Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'minnesota'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

  1. Sophia Andersdotter frå Nes i Luster (1844-1900) var ei jente eg jobba mykje med under vitjingi mi i Minnesota i 1982, og eg fekk bra med opplysningar om dei fleste borni hennar, men det var svært lite eg fekk av opplysningar om dei to døtrene, Bertha og Anna, som ho fekk før ekteskapet sitt med Halvor Gulbrandson «Brotten». Kanskje det let seg gjera no å finna ut litt meir om desse jentene? Eg saknar ogso ymse andre detaljar, som kanskje nokon kan hjelpa meg med? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter ei spennande oppdaging av Lars J. er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #3! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ein huslyd som eg jobba mykje med på 1980-talet, og eg var godt nøgd med resultatet den gongen. Men, tidi har springe frå oss, og eg ønskjer å oppdatera manuskriptet mitt frå den gongen. Særleg er eg oppteken av lagnaden til yngste sonen Walter og kven desse konene til sonen Edward var? Eg vonar nokon kan hjelpa meg? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Rannei Johannesdotter Næss, f. {i Luster} 25.11.1867, Rose Ness utvandra til Amerika i 1885 og gifte seg i Lakota, N.D. 21.12.1891 med Louis Peter Norman. Han hadde svenske foreldre, men var sjølv f. i Dakota Co., Minn. 28.9.1869. Louis Norman var snikkar («carpenter»), og han og Rose busette seg i Jadis township, Roseau Co., Minn. Rose vart sjuk kort etter hundreårsskiftet og d. i Fergus Falls, Minn. 17.2.1908. Louis Norman farma so ei tid i Fielding, Sask., men flytte sidan til Lincoln, Lancaster Co., Neb. der han var smykkehandlar («jeweller»). ##### (1930: gas station salesman in Grant townshiup, Lancaster Co., NE) Han gifte seg 1.6.1932 att i Lincoln, Neb. med enkja Christine Catharine, kjend som Catharine Karlsdotter f. Hösch, opphavleg frå Fellbach i Württemberg, Tyskland, i Amerika kjend som Katie Hoesch. Ho var dotter av Karl Wilhelm Johannesson Hösch og kona Elisabeth Catharine Jacobsdotter f. Schuhr og f. i Fellbach, Württemberg 19.4.1877, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1883. ##### (sjekka utvandringsåret?) Ho gifte seg første gongen i Huntley, Neb. 6.4.1899 med Christian Henry Schluntz, f. i ##### (place of his birth? – NE) 6.4.1874. Dei farma i Turkey Creek precinct, Harlan Co., Neb. der Christian d. 27.10.1922. Louis og Katie vart buande i Lincoln, Lancaster Co., Neb. der Louis d. 1.3.1948. Katie gifte seg ein tredje gong ##### (date and place of her 3rd marriage? – Oct. 1948) med Frank Cushing ##### (info?) Dei flytte til Palisade, Mesa Co., Colo. der Katie d. 9.11.1957. Katie hadde åtte born frå første ekteskapet sitt, medan Louis hadde desse fem borni frå første ekteskapet sitt med Rose Ness: a. Ella May, kjend som Elinor Norman, f. i Roseau Co., Minn. 6.9.1893, d. i Karlstad, Minn. 26.10.1983. Ho gifte seg første gongen i Minneapolis, Minn. 1.11.1919 med William Nicolas Miller, f. i Hennepin Co., Minn. 9.4.1885. William var apotekar («drug chemist»), men d. ved eit ulukkeshende i Minneapolis, Minn. alt 7.11.1922. Elinor gifte seg so att i Ellendale, Minn. 4.4.1923 med Leslie James Howard. Han var f. i Hennepin Co., Minn. 24.9.1894 og d. i Minneapolis, Minn. 5.1.1947. Leslie var politioffiser («police officer»), og han og Elinor budde i Wyoming, Chisago Co., Minn. Elinor gifte seg so tredje gongen i Freeborn Co., Minn. 27.11.1947 med Robert James Knutson. Han var f. i Freeborn Co., Minn. 20.10.1889 og d. i Roseau, Minn. 9.1.1968. Robert var advokat («lawyer»). Han og Elinor budde først ei tid i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men flytte sidan til Roseau, Roseau Co., Minn. Elinor fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine. b. Joseph Edward, kjend som Edward Norman, f. i Roseau Co., Minn. 16.4.1895, flytte med faren til Fielding, Sask. og sidan vidare til Lincoln, Neb. der han d. 4.12.1965. Edward gifte seg første gongen i Lincoln, Neb. ##### (date of his marriage?) 1921 med Lavina Belle Fauth, f. i Lancaster Co., Neb. 27.1.1902. Ho d. i Lincoln, Neb. ##### (exact date of her death? – Feb. 1993? – son Vernon Edward Norman, f. 1921) Men dei vart skilde i ##### (year of their divorce? – after 1940! – she later remarried Murphy?) og Edward gifte seg ##### (date and place of his 2nd marriage?) att med Marie ##### (info on her?) Edward var mekanikar og urmakar («mechanic and watchmaker») og budde i Lincoln, Lancaster Co., Neb. levetidi ut. Han fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet. c. William Laurence Norman, f. i Roseau Co., Minn. 18.3.1897, flytte òg til Lincoln, Neb., men d. i Longmont, Colo. 8.6.1993. Han gifte seg i Lincoln, Neb. 27.8.1919 med Leta ##### (middle name?) Boyer. Ho var f. i Lancaster Co., Neb. 2.12.1900 og d. i Longmont, Colo. 26.8.1997. William Norman var dampingeniør og mekanikar («steam engineer and mechanic»). Han og Leta vart buande i Lincoln, Neb. til dei i 1950 flytte til Auburn, Neb. I 1962 flytte dei som pensjonistar til Longmont, Colo. Dei fekk fire born i lag. d. Ruth Lillian, kjend som Lillian Norman, f. i Roseau Co., Minn. 10.8.1899, voks opp hjå Albert Adamson i Watson, Chippewa Co., Minn. og d. i Milan, Minn. 18.12.1964. Ho gifte seg i Chippewa Co., Minn. 7.4.1920 med Selmer George Kittelson, f. i Chippewa Co., Minn. 1.9.1894. Han d. i Milan, Minn. 19.12.1990. Lillian og Selmer farma i Kragero township, Chippewa Co., Minn. og fekk sju born i lag. e. Walter ##### (middle name?) Norman, f. i Roseau Co., Minn. ##### (date of his birth? – 1901?) voks opp hjå Harry H. Smith i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men flytte sidan til Omaha, Neb. der han d. ugift ##### (date of his death? – 1925?) Walter var mekanikar («mechanic»). ~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Eg har i mange år hatt denne utfordringi liggjande på teiknebordet moitt, men trur det må vera råd å finna ut av denne saki no: Eg fekk på 1980-talet opplyst om ektemaken til Ingrid Torstensdotter frå Barsnes i Sogndal (1845-1919) at han skulle heita: Nils Nilsson Hestmyr og skulle vera fødd i Lier 9.12.1846. I Amerika skreiv han seg Nels Anderson. Dei gifte seg i Swift Co., MN 12.3.1874, og Nels døydde i Swift Co., MN 25.5.1915. No finn eg i kyrkjeboki frå Lier følgjande fødsel: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000002255992 Denne Nils Andersson er fødd 9.12.1846 av innerst Anders Nilsson og kona Anna Helene Davidsdotter i Vestre Mehren eiget i Lier. Kan nokon med lokal kunnskap i Lier stadfesta: * Har eg finne rett person? * Forklaring på namnet Hestmyr? * Utvandringsåret til Nils? * Kva bustad og yrkestitel hadde foreldri? * Kvar var faren fødd/oppvaksen? * Kvar var mori fødd/oppvaksi? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Eg har i mange år slite med å identifisera denne personen: Olaf P. NEWHOUSE, oppgjeven fødd i Noreg 26.5.1835 og gift som enkjemann i Minnesota kring 1875 med Maria Torstensdotter Barsness frå Sogndal (1847-1912). Dei budde i Swift og sidan i Pope Cos., MN der Olaf døydde 22.3.1899. Kan nokon hjelpa meg finna ut av følgjande: * Fullt norsk namn? * Dato stad for fødsli hans? * Utvandringsåret hans? * Dato og stad for vigsli hans med Maria Barsness? * Fulle namn på foreldri hans samt yrke? * Kvar var faren fødd/oppvaksen? * Kvar var mori fødd/oppvaksi? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Huslyden til Martin Tollefson Næss arbeidde eg med for 35 år sidan, men utifrå den gongens kjelder greidde eg ikkje å komma særleg langt, særleg av di eg ikkje kunne finna dålevande etterkomarar i Amerika! Med nye tilgjengelege kjelder har eg greidd å finna svar på ein del spørsmål, men no står eg fast og vonar at nokon kan hjelpa meg komma vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette innlegget erstatta av eit nytt i innlegg #11 (sjå under) Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Dette er ein huslyd som eg har vore på leiting etter i minst 35 år, og som eg so langt ikkje har greidd å finna skikkeleg ut av. Jente kom frå Luster i Sogn, men dei to ektemakane hennar skapar vanskar...! Kan nokon please hjelpa meg? Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt for Britha og mennene hennar: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Gjennom mange nye og spennande innlegg har eg no oppdatert dette manuskriptet, og ein ny versjon følgjer i innlegg #11 under Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til utfylling av desse detaljane!
