Search the Community
Showing results for tags 'amerika'.
-
Påskeaftens siste påskenøtt er ei oppfølgjing av nøtt #8 og handlar om bestemor til Josefine Holm Høyum, fødd i Luster i 1793 og gift to gongar i Bergen. Dødsmeldingi hennar frå 1873 seier at ho let etter seg seks born, av dei tre i Amerika, og eg har alt skrive til Statsarkivet i Bergen og bede dei sjekka om det finst skifte etter Anna og andre mannen Mons! Dette er ein huslyd som eg samla opplysningar om tidleg på 1980-talet, men det er først no at eg har greidd å komma eit litestykke på veg... Eine dotteri Larsine Christine har eg finne att i Chicago, IL i 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYB7-9CZY?i=49&cc=1417683 Kanskje har fleire av dei utvandra dit...? Utfordringi er todelt, først Anna med borni hennar og so yngste dotteri med mann hennar og deira born... Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne utfordrande huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Anna Haaversdotter {Forthun}, vart døypt {i Luster} 24.3.1793. Anna Haaversdotter flytte i ung alder til Bergen der ho gifte seg første gongen i Domkyrkja 1.8.1819 med Holger Johannesson Holm frå ##### (opphavet hans? – kan det vera han som i 1804 gjekk i reipslagarlære i Bergen? – 26 år gamal og fødd på Stord? – i so fall Holger Christian Johannesson, døypt Stord 31.5.1778 – far: Johannes Spillemansnæset!?) Han var son av ##### (foreldri hans?) og f. ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – kring 1777!) Holger var bakarsvein i Bergen, og han og Anna budde i Kjellersmuget der Holger d. 2.6.1828. Anna gifte seg 16.5.1830 att i Krosskyrkja i Bergen med Mons Larsson frå Guldbrå på Voss, i Bergen kjend som Mons Espeland. Han var son av gardbrukar Lars Ingebrigtson på Guldbrå, opphavleg frå ##### (opphavet hans? – f. 1768?) og kona Torborg Andersdotter frå ##### (oppyhavet hennar? – 1774?) og vart døypt på Voss 14.10.1798. Mons var sk0makar, pg han og Anna budde på Engen i Bergen der Anna d. 3.3.1873. Mons Espeland d. same staden 2.2.1880. Me kjenner til seks born etter Anna, tre frå første ekteskapet og to frå det andre. Dessutan hadde ho ein son frå før: ##### (NB: 1873: ho etterlet seks born, tre av dei i Amerika!) a. Annanias Nilsson, son av Anna og ein «bortreist matros» Nils Wang, var f. i Bergen 23.2.1817. ##### (vart dels oppalen hjå bestemori i Luster, men flytte i 1847 til Nordland – lagnaden hans?) b. Johannes Holgerson Holm, f. i Bergen 15.10.1819, d. som skreddarsvein i Bergen 20.11.1882. Han gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 19.6.1842 med Martine Malene Monsdotter (Bjørvigen) frå Bergen, f. i Bergen 18.5.1821. Ho d. aom enkje i Bergen 16.1.1892. Johannes Holm var skreddarsvein, og han og Martine budde i Bergen. Dei fekk to døtrer i lag. ##### (borni: * Holgine Matilde, f. KK, Bergen 7.3.1840 – d. 23.4.1910 Bergen – gift Methlie * Dina gift med cigarfabrikant Hagen i København – dotter Laura Hagen, f. Christiania 1861) c. Endre Olai, kjend som Olai Holgerson Holm, f. i Bergen 18.8.1822, d. som skreddarsvein og enkjemann i Bergen 28.6.1899. Olai gifte seg i Domkyrkja i Bergen 16.7.1843 med Marie Pauline Nilsdotter (Østreim) frå Bergen, f. i Bergen 3.12.1816. Ho d. i Bergen 1.9.1885. Olai Holm var skreddarsvein, og han og Marie budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk ni born i lag, mellom anna denne dotteri: - Josefine Olaisdotter Holm (1858-1911), vart gift med slaktar Anders Pederson frå Sva under Høyeim i Luster (1853-1924) (s.d.). d. Berthe Tobine Holgersdotter Johannessen, f. i Bergen 29.1.1829, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Berthe gifte seg i Domkyrkja i Bergen 29.12.1850 med enkjemannen Christian Larsson frå ##### (opphav? – f. Sverige 1815 – far Lars Dunder!) ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Christian var skreddarsvein, og han og Berthe budde i Bergen ##### (lagnad? – Amerika?) ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.: * Christian Petrus, f. DK, Bergen 22.9.1851 – d. før dåpen * Berte Tobine, f. DK, Bergen 23.10.1853) e. Larsine Christine Monsdotter Espeland, f. i Bergen 12.5.1834, gifte seg i Domkyrkja i Bergen 13.8.1854 med Bertel Andreassen frå Bergen, f. i Bergen 5.5.1830. Bertel var skomakarsvein, og han og Larsine budde i Bergen til dei i ##### (year of emigration? – about 1862!?) utcvandra til Amerika. Me finn dei att under namni Berthold og Christine Andersen i Chicago, Cook Co., Ill. der Berthold heldt fram som skomakar («shoemaker»). ##### (date and place of his death? – after 1880! – maybe Jan. 1, 1884 Bartel Anderson?) Christine Anderson d. i Chicago, Ill. 3.10.1911. ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.: * Mons Andreassen, f. DK, Bergen 29.9.1854 * Bertine Christine, f. DK, Bergen 28.2.1857 * Elofine Jandine, f. NK, Bergen 6.7.1860 * Anthony, f. Illinois 1864 – n. 1880) f. Monsine Andrine Monsdotter Espeland (1836- ), vart gift med snikkararbeidar Hermund Johannesson frå Joranger nedre i Hafslo (1829- ) (s.d.). ~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ 3. Hermund Johannesson {Jordanger}, f. {i Hafslo} 15.4.1829, Herman Johannessen Jordanger flytte i 1851 til Bergen og gifte seg der 24.9.1854 med Monsina Andrine Monsdotter Espeland, ei dotter av husmannsdotteri Anna Haaversdotter frå Lovolden under Fortun i Luster (1793-1873). Monsina var f. i Bergen 18.5.1836. Herman var nokre år yrkessoldat og sidan snikkararbeidar, men utvandra visstnok til Amerika i 1861. ##### (destiny in America? – home on visit in 1887 – then called Herman Johnson!) Monsina vart derimot buande i Bergen der ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – eller reiste ho òg over??) Herman og Monsina fekk fire born i lag: a. Gurine Johanne Monsine, kjend som Johanne Hermansen, f. i Bergen 14.6.1855, voks opp som fosterdotter hjå besteforeldri sine, men utvandra til Amerika i 1871, ##### (destiny in America? – called Johanna Gurine in 1865!) b. Mons Julius Hermansen, f. i Bergen 4.6.1857, voks opp som fosterbarn hjå ein gardbrukar på Dyngeland i Fana, men d. som fattiglem på sjukehuset i Bergen 20.10.1873. c. Andrine Marie, kjend som Marie Randine Joranger, f. i Bergen 1.8.1859, voks opp som fosterdotter hjå Lars Einerson frå Motræ under Mo (1830-1915), utvandra frå Bergen til Amerika i 1883, ##### (destiny in America?) d. Herman Johannes Hermansen, f. i Bergen 22.11.1861, voks liksom eldste søsteri opp som fosterson hjå besteforeldri i Bergen. Han var i 1875 kalla seilmakerdreng og vart sidan sjømann. ##### (kalla Johannessen i 1865 – lagnaden hans?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ønskjer fortsatt God Påske!!
-
FT1865 for husmannsplassen Hullet under Hestekinn i Bruflat sokn i Sør-Aurdal, Valdres syner denne huslyden http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0540&kenr=009&bnr=0016&lnr=000 Nils Erikson 1829 Sør-Aurdal Gjertrud Sørensdotter 1831 Sør-Aurdal Berte Nilsdotter 1857 Sør-Aurdal Erik Nilsson 1858 Sør-Aurdal Kristine Nilsdotter 1861 Sør-Aurdal Søren Nilsson 1864 Sør-Aurdal I kyrkjeboki for Sør-Aurdal, som børjar i 1866, finn eg eit barn til: Knut Nilsson, fødd 18.5.1867: https://media.digitalarkivet.no/view/1527/17 Gjertrud Sørensdotter må vel vera denne jenta som 13.1.1831 er fødd i Granumseiget: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003398970 Nils Erikson er kan henda denne guten som 15.7.1828 er fødd i Nordre Hestekindseiget: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003397692 eller han som 15.7.1829 er fødd i Langedalseiget: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003398298 Men problemi er: * Eg finn ikkje kyrkjebøker som dekker Bruflat sokn frå 1850-åri og fram til 1866 og då heller ikkje vigsli til Nils Erikson og Gjertrud Sørensdotter!? * Og eg finn ikkje dåpen til sonen Søren, som frå Amerika er oppgjeven fødd 15.6.1865!? * Og eg finn ikkje utvandringi deira til Amerika, som skal ha skjedd i 1868? Er det nokon med lokal kunnskap i Sør-Aurdal eller med tilgjenge til ei bygdebok for Bruflat, som kan klara opp i dette for meg? Eg ville òg vera interessert i å få greie på: * Kva husmannsplassar under Granum og Nordre Hestekinn, eventuelt under Langedal, Gjertrud og Nils hadde opphavi deira ifrå? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
- 9 replies
-
- bruflat
- sør-aurdal
-
(and 1 more)
Tagged with:
-
Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i mange år, men som eg aldri har greidd å komma nokon veg med. I kveld er eg endeleg komen eit stykke på veg! Eg attgjev eit oppdatert manuskript for husmannsplassen Moseng under garden Josvanger i Hafslo: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #3 under! Her ser me John Roum etter ankomsten til Pope Co., MN i 1885: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DWPS-1L9 Her er John «single» i 1910 på eit «insane asylum» i Orofino precinct, Nez Perce Co., ID: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RKS-24V Her er Anna Roum som enkje i 1940 i Spokane, WA med mellom anna dotter Margaret Christie: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9M1-Q84R Og gravi til Anna Raaum (1848-1944) i Spokane, WA: https://billiongraves.com/grave/person/4000841 Og her er dødsfallet til dotteri Margaret Christie i Spokane, WA: Age 97 Given Name Margaret Surname Christie Birth Date 21 Nov 1872 State Washington Last Place of Residence Spokane, Washington Previous Residence Postal Code 99203 Event Date 15 Jul 1969 Margaret og Thomas Christie i Troy, ID 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DYW9-KP1 Margaret og Thomas Christie i Troy, ID 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRV7-LYY Margaret og Thomas Christie i Troy, ID 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6W-SD Margaret og Thomas Christie i Spokane, WA 1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRZB-K67 Første gongen Anna dukker opp er i FT1920 då ho som enkje budde hjå dotteri i Troy, ID. Men den store utfordringi her er heilt klart å finna att John og Anna fram til 1920! ** Kvar var dei i 1900? ** Kvar var Anna i 1910? ** Kvar vart det av John etter 1910? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
-
Lars Larsson Næss, son av Lars Erikson (1796-1895) og Johanna Ellefsdotter (1796-1850), plassfolk på Vadplassen under garden Nes i Luster, var fødd i Luster 29.7.1839. Lars utvandra i 1857 til Amerika (#37): https://media.digitalarkivet.no/view/8403/9 Let det seg gjera finna lagnaden hans i Amerika? Eg ser berre ein «brukberr» «kandidat» i FT1900, Lewis Larson fødd i Noreg i juli 1839 og utvandra i 1856 - farmar i Mehurin township, Lac qui parle Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6SS9-K6L?i=3&cc=1325221 Her er huslyden i FT1880 i Otranto townbship, Mitchell Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBW-SQD?cc=1417683 Her er gravstøtta hans med namn Lewis Eric Larsen og fødselsdato 25.7.1839: https://www.findagrave.com/memorial/147832957 Gravi til den engelske kona hans: https://www.findagrave.com/memorial/147832190 Og dei har til og med ei dotter Johanna, oppkalla etter mor hans? https://www.findagrave.com/memorial/147805910 Og eg ser av FT1880 over at dei til og med har ein son Ellef - oppkalling etter morfar i Luster? MEN, og det er eit STORT MEN: Det er fleire family trees på ancestry.com, og dei påstår hårdnakka at Lars «Lewis» skal vera fødd i BERGEN som son av Lars Mikkelson, d. på Spjutøy i Masfjorden i 1855! https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/36008607/person/20378753398/facts EG TRUR at denne Lewis Larson er eit kjempegodt alternativ til «vår» Lars Larson, men korleis kan me prova det?? Kanskje nokon kan finna ein OBITUARY for Lewis i Madison, MN etter 29.8.1906? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Christian Johannesson Næss, fødd i Luster 8.7.1855 av foreldri, husmann Johannes Johnson på plassen Pikhaug under Nes (1821-1909) og kona Sigrid Larsdotter frå Rønningen på Tynset (1822-1913), fekk flytteattest for å utvandra i 1882, men passasjerlista frå Bergen syner at han ikkje reiste over før i april 1883: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=13957&merk=13957#ovre Eg har so langt ikkje greidd å finna spor etter Christian i Amerika, og no vonar eg at nokon kan hjelpa meg? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Marit og Anne Pedersdotter fra Lom til Amerika
Torø Anita Ringebo-Roen posted a topic in Users' own forum
tar opp igjen dette emnet. Hva skjedde med Marit og Anne i Amerika -
