Search the Community
Showing results for tags 'luster'.
-
Haugianar Ole Eielson frå Sundve, Voss til Bolsøy og Wisconsin - huslyden hans - kvar vart det av sonen Eiel?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Dette er ei gåte som eg har slite med i mange år, og som eg aldri verkeleg er kome nokon veg med. Haugianaren Ole Eielson, bror av haugianarpresten Elling Eielson i Amerika, gifte seg to gongar i Luster og reiste frå Romsdalen til Amerika der han gifte seg tredje gongen med ei jente frå Toten, som eg er litt usikker på opphavet til. Men den langt største utfordringi er å finna lagnaden til sonen Eiel i Amerika. Kanskje er det no endeleg på tide å freista finna ei løysing på dette? Her er forresten Ole og Agnetta i FT1860 for Primrose township, Dane Co., WI, då kalla Erickson(!): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GBS6-GXP Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Kirsti Tøgersdotter {Skagen}, døypt {i Luster} 4.10.1812, gifte seg i Luster 1.6.1842 med Ole Eielson frå Sundve på Voss. Han var son av gardbrukar og lærar Eiel Ingebrigtson på Sundve og kona Anna Ellendsdotter frå Sundsvoll og vart døypt på Voss 31.8.1806. Ole Kirsti budde ei kort tid på Skagen som innerstar. Alt kring 1843 flytte Kirsti og Ole Eielson til garden Midthaug i Bolsøy i Romsdalen, men Kirsti d. under ei vitjing hjå systeri Elen på Skar i Luster 7.2.1847. Ole Eielson gifte seg att i Luster 23.3.1848 med Martha Pedersdotter frå Vigdalen, f. i Luster 4.6.1820. Dei heldt fram som gardbrukarar på Midthaug i Bolsøy der Martha d. 17.10.1851. So utvandra Ole Eielson til Amerika i 1854, og han gifte seg tredje gongen i Dane Co., Wis. 28.4.1856 med Agnetta Christensdotter frå Amlien på Toten, ##### (sjekka dette opphavet?) i Amerika kjend som Agnette Christenson. Ho var dotter av ##### (yrkestitel?) Christen Olson på Sivesind og kona Pernille Johannesdotter frå Gamme og f. på Toten 27.9.1807, men utvandra til Amerika i 1853. ##### (sjekka desse opplysningane om foreldri og fødsli hennar?) Ole og Agnette Eielson farma i Primrose township, Dane Co., Wis. der Ole d. 23.6.1863. Agnette Eielson d. i Dane Co., Wis. 8.3.1878. Ole Eielson fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Kirsti Tøgersdotter: a. Martha O. Eielson, f. i Luster 7.11.1842, utvandra truleg til Amerika i 1854, ##### (sjekka denne utvandringi?) men d. ugift i Dane Co., Wis. i 1863 eller 1864. ##### (sjekka dette dødsfallet?) b. Eiel O. Eielson, f. i Bolsøy 5.1.1845, voks dels opp hjå mosteri i Skår i Luster og utvandra med ho og mann hennar til Amerika i 1856. I Amerika budde han hjå faren og stemori i Primrose township, Dane Co., Wis. ##### (budde framleis der i 1864 - seinare lagnad?) ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Dette er ein huslyd som eg har hatt liggjande på skrivebordet mitt i mange år, men som eg ikkje kan hugsa at eg har synt fram før! Etter at eg nyss har oppdaga at faren til denne Lars Pedersen, Peder Larsson Lunden (1711-1755), etter alt å dømma var flytt til Luster frå Horsens i Danmark, dukka saki opp att, og no vonar eg at denne adventsutfordringi kan finna ei løysing: ~~~~~~~~~~~~~ Lars Pederson {Lunden}, f. {i Luster} kring 1742, flytte til Hafslo med mori og voks dels opp der, men er truleg identisk med den Lars Pederson som 28.11.1776 gifte seg i Luster med Guri Christensdotter frå Stubbøy under Øyane. Ho vart døypt {i Luster} 14.3.1748. Etter dette ser det ut til at Lars og Guri budde nokre år i Hafslo. Men kring 1782 flytte Lars og Guri Pedersen til Bergen. Dei busette seg visstnok i Trangesmuget, og Lars livnærte seg som dragar, men d. i Bergen 29.7.1792. Sidan flytte Guri eit kvartal bort til Strangepladsen i Bergen der ho framleis levde i 1801. ##### (seinare lagnad? - dato og stad for dødsfallet hennar?) a. Peder Larsen, døypt i Luster 13.4.1773, flytte truleg med foreldri til Bergen kring 1782, ##### (seinare lagnad?) b. Christen Larsen, døypt i Luster 20.5.1776, flytte truleg òg til Bergen med foreldri kring 1782, ##### (seinare lagnad?) c. Ole Larsen, døypt i Hafslo 6.2.1780, må òg vera flytt til Bergen med foreldri kring 1782, ##### (seinare lagnad?) d. Ingebrigt Larsen, f. i Bergen 31.12.1784, d. ugift i Bergen 8.11.1803. e. Ingeborg Marie Larsen, f. i Bergen 4.10.1788, d. i Bergen 16.1.1790. f. Ingeborg Marie Larsen, f. i Bergen 24.12.1790, budde i lag med mori i 1801, ##### (seinare lagnad?) ~~~~~~~~~~~~~ Eg ser at Digitalarkivet syner desse karane i FT1801 Bergen, Christopher og Peer Larssøner: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390012399 Kanskje er Christopher feil for Christen? Aldrane til desse gutane høver i alle fall «perfekt». Elles finn eg ei mogeleg «kandidat» for dødsfallet til mori Guri, men det skal vel mykje til...: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000453929 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ønskjer ei fortsatt god adventstid!
