Search the Community
Showing results for tags 'hafslo'.
-
Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #35761 frå det gamle Brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/121286-35761-ole-ankersen-og-kari-hansdotter-1752-frå-luster-til-bergen-borni-deira/?tab=comments#comment-990484 men har lege som ei uløyst gåte hjå meg sidan 1980-talet. Kanskje er no tidi kommi for å finna ei løysing? Kanskje har eg no sjølv oppdaga lagnaden til ein av sønene? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Ole Ankerson Sandvig, frå ##### (opphavet hans? - kan henda frå Bergen??) var visstnok f. kring 1705 og gifte seg i Hafslo 31.5.1733 med Kari Hansdotter frå Alme i Hafslo, f. i Hafslo kring 1708. Ole Ankerson fekk 7.4.1734 bygsel på dette bruket i Sandviki, og han og Kari dreiv bruket til dei av økonomiske grunnar laut gå frå i 1744. Sidan budde dei nokre år i Hafslo, truleg som innerstfolk på Alme. Men kring 1752 flytte Ole Ankersen og kona Karen til Bergen. Dei busette seg på Nordnes i Bergen, visstnok i Claus Ockenssmuget, men Ole arbeidde som vektar på torget i Bergen. Karen d. i Bergen 5.9.1783, medan Ole d. same staden 12.10.1794. Me kjenner til åtte born etter dei: ##### (hadde dei òg ei dotter Martha Olsdotter?) a. Anna Olsdotter (1733-1735), f. i Hafslo og d. i Sandviki. b. Hans Olsen, døypt i Luster 6.12.1735, ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen eller kan henda gift på Leikanger?) c. Anders Olsen, døypt i Hafslo 21.9.1738, ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen?) d. Anna Olsdotter, døypt i Luster 11.11.1741, ##### (lagnaden hennar? - flytt til Bergen?) e. Lars Olsen, døypt i Hafslo 9.5.1745, ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen?) f. Peder Olsen, døypt i Hafslo 18.2.1748, ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen?) g. Henrik Olsen, døypt i Hafslo 15.3.1750, ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen?) h. Ole Olsen, døypt i Bergen 4.8.1754, ##### (lagnaden hans?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Når det gjeld eldste sonen Hans Olson har eg i det siste børja fatta mistanke om det kan vera han som i 1765 gifte seg med Synneva Rasmusdotter på Leikanger og som soleis vart ein del av huslyden drøfta i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/226866-synneva-rasmusdotter-frå-marifjøra-i-hafslo-fødd-1735-fekk-ei-dotter-på-leikanger-i-1757-kvar-vart-det-av-synneva-og-dotteri-ei-kjempeutfordring-synneva-kan-henda-gift-på-leikanger-1765-med-hans-olson-husebø/ Denne Hans Olson synest ikkje vera fødd på Leikanger og kan godt ha flytt dit frå indre Sogn, på same vis som Synneva! Dessutan hadde eldste dotteri til Synneva og Hans namnet Anna som KAN vera oppkalling etter mori hans...!? Ikkje godt å vita sikkert. Ole Ankerson sin son Hans var fødd i 1735 og var meir eller mindre vaksen då foreldri flytte til Bergen, og han kan godt ha vorte att i Sogn - på eige hand... Elles er det so mange born i huslyden til Ole Ankerson at i alle fall nokre av dei bør ha levd opp og kanskje gift seg i Bergen!? Eg har sett litt på ulike alternativ, og i augi mine fall denne: Lars Olson, dikselsmann - gift med Alida Eriksdotter - fekk desse borni i Nykyrkja i Bergen: * Erik Olai, døypt 18.12.1771 (ein av fadrane heitte Henrik Olson): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005656830 * Anne Karine, døypt 27.11.1774 (ein av fadrane heitte Ole Olson): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005658743 * Helene, døypt 18.12.1778 (ein av fadrane heitte Anna Margrethe Olsdotter): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005627646 * Karen, døypt 24.1.1781: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/29 * Karen, døypt 4.12.1785: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/55 * Henrikke Oline, døypt 2.11.1788: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/75 Det hadde vore kjempeflott om det let seg gjera spora opp denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Kenneth Bratland har i dag sendt meg ei svært hyggeleg melding. Han kom over eit skifte frå Fana frå 1810 som synte seg gjelda ein utflyttar frå Hafslo som hadde gift seg til Fana, og dette er ein person eg ikkje visste so mykje om frå før! Han var innom tukthuset i Bergen og tente i Bergen i 1804, men so var han «borte vekk»! Hjarteleg takk til Kenneth for kjempefine opplysningar! På bakgrunn av skiftet og dei digitaliserte kyrkjebøkene for Fana har eg no sett opp følgjande manuskript for denne huslyden, men som ein ser, manglar eg ein del detaljar, særleg om foreldri til Agatha og om ektemakane hennar: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye informative innlegg frå Lars J. er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg $5 under! Eg vil i utgongspunktet tru at bygdebøkene for Fana vil vera til stor hjelp for å finna svar på mange av dei òpne spørsmåli, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette er ein person som eg har vore på leiting etter i mange år, men som berre ikkje vil dukka opp nokon stad: Johannes Christenson Beim, vart døypt i Hafslo 23.3.1815: https://media.digitalarkivet.no/view/1993/27 som son av Christen Iverson (1778-1835) og Siri Johannesdotter (1785-1845), gardbrukarar på Beim i Hafslo. Han vart konfirmert frå Beim i 1830: https://media.digitalarkivet.no/view/11456/102 Men då det i 1879 vart halde skifte på Beim etter broren Iver, er Johannes ikkje nemnd, so me har grunn til å tru at han var avliden før den tid utan å etterlata seg born, men lagnaden hans er altso heilt ukjend. Kan han vera faren til Nordland?? Eg takka so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Johannes!
