Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'luster'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

  1. Dette er ein huslyd som har lege på teiknebrettet mitt i 35 år, men som eg aldri er vorten skikkeleg klok på. Jens og Britha utvandra i 1853 og budde i Dane Co., WI i 1857, men kvar dei elles budde før dei på 1870-talet slo seg ned i Nicollet Co., MN er eit «mysterium». Opplysningane som eg har motteke om den svenske svigersonen deira, er òg «merkelege». Korleis kan Anders Paulson vera son av Jon Pehrsson frå Virestad i Kronobergs län??? Kanskje nokon kan greia å kasta meir ljos over denne huslyden? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Jens Jensson {Eide}, f. {i Luster} 5.12.1827, gifte seg i Hafslo 5.4.1853 med Britha Larsdotter frå Mansverk under Valaker i Hafslo, f. i Hafslo 10.7.1829. Jens og Britta Jenson utvandra til Amerika i 1853 og ##### (first lived in Wisconsin - 1857 in Dane Co., WI! - kvar budde dei 1860 og 1870??) men flytte sidan til ein farm i Lake Prairie township, Nicollet Co., Minn. der Britta d. 7.10.1897. Jens Jenson d. i St. Peter, Minn. 6.12.1897. Dei fekk to døtrer i lag: ##### (kan dei ha hatt fleire born?) a. Karen, kjend som Carrie Jenson, f. i Hafslo 28.3.1852, utvandra til Amerika med foreldri sine i 1853 og d. i St. Peter, Minn. 31.3.1883. Carrie gifte seg i Nicollet Co., Minn. 26.5.1874 med Anders Paulson frå Virestad i Kronobergs län i Sverige, i Amerika kjend som Andrew Paulson. Han var son av ##### (parents’ names? – Jon Pehrsson og Anna Andersdotter båe frå Hörda - stemmer dette?) og f. på Hörda Frälsegård i Virestad, Kronobergs län i Sverige 1.11.1847, men utvandra til Amerika i 1869. ##### (sjekka utvandringsåret?) Han d. i Minneapolis, Minn. 4.1.1922. Andrew og Carrie farma i Lake Prairie township, Nicollet Co., Minn. ##### (lived there 1880 - what later? - Andrew probably moved to Minneapolis, Minn.) ##### (number of sons and daughters? - incl.: - Julia Mathilda, born Minn. Oct. 1875 - died Sep. 27, 1882 - diphteria - Anna Berthina, born Minn. Jan. 11, 1877 – died Encino, CA Mar. 19, 1961 - 1897: Anna Berthina Paulson of Minneapolis, MN - married Winona, MN July 10, 1899 Oscar Aalbu, born at Ørlandet, Trøndelag, emigrated aged 17 - lived in Minneapolis, Minn.! - Oscar Sigfred Aalbu, born Aug. 21, 1873, died Minneapolis, MN Dec. 9, 1921 – liquor dealer - his par: Sivert Olson Aalbu and Inger Henriette Josiasdotter Kreibel Holm. - Louise Christina, born Minn. 1878 - 1897: Louise C. Wilson of St. Peter, Minn.! – born Jan. 1878 – married Mpls., MN June 9, 1897 Harry Francis Wilson, born NY (Swe Swe) Oct. 1873 – res. Minneapolis, MN with son Paul Raymond MN June 1, 1898 - William O., born June 1880, died Sep. 24, 1882 - diphteria - Jens Wilhelm Manuel Paulson, born Minn. 1883 - 1897: Minneapolis, Minn., d. Mpls., MN Apr. 21, 1898) b. Susanna Jenson (1857-1916), gifte seg første gongen med gardbrukarsonen Augund Pederson frå Lomheim i Hafslo (1848-1889) og sidan attgift med Christian Svendson frå Taraldsrud på Biri (1853-1913) (for båe ekteskapi, sjå under Lomheim i Hafslo). ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ei nøtt som eg aldri har greidd å løysa, trass i iherdige freistnadar. Kanskje nokon kan «sjå» kva som skjedde? Kari Sørensdotter, dotter av Søren Davidson (1796-1889) og Gjertrud Pedersdotter (1794-1866), husmannsfolk i Dulsviki under garden Lingjerde i Luster, var fødd i Luster 17.12.1834. Ho fekk flytteattest til Nordland i 1852, men dukkar opp i Bergen som mor til ein gut Zakarias Johan Pederson, fødd i Bergen 20.2.1859. Ho budde på Lungegården i Bergen då denne dåpen skjedde, so kanskje var ho sjuk(?): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007436626 Eg finn ein Zakarias Johan, utan farsnamn, som døydde i Bergen 3.11.1859, eitt år gamal, son av almisselem Karen Johannesdotter i Sandviken: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000689711 Eg har ein sterk mistanke om at dette må vera same guten, men at farsnamnet til mori er feilskrive... Og dette vert forsovidt stadfest gjdennom dette heimstamnsforhøyret frå 1859: https://media.digitalarkivet.no/view/58926/17 I dette forhøyret meiner eg det mellom anna står at ho budde ei tid i Tromsø hjå ei moster Martha gift med skippar Ole Jacobsen. Det er berre det at ho rett nok hadde ei moster Martha, men ho budde og døydde i Luster! Dette er einaste gongen eg finn Kari nemnd i fattigvesenet sine kjelder i Bergen. Kvar kan ho so ha vorte av? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Desse tre søskeni frå Lingjerde i Luster, som òg er del av følgjande tema frå 2018, men aldri fekk noko svar: https://forum.arkivverket.no/topic/220706-øyanes-påskenøtt-2018-2-asbjørnsfolket-på-lingjerde-i-luster-som-delvis-forsvinn-i-amerika-kan-henda-nokon-av-dei-døydde-av-kolera-ei-kjempeutfordring/?tab=comments#comment-1865652 er ein del av ein søskenflokk som alle hamna i Amerika med unntak av ei søster i Luster og ein bror i Tromsø. Det er ein (no avliden) etterkomar etter Kari Thomasdotter Lingjerde sin bror Jørgen, som er ganske so sikker på at Kari og mann hennar døydde i ein koleraepidemi i Wisconsin i 1854, og eg har ein mistanke om at ogso Gjertrud og son hennar KAN ha litt same lagnad...(?). Kanskje ogso mor deira, Anna Marie Davidsdotter (Svabo), døypt 25.8.1793, som utvandra i lag med dei i 1854, døydde òg. Derimot veit me sikkert at den eldste av desse søskeni, Anders Asbjørnson, fødd 1818, utvandra som ungkar til Amerika i 1861, og voni mi er no at i alle fall han kan finnast att i Amerika? Her følgjer eit oppdatert manuskript for dei tre søskeni: ~~~~~~~~~~~~~~~ 4. Anders Asbjørnson, f. {i Luster} 23.5.1818, I 1850 fekk Anders attest for å flytta til Nordland. Det vart då sagt om han at han var middels høg og hadde blondt hår og blå auge. Kor lenge han var i Nordland, veit me ikkje, for i 1861 fekk han ny presteattest for å utvandra til Amerika. ##### (lagnaden hans der borte?) 5. Gjertrud Asbjørnsdotter, f. {i Luster} 21.11.1821, Gertrude Asbjornson utvandra til Amerika med mori og broren John i 1854, men vart kan henda òg offer for den koleraepidemien som knekte broren og kona hans. Me ser i alle høve ikkje noko meir til ho der borte. ##### (sjekka dette?) Ho hadde ein son: a. Andreas Knutson, son av Gjertrud og hus­mannssonen Knut Olson frå Bakken under La i Joranger sokn, Hafslo (1820- ), var f. i Hafslo 27.2.1852. Andreas utvandra truleg med mori til Amerika i 1854, men vert likeins borte for oss. ##### (sjekka dette?) 6. John Asbjørnson, f. {i Luster} 7.8.1824, gifte seg 10.4.1854 med Kari Thomasdotter frå Lingjerde øvre, Lingjerde (bnr. 4), f. 28.2.1835.­ John og Kari Asbjornson utvandra til Amerika i 1854, men Kari var avlidi før 1860; ho og John skal som før nemnt ha sett livet til i det nordlege Wisconsin i ein koleraepidemi sommaren eller hausten 1854. ##### (sjekka dette?) Dei fekk ikkje born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  4. Utgongspunktet for dette emnet er Lars Larsson og Sigvor Johnsdotter frå Voss som flytte til Luster i 1818, men etter at Lars døydde året etter, flytte Sigvor attende til Voss, gifte seg att med Johannes Henrikson og flytte i 1826 til Gildeskål. Eg studerte denne huslyden første gongen på 1980-talet, men kom diverre ikkje so langt den gongen. No har eg lukkast i å finna nokre fleire opplysningar, men nøgd er eg ikkje, og eg vonar at kanskje nokon med lokal kunnskap, både på Voss og i Gildeskål, kan hjelpa meg litt på veg? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Lars Larsson Krogen, opphavleg frå Meland øvre på Voss, var son av ##### (gardbrukar?) Lars Larsson på Meland øvre, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Ragnhild Larsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og vart døypt på Voss 29.10.1786. Han gifte seg på Voss 27.10.1811 med Sigvor Johnsdotter frå Bidne på Voss. Ho var dotter av gardbrukar John Iverson på Bidne, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Magdeli Pedersdotter frå ##### (opphavet hennar?) og vart døypt på Voss 20.3.1791. Lars og Sigvor budde først på ein som husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Bidne på Vossestrand, Voss fram til 1818. Men 8.6.1818 fekk Lars Larsson feste på plassen her i Fureholten med unntak av åkeren, som enkja Rannei Pedersdotter brukte. Dei flytte nok hit på same tidi, men etter festekontrakten skulle dei ikkje ta over plassen før i 1819. I mellomtidi ser det ut til at Lars har vore som ein paktar på hovudbruket(?). Det ser knappast ut til at Lars Larsson nokon gong busette seg i Fureholten, for han vart gravlagd frå Kroken alt 20.6.1819 og vart då kalla paktar. I alle høve lét enkja Sigvor plassen frå seg att alt i 1820. Sigvor Johnsdotter flytte i 1820 attende til Voss der ho 16.1.1826 gifte seg att med Johannes Henrikson frå Hemre store på Voss. Han var son av gardbrukar Henrik Johnson på Hemre store, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Ingrid Halstensdotter frå ##### (opphavet hennar?) og vart døypt på Voss 5.4.1790. Johannes og Sigvor flytte same året til Nordland, ##### (lagnaden deira i Nordland? - bus. Lauklien i Gildeskål 1829/1831) ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Me kjenner til seks born etter Sigvor, tre frå kvart av ekteskapi: ##### (var det kan henda fleire?) a. Ragnhild Larsdotter, døypt på Voss 24.11.1811, ##### (lagnaden hennar? - ikkje nemnd 1826!) b. Iver Larsson, f. på Voss 21.1.1816, flytte med mori og stefaren til Nordland i 1826, ##### (lagnaden hans?) c. Lars Larsson, f. på Kroken i Luster 17.4.1819, flytte til Voss med mori i 1820 og vidare til Nordland i 1826. Han d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Lars gifte seg første gongen i Gildeskål 25.7.1849 med Johanna Fredrikke Thomasdotter frå Vådvik i Gildeskål, døypt i Gildeskål 7.5.1820. Johanna d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) og 18.10.1880 gifte Lars seg att i Gildeskål med Margretha Anna Johnsdotter frå Telnes i Gildeskål, f. i Gildeskål 21.4.1827. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Lars Larsson var gardbrukar på Våg i Gildeskål og fekk ##### (talet på søner og døtrer? - minst seks born, som alle var frå første ekteskapet) d. John Johannesson, f. i Gildeskål 3.4.1829, ##### (lagnaden hans?) e. Ole Johannesson, tvilling, f. i Gildeskål 16.11.1831, d. på Lauklien 22.4.1832. f. Inger Malene Johannesdotter, likeins tvilling og f. i Gildeskål 16.11.1831, d. på Lauklien 8.4.1832. ~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Dette er ei utfordring som eg har «kjempa» med i fleire år - ei oppfølgjing av dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/187541-løyst-kvar-i-os-finn-me-garden-øvstestu-er-det-i-rolfsvågen/?tab=comments#comment-1588832 Axel Knutson, son av Knut Pederson (Sævild) og kona Synneva Axelsdotter (Gaupholm) var fødd på Rolvsvåg i Samnanger 7.2.1846 og utvandra til Amerika med foreldri sine i 1853. Om den tidlege soga hans i Amerika veit eg lite, men han kalla seg etter kvart Alexander eller Alex/Aleck PETERSON og gifte seg i Niobrara, NE 14.3.1883 med Kari «Carrie» Anderson, fødd i Luster 6.7.1854 og utvandra med foreldri sine til WI i 1860. Alex og Carrie farma først i Creighton precinct, Knox Co., NE, men i 1889 flytte dei til ein farm i Knox township, Meade Co., SD der me finn dei i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WM9-2BX Fire born er nemnde: * Etta M. Peterson, f. i Knox Co., NE ?.1.1884 - lagnad ukjend * Clarence Peterson, f. i Knox Co., NE 9.2.1885 - farma 1920, 1930 og 1940 i Meade Co., SD, ugift * Charlotte M. Peterson, f. i Knox Co., NE 29.7.1886 - d. i Miami Co., IN 3.5.1973 som kona til Rev. Harvey Barnes * Olive Annie Peterson, f. i Meade Co., SD 1.6.1893 - d. i Spokane, WA 16.3.1969 - gifte seg 22.6.1913 med James Arza Noe, f. i Benton Co., IA 7.4.1888, d. Seattle, WA ?.4.1983 - farma 1920 i Meade Co., SD og 1930 i Pennington Co., SD Carrie Peterson døydde i Meade Co., SD 27.1.1904. So skjer det merkelege at korkje Alex/Aleck eller nokon av borni hans er å sjå nokon stad i FT1910, men i 1920 er både Clarence og søsteri Olive Annie med mann James Noe attende i Meade Co.,SD, men ingen spor etter far deira. Clarence er der òg i 1930 og i 1940! MEN, slekti fortel meg at Alex/Aleck Peterson levde siste åri sine på ein gamleheim i Evanston, Uinta Co., WY og at han døydde der i 1929. * Greier nokon å finna Alex/Aleck Peterson mellom 1900 og 1929 og eventuelt ein OBITUARY for han frå 1929? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Denne huslyden brukte eg mykje tid på å leita etter då eg første gongen arbeidde med dei på 1980-talet, og so mykje meir har eg ikkje greidd å finna ut om dei i ettertid. Men med dei moderne søkemetodane og andre online ressursar er det kanskje mogeleg å komma litt vidare og finna kvar det vart av denne søskenflokken frå Luster? Manuskriptet mitt ser i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~~ Hans Iverson Qualsøren, opphavleg frå Kvalsviki, var f. {i Luster} kring 1732 og vart gravlaga som legdelem, truleg frå Kjøtnes(?), 11.11.1804. Han gifte seg 22.6.1758 med Bertha Malena, kjend som Malena Olsdotter frå Øygarden under Dalsøyri. Ho vart døypt {i Luster} 17.5.1735 og vart gravlagd frå Kvalsøyri 10.12.1795. Hans og Malena hadde først plassen etter foreldri hennar på Øygarden under Dalsøyri. Sidan var dei ei tid i Haugen under Dalsøyri, men kring 1780 ser dei ut til å vera komne til Kvalsøyri. Malena døydde her, men før hundreårsskiftet var Hans komen på legd på Kjøtnes. Han og Malena fekk seks born i lag: 1. Ole Hansson (1760‑1811), vart husmann i Kilebotn under Kilen. 2. Ingeborg Hansdotter (1762‑1807), vart gift med husmann og enkjemann Anders Halvorson på Åsestølen under Åsen i Jostedalen (1729‑1812). 3. Sophia Hansdotter, døypt 26.7.1764, Sophia Hansdotter flytte frå bygdi før konfirmasjonsalderen, og ##### (lagnaden hennar? – budde i 1807 som tenestejente i Vik i Sogn) 4. Iver Hansson, døypt 10.8.1766, Iver Hansson flytte i ung alder til Norddalen på Sunnmøre, ##### (lagnaden hans? – bustaden hans var ukjend i 1807!) 5. Hans Hansson, døypt 14.5.1769, Hans Hansson må òg vera faren frå bygdi i ung alder ##### (lagnaden hans? – d. før 1807 utan å etterlata seg born!?) 6. Margretha Hansdotter, døypt 3.10.1773, Margretha Hansdotter flytte i ung alder til Vik i Sogn og tente i 1801 på Hopperstad i Vik, ##### (framleis busett i Vik i 1807 – lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Kjelda for desse «adressene» i 1807 er forresten skiftet etter søsteri Ingeborg på Åsestølen i Jostedalen frå 1807: https://media.digitalarkivet.no/view/24146/154?indexing= Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  7. Dette er ein etter måten ganske so «komplett» grein av den gamle «Svends-ætti», omstreifarætti med sterk forankring i Luster i Sogn. Men, eg har aldri greidd å finna korkje faren Daniel eller sonen Johannes døypte nokon stad, og sidan desse folki stadig var «på vandring», mistenker eg dei for å ha fått born som er døypte andre stadar enn i Luster. Og eg ser at både Daniel og Johannes døydde utanfor bygdi, ein i Lavik og ein i Vik. Og eg trur kanskje kona til Johannes, Kirsti Sørensdotter, òg må vera avlidi ein eller annan stad langs Sognefjorden, men KVAR? Eg har følgjande oppdaterte manuskript å syna fram for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Daniel Svendson Høyum, frå Slottet under Skildeim, var f. ##### (fødestaden hans? - dåpsdato? - 1755?) og d. i Båsen under Hellebø i Lavik 29.7.1832, medan han var på vitjing (og arbeid) der ute. Han gifte seg i Luster 4.3.1778 med enkja Martha Olsdotter, opphavleg frå Salbuneset under Talle. Ho vart døypt 8.7.1736 og hadde før vore gift med husmann og enkjemann Johannes Olson på Salbuneset under Talle (1738-1773). Martha d. 9.2.1824, og det vart då sagt at ho var strandsitjarkone på Nes. Kva tid Daniel og Martha slo seg ned her i Trondviki, er ikkje godt å seia, men det har truleg vore i 1780-åri. Elles var Daniel hesteskje­rar liksom faren, og det var helst lite dei budde på plassen i sommarhalvåret. Dei hadde ikkje noko jord, men vart i alle fall buande her til ut på 1800-talet. Som me såg, budde Martha på Nes då ho døydde, men om dei nokon gong hadde ein plass der ute, er uvisst. Daniel skreiv seg i alle høve til Høyeim då han fall ifrå i Lavik i 1832. Dei fekk ein son i lag: 1. Johannes Danielson (1779-1856), fekk plassen her i Trondviki 4 etter foreldri. Johannes Danielson Høyum, son av føregåande strandsitjar og herifrå plassen, var f. ##### (fødestaden hans? - dåpsdato? - 1779?) og d. på Vikøyri i Vik 21.3.1856, medan han var på vitjing (eller arbeid) der ute. Han gifte seg 30.4.1804 med Kirsti Sørensdotter frå Haugen under Skildeim, døypt 11.3.1773. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - truleg i ytre Sogn?) Johannes var hesteskjerar liksom faren og bestefaren. Han og Kirsti tok over denne strandsitjarplassen på Viki etter foreldri hans kring 1804, og jamvel om dei nok var mykje på farten, vart dei buande meir eller mindre fast her levetidi ut. Då Johannes var avliden i 1856, vart plassen nedlagd, og den vesle jordi som måtte ha vore til han, gjekk attende til garden. Me veit om fem born etter Johannes og Kirsti i Viki: ##### (kan dei ha hatt fleire born fødde andre stadar?) 1. Daniel Johannesson (1804-1856), vart strandsitjar og budde i Hundaviki under Høyeim. 2. Jørgen Johannesson (1807-1807). 3. Søren Johannesson (1807-1807). 4. Søren Johannesson (1814-1896), vart strandsitjar på Tvingeborg under Sandviki. 5. Ole Johannesson, f. 24.1.1818, Ole Johannesson flytte visstnok i ung alder til Vikøyri i Vik og budde der som innerst. Han d. ugift på Vikøyri 24.12.1855. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til komplettering av denne biografien!
