Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'danmark'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 23 results

  1. Dansken Berthard William Sophus Schrøder var en tur på Dovre høsten 1860. Der hadde han minst en hyrdestund med Marit Hansdtr. fra Trondenes i Troms. Hun var født på Killi på Dovre men foreldrene flyttet til Trondenes på 1850-tallet. 14.06.1861 føder Marit en sønn som døpes 23.06. (Se nr. 39) SAH, Dovre prestekontor, Ministerialbok nr. 1, 1854-1878, s. 63 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070129660151 Trenger hjelp til å finne ut hvem denne dansken var. Har ikke brukt danske arkiver tidligere så alle gode råd og annen hjelp er velkommen her. Hilsen Terje
  2. Jeg lurer på om det står her at far og sønn har brune øyne og brunt hår ? Noen som har bedre blikk for dette enn jeg ? mvh Bente Borgen
  3. Eg har slite med lagnadane til desse to søstrene Marthe og Karen frå Høyeimsviki i Luster sidan kring 1980, utan å komma noko nærare sanningi om livi deira. Eg fekk den gongen ein del opplysningar frå slekt i Luster, særleg om Marthe, men meir visste dei ikkje, og eg har vanskar med å komma noko nærare ei løysing i dag. Kanskje er det nokon som «ser» «ljos i tunnellen»? Her er manuskriptet mitt for dei to søstrene: ~~~~~~~~~~~~~~ Martha Olsdotter (Rønning), f. {i Luster} 3.12.1861, Marthe Olsen flytte i ung alder til Danmark og gifte seg ##### (dato og stad for vigsli hennar? – 1890-talet?) med Anton Robert Mathiesson frå Ronneby i Blekinge, Sverige. Han var son av ##### (foreldri hans? – fulle namn – yrke – bustad – opphav?) og f. i Ronneby, Blekinge 20.8.1860. Anton var murar, og han og Marthe busette seg i Gedser på Falster i Danmark der Anton d. 12.11.1947. Marthe Mathiesson d. same staden 2.4.1952. Dei var barnlause, men tok til seg og fostra opp eine søsterdotteri hennar (dotteri til Karen, sjå nedanfor). ~~~~~ Karen Olsdotter (Rønning), f. {i Luster} 14.3.1869, Karen Olsdotter (Rønning) fekk i 1907 attest hjå soknepresten for å utvandra til Amerika, ##### (namnet hennar finst ikkje i skipslist­ene i Bergen – slekti meiner ho skal ha gift seg og busett seg i Haugesund – lagnaden hennar??) Me veit om ei dotter etter Karen: ##### (fleire born?) a. Gunhild Margrethe Hansdotter, kjend som Gunhild Højeim, dotter av Karen og Hans Olson frå Årdal i Jølster (1869- ), ##### (kven var han?) var f. i Luster 25.6.1896, men kom i ung alder til mosteri Marthe i Gedser på Falster i Danmark og vart oppfostra der. ##### (sidan gift og busett på Lolland i Danmark – lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  4. Huslyden til denne premierlieutenanten Ove Treubler, som i mange år var busett på Feigum i Luster, låg alt på 1980-talet på teiknebrettet hjå meg, og ein del greidde eg den gongen å finna ut av, men fleire detaljar vart ståande att, særleg om dei to sønesønene som hamna i Danmark. No vonar eg på hjelp til å finna svar på nokre av dei detaljane som framleis står òpne, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Ove Johanson Treubler, opphavleg frå Bergen, var son av stadsfysikus Johan Fredrik Treubler i Bergen, opphavleg frå Schweinfurt i Bayern, Tyskland, og kona Gjertrud Ovesdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Bergen kring 1663. Han gifte seg kring 1691 ##### (meir nøyaktig?) med enkja Kari Hansdotter, ##### (opphavet hennar? – f. kring 1654) Kari Hansdotter gifte seg første gongen kring 1680 ##### (meir nøyaktig?) med Johannes Olson Sveen frå Sveio i Sunnhordland. Han var son av gardbrukar Ole Nilsson Sveen på Drange i Sveio og kona NN Johannesdotter frå Stokka i Vats, Ryfylke og f. i Sveio kring 1658. Johannes og Kari var gardbrukarar på Drange i Sveio etter foreldri hans, og der d. Johannes kring 1690. Han lét då etter seg fire born. Ove Treubler var sersjant og budde på Drange i Sveio dei første åri etter at han og Kari vart gifte, men 10.4.1700 vart han utnemnd til sekondløytnant ved Nordhordlandske og Hardangerske reservekompani av Bergenhusiske nasjonalinfanteriregiment. Han miste tittelen i 1701, men kom attende til same kompaniet i 1702 som sersjant. 