-
Kristoffer Pedersen alias Karl Andersen, fødd i Hafslo 1870 - botsfengselet 1903/04 - lagnaden hans?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Kristoffer Pedersen, fødd på garden Joranger i Hafslo 9.12.1870 som yngste barn av gardbrukar Peder Jørgenson (1825-1904) og kona Malena Johannesdotter (1828-1917), skal etter tradisjonen heime på Hafslo ha rømt frå bygdi for å sleppa unna militær teneste. Ryktene seier han reiste til Trondheim, men dei høyrde aldri meir gjete mannen i heimbygdi! No har eg gjort ei spennande oppdaging på Digitalarkivet og syner til desse to postane i «detaljert søk» basert på fødselsdato: https://digitalarkivet.no/view/84/pc00000001081306 Forbrytaralbum: https://media.digitalarkivet.no/view/58528/61 https://digitalarkivet.no/view/84/pc00000001095873 Detaljopplysningar: https://media.digitalarkivet.no/view/75922/11 Her les me mellom anna at Kristoffer var jarnbanearbeidar heimehøyrande på Toten, men med bustad i Trondheim! So er utfordringane: ** Kan Kristoffer Pedersen alias Karl Andersen finast i FT18991 og/eller FT1900? ** Kvar i all verdi er det vorte av Kristoffer Pedersen alias Karl Andersen etter 1904? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
I 1854 vart ein del «unge mannskap» frå Luster og Hafslo etterlyste i samband med militærteneste - ein av desse var: Iver Gjertson Opheimshaug, fødd i Hafslo 26.7.1832 som son av Gjert Iverson (1799-1868) og Elisabeth Johannesdotter (1797-1885) som frå 1833 var husmannsfolknpå Ellingsete under garden Lie i Hafslo. Foreldri utvandra til Amerika i 1860, olg einaste broren Johannes (1838-1913) var utvandra alt i 1857. Einaste gongen Iver sidan dukkar opp i kjeldene våre i Hafslo er i 1859 då han fekk flytteattest for å dra til sjøs: https://media.digitalarkivet.no/view/6870/28 Og ser ein nærare på denne flytteattesten, står det at han «afreiste herfra for ca, 7 Aar siden». Han var med andre borte frå Hafslo før han i 1854 vart etterlyst av styresmaktene, men kvar vart det av han? Eg hadde inne eit spørsmål om sjekking av sjømannsrullane for 12 år sidan, sjå gamle arkivforum #37606: https://forum.arkivverket.no/topic/123117-37606-sjømannsrullar-1859/?tab=comments#comment-1005827 men den gongen var dei ikkje tilgjengelege på nettet. Det hadde vore kjempefint om det let seg gjera finna lagnaden til Iver Gjertson, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
- sjømannsrullar
- gjertson
-
(and 2 more)
Tagged with:
-
Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #28492 frå det gamle brukarforum https://forum.arkivverket.no/topic/114103-28492-augund-einerson-høgi-f-hafslo-1785-haugianar-til-romsdalen-lagnaden-hans/?tab=comments#comment-931436 som den gongen i 2005 aldri fekk noki løysing. Kanskje det er betre i dag? Under svenskekrigen tidleg på 1800-talet flytte mange haugianarar frå indre Sogn til Romsdalen for å kjøpa seg gardar der oppe, og i 1809 finn me dette reisefølgjet frå garden Høgi i Hafslo: Peder Einerson (1780-1844) med kona Cecilia Torstensdotter (1780-1842) og to søner Randi Asbjørnsdotter, stemor hans og mor hennar, døypt i Vang i Valdres 14.5.1747 Augund Einerson, døypt i Hafslo 5.12.1785 Truleg reiste dei alle til garden Meeg i Bolsøy (noverande Averøy) i Romsdalen der Peder kjøpte seg ein gard, men alt i 1813, uvisst av kva grunn, selde han denne garden att og flytte med kona og borni attende til Høgi i Hafslo. MEN stemori/mori Randi Asbjørnsdotter og broren Augund Einerson ser ut til å ha vorte att i Romsdalen, utan at me til no har greidd å finna lagnadane deira! Kvar kan dei ha vorte av? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
- 11 replies
-
Denne utfordringi er ei oppfølging av tema #17930 frå det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/103677-17930-johannes-ingebrigtsen-drager-i-bergen-d-1794-kvar-vart-det-av-borni-hans/?tab=comments#comment-853159 Då huslyden til Johannes Ingebrigtson (Øien) var oppe til drøfting mellom 2003 og 2006, fann me svar på nokre spørsmål, men framleis er det myklje som er uklårt, og no vonar egtat nye auge kan sjå på denne huslyden og kanskje bidra med å føya til nye detaljar? Manuskriptet mitt ser pr. i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~ Johannes Ingebrigtson Øien, frå Grindhaug 1 under Marheim, vart døypt {i Hafslo} 12.1.1744 og gifte seg første gongen 22.10.1769 med Inga Paulsdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen. Ho vart døypt {i Hafslo} 30.1.1746. Johannes og Inga tok over styringi av heimeplassen hennar frå 1770, og 4.6.1771 fekk Johannes formell festesetel på plassen hjå Anders Pederson på Marheim. Johannes og Inga dreiv plassen fram til kring 1780. Johannes Ingebrigtsen og kona Inger flytte kring 1780 til Bergen og busette seg i Strangehagen der Johannes livnærte seg som dragar. Inger vart gravlagd i Bergen 8.4.1785, og Johannes gifte seg 25.3.1787 att i Bergen med Anna Thorsdotter frå ##### (opphavet hennar?) ##### (foreldri hennar?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?) Johannes heldt fram som drager i Bergen, men vart funnen død i ein brønn og vart gravlagd i Bergen 23.9.1794. ##### (seinare lagnad Anna?) Me kjenner til sju born etter Johannes, som alle var frå første ekteskapet med Inger: ##### (kan det ha vore fleire born? – oppl.?) a. Peder Johannessen, døypt i Hafslo 5.9.1769, levde i 1776 ##### (sikkert faren til Bergen med foreldri sine – lagnaden hans?) b. Anna Johannessen, døypt i Hafslo 16.11.1771, ##### (sikkert òg fari med foreldri til Bergen – lagnaden hennar?) c. Ingebrigt Johannessen, døypt i Hafslo 25.5.1775, ##### (sikkert faren til Bergen i lag med foreldri – lagnaden hans?) d. Solvi, kjend som Sylvia Johannessen, døypt i Hafslo 24.11.1776, flytte med foreldri til Bergen der ho d. 14.1.1867. Ho gifte seg første gongen i Bergen 21.10.1798 med Johannes Jacobsen, sidan kjend som Johan Jacob Steen, døypt i Bergen 30.9.1774. Johan var skomakar, men d. i Bergen alt ##### (dødsdatoen hans? – kring 1805!?) Sylvia gifte seg 14.8.1808 att i Bergen med Ole Erikson Holstad, f. på Holstad i Ulstein kring 1767. Han d. visstnok i Bergen 13.8.1840. ##### (sjekka om det var han?) Ole var matros, og han og Sylvia vart buande i Bergen levetidi ut. Sylvia fekk i alt elleve born, fire frå første ekteskapet og sju frå det andre. Mellom desse borni var tre tvillingpar. e. Anders Johannessen (1778-1779), f. og d. i Hafslo. f. Bertha Johannessen, tvilling, f. i Bergen 26.1.1785, ##### (ho eller tvillingsøsteri Metta vart gravlagd i Bergen 25.3.1785 – lagnaden hennar?) g. Metta Johannessen, likeins tvilling og f. i Bergen 26.1.1785, ##### (ho eller tvillingsøsteri Bertha vart gravlagd i Bergen 25.3.1785 – lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i mange år, men som eg aldri har greidd å finna ei løysing på: Malena Eriksdotter Sviggum (1853-1936), innerstjente i Marifjøra i Hafslo, fekk fem born. Eldst av dei var Karen Marie Christophersdotter Sviggum (1874-1928), mor til den i Brukarforum so mykje omskrivne Anders Elias Fosse (1906-1983). Tre av dei andre borni hennar kan me gjera greie for, men eg slit med denne sonen: * Iver Pederson Sviggum, son av Malena og Peder Pederson Øvrebø (1867-1896), fødd i Hafslo 26.4.1886: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003167043 Eg finn ikkje Iver korkje i FT1900 eller i FT1910, og heller ikkje har han dukka opp i dødsfallslistene for Hafslo! Det hadde vore kjempefint om me kunne spora opp denne guten, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette emnet tek utgongspunkt i eit innlegg som Ivar Moe skreiv i eit anna tema: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=8 Den Anders Pederson Storøen av Utvær som her er omskriven, må vera han som er fødd «uekte» på Oddekalv i Gulen 4.3.1823 og døypt 18.3.1823 av foreldri Peder Axelson og Ingeborg Rasmusdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11450/66 Kven var so denne Ingeborg? I hitt emnet har eg skrive følgjande: (som i ettertid har synt seg vera feil!) «Eg er ikkje 100% sikker, men eg trur at Ingeborg Rasmusdotter må vera ei som var fødd på plassen Grøt under garden Nes i Sogndal og døypt der 20.9.1789. Ho var dotter av husmann Rasmus Andersson og kona Ingeborg Jørgensdotter, båe barnefødde på Hafslo, men utflytte til Sogndal i 1785. Denne Ingeborg gifte seg første gongen i Bergen med Peder Olson frå plassen Stegen under Bøtun i Leikanger (1779-1834) og sidan med Mikkel Iverson frå Fosse i Hamre (1793-1866). Ingeborg døydde i 1866. Men denne delen av manuskriptet mitt har eg ikkje med meg der eg er no, so eg lyt få komma attende til denne saki når eg er heime att...» Men ved nærare sjekking av originalkjeldene kan eg ikkje sjå at dette parfolket hadde nokon son Anders, og dessutan ville dei andre søskeni ha vore ervingar etter Anders Pederson i 1861! Då har eg derimot ein annan «kandidat» som eg tykkjer kanskje høver betre, denne Ingeborg Rasmusdotter frå Solvorn i Hafslo, som attpåtil hadde eit søskenbarn Jonas Jacobson (1784-1831) som budde nettopp på Stendal i Solund: ~~~~~~~~~~~ (manuskriptutdrag gnr. 88, Rønnei i Luster - NB: Etter mange interessante oppdagingar i kveld er dette manuskriptet no omarbeidt or erstatta av eit nytt i innlegg #4 under! Eg er sjølvsagt svært interessert i oppfølgjande opplysningar om denne huslyden, men det som i utgongspunktet gjer meg litt «skeptisk», er at desse jentene skulle ha vore ervingar etter Anders Pedersn Storøen i 1861? Kan det tenkjast at ingen i Utvær visste om at Ingeborg hadde vore gift og fekk dei tre døtrene?? Eit anna spørsmål som bidreg til ytterlegare spekulasjonar, er dei tre «sidelinjeervingane» * Bernt Olson Hagen, i teneste på Sætre i Askvoll * Britha Olsdotter Hagen, i teneste i Dalsfjorden i Holmedal * Martinus Andersson Trevaag i Bø i Vesterålen Kven var dei? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bringa oss nærare ei løysing på denne erveutfordringi og likeins nærare ei komplettering av biografien til Aamund Einerson og Ingeborg Rasmusdotter.