-
Desse tre søskeni frå Lingjerde i Luster, som òg er del av følgjande tema frå 2018, men aldri fekk noko svar: https://forum.arkivverket.no/topic/220706-øyanes-påskenøtt-2018-2-asbjørnsfolket-på-lingjerde-i-luster-som-delvis-forsvinn-i-amerika-kan-henda-nokon-av-dei-døydde-av-kolera-ei-kjempeutfordring/?tab=comments#comment-1865652 er ein del av ein søskenflokk som alle hamna i Amerika med unntak av ei søster i Luster og ein bror i Tromsø. Det er ein (no avliden) etterkomar etter Kari Thomasdotter Lingjerde sin bror Jørgen, som er ganske so sikker på at Kari og mann hennar døydde i ein koleraepidemi i Wisconsin i 1854, og eg har ein mistanke om at ogso Gjertrud og son hennar KAN ha litt same lagnad...(?). Kanskje ogso mor deira, Anna Marie Davidsdotter (Svabo), døypt 25.8.1793, som utvandra i lag med dei i 1854, døydde òg. Derimot veit me sikkert at den eldste av desse søskeni, Anders Asbjørnson, fødd 1818, utvandra som ungkar til Amerika i 1861, og voni mi er no at i alle fall han kan finnast att i Amerika? Her følgjer eit oppdatert manuskript for dei tre søskeni: ~~~~~~~~~~~~~~~ 4. Anders Asbjørnson, f. {i Luster} 23.5.1818, I 1850 fekk Anders attest for å flytta til Nordland. Det vart då sagt om han at han var middels høg og hadde blondt hår og blå auge. Kor lenge han var i Nordland, veit me ikkje, for i 1861 fekk han ny presteattest for å utvandra til Amerika. ##### (lagnaden hans der borte?) 5. Gjertrud Asbjørnsdotter, f. {i Luster} 21.11.1821, Gertrude Asbjornson utvandra til Amerika med mori og broren John i 1854, men vart kan henda òg offer for den koleraepidemien som knekte broren og kona hans. Me ser i alle høve ikkje noko meir til ho der borte. ##### (sjekka dette?) Ho hadde ein son: a. Andreas Knutson, son av Gjertrud og husmannssonen Knut Olson frå Bakken under La i Joranger sokn, Hafslo (1820- ), var f. i Hafslo 27.2.1852. Andreas utvandra truleg med mori til Amerika i 1854, men vert likeins borte for oss. ##### (sjekka dette?) 6. John Asbjørnson, f. {i Luster} 7.8.1824, gifte seg 10.4.1854 med Kari Thomasdotter frå Lingjerde øvre, Lingjerde (bnr. 4), f. 28.2.1835. John og Kari Asbjornson utvandra til Amerika i 1854, men Kari var avlidi før 1860; ho og John skal som før nemnt ha sett livet til i det nordlege Wisconsin i ein koleraepidemi sommaren eller hausten 1854. ##### (sjekka dette?) Dei fekk ikkje born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
-
Dette er ei nøtt som eg aldri har greidd å løysa, trass i iherdige freistnadar. Kanskje nokon kan «sjå» kva som skjedde? Kari Sørensdotter, dotter av Søren Davidson (1796-1889) og Gjertrud Pedersdotter (1794-1866), husmannsfolk i Dulsviki under garden Lingjerde i Luster, var fødd i Luster 17.12.1834. Ho fekk flytteattest til Nordland i 1852, men dukkar opp i Bergen som mor til ein gut Zakarias Johan Pederson, fødd i Bergen 20.2.1859. Ho budde på Lungegården i Bergen då denne dåpen skjedde, so kanskje var ho sjuk(?): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007436626 Eg finn ein Zakarias Johan, utan farsnamn, som døydde i Bergen 3.11.1859, eitt år gamal, son av almisselem Karen Johannesdotter i Sandviken: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000689711 Eg har ein sterk mistanke om at dette må vera same guten, men at farsnamnet til mori er feilskrive... Og dette vert forsovidt stadfest gjdennom dette heimstamnsforhøyret frå 1859: https://media.digitalarkivet.no/view/58926/17 I dette forhøyret meiner eg det mellom anna står at ho budde ei tid i Tromsø hjå ei moster Martha gift med skippar Ole Jacobsen. Det er berre det at ho rett nok hadde ei moster Martha, men ho budde og døydde i Luster! Dette er einaste gongen eg finn Kari nemnd i fattigvesenet sine kjelder i Bergen. Kvar kan ho so ha vorte av? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Utgongspunktet for dette emnet er Lars Larsson og Sigvor Johnsdotter frå Voss som flytte til Luster i 1818, men etter at Lars døydde året etter, flytte Sigvor attende til Voss, gifte seg att med Johannes Henrikson og flytte i 1826 til Gildeskål. Eg studerte denne huslyden første gongen på 1980-talet, men kom diverre ikkje so langt den gongen. No har eg lukkast i å finna nokre fleire opplysningar, men nøgd er eg ikkje, og eg vonar at kanskje nokon med lokal kunnskap, både på Voss og i Gildeskål, kan hjelpa meg litt på veg? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Lars Larsson Krogen, opphavleg frå Meland øvre på Voss, var son av ##### (gardbrukar?) Lars Larsson på Meland øvre, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Ragnhild Larsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og vart døypt på Voss 29.10.1786. Han gifte seg på Voss 27.10.1811 med Sigvor Johnsdotter frå Bidne på Voss. Ho var dotter av gardbrukar John Iverson på Bidne, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Magdeli Pedersdotter frå ##### (opphavet hennar?) og vart døypt på Voss 20.3.1791. Lars og Sigvor budde først på ein som husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Bidne på Vossestrand, Voss fram til 1818. Men 8.6.1818 fekk Lars Larsson feste på plassen her i Fureholten med unntak av åkeren, som enkja Rannei Pedersdotter brukte. Dei flytte nok hit på same tidi, men etter festekontrakten skulle dei ikkje ta over plassen før i 1819. I mellomtidi ser det ut til at Lars har vore som ein paktar på hovudbruket(?). Det ser knappast ut til at Lars Larsson nokon gong busette seg i Fureholten, for han vart gravlagd frå Kroken alt 20.6.1819 og vart då kalla paktar. I alle høve lét enkja Sigvor plassen frå seg att alt i 1820. Sigvor Johnsdotter flytte i 1820 attende til Voss der ho 16.1.1826 gifte seg att med Johannes Henrikson frå Hemre store på Voss. Han var son av gardbrukar Henrik Johnson på Hemre store, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Ingrid Halstensdotter frå ##### (opphavet hennar?) og vart døypt på Voss 5.4.1790. Johannes og Sigvor flytte same året til Nordland, ##### (lagnaden deira i Nordland? - bus. Lauklien i Gildeskål 1829/1831) ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Me kjenner til seks born etter Sigvor, tre frå kvart av ekteskapi: ##### (var det kan henda fleire?) a. Ragnhild Larsdotter, døypt på Voss 24.11.1811, ##### (lagnaden hennar? - ikkje nemnd 1826!) b. Iver Larsson, f. på Voss 21.1.1816, flytte med mori og stefaren til Nordland i 1826, ##### (lagnaden hans?) c. Lars Larsson, f. på Kroken i Luster 17.4.1819, flytte til Voss med mori i 1820 og vidare til Nordland i 1826. Han d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Lars gifte seg første gongen i Gildeskål 25.7.1849 med Johanna Fredrikke Thomasdotter frå Vådvik i Gildeskål, døypt i Gildeskål 7.5.1820. Johanna d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) og 18.10.1880 gifte Lars seg att i Gildeskål med Margretha Anna Johnsdotter frå Telnes i Gildeskål, f. i Gildeskål 21.4.1827. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Lars Larsson var gardbrukar på Våg i Gildeskål og fekk ##### (talet på søner og døtrer? - minst seks born, som alle var frå første ekteskapet) d. John Johannesson, f. i Gildeskål 3.4.1829, ##### (lagnaden hans?) e. Ole Johannesson, tvilling, f. i Gildeskål 16.11.1831, d. på Lauklien 22.4.1832. f. Inger Malene Johannesdotter, likeins tvilling og f. i Gildeskål 16.11.1831, d. på Lauklien 8.4.1832. ~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette er ein etter måten ganske so «komplett» grein av den gamle «Svends-ætti», omstreifarætti med sterk forankring i Luster i Sogn. Men, eg har aldri greidd å finna korkje faren Daniel eller sonen Johannes døypte nokon stad, og sidan desse folki stadig var «på vandring», mistenker eg dei for å ha fått born som er døypte andre stadar enn i Luster. Og eg ser at både Daniel og Johannes døydde utanfor bygdi, ein i Lavik og ein i Vik. Og eg trur kanskje kona til Johannes, Kirsti Sørensdotter, òg må vera avlidi ein eller annan stad langs Sognefjorden, men KVAR? Eg har følgjande oppdaterte manuskript å syna fram for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Daniel Svendson Høyum, frå Slottet under Skildeim, var f. ##### (fødestaden hans? - dåpsdato? - 1755?) og d. i Båsen under Hellebø i Lavik 29.7.1832, medan han var på vitjing (og arbeid) der ute. Han gifte seg i Luster 4.3.1778 med enkja Martha Olsdotter, opphavleg frå Salbuneset under Talle. Ho vart døypt 8.7.1736 og hadde før vore gift med husmann og enkjemann Johannes Olson på Salbuneset under Talle (1738-1773). Martha d. 9.2.1824, og det vart då sagt at ho var strandsitjarkone på Nes. Kva tid Daniel og Martha slo seg ned her i Trondviki, er ikkje godt å seia, men det har truleg vore i 1780-åri. Elles var Daniel hesteskjerar liksom faren, og det var helst lite dei budde på plassen i sommarhalvåret. Dei hadde ikkje noko jord, men vart i alle fall buande her til ut på 1800-talet. Som me såg, budde Martha på Nes då ho døydde, men om dei nokon gong hadde ein plass der ute, er uvisst. Daniel skreiv seg i alle høve til Høyeim då han fall ifrå i Lavik i 1832. Dei fekk ein son i lag: 1. Johannes Danielson (1779-1856), fekk plassen her i Trondviki 4 etter foreldri. Johannes Danielson Høyum, son av føregåande strandsitjar og herifrå plassen, var f. ##### (fødestaden hans? - dåpsdato? - 1779?) og d. på Vikøyri i Vik 21.3.1856, medan han var på vitjing (eller arbeid) der ute. Han gifte seg 30.4.1804 med Kirsti Sørensdotter frå Haugen under Skildeim, døypt 11.3.1773. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - truleg i ytre Sogn?) Johannes var hesteskjerar liksom faren og bestefaren. Han og Kirsti tok over denne strandsitjarplassen på Viki etter foreldri hans kring 1804, og jamvel om dei nok var mykje på farten, vart dei buande meir eller mindre fast her levetidi ut. Då Johannes var avliden i 1856, vart plassen nedlagd, og den vesle jordi som måtte ha vore til han, gjekk attende til garden. Me veit om fem born etter Johannes og Kirsti i Viki: ##### (kan dei ha hatt fleire born fødde andre stadar?) 1. Daniel Johannesson (1804-1856), vart strandsitjar og budde i Hundaviki under Høyeim. 2. Jørgen Johannesson (1807-1807). 3. Søren Johannesson (1807-1807). 4. Søren Johannesson (1814-1896), vart strandsitjar på Tvingeborg under Sandviki. 5. Ole Johannesson, f. 24.1.1818, Ole Johannesson flytte visstnok i ung alder til Vikøyri i Vik og budde der som innerst. Han d. ugift på Vikøyri 24.12.1855. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til komplettering av denne biografien!