24.2.1703 vart han så fenrik og i 1704 sekond­løytnant ved Hardangerske kompani av same regimentet. Til Sogn kom huslyden då Ove 5.11.1709 vart tilsett som premierløytnant ved ytre og indre Sognske reservekompani. Endeleg vart Ove Treubler ved den nye hærordningi frå 15.8.1718 utnemnd til premierløytnant ved Lysterske kompani av andre Bergenhusiske nasjonalinfanteriregiment. Han og Kari flytte hit på same tidi, men nett kvar i bygdi dei budde den første tidi, veit me ikkje noko sikkert om. So ser me at Ove 30.6.1727 fekk avskil frå hæren grunna høg alder, og 6.1.1732 fekk han skøyte på stova og sjøbui her ved Feigesagi og den eine helfti av sjølve sagi. Han og Kari flytte nok hit på same tidi, og herifrå vart Kari Hansdotter gravlagd 29.12.1735. Ove budde framleis på sagi i 1737. Han selde helfti si i sagi til sokneprest Christopher Ludvigson Munthe i Hafslo som 18.1.1743 òg fekk skøyte på hi helfti hjå Karen Frimann, enkja etter tollforvaltar Johan Garmann. Sagi gjekk sidan til sonen Jens Munthe, som den gongen budde på Kvale. So kom det ei tid der eigarane av sagi skifte ofte; Jens Munthe selde 4.5.1757 til Petter Rumohr på Talle, som dagen etter selde att til Erik Rasmusson Bisgaard, handelsmannen i Amla i Sogndal. Erik Bisgaard selde 30.4.1763 vidare til Sjur Wilkenson på Fuhr. Ingen av desse ser ut til å ha butt på sagi, men då Sjur Wilkenson selde att i 1767, var det til ein mann som sette bu her (sjå nedanfor). Ove Treubler flytte frå bygdi kring 1740 eller kanskje noko før, truleg til Bergen, ##### (den seinare lagnaden til Ove Treubler? – dødsfallet hans?) Ove Treubler og Karen fekk to born i lag: 1. Johan Fredrik Oveson Treubler, f. i Sveio kring 1692,­ Johan Fredrik Treubler flytte i ung alder til Bergen der han kring 1713 ##### (meir nøyaktig?) gifte seg med enkja Arnille Margrethe Jacobsdotter, f. Reimers. Ho var dotter av ##### (yrkestitel?) Jacob Clausson Reimers i Bergen og kona Trina Nilsdotter ##### (opphavi deira?) og f. i Bergen kring 1680. Ho gifte seg første gongen kring 1704 ##### (meir nøyaktig?) med Ole Gunderson Ravn ##### (opplysningar om han? - miste livet som soldat i «store nordiske» i 1711!). ##### (lagnaden til Arnille?) medan Johan Fredrik Treubler d. i Bergen ?.1.1751. Arnille fekk i alt åtte born; desse fem var frå andre ekteskapet med Johan Treubler: a. Karen Johansdotter Treubler, døypt i Bergen 7.1.1714, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Ho gifte seg i Bergen 2.8.1744 med Jan Paulson Drage ##### (oppl. om han? – tømmermann!) ##### (lagnaden deira? – budde visstnok i Bergen?) ##### (talet på søner og døtrer? – minst fire!) b. Ove Johanson Treubler, døypt i Bergen 1.3.1716, ##### (1752: gift og busett i Nybøbing på Falster i Danmark – lagnaden hans?) c. Lorents Jacob Johanson Treubler, døypt i Bergen 12.11.1717, ##### (1752: offiser ved Schleswigske gevorbne regiment i Flensburg – gift! – lagnaden hans?) d. Anne Margrethe Johansdotter Treubler, døypt i Bergen 17.12.1718, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Ho gifte seg i Bergen 14.7.1751 med Jens Pederson Duberg, ##### (oppl. om han? – f. i Bergen kring 1726?) Jens Duberg var kjøpmann i Bergen ##### (lagnaden deira?) ##### (talet på søner og døtrer?) e. Johan Fredrik Johanson Treubler, døypt i Bergen 13.2.1720, d. i Bergen våren 1772. ##### (meir nøyaktig?) Han gifte seg i Bergen 23.4.1749 med Karen Jensdotter Splidsen. Ho vart døypt i Bergen 26.9.1721 og d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1772!) Johan Treubler, Jr. tok 27.2.1749 borgarskap i Bergen som koparsmed, og han og Karen vart buande der levetidi ut. Dei fekk ein son i lag. 2. Gjertrud Ovesdotter Treubler, f. i Sveio kring 1694,­ Gjertrud Treubler flytte i ung alder til Strandebarm der ho 9.4.1739 gifte seg første gongen med Ove Erik Danielson Orning frå Håbrekke i Strandebarm. Han var son av ##### (foreldri? – yrke og opphav?) og f. ##### (dato og stad for fødsli hans? – kring 1691?) Ove var ##### (yrke?) og han og Gjertrud budde på Litlafosse i Strandebarm, men Ove d. der alt sommaren 1748, og 31.5.1749 gifte Gjertrud seg att i Strande­barm med enkjemannen Ole Engel Samuelson Brygman frå ##### (opphavet hyans i Danmark? – foreldri?) Han var f. ##### (dato og stad for fødsli hans? - Danmark kring 1721) Ove vart 16.7.1748 utnemnd til klokkar i Strandebarm. Han og Gjertrud vart buande på Litlafosse til dei i 1762 fekk setja seg opp eit hus på prestegarden i Strandebarm. Gjertrud vart gravlagd i Strandebarm 9.2.1772, medan Ole Brygman, som sidan gifte seg nok ein gong, d. same staden 2.11.1802. Gjertrud fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Her er et flott dansk nettsted med oversikter og lenker til kirkebøker i Norge, Sverige, Danmark, Grønland og Færøyene - samt noen fra Tyskland som er online: http://www.salldata.dk/sogne/index.php?land=Norge
