Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'hafslo'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

  1. Iflg. kirkebok i Norderhov ved giftemål i 1890 fremgår det at hun har bodd i Norderhov 8 år. Alle hennes søsken emigrerte til Amerika i perioden 1880-1896, med untak av hennes yngst bror. Det antas at ikke Johanna dro alene til Hønefoss, men at hun dro sammen med slektninger. Etter det som er å lese dro hennes fetter Søren Lemvig Johanneson Kjos (1854-1937)og kona Øllegaard Pedersdtr (1854-1916)., med familie til Norderhov i 1884. Dette sammefaller ikke helt med at hun har vært i Norderhov fra 1882, men årstallene kan sikkert være litt usikre. Er det noen mulighet for å finne ut om det er riktig at hun reiste med disse eller om hun har kommet til Norderhov på annen måte.
  2. Eg har i mange år vore på leiting etter denne jenta frå Hafslo. Kanskje det no er på tide å finna ho att? Synneva Pedersdotter Weberg, dotter husmann Peder Pederson Weberg (1738-1804) og kona Mari Olsdotter f. Haugen (1735-1810), vart døypt i Hafslo 23.7.1775. I 1801 var ho tenestejente på Valaker i Hafslo, men ho var òg i live både i 1821 og 1827 utan at nokon bustad er oppgjeven. Synneva hadde m.a. to søsken: * Britha Pedersdotter (1772-1808) - gifte seg til Sogndal og budde der! * Ole Pederson (1778-1809), var gift og budde på Veberg som innerst, men dei einaste to borni hans kom i ung alder til Gulen og voks opp der! Kan henda hjå mosteri? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Eg er ikkje nokon ekspert på skrift frå 1600-talet, og her kjem ei utfordring som kanskje nokon kan hjelpa meg med: Det tek til på åttande siste linje på høgre side: https://media.digitalarkivet.no/view/28558/10 «Johan Theiste hafde ladet indstefne Brite Josephsdatter Semb(?) huis Huuse ehr bruchte som huis(?) Berendt Nagell paa Lobergs hafer setter opschrift bekoste ....(?)» Vidare kjem det fram at Britha hadde butt på Loberg i 13 år fram til for tre år sidan og at Berendt Nagell ikkje hadde gjort noko med dei tre husi som stod på plassen. På neste side i tingboki er Siri Siffuersdatter innstemnd med liknande uttale om husi på plassen Skophammar. Ogso husi på Surnasete er nemnde, men utan namn på brukar... Spørsmål: * Kva står på sjuande og sjette siste linjene på sida som eg har referert til over? * Har eg elles oppfatta teksten so nokolunde korrekt? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Eg syner til denne sida i Manntalet for 1664/1666 for garden Kroken («Krogenn») i Hafslo: https://media.digitalarkivet.no/view/35573/73 Som husmenn under Kroken les eg: * Thrund Thorgieldsen «vnder Companiet» * Joen Lauridsen L.... * Poffel Surens....... * Olluf Loeberg Kva er dei fulle namni til Joen og Poffel?? Ein av dei gamle husmannsplassane under Kroken heitte LOEN - kan det vera bustaden til Joen Lauridsen?? Ei anna kjelde oppgjev Poffel sitt namn til Paul Sjurson, men her står det då vitterleg Sørenson?? Kva med plassnamn? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Torkild Rasmusson var fødd på Skophammar i Hafslo og vart døypt der 9.8.1767. Han var son av Rasmus Torklildson og Gunnhild Hansdotter som enda opp som husmannsfolk under garden Styvi i Aurland der Torkild vart konfirmert i 1789. Skiftet etter faren frå 1789 seier at Torkild då var utkommandert til Fredrikstad: https://media.digitalarkivet.no/view/24169/337 og i FT1801 finn me han som grenader på Fredrikstad festning: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058191002265 Er det mogeleg å finna ut noko om lagnaden til Torkild Rasmusson? Eg har blatt igjennom mange årganger med dødsfall i Fredrikstad, men utan resultat... Elles har dette emnet vore oppe ein gong før, men utan resultat: https://forum.arkivverket.no/topic/195692-rasmus-torkildson-styvi-1728-1789-flytting-mellom-lærdal-årdal-hafslo-og-aurland-kvar-vart-det-av-yngste-bornisvigerborni-i-denne-huslyden/ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Eg slit med å identifisera to søsken ENGESLEF som gifte seg med to søsken TEISTE frå Kroken i Hafslo: Søren Jensson ENGESLEF, fødd kring 1665 - gifte seg truleg kring 1694 med Øllegaard Jansdotter TEISTE, fødd i Hafslo kring 1674. Dei var i fleire år gardbrukarar på Marheim i Hafslo, men flytte kring 1698 til Bergen og kring 1703 vidare til København der Søren var distillatør og der han døydde kring 1711. Minst ei dotter vart døypt i Bergen: * Margretha, døypt Bergen 16.6.1702: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005754550 Maren Jensdotter ENGESLEF, fødd kring 1668 - gifte seg kring 1691 med Peder Janson TEISTE, fødd i Hafslo kring 1667. Dei budde som gardbrukarar i Kroken der Peder døydde kring 1709, medan Maren levde til kring 1730. Er det mogeleg å finna noko om opphavet til desse søskeni? Var dei danske av fødsel?? Skal me dømma etter namneoppkallingane, heitte mori mest truleg Anna... Her finn me eit par andre Engeslef-huslydar i Danmark: * Barnefødsel Mette Margrethe Pedersdotter Engeslef i Sæby, Hjørring amt 1703: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XBQ7-HSH * Skifte etter Hans Engeslef i Aarhus 1745: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q2SQ-SVN5 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Dette er ei utfordring eg har hatt liggjande i mange år, men som eg aldri er vorten klok på: Johannes Augundson (1822-1865) og kona Anna Johannesdotter (1829-1908) var gardbrukarar på Høgi i Hafslo. Då Anna døydde i 1908, levde det att tre born etter ho: * Dotteri Synneva (1856-1948) vart gift og budde på Høgi * Sonen Johannes Johannesson Høgi, fødd i Hafslo 14.5.1853 * Sonen Andreas Johannesson Høgi, fødd i Hafslo 17.12.1863 Båe gutane budde heime på Høgi i 1908, men vert sidan borte frå bygdi. Andreas budde i 1910 i Marifjøra i Hafslo: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036724003672 Eitt barnebarn av søsteri Synneva meinte at Andreas sidan skal ha vore gartnararbeidar og budde i Christiania, men om Johannes visste barnebarnet ikkje noko meir. Er det mogeleg etter so mange år å finna ut noko meir om lagnadane til desse gutane? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! No ser eg at Andreas Høgi truleg gøymer seg attom dette dødsfallet på Vaterland i Christiania 10.2.1922: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002631643 men er fleire detaljar om han tilgjengelege (flytteår til Christiania, ervingar? Og kva med Johannes?
  8. Dette er ei utfordring som eg har kjempa med i mange år og som no skal vera ein del av siste bandet i bygdebokserien for Luster. Greier nokon å løysa denne floka? Anna Nilsdotter Urnæs, var fødd på husmannsplassen Hagen under Urnes i Hafslo 6.10.1883. Her er «gjen»utvandringi hennar frå 1914: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000736939 Ho gifte seg i Thief River Falls, MN 16.11.1919 med Bernhard Hansson Helgerud frå Land (1888-1932), som utvandra til Amerika i 1909. Her er dei i: * FT1920 i Divide Co., ND (båe med utvandringsår 1910): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RFH-3JM * FT1930 i Divide Co., ND (han med utvandringsår 1910, ho med utvandringsår 1907): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRCN-3K Eg føler eg har leitt både høgt og lågt, men eg finn ikkje denne utvandringi. Det var ei Anna Nilsdotter Næsset som utvandra frå Hafslo i 1906, men det var ei onnor jente! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Anton Hagalee kom i kveld med ei fantastisk oppdaging frå Amerika! Eg har i over 40 år vore på leiting etter Maria Johannesdotter frå Haugen under Urnes i Hafslo, fødd 1865, som i 1885 utvandra til Amerika og som me visste hadde butt i Chicago, IL, men utan å vita ættenamnet hennar der borte var det ikkje so heilt lett! No er Maria kommi til rette, og eg har tilbragt fleire timer med å studera huslyden hennar. Eg har finne mykje, men no står eg fast! Endå manglar det ein del detaljar, og no vonar eg at kanskje nokon kan hjelpa meg freista finna nokre av dei? Denne huslyden skal vera med i band XII av bygdebokserien for Luster som skal utgjevast om kort tid, og eg kan ikkje få takka nok for denne