  7. Eg freistar finna det agnatiske opphavet til mor mi, og i von om at ein eller annan har gjort ein DNA-analyse ser det ut til at ein av dei næraste greinene, er mannlege etterkomarar etter: Johan Christian Andersson, alias John C. IVERSON, son av Anders Iverson og Karen Kirstine Christiansdotter, i 1865 plassfolk på Utvedtbakken i Norderhov: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038084002734 Han var fødd på Hurum i Hole 26.1.1861, men utvandra til Amerika med foreldri sine kring 1866 og budde først i Fond du Lac Co., WI FT1870: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7163/images/4268459_00224?pId=8211520 Liktalen hennar frå Oshkosh, WI frå 1901 fortel oss at sonen John då budde i Glenwood, MN: https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/610392895:61843?indiv=try&o_vc=Record%3aOtherRecord&rhSource=7602 Og her finn me han att: FT1900: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120301_00109?pId=26887064 Han var tydeleg gift to gongar, første vigsli i Pope Co., MN 11.7.1887 med Amelia Benson: POPE C75 07/11/1887 IVERSON, JOHN BENSON, AMELIA Andre vigsli i Pope Co., MN 9.4.1900 med Mary Torguson: POPE E2 04/09/1900 IVERSON, JOHN C TORGUSON, MARY Meir ser eg ikkje til foreldri, og Orrin Iverson døydde i 1904. Berre sonen Hilmer Axel Iverson finn me att seinare som avliden 17.2.1950: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?dbid=60901&h=6619829&indiv=try&o_vc=Record:OtherRecord&rhSource=7884 Men kan henda var han ugift, sjå WW2 rec. frå 1942: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1002/images/44474_04_00015-00845?treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true&_ga=2.113040132.1632360155.1602372250-1442769865.1532627837&pId=17883140 Johan Christian hadde ein yngre bror Orin, fødd i Wisconsin kring 1871, men online family trees syner at han ikkje har agnatiske etterkomarar! So no vonare eg at einkvan kan hjelpa meg å eventuelt finna agnatisk etterslekt etter Hilmer Axel Iverson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Gunnhild Pedersdotter Høyeim (1848-1923) utvandra til Amerika i 1887 og gifte seg med snikkaren Reinert Nilsson Koldal (1863-1923) frå Egersund. Eg har aldri greidd å finna vigsli deira, og den norske bakgrunnen hans samt utvandringi er eit mysterium. Ogso kvar det vart av sonen som Gunnhild fekk i Luster er ei utfordring... Kanskje nokon kan hjelpa meg vidare? Her er siste versjon av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~ Gunnhild Pedersdotter {Høyeim}, f. {i Luster} 24.11.1848, Gunnilda Hoium utvandra til Amerika i 1887 og gifte seg ##### (date and place of her marriage? – FT1900 says 1893!?) med Reinert Nilsson frå Koldal i Egersund, Rogaland, i Amerika kjend som Reinert Nelson. Han var son av gardbrukar Nils Johnson på Koldal, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Helena Halvorsdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og f. i Egersund 1.10.1863. Han utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hans? – FT1900 og 1920 seier båe 1887!?) Reinert Nelson var snikkar («carpenter»), og han og Gunnilda budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn. Dei var to gonger på vitjing til Noreg, første gongen i 1904 og sidan i 1916. Reinert d. i St. Paul, Minn. 7.2.1923, medan Gunnilda Nelson d. same staden 7.8.1923. Dei fekk ingen born i lag. Men Gunnhild fekk ein son medan ho var busett i Luster: a. Henrik Christenson Høyum, son av Gunnhild og gardbrukar Christen Andreasson på Valde, Sandvik (bnr. 4) (1848-1934), var f. 28.12.1871. Henrik Hoyum, sidan kjend som Alfred Hoff (!), utvandra til Amerika i 1889 og budde lenge i lag med mori og stefaren i St. Paul, Ramsey Co., Minn. Sidan vart han visstnok sjuk, og me trur han er identisk med ein Andrew Hoff som frå 1909 var busett i Hastings, Dakota Co., Minn. og som der d. ugift 27.11.1925. ##### (stadfesting av desse opplysningane? - har eg finne «rett» person?) ~~~~~~~~~~~~~~ Her er huslyden på Koldal i Egersund 1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1116&kenr=004&bnr=0035&lnr=000 Her er innførsler i ymse folketeljingar frå St. Paul, MN: * 1895: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6S6Q-34P * 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-64G3-5JD * 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRX7-BGS Eg har ikkje finne dei korkje i FT1905 eller 1910. Kanskje nokon har betre auge enn eg? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Huslyden til husmann Jacob Janson på Salbuneset under garden Talle i Luster har vore ei kjempeutfordring sidan tidleg på 1980-talet. Med mange nye kjelder som er tilkomne sidan eg første gongen jobba med denne huslyden, har eg greid å løysa ein del «floker», men no har eg nådd «veggen»! Kanskje kan nokon sjå litt på denne huslyden og tipsa meg om mogelege tilleggsløysingar? Lat meg berre kort leggja til at dotteri Margretha og mannen Erik budde i Fillmore Co., MN til dei i 1886 flytte til Eddy Co., ND, utan at eg har finne nokon av dei to «forsvundne» borni der, Anna eller Jan! Når det gjeld Sina (Sitona?) Thompson, har ulike FT ulike utvandringsår, men alle er frå 1890-talet. Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Jacob Janson Talle, son av føregåande husmann og herifrå plassen, vart døypt 11.4.1816 og d. som husmann og enkjemann på Talle 2.11.1901. Jacob gifte seg første gongen i Luster 10.7.1851 med Kirstina Johnsdotter frå Berget under Fet i Hafslo. Ho var f. i Gulen 30.11.1825 og d. som husmanns­kone på Talle 5.5.1875. Jacob gifte seg so att 23.5.1879 med enkja Elisabeth Sørensdotter, opphavleg frå Vigdalen. Ho var f. 13.8.1823 og hadde før vore gift med gardbrukar og enkjemann Knut Ingebrigtson på Bringe (1804-1878). Elisabeth d. som husmannskone på Talle 31.3.1891. Jacob fekk alt 30.5.1843 feste på heimeplassen på Salbuneset mot kår til foreldri, og han vart siste husmannen her. Då han fall ifrå i 1901, vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden, men stovehuset vart sidan utleigt i mange år. Jacob i Neset fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet: 1. Johannes Jacobson, f. 18.9.1850, John Jacobson utvandra til Amerika i 1874 og budde nokre år i Fillmore Co., Minn., men gifte seg første gongen i St. Paul, Minn. 6.11.1882 med Anna Nilsdotter frå Møllarhaugen under Kvale, i Amerika kjend som Anna Nelson. Ho var f. i Luster 18.5.1863 og utvandra til Amerika i 1880. John Jacobson var ei tid barvert («saloon keeper») i Moorhead, Clay Co., Minn., men han og Anna flytte sidan til Barnesville, Clay Co., Minn. der John var jarnbanearbeidar («railroad worker»). Anna d. i Barnesville, Minn. alt 9.12.1892, og ##### (date and place of his 2nd marriage? - FT1900 says 1896!) gifte John gifte seg att med enkja ##### (original name from Norway? – opphavet hennar? – kalla Segtina i 1920!! – kanskje Sitona frå Sogn?) då kjend som Sina Thompson. Ho var dotter av ##### (foreldri hennar med yrke, bustad og opphav?) og f. ##### (fødestaden hennar? – sjekka datoen?) 