  8. Christopher Erikson (Krogen), som sjølv var ein «uekte» son av husmannsdotteri Ingeborg Nilsdotter (Krogen) (1796-1836) og husmannssonen Erik Arneson (Kalhagehaugen) (1802-1870), var fødd i Luster 2.3.1830 og vart i 1854 stemnd for fjerde leigarmålet sitt i Luster. So forsvinn Christopher frå Luster, og me ser aldri noko meir til han her! Kvar kan han ha vorte av? Eit søk i Digitalarkivet har synt ein einaste «høvande» «kandidat»: Kristoffer Erikson Kroken, f. Næss Sogn, 1830, døydde ugift på Leiknes i Tysfjord 27.10.1919: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002469279 Då er det vel same person som i 1900 budde på Korsnæs i Tysfjord: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037531000181 Garden Kroken høyrde til Nes kyrkjesokn i Luster, so det er vel ganske so sannsynleg at dette er «rett» person, men i so fall: ** Kvar var Christopher FØR han hamna i Tysfjord? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Johanna Andersdotter Søvde, fødd i 1831, ei søster av tippoldemor mi, reiste i ung alder i lag med to søstrer til Bø i Vesterålen der ho gifte seg og busette seg på ein plass under Føre. Eine søsteri reiste snart sørover att, medan hi: * Christi Andersdotter Søvde, fødd i Luster 31.3.1825, gifte seg i Bø 6.9.1863 med Enok Christian Grønbeck Eilertson frå Vågen i Bø, fødd der 11.9.1824. Dei budde som plassfolk på Maursundstranda under Maursund i Bø der Enok døydde 19.2.1876. Christi levde att som enkje, men dato og stad for dødsfallet hennar manglar!? Ho hadde tre born som alle budde og døydde i Bø. So attende til Johanna. Ho fekk med mann sin sju born, og her er det mange hòl som eg gjerne skulle ha fyllt, ogso for bygdeboki sin del: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg frå Sven er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #9 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Dette er ei anna kjempeutfordring som eg sleit med på 1980-talet, men som grunna mangel på kjelder aldri vart løyst den gongen. Kanskje det går betre no? I samband med ei tingsak (åstadsak?) i Luster i 1770 kom denne Thomas Halvorson fram som vitne og fortalte at han budde i Lom, og der hadde han nok butt i lang tid! Før han reiste dit var han husmann i Stein under Skagen i Luster, og han hadde nok med seg minst to born då han fór over fjellet... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Thomas Halvorson Stein, frå Kilen, var f. kring 1702 og gifte seg kring 1729 med Christi Torbjørnsdotter frå Fortun, f. kring 1704. Ho d. «i armod» i 1740 eller 1741. ##### (kan ho vera avlidi i Lom??) I 1770 vitna Thomas Halvorson at han hadde vore husmann under Skagen i tre år, i sa fall må det ha vore frå kring 1731 til 1734. Kvar dei so budde dei neste seks‑sju åri, kan me ikkje seia sikkert. Men kring 1742 må Thomas Halvorson vera flytt til Lom, ##### (budde framleis i Lom i 1770, lagnaden hans der? - attgift??) Me kjenner til to born frå ekteskapet hans med Christi: a. Martha Thomasdotter, døypt i Luster 10.8.1732, ##### (lagnaden hennar?) b. Christopher Thomasson, døypt i Luster 6.9.1739, ##### (lagnaden hans?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg finn denne vigsli i Lom frå 1755 og lurer på om det kan vera «vår» Thomas: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001183770 Og kanskje er dette gravferdi hans frå 1771, året etter at han hadde vore i Luster på vitjing: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000676567 Kanskje bygdebøkene for Lom har fleire opplysningar her? Eg kan forresten leggja til at Thomas hadde minst to søsken som òg forsvinn frå Luster: * Christen Halvorson, fødd kring 1690, budde i Jostedalen i 1711 før han forsvinn frå Sogn! * Johannes Halvorson, fødd kring 1704, budde hjå foreldri sine i Kilen i Luster i 1714 før han forsvinn frå Sogn! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Christopher Larsson Fladhammer, fødd på Gullskogen under Lavoll i Luster 31.3.1821, var gift med Anna Larsdotter (1826-1876), og dei var plassfolk på Nausti under Fladhammer i Luster. Dei fekk åtte born i lag, men eitt døydde i ung alder. I 1877 utvandra Christopher åleine til Amerika og let alle dei sju borni i alderen 3-24 år etter seg i Luster. Etter kvart utvandra alle desse borni òg til Amerika, og etterkomarar som eg var i kontakt med for snart 40 år sidan, fortalde meg den gongen at: «Grandpa Christopher supposedly moved to Texas where he died some time later» Det var ei viss utvandring frå Luster på den tidi til Fort Worth, Tarrant Co., TX, men om det var dit Christopher drog, veit eg ikkje. Eg har aldri greidd å finna ut noko meir om lagnaden hans, og no set eg liti mi til ekspertisen i Brukarforum. Kanskje nokon greier gjera noko med denne nøtta? Eg ville vorte svært so glad og takkar so mykje å førehand for alle gode tips!
  12. Eg har i minst 35 år spekulert på kvar det vart av søstrene Sophia og Mari Pedersdøtrer frå husmannsplassen i Skildeimskleivi under Søvde i Luster. Kanskje tidi no er mogi for å komm, vidare i desse spekulasjonane? Far til desse jentene hadde tre søstrer, som soleis vart fastrene deira, som alle i ung alder flytte til Fresvik, * Mari Johnsdotter (1733-1807) til Simleneset * Clara Johnsdotter (1738-1820) til Nyborg, Frønningen og sidan til Fimreite i Sogndal * Britha Johnsdotter (1743-1803) til Sagi, Frønningen Kan det tenkjast at Sophia og/eller Mari flytte til ei av desse etter at dei vart foreldrelause i so ung alder? Eller hamna dei kanskje i Vik? Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden i Skildeimskleivi: ~~~~~~~~~~~~~~ Peder Johnson Kleiven, frå Lavoll, vart døypt 26.11.1735 og vart gravlagd frå Kleivi 23.12.1784. Han gifte seg 20.11.1766 med Elisabeth Larsdotter frå Kleivi, Søvde (bnr. 4). Ho vart døypt 12.10.1741 og vart gravlagd som legdelem 7.5.1794 utan at bustaden vart nemnd. Peder og Elisabeth tok over plassen her i Skildeimskleivi 3 etter svogeren og søster hennar alt i 1766 og vart visstnok buande her levetidi ut. Dei fekk fem born i lag: 1. John Pederson (1765-1836), tente mellom anna på Rønnei og på Høyeim, men d. ugift i Kilen. 2. Lars Pederson (1768-1787), ugift. 3. Sophia Pedersdotter, døypt 8.12.1771, voks opp på Søvde, men tente på Nes i 1801. Sophia Pedersdotter ser ut til å vera fari frå bygdi kort etter hundreårsskiftet, ##### (lagnaden hennar? - kanskje til Fresvik?) 4. Ole Pederson (1775-1848), var sjukleg og budde visstnok på Feigum all sin dag der han òg d. ugift. 5. Mari Pedersdotter, døypt 22.2.1778, budde i Kleivi i 1785. Mari Pedersdotter må vera fari frå bygdi alt før ho vart konfirmert, ##### (lagnaden hennar? - kanskje til Fresvik?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Johannes Trondson vart døypt i Luster 24.6.1747 som eldste son av Trond Johannesson ((1717-1777) og kona Ingeborg Knutsdotter (1718-1793), gardbrukarar på Søvde i Dale sokn, Luster. Han var tidleg i 1770-åri tenestedreng hjå Hans Lem på Lærdalsøyri i Lærdal, men då faren døydde i 1777 fekk Johannes ta over heimebruket på Søvde. Han dreiv garden, truleg som ungkar, til han i 1780 let garden til broren Knut og sjølv forsvinn frå bygdi! Eg ser av Digitalarkivet fleire alternativ, men dette er kanskje det beste: * Buksnes 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058483000290 Det hadde vore kjempegildt om lagnaden til Johannes Trondson kunne finnast, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. Utgongspunktet for dette emnet er avisartikkelen som Ivar Moe presenterte i eit anna tema (som ikkje har noko med denne saki å gjera): Saki har å gjera med to arbeidskameratar frå Luster, som er delar av dei to huslydane som følgjer her: ~~~~~~~~~~~~~~ Gnr. 52, Skildeim – pl. Haugen 2 Peder Johannesson Skildum, son av føregåande brukar og herifrå Haugen, vart døypt 25.6.1780 og d. som husmann på Skildeim 8.5.1827. Han gifte seg 20.1.1820 med Eli Olsdotter frå Dalen under Åsen. Ho vart døypt 20.4.1795 og d. som legdelem på Skildeim 2.11.1837. Peder fekk jord til plassen då han overtok etter mori kring 1820, og han og Eli var plassfolk her levetidi ut. Dei fekk fire born i lag: 1. Nils Pederson, døypt 15.8.1819, Nils Pederson flytte i ung alder, truleg alt i 1830‑åri, til Romsdalen, og i 1849 var han busett på garden Ohna i Sandø, Aukra, ##### (lagnaden hans??) 2. Ole Pederson (1821‑1858), vart husmann i Haugen under Berge i Dale. 3. Kari Pedersdotter (1824‑1903), vart gift første gongen med husmann Mons Larsson på Sandvikøyri under Flattun (1802‑1864) og sidan attgift med husmann og enkjemann Ole Halvorson på Tvingeborg under Sandvik (1813‑1887). 4. Peder Pederson, kalla «Eli-Per», var f. 12.6.1827, Peder Pederson var ei tid vegarbeidar i Lærdal, men flytte sommaren 1848 til Aker ved Christiania for å halda fram som vegarbeidar der. Hausten 1848 kom det so bodskap til Luster om at han der hadde vorte myrda, visstnok i november 1848. ##### (nøyaktig dato og stad for dødsfallet? – 25./26.11.1848 – myrda av Ole Olson frå Krossviki under Nes!) Peder var ugift. ~~~~~~~~~~~~~~ Gnr. 72. Nes, pl. Krossvik 2 Ole Olson Næs, frå Hillestad i Hafslo, vart døypt i Hafslo 14.10.1798 og d. som husmann på Nes 9.8.1851. Han gifte seg i Hafslo 27.4.1824 med Mari Ingebrigtsdotter frå La i Joranger sokn, Hafslo, døypt i Hafslo 6.4.1800. Ole og Mari fekk kring 1826 hand om ein plass i Krossviki under Nes, og me trur det var denne plassen dei busette seg på. Ole hadde plassen so lenge han levde, og sidan heldt enkja fram med styringi til 1867. Då vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden. Mary Olson utvandra til Amerika i 1867, ##### (her destiny in America? – probably with daughter in Columbia Co., WI!) Ole og Mari i Krossviki fekk seks born i lag: 1. Ole Olson, f. i Hafslo 21.2.1824, vart konfirmert i Luster i 1839. Ole Olson var ei tid vegarbeidar i Lærdal, men flytte sommaren 1848 til Aker ved Christiania for å halda fram som vegarbeidar der. Han vart i november 1848 skulda for å ha teke livet av arbeidskameraten Peder Pederson frå Haugen under Skildeim (1827-1848) og vart i juni 1849 dømd til døden, men straffen vart i november 1849 omgjord til livsvarig fengsel på Akershus festning der han d. ugift 16.9.1853. 