-
LØYST: Malena Olsdotter Lie - kone som forsvann i Hafslo 1802? - ei kjempeutfordring!
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Dette emnet tek utgongspunkt i eit innlegg som Ivar Moe skreiv i eit anna tema: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=8 Her er svaret som eg la inn i nemnde tema for to veker sidan: «Men den store utfordringi er gardkona Malena Olsdotter på Li i Hafslo. Det finst nemlig ikkje nokon slik person i Hafslo etter det eg kan sjå! So anten må namnet vera feilskrive, eller bustaden hennar er feil!? Eg lyt spekulera vidare på, kven ho kan ha vore... Eller kanskje nokon har forslag å komma med?» Eg har halde fram med leitingi etter Malena «høgt og lågt», men eg står heilt «bom fast»! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
LØYST: Frå Hafslo via Høyanger til New Zealand - ein «kryptisk» huslyd - kan dei identifiserast?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Eg har motteke ei heller «kryptisk» melding frå New Zealand om denne huslyden som skal ha opphav i Hafslo i Sogn, men som eg har vanskar med å identifisera. Kanskje nokon kan hjelpa meg på veg? Malvin, òg kjend som Malle Thorsen, fødd kring 1900, skal vera avliden kring 1956, truleg i Høyanger. Han var gift to gongar, og frå første ekteskapet hadde han ein son: Gunnar Thorsen, fødd (i Høyanger?) kring 1935, reiste til sjøs som elektrikar og hamna kring 1966 på New Zealand der han døydde kring 1988. Han var gift med Margaret og fekk to søner, som no søker etter slekt i Hafslo! Det vert fortalt at Malvin skal ha vore drosjeeigar i Høyanger, men at bilen (bilane?) hans vart konfiskerte av tyskarane i 1940! Sidan jobba han som sjåfør ved Firda Billag! Eg har freista ulike søk i Digitalarkivet, mellom anna FT1910, men so langt utan resultat... Eg finn ingen med namnet Malvin eller Malle Thorsen... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!- 16 replies
-
For om lag 12 år sidan la eg la ned mykje krefter for å freista finna ut av denne huslyden frå Hafslo, som dels vart forsørga av fattigkassa og dels vart spreidd «for alle vinder». Nylig dukka sonen Timian opp i Karlskrona i Sverige, og dette har gjeve meg nytt mot om at kanskje andre delar av huslyden ogso kan komma til rette? Her følgjer eit ferskt manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under! Dei store utfordringane her er i første rekke: ** Kvar vart det av «mor Kirsti» som framleis levde i Bergen i 1912 - 90 år gamal? ** Lagnaden til eldste sonen Peder Knutson, som i 1865 var bakarlærling i Bergen? ** Manglande dødsfall til to av sønene etter Johan Knutsen Lunde i Bergen/Cardiff? ** Detaljar kring Christopher Lund i New Orleans, LA - kvar vart det av han? ** Lagnaden til dotteri Maria Lund som i 1894 utvandra til New Orleans, LA? Med omsyn til Kirsti Olsdotter, her er ho i FT1910 for Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708011011 Og her er ei referanse til ein forespørsl som eg gjorde i Arkivforum i 2006 om lagnaden hennar, diverre utan resultat: https://forum.arkivverket.no/topic/125839-40353-ft-bergen-1912-og-seinare-lagnad/?tab=comments#comment-1027928 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
-
Denne huslyden har vore oppe til drøfting før, siste gongen i 2016: https://forum.arkivverket.no/topic/203539-kjempeutfordringnøtt-jørgen-pedersen-frå-haugen-urnes-i-hafslo-1729-1789-og-dei-«umogelege»-borni-hans-i-bergen-flytte-dei-kan-henda-derifrå/?tab=comments#comment-1725836 Det har vore lagt fram fleire «teoriar» om kvar det vart av borni i denne huslyden (sjå mellom anna det gamle emnet), men ingen av desse har til no synt seg hjelpa oss vidare med denne «ekstraordinære» huslyden, og eg vil difor i dag starta på ny med «blanke ark og fargestiftar til»... Manuskriptet mitt er stort sett uendra frå kva det var i 2016 og ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~~ Jørgen Pederson Haugen, opphavleg frå Kjos, vart døypt 2.10.1729 og gifte seg første gongen 13.6.1751 med Gjøri Hansdotter frå Plassen i Kinserdalen under Urnes. Ho vart døypt 4.9.1729 og d. truleg på Børtnes kring 1770. Jørgen gifte seg so att i Årdal 27.10.1776 med enkja Britha Rasmusdotter, opphavleg frå Hovland i Årdal. Ho var dotter av husmann Rasmus Olson i Hola under Hovland og andre kona Metta Olsdotter ##### (opphavi deira? – han frå Nordfjord?) og vart døypt i Årdal 27.4.1738. Ho gifte seg første gongen i Årdal 29.9.1768 med Lars Andersson frå Hovland i Årdal. Han var son av husmann Anders Olson i Hola under Hovland, opphavleg frå Svalheim, og jenta Kari Larsdotter, òg frå Hola under Hovland og vart døypt i Årdal 8.6.1739. Lars og Britha var plassfolk på Vollen under Hovland i Årdal der Lars d. alt 6.1.1769. Jørgen og første kona Gjøri budde som plassfolk på Børtnes under Urnes, kan henda alt frå kring 1752, og dei budde nok der so lenge Gjøri levde. Då Jørgen i 1776 gifte seg att, flytte han til Haugen, truleg til denne plassen som me har kalla Haugen 2, og her vart han og Britha buande til kring 1782. Jørgen Pedersen og kona Bertha flytte kring 1782 til Bergen der Jørgen livnærte seg som dagarbeidar. Dei busette seg i Knøsesmuget i Bergen, og derifrå vart Jørgen gravlagd 26.5.1789. Bertha d. i Bergen 4.2.1804. Jørgen fekk i alt åtte born, seks frå første ekteskapet og to frå det andre; dessutan hadde andre kona Britha ein son frå første ekteskapet sitt: 1. Kari Jørgensdotter (1753-1821), vart gift med husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes i Sogndal (1757-1820), opphavleg husmannsson frå Løkjen under Kvam nedre (s.d.). 2. Peder Jørgenson (1755-1845), vart husmann i Haugen 1 i Kinserdalen under Urnes. 3. Anna Jørgensdotter (1758-1830), vart gift med gardbrukar Lars Knutson i Kvam øvre (1761-1836). 4. Britha Jørgensdotter (1761-1779). 5. Martha Jørgensdotter (1765-1783). 6. Gunvor Jørgensdotter, døypt 14.8.1768, Gunvor Jørgensdotter flytte kring 1782 med faren og stemori til Bergen og ##### (konf. DK 1785 – lagnaden hennar?) 7. Johannes Larsson, son av Britha og første mann hennar, var f. i Årdal 14.4.1768, Johannes Larssen (Hovland) flytte kring 1782 med mori og stefaren til Bergen og ##### (konf. DK 1787 – n. 1804 som dagarbeidar og sjauar i Bergen! – lagnaden hans?) 8. Lars Jørgenson, døypt 27.7.1777, Lars Jørgensen flytte òg kring 1782 med foreldri til Bergen og ##### (konf. NK 1792 – lagnaden hans?) 9. Gjøri Jørgensdotter, døypt 24.5.1779, Gurine Jørgensdotter flytte likeins kring 1782 med foreldri til Bergen og gifte seg visstnok i Nykyrkja i Bergen 3.8.1806 med Peder Larsson frå ##### (opphavet hans? – fødsel etc.?) Peder var matros, og han og Gurine budde i Bergen der ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1815, truleg kring 1808?) ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1815 – kan henda d. som legdelem i Bergen 23.12.1829, 59 år gamal, men ho er vel helst litt for gamal…) Dei fekk ein son i lag: a. Anfind Pederson Larsen, f. i Bergen 20.2.1807, vart konfirmert i Bergen i 1827 ##### (lagnaden hans?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg er ganske so fortvila over at denne huslyden skal «gøyma» seg so godt. Manuskriptet står kort før utgjeving, og det hadde vore so kjempeflott om me hadde greidd å finna i alle fall NOKO ut om dei sakna borni! Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden og lever i voni om at «gullkorni» framleis vankar der ute...