15.12.1855 ##### (opplysningar om første ekteskapet hennar? – FT1910: she in 2nd marriage!) men utvandra til Amerika i 1891, ##### (sjekka utvandringsåret? – FT1900 says 1892!) John og Sina flytte til Churchs Ferry, Ramsey Co., N.D. der John var butikkmann («clerk»). ##### (FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6P63-2CN Sidan flytte dei til Leeds, Benson Co., N.D. der John var jarnbanearbeidar og sidan ingeniør ved lysverket («railroad worker and municipal light plant operating engineer»). ##### (FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRKC-LTT ##### (FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRXX-4PC ##### (FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRCM-ZNR Han d. i Leeds, N.D. 20.1.­1929, medan andre kona Sina d. i McVille, N.D. 26.10.1943. Me veit sikkert om tre born etter John Jacobson, og dei var alle frå første ekteskapet: ##### (more children who died in infancy? – FT1910 says about Sina: 1 child and one alive!) a. Julius Jacobson, f. i Clay Co., Minn. 8.10.1883, d. i San Diego, Cal. 19.11.1965. Han gifte seg i St. Paul, Minn. 5.11.1907 med Harriet Marie Porter. Ho var f. i Olmsted Co., Minn. 4.11.1884 og d. i Rochester, Minn. 15.4.1941. Julius og Harriet budde først ei tid i Alexander, McKenzie Co., N.D., men flytte kring 1920 til Rochester, Olmsted Co., Minn. der Julius var postfunksjonær og sidan hotellarbeidar («post office clerk and hotel clerk»). Han og Harriet fekk tre born i lag. b. Christie Jacobson, f. i Clay Co., Minn. 8.3.1886, d. i Clay Co., Minn. 9.5.1886. c. Annie Jacobson Hoium, f. i Clay Co., Minn. 8.4.1892, d. i Harbor City, Cal. 18.4.1978. Annie vart morlaus før ho var året gamal og vart kort etter hundreårsskiftet adoptert av husmannssonen Anders Jensson frå Trondviki under Høyeim (1845-1927) og kona hans. Ho voks såleis opp på ein farm i Parke township, Clay Co., Minn. og gifte seg i Clay Co., Minn. 29.10.1919 med Austin Benjamin, kjend som Bennie A. Trovaten, f. i Cass Co., N.D. 2.6.1894. Han d. i San Diego, Cal. 1.3.1967. Bennie var butikkbetjent og postfunksjonær («store clerk and postal clerk»), og han og Annie budde i Barnesville, Clay Co., Minn. Men dei vart separerte alt i 1924, og Annie livnærte seg sidan som fabrikkarbeidar («fac­tory worker»), frå 1943 i Long Beach, Los Angeles Co., Cal. Bennie flytte til California i 1939 og gifte seg ##### (date and place of his 2nd marriage? – in Arizona!) att med Irene Ann Eleanor Ackelbein. Ho var f. i Crawford Co., Ia. 8.11.1915 og d. i San Diego, Cal. 29.12.1978. Dei busette seg i San Diego, San Diego Co., Cal. der Bennie livnærte seg som flymekanikar («aircraft mechanic»), medan Irene var revisor («auditor»). Bennie fekk i alt fem born; av desse var ei dotter frå første ekteskapet med Annie Hoium. 2. Margretha Jacobsdotter (1853-1942), vart gift med hus­mannssonen Erik Nilsson frå Møllarhaugen under Kvale (1857-1924). 3. Anna Jacobsdotter, f. 8.11.1858, Anna Jacobson utvandra til Amerika i 1880, ##### (lagnaden hennar? – kvar vart ho av? – was never heard from again!) 4. Jan Jacobson, f. 23.7.1863, Jan Jacobson utvandra til Amerika i 1881, ##### (lagnaden hans? – søskeni trudde han var avliden då det i 1901 vart halde skifte etter faren i Luster!) ~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Denne huslyder dreier seg om to søsken frå Høyeimsvik i Luster som utvandra til Amerika og busette seg i det i all hovudsak skogkledde Crow Wing Co., MN. Ole var gift med ei jente som kalla seg Skibeli, og det var òg namnet til mann hennar Anna, men eg har so langt ikkje greidd å finna noko samband mellom dei. Skibeli-namnet stammar tydeleg frå Vest-Agder... Manuskriptet mitt for denne heller «innvikla» huslyden ser i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ Ole Olson {Høyeim}, f. {i Luster} 12.5.1870, Ole O. Hoium, Jr. utvandra til Amerika i 1890 og gifte seg i Crow Wing Co., Minn. 15.3.1897 med Anetta ##### (wife’s original Norwegian name? – Ole’s obit refers to her as Netta Skibli!!) ##### (wherefrom in Norway was she?) i Amerika kjend som Netta Pederson. Ho var dotter av ##### (Netta’s parents?) og f. i ##### (place of Netta’s birth? – where in Norway? – 1900 census suggests Nov. 1848 – 1905 census suggests 1852!! – 1895: Nettie Peterson (39), housekeeper for Tonnes Skibeli in Crow Wing Co., MN) 6.5.1841, men utvandra til Amerika i 1891. ##### (had Netta been married before? – info??) Ole og Nettie Hoium farma i Ideal township, Crow Wing Co., Minn. der Nettie d. 8.9.1907. Ole Hoium, Jr. flytte sidan til Pequot Lakes, Crow Wing Co., Minn. der han var arbeidar («laborer»). Han flytte i 1946 som pensjonist til Brainerd, Crow Wing Co., Minn. og sidan vidare til Walker, Cass Co., Minn. der han d. 8.8.1951. Han og Netta var barnlause. ~~~~~ Anna Olsdotter {Høyeim}, f. {i Luster} 13.2.1874, Anna O. Hoium utvandra til Amerika med foreldri i 1891 og gifte seg i Crow Wing Co., Minn. 15.3.1897 med enkjemannen Tønnes Ommundson, opphavleg frå Haughom i Bakke, Vest-Agder, i Amerika kjend som Tonnes O. Skibeli. Han var son av husmann Ommund Olson på ein plass under Haughom og kona Siri Torgrimsdotter frå Røyland i Fjotland og f. i Bakke 22.12.1851. Han gifte seg første gongen i Bakke 28.6.1871 med Anna Malene, kjend som Malena Tollaksdotter frå Rundås i Bakke. Ho var dotter av gardbrukar Tollak Nilsson på Rundås, opphavleg frå Espetveit, og kona Dortha Pedersdotter frå ##### (opphavet hennar? – f. Bakke 1804) og f. i Bakke 25.2.1838. Tønnes og Malena var gardbrukarar på Skibelid i Bakke i fleire år, men i 1880 utvandra mannen til Amerika. Malena fór etter til Amerika i 1881. ##### (place of residence of Tonnes and Malena in the US?? – apparently at Coon Prairie, Vernon