Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'kriminalsoge'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Anders Olson Søvde, òg kjend som «Lavold-Anders», frå garden Feigum i Luster, vart døypt i Luster 25.9.1791 og gifte seg i Luster 2.11.1815 med Gjertrud Johannesdotter Kleivi (Søvde), døypt i Luster 2.3.1793. Etter fleire år som gardbrukarar på Feigum laut dei i 1821 flytta frå garden. Dei pakta nokre år eit bruk på garden Råum i Luster, men flytte kring 1828 til ein plass under garden Lavoll i Luster. Men dei hadde vanskar med å brøfø ein stor huslyd, og i 1834 vart både Anders og Gjertrud dømde for tjuveri og hamna på straff i Bergen. På same tidi flytte huslyden til plassen Skildeimskleivi under Søvde i Luster, men soga var ikkje over med dette. Anders måtte snart til Bergen att for å sona straff for nye tjuveri, og kring 1842 fekk han siste domen som sendte han til livsvarig fengsel på Akershus festning der han døydde 15.4.1846. Gjertrud døydde som legdelem i Luster 6.5.1854. Dei har ei kjempestor etterslekt! No er spørsmålet: Er det nokon som kan hjelpa meg finna fram til saksdokument som gjeld dei tre sakene mot Anders Olson? Dei ligg sikkert lagra hjå Statsarkivet i Bergen, men er det mogeleg å finna dei? Finst noko av dette online? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.