Search the Community
Showing results for tags 'luster'.
-
Sophia Andersdotter frå Nes i Luster (1844-1900), med ei dotter og gravid med dotter #2 - til Amerika i 1870 - gift i MN med Halvor Gulbrandson «Brotten» frå Jevnaker (1839-1924) - kvar vart det av døtrene hennar, kva med sønene Gilbert og Henry Brotten?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Sophia Andersdotter frå Nes i Luster (1844-1900) var ei jente eg jobba mykje med under vitjingi mi i Minnesota i 1982, og eg fekk bra med opplysningar om dei fleste borni hennar, men det var svært lite eg fekk av opplysningar om dei to døtrene, Bertha og Anna, som ho fekk før ekteskapet sitt med Halvor Gulbrandson «Brotten». Kanskje det let seg gjera no å finna ut litt meir om desse jentene? Eg saknar ogso ymse andre detaljar, som kanskje nokon kan hjelpa meg med? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter ei spennande oppdaging av Lars J. er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #3! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Eg syner til følgjande skifte halde på «ein husmannsplass» under Nes i Luster, dagsett 28.12.1753: https://media.digitalarkivet.no/view/24138/126 Den avlidne personen Henrik Tollefson Næss døydde på ein reise til Bergen, men eg kan ikkje finna noki gravferd for Henrik korkje i Luster eller i Bergen. Har eg kanskje oversett noko? Det kjem mellom anna fram at enkja Kari Rasmusdotter (i skiftet feilaktig kalla Sjursdotter!) i mange år hadde levd fråskild frå mannen. Dei fekk berre eitt barn som døydde i 1831, 3 år gamal. Påfallande ved dette skiftet er alle dei utanbygds buande kreditorane, mellom anna i Lærdal, på Vangsnes og i Bergen. Eg slit soleis med desse utfordringane: ** Er det mogeleg å finna ein døds- eller gravferdsdato for Henrik? ** Finst det dokument til dømes i Bergen som fortel noko om aktiviteten til Henrik i Bergen (eller andre stadar)? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Huslyden til Tollef Henrikson (1673-1744) på Ongelsneset i Luster har eg jobba med sidan 1980-talet, men aldri har eg greidd å finna ut kvar han henta kona si, Lucia Aslaksdotter, ifrå. Eg veit heller ikkje kvar det vart av den eldste kjende sonen deira, Johannes, som me veit levde kring 1730. Dei kan òg ha hatt fleire born... Er kanskje tidi kommi for å finna fleire detaljar om denne huslyden. Eg satsar på at ekspertisen i Brukarforum kan hjelpa meg med gode tips og syner fram korleis manuskriptet mitt ser ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~~ Tollef Henrikson Ongelsnæs, frå Nes øvre, Nes (bnr. 3), var f. kring 1673 og vart gravlagd frå Ongelsneset 2.2.1744. Han gifte seg kring 1703 med Lucia Aslaksdotter frå ##### (opphavet hennar? – kom ho austante? – Aslak-namnet er ukjent i Luster på den tidi!) f. kring 1682. Tollef og Lucia budde visstnok som plassfolk under Seim i Årdal frå dei gifte seg og fram til kring 1712. Tollef vart soldat i 1696 og vart nemnd som det så seint som i 1711. ##### (sjekka om dei budde der lenger? – kva plass under Seim?) Kring 1712 fekk Tollef hand om ein plass her på Ongelsneset under Nes, og me trur det var han som då rydda denne plassen ytst på Neset. Her vart han og Lucia buande levetidi ut. Tollef vart gravlagd frå Ongelsneset 2.2.1744, medan Lucia vart gravlagd same staden 6.11.1755. Me veit nokolunde sikkert om fire born etter Tollef og Lucia på Ongelsneset, men dei kan godt ha hatt fleire: ##### (fleire born?) 1. Johannes Tollefson, f. i Årdal kring 1704, vart soldat i 1727 og tente visstnok på Høyeim i 1731. ##### (Johannes Tollefson ser ut til å vera faren frå bygdi i 1730-åri – lagnaden hans?) 2. Henrik Tollefson (1706-1753), var ei tid husmann eller leiglending i Uri (s.d.). 3. Synneva Tollefsdotter (1712-1755), vart gift med husmann og enkjemann Anders Olson i Krossviki under Nes (1699-1785). 4. Kari Tollefsdotter (1718-1765), vart gift med husmann Mons Torstenson i Dulsviki under Lingjerde (1723-1812). ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Då eg på 1980-talet arbeidde med denne Næss-ætti frå Luster, hadde eg kontakt med dålevande etterkomarar, men INGEN kunne fortelja meg noko som helst om onkel Hermund som utvandra til Amerika i 1914. Han har tydeleg ikkje halde kontakten med søskeni sine i heimlandet... Når eg no rettar søket mot denne personen, finn eg eitt og anna interessant, som eg gjerne vil få attgje i dette manuskriptet: ~~~~~~~~~~~~~~~ Hermund Ingebrigtson Næss, f. {i Luster} 16.4.1893, Herman Ness utvandra til Amerika i 1914 og reiste då til skyldfolki sine i De Forest, Dane Co., Wis. 1917: Herman Ames Ness – farm laborer Vienna township, Dane Co., WI: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/6482/images/005251453_01231?treeid=&personid=&hintid=&queryId=233b9e42f3630ab678bcf90805619ec4&usePUB=true&_phsrc=Nzx22164&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.26554045.1206450891.1606945684-1442769865.1532627837&pId=17244711 1920: Herman Ness – restaurant dish washer – Willoughby, Lake Co., OH: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1002/images/44544_03_00024-00994?treeid=&personid=&hintid=&queryId=233b9e42f3630ab678bcf90805619ec4&usePUB=true&_phsrc=Nzx22165&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.169099553.1206450891.1606945684-1442769865.1532627837&pId=16787762 1925: Herman Ness – servant – Groveland, Livingston Co., NY: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/2704/images/32849_b094333-00338?treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx22171&_phstart=successSource&pId=20727889 1930: Herman Ness – restaurant cook – Willoughby, Lake Co., OH: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/6224/images/4639645_00478?usePUB=true&_phsrc=Nzx22170&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=71437182 1940: Herman Ness – caretaker of …….