-
Christopher Erikson (Krogen), som sjølv var ein «uekte» son av husmannsdotteri Ingeborg Nilsdotter (Krogen) (1796-1836) og husmannssonen Erik Arneson (Kalhagehaugen) (1802-1870), var fødd i Luster 2.3.1830 og vart i 1854 stemnd for fjerde leigarmålet sitt i Luster. So forsvinn Christopher frå Luster, og me ser aldri noko meir til han her! Kvar kan han ha vorte av? Eit søk i Digitalarkivet har synt ein einaste «høvande» «kandidat»: Kristoffer Erikson Kroken, f. Næss Sogn, 1830, døydde ugift på Leiknes i Tysfjord 27.10.1919: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002469279 Då er det vel same person som i 1900 budde på Korsnæs i Tysfjord: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037531000181 Garden Kroken høyrde til Nes kyrkjesokn i Luster, so det er vel ganske so sannsynleg at dette er «rett» person, men i so fall: ** Kvar var Christopher FØR han hamna i Tysfjord? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Christopher Larsson Fladhammer, fødd på Gullskogen under Lavoll i Luster 31.3.1821, var gift med Anna Larsdotter (1826-1876), og dei var plassfolk på Nausti under Fladhammer i Luster. Dei fekk åtte born i lag, men eitt døydde i ung alder. I 1877 utvandra Christopher åleine til Amerika og let alle dei sju borni i alderen 3-24 år etter seg i Luster. Etter kvart utvandra alle desse borni òg til Amerika, og etterkomarar som eg var i kontakt med for snart 40 år sidan, fortalde meg den gongen at: «Grandpa Christopher supposedly moved to Texas where he died some time later» Det var ei viss utvandring frå Luster på den tidi til Fort Worth, Tarrant Co., TX, men om det var dit Christopher drog, veit eg ikkje. Eg har aldri greidd å finna ut noko meir om lagnaden hans, og no set eg liti mi til ekspertisen i Brukarforum. Kanskje nokon greier gjera noko med denne nøtta? Eg ville vorte svært so glad og takkar so mykje å førehand for alle gode tips!
-
Johanna Andersdotter Søvde, fødd i 1831, ei søster av tippoldemor mi, reiste i ung alder i lag med to søstrer til Bø i Vesterålen der ho gifte seg og busette seg på ein plass under Føre. Eine søsteri reiste snart sørover att, medan hi: * Christi Andersdotter Søvde, fødd i Luster 31.3.1825, gifte seg i Bø 6.9.1863 med Enok Christian Grønbeck Eilertson frå Vågen i Bø, fødd der 11.9.1824. Dei budde som plassfolk på Maursundstranda under Maursund i Bø der Enok døydde 19.2.1876. Christi levde att som enkje, men dato og stad for dødsfallet hennar manglar!? Ho hadde tre born som alle budde og døydde i Bø. So attende til Johanna. Ho fekk med mann sin sju born, og her er det mange hòl som eg gjerne skulle ha fyllt, ogso for bygdeboki sin del: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg frå Sven er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #9 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Eg har i minst 35 år spekulert på kvar det vart av søstrene Sophia og Mari Pedersdøtrer frå husmannsplassen i Skildeimskleivi under Søvde i Luster. Kanskje tidi no er mogi for å komm, vidare i desse spekulasjonane? Far til desse jentene hadde tre søstrer, som soleis vart fastrene deira, som alle i ung alder flytte til Fresvik, * Mari Johnsdotter (1733-1807) til Simleneset * Clara Johnsdotter (1738-1820) til Nyborg, Frønningen og sidan til Fimreite i Sogndal * Britha Johnsdotter (1743-1803) til Sagi, Frønningen Kan det tenkjast at Sophia og/eller Mari flytte til ei av desse etter at dei vart foreldrelause i so ung alder? Eller hamna dei kanskje i Vik? Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden i Skildeimskleivi: ~~~~~~~~~~~~~~ Peder Johnson Kleiven, frå Lavoll, vart døypt 26.11.1735 og vart gravlagd frå Kleivi 23.12.1784. Han gifte seg 20.11.1766 med Elisabeth Larsdotter frå Kleivi, Søvde (bnr. 4). Ho vart døypt 12.10.1741 og vart gravlagd som legdelem 7.5.1794 utan at bustaden vart nemnd. Peder og Elisabeth tok over plassen her i Skildeimskleivi 3 etter svogeren og søster hennar alt i 1766 og vart visstnok buande her levetidi ut. Dei fekk fem born i lag: 1. John Pederson (1765-1836), tente mellom anna på Rønnei og på Høyeim, men d. ugift i Kilen. 2. Lars Pederson (1768-1787), ugift. 3. Sophia Pedersdotter, døypt 8.12.1771, voks opp på Søvde, men tente på Nes i 1801. Sophia Pedersdotter ser ut til å vera fari frå bygdi kort etter hundreårsskiftet, ##### (lagnaden hennar? - kanskje til Fresvik?) 4. Ole Pederson (1775-1848), var sjukleg og budde visstnok på Feigum all sin dag der han òg d. ugift. 5. Mari Pedersdotter, døypt 22.2.1778, budde i Kleivi i 1785. Mari Pedersdotter må vera fari frå bygdi alt før ho vart konfirmert, ##### (lagnaden hennar? - kanskje til Fresvik?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Johannes Trondson vart døypt i Luster 24.6.1747 som eldste son av Trond Johannesson ((1717-1777) og kona Ingeborg Knutsdotter (1718-1793), gardbrukarar på Søvde i Dale sokn, Luster. Han var tidleg i 1770-åri tenestedreng hjå Hans Lem på Lærdalsøyri i Lærdal, men då faren døydde i 1777 fekk Johannes ta over heimebruket på Søvde. Han dreiv garden, truleg som ungkar, til han i 1780 let garden til broren Knut og sjølv forsvinn frå bygdi! Eg ser av Digitalarkivet fleire alternativ, men dette er kanskje det beste: * Buksnes 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058483000290 Det hadde vore kjempegildt om lagnaden til Johannes Trondson kunne finnast, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette er ein huslyd som eg har slite med sidan tidleg på 1980-talet og som rett og slett berre «forsvinn» for meg. Johannes Olson Lavold var av gamal Lustra-ætt, og det var ogso første kona Clara, men andre kona Margretha har han nok henta utante, kan henda frå Åretun i Lærdal(?). Men so selde han garden sin og flytte bort. Broren John hadde mellom anna tre døtrer som alle flytte til Fresvik og sjølv hadde eldste sonen hans, som var «etablert» før faren reiste frå Luster, òg ei dotter som i ung alder flytte til Vik. No har eg oppdaga at dei to yngste sønene hans, Jens og Claus, KAN vera gifte i Gulen, men dette kan eg ikkje finna prov på. Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Johannes Olson Lavold, son av føregåande brukar og herifrå garden, var f. kring 1683 og fekk alt 20.3.1705 bygsel hjå faren på størstedelen av bruket. Han gifte seg første gongen kring 1714 med Clara Nilsdotter frå Nes. Ho var f. kring 1686, men vart gravlagd frå Lavoll 26.6.1731. Johannes gifte seg so 19.11.1735 att med enkja Margretha Andersdotter, opphavleg frå ##### (opphavet hennar - gift før med kven? - oppl.? - truleg frå ei anna bygd? - NB: ei Margretha Andersdotter gifte seg i Tønjum, Lærdal 27.10.1715 med ein Johannes Anfindson! - budde kanskje på Åretun med born: * Samuel Johannesson, døypt Lærdal 15.6.1720, gravlagd Lærdal 23.6.1720 * Anders Johannesson, døypt Hafslo 16.8.1721 - d. 1791 - g. Lærdal 9.11.1740 med Elsa Nilsdotter Rikheim (Nygard, Lærdal bd. II - s. 443 - f. 1719) - budde under Rå (Lærdal bd. II - s. 358) - sidan på Glitre (Lærdal bd. II - s. 103)) Ei anna Magretha Andersdotter gifte seg i Stedje, Sogndal 1.1.1708 med Baard Larsson der ho visstnok var f. kring 1690. I 1715 fekk broren John (sjå under) bygsel på eine helfti av garden, so frå den tid brukte Johannes Olson berre hi helfti, og formelt fekk han 9.3.1720 bygslebrev på helfti si. Skøyte må han truleg ha fått hjå faren 4.4.1725, same dagen som broren John fekk skøyte på helfti si, men me kan ikkje sjå at skøyta til Johannes nokon gong vart tinglesi. Ved skiftet etter frste kona slutta 24.3.1732 vart garden for gjeld utlagd sorenskrivar Jersin på Talle, men han skøytte 24.4.1737 attende til Johannes som elles hadde drive bruket òg medan Jersin var eigar. Same året selde so Johannes vidare til broren. Det ser likevel ut til at Johannes og Margretha vart buande på Lavoll fram til kring 1742. Johannes og Margretha ser ut til å vera farne frå Luster kring 1742 ##### (kvar flytte dei? - NB: tre av borni til broren John flytte sidan til Fresvik, og ei av sønedøtrene til Johannes frå første ekteskapet flytte til Vik, so kanskje det var til ein av desse stadane at Johannes og Margretha tok vegen? - dødsfalli deira?) Johannes Olson på Lavoll fekk sju born, som var alle frå første ekteskapet: 1. Lars Johannesson (1715‑1788), vart husmann på Hammarslott under Dalsøyri. 2. Ole Johannesson (1718‑1763), vart gardbrukar på Berge i Dale. 3. Anna Johannesdotter, f. kring 1720, Anna Johannesdotter gifte seg truleg i Luster 3.11.1742 med husmannen Jacob Olson ##### (flytte frå bygdi på same tid - lagnaden deira?) 4. Nils Johannesson (1722‑1762), hadde ei tid bruket her på Lavoll, men vart sidan husmann i Skildeimskleivi under Søvde i Dale (s.d.). 5. Jørgen Johannesson, f. kring 1725, levde på Lavoll i 1741. Jørgen Johannesson flytte truleg kring 1742 frå bygdi med faren og stemori ##### (lagnaden hans?) 6. Jens Johannesson, f. kring 1727, levde på Lavoll i 1741. Jens Johannesson reiste nok òg kring 1742 frå bygdi med faren og stemori ##### (lagnaden hans? - ein Jens Johannesson Kraagaas gifte seg i Gulen 17.7.1751 med Kari Knutsdotter Fallebø!?) 7. Claus Johannesson, f. kring 1730, levde på Lavoll i 1741. Claus Johannesson flytte sikkert òg kring 1742 frå bygdi med faren og stemori ##### (lagnaden hans? - ein Claus Johannesson Fallebø gifte seg i Gulen 1.7.1759 med Bertha Torkildsdotter Sognefest!?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til å løysa denne kjempeutfordringi!
-
Dette er ei kjempeutfordring som eg alt på 1980-talet nytta mykje tid og krefter på å freista løysa, men med dei ressursane som den gongen var tilgjengelege, kom eg ingen veg. Kanskje det i dag er lettare? Torkild Larsson vart døypt i Luster 11.8.1776 som einaste overlevande barnet etter Lars Torkildson (1744-1796) og kona Britha Johannesdotter (1739-1810), husmannsfolk på plassen Øygarden under garden Fuhr i Luster. Torkild vart konfirmert i Luster i 1791: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000458191 og me har ei kjelde (som eg i augneblinken ikkje finn att) frå 1797 som seier han framleis var ilive då, men so forsvinn han som «dogg for soli»! Er det mogeleg å finna ut kvar denne unge mannen kan ha gjort av seg? Kan han ha vore soldat i svenskekrigen? Eg hugsar eg for ei tid attende var borti ein gamal Luster-soldat frå svenskekrigen som sidan sat fengsla i Fredrikstad, og som då han slepte ut, flytte til Kristiansand. Kva so med denne karen? Let det seg gjera å identifisera han: https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000155297 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
- 12 replies
-
Denne huslyden frå Sva i Luster arbeidde eg første gongen med tidleg på 1980-talet, men eg står like fast i dag som den gongen når det gjeld lagnadane til dei to søskeni Kjøstel og Anna. Eg mistenker dei båe for å vera flytte til Bergen der eldste søster deira budde, men kan ikkje finna prov på dette! Kanskje nokon har betre «teft» enn meg? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter ei kjempeoppdaging av Ivar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under! Eldste søsteri gifte seg i Luster, men flytte med mann sin til Bergen. Einaste kjende ervingen hennar var sonen Knut Christensen som var hattemakarsvein i Bergen, men er det noko meirn å finna ut om han? Var han gift? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Christen Torgerson Søvde, frå Fortun, var f. kring 1723 og fekk 30.3.1763 bygsel på dette bruket på Søvde. Han gifte seg første gongen 2.6.1763 med Sophia Hermundsdotter, enkja etter føregåande brukar. Ho fall ifrå alt året etter utan at dei hadde fått born i lag, og kort etter flytte Christen heimatt til Fortun. Han gifte seg 4.11.1773 att med Martha Knutsdotter, opphavleg frå Alme, men sjå Årstu under Dale. Ho vart døypt 3.8.1743. Christen og Martha vart buande nokre år som innerstfolk på Fortun. Men kring 1778 flytte Christen og Martha Torgersen til Bergen. Christen var matros, og huslyden budde i Theatergaten i Bergen. Derifrå vart Christen gravlagd 10.10.1782. Martha gifte seg sidan att med gardbrukarsonen Peder Arneson frå Lunde i Hafslo (1747-1819) og budde i Bergen levetidi ut. Ho d. i Bergen 14,3,1812. Christen fekk to søner, som båe var frå andre ekteskapet, men Martha hadde òg ein son frå før: a. Christen Johannesson (1769-1771), f. og d. i Luster, var son av Martha og husmann Johannes Christenson på Skjolden under Bolstad (1742-1810). b. Torger Christensen, døypt i Luster 7.8.1774, flytte med foreldri til Bergen kring 1778, men vart gravlagd i Bergen 1.10.1783. c. Knut Christensen, døypt i Luster 14.1.1776, flytte òg med foreldri til Bergen kring 1778 og d. i Bergen 1.6.1816. Knut var hattemakarsvein og budde i Nøstegaten i Bergen. ##### (var Knut gift? - opplysningar om ei eventuell kone?) ~~~~~~~~~~~~~~ Det ville vore kjempebra om me kunne finna fleire opplysningar om desse personane, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette er ein huslyd som eg arbeidde med tidleg på 1980-talet, men som eg aldri greidde å få heilt «tak» på. Fleire av borni til husmann Bottoløf LØarsson på Myri under Dale prestegard forsvinn frå bygdi i ung alder, og det er ikkje urimeleg å tru dei kan ha hamna i ytre Sogn eller kanskje i Bergen? Sonen Søren Bottolfson kan vera flytt til Frønningen - sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/237649-søren-bottolfson-frønningen-1742-1824-gift-med-christi-olsdotter-1751-1827-skal-ha-vore-plassfolk-på-sagi-ytre-under-ytre-frønningen-i-den-gongen-leikanger-kven-var-desse-folki/ Men sikkert er det at dotteri Gjertrud gifte seg i Arnafjorden i 1774 med ein Knut Størkson, og dette parfolket er no utgongspunktet for dette emnet. Eg har likevel valgt å ta med foreldri og alle søskeni, dersom dei skulle «dukka opp» einkorstaden..... Manuskriptet mitt ser i kveld slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at nye opplysningar er dukka opp, er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under! Om Jon Sværen skulle oppdaga dette emnet, kan han kanskje bidra med noko frå Vik? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
