Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'enerson'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Hans Einerson var den yngste av to brør frå Haganes i Luster som utvandra til Amerika. Dei budde i same område i Nebraska. Broren Anders er handsama i eit anna tema, men ogso Hans og borni hans har ei «utfordrande» lagnad, særleg dei to sønene samt eldste barnet, som me ikkje veit noko om... Kanskje er det mogeleg å få hjelp til å finna svar på nokre av desse ufordringane? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Hans Einerson {Hagenæs}, f. {i Luster} 17.11.1847, Henry Enerson utvandra til Amerika i 1867 og gifte seg i Colfax Co., Neb. 17.12.1872 med ##### (original German name?) frå Köln i Tyskland, i Amerika kjend som Gertrude Catherine Ritzdorf. Ho var dotter av ##### (parents? – truleg døypt i Heimersheim, Rheinland-Pfalz 17.6.1849 – dotter av Carl Joseph Ritzdorf og Anna Maria f. Witsch) og f. i Köln i Tyskland 17.6.1849, men utvandra til Amerika i ##### (year of her emigration?) Henry og Gertrude slo seg ned som farmarar i Cedar precinct, Boone Co., Neb., men flytte sidan inn til Cedar Rapids, Boone Co., Neb. der Henry d. 19.2.1916. Gertrude Enerson budde siste leveåri sine i Sherman, sidan kalla West Hollywood, Los Angeles Co., Cal. der ho d. 18.12.1927. Henry og Gertrude fekk seks born i lag: a. NN Emerson, f. og d. i Boone Co., Neb. i 1873 eller 1874. ##### (details?) b. Anna Marie, kjend som Marie Enerson, f. i Boone Co., Neb. 12.11.1875, d. i San Francisco, Cal. 10.2.1949. Ho gifte seg i San Rafael, Cal. 5.2.1910 med William Henry Johnson, f. i Santa Clara Co., Cal. 18.12.1878. Han d. i Belmont, Cal. 13.9.1960. William Johnson var seljar («salesman»). Han og Marie budde først i Hollywood, Los Angeles Co., Cal., men flytte sidan til San Francisco, Cal. Dei var barnlause. c. Bessie Enerson, f. i Boone Co., Neb. 2.2.1878, d. i Ventura, Cal. 13.7.1965. Ho gifte seg i Omaha, Neb. 2.5.1921 med Frederick Milton Collins, f. i Fayette Co., Ky. 19.8.1874. Han d. i Los Angeles, Cal. 17.11.1956. Frederick Collins var seljar («salesman»), og han og Bessie budde i Sherman (West Hollywood), Cal. Dei var barnlause. d. Louise Enerson, f. i Boone Co., Neb. 20.3.1880, d. i West Hollywood, Cal. 28.1.1932. Louise var garderobedame ved eit filmselskap («wardrobe department worker at a movie picture studio») og budde i Sherman (West Hollywood), Cal. Ho var ugift. e. Francis Joseph, kjend som Joseph Enerson, f. i Boone Co., Neb. 16.8.1882, d. i South Omaha, Neb. 23.5.1944. Han gifte seg i South Omaha, Neb. ##### (or married in Arlington, Washington Co., NE?) 2.6.1910 med Rozella M. ##### (middle name?) kjend som Zella Jungbluth, f. i Washington Co., Neb. 17.5.1886. Ho d. i Steubenville, Ohio 2.12.1962. Joseph Enerson var nestleiar for ein bank («bank vice president»), og han og Zella budde i South Omaha, Neb. Dei var barnlause, men adopterte to born. f. Charles Edward Enerson, f. i Boone Co., Neb. 24.7.1885, d. i ##### (place of his death? – where in Maryland? – buried Baltimore, MD) 26.12.1943. Han gifte seg i Boone Co., Neb. 11.11.­1912 med Anna Clara Meyer, f. i Platte Co., Neb. 18.1.1887. Ho d. i Santa Monica, Cal. 1.9.1972. Charles Enerson var eigedomsseljar («land salesman»), og han og Anna budde i Kimball, Kimball Co., Neb. Dei fekk tre born i lag. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.