  6. Ivar Steen-Johnsen

    Jochum Christensen Norup (1788-1851)

    En 16 år gammel tråd i forumet løftet spørsmålet om linjene bakover fra Jochum Christensen Norup (ca 1788-1851), matros, senere styrmann og hans fru Siri Torjesdatter Naadeland (1791-1850). Han står ved bryllupet i Svelvik oppført som matros fra København, og hun som pige fra Kristiansand. Hennes foreldre var Torgje Knudsen Naadeland ( 1760-1833) og Anne Torjusdatter (1767-1815). Men linjene bakover fra Jochum Christensen Norup er fremdeles en gåte. Det eneste vi vet er at han kom fra København og at han levde hele sitt i Svelvig - med 29 oppføringer i folketellinger og kirkebøker ifølge historisk befolkningsregister. Paret hadde 10 barn. På en del slektshistorie nettsider står Erhart Norup oppført som hans far, men det tror jeg ikke det kan være riktig. Isåfall ville vel navnet vært Jochum Erhardsen Norup og ikke Christensen. Denne Erhard Norup og Anna Cahtrine Christensdatter døper riktignok en sønn Christen f. 1788 i Holstebro, men det holder jo ikke når patronymet er feil. Jochum og Siri`s barn i Svelvik var: Anne Maria f.1814 -, Christen f. 1816 - Torger f. 1819 - , Søren f. 1821- Marthin f. 1823 - , Joachim Severinus f.18226, Anders f. 1829, Daniel f. 1831,Inger Maria f. 1833 - , Henriethe f. 1835. Om fars foreldre ble oppkalt først, slik det ofte var, heter Jochums mor Anne Maria. Barn nummer to er da oppkalt etter Johums far Christen. Barn nummer tre oppkalt etter mors far. Barn nummer fire vet jeg ikke - kanskje Jochums fars far? Takknemlig om noen har forslag til neste skritt for å avdekke mer om den danske matrosen Jochum.
  7. Dette er ein huslyd som eg arbeidde med på 1980-talet. Ein del av dei «hòli» som fanst den gongen er i dag tetta att, men framleis slit eg med lagnadane til tre av borni, ein son og to døtrer. Den eine flytte til Danmark, medan hi visstnok fór til Amerika. No vonar eg at kanskje einkvan i Brukarforum kan hjelpa meg finna ei løysing på desse gåtene? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Christopher Andersson {Søvde}, f. {i Luster} 26.4.1830, Christopher Andersen flytte til Bergen som soldat i 1850-åri og gifte seg der 27.2.­1859 med Anna Eriksdotter frå Tråi under Kvam øvre i Hafslo, f. i Hafslo 24.4.1835. Christopher vart sidan dagarbeidar og var likeins medeigar i ei jekt. Han og Anna budde i Telthussmuget i Bergen der Anna d. 2.11.1874. Christopher Andersen d. som almisselem i Bergen 27.10.1903. Dei fekk åtte born i lag: a. Gurine Edvardine Christophersdotter Andersen, f. i Bergen 30.11.1858, d. i Bergen 31.5.1939. Gurine gifte seg i Bergen 24.6.1879 med Hagbarth Gustavus Edvardson Steiner. Han var f. i Bergen 30.7.1858 og d. i Bergen 19.5.1925. Hagbarth Steiner var fyrbøtar og sidan maskinist, og han og Gurine budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk tre born i lag. b. Andrea Lovise, kjend som Lovise Christophersdotter Ander­sen, f. i Bergen 22.1.1861, ##### (flytte til Danmark i 1880-åri - gift og busett der - oppl.?) c. Carl August Christopherson Andersen, f. i Bergen 20.11.­1862, d. i Bergen 12.3.1865. d. Carl August Christopherson Andersen, f. i Bergen 13.2.1865, ##### (levde i 1881 -lagnaden hans?) e. Wilhelm Kristian Christopherson Andersen, f. i Bergen 12.7.1867, d. i Bergen 27.9.1951. Wilhelm Andersen gifte seg i Hamre 23.3.1893 med Johanne Oline Hansdotter Hansen frå Flatøy i Meland, Hamre. Ho var f. i Hamre 3.10.1872 og d. i Bergen 20.4.1957. Wilhelm Andersen var maskinist, og han og Johanne budde i Bergen. Dei fekk ti born i lag. f. Anna Agatha Kristoffine Christophersdotter Andersen, f. i Bergen 26.11.1869, ##### (utvandra til Amerika i 1896? - lagnaden hennar?) g. Dorthea Berntine Christophersdotter Andersen, f. i Bergen 22.8.1872, d. i Bergen 13.6.1957. Ho gifte seg hjå byfogden i Bergen 29.10.1896 med Rasmus Elias Nicolaison Hauge frå ##### (Hauge i Selje?) f. i Selje 17.7.1872. Han d. i Bergen 29.12.1956. Rasmus Hauge var bakar, og han og Dorthea budde i Bergen. Dei fekk ##### (talet på søner og døtrer? - i alt ti?) born i lag. h. Anton Christopher Christopherson Andersen, f. i Bergen 24.10.1874, d. i Bergen 10.6.1881. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Astrid f. 14.8.1905 g 1.5.1937 med Richardt Bjergby Jensen i 1937, sjå innlegg i BT. Ønsker å vite kva som skjedde med henne seinare, med hennes mann, og evt barn...