Co., WI?) men Malena d. i Viroqua, Wis. 18.5.1890. Tonnes Skibeli flytte til Minnesota i 1894, og frå 1898 farma han og Anna i Ideal township, Crow Wing Co., Minn., men i 1913 flytte dei til Oslo, Marshall Co., Minn. der Tonnes var hotelleigar («hotel owner and operator»). Han d. i Oslo, Minn. 4.12.1915, og Anna gifte seg 23.5.1921 att i Thief River Falls, Minn. med Hubert B. ##### (middle name? – first name Herbert?) kjend som Bert Wilcox, f. i Lapeer Co., Mich. 26.4.1872. Han hadde vore gift to gongar før og hadde mellom anna farma i Ideal township, Crow Wing Co., Minn., men var skild. Bert og Anna slo seg ned som farmarar i Oak Park township, Marshall Co., Minn. der Anna d. 29.9.1945. Bert Wilcox d. på ein gamleheim i Warren, Minn. 22.8.1964. Tonnes fekk fem born i første ekteskapet sitt med Malena, medan Anna fekk desse fem borni, som alle var frå ekteskapet med Tonnes Skibeli: a. Clarence David Skibley, f. i Crow Wing Co., Minn. 28.7.1895, d. i Portland, Ore. 17.11.1961. Han gifte seg ##### (date and place of Clarence’s marriage? – 1919/1920! – Oslo, Marshall Co., MN??) med Sadie Margaret Krytzer, f. i Clay Co., Ind. 10.8.1895. Ho d. i Portland, Ore. 28.2.1980. Clarence var tømmerarbeidar («lumber yard worker»), medan Sadie var lærar («school teacher»). Dei budde ei tid i Hammond, Lake Co., Ind. og sidan i North Dakota, ##### (where in North Dakota did they reside?) men flytte i 1943 til Portland, Multnomah Co., Ore. Dei fekk to døtrer i lag. b. Oscar Theodore Skibeli, f. i Crow Wing Co., Minn. 20.3.1898, d. i Elgin, Ill. 30.3.1983. Oscar gifte seg i Oslo, Minn. 23.12.1919 med Ida Christina Grenlin. Ho var f. i Marshall Co., Minn. 11.8.1899 og d. i Elgin, Ill. 12.1.1990. Oscar var snikkar («carpenter»), og han og Ida budde i Oslo, Marshall Co., Minn., men flytte i ##### (year of removal from Oslo, MN to Elgin, IL? – between 1923 and 1930!) til Elgin, Kane Co., Ill. der Oscar livnærte seg som tømmerkøyrar og byggarbeidar («lumber company truck driver and construction worker»). Dei fekk to døtrer i lag. c. Emma Sophie Skibeli, f. i Crow Wing Co., Minn. 17.11.1899, d. i Oslo, Minn. 8.4.1978. Emma gifte seg i Oslo, Minn. 6.6.1919 med Gilbert Casper Tinnes, f. i Marshall Co., Minn. 17.9.1895. Han d. i Oslo, Minn. 23.1.1946. Gilbert og Emma Tinnes farma i Oak Park township, Marshall Co., Minn. og fekk to born i lag. d. Alma Theoline Skibeli, f. i Crow Wing Co., Minn. 20.4.1904, d. i Elgin, Ill. 16.5.1928. Alma gifte seg i Marshall Co., Minn. 8.8.1920 med Ole Emil Pederson, f. i Marshall Co., Minn. 6.9.1896. Han d. i Sacramento, Cal. 4.10.1981. ##### (Ole remarried a woman named Aurora who had 4 children!) ##### (Ole’s occupation and place of their residence? – apparenly a watch factory worker at Elgin, IL? – NB: 1930 census shows one Ole E. Pederson, 33 years old, born in Minnesota by Norwegian parents, widowed, machinist in a milk factory! – could this be him??) Dei fekk to born i lag. e. Gustav Arthur, kjend som Gust Skibley, f. i Crow Wing Co., Minn. 8.5.1910, d. ##### (place of Gust’s death? – Hampshire, Kane Co., IL?) 28.5.1973. Gust gifte seg i Warren, Minn. 6.12.1945 med Myretta Louise Wilson, f. i Walsh Co., N.D. 19.3.1922. Ho d. i Elgin, Ill. 14.8.2005. Gust var speditør («dray line owner and operator»), og han og Myretta budde i Elgin, Kane Co., Ill. Dei fekk fire born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for all hjelp eg kan få til å freista «klara opp» i denne huslyden!
  11. Utfordringi kring Erik Pederson Høyeim alias Erick P. Hoium, fødd i Luster 1864, har det vore jobba med sidan tidleg på 1980-talet. Eg har vore i kontakt med fleire etterkomarar som meiner å vita at Erik skal ha busett seg i Fargo, ND, men han var jarnbanearbeidar og kan godt ha vore ulike stadar på anleggsarbeid... Siste kjende bustad frå FT1910 var i Codington Co., SD. Kanskje finst det jarnbanekjelder som kan bidra med meir? Kanskje det vil dukka opp ein liktale (obituary) ein eller annan stad...? Eg manglar òg ein dødsdato for ein av sønene... PS: Erik må ikkje forvekslast med ein annan Erik Hoium som budde i Pope Co., MN. So vidt eg hugsar var han frå Fresvik i Sogn! Her følgjer eit oppdatert manuskript for «vår» Erik: ~~~~~~~~~~~~~ Erik Pederson {Høyeim}, f. {i Luster} 21.5.1864. Erick P. Hoium utvandra til Amerika i 1886 og gifte seg i Lac qui parle Co., Minn. 2.11.1894 med Anna Endresdotter frå Kleven, Leirmo (bnr. 2), i Amerika kjend som Anna Laremore. Ho var f. i Jostedalen 18.9.1865 og utvandra til Amerika i 1891. Erick var jarnbanearbeidar («railroad worker»), og han og Anna budde i Marietta, Lac qui parle Co., Minn. Men kring 1909 flytte Erick til South Shore, Codington Co., S.D., og ##### (1910 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9TXN-944S ##### (supposedly later resided in Fargo, Cass Co., ND – further info? – biography? – date and place of his death?) Anna Hoium vart buande i Marietta, Lac qui parle Co., Minn., men d. i Fergus Falls, Minn. 13.7.1957. Dei fekk åtte born i lag: a. Cora Hoium, f. i Lac qui parle Co., Minn. 1.7.1895, d. i Madison, Minn. 3.8.1979. Ho gifte seg i Lac qui parle Co., Minn. 26.11.1919 med Henry William Kostad, f. i Lac qui parle Co., Minn. 11.2.1896. Han d. i Madison, Minn. 17.11.1962. Cora og Henry farma i Maxwell township, Lac qui parle Co., Minn. og fekk fire born i lag. b. Edward Hoium, f. i Lac qui parle Co., Minn. 2.8.1897, d. i Madison, Wis. 5.1.1986. Edward gifte seg i Clear Lake, S.D. 1.7.1925 med Martha Helena Croymans. Ho var f. i Deuel Co., S.D. 11.1.1905 og d. i Dawson, Minn. 7.4.1994. Edward Hoium var jarnbanearbeidar («railroad worker»), og han og Martha budde i Marietta, Lac qui parle Co., Minn. Dei fekk elleve born i lag. c. George Hoium, f. i Lac qui parle Co., Minn. 12.4.1899, d. i Rolette, N.D. 31.8.1950. Han gifte seg i Lac qui parle Co., Minn. 8.2.1921 med Elizabeth Lucy Franz, f. i Hutchinson Co., S.D. 24.3.1898. Ho d. i Rolette, N.D. 24.8.1980. George og Elizabeth Hoium farma i Rice township, Rolette Co., N.D. og fekk seks born i lag. d. Effie Amalia Hoium, f. i Lac qui parle Co., Minn. 1.9.1900, d. i Rochester, Minn. 22.11.1969. Effie gifte seg i Miller, S.D. 23.2.1924 med Henry William Onken, f. i Whiteside Co., Ill. 6.6.1885. Han d. i Hot Springs, S.D. 1.11.1976. Effie og Henry Onken farma nær Highmore og Harold, Hyde Co., S.D. og fekk åtte born i lag. e. Thomas