-
Eg vil i kveld gjerne få henta fram att tema #21025 frå det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/106746-21025-johan-johnsen-hervig-f-beitstaden-1836-matros-i-bergen-og-so-amerika/ Me greidde den gongen aldri å komma skikkeleg «til mål» med denne huslyden, men med hjelp av «moderne hjelpemiddel» er det no mogeleg å komma i alle fall litt vidare... Det er likevel slik at eg står fast på ein del detaljar, og no vonar eg på lite vetta hjelp av ekspertane i Brukarforum til å løysa nokre av desse «flokene»... Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #12 under! Pussig nok er denne eldste sonen som Johan fekk med Maria frå Hafslo, ikkje nemnd i dødsmeldingi hans frå Bergen frå 1913, utan at eg har noki forklaring på dette, men det er ingen tvil om at me har «rett son»: https://media.digitalarkivet.no/view/27859/232 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
- 15 replies
-
- beitstaden
- bergen
-
(and 2 more)
Tagged with:
-
Dette emnet er ei oppdatert oppfølgjing av tema #15758 frå det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/101553-15758-christen-andersen-og-suneva-pedersdatter-fra-luster-i-sogn/?tab=comments#comment-834093 Etter nye opplysningare er denne huslyden no «flytt» til siste bandet av bygdebokserien for Luster som skal komma ut om ikkje so lenge. Christen og Synneva «Susan» utvandra i 1855 og busette seg etter kvart i Lake Mills, Winnebago Co., IA. Eg har i mellomtidi greidd å få tak i det meste, men so er det nokre detaljar som rett og slett «gøymer seg» so altfor godt... Siste versjon av manuskriptet mitt ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at nye opplysningar no er komne til, er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #5 nedanfor! Christen og Synneva «Susan» fekk ni born i lag, og ifølgje FT1900 var åtte av dei då i live: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6GBH-GRV?i=8&cc=1325221 Sonen John Martin døydde på ein pleieheim i Independence., IA i 1892, noko som tyder at både sonen Peder og dotteri Inger Susanne då framleis var i live. Peder veit eg ikkje noko om i det heile, men eg mistenkjer dette for å vera dotteri Inger Susanne, «Inger S. Anderson», som i 1900 var pasient på den same pleieheimen i Independence, IA som der John døydde nokre år før: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6SLW-3N8 Det er særleg desse to borni eg er oppteken av å finna ut meir om, og kan henda vil dette vera mogeleg dersom me kan finna obituaries for foreldri som båe døydde i Lake Mills, IA i 1906? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne utfordrande huslyden!
-
Erich Iversen Høgi straffange i Bergen
Nina Karlsen posted a topic in Spørsmål om transkribert materiale
Erich Iversen Høgi fra Hafsloe P. ble satt inn i Bergen kretsfengsel 1855-09-01. Går det an å finne mer info om denne hendelsen? -
Eli Johannesdotter Tverberg i Hafslo (1733-1784) - haplogruppe T2b - med røter frå Middelhavet? - kven var ho??
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Ein nolevande etterkommar etter Eli Johannesdotter Tverberg i Hafslo (1733-1784) - gjennom kvinneledd i samtlege generasjonar, har finne ut at ho høyrer til haplogruppe T2b, som etter kva ho har finne ut, skal stamma frå Middelhavsområdet og som mellom anna skal ha vore oppdaga i levningar frå Pompeii i Italia! Huslyden hennar er omskriven i Gards- og Ættesoga for Hafslo, band X under gnr. 155, Hillestad, husmannsplassen Tverberg der det står følgjande: ~~~~~~~~~~~~~~~ Arne Tverberg, som me trur må ha opphavet sitt i ei anna bygd, ##### (opphavet hans og fullt namn?) var f. kring 1702 og vart gravlagd frå Tverberg 4.2.1790. Arne kom til Tverberg då han kring 1732 ##### (dato og stad for denne første vigsli hans?) gifte seg første gongen med Ragnhild Nilsdotter, enkja etter den føregåande husmannen på plassen. Etter at ho var avlidi, gifte han seg so kring 1753 ##### (dato og stad for denne andre vigsli hans?) att med ei Eli Johannesdotter, som er av ukjent opphav. ##### (opphavet hennar?) Kanskje henta Arne denne andre kona frå heimbygdi si? Ho var f. kring 1733 og vart gravlagd frå Tverberg 25.2.1784. Arne skulle komma til å driva plassen i over femti år, fram til hausten 1783. Me kjenner til tre døtrer etter Arne, og dei var alle frå andre ekteskapet: 1. Ragnhild Arnesdotter (1754-1754). 2. Guri Arnesdotter (1756-1833), vart gift med husmann Hans Pederson på Tverberg (1754-1834); dei fekk ta over heimeplassen hennar på Tverberg. 3. Oselda Arnesdotter (1759-1825), vart gift med husmann Endre Sjurson i Botnen 5 under Hillestad (1775-1846). ~~~~~~~~~~~~~~~ Som det kjem fram av dette manuskriptet, veit me svært lite om opphavet til denne huslyden. Vigsli til Eli og Arne fann stad kring 1753, nettopp på den tidi der me har ei «lakune» i kyrkjebøkene for Hafslo, men merkeleg nok manglar me òg opplysningar om første vigsli til mannen Arne, og på den tidi skal dei fleste vigslene vera medkomne i kyrkjebøkene for Hafslo! Einaste kjelda som nemner namnet hennar, er gravferdi hennar i Hafslo: * Eli Johansdotter Tverberg 25.2.1784 - 50 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/1992/98 Eg har sett litt på fadrane til dei tre døtrene: * Ragnhild - døypt i Hafslo 10.11.1754 - fadrar: Johannes {Olson} Øvrelie {1707-1770}, Nils Erikson, Martha {Olsdotter} Morken {1701-1774}, Guri {Paulsdotter} Morken {1701-1772}, Christi Johannesdotter https://media.digitalarkivet.no/view/11455/70 * Guri - døypt i Hafslo 4.1.1756 - fadrar Østen Joh{annesson} Øvrelie {1739-1763}, Nils Erikson Lie, Christi {Larsdotter} Kalhagen {1720-1763}, Ingebor ibidem, Anna Pedersd. Morken {1733-1801} https://media.digitalarkivet.no/view/1992/7 * Oselda - døypt i Hafslo 4.3.1759 - fadrar: Niels {Larsson} Ugulen {1717-1777}, Siver Hansen, Inger {Trondsdotter} Morken {1729-1762}, Britte Hansdatter, Christi Olsdatter https://media.digitalarkivet.no/view/1992/23 Dei fleste av desse fadrane budde på nabogardar i Hafslo, men det er særleg TO NAMN eg har bite meg merke i og som eg har vanskar med å identifisera: ** Christi Johannesdotter - fadder på Ragnhild - kan, etter kva eg forstår, IKKJE vera fødd i Hafslo, med mindre ho vart døypt i Hafslo som Kirsti Johannesdotter, uekte dotter av Ragnhild Endresdotter og gift mann Johannes Olson Baten, men denne Kirsti hadde ingen søster Eli og var i alle fall ikkje gift i Hafslo! ** Nils Erikson (Lie) - fadder på Ragnhild og Guri - er nemnd Lie, som rett nok var ein nabogard til Tverberg, men der budde det ikkje nokon Nils Erikson på den tidi, so kanskje hadde han namnet sitt frå ei anna bygd? Me har to personar fødde i Hafslo som dette KAN vera: *** Nils Erikson, steson av Arne og son av første kona Ragnhild, vart døypt i Hafslo 15.9.1726, men forsvinn frå Hafslo! *** Nils Erikson frå garden La i Hafslo, vart døypt i Hafslo 2.11.1735 og levde då mori døydde i 1746 (faren var avliden før), men forsvinn sidan frå Hafslo! I tillegg til identifikasjon av haplogruppa T2b inneheld dette emnet fleire andre kjempeutfordringar: ** Kven var Arne Tverberg? ** Kven var Eli Johannesdotter? ** Kven var Christi Johannesdotter - ei søster av Eli? ** Kven var Nils Erikson (Lie) og kvar vart det av han? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden og vonar at nokon kan hjelpa meg vidare... -
Denne huslyden er ei kjempeutfordring som eg har hatt liggjande i mange år utan å finna ei løysing på. Kanskje er no tidi kommi til å få svar på denne «gåta»? Eg vil gjerne først få presentera dei etter måten komplette opplysningane eg so langt har greidd å finna: ~~~~~~~~~~~~~~~ Gjert Andersson Dalen, son av føregåande brukar og herifrå Dversdalen, vart døypt 24.3.1816 og gifte seg 18.6.1838 med Malena Johannesdotter frå Resaland. Ho var f. 25.6.1815. Gjert fekk 14.4.1842 skøyte på heimebruket i Dversdalen hjå far sin og dreiv sidan garden fram til 1861. John og Malena Anderson utvandra til Amerika i 1861 og budde ei kort tid i McFarland, Dane Co., Wis., men slo seg snart ned som farmarar i Utica township, Crawford Co., Wis. der John d. i 1890. Malena flytte som enkje til dotteri Malena i Atlanta township, Becker Co., Minn., men d. i Ulen, Minn. 6.4.1902. Gjert og Malena fekk ni born, som alle var fødde i Hafslo: 1. Mari Gjertsdotter, f. i Hafslo 6.8.1838, Mary Anderson utvandra til Amerika med foreldri sine i 1861 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 2.10.1864 med Trond Hansson frå Nyhus i Bøverdalen, Lom, i Amerika kjend som Thomas Hanson. Han var son av gardbrukar Hans Trondson på Nyhus og kona Anna Olsdotter frå Nyhus og f. i Lom 10.7.1831, men utvandra til Amerika i 1858. Mary og Thomas Hanson slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Thomas d. kring 1894. Mary Hanson flytte som enkje inn hjå dotteri Julia i Sterling township, Vernon Co., Wis. der ho d. 22.11.1906. Dei fekk ni born i lag: a. Helene Marie Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 10.12.1865, d. i Crawford Co., Wis. 3.8.1886. b. Helene Marie, kjend som Helen Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 6.10.1867, d. i Viroqua, Wis. 25.11.1958. Helen gifte seg i La Crosse, Wis. 2.6.1894 med enkjemannen Engebret Evenson, opphavleg frå Askildsrud i Norderhov, i Amerika kjend som Albert Thompson. Han var son av husmann Even Trulsson på Jobæk, Askildsrudeiet, og kona Inger Sophie, kjend som Sophia Olsdotter, òg frå Askildsrudeiet, og f. i Norderhov 12.2.1856, men utvandra til Amerika i 1878 og hadde før vore gift og busett i Minnesota og Washington. Albert d. i Crawford Co., Wis. 10.5.1928. Albert var snikkar (”carpenter”), men han og Helen slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. Dei fekk seks born i lag, men Albert hadde òg minst ei dotter frå første ekteskapet sitt. c. Louise Malena, kjend som Malena Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 1.7.1869, d. i La Crosse, Wis. 14.9.1939. Malena gifte seg i La Crosse, Wis. 20.4.1898 med Ole Reinert Gustavson Julsberg frå Taslid i Strinda, i Amerika kjend som Ole R. Julesberg. Han var son av innerst og gardsarbeidar Gustav Andreasson Julsberg på Taslid, opphavleg frå Julsberg i Levanger, og kona Karen Marthe Ottesdotter frå Tingstadvald og f. i Levanger 28.1.1867. Ole utvandra med foreldri sine til Amerika i 1882 og d. i La Crosse, Wis. 2.5.1931. Ole Julesberg var ei tid kolonialhandlar (“grocer”), men vart sidan vaktmeister (“janitor”). Han og Malena budde i La Crosse, La Crosse Co., Wis. og fekk fire born i lag. d. John Albert, kjend som Jack T. Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 20.8.1871, d. visstnok e. 1920, men dato og stad er ukjende. Jack gifte seg første gongen i Crawford Co., Wis. 24.12.1901 med Ethel G. Pennel, f. i Vernon Co., Wis. 8.1.1884. Dødsfallet hennar er ukjent, men ho vart skild frå Jack etter kort tid. Jack gifte seg att i Crawford Co., Wis. 25.4.1905 med Anna M. Fortney Gunderson, dotter av gardbrukarsonen Christopher Christopherson frå Fortun (1816-1905). Anna var f. i Crawford Co., Wis. 25.3.1862 og d. i Richland Center, Wis. 7.10.1966, over 104 år gamal. Ho hadde før vore gift med Olai Andreas Gunderson (1862-1925), son av husmannsdotteri Anna Olsdotter frå Kvitli under Fuhr i Luster (1827-1917), men vart skild frå han. Jack Hanson var arbeidar (“laborer”), og han og Anna budde for det meste i Gays Mills, Crawford Co., Wis., men det ser ut til at dei flytte frå kvarandre alt kring 1915. Dei fekk to born i lag. e. Olina Johanna, kjend som Johanna Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 5.12.1873, d. truleg ugift i Crawford Co., Wis. kring 1895. f. Julia Andrina Hanson (1875-1955), vart gift med Christen Simonson (1868-1944), son av husmannssonen Simon Christenson frå Grandane under Øvrebø i Luster (1838-1905) (s.d.). g. Henry Nitter Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 19.9.1877, d. i Crawford Co., Wis. kort etter fødsli. h. Henry Nitter Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 23.1.1879, var i mange år rancharbeidar (”ranch laborer”) i Birney, Rosebud Co., Mont., men skal vera d. i Miles City, Mont. etter 1930, ugift. i. Norah Mathilda Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 19.4.1881, skal vera d. i Viroqua, Wis. kring 1908. Norah arbeidde på Fortney hotel (“hotel worker”) i Viroqua, Vernon Co., Wis. og budde der, ugift. 