Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'minnesota'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

  1. Guro Olsdotter Aspevig var fødd i Lærdal 10.3.1837 og var gift i Lærdal med husmann Hans Andersson Sandnes (1835-1870). Dei fekk fire born i lag, deriblant tre døtrer, Synneva 1862, Metta Kirstine 1865 og Ragnhild 1869. I 1883 utvandra Guro Aspevig med dei tre døtrene til Atlanta township, Becker Co., MN, og der budde Guro i 1885, 1900 og 1910. Berre i 1895 var ho i Home Lake township, Norman Co., MN. * Men kvar vart det av Guro Aspevig etter 1910? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Bent/Bernt Arneson Eide, fødd på garden Eide i Innvik 1.11.1847, skal ha utvandra til Amerika kring 1870/1875 og gifte seg i Crawford Co., WI 19.10.1877 med Anna Olsdotter frå Aspviki i Lærdal. Dei slo seg ned som farmarar i Becker Co., MN. I 1914 var Bent Eide ein tur på vitjing i Noreg: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000736811 Ikkje lenge etter flytte han med ei dotter til Stanley, MB der han døydde 22.2.1928. * Kan nokon hjelpa meg finna det nøyaktige utvandringsåret til Be(r)nt Eide? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Hans Lem Hansson Nundahl, fødd på Asperheim i Årdal i Sogn 2.5.1863, utvandra til Amerika i 1881 og skal ha butt mestedelen av livet i eller nær Marshall Co., MN Einaste gongen eg finn han nemnd er i FT1920 for Middle River, Marshall Co., MN dere han budde som farmlaborer og enkjemann hjå søsteri Mary Offerdahl: https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/77927831:6061?tid=&pid=&queryId=35e6cd7f8e742a833d6714723bea39c0&_phsrc=008-360160&_phstart=successSource Her er biografien til søsteri: Mari Hansdotter, f. i Årdal 17.8.1860, Mari Hansdotter gifte seg i Årdal 2.6.1880 med Jens Jensson frå Offerdalen. Han var son av paktar Jens Jensson i Offerdalen, opphavleg frå Plassen i Offerdalen under Hovland, og kona Ingeleiv Olsdotter frå Mjelde i Lærdal og f. i Årdal 25.4.1857. Jens var ei tid skomakar i Bergen, men i 1883 utvandra Mari i lag med foreldri sine til Amerika, og i 1884 følgde Jens etter. Under namni Jens og Mary Offerdahl finn me dei først att som farmarar i Lake Hanska township, Brown Co., Minn., men i 1889 slo dei seg ned som farmarar i Holt township, Marshall Co., Minn. Der vart dei buande til dei i 1912 selde farmen og busette seg i Middle River, Marshall Co., Minn. der Jens opna skomakarverkstad («shoemaker»). Han d. i Thief River Falls, Minn. 30.10.1942, medan Mary Offerdahl d. same staden 28.9.1951. Dei fekk elleve born i lag. Eit ancestry family tree påstår at Hans døydde alt 16.4.1906, men det var nok faren Hans Lem Hermundson Nundahl (1830-1906) (jmf. den lokale kyrkjegarden) som døydde då! Kan nokon hjelpa meg å finna ut noko om lagnaden til Hans Lem Hansson i Amerika?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Dette er ein huslyd som eg har slite med i 30 år, og eg hadde vel ei lita von om at dei nye bygdebøkene for Kaupanger skulle hjelpa meg finna svar på spørsmåli mine, men diverre vart det med voni.... So no vil eg freista om nokon kan hjelpa meg i Brukarforum? Her er eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Jens Paulson {Mosevold}, døypt {i Jostedalen} 25.5.1806, Jens Paulson flytte til Sogndal med mori kring 1820 og gifte seg der 30.6.1834 med Britha Hansdotter frå Foss i Sogndal. Ho var dotter av husmann Hans Olson på Malthaug under Foss, opphavleg frå Uglum, og kona Guri Andersdotter frå Stedje og vart døypt i Sogndal 5.12.1812. Jens og Britha slo seg ned som plassfolk i Hola under Kaupanger i Sogndal der Jens d. 18.4.1866. Britha Hansdotter d. som husmannsenkje same staden 29.1.1903. Ho og Jens fekk ti born i lag: a. Gunnhild Jensdotter, f. i Sogndal 25.11.1834, gifte seg i Sogndal 9.11.1860 med Knut Nilsson frå Vollevik i Vik, f. i Vik 10.7.1831. Knut vart nemnd handelskar i 1860, og i 1861 fekk Gunnhild attest for å flytta til Vik. Knut og Gunnhild budde truleg ei tid på Odlene i Arnafjorden, Vik, men flytte visstnok derifrå alt kring 1862. Kan henda utvandra dei då til Amerika, for i 1866 finn me att Knute og Gunnilde Nelson som farmarar i Pilot Mound township, Fillmore Co., Minn. der Gunnilde d. kring 1868. Knute gifte seg 10.12.1869 att i Fillmore Co., Minn. med enkja Anna Knutsdotter, opphavleg husmannsdotter frå Husabø i Leikanger. Ho var f. i Leikanger 22.2.1843, men utvandra til Amerika kring 1862. Ho hadde før vore gift med Torsten Torkildson frå Jordal i Balestrand, truleg kjend som Torsten Thompson. Knute og Anna heldt fram som farmarar i Pilot Mound township, Fillmore Co., Minn. til dei i 1882 selde farmen og flytte derifrå, ##### (seinare lagnad?) Knute fekk visstnok i alt ni born, tre frå første ekteskapet og seks frå det andre; dessutan hadde første kona Gunnilde ein son frå før, medan Anna hadde minst to born frå