Hoium, f. i Lac qui parle Co., Minn. 19.7.1902, d. i Lac qui parle Co., Minn. ##### (exact date of Thomas’ death?) .3.1906. f. Anne Marie Hoium, f. i Lac qui parle Co., Minn. 13.10.1903, d. i Delta, Colo. 13.1.1999. Anne gifte seg første gongen i Telluride, Colo. 4.11.1927 med Charles Joseph Fancher. Han var f. i Silverton, San Juan Co., Colo. 15.10.1895 og d. i Kansas City, Ks. 4.2.1968. Anne var sjukepleiar («nurse»), medan Charles var gruvearbeidar («mine crusher operator and assayer»). Dei budde i Telluride, San Miguel Co., Colo., men vart skilde i 1946. Anne gifte seg att i Durango, Colo. 18.8.1950 med Alva Ray Adams. Han var f. i California Mesa, Delta Co., Colo. 8.2.1888 og d. i Cory, Colo. 4.11.1970. Alva Adams var ranchar («stockman»), og dei budde i Cory, Delta Co., Colo. Anne fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet. g. Thomas Hoium, f. i Lac qui parle Co., Minn. 4.6.1906, d. i Moorhead, Minn. 21.3.1937. Han gifte seg i Madison, Minn. 14.2.1928 med Christine Pauline Levang, f. i Marshall Co., Minn. 12.2.1909. Ho d. i Osakis, Minn. 24.4.2009. Thomas Hoium var mekanikar («mechanic»), og han og Christine budde i Moorhead, Clay Co., Minn. Som enkje gifte Christine seg 28.8.1943 att i Moorhead, Minn. med enkjemannen Leo Elroy Hart. Han var f. i Sac Co., Ia. 25.5.1896 og d. i Osakis, Minn. 19.3.1963. Han hadde før vore gift med Myrtle Lucille Dann. Leo var postbod («mail carrier»), og han og Christine budde i Fargo, Cass Co., N.D. til dei i 1951 flytte til Osakis, Todd Co., Minn. Christine fekk to døtrer, som båe var frå første ekteskapet hennar med Thomas Hoium, medan Leo Hart hadde fem born i første ekteskapet sitt. h. Oscar Hoium, f. i Lac qui parle Co., Minn. 29.6.1908, d. i Dawson, Minn. 26.6.1992. Oscar gifte seg i Canby, Minn. 24.12.1946 med Erma Maxine Shaw, f. i Lac qui parle Co., Minn. 30.9.1921. Ho d. i Dawson, Minn. 11.6.2009. Oscar var mekanikar («mechanic»), og han og Erma budde i Nassau, Lac qui parle Co., Minn. Dei fekk sju born i lag. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  12. Huslyden til Ole Larsson Stokkenes frå Luster i Sogn, i Amerika kjend som Ole L. Stockness, har eg hatt liggjande i ganske so «uferdig» stand sidan tidleg på 1980-talet. Ole og borni hans har eg bra «peiling» på, men kona Kari hadde minst fire born frå før, minst tre av dei fødde i Noreg, og til tross for at eg i dag har lukkast med å finna dei att i Amerika, manglar her ein god del detaljar, særleg frå Noreg, som eg no vonar at nokon kan hjelpa meg skaffa oversyn over? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Ole Larsson {Stokkenes}, f. {i Luster} 20.2.1863, Ole L. Stockness utvandra til Amerika ##### (utvandringsåret hans? – kring 1886/1887!?) og gifte seg i Pope Co., Minn. 7.11.1891 med Kari Svendsdotter frå Kleiven i Vågå, i Amerika kjend som Carrie Klevenberg. Ho var dotter av gardbrukar Svend Syverson på Kleiven, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Kari Johnsdotter frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) men f. på Dovre 26.2.1855. Ho utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hennar? – 1887/1888!?) Ole og Carrie Stockness farma dels i Burhamville township, Todd Co., Minn. og dels i Walden og New Prairie townships, Pope Co., Minn. Ole d. i Cyrus, Minn. 3.1.1911, medan Carrie Stockness d. i Minneapolis, Minn. 7.4.1939. Dei fekk fire born i lag; dessutan hadde Carrie fire born frå før: a. Ole Klevenberg, son av Kari ##### (barnefaren? – f. på Elvesæter 16.6.1875, d. same stad 4.3.1876 – detaljar?) b. Ole Sandvig, son av Kari Klevenberg og Ole Erlandson, ##### (kven var denne barnefaren?) var f. ##### (fødestaden hans? – i Gudbrandsdalen!?) 8.2.1878 og utvandra til Amerika med mori i ##### (utvandringsåret? – 1887/1888?) Han d. i Glenwood, Minn. 21.8.1944. Ole Sandvig gifte seg første gongen i Pope Co., Minn. 24.3.1901 med Anna Raaum, dotter av husmannssonen Ingebrigt Thomasson frå Samgrandane under Bollingberg. Ho var f. i Pope Co., Minn. 17.2.1883, men d. i Pope Co., Minn. alt 2.10.1919. Ole gifte seg so 22.11.1924 att i Pope Co., Minn. med enkja Sina Johansdotter Lindberg frå Lindberg i Trysil, i Amerika kjend som Sena Lindberg. Ho var dotter av gards- og skogsarbeidar Johan Albert Torgalson Lindberg på Lindberg og Ragnhild Olsdotter frå Åsen og f. i Trysil 1.9.1897, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1904. Ho d. i Cloquet, Minn. 1.2.1965. ##### (Sena gift første gongen Douglas Co., MN 15.6.1915 med Christopher Velde – fem born!) Ole og Anna farma i Nora township, Pope Co., Minn., men sidan var Ole arbeidar («laborer»), og han og Sena budde i Glenwood, Pope Co., Minn. Ole Sandvig fekk i alt fjorten born, ni frå første ekteskapet og fem frå det andre. Dessutan hadde Sena fem born frå første ekteskapet sitt. Mellom borni hans Ole var denne dotteri: - Ida Victoria Sandvig (1914-2004), vart gift med Eilert Norval, kjend som Norval Ronnei (1899-1981), son av husmannssonen Johannes Olson Rønnei frå Rønneisøyri under Rønnei (1864-1923) (s.d.). c. Kari, kjend som Carrie Larson, dotter av Kari og ##### (barnefaren Lars Larsson?) var f. ##### (Gudbrandsdalen eller Christiania?) 23.9.1881, utvandra til Amerika med mor si i ##### (utvandringsåret? – 1887/1888? – eller kom Kari først i 1898/1900?) og d. i Deary, Latah Co., ID 18.2.1976. ##### (death place to be verified? – Moscow? – obituary?) Carrie gifte seg i Todd Co., Minn. 19.4.1904 med John Quincy Adams, f. i Stearns Co., Minn. 11.6.1874. Han d. i Moscow, Idaho 18.3.1947. ##### (death place to be verified? – obituary?) Etter korte opphald i Burhamville township, Todd Co., Minn. og i Eureka, Jefferson Co., Mont. slo John og Carrie seg kring 1909 ned som farmarar i Bear Creek precinct, Latah Co., Idaho der dei vart buande levetidi ut. Dei fekk fem born i lag. d. Severina, kjend som Susie Stockness, ##### (daughter of Carrie og ??) var f. i Stearns Co., Minn 30.11.1888 og d. i Grand Rapids, Minn. 6.8.1933. Ho gifte seg i Morrison Co., Minn. 4.11.1903 med Clarence L. ##### (middle name?) Stith, f. i Wright Co., Minn. 20.8.1874. Han d. ##### (place of his death? – Todd Co., MN – obituary?) 