Johanna Pedersdotter Høyum var fødd i Luster 11.3.1859 som dotter av Peder Ellefson (1810-1882) og kona Martha Torgersdotter, husmannsfolk på plassen Sva under garden Høyeim i Luster. Johanna utvandra til Amerika i 1882, og einaste gongen me finn ho nemnd i våre kjelder, er i 1924 då eldste søsteri Andrea Pedersdotter (1840-1924) døydde barnlaus på garden Bjørk i Jostedalen. Det vert då sagt at ingen visste noko som helst om lagnaden hennar i Amerika! Ei anna søster Anna Pedersdotter (1841-1900), utvandra til Amerika i 1867 og gifte seg året etter med Gjert Olson frå Målsnes i Vik (1828-1897). Dei farma i Freeman township, Crawford Co., WI og fekk ni born, men då eg hadde kontakt med den huslyden kring 1980, var det ingen av dei heller som visste noko om lagnaden til Johanna! Om ein søkjer FT1900 hjå ancestry.com for Johanna/Hannah fødd i Noreg i mars 1859 pluss/minus 2 år og utvandra 1882 pluss/minus 2 år, får me om lag 10 treff, men ingen av dei «jump out at me»... So no er Brukarforum siste voni mi! Er det nokon som kan greia å løysa denne kjempeutfordringi, ville eg verta svært so glad! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dagens påskenøtt tek oss til Amerika - og attende - for so på ny å «forsvinna»! Det er mange år sidan eg jobba med denne saki, og eg greidde aldri å komma «til botn». Kanskje tidi no er komi? Eg saksar frå manuskriptet mitt, husmannsplassen Skogane under garden Høyeim i Luster: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Ole Olson Svangstu, opphavleg frå Øyane under Svangstu, var f. i Luster 1.10.1832 og gifte seg ##### (date and place of their marriage? – in the United States!! – about 1862-1865?) med Christenca Olsdotter frå Yttreland under Hæri, f. i Luster 12.11.1831. Ole og Christenca Olson ##### (name used in America?) utvandra båe til Amerika i 1862, og ##### (occupation and place of their residence?) Kring 1880 flytte Ole og Christenca Svangstu attende til Luster, og det ser ut til at det var dei som på same tidi rydda plassen i Skogane under Høyeim. Christenca Svangstu d. her som husmannskone 16.11.1889, men Ole dreiv plassen vidare til kring 1892. Ole Olson Svangstu flytte kring 1892 på ny frå Luster, ##### (den seinare lagnaden hans?) ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Me kjenner ikkje til born etter Ole og Christenca i Skogane. ##### (sjekka om dette stemmer? – born i Amerika?) ~~~~~~~~~~~~~~~~ Lat meg leggja til at foreldri til Ole Olson heitte Ole Andersson og Mari Ingebrigtsdotter, medan foreldri til Christenca heitte Ole Olson og Ragnhild Torkildsdotter. Ingen av dei hadde søsken som utvandra til Amerika og som kan tipsa oss om kvar i Amerika Ole og Christenca budde, men eg har finne ei vigsle som ser litt mistenkjeleg ut: ~~~~~~~~~~~ Name Ole Olson Event Type Marriage Event Date 27 Sep 1862 Event Place Cross Plains, Dane, Wisconsin, United States Gender Male Race White Birthplace Norway Father's Name Andrew Olson Mother's Name Mary Olson Spouse's Name Christiana Oleson Spouse's Gender Female Spouse's Race White Spouse's Father's Name Ole Oleson Spouse's Mother's Name Christiana Oleson ~~~~~~~~~~~ Det høver godt at dei kan ha gift seg straks dei kom fram til Amerika, men namni på foreldri passar liksom ikkje heilt... Eg står fullstendig «bom fast» med denne utfdordringi og takkar so mykje på førehand for alle gode tips! God Påske!
-
Dagens påskenøtt gjeld ein huslyd på garden Lingjerde i Luster som eg vil kalla for «Asbjørnsfolket». Asbjørn Andersson Lindgjerde (1785-1849) var gardbrukar på Lingjerde nedre i Luster. Han gifte seg i Luster 16.7.1812 med Anna Marie Davidsdotter Svabo frå Kroken i Luster, døypt i Luster 25.8.1793. I 1854 utvandra Anna Marie som enkje til Amerika i lag med to av borni sine, John og Gjertrud, samt ei svigerdotter og ein dotterson (sjå #18): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/220 Born i denne huslyden var: * Andrea Asbjørnsdotter (1813-1900), utvandra til Amerika i 1849 og gifte seg i Dane Co., WI 1852 med Thomas Torstenson Seim frå Årdal alias Thomas Tosten (1827-1911). Dei farma mange år i Iowa Co., WI, men flytte på 1870-talet til Broadwater Co., MT. Denne ætti har eg so nokolunde oversyn over frå før. * Zakarias Asbjørnson (1815-1841) tok over heimebruket på Lingjerde, men døydde tidleg, og i 1849 utvandra enkja med tre søner til Amerika. Dei budde først i Wisconsin og frå 1860-åri i Fillmore Co., MN og skreiv seg for Zackariason eller Sachariason. Denne ætti har eg òg bra oversyn over, men lagnaden til ein av sønene hans vil eg ta opp som eige emne! * Anders Asbjørnson, fødd i Luster 23.5.1818, fekk i 1850 attest for å flytta til «Nordland», men kom nok attende derifrå, for i 1861 fekk han som ungkar ny attest for å utvandra til Amerika (sjå #258): https://media.digitalarkivet.no/view/8402/220 * Gjertrud Asbjørnsdotter, fødd i Luster 21.11.1821, utvandra med mor si (og rimelegvis ogso sonen) til Amerika i 1854 (sjå #19): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/220 ** Andreas Knutson, son av Gjertrud og Knut Olson Lahd, var fødd i Hafslo 27.2.1852 og utvandra truleg òg med mor si i 1854(?). * John Asbjørnson, fødd i Luster 7.8.1824, gifte seg i Luster 10.4.1854 med Kari Thomasdotter, fødd i Luster 28.2.1835. Desse to utvandra òg i lag med mori hans i 1854 (sjå #17): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/220 * Maren Asbjørnsdotter (1827-1914) var gift med gardbrukar Gulbrand Olson Bolstad (1818-1886) og budde på Bolstad i Luster. * David Asbjørnson (1830-1909), kan ha utvandra til Amerika i 1853, men busette seg sidan i Tromsø, sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/203058-david-asbjørnsen-lingjerde-1830-1909-luster-amerika-tromsø-huslyden-hans/ Frå eit skifte i Luster frå 1860 veit me at Kari Thomasdotter, kona til John Asbjørnson, døydde i Amerika før 1860 utan å etterlata seg born, og ein grandnevø av Kari i Amerika er overtydd om at Kari døydde i ein kolera-epidemi som herja det nordlege Wisconsin sommaren eller hausten i 1854, men noko sikkert prov på dette har me ikkje greidd å finna! Dersom so er tilfelle, kan også mann hennar og mori samt svigerinna Gjertrud Asbjørnsdotter og son hennar ha sett livet til på same tid...? MEN, om ein slik epidemi råka denne landsdelen i 1854, vil vel det òg vera nemnd i lokale AVISER frå den tidi?? Uansett, det som er den kjempestore utfordringi her, er å finna: ** Lagnadane i Amerika til Anna Marie Davidsdotter (utv. 1854), Anders Asbjørnson (utv. 1861), Gjertrud Asbjørnsdotter (med son) (utv. 1854) og John Asbjørnson (med kone) (utv. 1854)! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ønskjer framleis God Påske!
-
Gardbrukar Christopher Andersson (1806-1896) og kona Gjertrud Sørensdotter (1814-1871) på garden Mørkrid i Luster fekk fem born i lag; fire av dei var: * Anders alias Andrew Christopherson (1837-1912) - utvandra til Amerika i 1862 og farma i Vernon Co., WI * Søren Christopherson Mørkrid (1839-1875) - tok over heimebruket, var gift, men døydde barnlaus. * Metta Kirstina alias Kirstina Christophersdotter (1842-1897) - gifte seg med gardbrukar Hans Schjeldrup Otteson Fjøsne (1832-1909) og var frå kring 1877 gardbrukarar på Austreim i Vågå, Gudbrandsdalen. * Ingvald alias Ingwald Morkri (1845-1937) - utvandra til Amerika i 1870 og farma i Crawford Co., WI Femte barnet var denne sonen: * Johannes Christopherson, fødd i Luster 19.11.1840. Han vart konfirmert i Luster i 1856 (#38): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/129 Eg finn ikkje Johannes korkje gift eller avliden i Luster, so då er spørsmålet kort og godt: * Kvar i all verdi vart det av han? Følgde han broren Anders til Amerika eller kanskje flytte han til Gudbrandsdalen der søsteri budde og der også faren budde dei siste leveåri sine? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! God Påske!
-
Martha Eriksdotter Høgi var fødd i Hafslo 18.6.1831 som dotter av gardbrukar Erik Iverson og kona Kirsti Nilsdotter på garden Høgi i Hafslo: https://media.digitalarkivet.no/view/11456/68 I 1847 flytte huslyden til Nordland, og me veit dei budde ei tid på Bardo i Troms, men kring 1860 busette dei seg i Knøsesmuget i Bergen. Her er dei i FT1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038249008462 Her er dei i FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295011314 I 1865 hadde dei buande hjå seg dotteri MAREN, 33 år gamal, men ho er sagt vera «gift» og neste person i huslyden, Hans Knudsen, var gift med dotteri KAREN, fødd i 1829! Truleg er Maren ei feiltolking, noko som eg meiner går fram av originalen: https://media.digitalarkivet.no/view/38249/1594?indexing= Erik og Kirsti fekk i alt sju born, men ein son døydde kort etter fødsli, medan ein annan son miste livet i ein storm utanfor Gamvik i Finnmark i 1869. Han var gift og let etter seg ei dotter. Fire av dei fem resterande borni har eg kontroll på, Karen, Kirsti og Iver i Bergen og Gjertrud i Davik (Nordfjord). Kirsti Høgi døydde i Bergen 23.12.1879, og dødsmeldingi hennar fortel at ho let etter seg enkjemannen ERrik og «5 myndige Børn hvoraf 2 fraværende»: https://media.digitalarkivet.no/view/27886/24 Erik Høgi døydde i Bergen 20.5.1881, og dødsmeldingi hans fortel oss at han let etter seg «5 Børn der alle ere myndige»: https://media.digitalarkivet.no/view/27886/53 Den som manglar, er dotteri Martha. Eg har leitt «høgt og lågt» etter denne jenta, men greier berre ikkje finna ho! Ho er ganske sikkert eitt av dei to «fråverande» borni frå 1879! Eg finn ikkje spor etter ho korkje i FT1865 eller i FT1875 - kan ho ha utvandra til Amerika frå Bardo? NB: redigert - eg fann ho gift i Tromsø - sjå innlegg #2 Eg ville setja kjempestor pris på om nokon kan hjelpa meg finna lagnaden til Martha og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Jeg synes det er vanskelig å finne folk i Amerika og blir veldig glad for litt hjelp... Carl Bernhard Andreas er født i Stavanger 07.07.1858. I 1875 er han jungmann og så forsvinner han for meg. Foreldrene hans er Tarald Taraldsen Gramstad 181 - 1880, og Grete Helene Andreasdatter 1828 - 1877. Kan det være denne Carl A. Taraldsen som fikk amerikansk statsborgerskap i Winnebago City, Illinois 22.05.1888 ? Og hvordan kan jeg finne ut noe mer om han ? Mvh Bente Borgen
-
Dette er ein skikkeleg «utfordrande» huslyd, som eg i årevis har slite med å finna ut av! Utgongspunktet er denne huslyden frå FT1900 for Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335054638 Eg attgjev eit utdrag av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Johannes Hermundson Marifjæren, opphavleg frå ein plass i Marifjøra under Mareim i Hafslo, var f. i Hafslo 7.11.1858 og gifte seg i Fana 20.9.1883 med Samuelina Petrine Marie, kjend som Lina Olsdotter Moen frå Myklebostad i Eid. ##### (sjekka at ho voks opp der?) Ho var dotter av husmann og handelsmann Ole Østen Andersson Moen på ##### (bustaden? – ein plass under Myklebostad?) opphavleg frå Moen ##### (er det gard eller plass?) og kona Pernilla Margrethe Knutsdotter frå Osnes og f. i Eid 12.2.1860. Johannes Hermansen flytte i ung alder til Bergen, medan Lina flytte dit i 1876. Johannes var ei tid fabrikkarbeidar på Hop i Fana, men parfolket flytte i 1890-åri på ny til Bergen der Johannes livnærte seg som sjømann. Dei budde mellom anna i Haakonsgaten, men kort etter hundreårsskiftet ##### (kan utvandringsåret hans finnast?) reiste Johannes frå kona si til Amerika. Han busette seg i Madelia, Watonwan Co., Minn. der han arbeidde som målar («painter»). Lina Hermansen vart buande ei tid i Bergen og styrte mellom anna ein kafé på Engen, men flytte visstnok attende til Eid kort tid før ho i 1915 utvandra med dotteri Magdalene til Amerika. Ho skreiv seg ogso i Amerika for Lena Hermansen og budde visstnok for det meste i lag med denne dotteri, mellom anna i Brooklyn, Kings Co., N.Y. og visstnok òg i Kittery, York Co., Me., men flytte sidan til Portsmouth, Va. der Lena d. ##### (date of Lena Hermansen’s death? – presumably in 1930!!?) I 1910 kom Johannes Marifjæren heim til Noreg på vitjing. Han fór i 1911 på ny til Amerika, men kring 1913 vende han for godt attende til heimbygdi. Han busette seg truleg på same tidi i stova her i Hagen under Sande som då stod tom. Her budde han som rentenist til han kring 1920 flytte inn hjå søsteri Ingeborg på Ekrene under Meleim i Hafslo der han d. 9.9.1925. Johannes og Lina fekk seks born i lag: 1. Johan Fredrik Henning Johannesson Hermansen, f. i Fana 31.3.1884, d. i Fana 26.7.1884. 2. Magdalena Johannesdotter Hermansen, f. i Fana 21.5.1885, Magdalena Hermansen arbeidde ei tid som guvernante i Bergen, men utvandra med mori til Amerika i 1915. Ho reiste då òg til Brooklyn, N.Y., men flytte snart vidare til Kittery, York Co., Me. der ho 16.9.1916 gifte seg med Robert Bruce Miller, f. i Cerro Gordo Co., Ia. 21.1.1886. Robert var marineoffiser («U.S. Navy Officer»), og han og Magdalena budde ##### (place(s) of their residence? – Magdalene 1930 houseowner at 515 Madison Street, Portsmouth, VA! – lived with husband 1940 at Coco Solo Navy Base, Cristobal, Panamà) men flytte i 1945 som pensjonistar til Rosemead, Los Angeles Co., Cal. Robert d. i Long Beach, Cal. 9.6.1957, medan Magdalene B. Miller d. i El Monte, Cal. 28.6.1975. Dei fekk tre born i lag: a. Elizabeth Louise, kjend som Betty Miller, f. i Charleston, S.C. 5.12.1917, d. i Rosemead, Cal. 25.12.2002. ##### (verify death place? – biography needed! – military!? – lived in Rosemead, Los Angeles Co., CA! – still single 1975) b. Robert Byron Miller, f. ##### (exact place of his birth? – NY!) 13.12.1921, miste livet som soldat i Korea-krigen 25.7.1950. ##### (was married to Genevieve A. – info?? – resided San Pedro, CA? - biography?) c. John B. ##### (middle name?) Miller, f. ##### (exact place of his birth? – NY!) 26.11.1927, d. i Liverpool, N.Y. 6.12.2000. ##### (military career? – biography needed!) 