Eg prøvar meg på nytt i håp om å finne opphavet til Carl Gustav Aalberg f. ca 1804 i Göteborg, Sverige.
I 1832 fekk han sonen Carl Oscar i Tromsø og både han og barnets mor Anna Marie Andersdtr. sat då i arresten ved Tromsø arresthus - Carl Gustav Aalberg døydde på Sørbjørn i Herøy, Nordland 19.2.1873
Eg hadde tidlegare etterlysning på det gamle forumet #81138 der fleire opplysningar om Carl Gustav Aalberg er å finne:
Så er det nokon som kjenner meir til C.G. Aalberg eller kan finne familien hans i Göteborg vert eg svært takksam.