2. Christi Olsdotter (1828-1919), vart gift første gongen med husmann Ole Olson i Skåri under Sandvik (1831-1867) (s.d.). Dei utvandra i 1866 til Amerika, og der vart Christine som enkje attgift med husmann og enkjemann Nils Sølfestson frå Haugen under Valaker i Hafslo (1816-1890) (s.d.). 3. Ingebrigt Olson (1832-1834). 4. Anna Olsdotter (1838-1838). 5. Ingebrigt Olson (1840-1843). 6. Anna Olsdotter (1843-1844). ~~~~~~~~~~~~~~ Eg har to store utfordringar når det gjeld desse huslydane: ** Er det mogeleg å finna ein nøyaktig dato og stad for dette mordet? Kanskje kjem det fram i forsetjingi av avisartikkelen, som tydeleg ikkje er komplett...? ** Peder Pederson hadde ein eldre bror Nils Pederson, som eg har leitt etter i Aukra i mange år, men utan å finna spor etter! Er det mogeleg å finna livsteikn etter Nils? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse huslydane!
  15. Dette er ei kjempeutfordring som har gnagd hjernevinningane mine i snart 40 år og som alt i 2002 vart teke opp til drøfting i det gamle brukarforum som tema 10125: https://forum.arkivverket.no/topic/96036-10125-jacob-janson-frå-røysi-hengesteg-i-luster-f-1830-til-bergen-1847-lagnad/?tab=comments#comment-789025 men utan at det gav noko resultat! Jacob Janson, eldste sonen av Jan Jacobson (1803-1843) og Kirsti Larsdotter (1807-1881), husmannsfolk i Røysi under garden Hengesteg i Luster, var fødd i Luster 25.7.1830: https://media.digitalarkivet.no/view/11591/62 Han vart konfirmert i Luster i 1844: https://media.digitalarkivet.no/view/8400/95 og i 1847 fekk han flytteattest til Bergen by (#59): https://media.digitalarkivet.no/view/8400/167 Dette er det siste me ser til denne karen! Han hadde to yngre brør: * Lars Janson (1842-1891) som i 1875 gifte seg i Christiania og i 1881 utvandra til Amerika (sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/201614-øyanes-påskenøtt-1-lars-janson-fødd-i-luster-1833-via-christiania-til-amerika-i-1881-lagnaden-til-denne-huslyden/?tab=comments#comment-1892272 * Nils Janson (1842-1918) som i 1862 utvandra til Amerika, var soldat i borgarkrigen og sidan farmar i Iowa og North Dakota. So er det store spørsmålet: Kvar i all verdi er det vorte av Jacob Janson etter 1847?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  16. Dette er ein huslyd som eg har slite med sidan tidleg på 1980-talet og som rett og slett berre «forsvinn» for meg. Johannes Olson Lavold var av gamal Lustra-ætt, og det var ogso første kona Clara, men andre kona Margretha har han nok henta utante, kan henda frå Åretun i Lærdal(?). Men so selde han garden sin og flytte bort. Broren John hadde mellom anna tre døtrer som alle flytte til Fresvik og sjølv hadde eldste sonen hans, som var «etablert» før faren reiste frå Luster, òg ei dotter som i ung alder flytte til Vik. No har eg oppdaga at dei to yngste sønene hans, Jens og Claus, KAN vera gifte i Gulen, men dette kan eg ikkje finna prov på. Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Johannes Olson Lavold, son av føregåande brukar og herifrå garden, var f. kring 1683 og fekk alt 20.3.1705 bygsel hjå faren på størstedelen av bruket. Han gifte seg første gongen kring 1714 med Clara Nilsdotter frå Nes. Ho var f. kring 1686, men vart gravlagd frå Lavoll 26.6.1731. Johannes gifte seg so 19.11.1735 att med enkja Margretha Andersdotter, opphavleg frå ##### (opphavet hennar - gift før med kven? - oppl.? - truleg frå ei anna bygd? - NB: ei Margretha Andersdotter gifte seg i Tønjum, Lærdal 27.10.1715 med ein Johannes Anfindson! - budde kanskje på Åretun med born: * Samuel Johannesson, døypt Lærdal 15.6.1720, gravlagd Lærdal 23.6.1720 * Anders Johannesson, døypt Hafslo 16.8.1721 - d. 1791 - g. Lærdal 9.11.1740 med Elsa Nilsdotter Rikheim (Nygard, Lærdal bd. II - s. 443 - f. 1719) - budde under Rå (Lærdal bd. II - s. 358) - sidan på Glitre (Lærdal bd. II - s. 103)) Ei anna Magretha Andersdotter gifte seg i Stedje, Sogndal 1.1.1708 med Baard Larsson der ho visstnok var f. kring 1690. I 1715 fekk broren John (sjå under) bygsel på eine helfti av garden, so frå den tid brukte Johannes Olson berre hi helfti, og formelt fekk han 9.3.1720 bygslebrev på helfti si. Skøyte må han truleg ha fått hjå faren 4.4.1725, same dagen som broren John fekk skøyte på helfti si, men me kan ikkje sjå at skøyta til Johannes nokon gong vart tinglesi. Ved skiftet etter frste kona slutta 24.3.1732 vart garden for gjeld utlagd sorenskrivar Jersin på Talle, men han skøytte 24.4.1737 attende til Johannes som elles hadde drive bruket òg medan Jersin var eigar. Same året selde so Johannes vidare til broren. Det ser likevel ut til at Johannes og Margretha vart buande på Lavoll fram til kring 1742. Johannes og Margretha ser ut til å vera farne frå Luster kring 1742 ##### (kvar flytte dei? - NB: tre av borni til broren John flytte sidan til Fresvik, og ei av sønedøtrene til Johannes frå første ekteskapet flytte til Vik, so kanskje det var til ein av desse stadane at Johannes og Margretha tok vegen? - dødsfalli deira?) Johannes Olson på Lavoll fekk sju born, som var alle frå første ekteskapet: 1. Lars Johannesson (1715‑1788), vart husmann på Hammarslott under Dalsøyri. 2. Ole Johannesson (1718‑1763), vart gardbrukar på Berge i Dale. 3. Anna Johannesdotter, f. kring 1720, Anna Johannesdotter gifte seg truleg i Luster 3.11.1742 med husmannen Jacob Olson ##### (flytte frå bygdi på same tid - lagnaden deira?) 4. Nils Johannesson (1722‑1762), hadde ei tid bruket her på Lavoll, men vart sidan husmann i Skildeimskleivi under Søvde i Dale (s.d.). 5. Jørgen Johannesson, f. kring 1725, levde på Lavoll i 1741. Jørgen Johannesson flytte truleg kring 1742 frå bygdi med faren og stemori ##### (lagnaden hans?) 6. Jens Johannesson, f. kring 1727, levde på Lavoll i 1741. Jens Johannesson reiste nok òg kring 1742 frå bygdi med faren og stemori ##### (lagnaden hans? - ein Jens Johannesson Kraagaas gifte seg i Gulen 17.7.1751 med Kari Knutsdotter Fallebø!?) 7. Claus Johannesson, f. kring 1730, levde på Lavoll i 1741. Claus Johannesson flytte sikkert òg kring 1742 frå bygdi med faren og stemori ##### (lagnaden hans? - ein Claus Johannesson Fallebø gifte seg i Gulen 1.7.1759 med Bertha Torkildsdotter Sognefest!?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til å løysa denne kjempeutfordringi!
  17. Dette emnet vart første gongen teke opp i det gamle brukarforum i 2009 som #66217, men eg fekk den gongen ingen svar. I mellomtidi er det dukka oppp nye lesarar i Brukarforum, so kanskje det no er mogeleg å komma vidare med denne saki? Det er i alle fall lov å vona... Knut Ingebrigtson (1714-1766), husmann på Havellen under Flahammar og sidan i Haugen under Heltne i Dale sokn, Luster, var gift tre gonger og fekk med dei første to konene åtte born og ein steson. Tre av borni døydde kort etter fødsli, og ei dotter vart gift og budde i Luster. Dei andre fem borni ser alle ut til å vera farne frå bygdi i 1760-åri, log den eldste av dei, Erik Knutson, har me sidan finne att på Halland i Gulen! Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~ Knut Ingebrigtson Haugen, opphavleg frå Havelden under Flahammar, var f. kring 1714 og vart visstnok gravlagd frå Skår, truleg som legdelem, 19.2.1766. Han gifte seg første gongen 4.11.1741 med Sophia Andersdotter frå Søvde i Dale. Ho var f. kring 1718, men d. alt kring 1744. Knut gifte seg so 30.11.1747 att med Inga Andersdotter frå ##### (opphavet hennar?) Ho var f. kring 1712 og vart gravlagd frå Haugen 21.7.1757. Knut gifte seg so tredje gongen 29.3.1758 med Mari Torbjørnsdotter frå Vinjane under Hauge. Ho var f. kring 1715 og vart gravlagd som legdelem 24.1.1783. Det var i 1751 at Knut Ingebrigtson busette seg her i Haugen i lag med andre kona si etter at dei først visstnok hadde butt nokre år heime på Havelden. Han hadde plassen til kring 1760. Det ser ut til at siste kona kom på legd på den tidi, og i 1762 ser me at Knut budde åleine på Kvalsøyri under Kvale. Han fekk i alt åtte born; siste ekteskapet vart barnlaust, men med første kona fekk han to søner, medan Inga Andersdotter vart mor til dei seks andre borni hans. Dessutan hadde Inga Andersdotter ein son frå før, og siste kona Mari hadde to born før ho gifte seg med Knut i Haugen: 1. Erik Knutson (1741‑1741). 