  9. Einar Skarpeid

    Søk etter familie i Danmark

    Jeg søker etterkommere etter Johannes Halvorsen, f. 18 05 1911, døpt 28/5 1911. Født på rikshospitalet i København av ugift mor. Nytt navnebevis skrevet inn for hånd i kirkeboka av 15/12 1970. Navnet ble da Johannes Lorentzen. Han vokste opp hos fosterforeldre/adoptert - Thorvald Axel Lorentzen og Anna Christine Lorentzen i København. https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?epid=17117786#154658,25797158
  10. Jeg ønsker at få at vide hvor meget jeg tjente i Norge fra 1/6-1992 til 1/10-1993 hvor jeg var udstasjoneret fra Danmark. Venlig hilsen Arne Hansen
  11. Kari F. Pedersen

    Ole Nielsen Bredahl, 1782 Bergen

    Hei, Er usikker på korrekte foreldre til ole Nielsen Bredahl f 1782 i Bergen? http://hanseater.no/tng/getperson.php?personID=I18689&tree=hansa
  12. Jeg leter etter mulig opphav til Birgitte Marie Gulbrandsen, som etter folketellingen I 1845 i Danmark skal ha vært født i Kongsberg. https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3Q9M-CSLH-1QMF-5?i=1263&cc=2778652 og var gift med Repslager Christian Peder Ravn i Randers. Hun var da anslått å være født i 1794. Hun gifter seg den 29 Juni 1820 i St Morten i Randers med repslager Christian Pedersen Ravn (Pedersen er nok feil for Peder), og da var hun angitt som 26 år, altså født ca 1794. https://www.danishfamilysearch.dk/sogn1100/churchbook/source135275/opslag14650293 I folketellingen i 1834 var hun kalt Dorthea Ravn, født 1794 (fødested var ikke oppgitt i 1834 tellingen). Dorthe kan antageligvis være en feilskrift for Birthe, eller en transkribsjonsfeil. Jeg har ikke lagt ved linker til de tellingene eller barnedåpene i Danmark, men jeg har disse. I folketellingen i 1840 var hun kalt Marie Gulbrandsen, født 1793 (fødested var ikke oppgitt ved 1840 tellingen) I folketellingen i 1850 var hun kalt Bergithe Magrethe Gulbrandsen, f 1794 i Kongsberg, Norge I folketellingen i 1860 var hun kalt Birgitte Marie Ravn, f 1795 i Norge Jeg har ikke funnet henne i folketellinger i Danmark etter 1860, og heller ikke funnet hennes dødsfall. Jeg har ikke funnet noen passende kombinasjoner av Birgitte Marie eller Birte/Berthe Gulbrandsen/Gudbrandsen eller lignende navnekombinasjoner i hverken Norge eller Danmark ved folketellingen i 1801. Jeg har også lett igjennom dåp i Kongsberg og Sandsvær fra 1790 til 1800, men ikke funnet noen kandidater som passer. Jeg fant en Berthe Mathea Gulbrandsdatter, datter av Gulbrand Andersen Lindrup som var født i 1797 i Kongsberg, og var veldig optimistisk om henne en stund, men det viser seg at hun ble gift og fikk barn i Søgne i Vest-Agder. Det er også en Berte Maria, født 1788 som er datter av Gulbrand Madsen og Dorte Halvorsdatter på Semb i Eiker, men hun ble gift i 1810 og bodde på Semb-roa i Eiker. Det er jo allid en mulighet for at hun ikke var født på Kongsberg, men at hun bodde der eller i nærheten en stund, før hun reiste til Danmark. Men jeg har altså ikke funnet henne noen steder før bryllupet i 1820. Det kan jo også være at hun ikke var datter av en Gulbrand, snarere at hennes far het Gulbrandsen og hun hadde tatt dette (i Danmark) relativt sjeldne navnet som et slektsnavn. Barna fikk navnene Hans Christian Ferdinand Ravn, f 1821 i Randers, Johan Anton Gustav Ravn, f 1824 i Randers, Thomas (eller Tennos) Julius Alexander Ravn f 1828 i Randers, og Engeline Florentine Petrine Amalie Ravn, f 1831 i Randers. Det kan jo være en mulighet at det er noena av barna som er oppkalt etter norske besteforeldre. De har jo litt spesielle navn. Så spørsmålet mitt er som følger, kjenner noen til en Birgitte Marie Gulbrandsdatter, født ca 1794 (muligens i Kongsberg) som kan ha flyttet og blitt gift i Danmark i 1820? Forøvirg ligger det noe ute om henne på FS, men siden jeg har lagt ut noe av det, hjelper ikke det meg spesielt mye. Men her er i hvertfall en link til det som ligger der https://www.familysearch.org/tree/person/details/L125-9RF
  13. På 1600 tallet førte søskene Christine Cunningham Ørbech og broren Jakob Cunningham en sak vedr. arverett mot farens slekt i Skottland. Mener jeg har lest at saken ble ført fra Danmark da Jakob bodde der. De tapte saken da de var født utenfor ekteskap. Finnes det noen plass man kan henvende seg i Danmark for å få kopi av sakspapirene?