1.12.1960. Clarence var ei tid byingeniør («city engineer») i Aberdeen, Brown Co., S.D., men farma sidan i Arthur township, Traverse Co., Minn. og deretter i Harris township, Itasca Co., Minn. Dei fekk tre born i lag. e. Mabel Caroline Stockness (1892-1949), vart gift med Martin Steen (1885-1960), son av gardbrukarsonen Ole Larsson frå Bringe (1844-1915) (s.d.). f. Louis Stockness, f. i Pope Co., Minn. 21.11.1893, d. i Minneapolis, Minn. 10.11.1970. Louis gifte seg i Pope Co., Minn. 11.10.1917 med Sophie Olivia Ronnei, sonedotter av gardbrukarsonen Johannes Larsson frå Rønnei (1835-1906). Sophie var f. i Pope Co., Minn. 11.5.1901 og d. i Anoka, Minn. 10.10.1987. Louis og Sophie farma først ei tid i Pope Co., Minn., men flytte sidan til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Louis var vedlikehalds­arbeidar («maintenance man»). Dei fekk fire born i lag. g. Alma Stockness, f. i Pope Co., Minn. 27.1.1895, d. i Long Prairie, Minn. 9.8.1981. Alma gifte seg i Todd Co., Minn. 12.5.1920 med Frank Joseph Gogolok, f. i Todd Co., Minn. 30.4.1893. Han d. i St. Paul, Minn. 18.4.1930. Frank Gogolok var slaktar («butch­er»), og han og Alma budde i Long Prairie, Todd Co., Minn. og i Perham, Otter tail Co., Minn. Dei fekk ein son i lag. h. Henry Stockness, f. i Todd Co., Minn. 20.3.1897, d. i St. Paul, Minn. 24.4.1964. Henry gifte seg i Pope Co., Minn. 29.12.1924 med Lillie Eleanora Elvester, f. i Pope Co., Minn. 17.10.1902. Ho d. i St. Paul, Minn. 5.3.1993. Henry Stockness var butikkmann («store salesman»), og han og Lillie budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn. Dei fekk tre born i lag. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til komplettering av denne biografien!
  13. Martha Eriksdotter Hagenes frå Luster budde lenge i Albert Lea, MN, men vart sidan gift med svensken Alfred Swanson, og dei dreiv hønsefarm i North St. Paul, MN. Kven var Alfred, og kva tid/kvar vart dei gifte? Her følgjer eit oppdatert manuskript for dette parfolket: ~~~~~~~~~~~~~ Martha Eriksdotter {Hagenes}, f. {i Luster} 3.4.1863, Martha Erickson utvandra til Amerika i lag med mor si i 1883 og budde ei tid i Freeborn Co., Minn. Sidan flytte ho til North St. Paul, Minn., og ho gifte seg ##### (date and place of her marriage? - about 1915!) med ##### (husband’s Swedish named and origin?) i Amerika kjend som Alfred Swanson. Han var son av ##### (full names of parents, occupation, origins?) og f. ##### (place of his birth? – where in Sweden? – check birth date?) 15.10.1864, men utvandra til Amerika i ##### (year of his emigration? – 1930 census suggests 1868!) Alfred og Martha var hønsefarmarar («chicken farmers»), men Alfred var òg vaktmeister ved ein skule («school janitor»). Dei budde i New Canada township, Ramsey Co., Minn. der Martha d. 3.2.1936. Alfred Swanson d. same staden 23.4.1942. Dei var barnlause. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. Dette er ei skikkeleg utfordring som eg har slite med i snart 40 år! Gunnhild Olsdotter Fortun eller Bolstad, dotter av Ole Torbjørnson (1783-1849) og Anna Samuelsdotter, plassfolk på Lovolden under Fortun i Luster, var fødd i Luster 28.8.1822. Gunnhild gifte seg i 1876 med enkjemannen Ole Knutson Kjødnes i Luster (1806-1877), men han døydde kort tid etter, og i 1882 utvandra Gunnhild som enkje til Amerika! Gunnhild fekk to døttrer: * Olina Olsdotter Bolstad, dotter av Gunnhild og husmann Ole Pederson på Øverland under Søvde i Fortun (1830-1903), var fødd i Luster 25.12.1851 og utvandra til Amerika i 1881 * Anna Olsdotter Bolstad, dotter av Gunnhild og husmann Ole Sjurson på Strondi under Fjøsne (1826-1895), var fødd i Luster 12.6.1858 og utvandra til Amerika med mor si i 1882 Anna er den einaste me kjenner lagnaden til i denne huslyden. Ho gifte seg i Mower Co., MN med tremenningen Ole Gabrielson «Gilbertson» og inngår i denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Cathrina Christensdotter Eide, stedotter av føregåande husmann, vart døypt 9.7.1817. Det ser ut til at Cathrina tok over styringi av denne plassen i Eidsbakken etter at stefaren fór til Amerika i 1856, men ho budde her ikkje lenger enn fram til 1861. Cathrine utvandra til Amerika i 1861 og tok ættenamnet Olson, uvisst av kva årsak. ##### (forklaring på namnet? – var ho kanskje ei «mail bride» - gift med ein Olson etter ho utvandra?) ##### (place of residence 1861-187? – in Wisconsin?) men flytte i 1870‑åri med sonen Ole til La Valley township, Lincoln Co., S.D. der dei farma. Cathrine flytte sidan inn til byen Canton, Lincoln Co., S.D. der ho d. ugift 8.2.1893. Før ho utvandra fekk Cathrina ein son: 1. Ole Gabrielson, son av Cathrina og husmann Erik Gabriel Rønlund, kjend som Gabriel Erikson på Drægnishaugen under Drægni (1820-1881), var f. 16.8.1845. Ole A. Gilbertson utvandra med mori til Amerika i 1861 og farma i lag med ho i La Valley township, Lincoln Co., S.D. men gifte seg so i Mower Co., Minn. 22.4.1886 med tremenningen Anna Olsdotter Bolstad frå Olaplassen under Kjøtnes, i Amerika kjend som Anna Bolstad. Ho var f. i Luster 12.6.1858 og utvandra til Amerika i 1882. Ole og Anna heldt nok fram ei tid som farmarar i La Valley township, Lincoln Co., S.D., men flytte i 1890‑åri inn til Canton, Lincoln Co., S.D. der Ole livnærte seg som arbeidar («laborer»). Anna Gilbertson d. i Canton, S.D. 23.10.1930, medan Ole d. same staden 30.7.1941. Dei fekk fire born i lag: ##### (sjekka om eldste dotteri var deira eller berre hennar?) a. Ghena Eunice Gilbertson, f. i Mower Co., Minn. 10.6.1882, ##### (birth year to be verified!? – 1883?) d. i Robbinsdale, Minn. 26.3.1976. Ghena gifte seg i Minneapolis, Minn. ##### (date and place of her marriage?) 