Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'gyntersberg'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 2 resultater

  1. Desse opplysningane plukka eg for mange år sidan ut av ymse online kjelder: Lensherre Axel Henrikson Gyntersberg, av pommersk adelsætt, skal vera fødd kring 1520, uvisst kvar, og døydde kring 1588 på Torget i Brønnøy. Han gifte seg kring 1555, truleg i Meløy, med Kirstina Trondsdotter Benkestok, dotter av væpnar og lensherre Trond Tollefson Benkestok på Gjeresvik i Meløy (1497-1558), opphavleg frå Joranger nedre i Hafslo i Sogn! So vidt eg veit, fekk Axel og Kirstina i alt ti born, mellom anna ei dotter: * Cecilia Axelsdotter Gyntersberg, som vart første kona til gardbrukar (og godseigar?) Johan Andersson Teiste i Kroken i Sogn (1560-1607). Men Cecilia skal vera avlidi i ung alder, og Johan gifte seg kring 1606 att med adelskvinna Øllegaard Pedersdotter av ukjent opphav. Eg kjenner ikkje til born etter Cecilia og Johan, men er det nokon som er i stand til skaffa meg litt fleire opplysningar om denne Cecilia, som til dømes omtrentlege fødsels- og dødsår? Finst det dokumentasjon for at Cecilia Gyntersberg verkeleg var gift med Johan Teiste? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Eg har i årevis jobba med huslyden til John Andersson Teiste (1560-1607) på Kroken i Hafslo, men berre heilt tilfeldig oppdaga eg i dag at han må ha vore gift TO gongar. Frå før veit me at han kring 1605 gifte seg med ei Øllegaard Pedersdotter, som sidan gifte seg att to gongar i Kroken, først med futen Peder Frost og sidan med futen Simon Nilsson. I dag fekk eg so greie på (gjennom E. A. Thomle sin artikkel frå 1903!) at John var gift ein gong før med Cecilia Axelsdotter Gyntersberg frå Torget i Brønnøy. Ho var dotter av lensherre Axel Henrikson Gyntersberg på Torget og kona Kirstina Trondsdotter Benkestok. Då er det at eg no ønskjer å leggja til følgjande detaljar i manuskriptet mitt før dette vert prenta: ** Kjenner ein (nokolunde) leveåri til Cecilia Axelsdotter Gyntersberg? ** Kvar var lensherre Axel Henrikson Gyntersberg fødd og oppvaksen? ** Kvar var Kirstina Trondsdotter Benkestok fødd og oppvaksi? ** Kjenner ein fleire detaljar om John Teiste og ekteskapet hennar med Cecilia? Kva er basiskjelda for dette ekteskapet? ** Endeleg vil eg gjerne få ta opp att spørsmålet om Øllegaard Pedersdotter - er det i det heile mgeleg å seia noko om kven ho kan ha vore? Ho har vel truleg vore av «høg byrd», me utan ættenamn er det vanskeleg... Eg takkar so mykje på førehand for alle gpde tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.