  14. Severin Laasbye skal være født i Århus 16 juni 1666. I 1705 er han kjøpmann i Amsterdam og gifter seg med Pauline Hendrina Abo samme år. Fra Stam bok Vielse innmelding https://www.openarch.nl/show.php?archive=saa&identifier=02b068d7-8821-815c-5baa-7ba5647afd42&lang=en&six=205 Severin er svoger til Olof Horneman som det er et eget emne om her på forumet. Lar det seg gjøre å finne dåp tilbake til 1666 i Danmark ? Takker for alle tips/hjelp som måtte komme. Mvh Ivar
  15. hei, jeg lurer på hvem foreldre og besteforeldre til hans søfteland var, på forhånd tusen takk: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000127371
  16. Hva er nettadressen til danske kirkebøker på nett? På forhånd tusen takk
  17. George H. Cook, oppgjeven fødd i Danmark 10.9.1849 skal ifølgje FT1900, 1910 og 1920 ha utvandra til Amerika i 1870, medan det i FT1930 er oppgjeve 1967 som utvandringsår- Han gifte seg i Lincoln Co., SD 29.10.1881 med Anna Marie Olson, fødd i Luster 10.7.1860 og utvandra i 1862 med mor si til Wisconsin. Dei busette seg i Emerson, Dakota Co., NE der George Cook døydde anten 28.3.1935 eller 28.3.1939 (båe datoar har vore oppgjevne!) Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å identifisera denne dansken? ** Dato og stad for fødsli hans? ** Utvandringsåret? ** Kven var foreldri hans, yrke,bustad og opphav? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  18. Opphavet til denne ætti, og dei eldste slektsleddi har vore drøfta før i dette emnet frå 2012: https://forum.arkivverket.no/topic/178672-elisabeth-christine-hansdotter-schønsal-eller-schøndal-fødd-ca-1738-frå-københavn-dei-eldste-borni-hennar/?tab=comments#comment-1522625 samt i tema #17620 frå det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/103370-17620-alexander-lindmagdalena-trondsd-benkestok-trondheimson-andreas-1700-talet/?tab=comments#comment-850690 I dag vart eg minnt om denne huslyden av Ivar Moe i eit anna tema, og på bakgrunn av dette har eg no samla dei fleste trådane i dette nye emnet som eg presenterer i dag! Det er fraleis ein del detaljar eg aldri har greidd å finna, som til dømes: ** Opphavet til prestefrua Else Christine Hansdotter Schønsal i Danmark? ** Fødslene/Dåpane til dei to eldste borni Ulrikke og Christian, men dette kan bero på manglande kyrkjebøker? ** Opphavet til svigerdotteri (kona til Christian) Maren Magdalena Hansdotter? ** Første vigsli til Birgitta Lind med Jacob Christopher Foss? ** Lagnaden til Magdalena Christine Lind? ** Og endeleg sonen Herman Christian Lind som budde i Danmark og der fekk ein stor huslyd. Sonen Hans Henrik Lind (1766-1819) var ei tid sokneprest i Jostedalen, men flytte i 1807 til Hjartdal i Telemark. Han hadde då med seg ei Martha Hermansdotter (1791-1879) som etter kva dei seier var ei dotter som Herman Christian i ein alder av berre 16 år fekk med ei ti år eldre tenestejente i Solvorn, og som vel var òrsaki til at Herman då vart «send» til Danmark for å komma på «betre vegar»... Her følgjer so eit oppdatert manuskript for denne presteætti frå Hafslo: ~~~~~~~~~~~~~~~ Andreas Alexanderson Lind, opphavleg frå Trondheim, var son av skreddarmeister Alexander Hermanson Lind i Trondheim, opphavleg frå København i Danmark, og kona Magdalena Trondsdotter Benkestok, truleg frå Trondheim, og f. i Trondheim 30.3.1733. Han gifte seg i København, Danmark 27.4.1757 med ei Elsa Christine, kjend som Elisabeth Hansdotter Schønsal av usikkert opphav, men truleg f. i Danmark kring 1735. ##### (kven var denne Elsa Christine Schønsal - foreldre og fødsels-/dåpsdato?) Andreas Lind vart student i 1754, cand.philol. i 1755 og cand.theol. i 1757. Han var sidan i mange år presteassistent i og kring Trondheim, men vart 29.9.1775 tilsett som residerande kapellan til Meldal der han og Elisabeth sidan budde fram til 1787. Andreas Lind vart 24.3.1786 tilsett som sokneprest til Hafslo, og han og Elisabeth flytte året etter inn i Hafslo prestegard. Andreas var sokneprest her til han d. 1.8.1791. Elisabeth flytte sidan inn på enkjesetet Kjos og vart gravlagd i Hafslo 8.7.1819. Dei fekk ti born i lag: 1. Eline Ulrikke, kjend som Ulrikke Andreasdotter Lind, f. kring 1758, ##### (dato og stad for fødsel/dåp?) flytte med foreldri sine til Hafslo og budde i mange år i lag med mor si på Kjos. Men Ulrikke Lind flytte truleg kring 1820 med broren Alexander til Søholt i Ørskog der ho d. 6.2.1847, ugift. 