første ekteskapet sitt. b. Hans Jensson, f. i Sogndal 9.12.1836, d. som kårmann i Hola under Kaupanger 8.11.1898. Han gifte seg i Sogndal 17.10.1872 med Anna Baardsdotter frå Neset under Amla nedre i Sogndal. Ho var f. i Sogndal 10.8.1839 og d. i Hola 24.6.1930. Hans og Anna tok over heimeplassen hans i Hola under Kaupanger og vart buande der levetidi ut. Dei fekk ei dotter i lag, men Anna hadde òg ei dotter frå før. c. Guri Jensdotter, f. i Sogndal 16.3.1839, gifte seg i Sogndal 3.4.1866 med Ole Johannesson frå Vatnet under Lægreid i Årdal, f. i Årdal 3.5.1841. Ole var handelskar i 1866. ##### (lagnaden deira?) d. Kari Jensdotter, f. i Sogndal 22.1.1842, levde i 1865 og budde då i Sogndal, men den seinare lagnaden hennar er ukjend. ##### (lagnaden hennar? – arbeidde på Fana Spinneri?) e. Anna Jensdotter, f. i Sogndal 20.3.1844, fekk ein son i Sogndal i 1870, men ser sidan ut til å vera faren frå Sogndal utan at me veit noko om lagnaden hennar. ##### (lagnaden hennar?) f. Anders Jensson, f. i Sogndal 27.6.1846, d. i Sogndal 29.6.1846. g. Bertha Jensdotter, f. i Sogndal 12.4.1848, d. i Sogndal 14.4.1848. h. Jens Jensson, f. i Sogndal 22.2.1851, flytte i 1877 til Nordland ##### (lagnaden hans?) i. Bertha Jensdotter, f. i Sogndal 19.5.1854, gifte seg i Sogndal 11.6.1877 med Nils Torbjørnson frå Rudsviki på Kaupanger, Sogndal, f. på Borlaug i Feios, Leikanger 3.4.1849. Bertha og Nils budde først nokre år i Rudsviki på Kaupanger, men utvandra til Amerika med to born i 1881. ##### (lagnaden deira?) j. Britha Jensdotter, f. i Sogndal 31.7.1856, gifte seg i Sogndal 7.10.1878 med Anders Olson frå Haukåsen på Kaupanger. Han var f. i Sogndal 2.6.1853. Britha og Anders utvandra til Amerika med ein son i 1880. ##### (lagnaden deira?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Eg prøver å finne ut om dette paret er identisk med; https://www.findagrave.com/memorial/138253865/anders-a-overeide & https://www.findagrave.com/memorial/138253866/oline-overeide og kva som skjedde med barna deira. g. 1860: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000037012 https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000589147 Far i 1860 Andrine f 8.12.1860 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004937775 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003605878 Far i 1863 Samuel f. 16.8.1963 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004337081 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003606259 FT1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038272006013 Far i 1872 Elling f. 10.12.1870 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003601213 Flytter til Bolsøy: https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000011033 FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052345002787 (bst. Hjelseth) - kon sonen Elling bur saman med foreldra. Far i 1877 Anders Olai 14.9.1877 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000018548516 Når emigrerte dei? ***************** Dottera Andrine ved FT1875: FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052320001730 Sonen Samuel ved FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052320001709 Sonen Samuel emigrerte nok i 1881: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000666039 Eg trur det er sonen Elling aka Alex aka Alix Anderson vi finn at her: https://www.findagrave.com/memorial/59590081/alix-anderson Og at det er han som gifter seg 24 Aug 1893 i Cass, North Dakota, USA med Bertha D. Anderson. Sjå også COD vedlagt: ***************** Dette ekteparet (Anders og Oline) var også nemde i ein debatt i 2009-2010, då fim etterlysning etter sonen Samuel A. (Eikrem).
  6. Christine Margrethe Christiansdotter var fødd i Frosta 15.6.1843 - dotter av husmann Christian Trondson og kona Nicolina Andersdotter Lonsteen: https://media.digitalarkivet.no/view/2467/26 Christine skal ha utvandra til Amerika i 1870 og gifte seg same år i Iowa med Caspar LIEN, og dei flytte til Otter tail Co., MN Men ifølgje eit avisoppslag frå 1877 hadde Christine ei dotter som då var 8 år gamal. Denne jenta må ha vore fødd i Noreg, men kven var ho? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Denne utfordringi har eg hatt liggjande i over 30 år utan å komma noko nærare ei løying: Rasmus alias Robert «Casey» ANDERSON var son av Andrew Olson (Teigen) (1836-1894) og Ellen Rasmusson (Bergset) (1848-1897), emigrantar frå Jostedalen som farma i Jacksonville township, Chickasaw Co., Ia. Robert var fødd i Chickasaw Co., KA 25.12.1880, men voks delvis opp i Forestburg, Sanborn Co., SD der svogeren Ole Klevjord frå Flesberg var prest på den tidi. Sidan vart Robert «laborer» i Bemidji, Beltrami Co., MN før han altso hamna i McGrath, Aitkin Co., MN der han ifølgje slekti skal vera avliden på 1950-talet. Han var ikkje gift. Er det nokon som kan greia finna lagnaden til Robert «Casey» Anderson ville eg gle meg svært mykje over det! Hjarteleg takk på førehand!