- 18 replies
-
- luster
- arnafjorden
-
(and 1 more)
Tagged with:
-
Ellef Olson (1818-1881) - frå Skår i Luster til Lid i Manger og huslyden hans der?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Dette er ein huslyd som eg jobba med første gongen tidleg på 1980-talet, men grunna manglande kjeldemateriale og manglande bygdebøker (som vel sidan er komne...), kom eg ikkje so langt på veg. No vonar eg at det ligg føre kjelder som kan bidra til å komplettera biografien for Ellef Olson som flytte frå Luster til Nordhordland som skomakar og sidan vart gardbrukar i Manger? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Ellef Olson {Skaar}, f. {i Luster} 25.4.1818, Ellef Olson reiste kring i Nordhordland som skomakar til han gifte seg i Hosanger 15.12.1855 med Anna Olsdotter frå Titland i Manger. Ho var dotter av gardbrukar Ole Guttormson på Titland, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Anna Johnsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Manger 2.1.1823. Ellef fekk til pakting eit bruk på Lid søndre i Manger der han d. 20.5.1880. Anna d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Dei fekk tre born i lag: ##### (kan dei ha hatt fleire? - sjekka?) a. Cecilia Ellefsdotter, f. i Hosanger 12.10.1855, ##### (n. 1865 - lagnaden hennar? - d. barnlaus før 1914?) b. Anna Maria Ellefsdotter, f. i Lindås 25.12.1857, ##### (budde 1914 på ytre Arna i Arna - lagnaden hennar?) c. Ole Ellefson, f. i Lindås 13.8.1863, d. som gardbrukar på Lid i Manger 13.1.1895. Han gifte seg i Manger 9.9.1882 med Kari Wilhelmsdotter frå Litloksa i Seim, Alversund, f. i Alversund 3.5.1854. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Ole og Kari var gardbrukarar på Lid i Manger og fekk to søner i lag. ##### (sjekka talet på born - det levde to born etter Ole i 1914!) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Dette er ei gamal kjempeutfordring som eg har brukt mykje tid og krefter på å finna ut av, men so langt er eg utan resultat! Andrea Ellefsdotter var fødd i Luster 4.2.1837 som yngste barn av Ellef Andersson (1785-1842) og kona Anna Østensdotter, døypt i Luster 9.4.1789. I 1858 utvandra Andrea i lag med mori og søsteri Martha Ellefsdotter (1821-1901) til Dane Co., WI. Dei andre var reiste før til same stad. Tidleg på 1860-talet flytte fleire av borni vidare til Fillmore Co.. MN, og so er det at eg finn ei innførsle i ei av kyrkjebøkene i Fillmore Co., MN, eg trur det var i Elstad/Highland kyrkjelyd, at Andrena Ellefsdotter døydde i barselseng med eit dødfødt barn 20.5.1874. MEN, det står i kyrkjeboki ikkje noko om kven Andrena var gift med eller om dei hadde andre born som kanskje levde opp! Eg har forresten heller aldri greidd å finna dødsfallet til mori Anna Østensdotter/Ellefson i Amerika og heller ikkje finn eg ho i FT1860 eller 1870 - kanskje nokon har betre «teft» enn kva eg har? Eg ville vorte «hoppande glad» om nokon greier løysa denne utfordringi, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Thomas Halvorson, fødd i Luster 1702 - busett i Lom i 1770 - er det mogeleg å finna ut av huslyden hans?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Dette er ei anna kjempeutfordring som eg sleit med på 1980-talet, men som grunna mangel på kjelder aldri vart løyst den gongen. Kanskje det går betre no? I samband med ei tingsak (åstadsak?) i Luster i 1770 kom denne Thomas Halvorson fram som vitne og fortalte at han budde i Lom, og der hadde han nok butt i lang tid! Før han reiste dit var han husmann i Stein under Skagen i Luster, og han hadde nok med seg minst to born då han fór over fjellet... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Thomas Halvorson Stein, frå Kilen, var f. kring 1702 og gifte seg kring 1729 med Christi Torbjørnsdotter frå Fortun, f. kring 1704. Ho d. «i armod» i 1740 eller 1741. ##### (kan ho vera avlidi i Lom??) I 1770 vitna Thomas Halvorson at han hadde vore husmann under Skagen i tre år, i sa fall må det ha vore frå kring 1731 til 1734. Kvar dei so budde dei neste seks‑sju åri, kan me ikkje seia sikkert. Men kring 1742 må Thomas Halvorson vera flytt til Lom, ##### (budde framleis i Lom i 1770, lagnaden hans der? - attgift??) Me kjenner til to born frå ekteskapet hans med Christi: a. Martha Thomasdotter, døypt i Luster 10.8.1732, ##### (lagnaden hennar?) b. Christopher Thomasson, døypt i Luster 6.9.1739, ##### (lagnaden hans?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg finn denne vigsli i Lom frå 1755 og lurer på om det kan vera «vår» Thomas: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001183770 Og kanskje er dette gravferdi hans frå 1771, året etter at han hadde vore i Luster på vitjing: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000676567 Kanskje bygdebøkene for Lom har fleire opplysningar her? Eg kan forresten leggja til at Thomas hadde minst to søsken som òg forsvinn frå Luster: * Christen Halvorson, fødd kring 1690, budde i Jostedalen i 1711 før han forsvinn frå Sogn! * Johannes Halvorson, fødd kring 1704, budde hjå foreldri sine i Kilen i Luster i 1714 før han forsvinn frå Sogn! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Dette er ein huslyd som eg første gongen arbeidde med tidleg på 1980-talet, men eg vart aldri liksom «klok» på dei. Johanna og Anders Erikson, ho frå Luster og han frå Årdal, fekk seks born i lag, me berre tre av desse voks opp. Dei to døtrene Josephine og Carrie var båe gifte to gongar, og den yngste var 1920 busett i statsfengselet i Missouri (Missouri State Penitentiary), utan at me veit kvifor ho var der. Men eg reknar med at ho vil vera omskrivi i ymse aviser...? Og når det gjeld Josephine, kan kanskje ein OBITUARY finnast for ho i Wisconsin? Her følgjer ein oppdatert versjon av dette manuskriptet, som eg vonar nokon kan hjelpa meg komplettera? ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #13 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
-