2. Erik Knutson, døypt 16.2.1743, Erik Knutson flytte i svært ung alder til Gulen og gifte seg der første gongen 24.11.1772 med enkja Siri Endresdotter, opphavleg frå Molland i Hafslo. Ho vart døypt i Hafslo 14.6.1721 og hadde før vore gift med gardbrukar Lars Erikson på Halland i Gulen (1717-1771), opphavleg frå La i Hafslo sokn, Hafslo (s.d.). Men Siri vart gravlagd frå Halland i Gulen 6.8.1799, og Erik gifte seg att i Gulen 8.7.1800 med Elsa Hansdotter frå Unneland nordre i Gulen. Ho var dotter av gardbrukar Hans Ambjørnson på Unneland nordre, opphavleg frå Austgulen, og kona Kari Tørrisdotter frå Tunsberg og vart døypt i Gulen 12.11.1775. Erik d. som kårmann på Halland 20.11.1816, medan Elsa d. som enkje og legdelem på Nese i Gulen 13.5.1845. Erik fekk fem born, som alle var frå andre ekteskapet med Elsa Hansdotter: a. Siri Eriksdotter, døypt i Gulen 17.12.1800, d. som enkje og legdelem på Nese i Gulen 6.7.1883. Siri gifte seg i Gulen 6.5.1820 med Mons Olson frå Nordgulen i Gulen, døypt i Gulen 2.10.1790. Han d. som legdelem på Haveland i Gulen 8.10.1873. Mons og Siri var først plassfolk i Skrubbehaugen under Nordgulen i Gulen, men flytte i 1840 til ein plass i Naustdalen under Haveland i Gulen. Dei fekk sju born i lag. b. Hans Erikson, døypt i Gulen 3.1.1803, vart konfirmert i Gulen i 1820, ##### (lagnaden hans?) c. Sophia Eriksdotter, døypt i Gulen 28.4.1805, d. som husmannskone på Fondetangen i Gulen 24.10.1875. Sophia gifte seg første gongen i Gulen 23.6.1837 med Hans Jacobson frå Midtun indre i Gulen, døypt i Gulen 18.5.1796. Hans og Sophia var plassfolk under Grytten i Gulen der Hans d. som husmann 18.2.1849. Sophia gifte seg so att i Gulen 4.6.1850 med Mathias Aritsson, opphavleg frå Gryttestigen under Grytten i Gulen, f. i Gulen 23.9.1823. Han d. som husmann og fiskar på Grytten 4.2.1897. Mathias var enkjemann då han gifte seg med Sophia, og vart òg gift ein tredje gong etter at Sophia var borte. Han pakta ei tid Eivindvik prestegard, men busette seg med Sophia som husmann på Fondetangen under Fondevik i Gulen og budde sidan der levetidi ut. Han fekk ein son, som var frå ekteskapet med Sophia, men Sophia hadde òg seks born frå første ekteskapet sitt med Hans Jacobson. d. Eli Eriksdotter, døypt i Gulen 8.3.1808, d. som kårenkje på Simmerøen under Nesøen i Solund 27.5.1888. Eli gifte seg i Gulen 15.6.1847 med Anders Einerson frå ein plass under Hauge i Gulen, f. i Gulen 13.4.1820. Han d. som kårmann på Simmerøen 1.3.1888. Anders og Eli vart plassfolk på Simmerøen under Nesøen i Solund og fekk fem born i lag. e. Claus Erikson, døypt i Gulen 10.4.1814, vart gravlagd frå Halland i Gulen 24.7.1814. 3. Lars Bottolfson, son av Inga Andersdotter og husmann Bottolf Bottolfson på Notasva under Hauge (1710‑1777), vart døypt 12.12.1734. Lars Bottolfson ser òg ut til å vera reist frå Luster i ung alder ##### (lagnaden hans? - ytre Sogn?) 4. Sophia Knutsdotter (1745‑før 1752). 5. Anders Knutson, dypt 14.3.1748, Anders Knutson må vera faren frå Luster i ung alder ##### (lagnaden hans? - ytre Sogn?) 6. Knut Knutson (1751‑1751). 7. Sophia Knutsdotter (1752‑1826), vart gift med strandsitjar og enkjemann Endre Pederson på Kvalsøyri under Kvale (1753‑1833). 8. Ingebrigt Knutson, døypt 11.3.1754, Ingebrigt Knutson ser ut til å vera faren frå Luster i ung alder. ##### (lagnaden hans? - ytre Sogn?) 9. Agatha Knutsdotter, døypt 18.9.1755, Agatha Knutsdotter ser òg ut til å vera reiste frå Luster i ung alder. ##### (lagnaden hennar? - ytre Sogn?) 10. Torbjørn Johannesson (1742‑1742) var son av Mari Torbjørnsdotter og gardbrukarsonen Johannes Pederson frå Berge i Dale (1718‑1747). 11. Mari Pedersdotter Bandscher (1746‑1816), dotter av Mari Torbjørnsdotter og skomakarsvein Peder Nilsson Bandscher (1712‑1780), sidan busett på Nagløyri i Sogndal, vart trulova første gongen med gardbrukarsonen Hans Nilsson frå Skildeim (1750‑1784) (s.d.) og sidan gift med husmann Nils Jørgenson på Bøen under Berge i Dale (1757‑1813) (s.d.). ~~~~~~~~~~~~~ Den eine dotteri Sophia som vart buande i Luster, var gift, men fekk ikkje born med mann sin, berre tre born før ho vart gift. Eine dotteri hennar var Agatha Asbjørnsdotter, som flytte til morbror sin på Halland Gulen. Huslyden hennar vart drøfta i 2015: https://forum.arkivverket.no/topic/195256-agatha-asbjørnsdotter-1779-1843-og-erik-gregoriusson-1770-1844-på-blidensol-skjerjehamn-i-gulen-huslyden-deira/?tab=comments#comment-1651786 Men Sophia hadde òg ei dotter Inga Pedersdotter (1773) og ei stedotter Inga Torstensdotter (1770) som òg forsvinn frå Luster i ung alder, og som òg godt kan ha hamna i ytre Sogn. Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~ Endre Pederson Qualsøren, frå Rønneisøyri under Rønnei, vart døypt 14.3.1753 og d. som legdelem på Kvalsøyri 9.4.1833. Han gifte seg første gongen 20.7.1786 med Gunnhild Sjursdotter frå Bakken under Ottum. Ho vart døypt 25.12.1745 og d. på Kvalsøyri kring 1797. Endre gifte seg so att 10.1.1799 med Sophia Knutsdotter frå Haugen under Heltne i Dale. Ho vart døypt 9.6.1752 og d. på Kvalsøyri 20.7.1826. Endre Pederson fekk denne strandsitjarplassen på Kvalsøyri, visstnok då ein ny plass, frå midt i 1780‑åri og budde her levetidi ut, men stesonen Anders tok over styringi frå kring 1820, og Endre sjølv hamna på legd. Endre Pederson på Kvalsøyri fekk ein son, og han var frå første ekteskapet. Derimot hadde første kona to born frå før, og andre kona hadde tre born frå før. Dei til saman seks borni vart soleis: 1. Inga Torstensdotter, dotter av Gunnhild Sjursdotter og husmann Torsten Johnson på Sage under Fuhr (1741‑1784), vart døypt 29.7.1770, vart ikkje konfirmert i Luster. Inga Torstensdotter flytte truleg frå bygdi i svært ung alder, utan at me kjenner lagnaden hennar. ##### (lagnaden hennar? - ytre Sogn?) 2. Sjur Jørgenson (1779‑1780), var son av Gunnhild Sjursdotter og gardbrukar Jørgen Johannesson på Myklemyr i Jostedalen (1756‑1816). 3. Peder Endreson (1787‑1868), einaste «ektefødde» barnet i denne huslyden, vart husmann på Kvasshilleren under Høyeim. 4. Inga Pedersdotter, dotter av Sophia Knutsdotter og husmann Peder Johannesson på Kvalsøyri 6 under Kvale (1752‑1811), vart døypt 18.4.1773. Liksom stesøsteri med same namnet må òg Inga Pedersdotter vera fari frå Luster i ung alder, men lagnaden hennar er ukjend. ##### (lagnaden hennar? - ytre Sogn?) 5. Agatha Asbjørnsdotter, dotter av Sophia Knutsdotter og husmannssonen Asbjørn Aamundson frå Teigane under Bolstad (1755‑ ), vart døypt 11.11.1779. Agatha Asbjørnsdotter flytte i ung alder til Gulen og tente der på Halland då ho vart konfirmert i 1796. Ho gifte seg i Gulen 6.7.1802 med Erik Gregoriusson frå Hjertås i Gulen. Han var son av gardbrukar Gregorius Erikson på Hjertås, opphavleg frå Norddalen i Gulen, og kona Ingeborg Gregoriusdotter frå Hjertås og vart døypt i Gulen 16.1.1770. Erik Gregoriusson var husmann og skaffar, og dei budde på plassen Blidensol under Skjerjehamn i Gulen der Agatha d. som husmannskone 24.4.1843. Erik d. som legdelem på Dale i Gulen 23.2.1844. Agatha fekk i alt ti born, ni i ekteskapet og eitt utanom: a. Gregorius Erikson, døypt i Gulen 18.7.1802, var tenestedreng på Børholmen i Gulen, men miste livet på sjøen 14.7.1834, ugift. b. Iver Erikson, døypt i Gulen 13.11.1804, vart gravlagd i Gulen 9.7.1805. c. Ingeborg Eriksdotter, døypt i Gulen 7.12.1806, d. som legdelem på Skjerjehamn 15.11.1890. Ho gifte seg i Gulen 28.12.1833 med Johan Petter, kjend som Petter Johannesson frå Bergen, f. i Bergen 15.3.1810. Han d. som enkjemann og legdelem på Skjerjehamn 10.4.1898. Petter og Ingeborg budde først på Mjømna i Gulen, men fekk so ta over som plassfolk på Blidensol under Skjerjehamn etter foreldri hennar. Dei fekk fire born i lag. d. Anna Iversdotter, dotter av Agatha og svogeren Iver Gregoriusson frå Hjertås i Gulen, vart døypt i Gulen 12.2.1810 og d. i Gulen 12.5.1852. Ho gifte seg i Gulen 8.6.1848 med enkjemannen Arits Johannesson frå Stigen under Gryten i Gulen, døypt i Gulen 18.10.1794. Han d. i Gulen 21.3.1870. Arits tok over heimeplassen etter foreldri sine på Stigen under Gryten, men vart sidan sjølveigar og gardbrukar same staden. Arits var gift både før og etter ekteskapet med Anna. Han fekk i alt elleve born i ekteskapi sine; av dei var tre søner frå ekteskapet med Anna. e. Anders Erikson, døypt i Gulen 4.12.1812, d. som legdelem i Gulen 8.6.1828. f. Inga Eriksdotter, døypt i Gulen 18.6.1815, d. som husmannskone på Austgulen i Gulen 16.1.1887. Ho gifte seg i Gulen 9.11.1844 med Lorents Einerson frå ein plass under Hauge i Gulen, f. i Gulen 10.5.1817. Han d. som husmann og enkjemann på Austgulen 9.12.1890. Inga og Lorents vart husmannsfolk på ein plass under Austgulen i Gulen. Dei fekk ikkje born i lag, men Lorents fekk ein son utanfor ekteskap som voks opp hjå han og Inga. g. Kari Eriksdotter, f. og d. i Gulen 20.3.1817. h. Ole Erikson, f. i Gulen 10.3.1818, d. ugift i Gulen 9.7.1844. ##### (skiftedato! – ikkje gravlagd Gulen!) i. Claus Erikson, f. i Gulen 11.6.1821, kom bort på sjøen og d. som husmann under Kversøy i Gulen 15.6.1883. Han gifte seg første gongen i Gulen 28.6.1844 med Johanna Ellingsdotter frå Kvernøy store i Gulen, f. i Gulen 25.9.1816. Ho d. som husmannskone på Kvernøy store i Gulen alt 15.6.1851, og Claus gifte seg att i Gulen 27.12.1855 med Jannike Jensdotter frå Utvær i Solund, f. i Solund 27.2.1827. Ho kom bort på sjøen samstundes med mannen 15.6.1883. Claus og første kona Johanna var gardbrukarar og sidan plassfolk på Kvernøy store i Gulen, men han og andre kona Jannike vart plassfolk på Stuholmen under Kversøy i Gulen. Claus fekk i alt og fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre. j. Magdeli Eriksdotter, f. i Gulen 12.2.1824, ##### (konf. 1839 – lagnaden hennar?) 