Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'bø'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 9 results

  1. Bertha Hansdotter var fødd på husmannsplassen Brunane under Leri i Luster og flytte i ung alder til Bø i Vesterålen der ho vart gift og budde levetidi ut. Opplysningane mine om denne huslyden vart samla på 1980-talet, og den gongen var det vanskeleg å finna kjelder til vidare oppfølgjing. No har eg finne att dei fleste borni i FT1910, so då burde det vera mogeleg å komma lenger... Slik ser eit oppdatert manuskript ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~~ Bertha Hansdotter {Lerum}, f. {i Luster} 28.1.1835, Bertha Hansdotter flytte til Bø i Vesterålen der ho 31.8.1860 gifte seg med Peder Cornelius Pederson frå Gimstad i Bø. Han var son av ##### (yrkestitel?) Peder Mikkelson på Gimstad, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Metta Marie Corneliusdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Bø 31.8.1834. Bertha og Peder vart husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein plass?) under Gimstad i Bø der Bertha d. 22.11.1886. Peder Pederson d. same staden 27.1.1915. Dei fekk seks born i lag: a. John Andreas Pedersen, f. i Bø 29.11.1860, d. på Vinje i Bø 18.5.1935. Han gifte seg i Bø 14.8.1890 med søskenbarnet Pauline Marie Kristine Tygersdotter frå Føre i Bø, ei stedotter av husmannssonen Sjur Nilsson frå Kvalen under Urnes i Hafslo (1829-1856). Pauline var f. i Bø 25.8.1864 og d. ##### (dødsstaden hennar i Bø?) 18.9.1950. John og Pauline var gardbrukarar på Vinje i Bø og fekk tre born i lag. b. Petra Maria Hansine Pedersdotter, f. i Bø 26.6.1863, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Petra flytte i 1883 til Hadsel der ho 12.5.1885 gifte seg med Kristian Melidor Olsen frå ##### (opphavet hans? – kva gard/plass?) f. i Hadsel 2.2.1866. Han d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Kristian Olsen var fiskar, og han og Petra budde ##### (bustaden deira? – på Taen i Hadsel? – NB: Finn ikkje i FT1910!) ##### (talet på søner og døtrer?) c. Hans Martin Severin Pedersen, f. i Bø 10.7.1866, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – NB: Fødselsdatoen stemmer ikkje med FT1910!) Han gifte seg i Bø 23.7.1899 med Anna Jensine Carlsdotter, f. på Lekang i Hadsel 27.1.1872. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) ##### (yrke og bustad? – 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036940002498) ##### (talet på søner og døtrer?) ##### (born fødde mellom 1866 og 1872?? – oppl.?) d. Kristian Jentoft Pedersen, f. i Bø 20.2.1872, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – NB: FT1910 har fødselsår 1873!) Kristian gifte seg i Bø 6.11.1896 med Sofia Petrine Amalia Torgersdotter frå Selvåg i Bø, f. i Bø 24.3.1877. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Kristian og Sofia var ei tid husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Steine i Bø, men ##### (seinare lagnad? – FT1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036940004767) ##### (talet på søner og døtrer?) e. Anna Jensine Eveline, kjend som Jensine Pedersdotter, f. i Bø 11.8.1876, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Anna flytte i ung alder til Narvik og gifte seg der 30.11.1902 med Johan Alfred Larsen frå ##### (kva gard/plass?) i Vågan, f. i Vågan 18.4.1875. Han f. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) ##### (yrke og bustad? – FT1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036938004189) ##### (talet på søner og døtrer?) f. Arnt Marselius Ludvig, kjend som Marselius Pedersen, f. i Bø 3.10.1880, ##### (lagnaden hans? – FT1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036938004183) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips i freistnadane på å komplettera denne biografien!