  8. Huslyden til Ole Endreson Leirmo sleit eg veldig med å finna ut av då eg i 1982 vitja Lac qui parle Co., MN, og det var mykje eg ikkje fann. Ein del har eg greidd å få tak i i etterkant, men no står eg fast, særleg på opplysningar om den svenske kona hans, og opphavet til andre kona synest òg vera vanskeleg..., for ikkje å snakka om dotteri og ekteskapi hennar... No vonar eg på lite vetta hjelp med denne huslyden og presenterer her manuskriptet mitt pr. dags dato: ~~~~~~~~~~~~~ Ole Endreson Leirmo, f. {i Luster} 24.6.1873, Ole Larmore utvandra til Amerika i 1889 og gifte seg første gongen i Gary, S.D. 9.10.1901 med Evruda ##### (fullt svensk namn på første kona hans? – opphav? – Emma Charlotta Lundberg eller Lindberg?) i Amerika kjend som Emma P. Lundberg. Ho var dotter av ##### (Per Nils Lundberg f. 5.9.1820 og and Inger Andersdotter? – yrke, bustad og opphav?) og f. ##### (fødestaden hennar?) i Kronobergs län i Sverige 23.3.1869, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1880. ##### (sjekka utvandringsåret hennar?) Ole og Emma slo seg ned som farmarar i Providence township, Lac qui parle Co., Minn., men vart skilde ##### (year of their divorce?) Emma vart buande i mange år i Providence township, Lac qui parle Co., Minn., men flytte sidan til Amarillo, Tx. der ho d. 22.7.1942. Ole gifte seg att i Moorhead, Minn. 25.10.1920 med Carrie ##### (middle name?) Smeston, f. ##### (date and place of her birth? – 27.6.1874? – MN by Norwegian parents! – hadde ho vore gift 1ste gong i Moorhead, MN 7.9.1898 med Edwin Clark?) Ole og Carrie vart buande i Moorhead, Clay Co., Minn. der Ole livnærte seg som kraftlagsarbeidar («power plant worker»). Men han vart sidan sjuk og flytte inn på ein sjukeheim i Fergus Falls, Otter tail Co., Minn. der han d. 6.9.1941. Carrie Larmore d. i Moorhead, Minn. 18.1.1945. Ole Larmore fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet: a. Ida Julia Larmore, f. i Lac qui parle Co., Minn. 27.12.1901, d. i Stockton, Cal. 26.12.1959. Ida gifte seg første gongen ##### (place of her 1st marriage?) 17.5.1941 med Lawrence Nicolai Lokken. Han var f. i Dane Co., Wis. 6.10.1894 og farma i Hamlin township, Lac qui parle Co., Minn., men d. i Dawson, Minn. 17.3.1949. Ida gifte seg so att ##### (date and place of her 2nd marriage? – 1953?) med Charles Ford, ##### (info?) Ida fekk ein son som var frå første ekteskapet. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Frå Amerika har eg fått opplyst at: Emilia Melvina Nordstrøm skal vera fødd på Kongsvinger 11.1.1887 ho gifte seg i Stevens Co., MN 23.11.1909 med Nils Jørgenson Hagen, fødd i Luster 1.1.1883 Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å finna ut: * Fullt norsk namn på jenta? * Dato og stad for fødsli hennar? * Utvandringsåret hennar? * Fulle namn på foreldri hennar med yrke, bustad og opphavi deira? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Ein annan svenske som eg har jobba med i mange år, er: John Hendrickson oppgjeven fødd i Sverige 1.8.1874 gift i Stevens Co., MN 4.1.1899 med Martha Anderson, fødd i Luster 10.7.1872 John var jarnbanearbeidar Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningar å finna ut: * Fullt svansk namn? * Dato og stad for fødsli hans? * Utvandringsåret hans? * Fulle namn på foreldri hans med yrke, bustad og opphavi deira? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Dette emnet handlar om ein slektning av meg som utvandra til Amerika i 1879. Eg jobba ganske hardt med å spora dei opp då eg var i Amerika i 1982, men eg greidde aldri å få kontakt med dei. Eg skreiv fleire gongar til Delbert Depew i Alameda, CA, men fekk ikkje noko svar... Det har særleg vore ei utfordring å finna ut av dei to siste ektemakane til Nettie Dove. Paul Schielke adopterte tydeleg dei to eldste sønene hennar, men må vera avliden før 1920, for Nettie vart kalla enkje då ho gifte seg tredje gongen same året (eg fann ikkje dette biletet på FamilySearch!): https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/61578/images/48279_555219-00063?treeid=&personid=&hintid=&queryId=8b83fce9005536645b0f468a38c364b2&usePUB=true&_phsrc=Nzx24346&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.218081938.580035780.1615160515-390650824.1612707015&pId=46992 Sonen Marvin Schielke er òg ei skikkeleg utfordring. Han var gift, men einaste kjelda som nemner kona hans, er FT1940 for Dunn Co., ND: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89M1-5JLB Og sonen Delbert W. Depew er ei anna utfordring! Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #10 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  12. Denne familiefaren, Iver Olson, opphavleg frå Veum nordre i Hafslo, gifte seg med ei odelsdotter på ein av storgardane på Rønnei i Luster, men det vert fortalt at han ikkje dugde som gardbrukar, og etter elleve år på garden hjelpte slekti til kona i 1872 med amerikabillett for å verta «kvitt» han! Han og kona Martha hadde mange born, derav fleire døtrer som skal ha butt i St. Paul, Ramsey Co., MN der nokre av dei skal ha vore lærarar. Men eg har store vanskar med å finna dei att, og no vonar eg at kanskje nokon kan hjelpa meg. Ei av utfordringane er tydeleg at dei nytta ulike ættenamn, Ronnei i ulike former (Runnie/Rounie), Everson og Iverson. Her er manuskriptet mitt for denne huslyden, størstedelen produsert på 1980-talet, men med nokre suppleringar: ~~~~~~~~~~~~~~ Iver Olson Rønnei, frå Veum nordre i Hafslo, var f. i Hafslo 27.1.1837 og gifte seg i Luster 14.5.1861 med Martha Olsdotter, dotter av føregåande brukar og herifrå garden, f. 30.11.1840. Iver fekk 3.6.1861 skøyte på heimebruket til kona her på Rønnei, og dei dreiv garden fram til 1872. Iver og Martha Ronnei utvandra til Amerika i 1872 og slo seg ned som farmarar i Albion township, Trempealeau Co., Wis. der Iver d. 3.5.1902. Martha Ronnei flytte straks til døtrene i St. Paul, Ramsey Co., Minn. der ho d. 23.8.1902. Dei fekk ni born i lag: ##### (1900 census Albion township, Trempealeau Co., WI shows Iver, Martha and daughter Mina: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120645_00270?usePUB=true&_phsrc=Nzx24097&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=64202009 a. Ingeborg, kjend som Emma Everson, f. i Luster 7.5.1862, utvandra til Amerika med foreldri i 1872 og d. i St. Paul, Minn. 30.5.1939. Emma gifte seg i St. Paul, Minn. 29.9.1884 med Michael John Shanahan, f. i Ramsey Co., Minn. 21.10.1862. Han d. i St. Paul, Minn. 13.3.1936. Michael Shanahan var skomakar («shoemaker»), og han og Emma budde levetidi ut i St. Paul, Ramsey Co., Minn. Dei fekk fire born i lag. b. Kirsti, kjend som Christine ##### (last name?) f. i Luster 15.12.1864, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1872, men flytte til St. Paul, Ramsey Co., Minn. der ho arbeidde som lærar («schoolteacher»). ##### (what became of her? – died single in St. Paul, MN about 1915?) c. Ingeborg Marie, kjend som Mary ##### (last name?) f. i Luster 29.10.1867, utvandra med foreldri til Amerika i 1872 og d. i St. Paul, Minn. ##### (date and place of her death? – about 1910?) Mary gifte seg ##### (date and place of her marriage?) med Charles Duke Buck, f. i Chicago, Ill. 14.8.1876. Han gifte seg sidan att, men d. i St. Paul, Minn. 4.11.1922. Charles Buck var kontormann («office clerk»), og han og Mary budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn. Dei var barnlause. ##### (very questionnable if this information is correct!?) d. Ole, kjend som Holly Rounie, f. i Luster 11.6.1871, utvandra òg til Amerika med foreldri i 1872 og d. i Jefferson Barracks, Mo. 29.1.1943. Han gifte seg ##### (date and place of his marriage? – 1902/1903?) med Ora E. ##### (middle name?) Gilleland, f. ##### (date and place of her birth? – IL Dec. 1883?) ##### (date and place of her death? – after 1910!) Holly var elektrikar og sidan maskinarbeidar og dampmontør («electrician, machinist and pipefitter»). Han og Ora budde ei tid i Milwaukee, Milwaukee Co., Wis., men flytte før 1910 til St. Louis, Mo. ##### (NB: death certificate says he was divorced! – year of this? – after 1910) Dei fekk ein son i lag, som d. kort etter fødsli. ##### (son Holly Jr. born in Milwaukee, WI May 4, 1903) e. Mina ##### (full name?) ##### (last name?) f. i Trempealeau Co., Wis.. ##### (exact date of her birth?) .11.1873, var restaurantarbeidar («restaurant worker») i St. Paul, Ramsey Co., Minn., men ##### (what became of her? – died single in St. Paul, MN about 1912?) f. Otis William Iverson, f. i Trempealeau Co., Wis. 13.5.1876, d. i Ione, Wash. 30.11.1943. Han gifte seg i Spokane, Wash. 4.11.1901 med Martha Mae Moon, f. i Otter tail Co., Minn. 16.12.1883. Ho d. i Spokane, Wash. 25.1.1971. Otis var ei tid sagbruksarbeidar («saw mill laborer») i Begland precinct, Stevens Co., Wash., men han og Martha flytte kring 1915 til Ione, Pend Oreille Co., Wash. der Otis var ferjeførar, fabrikkarbeidar og kraftverksarbeidar («river ferryman and pole yard worker and power and light laborer»). Som enkje gifte Martha seg att ##### (date and place of their marriage? – about 1950?) med enkjemannen Edward George Merrow, f. i Somerset Co., Me. 26.9.1883. Han d. 31.1.1961. Edward var snikkar («carpenter») og hadde vore gift to gongar før. Han og Martha budde òg i Ione, Pend Oreille Co., Wash. Martha fekk fem born, som alle var frå første ekteskapet med Otis, men Edward hadde òg ei dotter frå første ekteskapet sitt. g. Maggie ##### (full name?) Runnie, f. i Trempealeau Co., Wis. 2.6.1879, d. i Eau Claire, Wis. 15.3.1954. Maggie gifte seg i Trempealeau Co., Wis. 3.11.1900 med Sever A. Severson. Han var f. i Vernon Co., Wis. 10.8.1867 og d. i Trempealeau