kjempeoppdagingi! Manuskriptet mitt ser no slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #9 under: Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Eg har i so mange år slite med å finna lagnadane til fleire søsken frå Urnes i Hafslo som sist vart sette i Bergen i 1785 og 1792 og som mellom anna er drøfta i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/225948-gunvor-jørgensdotter-fødd-1768-og-lars-jørgenson-fødd-1777-halvsøsken-frå-hafslo-som-forsvinn-i-bergen-kvar-i-all-verdi-vart-det-av-dei-ei-kjempeutfordring/?tab=comments#comment-2101729 ** Gunvor Jørgensdotter (Haugen), døypt i Hafslo 14.8.1768 - konfirmert i Domkyrkja i Bergen i 1785 ** Lars Jørgenson (Haugen), døypt i Hafslo 27.7.1777 - konfirmert i Nykyrkja i Bergen i 1792 Eg har leitt «høgt og lågt» etter desse søskeni og mistenker dei for kanskje å ha forlete landet slik fleire andre indresogningar gjorde på den tidi - truleg då til København i Danmark? Og i desperasjon seier eg følgjande: Om nokon greier å finna lagnadane til desse halvsøskeni, vil vedkommande få ei bokgåve frå meg: Band XII i bygdebokserien for Luster når denne er ferdig prenta! Eg vonar eg ikkje bryt med regelverket til Digitalarkivet ved å lova ei slik beløning...!? Eg takkar hundre tusen gongar på førehand for alle gode tips!
  11. Ei gamal, men like vonlaus utfordring frå Kroken i Hafslo: Dette skiftet frå 20.5.1744: https://media.digitalarkivet.no/view/24137/140 syner at husmannskona Christi Larsdotter då var avlidi og let etter seg: * Knut Halvorson, enkjemann * Halvor Knutson, son * Lars Knutson, son * Guri Knutsdotter, dotter Kyrkjebøker og tingbøker syner at: * Halvor Knutson var fødd på Sørheim i Luster ?.12.1723 * Lars Knutson vart døypt frå Kroken i Hafslo 16.8.1733 * Guri Knutsdotter vart døypt frå Kroken i Hafslo 8.12.1737 Som enkjemann flytte Knut Halvorson til plassen Lunden under Rønnei der han gifte seg att, men han døydde i 1753. Både Knut og Christi kom frå «bondestand», og dei hadde mange søsken, men dei budde alle i Luster eller Hafslo - difor finn eg det høgst «besynderleg» at eg ikkje kan finna spor etter dei tre borni deira nokon stad!? Ingen av dei vart konfirmerte i Luster og heller ikkje i Hafslo (lister frå 1755), so kvar i all verdi kan dei ha vorte av? Kanskje hamna ein eller fleire av dei i Bergen? Knut hadde ei stedotter som gifte seg i Luster, men som sist på 1760-talet flytte med mann og fleire born til Bergen... Eg ville vorte svært so glad om nokon greier komma på spor etter denne huslyden og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  12. Kirsti Jensdotter Raaum, døypt i Luster 8.7.1798, levde ugift til ho 12.7.1847 henta heim Nils Pederson frå Molland i Hafslo, og dei budde som kårfolk og sidan plassfolk i Råaberget under Råum i Luster der Kirsti døydde 13.5.1869. Ho hadde tre born før ho gifte seg med Nils, men to av dei var tydeleg avlidne, og om sonen: * Johannes Johannesson,fødd i Hafslo 24.3.1832, heitte det at dei ikkje hadde høyrt gjete han sidan han reiste frå bygdi i ung alder! Her ser me at Johannes Johannesson Raaum flytte til Bergen i 1849 - 17 år gamal (#30): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/207 Men opphaldet i Bergen varte ikkje lenge, for i 1851 flytte han til Nordland - 19 år gamal (#107): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/213 Frå ei anna kjelde (passprotokoll?) får me opplyst at han i 1851 var middels høg, hadde blondt hår og blå auge. Frå endå ei anna kjelde, truleg ein lensmannsprotokoll, kan henda frå dødsmeldingi etter mori, får me so opplyst at Johannes var heime på ny i 1872, truleg for å gjera krav på arv etter mori, men kjeldene fortel oss ikkje kvar han då budde! Er det i det heile mogeleg å finna lagnaden til denne Johannes Johannesson Raaum? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Denne utfordringi har ganske sikkert vore framme før, men spørsmåli står framleis utan svar, og eg greier ikkje finna att referansen... Peder Janson Teiste på Kroken i Hafslo (1667-1722) og danskfødde Maren Jensdotter Engeslef (1668-1730) hadde fleire born, mellom anna desse tre sønene som har skaffa meg mykje hovudbry: * Jens Pederson Teiste, fødd i Hafslo kring 1698, reiste i ung alder ut som sjømann, og då faren døydde i 1722, budde han i Amsterdam. Då søsteri Øllegaard døydde barnlaus i 1745, visst ikkje dei andre søskeni om Jens framleis levde eller ei...! * Peder Pederson Teiste, fødd i Hafslo kring 1702, var i 1722 gullsmedlærling i Bergen, men i 1745 visste dei andre søskeni heller ikkje om han levde eller ei...! * Fredrik Pederson Teiste, fødd i Hafslo kring 1706, var i 1722 framleis heime i Kroken, men var avliden før 1745. Huslyden hadde nær tilknytting til København, og eg ser ikkje bort ifrå at ein eller fleire av desse gutane godt kan ha butt der... Eg ville vorte svært so glad om nokon kunne hjelpa meg med spor etter desse brørne og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. Eg slit med ei skikkeleg utfordring: Ein IVERSEN skal ha vore styrar for Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken, Hafslo frå 1903 til 1905, men han har ikkje sett spor etter seg i kyrkjebøkene for Hafslo, korkje som barnefar eller som faddar. Eg står heilt utan spor, og no lurer eg på om nokon kan hjelpa meg finna ut kven denne Iversen kan ha vore? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  15. Eg har i dag fått greie på at det ved amtsjenteskulen i Kroken i Hafslo òg skal ha vore ein styrar kring 1916-1917 med namn Daniel Viken. Dette namnet er elles heilt ukjend, men er det likevel mogeleg å identifisera denne karen? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  16. Ifølgje eit innlegg i emnet om Tomine Erdal vart Ragna Fuglestvedt frå Mandal 17.3.1904 tilsett som husstyrar ved amtsskulen i Kroken i Hafslo: Sogns Tidend 23. mars 1904 Denne jenta finn me att i FT1910 for Glemmen der ho var kjøkenlærar ved folkeskulen og fødd i Nes 16.11.1876: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036355002685 Og her er ho avlidi i Oslo i oktober 1955: https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000001552720 Kan nokon hjelpa meg finna ut: * Kva for eit Nes var ho fødd i? * Kven var foreldri hennar? * Dato og stad for dødsfallet hennar - dødsannonse? * Biografi elles? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  17. Dette er ei kjempeutfordring som eg har jobba med i minst 35 år, men som eg aldri har greidd å løysa! Kanskje no er tidi kommi? Eg syner til denne huslyden frå FT1801 for garden Loven i Luster: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058398001211 Ole Johannesson, 32, husmann med jord Mari Johannesdotter, 41, kona hans Dei var då plassfolk på plassen Lovelund under Loven der dei visstnok flytte inn kring 1797. Kring 1811 flytte dei so eit lite stykke utover fjorden til plassen Ekrene under Kroken i Hafslo, og der døydde dei; Ole Johannesson 6.5.1847, 78 år: https://media.digitalarkivet.no/view/11460/38 Mari Johannesdotter 12.11.1837, 83 år: https://media.digitalarkivet.no/view/11460/8 Som enkjemann gifte Ole seg att i Luster 11.7.1838, 68 år, med far Johannes Olson: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/125 Som fødestad er oppgjeven Ekrene, men der var han i alle fall IKKJE fødd! Og eg veit ikkje om me kan stola på at faren heitte Johannes Olson heller!? Eg har so langt ikkje greidd å finna opphavi til korkje Ole eller Mari, og ei òrsak er at eg ikkje finn vigsli deira! For Ole har eg to alternativ: * Ole, f. i Lærdal 2.6.1768 som son av gardbrukar Johannes Olson på Aarethun * Ole, døypt i Hafslo 1.10.1769 som son av paktar Johannes Ingebrigtson på Hafslo prestegard, sidan busett i Holten på Kaupanger i Sogndal. Om denne siste har me ei fråsegn frå 1793 om at han då var busett i ytre Sogn, men seinare lagnad er ukjend! Det hadde vore berre heilt fantastisk om nokon greidde finna: * Dato og stad for vigsli til Ole og Mari kort før 1801? * Dato og stad for fødslene til Ole og Mari på 1760-talet? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  18. Utgongspunktet for denne utfordringi er skiftet etter Ole Nilsson på plassen Titeigen under Kroken i Hafslo frå 7.12.1742: https://media.digitalarkivet.no/view/24137/96 Her er manuskriptet mitt for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~ Ole Nilsson Titeigen, frå ¤¤¤¤¤ (opphavet hans? - søsken opprekna 1742: · Christen Nilsson, fullbror · Erik Nilsson, fullbror · Aamund Nilsson, halvbror · Anna Nilsdotter, fullsøster – gift med Lars Iverson) var f. ¤¤¤¤¤ (fødestaden hans) kring 1691 og vart gravlagd frå Titeigen i Luster 1.11.1742. Han gifte seg i Luster kring 1721 med Britha Simonsdotter frå Einehaugen under Sørheim i Luster. Ho var f. i Luster kring 1677 og vart gravlagd frå Titeigen i Luster 3.11.1748. Ole og Britha kom som plassfolk til Titeigen i 1720-åri og budde her levetidi ut. Me kjenner berre til ei dotter etter dei: 1. Britha Olsdotter (1724-før 1742). ~~~~~~~~~~~~~ Eg finn ingen gode «kandidatar» for desse søskeni i FT1701 «who jump out at me». Namni finst fleire stadar, men søskeni deira stemmer ikkje... Kan Ole Nilsson vera komen over fjellet frå Gudbrandsdalen eller Valdres eller utante kysten? Her er gravferdi hans frå Luster 1.11.1742, 56 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/186 Eg ville vorte «hoppande glad» om nokon greier finna ut av denne søskenflokken og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  19. Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne jenta: Lisbet Eikrem, truleg fødd i Tingvoll, kom i 1926 som lærar til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo og arbeidde der fram til 1946. Jenta er elles heilt ukjend. Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne jenta, opphav og lagnad? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  20. Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne jenta: Ellia Olianna Tollefsdotter Vasset, fødd i Kinn 16.2.1876, kom før 1910 som lærar til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo, men me veit ikkje kor lenge ho var der. Jenta er elles heilt ukjend. Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne jenta, opphav og lagnad? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  21. Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne jenta: Anna Rotnæs, fødd i Førde 1860, kom før 1900 som lærar til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo, men flytte bort før 1910. Jenta er elles heilt ukjend. Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne jenta, opphav og lagnad? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  22. Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne jenta: Nille Torkildsdotter Trædal, fødd i Lavik 27.5.1860, kom før 1910 som husstyrar til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo, men me veit ikkje kor lenge ho var der. Jenta er elles heilt ukjend. Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne jenta, opphav og lagnad? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  23. Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne jenta: Tomine Erdal, fødd i Førde 1877, kom før 1900 som husstyrar til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo, men flytte derifrå før 1910. Jenta er elles heilt ukjend. Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne jenta, opphav og lagnad? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  24. Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne jenta: Kari Johannesdotter Førsund, fødd i Hosanger 20.2.1864, kom før 1900 som meierske til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo og var sidan meierlærar same stad til etter 1910. Jenta er elles heilt ukjend. Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne jenta, opphav og lagnad? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  25. Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne jenta: Ragna Hole kom i 1922 som lærar til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo og tok i 1926 ovcer som styrar samed stad. Denne stillingi hadde ho heilt fram til 1947. Jenta er elles heilt ukjend. Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne jenta, opphav og lagnad? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.