6. Anders Iverson (1785‑1846), son av Sophia Knutsdotter og husmann Iver Olson på Utheim under Sørheim (1765‑1850), vart strandsitjar her på Kvalsøyri 4 under Kvale etter mori og stefaren. ~~~~~~~~~~~~~ Det hadde vore kjempebra om det let seg gjera spora opp nokon av desse søskeni, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  18. Denne huslyden frå Sva i Luster arbeidde eg første gongen med tidleg på 1980-talet, men eg står like fast i dag som den gongen når det gjeld lagnadane til dei to søskeni Kjøstel og Anna. Eg mistenker dei båe for å vera flytte til Bergen der eldste søster deira budde, men kan ikkje finna prov på dette! Kanskje nokon har betre «teft» enn meg? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter ei kjempeoppdaging av Ivar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under! Eldste søsteri gifte seg i Luster, men flytte med mann sin til Bergen. Einaste kjende ervingen hennar var sonen Knut Christensen som var hattemakarsvein i Bergen, men er det noko meirn å finna ut om han? Var han gift? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Christen Torgerson Søvde, frå Fortun, var f. kring 1723 og fekk 30.3.1763 bygsel på dette bruket på Søvde. Han gifte seg første gongen 2.6.1763 med Sophia Hermundsdotter,­ enkja etter føregåande brukar. Ho fall ifrå alt året etter utan at dei hadde fått born i lag, og kort etter flytte Christen heimatt til Fortun. Han gifte seg 4.11.1773 att med Martha Knutsdotter, opphavleg frå Alme, men sjå Årstu under Dale. Ho vart døypt 3.8.1743. Christen og Martha vart buande nokre år som innerstfolk på Fortun. Men kring 1778 flytte Christen og Martha Torgersen til Bergen. Christen var matros, og huslyden budde i Theatergaten i Bergen. Derifrå vart Christen gravlagd 10.10.1782. Martha gifte seg sidan att med gardbrukarsonen Peder Arneson frå Lunde i Hafslo (1747-1819) og budde i Bergen levetidi ut. Ho d. i Bergen 14,3,1812. Christen fekk to søner, som båe var frå andre ekteskapet, men Martha hadde òg ein son frå før: a. Christen Johannesson (1769-1771), f. og d. i Luster, var son av Martha og husmann Johannes Christenson på Skjolden under Bolstad (1742-1810). b. Torger Christensen, døypt i Luster 7.8.1774, flytte med foreldri til Bergen kring 1778, men vart gravlagd i Bergen 1.10.1783. c. Knut Christensen, døypt i Luster 14.1.1776, flytte òg med foreldri til Bergen kring 1778 og d. i Bergen 1.6.1816. Knut var hattemakarsvein og budde i Nøstegaten i Bergen. ##### (var Knut gift? - opplysningar om ei eventuell kone?) ~~~~~~~~~~~~~~ Det ville vore kjempebra om me kunne finna fleire opplysningar om desse personane, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  19. Dette er ei kjempeutfordring som eg alt på 1980-talet nytta mykje tid og krefter på å freista løysa, men med dei ressursane som den gongen var tilgjengelege, kom eg ingen veg. Kanskje det i dag er lettare? Torkild Larsson vart døypt i Luster 11.8.1776 som einaste overlevande barnet etter Lars Torkildson (1744-1796) og kona Britha Johannesdotter (1739-1810), husmannsfolk på plassen Øygarden under garden Fuhr i Luster. Torkild vart konfirmert i Luster i 1791: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000458191 og me har ei kjelde (som eg i augneblinken ikkje finn att) frå 1797 som seier han framleis var ilive då, men so forsvinn han som «dogg for soli»! Er det mogeleg å finna ut kvar denne unge mannen kan ha gjort av seg? Kan han ha vore soldat i svenskekrigen? Eg hugsar eg for ei tid attende var borti ein gamal Luster-soldat frå svenskekrigen som sidan sat fengsla i Fredrikstad, og som då han slepte ut, flytte til Kristiansand. Kva so med denne karen? Let det seg gjera å identifisera han: https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000155297 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  20. Dette er ein huslyd frå Luster som ogso Ivar Moe har minnt meg om gjennom eit anna tema og der eg ser at eg manglar ymse detaljopplysningar, som eg svært gjerne skulle hatt på plass, både frå Amerika og frå Noreg (Christiania). Kanskje nokon kan hjelpa meg? Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~~ Narve Larsson Fuhr, frå Myrsete under Hengesteg, vart døypt 3.1.1797 og gifte seg 26.1.1824 med Sophia Haagensdotter frå Svangstu lille, døypt 29.7.1798. Narve og Sophia fekk overta plassen her på Myrane under Fuhr alt i 1824 og vart buande her som husmannsfolk like til 1867. Då vart plassen nedlagd, og jordi fall attende til garden. Narve og Sophie Larson utvandra til Amerika i 1867 i lag med sonen Anders; alle dei andre attlevande borni var farne over tidlegare. Og Narve og Sophie Larson slo seg ned hjå sonen Lars på farmen hans i Windsor township, Dane Co., Wis. ##### (lived there in 1870 – dates and places of their deaths?) Narve og Sophia på Myrane fekk åtte born i lag, mellom anna denne sonen: Lars Narveson Skildum, frå Myrane under Fuhr, var f. 12.4.1824 og gifte seg første gongen 5.5.1846 med Anna Andersdotter frå Mordla under Heltne i Dale, f. 22.10.1818. Lars og Anna fekk festesetel på denne plassen i Skildeimshaugen dagsett 15.2.1847, men dei kan ikkje ha hatt noko særleg med jord til plassen, og vart då heller ikkje buande her lenger enn til 1861. Då vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden. Lars og Anna Narveson utvandra til Amerika i 1861 og slo seg først ned som farmarar i Windsor township, Dane Co., Wis., men flytte på 1870-talet til ein farm i Hampden township, Columbia Co., Wis. Anna d. i Columbia Co., Wis. 6.6.1878, og Lars gifte seg att i Dane Co., Wis. 15.1.1879 med Martha Olsdotter frå Hærishaugen under Hæri. Ho var f. i Luster 9.8.1835 og hadde utvandra til Amerika i 1873. Lars og Martha vart buande på farmen hans i Hampden township, Columbia Co., Wis., der Lars d. alt 11.3.1881. Martha Narveson d. i Dane Co., Wis. 7.11.1911. Lars fekk i alt sju born, som alle var frå første ekteskapet, men dessutan hadde andre kona Martha òg tre born frå før: a. Anna L. Narveson (1845‑1908), utvandra med foreldri i 1861 og vart der borte gift med husmannssonen Henrik Olson frå Langeteigen under Dalsøyri (1844‑1927). b. Sophia L. Narveson (1847‑1852), f. og d. i Luster. c. Narve L. Narveson, truleg kjend som Narve Lewis, ##### (American name to be verified?) f. i Luster 21.11.1850, utvandra med foreldri til Amerika i 1861. ##### (moved «West» at a young age – his destiny??) d. Sophia L. Narveson, kjend som Sophie Lewis, f. i Luster 12.11.1852, utvandra til Amerika med foreldri i 1861 og d. i Chicago, Ill. 7.1.1936. Ho flytte i ung alder til Chicago, Ill. der ho 13.10.1884 gifte seg med ##### (original name from Norway? – referred to as Olaf Olaus Lee) ##### (wherefrom in Norway? – Christiania?) ##### (full names of his parents?) f. i Christiania (Oslo) 16.4.1860. Han utvandra til Amerika i 1878 ##### (year of his emigration to be verified?) og d. i Oak Park, Ill. 26.6.1926. Oluf Lee var fabrikkformann («factory foreman»), og han og Sophie vart buande i Chicago, Ill. levetidi ut. Dei fekk to born i lag. e. Anders, kjend som Andrew L. Narveson, f. i Luster 4.8.1855, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1861, men d. ugift i Columbia Co., Wis. 12.10.1880. f. Gunnhild, kjend som Julia L. Narveson, f. i Luster 1.1.1858, utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1861, men d. ugift i Columbia Co., Wis. 22.2.1877. g. Malena L. Narveson, f. i Columbia Co., Wis. kring 1862, ##### (exact date of her birth?) d. i Columbia Co., Wis. 26.8.1877. h. Ole Andersson, kjend som Ole A. Harum, son av Martha Olsdotter og gardbrukar Anders Andersson på Lid øvre i Hafslo (1838‑1922), var f. i Luster 25.5.1861 og utvandra til Amerika med mori i 1873. Han d. i Sioux Falls, S.D. 23.11.1912. Ole Harum gifte seg i Fillmore Co., Minn. 16.12.1891 med Barbara O. Thyri. Ho var f. i Fillmore Co., Minn. 18.11.1868 og d. i Rochester, Minn. 29.9.1916. Ole og Barbara budde i Lanesboro, Fillmore Co., Minn. og fekk seks born i lag. i. Anders Andersson, son av Martha Olsdotter og husmannssonen Anders Andersson frå Teigane under Bolstad (1831‑1871), var f. i Luster 19.5.1865, ##### (lagnaden hans? – ikkje utvandra til Amerika – døydde han heilt ung?) j. Christian Andersson, kjend som Christian A. Harum, var likeins son av Martha Olsdotter og husmannssonen Anders Andersson frå Teigane under Bolstad (1831‑1871) var f. i Luster 19.2.1870 og utvandra til Amerika