2. Christi Gjertsdotter, f. 6.6.1841, Christine Anderson utvandra òg med foreldri sine til Amerika i 1861 og gifte seg i Madison, Wis. 2.4.1864 med enkjemannen Lasse Knutson, opphavleg frå Våteviki i Balestrand, i Amerika kjend som Lewis Woodwick. Han var son av husmann Knut Lasseson på Kringla under Våtevik og kona Guri Olsdotter frå Jordal og f. i Balestrand 30.10.1834. Lewis utvandra til Amerika i 1856 og hadde før vore gift med husmannsdotteri Mari Hansdotter frå Børtnes under Urnes i Hafslo (1840-1863). Lewis og Christine flytte til ein farm i Rome township, Faribault Co., Minn. der Christine d. 2.10.1881. Lewis vart gift tredje gongen med enkja Britha Torstensdotter, opphavleg frå Røyteviki under Nes i Hafslo (1833-1923), då kjend som Britha Johnson Grove. Ho hadde òg vore gift to gonger før, først med husmann Anders Otteson Grov på Nondal under Nygard i Hafslo (1839-1875) (s.d.) og sidan med broren, husmannssonen Lars Otteson frå Leitehaugen under Grov i Jostedalen (1846-1881) (s.d.). Lewis og Britha vart buande på farmen hans i Rome township, Faribault Co., Minn. til dei i 1899 flytte inn til Blue Earth, Faribault Co., Minn. Lewis Woodwick d. i Blue Earth, Minn. 4.7.1920. I ekteskapet med Christine hadde han åtte born: a. Marie Caroline Woodwick, f. i Dane Co., Wis. 7.3.1865, d. kort etter fødsli. b. Carl Johan kjend som Charles J. Woodwick, f. i Faribault Co., Minn. 20.11.1866, d. i St. Paul, Minn. 13.12.1949. Han skal kort etter hundreårsskiftet ha gift seg med ei Minnie, men ##### (who was she? - further details? - died shortly after marriage!) Charles Woodwick var murar og støyperiarbeidar (”stone mason and plasterer”), og etter nokre år i Seely township, Faribault Co., Minn. var han frå 1904 busett i St. Paul, Ramsey Co., Minn. Ingen born. c. Malena Gurine, kjend som Lena Woodwick, f. i Faribault Co., Minn. 8.4.1869, d. i St. Paul, Minn. 25.12.1945. Lena gifte seg i Faribault Co., Minn. 4.5.1892 med Ole Johnson frå Bjåstad i Fjærland, Balestrand, i Amerika kjend som Ole J. Bjostad. Han var son av husmann John Olson på ein plass under Bjåstad og kona Anna Berntsdotter frå Hove i Feios, Leikanger, og f. i Balestrand 26.9.1859, men utvandra til Amerika i 1880. Han d. i St. Paul, Minn. 26.5.1936. Ole Bjostad var varmeteknikar (“brewery stationary engineer”), og han og Lena budde først nokre år i Elmore, Faribault Co., Minn., men flytte kort etter hundreårsskiftet til St. Paul, Ramsey Co., Minn. Dei fekk sju born. d. Julius Andreas Woodwick, f. i Faribault Co., Minn. 15.9.1871, d. i Graceville, Minn. 22.6.1950. Julius gifte seg i Faribault Co., Minn. 21.6.1898 med Mathilda Malena, kjend som Tillie Thompson. Ho var f. i Kendall Co., Ill. 6.2.1878 og d. i Graceville, Minn. 27.12.1946. Julius og Lillie farma først nokre år i Emerald township, Faribault Co., Minn., men flytte i 1907 til ein “homestead” i Crystal Springs township, Kidder Co., N.D. der dei vart buande til dei i 1946 som pensjonistar flytte til Graceville, Big Stone Co., Minn. Dei fekk sju born i lag. e. Gilbert Olaus, kjend som Gilbert L. Woodwick, f. i Faribault Co., Minn. 29.12.1873, d. i Intake, Mont. 29.11.1911. Gilbert flytte i 1891 til North Dakota og gifte seg første gongen i McHenry, Foster Co., N.D. 28.9.1903 med Sophia Benson. Ho var f. i Traill Co., N.D. 15.6.1884, men miste livet i ein brann i McHenry, N.D. 9.5.1908. Gilbert dreiv leigestall (”livery stable operator”) og budde med første kona Sophia i McHenry, Foster Co., N.D., men flytte i 1909 til Warwick, Benson Co., N.D. Han gifte seg att kring 1909, dato og stad ukjende, med Maude f. Babcock, f. i Faribault Co., Minn. 29.3.1879. Ho d. i Tacoma, Wash. 13.4.1948. Maude gifte seg første gongen i Faribault Co., Minn. 3.11.1897 med Frank E. Stearns, f. i Faribault Co., Minn. 30.12.1874. Han var salmakar (”harness maker”) og budde for det meste i Wells, Faribault Co., Minn., men d. i Ft. Snelling, Minn. 19.12.1932. Men Maude flytte heimatt til foreldri sine alt kring 1899 og vart sidan skild frå Frank. Gilbert og Maude flytte i 1910 til Intake, Dawson Co., Mont. der Gilbert var postmeister og handelsmann (”postmaster and store owner”). Som enkje etter Gilbert gifte Maude seg tredje gongen i St. Paul, Minn. kring 1913 med John W. McHugh, f. i North Dakota kring 1886. Dato og stad for dødsfallet hans manglar. John McHugh var restauranteigar (”restaurant owner”), og han og Maude budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn., men flytte visstnok sidan til Wapato, Yakima Co., Wash. Som enkje flytte Maude McHugh i 1944 til Tacoma, Pierce Co., Wash. Gilbert Woodwick fekk to born, båe frå første ekteskapet, men Maude hadde òg to born frå første ekteskapet sitt og eitt frå det tredje. f. Hannah Louise Woodwick, f. i Faribault Co., Minn. 27.12.1875, d. i Faribault Co., Minn. 23.8.1876. g. Christian L. Woodwick, f. i Faribault Co., Minn. 18.7.1877, d. i St. Paul, Minn. 8.2.1958. Christian Woodwick gifte seg i Faribault Co., Minn. 17.2.1898 med Kirstina Marie, kjend som Marie Halvorson. Ho ætta frå Svalheim i Årdal, men var f. i Faribault Co., Minn. 22.4.1879 og d. i St. Paul, Minn. 27.4.1923. Christian dreiv først kolonialhandel (“grocery store owner and operator”), og huslyden budde i Emerald township, Faribault Co., Minn., men dei flytte sidan til St. Paul, Ramsey Co., Minn. der Christian livnærte seg som ingeniør (“engineer”). Etter han vart enkjemann tok han til med målarverksemd (”painter and decorator”). Christian og Marie fekk åtte born i lag. h. Louise Karine Woodwick, f. i Faribault Co., Minn. 6.1.1880, d. i Hayfield, Minn. 13.11.1956. Louise gifte seg i Blue Earth, Faribault Co., Minn. 11.6.1901 med Dustin LaMont, f. i Montréal, Qué. 15.3.1879. Han d. i Stewartville, Minn. 18.2.1951. Dustin og Louise tok i 1905 “homestead” i Clermont township, Adams Co., N.D., men flytte i 1912 attende til Blue Earth, Faribault Co., Minn. der Dustin i mange år arbeidde som køyrekar (“teamster”). Sidan farma dei nokre år i Carlston township, Freeborn Co., Minn. og likeins i Racine township, Mower Co., Minn. til dei i 1947 flytte til Stewartville, Olmsted Co., Minn. som pensjonistar. Dei var barnlause. 3. Anders Gjertson, f. 8.7.1844, Andrew G. Anderson utvandra med foreldri til Amerika i 1861, men ##### (what happened to him? - may have died prior to 1900, but was supposedly married and had several children!?) 