(?) – Groveland, Livngston Co., NY: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/2442/images/m-t0627-02623-00300?usePUB=true&_phsrc=Nzx22172&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=15035601 1942: Herman Ness – no occ. Conesus, Livingston Co., NY: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1002/images/44544_03_00024-00994?treeid=&personid=&hintid=&queryId=233b9e42f3630ab678bcf90805619ec4&usePUB=true&_phsrc=Nzx22165&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.169099553.1206450891.1606945684-1442769865.1532627837&pId=16787762 1977: Herman Ness – social security – res. Geneseo, Livingston Co., NY: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=3693&h=45132445&tid=&pid=&queryId=a79b187032e97c0d4fa8ba1e3198974f&usePUB=true&_phsrc=Nzx22173&_phstart=successSource ~~~~~~~~~~~~~~~ men det er fleire detaljar eg saknar som eg gjerne skulle ha føyd til: ** Den nøyaktige datoen og staden for dødsfallet hans? ** Hadde han andre bustadar og yrke enn dei eg har finne? Kva yrke hadde han i 1940? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Eg har slite med lagnaden til Gunnhild Knutsdotter sidan 1980-talet, og eg har òg spekulert på kvar det vart av sonedotteri hennar i Hyllestad, Magnhild Trondsdotter (som heller ikkje bygdebokskrivaren for Hyllestad har greidd å spora opp)? Eg lyt leggja til at Gunnhild hadde fleire skyldfolk som flytte til Hyllestad og bygdene ikring, so eg ville ikkje verta overraska om Gunnhild dukka opp der... Son hennar frå Luster flytte i alle fall til Hyllestad i ung alder! Men denne Gunnhild Knutsdotter som dukkar opp i Bergen, ser absolutt svært spennande ut...! Kanskje er det no vorte mogeleg å finna ei løysing på desse gåtene? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Arne Pederson (1733-1774) og kona Kari Pedersdotter (1730-1701) var husmannsfolk i Krossviki under Nes i Luster, men etter Arne døydde, gifte Kari seg att med enkjemannen Bottolf Bottolfson (1710-1777), som var husmann på Notasva under Hauge i Luster og flytte dit. Arne og Kari fekk ein son i lag: * Hans Arneson, fødd i Luster kring 1760, flytte med mor si til Notasva og vart konfirmert derifrå i 1776: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000457510 Etter den tid forsvinn Hans Arneson frå bygdi. Er det mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til Hans Arneson? Flytte han kan henda til Bergen eller til ytre Sogn? Soldat? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Anders Olson (1699-1785) og andre kona Synneva Tollefsdotter (1712-1755) var husmannsfolk på plassen Krossviki under garden Nes i Luster og fekk seks born i lag, mellom anna desse to sønene: * Aslak Andersson, døypt i Luster 19.1.1742, var i 1762 tenestedreng på Nes. * Knut Andersson, døypt i Luster 3.5.1750, vart konfirmert i Luster i 1768. Då det i 1808 vart halde skifte etter ein annan son, den barnlause Tollef Andersson på Råum i Luster (1745-1807), vart ingen av dei to nemnde brørne nemnde, so me lyt gå ut ifrå at dei båe var avlidne utan å etterlata seg born, med mindre dei var bortflytte og søskeni hadde misst kontakten med dei? Eller var dei avlidne som soldatar ein eller annan stad? Det hadde vore heilt fantastisk om det var mogeleg å finna ut noko meir om lagnadane deira, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Lars Andersson - fødd i Luster 1817 - flytte i 1833 til Byrknes i Gulen for å tena der - men kvar vart det av han?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Lars Andersson vart døypt i Luster 10.8.1817. Han var fødd utanfor ekteskap av foreldri: Anders Torbjørnson (1781-1867), som sidan vart husmann under Hengesteg i Luster Martha Larsdotter (1786-1861), husmannsdotter frå Bruheim i Jostedalen som i 1839 vart gift med ein husmann under Nes i Luster. Frå ei flytteliste har eg finne at Lars Andersson i 1833 flytte til Byrknes i Gulen for å tena der, men eg har aldri greidd å finna han att der ute! Er det mogeleg å komma vidare med denne utfordringi? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
LØYST: Anders Davidson (Næs) - fødd i Luster 1820 - konfirmert i 1835 - kvar kan det ha vorte av denne guten?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
David Andersson (1794-1869) og kona Siri Bottolfsdotter (1793-1876) var husmannsfolk på Naustvolden under Nes i Luster. Dei fekk seks born i lag, og medan alle dei fem yngste er kartlagde, har eg aldri lukkast i å finna lagnaden til eldste son deira: * Anders Davidson, fødd i Luster 20.10.1820 - vart konfirmert i Luster i 1835, men vert so borte vekk! Er det mogeleg å finna spor etter denne guten? Kanskje drog han til sjøs? Eg takkar so mykje på førehand for alle gopde tips! -
Kirsti Jensdotter Lavold, fødd i Luster 1826 - flytte til Fredrikstad i 1863 (eller 1871?) - kvar vart det av ho?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Eg har i 40 år vore på leiting etter denne jenta frå Luster: Kirsti Jensdotter Lavold, fødd i Luster 16.10.1826. Ho var dotter av ugifte foreldre Gjørond Lassesdotter Lavold (1796-1842) og Jens Jensson Bremer (1806-1842) og fekk ei dotter i Luster: * Kari Haagensdotter, fødd i Luster 27.12.1846, men ho utvandra til Amerika i lag med far sin, Haagen Haagenson Høyeim (1828-1914) i 1867. So er det at augi mine fell på denne innførsli hjå Digitalarkivet: https://www.digitalarkivet.no/view/285/pi00000000107480 Kirsti flytte med andre ord til Fredrikstad i 1863 (eller 1871?), og då er det eit heilt naturleg spørsmål å stilla: * Er det mogeleg å finna ho att i Fredrikstad (eller andre stadar?) Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!- 31 replies
