantprotokoller så finner jeg kun protokollen for 1926 til 1930 når jeg leter etter emigranter over Trondheim. Vet noen hva som har skjedd, eller hvordan jeg finner protokollene som viser tidligere emigranter? Det er godt mulig at jeg gjør noe totalt feil her. På foorhånd takk for hjelpen! Vennlig hilsen Jan Roger Olsen Bodø
  17. Eg etterlyser opplysningar om paret Jens Christian Abrahamsen og Gullæke Marie (Jacobsdtr) Reyersen frå Bergen som frå 1834 til 1839 var gardbrukarar på Rosland, Klepp prgj i Rogaland Paret gifte seg i Klepp 5.6.1831. - Nr.5 s.210 https://www.digitalarkivet.no/kb20070621620075 Eg har funne følgande barn:- - Stine f.11.6.1832 https://www.digitalarkivet.no/kb20070621620020 - Jacob f. 16.12.1833 https://www.digitalarkivet.no/kb20070621620166 død 9.2.1834 - Jacob f. 31.01.1835 https://www.digitalarkivet.no/kb20070621620158 - Abraham f. 12.12.1836 https://www.digitalarkivet.no/kb20070621620179 - Isak f. 05.11.1838 https://www.digitalarkivet.no/kb20070621620197 Faren Jens Christian Abrahamsen døydde på Rosland 8. mai 1839 https://www.digitalarkivet.no/kb20070621620299 I bygdeboka for Klepp står det at enkja Gullække flytte ut av bygda med ungane, men ikkje kvar dei flytte. - Jacob vart konfirmert i Klepp 17.06.1849 https://www.digitalarkivet.no/kb20051212040486 - Abraham konfirmert i Klepp 05.10.1851 https://www.digitalarkivet.no/kb20051212040495 - Isak vart konfirmert i Klepp 03.10.1852, då busett på Skadsem https://www.digitalarkivet.no/kb20051212040498 - Stine har eg ikkje funne korkje konfirmert eller død i Klepp. Den 3, Mai 1855 får Jacob Jensen Skadsem (20) og Isak Jensen Skadsem (16) utflyttingsattest frå soknepresten i Klepp for å reise til Amerika, https://www.digitalarkivet.no/kb20051212041028 dette trur eg må være sønene til Jens Christian og Gullække (jfr. konfirmasjonen til Isak) Er det nokon som har utfyllande opplysningar til denne familien?
  18. Hei, jeg trenger hjelp Min tippoldemor: Nilia Dahl født Olsen født i Arendal 09.02.1933 død i Oslo 18.04.1918. Hun giftet seg i Arendal 16.12.1853 med Carl August Dahl f 26.08.1829. Han var visst fra Oslo. De flyttet til Oslo ca 1865 og bodde da sammen i Øvre Torvegade. De fikk 5 barn som vokste opp. I 1885 bodde Nilia fremdeles i Oslo, men da som svigermoder hos sin eldste datter Jørgine Sofie Thorbjørnsen i Sofiesgate 17. Ved folketelling i 1910 bodde Nilia i Hallinggaten 2 i Oslo hun stod som gift og enslig logrende. Det kan se ut som mannen da var i live. Ved folketellingen per 01.02.1014 bodde Nilia i Pilestredet 41 B og da var hun registrert som enke. For meg ser det ut som Carl August Dahl har reist fra henne/familien en gang i årene mellom 1865 og 1885. Det jeg vet er at han døde i USA. To av hans barn Christopher August Dahl f ca 1858 og Marie Dahl f ca 1866 reiste etter ham til USA. Vi har et bilde av ham tatt av fotograf H A Feiker i 329 Grove Street i Milwaukee. Det jeg trenger hjelp til å finne ut av er: Når reiste Carl August Dahl til USA? Hvor slo han seg ned i USA? Hva drev han med i USA? Kom han tilbake til Norge? Når/hvor døde han? Hvor er han begravet? På forhånd takk for hjelpen. Mvh Terje Hauff
  19. Denne utvandringi har vore drøfta før, sjå: https://forum.arkivverket.no/topic/215657-antonette-gulbrandsdotter-fødd-på-ringsaker-kring-1862-til-amerika-i-1880-åri-gift-i-canton-sd-1887-kven-var-ho/?page=2&tab=comments#comment-1817801 men ingen sikre spor er so langt komne til rette når det utvandringi hennar, som må ha finne stad på 1880-talet. Følgjande utvandringsår er nemde i ymse kjelder: * FT1900 oppgjev fødsli hennar til Sep. 1862 og utvandringsår 1885 * FT1910 oppgjev fødsli hennar til 1862-1863 og utvandringsår 1885 * FT1920 oppgjev fødsli hennar til 1862 og utvandringsår ukjent * FT1930 oppgjev fødsli hennar til 1862-1863 og utvandringsår 1895(!) * Dødsattesten hennar frå 30.11.1950 oppgjev fødselsdato 23.9.1861, og nekrologen seier ho utvandra i 1880! Eg hadde vorte kjempeglad om nokon greier løysa løysa denne og takkar på ny for alle gode tips!
  20. Knut er født på Skrede i Nordfjord (Hornindal) 7.7.1881. Han meldte utflytting til Amerika første gang i 1901 https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000017339 og dro for andre gang i 1910 https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000017466 Han skal ha hatt en gård i Wisconsin og var gift med en Mary med røtter til Sogn i følge "Ålandsboka". Noen som finner mer om ham i Amerika?
  21. Steffen Andreas Olai Myroldhaug var født på Myroldhaug i Eid i 1879. https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003607188 Han var gardist i 1900 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037045014225 og han emigrerte til Amerika i 1904. https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000706851 Siden har vi ikke sett noe til ham. Noen som kan finne ham?
  22. Olaf Oftedahl var trolig eneste barnet til seilmaker Henrik Johan Oftedal og hans hustru Marie Benedicte Johannesen. Olaf var født 7. November 1886 i Stavanger og døpt 26.12.1886 i Johanneskirken. Hans far var født i Stavanger ca 1852 og død før 1891 (finner ham ikke i folketellingen). Hans mor var født 17. desember 1851 ifølge folketellingen i 1910. Samme folketelling forteller at hun da bor i Normannsgaten 21 samme med sine foreldre og sin sønn Olaf som er sjømann og som under tellingen oppholder seg i Amerika. Det er livet i Amerika, eventuell familie der som jeg undres på! Jeg har notert ned dette, men er ikke sikker på om det er rett Olaf, eller....... "Første gang han kom til Ellis Island i NY var 15. november 1903. Da var han 17 år og skal til sin onkel, Ole Larsen og hadde 5 dollar med seg. Han kom fra Southampton og onkelen bor i Sixt Avenue Brooklyn. Onkel Ole er amerikansk statsborger. Han ankom New York 5. juli 1907. 26.2.1916 ble han amerikansk statsborger. Han er brannmann på skip og har tatoveringer på begge hender. Han bor da i 15 th Steward Streeet, Seattle. Han ankom Amerika via Southampton i England på skipet MAJESTIC" Hvem kan onkel Ole Larsen være, undret jeg? Mors søster, Laura f. 1857 er gift med Ole Johannes Larsen, f. 1852 på Tananger. Men ifølge folketellinger og adressebøker bor de i Normannsgaten 21 både i 1910 og fram til 1918. Jeg finner Olaf Oftedahl ulike steder i Amerika, men klarer ikke å verifisere hvem som kan være riktig. Ellers reiste mors søster, Malene Larsen, f 16.09.1860 til Amerika mellom 1885 og 1895. Hun giftet seg med Ole Teodor Olsen i Brooklyn 15.06.1895 og de bor i Brooklyn resten av deres liv. Er det noen som har tid og anledning til å hjelpe meg her? mvh Bente Borgen
  23. Bjarne Lysberg

