Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'jensen'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 4 resultater

  1. Eg har i mange år spekulert på kvar det vart av Johannes Jensson frå Gjerstad i Haus som var gift og budde i Bergen. I 1865 er kona hans enkje, og ho er òg kalla enkje då ho døydde i 1880. Eg har ikkje greidd å finna noko dødsfall for Johannes i Bergen. Kan han vera avliden ein annan stad? Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Mari Pedersdotter {Kinserdal}, døypt {i Hafslo} 20.11.1803, Marie Pedersen flytte på 1830-talet til Bergen og gifte seg i Domkyrkja 13.10.1844 med Johannes Jensson frå Gjerstad i Haus, i Bergen kjend som Johannes Jensen. Han var son av gardbrukar Jens Johannesson på Gjerstad og kona Martha Olsdotter frå Langeland i Hosanger og vart døypt i Haus 6.12.1812. Johannes var dagarbeidar, og han og Marie vart buande i Bergen der Johannes d. ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? - før 1865!) Marie Pedersen d. som enkje i Bergen 16.8.1880. Mari fekk ei dotter, medan ho budde i Hafslo: a. Kari Hansdotter (1828-1831), dotter av Kari og husmann Hans Nilsson i Gjelet under Kjørlog (1798-1849), var f. og d. i Hafslo. So fekk Mari og Johannes to born i lag: b. Jensine Amalie Johannesdotter Jensen, f. i Bergen 7.4.1845, d. som enkje i Bergen 11.8.1930. Jensine gifte seg i Domkyrkja i Bergen 18.4.1870 med Lars Andersson frå Tveiten i Hamre, i Bergen kjend som Lars A. Tvedt. Han var f. i Hamre 20.1.1841 og d. som byggmeister i Bergen 11.10.1923. Lars var snikkar og sidan byggmeister. Han og Jensine budde i Harald Haarfagres gate i Bergen og fekk sju born i lag. c. Peder Martin Ebert Johannesson Jensen, f. i Bergen 1.2.1847, d. i Bergen 23.11.1847. ~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Eg har vanskar med å få stadfest nokre av opplysningane om denne huslyden Jensen og lurer på om nokon kan hjelpa meg? Eg syner til manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Bertha Andersdotter Teigen, f. {i Hafslo} 9.9.1880, Bertha Teigen flytte i ung alder til Bergen der ho 11.6.1907 gifte seg med Jens Holger Sylvester, kjend som Sylvester Hansson Jensen frå København. Han var son av høker Hans Jensen i København og kona Karen Sofie f. Pedersen og f. i København 31.12.1876, men flytte til Bergen i ung alder som restauratør. Bertha og Sylvester var ei tid hotellstyrarar på Solstrand i Os, men flytte derifrå i 1908 og var sidan hotelleigarar på Kvamshaug, Eikedalen i Samnanger der Sylvester d. 12.9.1933. Bertha Jensen d. i Bergen 26.1.1965. Dei fekk to søner i lag: a. Hans Holger Jersin Sylvester Sylvesterson Jensen, kjend som Hans Holger Sylvester-Jensen, f. i Bergen 12.10.1907, d. i Bergen 4.1.1965. Han gifte seg i Domkyrkja i Bergen 10.3.1937 med Solveig Theresia Edvardsdotter Vaksdal frå Bergen, f. i Bergen 2.8.1907. Ho d. i Bergen 21.6.1998. Hans Holger var tannlækjar, medan Solveig var kontordame. Dei budde i Bergen og fekk to born i lag. b. Thor Sylvester Holgerson Jensen, f. i Kvam 13.8.1918, ##### (sjekka at denne fødestaden stemmer - skal det ikkje vera Samnanger?) d. på eit sjukehus i Bergen 8.5.2001. Han gifte seg i Trondheim 10.11.1950 med Hildur Haldorsdotter Osebakken frå Eikelandsosen i Fusa, f. i Fusa 31.10.1920. ##### (eg har òg fått oppgjeve fødselsdatoen 13.9.1920 - kva er rett? - kanskje finst det ei dødsannonse?) Ho d. på eit sjukehus i Bergen 6.3.2005. Thor var lækjar, medan Hildur var sjukepleiar. Dei budde mange år i Gravdal på Laksevåg, men flytte i 1991 som pensjonistar til Fantoft i Fana, Bergen. Dei fekk tre born i lag. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Eg lurer i dag på om nokon kan hjelpa meg med dødsannonser for dette parfolket som budde i Nordreisa: Thorstein Joakim JENSEN, fødd Spåkenes, Skjervøy 8.7.1874, døydde 7.6.1945 Theodora Regine JENSEN, f. Paulsen, fødd Lyngen 25.2.1874, døydde 28.5.1942 Eg er spent på kvar dei døydde (og ogso kvar i Nordreisa dei budde) og takkar so mykje på førehand for alle gode tips.
  4. Dette er ein huslyd som eg strevde med alt på 1980-talet, men som eg aldri heilt greidde å finna ut av. Både mann og kone døydde i Bergen alt i 1842 og let etter seg i alle fall tre små born. Døtrene vart i alle fall buande i Bergen, men kvar det vart av sonen, er eit «mysterium». Eg har heller aldri finne nokon dødsdatoen for eldste dotteri, og siste med ikkje minst; eg tykkjer det er merkeleg at dotteri var gift i heile fem år før det første av i alt sju hprn vart dødd! Kan dei ha butt utanfor Bergen ei tid? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange fantastiske og imponerande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #27 og sidan i innlegg #32 på neste side! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.