1906 med Ralph Edgar Potter, f. ##### (date and place of his birth? – MN! Sep. 12, 1885?) ##### (date and place of his death?) Både Ghena og Ralph var sjukepleiarar («nurses»), og dei budde i St. Peter, Nicollet Co., Minn. og i Chicago, Cook Co. Ill. ##### (what happened after 1910? – Ghena back in Minneapolis, MN by 1919!) Dei fekk to søner i lag. b. Caroline Gilbertson, f. i Lincoln Co., S.D. 4.10.1886, ##### (info? - sjukepleiar («nurse») i Canton, S.D., sidan i Mitchell, S.D. – ugift 1945) c. Paul Christian kjend som Christian Gilbertson, f. i Lincoln Co., S.D. 29.8.1888, ##### (info? - mekanikar («mechanic») og budde heime med foreldri so lenge dei levde – d. etter 1941) d. Andrew Gilbertson, f. i Lincoln Co., S.D. 13.10.1890, d. ugift i Lincoln, Nebr. 1.9.1939. Andrew var bygningsarbeidar («construction worker») og budde heime med foreldri i Canton, Lincoln Co., S.D. ~~~~~~~~~~~~~~~ Men kvifor gifte dei seg i Mower Co., MN? Eg meiner å sjå grunnen; Gunnhild Olsdotter hadde tre søsken som alle utvandra til Amerika før ho: * Paul Olson (1826-1888), utvandra via Vågå til Iowa Co., WI * Kirsti «Christine» Olson (1829-1927), utvandra i 1862 og gifte seg med Johannes Skakson Hillestad frå Hafslo «John Start» (1816-1893), og dei farma òg i Iowa Co., WI, men flytte 1879 til Leroy township, Mower Co, MN! * Samuel Olson «Forthun» (1832-1903), utvandra i 1855 og busette seg òg som farmar i Leroy township, Mower Co., MN! I ljos av desse opplysningane er det vel ikkje so urimeleg å tru at ogso Gunnhild og eldste dotteri Olina kan ha utvandra til Mower Co., MN!? Eg ville sett kjempestor pris på om nokon ville sjå på denne huslyden og freista finna lagnadane til Gunnhild og Olina samt fylla inn ein og annan manglande detalj om Ole og Anna Gilbertson og huslyden deira!? Kanskje kan ein OBITUARY finnast for Anna Gilbertson frå 1930 som fortel om i alle fall søsteri Olina? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  15. Ingrid Christensdotter representerer ei gigantisk utfordring, som har lege utan resultat på skrivebordet mitt sidan 1980-talet. So greier nokon å løysa denne gåta, ville eg verta kjempeimponert! Ingrid Christensdotter Lerum var fødd i Luster 8.6.1846 og utvandra til Amerika i lag med fleire søsken i 1860. Dei fleste søskeni busette seg i Buffalo Co., WI, og der vil eg tru ogso Ingrid budde den første tidi. På eitt eller anna tidspunkt skal ho so ha gift seg med ein Yankee med namnet YATES, og ifølgje etterkomarar etter søskeni hennar, som eg snakka med i 1979/1982 skal dei ha busett seg i eller nær Crookston, Polk Co., MN der ein son med namnet Ed YATES sidan skal ha vore busett! Dette er alt eg so langt veit om denne jenta og lagnaden hennar, men eg krossar fingrer og têr og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  16. Huslyden til Iver Christenson Lerum frå Luster har lege på teiknebrettet hjå meg i over 35 år. Dei fleste opplysningane har eg fått tak i, mykje gjennom etterkomarar, men nokre av borni etter Iver har skapt ein del «hovudbry», og no vonar eg at nokon av desse kan komma «på plass»? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye fine opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  17. De tre brødrene Niels, Ole og Thore Olsen ble drept av indianere i Minnesota i 1862 - 64. De skal være født i Urnes i Sogn. Er det mulig å finne deres aner i Urnes ? Også familie i USA er av interesse. Mvh Ivar
  18. Eg er på leiting etter ei vigsle som skal ha finne stad i Minnesota kring 1893, men so langt utan hell. Reiste dei kanskje «out of state», kan henda til SD(?), for å ordna med denne vigsli? Ernest Charles CHRISTIAN fødd 18.11.1867 i Goodhue Co., MN - men oppvaksen i Lyon Co., MN Anna Marie URNESS fødd 12.6.1869 i Fillmore Co., MN - men oppvaksi i Pope Co., MN Parfolket budde først i Cottonwood, Lyon Co., MN, men flytte sidan til Brainerd, Crow Wing Co., MN. Dei fekk fem born i lag. Men det store spørsmålet gjeld altso ekteskapet deira! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  19. Eg syner i denne samanhangen til denne barnedåpen i Hurdal frå 20.1.1882: https://media.digitalarkivet.no/view/3082/39 Inga Josefine, fødd 6.1.1882 «uekte» av Ingrid Karine Nilsdotter Sørgarden (1864) og tenestegut Martin Andersson (1859), «nu i Amerika»! Våren same år utvandra Inga Josefine med mori og foreldri hennar til Amerika: https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000094509 So har me eit family tree hjå ancestry.com som syner at Martin R. A. Bjortomt skal vera fødd på Toten 2.2.1859: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/81375965/person/40569035650/facts Og her er foreldri Martin og Karine Bjortomt i FT1900 på ein farm i Beaver township, Fillmore Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6763-3TH Her er so fødsli til den Martin Andersson som family tree'et påstår skal heita Martin Andersson Bjortomt i Amerika, Martin, fødd Austre Toten 2.2.1859 av foreldri Anders Andreasson og Johanna Gundersdotter, plassfolk i Bergsjøbrenna under Fæstad på Toten: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000000205407 Her er huslyden på same stad i FT1865, men no er plassen komen til Vestre Toten: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0529&kenr=011&bnr=0100&lnr=000 Eg ser ikkje bort ifrå at dei i Amerika har finne fram til «rett» Martin, men kvar i all verdi har han då Bjørtomt-namnet ifrå? Bjørtomt er jo m.a. eit gardsnamn i Hurdal! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  20. Geni.com-profilen hans; https://www.geni.com/people/Bernt-Askevold/6000000112815658978 - han er bror til litografen Anders Madsen Askevold (1842-1901). Han var først gift med Karen Erickson: https://www.findagrave.com/memorial/171352275/karen-askevold - dei fekk ei dotter Ingeborg i 1885, men ho og mora døde kanskje begge ifm fødselen. - foreldra til Karen er oppgitt på FaG å vere Gunder E. Eriksen Odegaarden, 1822–1893 og Berit Fingalsdatter Odegaarden, 1824–1901. Deretter vart han gift med Ingeborg Olene Landsverk: https://www.findagrave.com/memorial/57792048/b-ingeborg-askevold - dei fekk to born som levde kun kort tid; https://www.findagrave.com/memorial/57792125/ingeborg-olava-askevold og https://www.findagrave.com/memorial/57792093/berrnt-askevold - foreldra hennes er oppgitt å vere John og Olava (Landsverk). Siste ekteskap må ha vore med ei Ella Johnson og dei fekk då sonen Gerhard Johannes Askevold (28 Feb 1898 Tracy, Lyon, Minnesota, USA - 18 Nov 1972 San Francisco) som vart gift med ei Violet. Ifølge https://leksikon.fylkesarkivet.no/article/9413330b-fc06-4410-80ac-302dfaa62bf5/ så døde Ella i 1909. Er det mogeleg å finne ut kven Violet var og om dei hadde born? Litt meir info om familien til Anders Madsen Askevold; https://lists.rootsweb.com/hyperkitty/list/il-chicago-norwegians.rootsweb.com/thread/29547392/