    Ida Moa i Amerika

    Ida Moa født 1888 i Grong emigrerte til Amerika i 1905. Hun kom tilbake i 1912. Bortsett fra ankomst på Ellis Island, og at hun fikk en datter finner jeg ingen ting om hennes opphold i Amerika. Noen som kan hjelpe?
  24. Østen Larsson Hauge (1831-1886) var barnefødd i Luster, men gifte seg i Bergen i 1858 med Christina Olsdotter frå Morland i Sund (1834-1905). Østen var fargar, og parf9lket busette seg på garden Steien i Fjaler. Dei fekk ti born i lag; mellom dei var tre søner som utvandra til Amerika, Alfred Hauge (1865-1927) og Martin Hauge (1871-1953) som båe busette seg i Neillsville, Clark Co., WI, og so denne sonen: Sigvald Østenson Hauge, fødd i Fjaler 27.2.1877, utvandra til Amerika i 1893 FT1910 syner Siguel Hauge som ugift lumber mill laborer i Laclede precinct, Bonner Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV7-VH6 FT1920 syner Sigel Honge som ugift bridge carpenter i Spokane, Spaokane Co., WA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRXK-QJ2 Då broren Alfred døydde i 1927, vert det sagt at broren «Sigwall Hauge» budde i Idaho! Er det mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til Sigvald i Amerika? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  25. Arnstein Rønning

    Gjone i Hedrum

    Anette (Agnete) Katrine Gjone født 1863/64 i Hedrum. I 1900 er hun i Kristiania, kalt Agnete Johne f 1863 Hedrum. Hun er enke og har et barn Dorothea Marie Johne f 26.7.1900 Kristiania https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037045033242 Anette Katrine Gjone drar til Wisconsin fra Kristiania i 1902. Det står at hun er 38 år, enke og bosted Hedrum. https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000001062260 Jeg leter etter fødselen hennes i Hedrum og barnets fødsel (og barnets far) i Kristiania. Jeg hjelper en DNA-match i Amerika (hun har kontroll på det som skjedde i Amerika)..
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.