-
Torbjørn Nilsson var fødd i Luster kring 1675 som son av Nils Monsson (1646-1725) og første kona Gunnhild Torbjørnsdotter (1637-1701), gardbrukarar på Sandvik i Luster og sidan på Svangstu lille i Luster. Manntalet frå 1701 seier om Torbjørn at han siglde utanlands. Han kom aldri attende til Luster, so vidt me veit, og lagnaden hans er framleis heilt ukjend! Kvar kan Torbjørn ha vorte av? Danmark? Holland? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Gro Hansdotter/Larsdotter - drukna 1737 i Hedalselvi i Valdres - kven var ho? - kvar vart det av son hennar?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Dette emnet er ei oppattaking av følgjande tema frå 2017, der innlegg #5 frå Kåre Tofte har overtydd meg om at den sakna Gro Lars/Hansdotter drukna i Hedalselvi i Valdres og ikkje i Gudbrandsdalen: https://forum.arkivverket.no/topic/208215-gro-hansdotterlarsdotter-drukna-1737-i-heidalselvi-i-sel-i-gudbrandsdalen-kven-var-ho-kvar-vart-det-av-son-hennar/?tab=comments#comment-1751999 Men diverre har det framleis ikkje lukkast meg å finna ut noko meir om denne jenta, korkje: * Vigsli hennar med Johannes Monsson kring 1724/1725? * Opphavet/Tilknyttingi hennar frå/til Hedalen? * Lagnaden til sonen Lars Johannesson, truleg fødd kring 1726? Eg takkar so mykje på førehand for alle nye tips som kasta ljos over denne kjempeutfordringi! -
Huslyden til denne premierlieutenanten Ove Treubler, som i mange år var busett på Feigum i Luster, låg alt på 1980-talet på teiknebrettet hjå meg, og ein del greidde eg den gongen å finna ut av, men fleire detaljar vart ståande att, særleg om dei to sønesønene som hamna i Danmark. No vonar eg på hjelp til å finna svar på nokre av dei detaljane som framleis står òpne, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Ove Johanson Treubler, opphavleg frå Bergen, var son av stadsfysikus Johan Fredrik Treubler i Bergen, opphavleg frå Schweinfurt i Bayern, Tyskland, og kona Gjertrud Ovesdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Bergen kring 1663. Han gifte seg kring 1691 ##### (meir nøyaktig?) med enkja Kari Hansdotter, ##### (opphavet hennar? – f. kring 1654) Kari Hansdotter gifte seg første gongen kring 1680 ##### (meir nøyaktig?) med Johannes Olson Sveen frå Sveio i Sunnhordland. Han var son av gardbrukar Ole Nilsson Sveen på Drange i Sveio og kona NN Johannesdotter frå Stokka i Vats, Ryfylke og f. i Sveio kring 1658. Johannes og Kari var gardbrukarar på Drange i Sveio etter foreldri hans, og der d. Johannes kring 1690. Han lét då etter seg fire born. Ove Treubler var sersjant og budde på Drange i Sveio dei første åri etter at han og Kari vart gifte, men 10.4.1700 vart han utnemnd til sekondløytnant ved Nordhordlandske og Hardangerske reservekompani av Bergenhusiske nasjonalinfanteriregiment. Han miste tittelen i 1701, men kom attende til same kompaniet i 1702 som sersjant. 24.2.1703 vart han så fenrik og i 1704 sekondløytnant ved Hardangerske kompani av same regimentet. Til Sogn kom huslyden då Ove 5.11.1709 vart tilsett som premierløytnant ved ytre og indre Sognske reservekompani. Endeleg vart Ove Treubler ved den nye hærordningi frå 15.8.1718 utnemnd til premierløytnant ved Lysterske kompani av andre Bergenhusiske nasjonalinfanteriregiment. Han og Kari flytte hit på same tidi, men nett kvar i bygdi dei budde den første tidi, veit me ikkje noko sikkert om. So ser me at Ove 30.6.1727 fekk avskil frå hæren grunna høg alder, og 6.1.1732 fekk han skøyte på stova og sjøbui her ved Feigesagi og den eine helfti av sjølve sagi. Han og Kari flytte nok hit på same tidi, og herifrå vart Kari Hansdotter gravlagd 29.12.1735. Ove budde framleis på sagi i 1737. Han selde helfti si i sagi til sokneprest Christopher Ludvigson Munthe i Hafslo som 18.1.1743 òg fekk skøyte på hi helfti hjå Karen Frimann, enkja etter tollforvaltar Johan Garmann. Sagi gjekk sidan til sonen Jens Munthe, som den gongen budde på Kvale. So kom det ei tid der eigarane av sagi skifte ofte; Jens Munthe selde 4.5.1757 til Petter Rumohr på Talle, som dagen etter selde att til Erik Rasmusson Bisgaard, handelsmannen i Amla i Sogndal. Erik Bisgaard selde 30.4.1763 vidare til Sjur Wilkenson på Fuhr. Ingen av desse ser ut til å ha butt på sagi, men då Sjur Wilkenson selde att i 1767, var det til ein mann som sette bu her (sjå nedanfor). Ove Treubler flytte frå bygdi kring 1740 eller kanskje noko før, truleg til Bergen, ##### (den seinare lagnaden til Ove Treubler? – dødsfallet hans?) Ove Treubler og Karen fekk to born i lag: 1. Johan Fredrik Oveson Treubler, f. i Sveio kring 1692, Johan Fredrik Treubler flytte i ung alder til Bergen der han kring 1713 ##### (meir nøyaktig?) gifte seg med enkja Arnille Margrethe Jacobsdotter, f. Reimers. Ho var dotter av ##### (yrkestitel?) Jacob Clausson Reimers i Bergen og kona Trina Nilsdotter ##### (opphavi deira?) og f. i Bergen kring 1680. Ho gifte seg første gongen kring 1704 ##### (meir nøyaktig?) med Ole Gunderson Ravn ##### (opplysningar om han? - miste livet som soldat i «store nordiske» i 1711!). ##### (lagnaden til Arnille?) medan Johan Fredrik Treubler d. i Bergen ?.1.1751. Arnille fekk i alt åtte born; desse fem var frå andre ekteskapet med Johan Treubler: a. Karen Johansdotter Treubler, døypt i Bergen 7.1.1714, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Ho gifte seg i Bergen 2.8.1744 med Jan Paulson Drage ##### (oppl. om han? – tømmermann!) ##### (lagnaden deira? – budde visstnok i Bergen?) ##### (talet på søner og døtrer? – minst fire!) b. Ove Johanson Treubler, døypt i Bergen 