Dette emnet tek utgongspunkt i eit innlegg som Ivar Moe skreiv i eit anna tema: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=8
Her er svaret som eg la inn i nemnde tema for to veker sidan:
«Men den store utfordringi er gardkona Malena Olsdotter på Li i Hafslo. Det finst nemlig ikkje nokon slik person i Hafslo etter det eg kan sjå! So anten må namnet vera feilskrive, eller bustaden hennar er feil!? Eg lyt spekulera vidare på, kven ho kan ha vore... Eller kanskje nokon har forslag å komma med?»
Eg har halde fram med leitingi etter Malena «høgt og lågt», men eg står heilt «bom fast»!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!