i 1873 i lag med mori. Christian Harum var snikkar («carpenter») og vart buande i Windsor township, Dane Co., Wis. der han d. ugift 6.8.1940. ~~~~~~~~~~~~~~~ Her ser me Lars Narveson (her kalla Lewis Nelson!) med huslyden hans i FT1870 i Windsor township, Dane Co., WI. Ogso foreldri hans er nemnde her (ogso dei kalla Nelson!) og ein yngre bror Anders: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DT87-51V Me ser soleis at både Narve og Sophie levde i 1870, men båe er borte i 1880, og det er vel ikkje usannsynleg at dei båe døydde i 1870-åri, men nærare detaljar har eg ikkje greidd å finna so langt! Og her er ymse innførsler som gjeld Lars si dotter Sophie Lewis med mann Olaf Olaus Lee som skulle vera frå Christiania, skal me tru kjeldene frå Chicago * Dødsfallet hans: Name Olaf Olaus Lee Event Date 26 Jun 1926 Event Place Oak Park Village, Cook, Illinois Gender Male Race white Age 66 Birth Year (Estimated) 1860 Birth Date 16 Apr 1860 Birthplace Christicina, Norway Father's Name Olaus Lee Father's Birthplace Christicener, Norway Occupation foreman Residence Place Chicago, Ill. Spouse's Name Sophia Lee Burial Date 29 Jun 1926 Burial Place Mt. Olive * FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-63RT-2F * FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RJL-QGX * FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R68-73Y Eg vonar det er mogeleg å identifisera Olaf Olaus utifrå desse kjeldene, både fødsli hans og utvandringi? Neste store utfordring her ver lagnaden til eldste sonen etter Lars Narveson, Narve Lewis(?). Familien fortel at han reiste heimefrå i ung alder og skal ha butt ein eller stad «in the West», men so langt har eg ikkje greidd å finna spor etter han! Siste store utfordringi er lagnaden til Anders Andersson, sonen som andre kona Martha fekk i Luster i 1865: https://media.digitalarkivet.no/view/8402/54 Her er mori Martha Olsdotter med båe dei eldste borni i FT1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261001880 Og her er utvandringi til mori frå 1873 med berre eldste og yngste barnet: https://media.digitalarkivet.no/view/6916/422 Kvar er so Anders Andersson vorten av? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  21. Dette er ein huslyd som eg arbeidde mykje med då eg vitja Chicago, IL i 1982, og eg greidde å finna fleire etterkomarar, men ikkje alle detaljane var mogelege å få tak i den gongen. Denne Gjertrud var søster av den Lars Jacobson som er tema i denne utfordringi: https://forum.arkivverket.no/topic/201755-øyanes-påskenøtt-9-lars-jacobson-krogen-1852-1879-og-kona-eliza-e-pike-gohde-1853-1923-og-huslyden-deira-i-amerika-soge-om-adopsjon/ Kanskje er det no mogeleg å komplettera dette manuskriptet lite vetta? Er det til dømes mogeleg å finna: ** Kven var Ole Andersson Trovåg i Gulen - barnefaren frå 1860? ** Kven var Harry Daniel Wheeler frå London som gifte seg med Annie Bringe? ** Kanskje kan ein OBITUARY finnast for Gertrude Gehrke frå 1997? ** Men den største utfordringi er truleg John «James» Green frå Kentucky, mannen til Susan Bringe...? Her følgjer eit oppdatert utdrag: ~~~~~~~~~~~~~ Torbjørn Olson Bringe, frå Moen under Bruheim i Jostedalen, var f. i Jostedalen 6.3.1841 og gifte seg i Luster 9.6.1868 med Gjertrud Jacobsdotter frå Teigen under Kroken, f. 30.8.1840. Torbjørn Olson var treskjrar. Han og Gjertrud slo seg ned her på Krossen i 1869 etter at plassen då etter utskiftingi eit par i forvegen hadde vorten del av Bringe, og dei vart buande her til 1884. Dei vart dei einaste plassfolki på Krossen medan plassen hyrde til Bringe, for neste brukaren, Ole Gabrielson, fekk sidan skøyte og vart sleis sjølveigar (sjå Bringe, bnr. 11). Torbjorn og Jennie Bringe utvandra til Amerika i 1884 og slo seg ned som farmarar i Utica township, Chickasaw Co., Ia. Men Torbjorn Bringe d. i Chickasaw Co., Ia. alt 13.2.1890; Jennie heldt fram med farmen ein del år, men flytte sidan til Chicago, Cook Co., Ill. der fleire av borni då budde. Ho d. hjå dotteri Annie Wheeler i Chicago, Ill. 3.11.1928. Torbjørn og Gjertrud på Krossen fekk sju born i lag, medan dei budde i Luster; dessutan hadde Gjertrud ei dotter frå før: 1. Anna Olsdotter Bringe (1860‑1944), var dotter av Gjertrud og ##### (Ole Andersson frå Trovåg i Gulen – kven var han?) Anna Bringe utvandra til Amerika i 1882 og gifte seg der borte med husmannssonen Arne Larsson frå Haugen under Eide (1859‑1929) (s.d.). 2. Anna Torbjørnsdotter Bringe, f. 14.5.1868; grunna pengemangel vart ikkje Anna med foreldri til Amerika i 1884. Men Annie Bringe utvandra til Amerika i 1885 og gifte seg i Chicago, Ill. 18.4.1897 med Harry Daniel Wheeler, f. i London, England 1.4.1873. ##### (parents and emigration year?) Harry var kjelemakar i eit oljeselskap («oil company boiler maker») i Chicago, Ill. Frå 1908 til 1916 budde dei i Knox, Starke Co., Ind.; dei budde òg ei tid i Whiting, Lake Co., Ind., men var elles busette i Chicago, Cook Co., Ill. til dei som pensjonistar flytte til North Judson, Starke Co., Ind. Harry d. i North Judson, Ind. 26.6.1944, medan Annie Wheeler d. i Mishawaka, Ind. 15.9.1951. Dei fekk seks born i lag: a. Mary Elvina Wheeler, f. i Chicago, Ill. 6.2.1898, d. i Mishawaka, Ind. 10.12.1953. Ho gifte seg i Chicago, Ill. 22.12.1919 med Leo Charles Streich, f. i Starke Co., Ind. 4.1.1894. Han d. i Mishawaka, Ind. 15.6.1947. Leo Streich var kommunearbeidar («lineman and city meter reader»), og han og Mary budde i Mishawaka, St. Joseph Co., Ind. Dei fekk fem born i lag. b. Charles Theodore Wheeler, f. i Chicago, Ill. 18.10.1901, d. i Chickasaw Co., Ia. ?.8.1902. c. May Henrietta, kjend som Henrietta Wheeler, f. i Chicago, Ill. 5.3.1904, d. i Knox, Ind. 15.11.1975. Ho gifte seg i Chicago, Ill. 6.5.1919 med Cecil Earnest Weidner, f. i Starke Co., Ind. 21.7.1900. Han d. i Knox, Ind. 26.4.1975. Cecil Weidner var fabrikkarbeidar («factory worker») til dei i 1936 flytte til North Judson, Starke Co., Ind. Der dreiv Cecil bilagentur, og dessutan farma dei («car agency operator and farmer»). Dei fekk fem born i lag. d. Gertrude Anna Wheeler, f. i Chicago, Ill. 19.4.1906, d. ##### (place of her death? – Crown Point, IN?) 22.10.1997. Gertrude gifte seg i Chicago, Ill. 26.10.1924 med Lyle Judge Gehrke, f. i Milwaukee Co., Wis. 26.10.1903. Han d. i Lansing, Ill. 6.1.1981. Lyle Gehrke var brannmann i eit oljeselskap («oil company fireman»). Dei budde i Chicago, Cook Co., Ill. og i Hammond, Lake Co., Ind., men flytte sidan til Lansing, Cook Co., Ill. Dei fekk fire born i lag. e. Eit barn var f. og d. straks etter fødsli i Starke Co., Ind. kring 1910. ##### (info?) f. Severt Estus Wheeler, f. i Starke Co., Ind. 22.8.1912, d. i Starke Co., Ind. 14.1.1914. 3. Jacob Torbjørnson Bringe, f. 2.7.1870, Jake Bringe utvandra med foreldri til Amerika i 1884 og gifte seg første gongen i Dallas Co., Ia. 31.7.1896 med Amanda Ellen Reid, f. i Dallas Co., Ia. 19.1.1863. Jake Bringe var smed («blacksmith»), og han og Amanda budde først i Utica township, Chickasaw Co., Ia., men flytte kort etter hundreårsskiftet til ein farm i Pleasant township, Winneshiek Co., Ia. Men snart etter flytte dei vidare til Chicago, Cook Co., Ill. der Jake Bringe arbeidde som snikkar («carpenter»). Jake og Amanda vart skilde i 1917, og Amanda vart buande i Chicago, Ill. der ho d. 19.7.1943. Jake Bringe gifte seg att i Lancaster, Ohio 27.7.1921 med enkja Florence Emrick, f. Love, f. i Perry Co., Ohio 8.10.1874. I 1938 flytte Jake og Florence til North Judson, Starke Co., Ind. og farma der. Florence d. i Starke Co., Ind. 16.2.1950, medan Jake Bringe d. same staden 14.6.1955. Florence hadde to born i første ekteskapet sitt, medan Jake hadde denne dotteri, som var frå første ekteskapet med Amanda: a. Lavina Gertrude Bringe, f. i Chickasaw Co., Ia. 12.10.1898, d. i Chicago, Ill. 13.4.1976. Ho gifte seg i Chicago, Ill. 12.7.1922 med Walter Clyde Tomlinson, f. i Garland Co., Ark. 14.12.1895. Han d. i Chicago, Ill. 16.5.1964. Walter var fabrikkarbeidar («factory worker»), og han og Lavina budde i Chicago, Cook Co., Ill. Dei fekk seks born i lag. 4. Ole Torbjørnson Bringe, f. 19.12.1872, Ole T. Bringe utvandra òg til Amerika med foreldri i 1884. Han busette seg i Decorah, Winneshiek Co., Ia. der han livnærte seg som snikkar («carpenter»). Han d. ugift i Decorah, Ia. 3.7.1939. 5. Elen Susanna, kjend som Susanna Torbjørnsdotter Bringe, f. 26.1.1875, Susan Bringe utvandra med foreldri til Amerika i 1884 og gifte seg i South Chicago, Ill. 11.3.1909 med John B. ##### (middle name?) kjend som James Green, f. ##### (date and place of his birth? – Tennessee? – 1865!? – his 2nd marriage!) James arbeidde som snikkar og vaktmeistar («carpenter and janitor»), og han og Susan budde i Chicago, Cook Co., Ill., men James forlét kona og borni i 1913 og skal vera faren attende til Tennessee, men ##### (further details?) Susan Green var sidan kjolesyerske («dress maker») i Chicago, Cook Co., Ill. og d. i Oak Lawn, Cook Co., Ill. 19.6.1964. Dei fekk to born i lag: a. John Samuel, kjend som Samuel Green, f. i Chicago, Ill. 31.10.1909, d. i Chicago, Ill. 5.6.1972. Samuel Green var yrkesoffiser i den amerikanske hæren («US Army officer») ##### (married twice, but had no children – details?) b. Martin Andrew Green, f. i Chicago, Ill. 29.7.1912, d. ugift i Chicago, Ill. 3.7.1931. 