Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'milwaukee'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Eg har i lengre tid slite med å finna ut av denne huslyden som ogso er ein del av følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/221262-herman-johannes-hermansen-eller-johannessenjohnson-fødd-i-bergen-1861-seglmakardreng-og-sjømann-lagnaden-hans/ Jens Monsson, fødd på Hjelmeland i Gaular 7.4.1831 - frå 1867 sambuar i Bergen med: Monsina Andrina f. Larsen/Espeland, fødd i Bergen 18.5.1836 Dei utvandra i lag til Amerika i 1868 og busette seg i Chicago, IL der me finn dei att under namni James og Munsene Monson eller Munson - eg har òg sett Jens referert til som John, men finn ikkje dette parfolket att etter 1880 nokon stad! Eg kjenner til desse borni etter dei: * Jens Andreas, fødd i Bergen 18.12.1867, døydde i 1868, anten under overfarten til Amerika eller kort etter ankomsten * Jens Andreas, i 1880 kalla Andrew, fødd i Chicago, IL 16.3.1869 - lagnad ukjend * Josephine Andrine, kjend som Fannie, fødd i Chicago, IL 8.7.1871 - gifte seg første gongen i Chicago, IL 22.3.1894 med Thomas Alfred Thorsen (1871-1902) og andre gongen i St. Joseph, MI 31.7.1906 med John Lange (1864-1930). Ho flytte som enkje til Milwaukee, WI der ho døydde 23.10.1948. Denne huslyden har eg kontroll på! * Martha Mathilda, fødd i Chicago, IL 24.2.1876 - i 1898 nemnd som faddar for eit barn av Fannie, då kalla Tillie, elles ukjend * Rosa, f. i Chicago, IL kring 1878 (kan henda er det ho som i det offisielle fødselsregisteret i Chicago, IL er fødd 30.9.1878 og der kalla Mattie(?) - i 1898 òg nemnd som faddar for eit barn av søsteri Fannie, då kalla Rosie, elles ukjend So er det at eg i dag har motteke ein kort obituary for Fannie Lange frå Milwaukee, WI frå 1948 der det mellom anna kjem fram at ho etterlet seg søsteri MRS. MAYE O'BRIEN. Det står ingen adresse, men eg trur ho òg budde i Milwaukee, WI. Eg har no sete og «tråkla» i denne O'Brien huslyden og finn følgjande: * John E. O'Brien, 27, engineer Chicago, IL, son of Thomas O'Brien and Mary M. Monsen, 27, at home Chicago, IL, dau of James Monsen married at Benton Harbor, Berrien Co., MI July 24, 1906: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939J-4NS7-84 * 1910 census: meathouse commercial salesman res. Leadville, Lake Co., CO: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVC-1BS * 1920 census: cider and vingar co. salesman res. St. Paul, Ramsey Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RXS-7K2 * 1930 census: salesman cleanng supplies res. Milwaukee, Milwaukee Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R8K-9P29 * 1940 census: travelling salesman res. Milwaukee, Milwaukee Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9M1-ZC6J Eg har identifisert John Edward O'Brien som fødd i York Co., NE 20.8.1879 og budde framleis der i 1900. WW1 draftet (1918) har dei busette i Duluth, MN. Dei var tydeleg barnlause. Eg har framleis ikkje greidd å finna dødsfalli til nokon av dei. OG, eg har store vanskar med å «plassera» Mary! Mistanken går derimot i retning av Martha Mathilda, fødd i Chicago, IL 24.2.1876, og at ho har «ljuge» litt på alderen sin. Folketeljingane har ho elles konsekvent fødd kring 1879/1880! Eg har tenkt som so: ** Hadde me greidd å finna denne Mary (eller May) i 1900-teljingi, ville kanskje ogso foreldri og søsteri Rosie dukka opp, men KVAR I ALL VERDI kan dei ha vore på den tidi? Eg mener eg har søkt «høgt og lågt» etter dei, men truleg er ættenamnet feilskrive!? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan føra oss på sporet etter Jens og Monsine samt sonen Jens Andreas og døtrene Mary og Rosie!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.