3. Hilda Pernille Johannesdotter Hermansen, f. i Fana 17.1.1887, Hilda Hermansen budde i 1900 heime hjå foreldri i Bergen, men utvandra til Amerika i 1907. Ho fór då til skyldfolk i Newman Grove, Madison Co., Nebr., men ##### (1910 census shows her as a single servant, em. 1908, residing with a Norwegian family in Boston, Suffolk Co., MA!) ##### (Hilda shall have died about 1955!!) ##### (biographies needed for her and her children!!) 4. Johan Fredrik Johannesson Hermansen, f. i Fana 6.3.1889, Johan Hermansen budde likeins hjå foreldri i Bergen i 1900, men utvandra til Amerika som dekksgut i 1905. ##### (biography needed! – skipsførar Johan Fredrik Hermansen d. i Bergen 8.9.1953 – skal ha vore gift med Anna Neeven, truleg f. Bergen 14.11.1888 (p: skipsførar Henrik Neeven og Andrea Sørensen), stuepike i Kalvedalsveien bådde i 1912 og i 1922!! – NB: enkja hans i 1953 heitte Aslaug!) Ingen born. 5. Oskar Karl Johannesson Hermansen, tvilling, f. i Fana 7.4.1891, Oskar Hermansen flytte ##### (lagnaden hans? – døydde han i ung alder? – nemnd med foreldri i 1900, men eg trur det kan vera han som i 1900 var på døveskule i Trondheim? - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037426003603) 6. Valborg Samueline Johannesdotter Hermansen, likeins tvilling, f. i Fana 7.4.1891, Vallie Hermansen budde òg i Bergen i 1900 i lag med foreldri, men utvandra til Amerika i 1907 saman med søsteri Hilda til Newman Grove, Madison Co., Nebr. Vallie utdanna seg til sjukepleiar («nurse») og budde ei tid i Chicago, Ill., men gifte seg første gongen i Seattle, Wash. 21.3.1914 med Melvin Edward Throneson, f. ##### (exact date and place of his birth? – Nebraska by Norwegian parents!) 1885. ##### (occupation and places of their residence? – Melvin presumably naval officer!! – 1910 stationed on U.S.S. Albany of San Francisco, CA – 1914: Bremerton, WA – 1915 on 366 Montgomery Street, Brooklyn, NY! – 1917 New Hampshire – 1920: US Navy paymaster Vallejo, Solano Co., CA – 1930: WW veteran San Diego, CA!) men flytte 1921 til San Diego, San Diego Co., Cal. der Melvin d. 10.3.1932. Vallie gifte seg att ##### (date and place of Vallie’s 2nd marriage?) med Walter ##### (middle name?) Roeder. Han var f. ##### (place of his birth? – Illinois! – parents born WI/IL) 28.2.1892. Walter var ##### (his occupation? – 1930: US. Navy Officer Joplin, Jasper Co., MO!! – later naval officer San Diego, CA!) og budde med Vallie i San Diego, San Diego Co., Cal. der han d. 9.3.1963. Vallie Roeder d. i San Diego, Cal. 4.4.1984. Ho fekk ein son, som var frå første ekteskapet: ##### (NB: GedCom suggests five children, including two daus – only one son is listed 1920 and 19e0!) a. Harold K. ##### (middle name?) Throneson, f. ##### (place of his birth? – New Hampshire!!) N.H. 8.2.1917, d. ##### (place of his death? – Del Mar, San Diego Co., CA?) 1.5.2000. Harold gifte seg i San Diego, Cal. 8.2.1953 med Marjorie Joyce Remington, f. Livesey, f. i Windham Co., Conn. 11.6.1917. Ho d. i Del Mar, Cal. 22.9.2003. ##### (US Navy! – Marjorie had two sons) ##### (other children??) ~~~~~~~~~~~~~ Hovudutfordringane her er følgjande_ ** Opplysningar om opphavet til Samueline «Lina» Moen på Nordfjordeid? ** Utvandringi til Johannes Hermansen (Marifjæren)? ** Detaljar om Magdalena Hermansen Miller og borni hennar i Amerika? ** Lagnaden til Hilda Pernille Hermansen i Amerika? ** Lagnaden til Johan Fredrik Hermansen - i Amerika og i Bergen - ekteskapi hans? ** Lagnaden til Oskar Karl Hermansen- i Bergen eller i Trondheim? ** Og endeleg detaljar om Valborg Hermansen Throneson Roeder og huslyden hennar i Amerika? Eg har ei kjensle av at eg har nådd «veggen» med denne huslyden og vonar at kanskje nokon ser noko som eg har oversett? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvor ble det av Ole Mathias Olsen f 5.7.1865 - 24.9.1926 i Skudeneshavn etter 1910?