Co., Wis. 29.1.1938. Maggie og Sever farma i Albion township, Trempealeau Co., Wis. og fekk seks born i lag. h. Eva ##### (middle name and last name?) f. i Trempealeau Co., Wis. ##### (exact date of her birth?) .5.1883, flytte i ung alder til St. Paul, Ramsey Co., Minn. der ho arbeidde som lærar («school teacher»), ##### (what became of her? – died single in St. Paul, MN after 1910?) i. Oscar ##### (middle name?) Iverson, f. i Trempealeau Co., Wis. ##### (exact date of his birth? – 1886!?) ##### (drowned in the river near the farm in 1894 – 8 years old! – details?) NB: 1910 census: Mina and Eva Iverson living in the same house in St. Paul, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RJ4-98V ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Anton Olaus Johannesson, son av Johannes Tønnesson og Gjertina Olsdotter, gardbrukarar på Lindland i Sokndal, Rogaland og fødd der 29.6.1848: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000038972390 FT1865 syner huslyden framleis på Lindland: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038198001193 Anton Johnson gifte seg i Saratoga, Winona Co., MN 21.8.1877 med Christine Henderson (Hendrickson). Huslyden i FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YY8-SJX4 Huslyden i FT1900 (seier utvandra 1871): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-67HL-HZ Huslyden i FT1910 (seier utvandra 1867): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9T6Z-689 Huslyden i FT1920 (seier utvandra 1870): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RX8-JZ Huslyden i FT1930 (seier utvandra 1878): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHF-W6T Eg har blatt igjennomn utflyttingslistene for Sokndal frå 1866 til 1873, men finn ikkje spor etter Anton der. Finst det kan henda ei bygdebok eller lokal ekspertise som kan hjelpa meg finna dette utvandringsåret? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. Huslyden til Peder Olson Haugen hadde eg mykje arbeid med på 1980-talet i eit område der eg ikkje er altfor godt kjend, Otter tail Co., MN, men eg fann likevel ein god del opplysningar. I dag har eg greidd å supplera med ein del meir, men no står eg fast! * Svigersonen Hans O. Solum kom frå ein husmannsplass i Gran på Hadeland, som eg ikkje kan identifisera...? * Andre kona Thurid Gunderson Olson var enkje frå Noreg, men kvarifrå? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Peder Olson {Haugen}, f. {i Luster} 17.8.1832, Peder Haugen vart driftehandlar og gifte seg første gongen på Lesja 12.4.1864 med Kari Jespersdotter frå Løftingsmo på Lesja. Ho var dotter av gardbrukar Jesper Amundson på Løftingsmo og kona Ingeborg Olsdotter frå Brendjord og f. på Lesja 8.11.1842. Peder og Kari vart buande ei tid på Løftingsmo på Lesja, men i 1867 utvandra dei under namni Peter og Kari Haugen til Amerika. Dei busette seg på ein farm i Erhards Grove township, Otter tail Co., Minn. der Kari d. 7.5.1887. Peter gifte seg 12.10.1889 att i Otter tail Co., Minn. med enkja ##### (fullt norsk namn? – kalla Thurid Gunderson Olson – opphav?) Ho var dotter av ##### (fulle namn på foreldri hennar og yrke, bustad, opphav?) i Amerika kjend som Thurid Olson og f. ##### (fødestaden hennar? – sjekka datoen!?) 16.4.1844 ##### (hadde vore gift før i Noreg - oppl?) men utvandra til Amerika i 1888. ##### (sjekka utvandringi hennar?) Peter og Thurid vart buande på farmen hans i Erhards Grove, Otter tail Co., Minn. der Peter d. 31.8.1910. Thurid Haugen d. same staden 16.3.1917. Thurid hadde visstnok fire born frå første ekteskapet sitt. ##### (sjekka dette?) Peter Haugen fekk i alt tre born, to frå første ekteskapet og eitt med Thurid: a. Ingeborg P. Haugen, f. på Lesja 1.11.1864, utvandra til Amerika med foreldri sine i 1867 og d. i Clay Co., Minn. 28.11.1920. Ingeborg gifte seg i Otter rail Co., Minn. 21.5.1885 med Hans Andreas Olson frå ##### (kva gard i Gran, Hadeland er dette? – plassen Solum! https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0534&kenr=004&bnr=0129&lnr=000 i Amerika kjend som Hans O. Solum. Han var son av husmann Ole Hansson på Solum under ##### (kva gard?) opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen? – vigsli Gran 10.6.1862: https://media.digitalarkivet.no/view/8969/445 og kona Kari Andersdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og f. i Gran 3.12.1862. Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1868. ##### (sjekka utvandringsåret!?) og d. i Moorhead, Minn. 26.11.1954. Hans og Ingeborg Solum farma i Tansem township, Clay Co., Minn. og fekk elleve born i lag. b. Ole P. Olson, f. i ##### (place of his birth? – where in Minnesota?) 