1.3.1716, ##### (1752: gift og busett i Nybøbing på Falster i Danmark – lagnaden hans?) c. Lorents Jacob Johanson Treubler, døypt i Bergen 12.11.1717, ##### (1752: offiser ved Schleswigske gevorbne regiment i Flensburg – gift! – lagnaden hans?) d. Anne Margrethe Johansdotter Treubler, døypt i Bergen 17.12.1718, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Ho gifte seg i Bergen 14.7.1751 med Jens Pederson Duberg, ##### (oppl. om han? – f. i Bergen kring 1726?) Jens Duberg var kjøpmann i Bergen ##### (lagnaden deira?) ##### (talet på søner og døtrer?) e. Johan Fredrik Johanson Treubler, døypt i Bergen 13.2.1720, d. i Bergen våren 1772. ##### (meir nøyaktig?) Han gifte seg i Bergen 23.4.1749 med Karen Jensdotter Splidsen. Ho vart døypt i Bergen 26.9.1721 og d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1772!) Johan Treubler, Jr. tok 27.2.1749 borgarskap i Bergen som koparsmed, og han og Karen vart buande der levetidi ut. Dei fekk ein son i lag. 2. Gjertrud Ovesdotter Treubler, f. i Sveio kring 1694, Gjertrud Treubler flytte i ung alder til Strandebarm der ho 9.4.1739 gifte seg første gongen med Ove Erik Danielson Orning frå Håbrekke i Strandebarm. Han var son av ##### (foreldri? – yrke og opphav?) og f. ##### (dato og stad for fødsli hans? – kring 1691?) Ove var ##### (yrke?) og han og Gjertrud budde på Litlafosse i Strandebarm, men Ove d. der alt sommaren 1748, og 31.5.1749 gifte Gjertrud seg att i Strandebarm med enkjemannen Ole Engel Samuelson Brygman frå ##### (opphavet hyans i Danmark? – foreldri?) Han var f. ##### (dato og stad for fødsli hans? - Danmark kring 1721) Ove vart 16.7.1748 utnemnd til klokkar i Strandebarm. Han og Gjertrud vart buande på Litlafosse til dei i 1762 fekk setja seg opp eit hus på prestegarden i Strandebarm. Gjertrud vart gravlagd i Strandebarm 9.2.1772, medan Ole Brygman, som sidan gifte seg nok ein gong, d. same staden 2.11.1802. Gjertrud fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Johannes Jensson og kona Siri Andersdotter (jordmor i Luster), budde i mange år som gardbrukarar på Feigum i Luster til dei i 1862 utvandra til Amerika. Dei fekk ti born i lag: ~~~~~ * Jens Johannesson (1823-1875) tok over heimebruket på Feigum, men utvandra med huslyden sin til Amerika i 1869 - budde i Dane Co., WI. * Karen Johannesdotter (1824-1876) gifte seg i Luster, men utvandra med foreldri og mann sin i 1862 - budde i Dane Co., WI. * Martha Johannesdotter (1827- ), utvandra til Amerika i 1856 og gifte seg i Texas med Peter Brown - budde i Union Co., SD (sjå eit anna tema...) * Anna Maria «Maria» Johannesdotter (1829-1901), gifte seg til garden Dvergedal i Sogndal og budde der. * Anders Johannesson, fødd i Luster 28.5.1831, utvandra til Amerika i lag med søsteri Martha i 1856, men lagnaden hans er ukjend! * Elen Johannesdotter, fødd i Luster 4.8.1833, vart konfirmert i Luster i 1848, men seinare lagnad er heilt ukjend! * Siri Johannesdotter (1835-1909), utvandra til Amerika i 1860 og vart gift med ein enkjemann frå Jølster - dei budde i Pope Co.,. MN * Johanna Johannesdotter (1837-1914), utvandra til Amerika med søskeni Martha og Anders i 1856 - vart gift med ein nabogut frå Feigum i Luster og budde i Dane Co., WI og sidan i Pope Co., MN * Cecilia Johannesdotter (1839-1911), utvandra til Amerika i 1863 - vart gift to gongar og budde i Douglas Co., MN * Nils Johannesson (1843-1909), utvandra til Amerika med foreldri i 1862 og vart farmar i Pope Co., MN ~~~~~ Denne huslyden inneheld to kjempeutfordringar: ** Sonen Anders i Amerika ** Dotteri Elen som truleg IKKJE utvandra til Amerika Eg er sjølvsagt svært interessert i å spora opp båe desse søskeni, men vil tru det må vera enklare å finna att Elen i Noreg enn Anders i Amerika?? Eller tek eg feil?? Eg takkar so mykje på førehand for kvart einaste vesle spor!
-
NBNB: Etter at no er vorten klar over at denne Gjertrud OLSDOTTER i Goodhue Co., MN er «feil person», har eg i innlegg #15 nedanfor gjort rede for feilen. Eg let likevel innleggji stå uendra for at opplysningane kan verta nytta i ei eventuell ny utvandrarsoge for Vik i Sogn eller for Kviteseid! Den siste søsteri frå Øygarden i Luster som eg ønskjer å drøfta med dykk i kveld, er Gjertrud. Ho døydde tidleg etter eit stutt ekteskap, men let etter seg ein son! Eg arbeidde mykje med soga hennar då eg var i Amerika for om lag 40 år sidan, og resultatet av forskingi mi frå den gongen kjem fram av følgjande oppdaterte manuskript, som eg vonar det i dag kan lata seg gjera noko med: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Gjertrud Rasmusdotter {Ødegaard}, f. {i Luster} 10.12.1829, Gertrude Rasmusson utvandra til Amerika i 1850 og gifte seg ##### (date and place of her marriage? - WI about 1856?) med Ole Gjermundson frå Juveland i Kviteseid, Telemark, i Amerika kjend som Ole G. Juveland. Han var son av husmann Gjermund Torbjørnson på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Juveland, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Gunnhild Olsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Kviteseid 9.4.1826. Han utvandra til Amerika i 1851. ##### (place of their residence?) der Gertrude d. ##### (probably died in childbirth with son Johan Julius!? - unknown where!) Ole gifte seg att ##### (date and place of his 2nd marriage? – about 1858?) med Gunnhild Hansdotter frå Holtan i Sauherad, Telemark, i Amerika kjend som som Julia Hanson. Ho var dotter av ##### (yrkestitel?) Hans Hansson på Holtan, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Gunnhild Larsdotter frå Vegheim ##### (sjekka opphavet hennar?) og f. i Sauherad 24.3.1843. Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1851. Ole og Julia Juveland slo seg ned som farmarar i Roscoe township, Goodhue Co., Minn. der Ole d. 26.11.1899. Julia Juveland d. i Zumbrota, Minn. 30.1.1919. I andre ekteskapet med Julia fekk Ole ##### (number of children? – eleven?) men han hadde òg ein son frå første ekteskapet med Gertrude Rasmusson: a. Johan Julius Juveland, f. ##### (place of his birth?) 22.3.1857, vart døypt 2.6.1857 av pastor P. A. Rasmussen og voks opp hjå faren og stemori i Goodhue Co., Minn., ##### (what became of Johan Julius??) ~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