  2. Hvem var foreldrene til Kaare/Kåre Johan Rolleiv som ble født 17/6 1922 i Bø. Han ble senere gift med Gudrun Aaberg fra Tranes i Andøy...... Kaare Johan Rolleiv ble født 17/6 og døpt 13/8 1922 i Bø kirke. Hans foreldre nevnes i kirkeboken som fisker Guttorm Eriksen f. 1900 og ugift tjenestepike Ida Pauline Johnsen f. 1902. Faren bodde så vidt jeg ser på Stokøy, og moren Fjærvoll.... http:// https://media.digitalarkivet.no/view/39697/100 [nr. 31] Kåre døde 29/5 1999 i Mjøndalen og ble begravet på Nedre Eiker kirkegård. http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=5996400 Siden kirkebøkene for Andenes ikke er tilgjengelig så ser en kun i Lofotposten 9/7 1946 at de ble gift 13/7 1946 og at bryllupet ble feiret på Tranes, Risøyhamn. Ei heller er kirkebøkene for Bø tilgjengelig ved hans konfirmasjon.... En finner paret på Tranes i Andøy bygdebok b. 2 del 1, men der står faren til Kåre som Guttorm [og med feil etternavn, som jeg ikke husker].
  3. Skulle gjerne funne ut kvar Ivar f. 30.7.1892 tok vegen i USA (eller Canada). I 1923 er hans reisemål: Amk Chicago Ill Kor lenge var han der? Eg finn ikkje at kona reiser over...!? Eg skulle gjerne visst kvar dei tok vegen etter 1917/1923. Ved FT 1910 og 1900 er han i Voss; Kona hans ved FT 1910 og 1900: Dei gifter seg 1.2.1917:
  4. Johanna Andersdotter Søvde, fødd i 1831, ei søster av tippoldemor mi, reiste i ung alder i lag med to søstrer til Bø i Vesterålen der ho gifte seg og busette seg på ein plass under Føre. Eine søsteri reiste snart sørover att, medan hi: * Christi Andersdotter Søvde, fødd i Luster 31.3.1825, gifte seg i Bø 6.9.1863 med Enok Christian Grønbeck Eilertson frå Vågen i Bø, fødd der 11.9.1824. Dei budde som plassfolk på Maursundstranda under Maursund i Bø der Enok døydde 19.2.1876. Christi levde att som enkje, men dato og stad for dødsfallet hennar manglar!? Ho hadde tre born som alle budde og døydde i Bø. So attende til Johanna. Ho fekk med mann sin sju born, og her er det mange hòl som eg gjerne skulle ha fyllt, ogso for bygdeboki sin del: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg frå Sven er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #9 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. I samband med følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/225230-ingeborg-rasmusdotter-frå-hafslo-barnemor-i-gulen-1823-flytte-ho-til-bergen/ er det dukka opp eit spørsmål om ein «sidelinjeerving» med namn Martinus Andersson Trevaag som i 1880 var busett i Bø i Vesterålen! Eg finn berre ein person med dette namnet i Bø som kan høva so nokolunde: FT1875: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1867&kenr=005&bnr=0085&lnr=00 Ved vigsli i Bø 29.11.1874 heitte han Martinus Andersson: https://media.digitalarkivet.no/view/6659/144 Men kanskje finst det andre «kandidatar» i Bø som eg ikkje har oppdaga? Eg ser til dømes at det i 1900 var ein annan Martinus Andersson på Strømsjø i Bø som òg kan vera aktuell...: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1867&kenr=007&bnr=0072&lnr=00 Eg greier forresten ikkje ut ifrå dei føreliggjande opplysningane eintydig å identifisera opphavet til nokon av desse Martinus Andersson...! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om Martinus Andersson!