10.12.1869, d. ugift i Otter tail Co., Minn. 14.3.1888. c. Karen, kjend som Carrie Haugen, f. i Otter tail Co., Minn. 14.9.1890, d. i Fillmore Co., Minn. 24.12.1963. Carrie Haugen gifte seg i Otter tail Co., Minn. 26.3.1918 med Albert William Schulz. Han var f. i Fillmore Co., Minn. 26.3.1886 og d. i Spring Valley, Minn. 10.3.1972. Carrie og Albert Schulz farma i Bloomfield township, Fillmore Co., Minn. og fekk ein son i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  15. Andreas Schjeldrup Knutson Rønnei (1845-1940) var søskenbarn til ei av oldemødrene mine, og alt på 1970-talet vitja eg etterkomarar nær Moorhead, MN. Diverre var det sørgeleg lite dei visste om slekti; dei trudde sogar dei var av svensk avstamming(!); men noko fekk eg tak i undervegs, og meir er komme til sidan. Eg står elles ganske so «bom fast» når det gjeld sogene til døtrene Sadie med mann «Mr» Blank og Nora, som aldri ville fortelja slekti noko om første ekteskapet sitt! No er kanskje tidi kommi for å få litt betre oversyn over denne huslyden, og eg presenterer med dette eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #7 under Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  16. Eg freistar å finna opphavet til ein Ole Johnson som i Wisconsin gifte seg med Dorothy Davidson (1865-1900) med røter frå Luster i Sogn! Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt for denne huslyden der det kjem klart fram kva eg leiter etter...: ~~~~~~~~~~~~~~ Dorthea, kjend som Dorothy Davidson, f. i Buffalo Co., Wis. 6.3.1865, d. i Thief River Falls, Minn. 29.5.1900. Dorothy gifte seg i Eau Claire, Wis. 1.12.1884 med Ole Johnson ##### (foreldre Johan Johansen og Anna Iversen) og f. ##### (exact date and place of his birth?) .7.1863. Han utvandra til Amerika i ##### (year of his emigration?) og d. i Prince Albert, Sask. ?.3.1941. ##### (exact date of his death?) Ole Johnson var ei tid sagbruksarbeidar («saw mill laborer») i Thief River Falls, Pennington Co., Minn., men gifte seg att ##### (1905: mechanic laborer with new wife married Red Lake Co., MN Dec. 28, 1901 Johanna Olson, Norway 1858 and FIVE children!) og flytte kring 1906 til Prince Albert, Sask. der han livnærte seg som mekanikar («mechanic»). ##### (?Ole Johnson, widowed 1921, maskinist at The Pas, Nelson district, MB – immigrated 1908?) Dorothy og Ole fekk fire born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Den som eg tykkjer kjem nærast hjå FamilySerarch er denne «kandidaten» frå Hevne i Sør-Trøndelag, men eg veit ikkja kva de tykkjer: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW64-LZN Her er Ole Johnson i FT1895 med første kona Dorothy: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-X2M3-C23 Her er Ole Johnson i FT1900 som enkjemann, men med to svigerinner (Davidson) i huset: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-62VT-FF Her er Ole Johnson i FT1905 med andre kona Johanna: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSB7-M7M Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips kring opphavet til Ole Johnson!
  17. Dette er ein huslyd frå Luster som eg jobba ganske aktivt med då eg vitja Midt-Vesten i 1979 og 1982. Skilsmålspapiri til eldste dotteri Oline ligg lagra i Prairie du Chien, WI, og dei kunne fortelja om ein «lat og doven» andre ektemann Constantin Seaman som ikkje utførte so mykje som ein dags arbeid på farmen etter han vart «herre i huset»! Eg vitja òg etterkomarar i Worth Co., IA, men diverre var det mange detaljar dei ikkje kunne hjelpa meg med! Ein del detaljar har eg finne i ettertid, men ein god del manglar, og no vonar eg på hjelp til å finna fram til i alle fall ein del av desse? Kanskje svigersonen frå Rollag samt svigersonen frå Austfold kan sporast opp? Kanskje ranchar Charles Watson i Wyoming kan identifiserast? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #22 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden og ønskjer fortsatt Godt Nytt År!
  18. Denne huslyden har lege i snart 40 år på teiknebrettet mitt. Ein del opplysningar har eg greidd å finna undervegs, men eg står ganske so «bom fast» når det gjeld å identifisera: * Svigerdotter Anna Karine Thoreson frå Gjerdrum * Svigerson Søren N. Miller frå ?? * Lagnaden til svigerson Albert Hjortaas? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange kjempefine innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #22 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  19. Dette er ein person som eg vart merksam på først i aftes, og no lurer eg på om nokon kan hjelpa meg identifisera opphavet hans? Her er nokre fakta frå Minnesota: FT1880 - f. WI 1852: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBK-SSR FT1895 - f. WI 1850: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-D1KL-GJ FT1900 - f. WI Mar. 1850: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6SS7-XNM FT1905 - f. WI 1850: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSYD-JR1 FT1910 - f. WI 1850: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RJ1-C2V FT1920 - f. Noreg(!) 1848 - utv. 