- 15 replies
-
Dette er ein huslyd som eg jobba med på 1980-talet, men som eg grunna manglande kjeldematerale ikkje greidde å komplettera den gongen. No vonar eg det er nokon som kan hjelpa meg få «på plass» dei siste detaljane? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Nils Rasmusson {Ødegaard}, f. {i Luster} 4.2.1817, gifte seg {i Luster} 10.4.1851 med Kirsti Eriksdotter frå Sandvikøyri under Sandviki, f. {i Luster} 17.6.1831. Nels og Christine Rasmussen utvandra til Amerika etter dei gifte seg i 1851 og slo seg ned som farmarar i Burke township, Dane Co., Wis. der Nels d. 30.12.1902. Christine Rasmussen d. same staden 13.7.1918. Dei fekk fem born i lag: a. Rasmus Nelson, f. i Dane Co., Wis. 13.8.1853, d. i Whalan, Minn. 20.7.1825. Rasmus flytte i ung alder til skyldfolk i Fillmore Co., Minn. og gifte seg der 5.7.1884 med Gurina B. Ramsey, f. i Winneshiek Co., Ia. 13.11.1862. Ho d. i Whalan, Minn. 1.11.1945. Rasmus og Gurina farma i Holt township, Fillmore Co., Minn., men flytte som pensjonistar inn til Whalan, Filmore Co., Minn. Dei fekk to døtrer i lag. b. Erick N. Rasmussen, f. i Dane Co., Wis. 29.5.1859, d. i Westport, Wis. 7.10.1939. Erick gifte seg i Dane Co., Wis. 14.11.1895 med Anna Ellefsdotter frå Smedal i Åmotsdal, Seljord i Telemark, i Amerika kjend som Anna Smedal. Ho var dotter av ##### (yrkestitel?) Ellef Haraldson på Smedal, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Anna Eivindsdotter frå Groven ##### (sjekka opphavet hennar?) og f. i Åmotsdal 3.1.1861. Ho utvandra til Amerika i 1892. Erick og Anna farma i Burke township, Dane Co., Wis. og fekk tre born i lag. c. Nels N. Rasmussen, Jr., f. i Dane Co., Wis. 17.11.1861, d. i Dane Co., Wis. 20.8.1950. Nels, Jr. gifte seg i Dane Co., Wis. 17.11.1903 med Anna Elise Jensdotter Langenes frå Langenes i Selje, i Amerika kjend som Anna E. Nelson. Ho var dotter av ##### (yrkestitel? – kalla husmann 1877 - innerst ved fødsli 1879: https://media.digitalarkivet.no/view/6922/112 Jens Henrik Nilsson på Langenes ##### (ein plass eller kva? – sjå FT1865 under) opphavleg frå ##### (opphavet hans? – Bø i Vesterålen? – sjå vigsli: https://media.digitalarkivet.no/view/6922/227 og kona Anna Isaline Isaksdotter frå Langenes ##### (opphavet hennar? – frå kva plass? – https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038270004187 og f. i Selje 9.12.1879. Anna utvandra til Amerika med foreldri sine i 1884 og d. i Madison, Wis. 1.8.1921. Nels og Anna Rasmussen farma i Burke township, Dane Co., Wis. og fekk to born i lag. d. Kari, kjend som Carrie Rasmussen, f. i Dane Co., Wis. 6.3.1864, d. i Stoughton, Wis. 2.3.1948. Ho gifte seg i Dane Co., Wis. 8.10.1895 med Frank Nikolai Swain. Han var f. i Dane Co., Wis. 16.4.1861 og d. i Madison, Wis. 2.10.1932. Frank Swain dreiv gravferdsbyrå («funeral director»), og han og Carrie budde i Madison, Dane Co., Wis. Dei var barnlause. e. Anna Marie Rasmussen (1869-1941), vart gift med gardbrukarsonen Otto Olson frå Bukve, Mjelvær i Jostedalen (1855-1937) (s.d.). ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Huslyden til leiglendingen Peder Torkildson på Øygarden i Luster, fødd 1692, har vore eit stort «mysterium» i mange år. Men no er eg komen på spor etter ei som eg trur må vera dotteri hans - og ho var gift med ein verksarbeidar i Årdal. Det er likevel ikkje mykje eg greier finna om desse folki, og no vonar eg at nokon kan hjelpa meg vidare: Her følgjer eit oppdatert utdrag av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~~ Peder Torkildson Ødegaard, frå Ottum, var f. kring 1692 og gifte seg kring 1720 med ei Britha Ingebrigtsdotter, som me trur var frå Bringe, f. kring 1699. Peder Torkildson flytte truleg til Øygarden kring 1725 og fekk 24.9.1727 formelt bygsel på bruket; 16.12.1733 fekk han dessutan bygsel på ein tilleggsparsell frå Ottum, truleg i Mordølebakken. Peder og Britha vart sidan buande på Øygarden til kring 1740. Peder og Britha flytte kring 1740 til ##### (seinare lagnad? – dødsfalli deira?) Me kjenner til fire born etter Peder og Britha, alle fødde i Luster: 1. Unemnt barn (1721-1731). 2. Unemnt barn (1731-1731), 27 veker gamalt. 3. Sophia Pedersdotter, døypt 15.12.1733, Sophia Pedersdotter flytte nok med foreldri kring 1740 ##### (seinare lagnad? – ei Sophia Pedersdotter gifte seg i Årdal 8.11.1755 med ein Peder Torstenson – kan det vera ho? – ei Sophia Pedersdotter d. i Årdal 6.9.1765 (32 år) - dei fekk i alle fall to døtrer: * Gjertrud Pedersdotter, f. i Årdal 25.8.1757 * Britha Pedersdotter, f. i Årdal 13.12.1760) 4. Kari Pedersdotter, døypt ?.5.1737, Kari Pedersdotter flytte nok òg med foreldri kring 1740 ##### (seinare lagnad?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Lerum-familie frå Luster 1840-1900 med to kjempeutfordringar - hjelp?