4. Johanna Gjertsdotter, f. 6.12.1846, Johanna Anderson utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1861 og flytte i ung alder til Chicago, Ill. der ho kring 1865 vart gift med ein Otto Arneson frå Noreg, i Amerika kjend som Otto Olson Bing. Foreldri hans heitte Arne Olson og Ellinora, og Otto var f. Noreg kring 1835, men utvandra til Amerika kring 1860. Otto Bing var ei tid vaktmann (”watchman”), og huslyden budde i Chicago, Cook Co., Ill., men kring 1877 flytte Otto og Johanna til Wa Keeney, Trego Co., Ks. der dei farma nokre år. Kring 1882 flytte dei so attende til Chicago, Cook Co., Ill. der Otto sidan livnærte seg som jarnbanefunksjonær (“railroad employee”). Otto d. ved eit ulukkeshende i Leadville, Colo. 26.1.1899, og som enkje flytte Johanna Bing med døtrene Nora og Ethel til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho d. 28.7.1933. Otto og Johanna fekk fem born i lag, men eitt av desse d. i heilt ung alder utan at me kjenner korkje namn eller datoar. Dei attverande fire var: a. Jacob Alexander Bing, f. i Chicago, Ill. kring 1867, skal ha mist livet i ei bilulukke kring 1916, dato og stad ukjende. Jacob gifte seg kring 1892 med Helga Elise Martine Hansdotter frå Eeg i Bamble, i Amerika kjend som Helga Pierson. Ho var dotter av styrmann og strandsitjar Hans Petter Pederson på Eegsrønning under Eeg og kona Anna Berthea Halvorsdotter frå Stathelle og f. i Bamble 29.9.1867, men utvandra til Amerika med mor si i 1873. Ho d. i Virginia, Minn. 12.1.1959. Jacob Bing var vever og skodespelar (“weaver and theatrical actor”), og han og Helga budde i Chicago, Cook Co., Ill., men som enkje flytte Helga i 1920-åri med ei dotter til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. Dei fekk fire born i lag. b. Eleonora Mathilda, kjend som Nora Olson, f. i Chicago, Ill. 9.10.1869, d. i Minneapolis, Minn. 2.9.1946. Nora Olson var songar og underhaldar (“singer and entertainer”) og budde først i Chicago, Ill., men flytte sidan til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. Ho var ugift. c. George Arthur Bing, f. i Chicago, Ill. 3.8.1874, d. i Chicago, Ill. 30.8.1937. George var røyrleggjar (“plumber”) og budde levetidi ut i Chicago, Ill. Han var ugift. d. Ethel Christine Olson, f. i Chicago, Ill. 31.5.1883, d. i Minneapolis, Minn. 15.11.1943. Ethel var òg songar og underhaldar (“singer and entertainer”) og budde i Chicago, Ill., men flytte likeins til Minneapolis, Minn. der ho 2.6.1923 gifte seg med Reuben M. Pederson. Han var f. i Yellow Medicine Co., Minn. 11.3.1880 og d. i Minneapolis, Minn. 20.11.1944. Reuben Pederson var lækjar (“physician und surgeon”), og han og Ethel vart buande i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men var barnlause. 5. Christopher Nitter Gjertson, f. 11.2.1849, Christopher Anderson utvandra òg til Amerika med foreldri i 1861 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 7.3.1886 med Maria Andersdotter frå Åmodt i Skjåk, i Amerika kjend som Marie Anderson. Ho var dotter av paktar Anders Olson på Brujordet i Skjåk (1836-1866), opphavleg frå Utladalen under Fortun i Luster, og Rønnaug Christensdotter frå Åmodt i Skjåk, sidan tenestjente mellom anna på Vigstadkjørren og på Skamsar i Skjåk, og f. i Lom 12.3.1861, men utvandra visstnok til Amerika i 1884. Christopher Anderson var snikkar (“carpenter”), og han og Marie busette seg på ein farm i Franklin township, Vernon Co., Wis., men Christopher d. visstnok i Dane Co., Wis. 4.3.1906. Marie Anderson d. i Viroqua, Wis. 28.5.1942. Dei fekk ni born i lag: a. Gustaf Alfred Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 30.12.1886, d. i Viroqua, Wis. 10.11.1972. Han gifte seg i Vernon Co., Wis. 24.12.1914 med Eleda Boletta Kolstad, dotter av gardbrukarsonen Christen Johannesson frå Kvalsviki i Luster (1845-1920). Eleda var f. i Vernon Co., Wis. 16.12.1885 og d. i Viroqua, Wis. 1.4.1951. Gustaf Anderson var snikkar (“carpenter”), og han og Eleda budde i Viroqua, Vernon Co., Wis. Ingen born. b. Minnie Rodina Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 21.2.1889, d. i Viroqua, Wis. 31.7.1966. Ho gifte seg i Vernon Co., Wis. 7.5.1911 med Raymond Andrew, kjend som Ray Bowman. Han var f. i Vernon Co., Wis. 21.7.1886 og d. i Viroqua, Wis. 2.9.1952. Ray var arbeidar (“laborer”), og han og Minnie budde levetidi ut i Viroqua, Vernon Co., Wis., men vart skilde i 1921. Ingen born. c. Cora Marie Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 2.2.1891, d. i Viroqua, Wis. 12.7.1971. Cora var hushaldar (“housekeeper”) og budde i Viroqua, Vernon Co., Wis., ugift. d. Anna Josephine Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 10.11.1892, d. i Vernon Co., Wis. 20.4.1893. e. Carl Johan Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 21.5.1894, d. i Vernon Co., Wis. kort etter fødsli. f. Clara Josephine Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 19.8.1896, d. i La Crosse, Wis. 8.11.1986. Clara gifte seg første gongen i Vernon Co., Wis. 22.2.1917 med Henry Johnson. Han var f. i Wisconsin kring 1896, dato og stad ukjende, og d. i Kenosha, Wis., men dødsdatoen hans er ukjend. Henry var arbeidar (”laborer”), og parfolket budde i Viroqua, Vernon Co., Wis., men dei vart skilde i 1923. Clara gifte seg att i Allamakee Co., Ia. 25.11.1939 med Cyrus Jacob Lambert, f. i Chester Co., Penn. 27.12.1877. Han d. i La Crosse, Wis. 2.5.1965. Cyrus Lambert var tømmerarbeidar (“logger”), og han og Clara budde i La Crosse, La Crosse Co., Wis. Clara fekk i alt fire born, tre frå første ekteskapet og eitt frå det andre. g. Anna Louise Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 27.11.1898, d. i Viroqua, Wis. 28.6.1957. Anna gifte seg i Winona, Minn. 20.11.1920 med Rudolph Emanuel Thurin, f. i Vernon Co., Wis. 8.2.1896. Han d. i King, Wis. 21.3.1964. Anna og Rudolph farma i Franklin township, Vernon Co., Wis. og fekk seks born. h. Melvin Johan Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 9.11.1901, d. i Vernon Co., Wis. 14.2.1902. i. Melvin Johan Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 22.2.1903, d. i Vernon Co., Wis. 23.1.1919. 