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRXG-CBH Dødsattest St. Paul, MN 1930 - f. 1848: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:Z8G4-X5T2 Innførsli frå FT1920 er den einaste som seier Knut var fødd i Noreg, men han budde i lag med ein nevø og ei niese som var fødde i Amerika, og nevøen er berre få år yngre enn han sjølv!! Greier nokon å identifisera denne Knut Holtan og opphavet hans? Huslyden ser for meg svært so «forvirrande» ut, men eg trur Knut O. Holtan må vera ein del av følgjande huslyd: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/26217711/person/26088983276/facts Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  20. Gjertrud Marie Samuelsdotter Raaum er ei jente frå Luster som eg har vore på leiting etter i minst 40 år. Kanskje det no omsider er på tide å finna ut meir om lagnaden hennar? Ho var fødd i Luster 20.7.1872 som dotter av dåverande kårmann Samuel Bugge Erikson Raaum (1805-1897) og tredje kona hans Ingeborg Olsdotter (1833-1910). So vidt me veit, nytta ho til dagleg namnet Maria (eller Mary) etter at ho i 1893 utvandra til Amerika. Då far hennar døydde i Luster i 1897, var ho busett i Starbuck, Pope Co., MN. Mori Ingeborg døydde under namnet Ingeborg Samuelson i Madison, Lac qui parle Co., MN 10.1.1910, men nokon liktale (obituary) for ho har eg ikkje finne. Ættenamnet til Gjertrud Marie kan ha vore anten Raaum eller Samuelson. Etterkomarar etter søskeni hennar fortalte meg på 1980-talet at «aunt Mary» frå Starbuck, Pope Co., MN skal ha flytt til Milam, Chippewa Co., MN, men at ho døydde under ein sjukehusoperasjon før 1945, truleg på sjukehuset i Appleton, Swift Co., MN. Eg har ingen opplysningar om at ho var gift! Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å finna ut: * Kva yrke ho hadde på ulike bustadar? * Kva dato og stad ho døydde? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  21. Sophia Andersdotter frå Nes i Luster (1844-1900) var ei jente eg jobba mykje med under vitjingi mi i Minnesota i 1982, og eg fekk bra med opplysningar om dei fleste borni hennar, men det var svært lite eg fekk av opplysningar om dei to døtrene, Bertha og Anna, som ho fekk før ekteskapet sitt med Halvor Gulbrandson «Brotten». Kanskje det let seg gjera no å finna ut litt meir om desse jentene? Eg saknar ogso ymse andre detaljar, som kanskje nokon kan hjelpa meg med? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter ei spennande oppdaging av Lars J. er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #3! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  22. Dette er ein huslyd som eg jobba mykje med på 1980-talet, og eg var godt nøgd med resultatet den gongen. Men, tidi har springe frå oss, og eg ønskjer å oppdatera manuskriptet mitt frå den gongen. Særleg er eg oppteken av lagnaden til yngste sonen Walter og kven desse konene til sonen Edward var? Eg vonar nokon kan hjelpa meg? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Rannei Johannesdotter Næss, f. {i Luster} 25.11.1867, Rose Ness utvandra til Amerika i 1885 og gifte seg i Lakota, N.D. 21.12.1891 med Louis Peter Norman. Han hadde svenske foreldre, men var sjølv f. i Dakota Co., Minn. 28.9.1869. Louis Norman var snikkar («carpenter»), og han og Rose busette seg i Jadis township, Roseau Co., Minn. Rose vart sjuk kort etter hundreårsskiftet og d. i Fergus Falls, Minn. 17.2.1908. Louis Norman farma so ei tid i Fielding, Sask., men flytte sidan til Lincoln, Lancaster Co., Neb. der han var smykkehandlar («jeweller»). ##### (1930: gas station salesman in Grant townshiup, Lancaster Co., NE) Han gifte seg 1.6.1932 att i Lincoln, Neb. med enkja Christine Catharine, kjend som Catharine Karlsdotter f. Hösch, opphavleg frå Fellbach i Württemberg, Tyskland, i Amerika kjend som Katie Hoesch. Ho var dotter av Karl Wilhelm Johannesson Hösch og kona Elisabeth Catharine Jacobsdotter f. Schuhr og f. i Fellbach, Württemberg 19.4.1877, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1883. ##### (sjekka utvandringsåret?) Ho gifte seg første gongen i Huntley, Neb. 6.4.1899 med Christian Henry Schluntz, f. i ##### (place of his birth? – NE) 6.4.1874. Dei farma i Turkey Creek precinct, Harlan Co., Neb. der Christian d. 27.10.1922. Louis og Katie vart buande i Lincoln, Lancaster Co., Neb. der Louis d. 1.3.1948. Katie gifte seg ein tredje gong ##### (date and place of her 3rd marriage? – Oct. 1948) med Frank Cushing ##### (info?) Dei flytte til Palisade, Mesa Co., Colo. der Katie d. 9.11.1957. Katie hadde åtte born frå første ekteskapet sitt, medan Louis hadde desse fem borni frå første ekteskapet sitt med Rose Ness: a. Ella May, kjend som Elinor Norman, f. i Roseau Co., Minn. 6.9.1893, d. i Karlstad, Minn. 26.10.1983. Ho gifte seg første gongen i Minneapolis, Minn. 1.11.1919 med William Nicolas Miller, f. i Hennepin Co., Minn. 9.4.1885. William var apotekar («drug chemist»), men d. ved eit ulukkeshende