Thomas Trondson og Anna Larsdotter var i fleire år husmannsfolk på Stubbøy under Øyene i Luster, på same plassen som der bestefar min var fødd nokre år seinare, men i 1861 utvandra dei til Crawford Co., WI. Det er likevel merkeleg kor lite spor dei har sett etter seg i amerikanske kjelder, men kanskje nokon kan bidra til å få ei endring på det? Ekspertise i Vernon og Crawford Cos., WI har arbeidd med dette for mange år sidan, men utan å komma nokon veg...! Eg syner til eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~ Thomas Trondson Øyene, frå Hilleren under Steig, var f. 8.2.1825 og gifte seg 24.11.1853 med Anna Larsdotter frå Skogen under Hauge, f. 29.9.1823. Dei fekk feste på plassen her i Stubbøy 17.10.1855 og budde her fram til 1861. Thomas Tronson og kona Anna utvandra til Amerika i 1861 og slo seg ned som farmarar i Clayton township, Crawford Co., Wis. der Thomas d. 11.3.1879. Anna Tronson d. same staden 10.7.1899. Dei fekk fire born i lag: a. Ingeborg, kjend som Emma Tronson, f. i Luster 28.1.1849, utvandra med foreldri i 1861 og d. ##### (date and place of her death? - prior to 1925!) Ingeborg gifte seg ##### (date and place of her marriage?) med ##### (full name of husband?) Olson. ##### (info. on him?) ##### (occupation and place of their residence?) ##### (number of sons and daughters?) b. Thomas T. Tronson, f. i Luster 15.3.1856, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1861 og d. i Prairie du Chien, Wis. 25.9.1937. Han gifte seg i Crawford Co., Wis. 20.3.1882 med Rønnaug Eriksdotter frå Slålien i Lom, i Amerika kjend som Rhoda Erickson. Ho var dotter av ##### (gardbrukar?) Erik Rolfson i Slålien, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Anna Johnsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Lom 29.1.1849. Ho utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret?) og d. i Vernon Co., Wis. 22.10.1923. Thomas og Rhoda farma i Viroqua township, Vernon Co., Wis., men var barnlause. c. Gjertrud, kjend som Jane Tronson, f. i Crawford Co., Wis. ##### (exact xdate of her birth?) 1862, d. ##### (date and place of her death? - after 1937!) Jane gifte seg ##### (date and place of her marriage?) med ##### (full name of husband?) Onsrud. ##### (info on him?) ##### (occupation and place of their residence? - she lived 1937 at Bangor, La Crosse Co., WI!) ##### (number of sons and daughters?) d. Larsina, kjend som Louise Tronson, f. i Crawford Co., Wis. ##### (exact date of her birth?) 1865, d. ##### (date and place of her death? - after 1937!) Louise gifte seg ##### (date and place of her marriage?) med ##### (full name of husband?) Hanson. ##### (info on him?) ##### (occupation and place of their residence? - she lived 1937 at Bangor, La Crosse Co., WI!) ##### (number of sons and daughters?) ~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Knut Findson Forthun, son av Find Knutson og Kirsti Torbjørnsdotter, gardbrukarar på Fortun i Luster, vart døyptm i Luster 18.3.1742. Diverre manglar me konfirmantlister for Luster i åri kring 1759/1760, so han kan godt ha vorte konfirmert her, men me veit det ikkje. Derimot veit me at han levde då det i 1769 vart halde skifte etter faren Find Knutson. Han var då til stades, men i Luster ser me ikkje noko meir til denne karen etter den tid. https://media.digitalarkivet.no/view/24140/19?indexing= Kvar kan han ha vorte av? Bergen? ytre Sogn? Lom? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Eg sliter med å finna lagnaden til denne unge mannen frå Luster: Erik Johannesson Forthun, son av Johannes Sølfestson og Kirsti Eriksdotter, gardbrukarar på Fortun i Luster, fødd i Luster 30.7.1858. Erik utvandra til Amerika i 1881, og den einaste «kandidaten» eg kan finna i amerikanske kjelder er ein 28 år gamal ugift «carpenter» Erick Fortun som i 1885 budde i Sargent Co., ND: https://www.ancestry.com/interactive/1078/44315_346018-00210?pid=3407750&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D1078%26h%3D3407750%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx15740%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx15740&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.36189408.1156509303.1565890205-1442769865.1532627837 Det hadde vore svært so spennande å finna lagnaden til denne karen, som samstundes er ein fjern slektning av meg sjølv, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Kring 1790 dukka det opp eit parfolk på Sørheim i Luster, Iver Sjurson og Kari Olsdotter. Eg mistenker dei for å vera identiske med eit par med desse namni på Indre Sandøy som gifte seg i Veøy i Romsdalen 29.5.1781, han ungkar og ho enkje: https://media.digitalarkivet.no/view/16043/118 Kari var mykje eldre enn Iver, og då ho døydde i Luster i 1793, gifte Iver seg att med ei jente frå Skjåk, Live Olsdotter Storlien! Eg kjenner til fire born i denne huslyden; ein son hadde Live med seg frå Skjåk, medan ho fekk tre døtrer med Iver i Luster. Yngste dotteri fekk namnet Gjørond, som KAN vera førenamnet til mor hans Iver...(?) Berre to av borni voks opp, og dei flytte båe frå Luster - truleg med mor deira attende til Skjåk! Dette er ein svært so utfordrande huslyd, som eg første gongen jobba med alt i 1984, men eg kjem ikkje so mykje lenger i dag, bortsett ifrå at eg nettopp oppdaga vigsli i Veøy!! Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Iver Sjurson Drægnishaug, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) var f. ##### (dato og stad for fødsli hans? - kring 1754) og vart gravlagd frå Fortun 19.4.1810. Han gifte seg første gongen ##### (dato og stad for første vigsli hans? - kan det vera dei som 29.5.1781 gifte seg i Veøy båe busette indre Sandøy - ho var enkje! - https://media.digitalarkivet.no/view/16043/118 med Kari Olsdotter frå ##### (opphav og opplysningar elles? - f. kring 1736!) Men ho vart gravlagd frå Øyen under Sørheim ?.2.1793, og Iver gifte seg att i Luster 28.9.1793 med Live Olsdotter frå ##### (opphavet hennar? - Storlien i Skjåk?) Ho var dotter av ##### (foreldri hennar?) og f. i Skjåk ##### (dato og stad for fødsli hennar? - kring 1759) Iver var først husmann på Øyen under Sørheim, men han Live flytte først til Eide og kring 1796 til Drægnishaugen, og denne plassen hadde dei fram til kring 1804. Iver var sidan visstnok på legd. Som enkje flytte Live Olsdotter attende til Skjåk der ho ##### (truleg attgift i Skjåk 29.9.1815 med Thor Torstenson på Dalen i Skjåk - kan henda d. ho som husmannskone frå Kveen i Bratå i Skjåk 8.11.1841, 82 år gamal?) Me kjenner til fire born etter Iver Sjurson, som alle var frå andre ekteskapet med Live, som dessutan hadde ein son frå før: 1. Nils Torstenson, son av Live og ##### (Torsten Pederson frå Bø i Lom?) vart døypt i Skjåk 30.5.1784, men flytte med mor til Luster og voks delvis opp i Drægnishaugen. Nils Torstenson flytte frå Luster att, truleg i lag med mori, ##### (seinare lagnad?) 2. Kari Iversdotter (1793‑1794). 