6. Malena Gjertsdotter, f. 27.7.1851, Malena Anderson utvandra til Amerika med foreldri sine i 1861 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 29.3.1875 med Ole S. Olson, son av husmann Sjur Olson frå Verket under Sandviki i Luster (1795-1888). Ole var f. i Luster 24.1.1849, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1858. Ole og Malena Olson farma først ei tid i Utica township, Crawford Co., Wis., men flytte kring 1881 til ein farm i Atlanta township, Becker Co., Minn. I 1901 flytte huslyden inn til Ulen, Clay Co., Minn. Ole fór i 1906 til Berthold, Ward Co., N.D. for å ta “homestead” der, men d. i Ward Co., N.D. alt 8.6.1906. Malena Olson vart buande i Ulen, Clay Co., Minn., men levde siste åri i Audubon, Minn. der ho d. 6.1.1929. Malena og Ole fekk fire born i lag: a. Inger Christine Olson, f. i Crawford Co., Wis. 8.3.1876, d. i Ulen, Minn. 13.10.1972. Inger gifte seg i Clay Co., Minn. 21.12.1901 med Ole A. Nelson, f. i Pierce Co., Wis. 18.3.1873. Han d. i Fargo, N.D. 2.2.1959. Ole var tømmerarbeidar (“lumber company worker”), og han og Inger budde i Ulen, Clay Co., Minn. Dei fekk fire born. b. Marie Josepha, kjend som Mary J. Olson, f. i Crawford Co., Wis. 16.10.1877, d. i Bemidji, Minn. 19.9.1941. Mary gifte seg i Detroit Lakes, Minn. 27.12.1900 med Frank Melvin Hickerson, f. i Chisago Co., Minn. 23.9.1877. Han d. i Bemidji, Minn. 16.8.1941. Frank og Mary farma ei tid i Lake Washington township, Eddy Co., N.D., men flytte i 1922 til Northern township nær Bemidji, Beltrami Co., Minn. der Frank livnærte seg som byggarbeidar (“brick layer”). Dei fekk sju born i lag. c. Anna Sophie Olson, f. i Crawford Co., Wis. 14.11.1879, d. ugift i Twin Valley, Minn. 12.10.1960. Anna var hotelleigar (“hotel owner and operator”) og budde i Gilby, Grand Forks Co., N.D., men flytte sidan til Bemidji, Beltrami Co., Minn. og derifrå til Ulen, Clay Co., Minn. Ho var ugift. d. Selmer Goodwin, kjend som Goodwin Olson, f. i Becker Co., Minn. 9.3.1883, d. i Becker Co., Minn. 6.6.1886. 7. Gjert Gjertson, f. 10.2.1854, John Anderson utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1861 og budde i 1870 framleis heime hjå foreldri sine, men ##### (what happened to him? - may have died prior to 1900) 8. Johannes Gjertson (1856-1860). 9. Lars Gjertson (1859-1860). ~~~~~~~~~~~~~~~ Det er fleire utfordringar innanfor denne huslyden, men dei to viktigste er heilt klart lagnadane til dei to sønene Anders og Gjert. Eg er ikkje 100% sikker på at dei nytta ANDERSON som ættenamn, men foreldri skreiv seg Anderson, og likeins broren Christopher, so eg TRUR Anderson er mest sannsynleg! Eg har leitt «høgt og lågt» etter lagnadane til desse brørne, men so langt utan hell, og no vonar eg at nokon kan hjelpa meg? Utifrå bustadane til dei andre borni har eg ikkje greidd å finna noko eintydig svar på KVAR Anders og Gjert kan ha busett seg, men det er vel ikkje urimeleg å tru at dei har vore i nærleiken av minst eitt av søskeni? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette er ei oppfølging av to emner frå det gamle Brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/163391-78050-ole-jensson-1781-1875-frå-åsen-hafslo-til-runningen-lom-bygdebokoppslag/?tab=comments#comment-1395647 https://forum.arkivverket.no/topic/103639-17891-bjørnørroan-i-s-trøndelag-oppslag-i-bygdebok-ogeller-kyrkjebok/?tab=comments#comment-852938 Eg slit med den siste «finpussen» av manuskriptet mitt for denne huslyden med røter frå garden Åsen i Kinsedalen, Hafslo. Det gjeld Ole Jensson, òg kjend som «stortjuven frå Aasen». I åri kring 1805/1810 var Ole Jensson innblanda i ei rekke tjuveri i Hafslo, og han skal ha vorte straffa for dette. Me reknar med han sat inne ei tid på Bergenhus festning, og då faren Jens Olson døydde i 1813, står det om Ole at han var «busett» i Bergen! Nærare detaljar er ukjende... Men i 1815 finn me han Ole att i Lom, og sidan budde han òg periodevis i Bjørnør. Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden hans: ~~~~~~~~~~~~~~~ Ole Jensson (Aasen), døypt i Hafslo 5.8.1781, Ole Jensson flytte i ung alder til ¤¤¤¤¤ (NB: var 1813 busett i Bergen! – truleg i fengsel!?) og fór derifrå til Lom der han 8.11.1815 gifte seg med enkja Rønnaug Olsdotter, opphavleg frå Slålien i Lom. Ho var dotter av gardbrukar Ole Johannesson i Slålien og kona Cathrina Hansdotter frå Flå i Lom og vart døypt i Lom 29.3.1778. Ho gifte seg første gongen i Lom 12.7.1798 med Ole Iverson frå Runningen i Lom. Han var son av gardbrukar Iver Pederson på Runningen, opphavleg frå Slålien, og kona Ragnhild Torgersdotter frå Suleim og vart døypt i Lom 13.12.1761. Ole Iverson og Rønnaug var gardbrukarar på Runningen i Lom der Ole d. 30.3.1814. Dette bruket tok Ole Jensson over då han i 1815 gifte seg med Rønnaug, og dei dreiv bruket fram til 1837. Som kårmann flytte Ole Jensson i 1839 til Bjørnør i Sør-Trøndelag i lag med dotteri Mari. Sidan kom han attende til Lom, for i 1848 flytte han nok ein gong til Bjørnør, då i lag med kona Rønnaug. ¤¤¤¤¤ (lagnad Bjørnør? - ho må vera avlidi før 1865 i Bjørnør eller i Lom?) Ole Jensson kom sist i 1850-åri på ny attende til Lom og busette seg då som husmann på Maurøygarden under Runningen der han d. som enkjemann 26.3.1875. Rønnaug fekk i alt ti born; av dei var desse fire frå andre ekteskapet med Ole Jensson: a. Mari Olsdotter, f. i Lom 20.12.1815, d. i Lom 20.12.1815. b. Ole Olson, f. i Lom 25.11.1816, d. på Maurøygarden i Lom 14.4.1868. Han gifte seg i Lom 20.3.1843 med Marit Sølfestsdotter frå Bakken nedre i Skjåk. Ho var f. i Skjåk 14.3.1817 og d. som enkje i Eklestugu i Lom 10.9.1885. Ole og Marit budde fleire stader i Lom, mellom anna i Bakken, i Runningshaugen og på Slettom, men flytte sidan som plassfolk attende til Maurøygarden under Runningen. Dei fekk seks born i lag. c. Mari Olsdotter, f. i Lom 4.12.1818, flytte med far sin til Bjørnør i 1839 og d. som kårenkje på Bessaker i Bjørnør 2.7.1886. Mari gifte seg i Bjørnør 27.7.1841 med Nils Ingebrigtson frå Bessaker i Bjørnør, f. i Bjørnør 9.4.1815. Han d. som kårmann på Bessaker 24.10.1880. Nils og Mari tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Bessaker i Roan, Bjørnør og fekk ein son i lag. d. Jens Olson, f. i Lom 14.1.1824, d. som husmann i Aukrustbakkane 3.10.1853. Han gifte seg i Lom 13.6.1849 med Rønnaug Gudbrandsdotter frå Aukrustbakkane under Aukrust. Ho var f. i Lom 23.8.1820 og d. som enkje og legdelem på Åmillom i Lom 28.3.1894. Jens og Rønnaug tok over som plassfolk i Aukrustbakkane under Aukrust etter mor hennar og fekk to born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ I tillegg til problematikken om livet hans Ole i Bergen er den store uløyste utfordringi kvar det vart av kona Rønnaug! Ho levde framleis i 1848, men var avlidi før 1865, rimelegvis i Bjørnør eller i Lom!?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Recently Browsing 0 members
- No registered users viewing this page.