i Minneapolis, Minn. alt 7.11.1922. Elinor gifte seg so att i Ellendale, Minn. 4.4.1923 med Leslie James Howard. Han var f. i Hennepin Co., Minn. 24.9.1894 og d. i Minneapolis, Minn. 5.1.1947. Leslie var politioffiser («police officer»), og han og Elinor budde i Wyoming, Chisago Co., Minn. Elinor gifte seg so tredje gongen i Freeborn Co., Minn. 27.11.1947 med Robert James Knutson. Han var f. i Freeborn Co., Minn. 20.10.1889 og d. i Roseau, Minn. 9.1.1968. Robert var advokat («lawyer»). Han og Elinor budde først ei tid i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men flytte sidan til Roseau, Roseau Co., Minn. Elinor fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine. b. Joseph Edward, kjend som Edward Norman, f. i Roseau Co., Minn. 16.4.1895, flytte med faren til Fielding, Sask. og sidan vidare til Lincoln, Neb. der han d. 4.12.1965. Edward gifte seg første gongen i Lincoln, Neb. ##### (date of his marriage?) 1921 med Lavina Belle Fauth, f. i Lancaster Co., Neb. 27.1.1902. Ho d. i Lincoln, Neb. ##### (exact date of her death? – Feb. 1993? – son Vernon Edward Norman, f. 1921) Men dei vart skilde i ##### (year of their divorce? – after 1940! – she later remarried Murphy?) og Edward gifte seg ##### (date and place of his 2nd marriage?) att med Marie ##### (info on her?) Edward var mekanikar og urmakar («mechanic and watchmaker») og budde i Lincoln, Lancaster Co., Neb. levetidi ut. Han fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet. c. William Laurence Norman, f. i Roseau Co., Minn. 18.3.1897, flytte òg til Lincoln, Neb., men d. i Longmont, Colo. 8.6.1993. Han gifte seg i Lincoln, Neb. 27.8.1919 med Leta ##### (middle name?) Boyer. Ho var f. i Lancaster Co., Neb. 2.12.1900 og d. i Longmont, Colo. 26.8.1997. William Norman var dampingeniør og mekanikar («steam engineer and mechanic»). Han og Leta vart buande i Lincoln, Neb. til dei i 1950 flytte til Auburn, Neb. I 1962 flytte dei som pensjonistar til Longmont, Colo. Dei fekk fire born i lag. d. Ruth Lillian, kjend som Lillian Norman, f. i Roseau Co., Minn. 10.8.1899, voks opp hjå Albert Adamson i Watson, Chippewa Co., Minn. og d. i Milan, Minn. 18.12.1964. Ho gifte seg i Chippewa Co., Minn. 7.4.1920 med Selmer George Kittelson, f. i Chippewa Co., Minn. 1.9.1894. Han d. i Milan, Minn. 19.12.1990. Lillian og Selmer farma i Kragero township, Chippewa Co., Minn. og fekk sju born i lag. e. Walter ##### (middle name?) Norman, f. i Roseau Co., Minn. ##### (date of his birth? – 1901?) voks opp hjå Harry H. Smith i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men flytte sidan til Omaha, Neb. der han d. ugift ##### (date of his death? – 1925?) Walter var mekanikar («mechanic»). ~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  23. Eg har i mange år slite med å identifisera denne personen: Olaf P. NEWHOUSE, oppgjeven fødd i Noreg 26.5.1835 og gift som enkjemann i Minnesota kring 1875 med Maria Torstensdotter Barsness frå Sogndal (1847-1912). Dei budde i Swift og sidan i Pope Cos., MN der Olaf døydde 22.3.1899. Kan nokon hjelpa meg finna ut av følgjande: * Fullt norsk namn? * Dato stad for fødsli hans? * Utvandringsåret hans? * Dato og stad for vigsli hans med Maria Barsness? * Fulle namn på foreldri hans samt yrke? * Kvar var faren fødd/oppvaksen? * Kvar var mori fødd/oppvaksi? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  24. Eg har i mange år hatt denne utfordringi liggjande på teiknebordet moitt, men trur det må vera råd å finna ut av denne saki no: Eg fekk på 1980-talet opplyst om ektemaken til Ingrid Torstensdotter frå Barsnes i Sogndal (1845-1919) at han skulle heita: Nils Nilsson Hestmyr og skulle vera fødd i Lier 9.12.1846. I Amerika skreiv han seg Nels Anderson. Dei gifte seg i Swift Co., MN 12.3.1874, og Nels døydde i Swift Co., MN 25.5.1915. No finn eg i kyrkjeboki frå Lier følgjande fødsel: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000002255992 Denne Nils Andersson er fødd 9.12.1846 av innerst Anders Nilsson og kona Anna Helene Davidsdotter i Vestre Mehren eiget i Lier. Kan nokon med lokal kunnskap i Lier stadfesta: * Har eg finne rett person? * Forklaring på namnet Hestmyr? * Utvandringsåret til Nils? * Kva bustad og yrkestitel hadde foreldri? * Kvar var faren fødd/oppvaksen? * Kvar var mori fødd/oppvaksi? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  25. Huslyden til Martin Tollefson Næss arbeidde eg med for 35 år sidan, men utifrå den gongens kjelder greidde eg ikkje å komma særleg langt, særleg av di eg ikkje kunne finna dålevande etterkomarar i Amerika! Med nye tilgjengelege kjelder har eg greidd å finna svar på ein del spørsmål, men no står eg fast og vonar at nokon kan hjelpa meg komma vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette innlegget erstatta av eit nytt i innlegg #11 (sjå under) Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.