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Denne huslyden på garden Lerum (til dagleg kalla Leri) har sidan 1980-talet skapt meg mykje hovudbry, men no har eg teke mot til meg til å freista det eksellente Brukarforum med ei von om at nokon der kan hjelpa meg finna dei manglande svari. Her kjem eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Arne Hansson Lerum, son av føregåande brukar og herifrå garden, vart døypt 4.12.1811 og d. som gardbrukar på Leri 14.12.1855. Arne fekk 3.6.1835 skøyte på heimebruket hjå faren, og 10.11.1840 gifte han seg med Kirstina Pedersdotter frå Sørheim. Ho vart døypt 28.1.1811 og d. som gardbrukarenkje på Leri 14.2.1863. Arne og Kirstina dreiv garden så lenge dei levde. Dei fekk seks born: 1. Hans Arneson Lerum (1841-1932), fekk ta over heimebruket på Leri etter foreldri. 2. Peder Arneson, f. 6.10.1843, budde heime på Leri i 1865. Peder Lerum flytte ##### (forsvinn frå Luster etter 1865 – seinare lagnad? – Amerika???) 3. Erik Arneson, f. 22.11.1845, Erik Lerum flytte til Bergen tidleg i 1860-åri og tente ei tid hjå handelsmann Bjelland på Østre Muralmending. Sidan vart han furer ved artilleriet, og 25.11.1875 gifte han seg i Bergen med Unni Larsdotter frå Lavoll, f. i Luster 13.10.1853. Dei busette seg på Vestre Muralmending i Bergen der Erik d. alt 8.12.1887. Unni vart buande på same staden til kring 1905. Men kring 1905 flytte Unni Lerum attende til Luster, og ho busette seg på Kåret, Lavoll der ho d. 6.1.1917. Erik og Unni Lerum fekk fire born i lag, og dessutan fekk Unni ei dotter etter ho vart enkje: a. Arne Christian Erikson Lerum, f. i Bergen 30.3.1877, d. i Bergen 22.5.1878. b. Arne Christopher Erikson Lerum, f. i Bergen 20.7.1879, Arne C. Lerum utvandra til Amerika i 1893 og busette seg i Madison, Dane Co., Wis. der han vart vald til offentleg tenestemann («Dane County Clerk of Court»). Han d. ugift i Madison, Wis. 25.6.1911. c. Ludolf Martin Erikson Lerum, f. i Bergen 15.5.1883, d. i Bergen 10.11.1900. d. Christine Petra Gunhild Eriksdotter Lerum, f. i Bergen 18.10.1885, d. i Bergen 19.8.1903. e. Unni Erna Olea, kjend som Erna Olsdotter Lerum (1893-1951), dotter av Unni og husmannssonen Ole Torkildson frå Mordøla under Heltne i Dale (1867-1943), flytte med mori til Luster og vart her gift med fabrikkarbeidar Søren Hansson Sperle frå Sperle øvre, Sperle i Jostedalen (bnr. 3) (1895-1974) (s.d.). 4. Gunnhild Arnesdotter (1847-1876), d. ugift på Leri. 5. Arne Arneson, f. 11.11.1849, Arne A. Lerum utvandra til Amerika i 1868 og budde først ei tid hjå farbroren Ole Hanson i Nelson township, Buffalo Co., Wis. Sidan fòr han vestover, og ##### (lagnaden hans? - truleg d. i San Francisco, CA 7.4.1884: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=60249&h=99398&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx20935&_phstart=successSource 6. Andreas Arneson, f. 24.6.1853, Andreas Lerum flytte til Bergen der han vart sersjant i artilleriet. Han gifte seg i Bergen 29.4.1884 med Bianca Elisabeth Olsdotter Olsen. Ho var dotter av kommandørsersjant Ole Olsen og kona Anna Marie f. Pettersen og f. i Bergen 18.11.1862. Andreas og Bianca busette seg i Neumanns gate i Bergen, men liksom broren Erik vart heller ikkje Andreas gamle karen. Han d. i Bergen alt 7.7.1889. Enkja Bianca flytte snart etter til Rosenberggaten i Bergen der ho sidan dreiv kolonialhandel. Ho d. i Bergen 10.11.1946. Andreas og Bianca fekk tre born i lag: a. Ole Andreasson Lerum, f. i Bergen 14.3.1885, var kontormann i Bergen der han d. ugift 14.1.1941. b. Arne Andreasson Lerum, f. i Bergen 2.1.1888, d. i Bergen 19.6.1888. c. Arne Andreasson Lerum, f. i Bergen 30.4.1889, d. i Bergen 25.4.1946. Arne gifte seg i Bergen 3.7.1920 med Berthe Petrikke Nilsdotter Knutsen. Ho var f. i Bergen 12.1.1894 og d. i Bergen 11.10.1974. Arne var bokhaldar, medan Berthe var tannteknikar. Dei budde i Bergen levetidi ut og fekk to born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ * Eg har ikkje finne spor etter Peder etter FT1865, men eg ser ikkje bort ifrå at han har teke vegen til Amerika. * Arne veit me utvandra til Amerika, og dødsfallet som eg har finne i San Francisco, CA, liknar svært på «vår mann», men kanskje finst det avisartiklar om denne karen ein eller annan stad? Han bør jo finnast i folketeljingar i Amerika? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse gutane! -
Huslyden til Martin Henning frå Gävle i Sverge som i Bergen gifte seg med ei jente frå Luster, samla eg bra med opplysningar om alt på 1980-talet, men med dei den gongen tilgjengelege kjeldene vart eg ståande fast på fleire punkt. Det gjeld i første rekke: * Det svenske opphavet og foreldri til Martin Henning? * Kven var Christian Bjerk i Bergen? * Kor mange born som var fødde i huslyden til Karoline og Edvard Steiner? * Lagnaden til sonen Joachim Martin Henning, som skal ha stukke av til Amerika? * Lagnaden til sonen Hilmar Lorents Henning? Slik ser førebels manuskriptet mitt ut for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye detaljopplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #12 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dødsfallet til Guri Wigdahl i Amerika samt lagnaden til stedotteri hennar Anna Wigdahl Olson i Amerika er utfordringar som eg har jobba med i over 30 år, men som eg aldri har greidd å finna ei løysing på. Kanskje tidi er komi til å finna eit svar på desse attverande spørsmåli? Eg attgjev frå manuskriptet mitt; ~~~~~~~~~~~~~~ Christopher Pederson Wigdahl, frå Nedre Vigdalen, Vigdalen (bnr. 3), var f. 14.7.1822 og gifte seg første gongen 25.6.1844 med Britha Johannesdotter frå Kvalsøyri under Kvale. Ho vart døypt 27.2.1820, men d. som husmannskone i Vigdalen alt 24.12.1846. Christopher gifte seg så att 28.3.1854 med Guri Johnsdotter frå Dalen under Åsen, f. 16.11.1826. Christopher Pederson fekk 30.5.1844 feste på plassen i Skaret mot at han skulle yta kår til Anders Guttormson, og han kom til å driva plassen fram til 1854. Christopher og