6. Sjur Torbjørnson Bringe, f. 22.8.1877, Sever Bringe utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1884. Han reiste tidleg frå Iowa til Chicago, Cook Co., Ill. og arbeidde der i mange år som snikkar («carpenter»). Sidan flytte han til North Judson, Starke Co., Ind. der han farma. Dei siste leveri budde han hjå brordotteri Lavina Tomlinson i Chicago, Ill. der han d. ugift 26.11.1973, vel 96 år gamal. 7. Martinus Torbjørnson Bringe, f. 30.4.1880, Martin T. Bringe utvandra til Amerika med foreldri i 1884 og var ei tid farmarbeidar («farm laborer») i Winneshiek Co., Ia. Ei tid farma han òg i lag med broren Jake Bringe i Pleasant township, Winneshiek Co., Ia., men kring 1910 flytte Martin til Chicago, Cook Co., Ill. der han livnærte seg som snikkar («carpenter»). Han d. ugift i McHenry Co., Ill. 2.7.1931. 8. Nils Torbjørnson Bringe (1882‑1883). Me har no sett på dei borni som Torbjørn og Gjertrud på Krossen fekk, medan dei budde i Luster. Men dei fekk òg ei dotter etter at dei kom fram til Amerika: i. Tilda Gjertine Bringe, f. i Chickasaw Co., Ia. 9.12.1885, d. i Chicago, Ill. 22.2.1988, vel 102 år gamal. Tilda gifte seg i South Chicago, Ill. 26.7.1905 med Joseph Connors, f. i Chicago, Ill. 27.6.1882. Han d. i Chicago, Ill. 24.12.1932. Joseph Connors var ingeniør («mill engineer»), og han og Tilda budde i Chicago, Cook Co., Ill. Dei fekk fem born i lag. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  22. Dette er ein huslyd som eg jobba med første gongen tidleg på 1980-talet, men grunna manglande kjeldemateriale og manglande bygdebøker (som vel sidan er komne...), kom eg ikkje so langt på veg. No vonar eg at det ligg føre kjelder som kan bidra til å komplettera biografien for Ellef Olson som flytte frå Luster til Nordhordland som skomakar og sidan vart gardbrukar i Manger? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Ellef Olson {Skaar}, f. {i Luster} 25.4.1818, Ellef Olson reiste kring i Nordhordland som skomakar til han gifte seg i Hosanger 15.12.1855 med Anna Olsdotter frå Titland i Manger. Ho var dotter av gardbrukar Ole Guttormson på Titland, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Anna Johnsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Manger 2.1.1823. Ellef fekk til pakting eit bruk på Lid søndre i Manger der han d. 20.5.1880. Anna d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Dei fekk tre born i lag: ##### (kan dei ha hatt fleire? - sjekka?) a. Cecilia Ellefsdotter, f. i Hosanger 12.10.1855, ##### (n. 1865 - lagnaden hennar? - d. barnlaus før 1914?) b. Anna Maria Ellefsdotter, f. i Lindås 25.12.1857, ##### (budde 1914 på ytre Arna i Arna - lagnaden hennar?) c. Ole Ellefson, f. i Lindås 13.8.1863, d. som gardbrukar på Lid i Manger 13.1.1895. Han gifte seg i Manger 9.9.1882 med Kari Wilhelmsdotter frå Litloksa i Seim, Alversund, f. i Alversund 3.5.1854. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Ole og Kari var gardbrukarar på Lid i Manger og fekk to søner i lag. ##### (sjekka talet på born - det levde to born etter Ole i 1914!) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  23. Ivar Moe er i eit anna tema komen inn på ei grein av denne svært «utfordrande» ætti frå Feigum i Luster, som eg «sleit» mykje med tidleg på 1980-talet, men som eg laut gje meg på den gongen grunna manglande eller utilgjengelege kjelder... Kanskje der er lettare i dag? Det var eldste sonen Anders Olson, som i 1873 vert referert til Anders Olson Bustein, truleg etter fødestaden til mori Cecilia og bustaden til bestemori Kari Jetmundsdotter under garden Høyeim i Luster, som visstnok døydde der so seint som i 1875. Han fekk 19.11.1863 ein son Mons med nabojenta Ingeborg Monsdotter i Luster (1840-1875) og som døydde på sjukehuset i Bergen 24.5.1873. Fire søner i denne huslyden flytte frå Luster, men berre ein har eg finne att i Bergen. To søstrer flytte òg frå Luster, men berre ei av dei Kirsti har eg finne att i Bergen, men hi søsteri Anna skal òg ha vore gift og busett i Bergern! Her følgjer so eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Ole Andersson Feigum, frå Galden under Eide, vart døypt 16.10.1808 og d. som legdelem på Feigum 22.1.1859. Han gifte seg 24.6.1842 med Cecilia Olsdotter frå Bustein under Høyeim. Ho vart døypt i Jostedalen 3.11.1816 og d. som legdelem og enkje på Feigum 28.5.1871. Ole og Cecilia fekk visstnok alt kring 1842 rydda seg ein ny plass ved uri her heilt ytst på Feigum, og etterdi Ole Andersson hadde utnamnet «Frans-Olen», vart plassen kalla Fransauri. Ole har nok drive eitt eller anna handverk; dei hadde nemleg lite eller inga jord til plassen, men vart likevel buande her levetidi ut. Då Cecilia var avlidi i 1871, vart plassen nedlagd, og den vesle jordi som var, gjekk attende til garden. Ole og Cecilia fekk åtte born i lag: 1. Kirsti Olsdotter (1837-1837). 2. Anders Olson, f. 12.5.1839, Anders Olson reiste i ung alder ut som sjømann ##### (nemnd sjømann i 1865 – seinare lagnad? – ikkje nemnd 1886/1894) 3. Ole Olson, d.e., f. 26.5.1842, Ole Feigum, d.e. flytte i ung alder til Bergen der han var steinarbeidar. Han budde visstnok på Torvalmendingen i Bergen der han d. 11.10.1883, ugift. 4. Christen Olson, f. 14.6.1845, Christen Olson flytte i ung alder til ##### (lagnaden hans? – ikkje nemnd 1886/1894) 5. Kirsti Olsdotter, f. 8.10.1847, Kristine Feigum flytte til Bergen der ho 20.12.1891 gifte seg med Peder Johan Andersen frå Bergen. Han var son av dagarbeidar Anders Pederson Noreim i Bergen, opphavleg frå Noreim i Etne, ##### (sjekka dette opphavet? – vigsli Bergen: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001293233 og kona Maren Johanne Larsdotter frå Arendal ##### (sjekka dette opphavet?) og f. i Bergen 28.7.1850. Peder Johan Andersen var verkstadarbeidar, og han og Kristine vart buande i Bergen der Peder d. 3.3.1900. Kristine livnærte seg sidan i mange år som reingjeringsassistent og d. som enkje i Bergen 17.9.1923. Dei fekk ein son i lag: a. Sigfred Johan Pederson Andersen, f. i Bergen 19.8.1893, d. i Bergen 29.6.1967. Han gifte seg i Bergen 2.2.1924 med Sigrid Magnesdotter Monsen, f. i Bergen 22.8.1894. Ho d. i Bergen 6.12.1984. Sigfred Andersen var sildefabrikkarbeidar, og han og Sigrid budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk ein son i lag. 6. Anna Olsdotter, f. 8.3.1850, Anna Feigum flytte òg til Bergen i ung alder ##### (levde i 1894 og var då gift – lagnaden hennar? – truleg barnlause, for då det i 1948 vart halde skifte etter yngste broren Ole d,y,, var ovannemnde Sigfred Andersen einaste kjende erving på mannen si side!) 7. Lars Olson, f. 26.7.1854, Lars Olson reiste til sjøs kring 1876, ##### (skal ha «hoppa av» i Amerika og busett seg i New York City, N.Y. – i 1886 var det ingen som hadde høyrt noko frå han på fleire år – ikkje nemnd 1894) 8. Ole Olson, d.y. (1858-1925), hamna som husmann på Grøneng under Fuhr (s.d.). ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  24. Dette er ei gamal kjempeutfordring som eg har brukt mykje tid og krefter på å finna ut av, men so langt er eg utan resultat! Andrea Ellefsdotter var fødd i Luster 4.2.1837 som yngste barn av Ellef Andersson (1785-1842) og kona Anna Østensdotter, døypt i Luster 9.4.1789. I 1858 utvandra Andrea i lag med mori og søsteri Martha Ellefsdotter (1821-1901) til Dane Co., WI. Dei andre var reiste før til same stad. Tidleg på 1860-talet flytte fleire av borni vidare til Fillmore Co.. MN, og so er det at eg finn ei innførsle i ei av kyrkjebøkene i Fillmore Co., MN, eg trur det var i Elstad/Highland kyrkjelyd, at Andrena Ellefsdotter døydde i barselseng med eit dødfødt barn 20.5.1874. MEN, det står i kyrkjeboki ikkje noko om kven Andrena var gift med eller om dei hadde andre born som kanskje levde opp! Eg har forresten heller aldri greidd å finna dødsfallet til mori Anna Østensdotter/Ellefson i Amerika og heller ikkje finn eg ho i FT1860 eller 1870 - kanskje nokon har betre «teft» enn kva eg har? Eg ville vorte «hoppande glad» om nokon greier løysa denne utfordringi, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  25. Dette er ein huslyd som eg første gongen arbeidde med tidleg på 1980-talet, men eg vart aldri liksom «klok» på dei. Johanna og Anders Erikson, ho frå Luster og han frå Årdal, fekk seks born i lag, me berre tre av desse voks opp. Dei to døtrene Josephine og Carrie var båe gifte to gongar, og den yngste var 1920 busett i statsfengselet i Missouri (Missouri State Penitentiary), utan at me veit kvifor ho var der. Men eg reknar med at ho vil vera omskrivi i ymse aviser...? Og når det gjeld Josephine, kan kanskje ein OBITUARY finnast for ho i Wisconsin? Her følgjer ein oppdatert versjon av dette manuskriptet, som eg vonar nokon kan hjelpa meg komplettera? ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #13 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.