2. Christian Ulrik Andreasson Lind, f. kring 1760, ##### (dato og stad for fødsel/dåp?) Christian Lind flytte aldri til Hafslo, men gifte seg i Trondheim 21.9.1797 med Maren Magdalena Hansdotter frå ##### (opphavet hennar?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1753) Christian fekk militær utdanning og vart «bombarder» ved artilleriet i Trondheim, men fekk avskil i 1806 og d. i Trondheim 4.8.1807. Maria var truleg den enkja Maren Lind som d. i Trondheim 16.4.1837, 84 år gamal. Dei var barnlause. 3. Birgitta Andreasdotter Lind, døypt i Trondheim 11.3.1762, Birgitta Lind gifte seg første gongen ##### (dato og stad for første vigsli hennar? - kring 1789!) med Jacob Christopher Ludvigson Foss frå Bergen. Han var son av kjøpmann Ludvig Foss i Bergen, opphavleg frå Rostock i Mecklenburg, Tyskland, og kona Cathrine Elisabeth Stephensdotter Susemehl, òg frå Bergen, og vart døypt i Bergen 26.8.1768. Jacob Foss var gastgjevar på Hofslund i Sogndal, men vart gravlagd i Sogndal alt 7.8.1793. Birgitta gifte seg att i Sogndal 16.10.1794 med Edvard Henrikson Christie frå Sund. Han var son av handelsmann Henrik Edvardson Christie på Kvalvåg i Sund, opphavleg frå Tysnes, og kona Maren Sophie Agathe Nathanaelsdotter Sunde frå Bergen og f. i Sund 14.8.1769. Edvard var òg handelsmann på Hofslund i Sogndal, men d. der alt 22.9.1797. Birgitta gifte seg so tredje gongen i Sogndal 4.11.1799 med Peter Elias Jonasson Alm frå Bergen. Han var son av matros Jonas Arnoldus Olson Alm i Bergen og kona Barbro Hansdotter Heitmann og f. i Bergen 28.7.1779. Peter Alm var handelsmann på Hofslund i Sogndal, men miste livet ved eit ulukkeshende til sjøs og vart gravlagd i Sogndal 12.1.1816. Birgitta d. som enkje på Hofslund 25.9.1829. Ho fekk i alt sju born, to frå første ekteskapet, tre frå andre ekteskapet og to frå det tredje: a. Ludvig Christopher Jacobson Foss, døypt i Sogndal 12.6.1791, vart gravlagd i Sogndal 24.11.1791. b. Cathrine Birgitte Jacobsdotter Foss, døypt i Sogndal 14.6.1792, d. som enkje på Herøy prestegard i Herøy, Sunnmøre 24.10.1862. Ho gifte seg i Sogndal 8.8.1819 med Ole Martinus Olsen, f. i Bergen 7.10.1792. Han d. i Bergen 10.2.1829. Ole var kirurg, og han og Cathrine busette seg i Bergen. Dei fekk ei dotter i lag. c. Maren Sophie Jacobine Sunde Edvardsdotter Christie, døypt i Sogndal 26.2.1795, d. ugift i Bergen 11.7.1865. d. Andreas Edvardson Christie, døypt i Sogndal 17.3.1796, vart gravlagd i Sogndal 6.4.1796. e. Henrik Wilhelm Edvardson Christie, døypt i Sogndal 9.6.1797, vart gravlagd i Sogndal 23.11.1797. f. Jacob Peterson Alm, døypt i Sogndal 13.7.1800, vart gravlagd i Sogndal 10.2.1802. g. Elisabeth Christine Petersdotter Alm (1801-1883), vart gift med handelsmann og gjestgjevar Herman Luth Wilhelmson Schjeldrup på Hofslund i Sogndal (1795-1867), son av handelsmann og gardbrukarson Wilhelm Melchiorson Schjeldrup frå Rønnei i Luster (1746-1814) (s.d.). 4. Alexander Andreasson Lind, f. i Verdal 11.6.1764, flytte rimelegvis med foreldri til Hafslo i 1787. Han vart hæroffiser i 1794, først fenrik og sidan major og kompanisjef for Bergenhusiske infanteribrigade. Han budde hjå mor si i Kjos i Hafslo, truleg heilt fram til kring 1820. Men kring 1820 flytte Alexander Lind til Søholt i Ørskog. Han fekk pensjon frå hæren 2.3.1829 og d. i Ørskog 22.11.1831, ugift. 5. Hans Henrik, kjend som Johan Henrik Andreasson Lind (1766-1819), vart sokneprest og budde ei tid på Jostedal prestegard i Jostedalen (s.d.). 6. Johan Wilhelm Andreasson Lind, døypt i Trondheim 21.4.1768, vart gravlagd i Trondheim 16.9.1768. 7. Johan Wilhelm Andreasson Lind, døypt i Trondheim 7.9.1769, vart gravlagd i Trondheim 19.9.1769. 8. Magdalena Christine Andreasdotter Lind, døypt i Trondheim 6.1.1771, d. truleg som barn, dato og stad ukjende. ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar?) 9. Herman Christian Andreasson Lind, døypt i København, Danmark 1.2.1775, Herman Lind flytte i ung alder til Danmark og tok universitetsutdanning der han fekk graden cand.philol. Han gifte seg i Trinitatis kyrkje i København, Danmark 4.1.1810 med Sara Danine Abrahamsdotter Meyer frå København, Danmark. Ho var dotter av parykkmakarmeistar Abraham ##### (patronym?) Meyer i København og kona Catharine E. ##### (fullt namn og patronym?) Geisler ##### (opphavi til båe?) og vart døypt i København 25.2.1788. Herman Lind var lærar og kyrkjesongar, og han og Sara busette seg i Smørum, Københavns amt på Sjælland i Danmark der Sara d. 21.4.1829. Herman Lind d. same staden 2.1.1854. Dei fekk ni born i lag: a. Henrik Christian Hermanson Lind, f. i København ##### (fødselsdatoen hans? – kring 1810?) d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – København kring 1812?) b. Andreas Henrik Hermanson Lind, f. i København 28.12.1812, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - Gerlev etter 1880?) Andreas gifte seg i Roskilde på Sjælland 22.6.1856 med Karen Marie Emilie Andersdotter Rasmussen, f. i Roskilde, Sjælland 25.9.1823. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - Gerlev kring 1870?) Andreas var lærar og kyrkjesongar til Gerlev i Frederiksborg amt på Sjælland og budde der levetidi ut. Han og Karen fekk ein son i lag. c. Ida Kirstine Hermansdotter Lind, f. i Smørum 19.9.1814, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - København etter 1885? – Frederiksberg, Københavns amt 25.11.1890?) Ho gifte seg i Holmens sokn i København 13.3.1837 med Anders Christensen, ##### (dato og stad for fødsli hans? - Hundtofte i Stenstrup sokn, Svendborg amt kring 1805? – Magleby, Svendborg amt 5.6.1805?) Han d. i Frederiksberg, Københavns amt 9.6.1882. Anders var kongeleg postbod og portnar, og han og Ida budde levetidi ut i København. Dei fekk visstnok fem born i lag. ##### (sjekka talet på born?) d. Carl Ferdinand Hermanson Lind, f. i Smørum 13.8.1817, d. i København 28.12.1873. Han gifte seg første gongen i Vor Frelser kyrkje i København, Danmark 20.4.1848 med Caroline Mathilde Johansdotter Greve, f. i København 11.11.1814. Ho d. i København 3.10.1857, og Carl gifte seg att i Vor Frue kyrkje i København 1.5.1864 med Christiane Wilhelmine Johansdotter Greve, ei søster av første kona, f. i København 21.1.1819. Ho d. i København 31.5.1909. Carl var karettmakarmeistar og budde levetidi ut i København. Han fekk to døtrer, som båe var frå første ekteskapet. e. Abrahamine Catharine Cecilie Hermansdotter Lind, f. i Smørum 1.2.1819, ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Ho gifte seg i Frederiksberg, Københavns amt i Danmark 1.12.1850 med Ignaz Franz Michael Franzson Bald, f. i København 9.5.1818. Han d. i København 4.12.1863. Ignaz var krohaldar og sidan arbeidsmann, og han og Abrahamine budde i København, Danmark. Dei fekk visstnok fem born i lag. ##### (sjekka talet på born?) f. Nanna Lovisa Hermansdotter Lind, f. i Smørum 4.12.1820, d. ugift i København 30.1.1876. Nanna var tenestejente og budde stort sett i København. Ho var ugift, men fekk ei dotter. g. Abraham Wilhelm Hermanson Lind, f. i Smørum 29.7.1822, d. i København ##### (dødsdatoen hans? – 1892?) Han gifte seg i København 7.9.1848 med Laura Christiane Elisabeth Larsdotter Storchter, f. i København 1.1.1826. Ho d. òg i København #####(dødsdatoen hennar? – 1892?) Abraham var snikkarsvein, og han og Laura budde levetidi ut i København, Danmark. Dei fekk seks born i lag. h. Theodora Regine Hermansdotter Lind, f. i Smørum 29.6.1824, d. i København 27.2.1899. Ho gifte seg i København 14.9.1855 med Nicolai Edinger Pederson Madsen frå København, f. i København 16.7.1818. Han d. i København ##### (dødsdatoen hans? – e. 1880!?) Nicolai var murmeistar, og han og Theodora budde i København, Danmark, men vart skilde etter kort tid. Me kjenner ikkje til born etter dei. ##### (sjekka om dei fekk born?) i. Benedicta Marie Hermansdotter Lind, f. i Smørum 5.8.1825, d. i Smørum 24.5.1827. 10. Anna Martha Andreasdotter Lind (1777-1852), vart gift med bataljonskirurg Mathias Albert Haberdorph Hansson Brock i Kjos (1773-1853). ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til å komplettera denne biografien!