3. Kari Iversdotter, døypt 11.6.1795, Kari Iversdotter flytte til Skjåk med mori kort etter 1810 og gifte seg der 29.3.1822 med Hans Johannesson frå ##### (opphavet hans? - Skamsar?) ##### (lagnaden deira? - budde på Skjåksøygarden i Skjåk der dei fekk minst to born?) 4. Gjørond Iversdotter (1799‑1799). ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Erik Knutson, fødd i Luster 1743 og halvsøskeni - flytte dei alle til Gulen/Solund?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Dette emnet vart første gongen teke opp i det gamle brukarforum i 2009 som #66217, men eg fekk den gongen ingen svar. I mellomtidi er det dukka oppp nye lesarar i Brukarforum, so kanskje det no er mogeleg å komma vidare med denne saki? Det er i alle fall lov å vona... Knut Ingebrigtson (1714-1766), husmann på Havellen under Flahammar og sidan i Haugen under Heltne i Dale sokn, Luster, var gift tre gonger og fekk med dei første to konene åtte born og ein steson. Tre av borni døydde kort etter fødsli, og ei dotter vart gift og budde i Luster. Dei andre fem borni ser alle ut til å vera farne frå bygdi i 1760-åri, log den eldste av dei, Erik Knutson, har me sidan finne att på Halland i Gulen! Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~ Knut Ingebrigtson Haugen, opphavleg frå Havelden under Flahammar, var f. kring 1714 og vart visstnok gravlagd frå Skår, truleg som legdelem, 19.2.1766. Han gifte seg første gongen 4.11.1741 med Sophia Andersdotter frå Søvde i Dale. Ho var f. kring 1718, men d. alt kring 1744. Knut gifte seg so 30.11.1747 att med Inga Andersdotter frå ##### (opphavet hennar?) Ho var f. kring 1712 og vart gravlagd frå Haugen 21.7.1757. Knut gifte seg so tredje gongen 29.3.1758 med Mari Torbjørnsdotter frå Vinjane under Hauge. Ho var f. kring 1715 og vart gravlagd som legdelem 24.1.1783. Det var i 1751 at Knut Ingebrigtson busette seg her i Haugen i lag med andre kona si etter at dei først visstnok hadde butt nokre år heime på Havelden. Han hadde plassen til kring 1760. Det ser ut til at siste kona kom på legd på den tidi, og i 1762 ser me at Knut budde åleine på Kvalsøyri under Kvale. Han fekk i alt åtte born; siste ekteskapet vart barnlaust, men med første kona fekk han to søner, medan Inga Andersdotter vart mor til dei seks andre borni hans. Dessutan hadde Inga Andersdotter ein son frå før, og siste kona Mari hadde to born før ho gifte seg med Knut i Haugen: 1. Erik Knutson (1741‑1741). 2. Erik Knutson, døypt 16.2.1743, Erik Knutson flytte i svært ung alder til Gulen og gifte seg der første gongen 24.11.1772 med enkja Siri Endresdotter, opphavleg frå Molland i Hafslo. Ho vart døypt i Hafslo 14.6.1721 og hadde før vore gift med gardbrukar Lars Erikson på Halland i Gulen (1717-1771), opphavleg frå La i Hafslo sokn, Hafslo (s.d.). Men Siri vart gravlagd frå Halland i Gulen 6.8.1799, og Erik gifte seg att i Gulen 8.7.1800 med Elsa Hansdotter frå Unneland nordre i Gulen. Ho var dotter av gardbrukar Hans Ambjørnson på Unneland nordre, opphavleg frå Austgulen, og kona Kari Tørrisdotter frå Tunsberg og vart døypt i Gulen 12.11.1775. Erik d. som kårmann på Halland 20.11.1816, medan Elsa d. som enkje og legdelem på Nese i Gulen 13.5.1845. Erik fekk fem born, som alle var frå andre ekteskapet med Elsa Hansdotter: a. Siri Eriksdotter, døypt i Gulen 17.12.1800, d. som enkje og legdelem på Nese i Gulen 6.7.1883. Siri gifte seg i Gulen 6.5.1820 med Mons Olson frå Nordgulen i Gulen, døypt i Gulen 2.10.1790. Han d. som legdelem på Haveland i Gulen 8.10.1873. Mons og Siri var først plassfolk i Skrubbehaugen under Nordgulen i Gulen, men flytte i 1840 til ein plass i Naustdalen under Haveland i Gulen. Dei fekk sju born i lag. b. Hans Erikson, døypt i Gulen 3.1.1803, vart konfirmert i Gulen i 1820, ##### (lagnaden hans?) c. Sophia Eriksdotter, døypt i Gulen 28.4.1805, d. som husmannskone på Fondetangen i Gulen 24.10.1875. Sophia gifte seg første gongen i Gulen 23.6.1837 med Hans Jacobson frå Midtun indre i Gulen, døypt i Gulen 18.5.1796. Hans og Sophia var plassfolk under Grytten i Gulen der Hans d. som husmann 18.2.1849. Sophia gifte seg so att i Gulen 4.6.1850 med Mathias Aritsson, opphavleg frå Gryttestigen under Grytten i Gulen, f. i Gulen 23.9.1823. Han d. som husmann og fiskar på Grytten 4.2.1897. Mathias var enkjemann då han gifte seg med Sophia, og vart òg gift ein tredje gong etter at Sophia var borte. Han pakta ei tid Eivindvik prestegard, men busette seg med Sophia som husmann på Fondetangen under Fondevik i Gulen og budde sidan der levetidi ut. Han fekk ein son, som var frå ekteskapet med Sophia, men Sophia hadde òg seks born frå første ekteskapet sitt med Hans Jacobson. d. Eli Eriksdotter, døypt i Gulen 8.3.1808, d. som kårenkje på Simmerøen under Nesøen i Solund 27.5.1888. Eli gifte seg i Gulen 15.6.1847 med Anders Einerson frå ein plass under Hauge i Gulen, f. i Gulen 13.4.1820. Han d. som kårmann på Simmerøen 1.3.1888. Anders og Eli vart plassfolk på Simmerøen under Nesøen i Solund og fekk fem born i lag. e. Claus Erikson, døypt i Gulen 10.4.1814, vart gravlagd frå Halland i Gulen 24.7.1814. 3. Lars Bottolfson, son av Inga Andersdotter og husmann Bottolf Bottolfson på Notasva under Hauge (1710‑1777), vart døypt 12.12.1734. Lars Bottolfson ser òg ut til å vera reist frå Luster i ung alder ##### (lagnaden hans? - ytre Sogn?) 4. Sophia Knutsdotter (1745‑før 1752). 5. Anders Knutson, dypt 14.3.1748, Anders Knutson må vera faren frå Luster i ung alder ##### (lagnaden hans? - ytre Sogn?) 6. Knut Knutson (1751‑1751). 7. Sophia Knutsdotter (1752‑1826), vart gift med strandsitjar og enkjemann Endre Pederson på Kvalsøyri under Kvale (1753‑1833). 8. Ingebrigt Knutson, døypt 11.3.1754, Ingebrigt Knutson ser ut til å vera faren frå Luster i ung alder. ##### (lagnaden hans? - ytre Sogn?) 9. Agatha Knutsdotter, døypt 18.9.1755, Agatha Knutsdotter ser òg ut til å vera reiste frå Luster i ung alder. ##### (lagnaden hennar? - ytre Sogn?) 10. Torbjørn Johannesson (1742‑1742) var son av Mari Torbjørnsdotter og gardbrukarsonen Johannes Pederson frå Berge i Dale (1718‑1747). 11. Mari Pedersdotter Bandscher (1746‑1816), dotter av Mari Torbjørnsdotter og skomakarsvein Peder Nilsson Bandscher (1712‑1780), sidan busett på Nagløyri i Sogndal, vart trulova første gongen med gardbrukarsonen Hans Nilsson frå Skildeim (1750‑1784) (s.d.) og sidan gift med husmann Nils Jørgenson på Bøen under Berge i Dale (1757‑1813) (s.d.). ~~~~~~~~~~~~~ Den eine dotteri Sophia som vart buande i Luster, var gift, men fekk ikkje born med mann sin, berre tre born før ho vart gift. Eine dotteri hennar var Agatha Asbjørnsdotter, som flytte til morbror sin på Halland Gulen. Huslyden hennar vart drøfta i 2015: https://forum.arkivverket.no/topic/195256-agatha-asbjørnsdotter-1779-1843-og-erik-gregoriusson-1770-1844-på-blidensol-skjerjehamn-i-gulen-huslyden-deira/?tab=comments#comment-1651786 Men Sophia hadde òg ei dotter Inga Pedersdotter (1773) og ei stedotter Inga Torstensdotter (1770) som òg forsvinn frå Luster i ung alder, og som òg godt kan ha hamna i ytre Sogn. Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~ Endre Pederson Qualsøren, frå Rønneisøyri under Rønnei, vart døypt 14.3.1753 og d. som legdelem på Kvalsøyri 9.4.1833. Han gifte seg første gongen 20.7.1786 med Gunnhild Sjursdotter frå Bakken under Ottum. Ho vart døypt 25.12.1745 og d. på Kvalsøyri kring 1797. Endre gifte seg so att 10.1.1799 med Sophia Knutsdotter frå Haugen under Heltne i Dale. Ho vart døypt 9.6.1752 og d. på Kvalsøyri 20.7.1826. Endre Pederson fekk denne strandsitjarplassen på Kvalsøyri, visstnok då ein ny plass, frå midt i 1780‑åri og budde her levetidi ut, men stesonen Anders tok over styringi frå kring 1820, og Endre sjølv hamna på legd. Endre Pederson på Kvalsøyri fekk ein son, og han var frå første ekteskapet. Derimot hadde første kona to born frå før, og andre kona hadde tre born frå før. Dei til saman seks borni vart soleis: 1. Inga Torstensdotter, dotter av Gunnhild Sjursdotter og husmann Torsten Johnson på Sage under Fuhr (1741‑1784), vart døypt 29.7.1770, vart ikkje konfirmert i Luster. Inga Torstensdotter flytte truleg frå bygdi i svært ung alder, utan at me kjenner lagnaden hennar. ##### (lagnaden hennar? - ytre Sogn?) 2. Sjur Jørgenson (1779‑1780), var son av Gunnhild Sjursdotter og gardbrukar Jørgen Johannesson på Myklemyr i Jostedalen (1756‑1816). 3. Peder Endreson (1787‑1868), einaste «ektefødde» barnet i denne huslyden, vart husmann på Kvasshilleren under Høyeim. 4. Inga Pedersdotter, dotter av Sophia Knutsdotter og husmann Peder Johannesson på Kvalsøyri 6 under Kvale (1752‑1811), vart døypt 18.4.1773. Liksom stesøsteri med same namnet må òg Inga Pedersdotter vera fari frå Luster i ung alder, men lagnaden hennar er ukjend. ##### (lagnaden hennar? - ytre Sogn?) 5. Agatha Asbjørnsdotter, dotter av Sophia Knutsdotter og husmannssonen Asbjørn Aamundson frå Teigane under Bolstad (1755‑ ), vart døypt 11.11.1779. Agatha Asbjørnsdotter flytte i ung alder til Gulen og tente der på Halland då ho vart konfirmert i 1796. Ho gifte seg i Gulen 6.7.1802 med Erik Gregoriusson frå Hjertås i Gulen. Han var son av gardbrukar Gregorius Erikson på Hjertås, opphavleg frå Norddalen i Gulen, og kona Ingeborg Gregoriusdotter frå Hjertås og vart døypt i Gulen 16.1.1770. Erik Gregoriusson var husmann og skaffar, og dei budde på plassen Blidensol under Skjerjehamn i Gulen der Agatha d. som husmannskone 24.4.1843. Erik d. som legdelem på Dale i Gulen 23.2.1844. Agatha fekk i alt ti born, ni i ekteskapet og eitt utanom: a. Gregorius Erikson, døypt i Gulen 18.7.1802, var tenestedreng på Børholmen i Gulen, men miste livet på sjøen 14.7.1834, ugift. b. Iver Erikson, døypt i Gulen 13.11.1804, vart gravlagd i Gulen 9.7.1805. c. Ingeborg Eriksdotter, døypt i Gulen 7.12.1806, d. som legdelem på Skjerjehamn 15.11.1890. Ho gifte seg i Gulen 28.12.1833 med Johan Petter, kjend som Petter Johannesson frå Bergen, f. i Bergen 15.3.1810. Han d. som enkjemann og legdelem på Skjerjehamn 10.4.1898. Petter og Ingeborg budde først på Mjømna i Gulen, men fekk so ta over som plassfolk på Blidensol under Skjerjehamn etter foreldri hennar. Dei fekk fire born i lag. d. Anna Iversdotter, dotter av Agatha og svogeren Iver Gregoriusson frå Hjertås i Gulen, vart døypt i Gulen 12.2.1810 og d. i Gulen 12.5.1852. Ho gifte seg i Gulen 8.6.1848 med enkjemannen Arits Johannesson frå Stigen under Gryten i Gulen, døypt i Gulen 18.10.1794. Han d. i Gulen 21.3.1870. Arits tok over heimeplassen etter foreldri sine på Stigen under Gryten, men vart sidan sjølveigar og gardbrukar same staden. Arits var gift både før og etter ekteskapet med Anna. Han fekk i alt elleve born i ekteskapi sine; av dei var tre søner frå ekteskapet med Anna. e. Anders Erikson, døypt i Gulen 4.12.1812, d. som legdelem i Gulen 8.6.1828. f. Inga Eriksdotter, døypt i Gulen 18.6.1815, d. som husmannskone på Austgulen i Gulen 16.1.1887. Ho gifte seg i Gulen 9.11.1844 med Lorents Einerson frå ein plass under Hauge i Gulen, f. i Gulen 10.5.1817. Han d. som husmann og enkjemann på Austgulen 9.12.1890. Inga og Lorents vart husmannsfolk på ein plass under Austgulen i Gulen. Dei fekk ikkje born i lag, men Lorents fekk ein son utanfor ekteskap som voks opp hjå han og Inga. g. Kari Eriksdotter, f. og d. i Gulen 20.3.1817. h. Ole Erikson, f. i Gulen 10.3.1818, d. ugift i Gulen 9.7.1844. ##### (skiftedato! – ikkje gravlagd Gulen!) i. Claus Erikson, f. i Gulen 11.6.1821, kom bort på sjøen og d. som husmann under Kversøy i Gulen 15.6.1883. Han gifte seg første gongen i Gulen 28.6.1844 med Johanna Ellingsdotter frå Kvernøy store i Gulen, f. i Gulen 25.9.1816. Ho d. som husmannskone på Kvernøy store i Gulen alt 15.6.1851, og Claus gifte seg att i Gulen 27.12.1855 med Jannike Jensdotter frå Utvær i Solund, f. i Solund 27.2.1827. Ho kom bort på sjøen samstundes med mannen 15.6.1883. Claus og første kona Johanna var gardbrukarar og sidan plassfolk på Kvernøy store i Gulen, men han og andre kona Jannike vart plassfolk på Stuholmen under Kversøy i Gulen. Claus fekk i alt og fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre. j. Magdeli Eriksdotter, f. i Gulen 12.2.1824, ##### (konf. 1839 – lagnaden hennar?) 6. Anders Iverson (1785‑1846), son av Sophia Knutsdotter og husmann Iver Olson på Utheim under Sørheim (1765‑1850), vart strandsitjar her på Kvalsøyri 4 under Kvale etter mori og stefaren. ~~~~~~~~~~~~~ Det hadde vore kjempebra om det let seg gjera spora opp nokon av desse søskeni, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Huslyden til Lars Johnson, fødd i Årdal, men oppvaksen på Berge i Luster, har i mange år vore ei stor utfordring. Kona hans døydde tidleg, og eg kjenner berre til ein einaste son etter dette parfolket, men kvar det vart av faren og sonen samt svigerdotteri etter 1865 er eit «mysterium»! Eit anna «mysterium» er lagnaden til søsteri Britha, fødd i Årdal 1805. Ho vart konfirmert i Luster i 1820, men forsvinn deretter frå bygdi, kanskje til Bergen? Den yngste broren i denne huslyden var Erik Johnson, fødd i Årdal i 1808. Han var skomakarmeistar i Bergen, men budde òg ei tid i Koparvik på Karmøy. Huslyden hans er bra komplett, bortsett ifrå at eg manglar dei nøyaktige omstendi kring dødsfallet ved Island til einaste sonen hans... Eg manglar òg ein del detaljar om foreldri og opphavi deira og vil gjerne få attgje eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #13 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til ei komplettering av denne biografien!
-
Recently Browsing 0 members
- No registered users viewing this page.