Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'amla'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 2 results

  1. Dette er ein huslyd som eg grubla veldig på i 1980-åri, men som eg aldri greidde å verta «klok» på! Kan tidi no vera kommi? Torkild Salomonson og Inga Eriksdotter kom båe i ung alder som tenestefolk hjå Bisgaard i Amla i Sogndal, han frå Luster og ho med ukjent opphav. Etter nokre år gifte dei seg og fekk slå seg ned på husmannsplassen Haugen under Amla. Men gleda varte ikkje so lenge. Torkild døydde alt i 1785, og ikkje før var mannen avliden, forsvann Inga frå Kaupanger med dei fire attlevande sønene deira. Ho gifte seg att og fekk to born til, men kven ho gifte seg med og kvar dei budde, er ei kjempeutfordring! Me veit i grunnen berre at tre av dei fire sønene etter Torkild og Inga alt i 1801, mellom 19 og 23 år gamle, var flytte til Vesterålen, Salomon til Øksnes og Ole og Otto til Dverberg. Det vart i 1821 halde skifte i Dverberg etter Ole Torkildson på Skaugvold i Dverberg, som då hadde drukna i lag med broren Otto og 28 andre personar (må ha vore ein stor båt!?), og me får greie på dei to halvsøskeni. Slik ser denne huslyden ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter oppdatering av opplysningane om denne huslyden er manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under! Eg står ganske so «bom fast» og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Trond Johnson (1704-1759), frå Timberlid under Amla, og andre kona Synneva Olsdotter (1715-1759), frå Plassen i Kinsedalen, Hafslo, var plassfolk på Plassen under Amla i Kaupanger sokn, Sogndal og fekk fire døtrer i lag: * Anna Trondsdotter, døypt i Kaupanger, Sogndal 21.7.1748, døydde kort etter fødsli * Gjøri Trondsdotter, døypt i Kaupanger, Sogndal 2.2.1750, var 1767 tenestejente hjå mosteri Britha d.e. som budde i Vindedalen i Lærdal og som døydde det året. I 1777 vart det sagt om Gjøri at ho «skal bu syndenfor Bergen», men i 1785 er adressa hennar ukjend. * Christi Trondsdotter, døypt i Kaupanger, Sogndal 12.3.1753, tente mellom anna på Nagløyri i Sogndal, men vart gravlagd frå Bahus i Sogndal 24.10.1785, ugift og barnlaus. * Anna Trondsdotter, døypt i Kaupanger, Sogndal 9.5.1756, budde i 1767 òg hjå mosteri i Vindedalen i Lærdal, men vart sagt vera sjukleg og døydde barnlaus før 1777. Kjelda frå 1777 er skiftet etter mosteri Britha Olsdotter d.y. som døydde ugift på Eide i Sogndal. Den store «utfordringi» her er Gjøri Trondsdotter, fødd i 1750. Eg har leitt «høgt og lågt» etter denne jenta over heile landet, men har so langt ikkje greidd å finna nokon som får meg til å «springa i taket»... Dei beste alternativi frå FT1801 er desse: * Guri Tronsdotter, 50 år, enkje, på Glendrange i Lund: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058348001661 * Guri Tronsdotter, 51 år, gift med gjestgjevar Johan Michael Teusch på Grømstad i Øyestad: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058326005290 * Guri Tronsdotter, 50 år, gift med gardbrukar Anders Olson på Espetved i Bakke: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058345001417 Men eg ser at ei Guri Tronsdotter er døypt på Ryg i Bakke 5.3.1752, so denne siste er kanskje alt «eliminert»... Eg ser òg fleire i Møre og Romsdal i «rett» alder, men dei budde jo på «feil side» av Bergen...? Det hadde vore kjempefint om nokon kunne hjelpa meg finna lagnaden til denne Gjøri Trondsdotter frå Amla i Sogndal, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.