Marit Elisebet Høines Totland posted a topic in Users' own forum
Ole Mathias Olsen fra Skudeneshavn dro fra Stavanger til Iowa 27.5.1904. Han kom tilbake og døde her i landet i 24.9.1926. Er det noen databaser, evt amerikanske, der jeg kan lete etter O M Olsen den tiden han var i USA?- 37 replies
-
- utvandring
- amerika
-
(and 1 more)
Tagged with:
-
Borghild Stalsberg F 3 juni 1892 Nes Hedmark utvandret til Amerika 1909.Hun fikk muligens Atwood til etternavn som gift. Limer inn lenke til dåp og emigrasjon. https://media.digitalarkivet.no/kb20060316050265 Innførsel nr 24 https://digitalarkivet.no/view/8/pe00000001113158 Når og med hvem ble hun gift? Fikk hun barn? Når og hvor døde hun? Mvh Arve Viddal
-
Johannes Oliver Larsen Fyllingen var uekte barn født i 1889 i Bruvik, far hans var Lars Nilsen f. 1868 fra Fyllingen i Hamre. Mor var Bertilla Dorthea Bastesdatter f. 1871. Mor jobbet på dale frabrikker en stund før hun giftet seg og flyttet til Voss Johannes finnes i 1900 folketellingen for Bruvik i Hordaland https://digitalarkivet.no/census/person/pf01037326003078 Etter 1900 finner jeg ikke Johannes igjen i noen søkbare kilder på digitalarkivet. Jeg har kommet over et dokument på myheritage som viser at Johannes jobbet på DS Bjørnefjord i 1924. (se no. 27 på vedlagte bilde) Det jeg ikke klarer å finne ut er om Johannes kom tilbake til Bergen eller om han bosatte seg i utlandet. Jeg har ikke så god oversikt over hva som finnes av kilder når det gjelder sjømenn, kan noen hjelpe?
- 11 replies
-
Peder Olsen F 1860.07.01 Nes Hedmark melder utflytting til Amerika 1881.04.23. Limer inn lenke til dåp og emigrasjon. https://media.digitalarkivet.no/kb20070513040189 Se innførsel nr 43 https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000077600 Hvor bosetter han seg? Blir han gift? Får han barn? Når dør han? Mvh Arve Viddal
-
Anne Augusta Olsdatter-Født 1869.08.05 Nes Hedmark reiser til Amerika 1889.11.01 Muligens ble hun gift med en Hansen fra Bornholm i Danmark. Limer inn lenke til dåp og emigrasjon. https://media.digitalarkivet.no/kb20070513040334 Se innførsel nr 36 https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000049523 Emigrasjon 1) Hvor i Amerika bodde hun og når døde hun? 2) Hvor mange barn fikk de? Mvh Arve Viddal
-
Hei! Jeg trenger litt hjelp om det er noen som kan svare: Min farmors bror, Alf Evensen (født 1. desember 1904 i Skien, Telemark) kom til New York første gang i november 1929. Der er han funnet på en liste over deserterte eller oppsagt mannskap som var etterlyst. (VEDLAGT: båten Gunny, Alf var 24 år) Altså, han jobbet på båt og kom seg over til New York. Så hadde han vel ingen planer om å returnere tilbake på skipet igjen... men, siden dette var bare noen uker etter børskrakket på Wall Street i 1929, så fant vel Alf ut at det var kaos i N.Y., og klarte på merkelig vis å få seg hyre og komme hele veien tilbake igjen til Skien. Men han ble ikke værende i Skien, og dro tilbake igjen til New York. Han har siden bare sendt ett brev hjem med bilde av seg selv på en motorsykkel. & han døde på Manhattan i 1974. Han finnes ikke på Ellis Island, Sjømannskirken, ambassaden, osv. Kun små hint via amerikanske slektsforskningsider som har kjøpt info via amerikanske arkiver. 1) Er det noen som vet noe om slike immigranter som Alf, og reisen hans? 2) Hvordan klarte han å leve i New York "ALENE" (han kunne nok ikke særlig engelsk) rundt depresjonen? Jeg vet det var en norsk koloni som holdt til i Brooklyn, hvor han kunne ha reist til. Han hadde ingen familie i USA, foruten en onkel som hadde vært der og jobbet, som selv var styrmann. Alf vet jeg ikke, mest sannsynlig matros eller lavest på dekk. 3) Han ble registrert i folketrygden, hvilket vil si at han hadde en jobb, personnr., osv. Er det noen som vet noe mer om dette? Har spurt N.Y. gov. direkte om å få utsendt dødsattesten hans, men da må man betale. Såklart. Hilsen Maria
- 49 replies
-
- immigrasjon
- amerika
-
(and 3 more)
Tagged with:
-
Recently Browsing 0 members
- No registered users viewing this page.