  6. Eg vil i dag få presentera ein «ny» huslyd, som eg jobba mykje med tidleg på 1980-talet, men som eg grunna manglande kjeldetilgong aldri vart liksom heilt nøgd med. Moderne hjelpemiddel har gjort det mogeleg å komma litt lenger, men eg står likevel fast på ein del greiner og vonar no på lite vetta hjelp i Brukarforum! «Hovudutfordringane» her er: ** Lagnadane til dei to søstrene Elisabeth Olsdotter og Mari Olsdotter - som kanskje mest sannsynleg er flytte til Bergen? ** Lagnaden til Knut Olson Eide sin son og steson i Bergen? ** Soga om kona til Nils Olson i Bergen - Massie Johannesdotter og hennar eventuelle born? ** Lagnaden til Ole Olson Eide i Bø, opphavet til kona hans og lagnaden til dotteri Berthe Elisabeth!? Her følgjer so eit fersk oppdatert manuskript for denne huslyden der eg òg har teke med bakgrunnsopplysningar frå Luster: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet erstastta av eit nytt i innlegg #4 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. NB: Emnetitelen endra etter kjempeoppdaging av Stine - sjå innlegg #4 og utover! Gunnhild Marie Olson stod brur i Deuel Co., SD 26.6.1889 då ho gifte seg med Ole K. Johnson, fødd i Luster 18.12.1853 og utvandra herifrå i 1867. Gunnhild Marie er oppgjevi fødd 1.10.1841, og slekt i Amerika (etterkomarar etter adoptivsonen Oscar) meiner ganske sikkert ho skal vera kommi frå TELEMARK! Ho døydde i Deuel Co., SD 15.7.1912. Eg finn ein ganske so «høveleg» kandidat i Sannidal der: Gunnhild Marie Olsdotter var fødd 28.9. og døypt 10.10.1841 av foreldri arbeidsmann Ole Olson Quevig og kona Maren Andrea Jensdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/1394/251 Kanskje kan nokon med lokal kunnskap fortelja meg om det kan vera ho? FT1900 syner utvandringsåret 1874: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-67HP-1M FT1910 syner utvandringsåret 1862: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GT6Z-6TK Dersom dette er «rett» Gunnhild Marie, er eg svært interessert i: ** Utvandringsåret hennar? ** Kvar voks Gunnhild Marie opp = bustaden til foreldri hennar? ** Yrke til far og opphavi (gard/plass) til båe foreldri? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Trygve Knudsen

    Anne Ellingsdatter Eidbo

    I slektstreet har en kar ved navn Brynnil Hansson, Nordigard, Østerli (Bø i Telemark), født i 1681. Hans kone oppgis å være en Anne Ellingsdatter, født ca.1690. Nå ser jeg at noen i MyHeritage har koblet denne Anne Ellingsdatter til Eidbo i Tvedestrand, Aust-Agder, som datter av "Elling Olavsen Eidbo og Anne Kittelsdatter"? Noen som har noe utfyllende om dette? Jeg står fast.... :)
  9. Denne huslyden vart første gongen teken opp til drøfting i 2006 som tema #35544 i det gamle brukarforum, men utan resultat: https://forum.arkivverket.no/topic/121069-35544-ole-iverson-sandvig-og-christi-larsdotter-til-bø-vesterålen-1850-lagnad/?tab=comments#comment-988571 Ein del opplysningar er komne til i ettertid, men no er eg komen til eit punkt der eg står «bom fast», og eg vonar på at nokon av lesarane i Brukarforum kan hjelpa meg vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #13 nedanfor! Dei største utfordringane her er utan tvil: ** Kvar vart det av Britha Larsdotter - avlidi mellom 1850 og 1865? ** Kvar vart det av Britha «Bertha» Olsdotter d.e. på Været (Nesset) i Bø og sonen Hans Jæger Nilssen? ** Kvar vart det av Johanna Larsdotter i Amerika, utvandra 1861? ** Og endeleg, kvar vart det av sonen Iver Olson - truleg flytt med foreldri til Bø kring 1850? Når det gjeld eldste dotteri Johanna Olsdotter, so vart ho og mann hennar plassfolk på Kleiva under Maursund i Bø, og denne huslyden er bra fullstendig frå før. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.