Gurina Wigdahl utvandra til Amerika i 1854 og slo seg ned som farmarar i Christiana township, Vernon Co., Wis. der Christopher d. 9.10.1875. Gurina Wigdahl flytte som enkje med sonen John P. Wigdahl i Crooks township, Renville Co., Minn., men flytte kort etter hundreårsskiftet attende til Westby, Vernon Co., Wis. der ho d. ##### (exact date of her death?) .8.1907. Christopher Pederson fekk to born i første ekteskapet med Britha Johannesdotter, som båe var fødde i Vigdalen: 1. Anna Christophersdotter, f. 23.3.1845, Anna C. Wigdahl utvandra til Amerika med faren og stemori i 1854 og voks truleg opp hjå dei i Vernon Co., Wis. ##### (supposedly married a man named Olson – further info? - kjem i eige tema!!) 2. Kirsti Christophersdotter (1846-1846). Dette var altså borni som Christopher Pederson fekk i Luster. Men Christopher Wigdahl fekk òg fem born i andre ekteskapet sitt med Gurina: c. John Henry Wigdahl, f. i Vernon Co., Wis. 5.1.1856, d. i Vernon Co., Wis. 20.1.1856. d. Peder Johannes, kjend som John P. Wigdahl, f. i Vernon Co., Wis. 2.2.1857, d. i Minnewaukan, N.D. 18.2.1934. John gifte seg i Vernon Co., Wis. 24.10.1879 med Helene Marie, kjend som Mary Olson, f. i Vernon Co., Wis. 26.9.1861. Ho d. i Minneapolis, Minn. 10.9.1950. John og Marie Wigdahl farma ei tid i Christiana township, Vernon Co., Wis., men flytte i 1893 til ein farm i Crooks township, Renville Co., Minn. I 1931 flytte dei som pensjonistar til Minnewaukan, Benson Co., N.D., men som enkje flytte Mary til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. Dei fekk i alt tolv born i lag. e. Gjertrud Marie, kjend som Mary Wigdahl, f. i Vernon Co., Wis. 22.3.1859, d. i Westby, Wis. 21.7.1925. Mary gifte seg i Vernon Co., Wis. 11.5.1877 med Andreas, kjend som Andrew J. Hagen. Han var f. i Vernon Co., Wis. 11.9.1858 og d. i Westby, Wis. 20.11.1935. Andrew og Mary Hagen farma i Christiana township, Vernon Co., Wis. og fekk seks born i lag. f. John Henry, kjend som John H. Dale, f. i Vernon Co., Wis. 8.2.1861, d. i Renville, Minn. 24.10.1946. John gifte seg i Renville Co., Minn. 10.10.1892 med Lydia Olson, f. i Vernon Co., Wis. 3.4.1874. Ho d. i Minneapolis, Minn. 18.5.1957. John var landhandlar og sidan banksjef («general merchant and banker»), og han og Lydia budde levetidi ut i Renville, Renville Co., Minn. Dei fekk seks born i lag. g. Karen Susanne Wigdahl, f. i Vernon Co., Wis. 18.8.1865, d. i Havre, Mont. 14.2.1941. Karen gifte seg i Vernon Co., Wis. 23.12.1884 med Peter J. Hagen, f. i Vernon Co., Wis. 24.9.1862. Han d. i Hingham, Mont. 17.10.1917. Peter og Karen farma ei tid i Christiana township, Vernon Co., Wis., men Peter var sidan kornhandlar («grainbuyer»), og han og Karen budde då i Westby, Vernon Co., Wis. Kring 1912 flytte dei so til ein farm nær Rudyard, Hill Co., Mont., men frå 1922 budde Karen i Havre, Hill Co., Mont. Dei fekk tre born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Med omsyn til dødsfallet hennar Guri kan eg nemna følgjande: Frå FamilySearch denne gravferdsmeldingi: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XLMP-638 Guri Wigdahl i 1900 Renville Co., MN (busett hjå sonen Peter): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6949-V7T Guri Wigdahl i 1905 Vernon Co., WI (busett åleine): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-695S-PFF Kanskje kan det finnast ein liktale (obituary) for ho Guri? Her er Christopher og Guri i FT1860, men diverre er dotteri Anna ikkje nemnd: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GBSF-96P2 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Anders Olson Søvde, òg kjend som «Lavold-Anders», frå garden Feigum i Luster, vart døypt i Luster 25.9.1791 og gifte seg i Luster 2.11.1815 med Gjertrud Johannesdotter Kleivi (Søvde), døypt i Luster 2.3.1793. Etter fleire år som gardbrukarar på Feigum laut dei i 1821 flytta frå garden. Dei pakta nokre år eit bruk på garden Råum i Luster, men flytte kring 1828 til ein plass under garden Lavoll i Luster. Men dei hadde vanskar med å brøfø ein stor huslyd, og i 1834 vart både Anders og Gjertrud dømde for tjuveri og hamna på straff i Bergen. På same tidi flytte huslyden til plassen Skildeimskleivi under Søvde i Luster, men soga var ikkje over med dette. Anders måtte snart til Bergen att for å sona straff for nye tjuveri, og kring 1842 fekk han siste domen som sendte han til livsvarig fengsel på Akershus festning der han døydde 15.4.1846. Gjertrud døydde som legdelem i Luster 6.5.1854. Dei har ei kjempestor etterslekt! No er spørsmålet: Er det nokon som kan hjelpa meg finna fram til saksdokument som gjeld dei tre sakene mot Anders Olson? Dei ligg sikkert lagra hjå Statsarkivet i Bergen, men er det mogeleg å finna dei? Finst noko av dette online? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Anders Christensen f. 1826 og Isabella Magrethe Eliasdatter 1825 - 1886. Begge fra Vik i Sogn. Han Musketeer. Hennes far Elias Svensen, bosatt i Vik, født i Luster. https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014091106083?searchText=elias&page=487 De får datteren Christine Christensen 1848 - 1924. Hun gifter seg i Rotterdam i 1886 med Henrik Gustaf Cijgnoeus ( Cygnaeus) Henrik Gustaf Cijgnoeus Birth place Wasa (Ruisland) Age 39 Bride Christine Christensen Birth place Vik (Noorwegen) Age 38 Father of the groom Zachris Cijgnoeus Mother of the groom Emelia Silverberg Father of the bride Anders Christensen Mother of the bride Isabella Margrithe Elias Dochter De får tre barn der bare ei datter lever opp. Men hvem var egentlig foreldrene ( Zachris Cygnaeus( Zachris Cijgnoeus) og Emelia Silverberg) til Henrik, og er det mulig å følge de noen ledd bakover ? På forhånd takk for alle tips. Mvh Ivar -