  19. Dette er ei oppfølgjing av tema #7972 frå det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/93924-7972-nils-olson-hafslo-bremanger-sunnmøre/?tab=comments#comment-774656 og samstundes ein huslyd som Ivar Moe har mint meg om i eit anna innlegg og som eg svært gjerne vil henta fram att «frå gøymsli»! Ole Ellefson (1709-1764) og kona Susanna Hansdotter (1715-1763) var i mange år gardbrukarar på Mo i Hafslo, men flytte i 1762 til Sogndal der dei vart gardbrukarar på garden Åberge. Dei hadde åtte born i lag, mellom anna sonen Hans Olson (1744-1779) som døydde ugift i Sogndal. Ved skiftet etter denne Hans dagsewtt 3.2.1779: https://media.digitalarkivet.no/view/24141/221 kjem det fram interessante opplysningar om to av brørne hans: * Nils Olson, døypt i Hafslo 24.6.1747 - var 1779 busett på Sunnmøre * Halvor Olson, fødd i Hafslo kring 1750 - var 1779 busett i Danmark I det gamle emnet frå 2002 er eg ute med eit forslag som gjeld denne Nils Olson. Dersom han kalla opp mor si, Susanna, KAN han vera identisk med ein Nils Olson Qvalstad som med Malene Pedersdotter Osen fekk ei dotter Susanna døypt i Bremanger 10.10.1776: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005054878 men denne Susanna syner seg vera fødd utanfor ekteskap, so kanskje det likevel ikkje er han? FamilySearch syner forresten ei anna mor, Orlaug Andersdotter: Name Susanna Nilsen Gender Female Christening Date 10 Oct 1776 Christening Place , BREMANGER, SOGN OG FJORDANE, NORWAY Father's Name Niels Olsen Mother's Name Orloug Andersdr. Denne Susanna kan vera identisk med den Susanna Nilsdotter, 27 år, som i 1801 tente på Vågsberget i Selje og som i 1804 gifte seg med Lars Jeremiasson, gardbrukar på Nordpollen i Selje. Denne Susanna døydde i 1844. Selje ligg mellom Bremanger og Sunnmøre... Når det gjeld Halvor Olson, finn eg berre EIN god «kandidat» i vigselslistene hjå FamilySearch Name Halvor Olsen Spouse's Name Ane Margrethe Rasmusdr Event Date 03 Aug 1785 Event Place Garnisons Sogn, Kobenhavn, Kobenhavn, Denmark Kan det vera han?? Det hadde vore kjempemoro om me greidde å spora opp både Nils og Halvor, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  20. Eg har fått ei dansk utvandrarutfordring som eg vonar at nokon kan hjelpa meg med? Anne Cathrine Pedersen er oppgjevi fødd i Magleholm, som vel er i Maribo amt i Danmark 13.7.1858. Foreldri hennar skal vera Peder Skatte Pedersen og Anne Margrethe Nielsen. Anna utvandra til Amerika og gifte seg i Dane Co., WI 22.11.1884 med Østen Larsson Kroken frå Luster. FT1900 syner diverre ikkje noko utvandringsår for ho: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6Q19-K8L FT1910 syner diverre heller ikkje noko utvandringsår: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBH-P2F Er det likevel mogeleg utifrå desse opplysningane å finna ut/kontrollera: ** Dato og stad for fødsli til Anne Cathrine? ** Utvandringsåret hennar? ** Fulle namn på foreldri med yrkestitel, bustad(ar) og opphav til båe? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  21. Eg syner til FT1900 for Yankton Co., SD der me finn denne huslyden: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-688W-QJT Hans JUST Oct. 1858 Den Den Den farmer - em. 1874 Annie JUST Feb. 1865 IL Ger Ger - married 6 years Oscar JUST Nov. 1884 IL IL IL stepson FT1915 for Miner Co., SD syner at Hans hadde vore i Amerika i 40 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-68VS-NDJ FT1925 for Minnehaha Co., SD syner at Hans hadde vore i Ameriika i 49 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DTK7-1LP Er det ut ifrå desse opplysningane mogeleg å identifisera det danske opphavet til Hans Just? Utvandringi hans?
  22. Lisa Lohrmann ble født 10/10 1901 i Oslo. I folketellingen 1910 bor hun og foreldrene i Bolteløkka Allè 2 og på samme adresse finner jeg familien i Oslo adressebok for 1927. Etter dette er hun helt borte for meg, finner henne ikke noe sted. Foreldre; Hans Andreas Lyche Lohrmann & Erika Karoline Marie Lohrmann f. Heltberg. Dette er ikke direkte ane for meg men uansett et mysterium jeg har prøvd å finne ut av i lengre tid. Jeg tror Lisa var deres eneste barn. Jeg tror Lisa emigrerte til Danmark, synes å huske en ledetråd til Danmark og en mulighet for at hun senere het Lisa Ekko? Tips om hvor hun ble av eller hvordan jeg kan finne rette kilder er varmt velkomment ^_^ Vh Petter Lohrmann
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.