Jekteskippar Ole Henrikson Høyum i Eid og dei bortkomne døtrene hans i Amerika?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjende sidan 1980-talet, men som eg aldri har greidd å finna ei løysing på. Kanskje tidi no er kommi... Jekteskippar Ole Henrikson Høyum, som mellom anna er nemnd av Sverre Halleraker i artikkelen hans om koleraepidemien som råka Sveio i 1849, busette seg etter kvart på Osnes i Eid, Nordfjord. Eg veit diverre lite om kona hans og opphavet hennar, og dessutan er to av døtrene deira bortkomne i Amerika. Eg attgjev frå manuskriptet mitt; ~~~~~~~~~~~~~~ Ole Henrikson {Høyum}, døypt {i Luster} 24.3.1816, Ole H. Høyum flytte til Eid i Nordfjord i 1853 og gifte seg der 1.11.1854 med Anna Waldine Marie, kjend som Waldine Jetmundsdotter frå ##### (ein plass under Gjerde? – kva plass?) Gjerde i Eid. Ho var dotter av husmann Jetmund Jetmundson på ##### (bustaden Gjerde i Eid – plassnamn?) opphavleg frå ##### (på kva gard/plass oppvaksen?) og kona Ragnhild Waldemarsdotter frå ##### (på kva gard/plass oppvaksi?) og f. i Eid 6.2.1830. Ole Høyum var jekteskippar og sjømann, og huslyden budde ei tid på Myklebust i Eid til dei i 1860-åri flytte til Osnes i Eid. Ole d. på Osnes 12.7.1872, medan Waldine d. som enkje same staden 4.10.1911. Dei fekk sju born i lag: a. Sofia Jensine Marie Olsdotter Høyum, f. i Eid 4.7.1854, gifte seg i Eid 26.4.1882 med Johan Kristian Wiik frå Vereid indre i Gloppen, f. i Gloppen 7.9.1858. Sofia og Johan flytte til Bergen straks dei vart gifte og vart buande der levetidi ut. Johan Wiik var politikonstabel og sidan handelsreisande. Sofia d. i Bergen 1.2.1919, medan Johan d. same staden 31.8.1926. Dei fekk sju born i lag, mellom anna denne dotteri: - Karoline Ovidia Johansdotter Wiik (1883-1943), vart gift med tremenningen Ludvig Larsson Høyum (1884-1947), ein son av husmannssonen Lars Pederson herifrå Krigsvolden under Høyeim (1843-1922) (sjå nedanfor). b. Henrik Olson Høyum, f. i Eid 15.6.1856, d. på gamleheimen i Eid 23.3.1952. Han gifte seg i Eid 13.5.1889 med Else Larina Olsdotter frå Rysjevik i Hærøy på Sunnmøre. Ho var f. i Hærøy 23.2.1846 og d. på Osnes i Eid 12.3.1920. Henrik Høyum var skomakar, og han og Elise vart buande på Osnes i Eid. Dei fekk ei dotter som utvandra til Amerika. c. Ragnhild Samueline Olsdotter Høyum, f. i Eid 1.7.1858, flytte til Bergen i 1870-åri, men utvandra derifrå til Amerika i 1880. ##### (levde framleis i Amerika i 1911 – lagnaden hennar der borte?) d. Jakobea Karoline Olsdotter Høyum, f. i Eid 3.1.1861, d. på Osnes i Eid 10.5.1923. Ho gifte seg i Eid 2.4.1883 med Anders Jacob Simonson frå Klopstad i Førde, vanleg kjend som Anders Simonsen. Han var f. i Førde 30.6.1857 og d. på Osnes i Eid 1.8.1916. Anders Simonsen var telegrafverksarbeidar, og han og Jakobea budde på Osnes i Eid. ##### (talet på søner og døtrer? – minst ei dotter!) e. Olina Marie Olsdotter Høyum, f. i Eid 27.9.1862, utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hennar? – 1880-åri?) og gifte seg ##### (dato og stad for vigsli hennar? – kring 1890?) med Lars Thomasson, opphavleg frå garden Husetuft i Jelsa, Rogaland, i Amerika kjend som Lars Thompson. Han var son ##### (fulle namn på foreldri hans med yrke, bustad og opphav?) og f. i Jelsa ##### (dato og stad for fødsli hans? – kring 1834?) men utvandra til Amerika ##### (utvandringsåret hans? – kring 1846?) ##### (lagnaden til dette parfolket i Amerika?) ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1911!) ##### (talet på søner og døtrer? – minst ei dotter!) f. Synneva Marie Olsdotter Høyum, f. i Eid 8.4.1865, d. på Osnes i Eid 10.5.1877. g. Jetmund Olson Høyum, f. i Eid 25.1.1868, d. på Myklebust i Eid 29.3.1876. ~~~~~~~~~~~~~~ Det hadde vore kjempegildt om nokon kunne hjelpa meg finna ut av dei to døtrene og lagnadane deira i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
I Gards- og ættesoge for Luster står det i bind 3 s.329 står det at Knut Christenson (1694-1735) giftet seg med Mari Rolfsdotter (1688-1760) fra Berge i Fortun. https://www.nb.no/items/5dfa3315d925945dfaa9f920e8d2ef37?page=355&searchText="christen knutson" I bind 2 s.177-178 står det Mari Østensdotter (1691-1760) gift annen gang med Knut Christenson (1694-1735) på Leri. https://www.nb.no/items/434eca048d78e6119256dbaf99688b50?page=201&searchText=1694 Noen som vet hva som er rett?
-
Eg har i mange år kjempa med å finna opphavet til denne unge mannen som i 1719 kom til Luster som sersjant ved lysterske compagnie. Anders Pederson REFFEM (namnet har seinare vore «fornorska» til REVHEIM), men samtidige kjelder nyttar alle namneformi REFFEM, skal vera fødd kring 1685, og ifølgje ein militærrulle frå Lysterske compagnie var han fødd på Helgeland! Men ein gammal «ekspert» frå Osterøy meinte han måtte vera frå Revheim på Osterøy, utan at eg kan finna noko prov på det! Ein stad får me vita at han vart innskriven som menig soldat i 1710 og frå 1714 var han korporal, men kvar han då tenestegjorde, er ukjent. Han gifte seg i Luster kring 1722 med enkja Bertha Jensdotter, f. Lemvig, fødd på Fuhr i Luster kring 1687, og dei vart gardbrukarar i Hotlen, Sandviki i Luster der Bertha vart gravlagd 25.2.1747. Anders Reffem, vart gravlagd i Luster 5.7.1754. Dei fekk ein son i lag, Peder (1724-1803), som òg nytta ættenamnet REFFEM! Det lever att ei stor etterslekt etter Anders Reffem (inklusive meg sjølv), både i Luster og ikkje minst i Amerika, og det hadde vore skikkeleg kjekt om opphavet til denne sersjanten endeleg kunne finnast! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Recently Browsing 0 members
- No registered users viewing this page.