  21. Hei. Jeg holder på med å gå gjennom mitt familietre. Ser at jeg har gjort mange feil i begynnelsen, som å ikke notere kilder. Jeg har søkt gjennom arkivet og ikke funnet at jeg har spurt om dette før. Jeg leter etter Julius Martin Olsen f. 1846 i Eidsvoll av foreldre Ole Torgersen og Anne Mathea Johannesdatter. Følgende opplysninger har jeg: Konfirmert i oktober 1861 i Langset ihht http://genealogi.no/militaere/konfirmerte-kommunikanter-i-eidsvoll-og-langset-1820-1880/test/assets/common/downloads/Konfirmerte kommunikanter i Eidsvoll og Langset 1820-1880.pdf FT1865 : https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038024004607 FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052052001573 Utflytting 20.04.1887 : https://www.digitalarkivet.no/kb20060512020194 Utreise fra Norge 22.04.1887: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000001007065 Passasjerliste fra Qubec, Canada mai 1887 fra Ancestry (ikke abo lenger) http://interactive.ancestry.com/1263/e003546739/440716?backurl=http%3A%2F%2Fsearch.ancestry.com%2Fcgi-bin%2Fsse.dll%3FMS_AdvCB%3D1%26rank%3D1%26new%3D1%26MSAV%3D2%26msT%3D1%26gss%3Dangs-c%26gsfn%3Djonette%26gsfn_x%3D1%26gsln%3Dols*%26gsln_x%3D1%26msady%3D1887%26msady_x%3D1%26cpxt%3D0%26uidh%3Dp0a%26cp%3D0%26pcat%3D40%26h%3D440716%26db%3DCanadianPL%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D1&ssrc&backlabel=ReturnRecord En dødsdato jeg ikke vet hvor jeg har funnet: 28.07.189, 3027 18th Ave., Minneapolis, om denne stemmer vet jeg ikke. Julius Martin reiser sammen med sin kone Berte Jonette Larsdatter f. 1843 i Eidsvoll. De giftet seg 03.01.1871 i Eidsvoll Kirke: https://www.digitalarkivet.no/kb20060313011189 De får barna Laura Martine i 1871, Anton i 1873, Bernt i 1875, Ole i 1878, Johan i 1881, d. 1884, Martin i 1881, d. 1882, Marte Marie i 1883, Julie i 1886, d. 1886, Mina i 1886, d. 1886 Barn som reiser sammen med foreldrene er: Laura Martine, Anton, Bernt, Ole og Marte Marie. Julius Martins bror Laurits Olsen Wangen reiser samtidig, sammen med kone Anne Marie Olavsdatter og sønn Ole: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000001007059 Noen som kan hjelpe meg med å finne flere opplysninger om Julius Martin og hva som skjedde med han? Jeg har ikke funnet ut hva som skjer med Berte Jonette. Det er noen tre på MyHeritage som sier hun døde i Eidsvoll den 03.01.1903, men jeg har ikke funnet henne. Håper noen kan hjelpe meg med opplysninger om disse to til å begynne med. Helst opplysninger som ligger fritt på nettet 😉
  22. Anna M. Peterson stod brur i Hauges Evangelical Lutheran church i Windom, MN 19.10.1890 då ho gifte seg med Ole Andersson Havreberg «Haverberg» frå Luster. Fødestad, alder eller foreldre er ikkje oppgjevne: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_315007-00305?pid=450996&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D450996%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx17678%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx17678&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.124867209.2053247276.1568908615-1442769865.1532627837 I 1900 er Anna 29 år - fødd i juli 187.: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6SS7-N4K I 1905 er Anna 34 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSYS-1NP I 1910 er Anna 39 år - utvandra 1890: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVC-8HS I 1920 er Anna 49 år - utvandra 1889: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RFS-PX9 I 1930 er Anna 58 år - utvandra 1889: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRCN-K4D I 1940 er Anna 69 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9M1-7CYJ Her er so dødsattesten hennar frå 27.8.1941 med oppgjeven fødselsdato 27.7.1873: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6QX7-G1N Er det mogeleg utifrå desse opplysningane å finna ut: ** Fullt norsk namn? ** Date og stad for fødsli hennar? ** Namni på foreldri hennar med yrke, bustad og opphav? Eg trur at korrekt fødselsår skal vera 1870 eller 1871, men kven var ho? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  23. Dette er ein huslyd med utgongspunkt på Kroken i Luster og på Lærdalsøyri i Lærdal, som eg sleit veldig med på 1980-talet. Eg var i kontakt med slektningar i 1983, og dei gav meg det meste av dei opplysningane eg har. Noko er kome til sidan, men no har eg nådd «veggen» og kjem ikkje lenger. Særleg er eg oppteken av å identifisera andre kona Else og lagnadane til dei tre eldste borni frå første ekteskapet. Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Britha Larsdotter {Krogen}, f. {i Luster} 3.12.1854, Britha Larson utvandra til Amerika i 1880 og gifte seg ##### (date and place of her marriage? - 1880?) Ole Ingebrigtson frå Lærdalsøyri i Lærdal, i Amerika kjend som Ole Ingebretson. Han var son av postførar og landhandlar Ingebrigt Christopherson på Lærdalsøyri og kona Ragnhild Olsdotter, òg frå Lærdalsøyri og f. i Lærdal 2.7.1854, men utvandra til Amerika òg til Amerika i 1880. Ole Ingebretson var skreddar («tailor»), og han og Britha budde for det meste i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. Men Britha d. ##### (date and place of her death? - 1889?) og i 1900 finn me Ole som enkjemann busett i Sauk Centre, Stearns Co., Minn. Han gifte seg so att ##### (place of his 2nd marriage?) 12.11.1907 med Elsa Evensdotter frå ##### (opphavet hennar?) i Amerika kjend som Elisa Olson. Ho var dotter av ##### (foreldri hennar? - Even Olson og ??) og var f. ##### (fødestaden hennar? - Gudbrandsdalen?) 2.7.1854, same dag som mann sin, og utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hennar?) og hadde før vore gift med gardbrukarson og enkjemann Johannes Larsson frå Rønnei i Luster (1835-1906) (s.d.). Ole og Elisa Ingebretson busette seg visstnok ##### (verify?) i Willmar, Kandiyohi Co., Minn. der Ole d. 13.9.1935. Elisa d. same staden 1.4.1943. Ole Ingebretson fekk fire born, og dei var alle frå første ekteskapet med Britha Larson: a. Ingvald Richard Ingebretson, f. i Hennepin Co., Minn. 6.8.1881, ##### (his destiny? - died young??) b. Berthina, kjend som Tena Ingebretson, f. i Pope Co., Minn. 21.7.1883, ##### (with father 1900 - her destiny? - «joined a circus and was never heard from again») c. Andrew Ingebretson, f. i Hennepin Co., Minn. ##### (date of his birth? - 1886?) var soldat i første verdskrigen («WW1 soldier») og sette livet til på slagmarki. ##### (date and place of his death?) Han var ugift. d. Olaf Louis Ingebretson, sidan kjend som Olaf Louis Dahley, var f. i Hennepin Co., Minn. 5.6.1889, men vart adoptert av ein huslyd Dahley i Fargo, Cass Co., N.D. då mori gjekk bort kort etter han var fødd. Olaf d. i Fargo, N.D. 18.11.1976. Han gifte seg i Clay Co., Minn. 12.3.1915 med Emma Josephine Ellefson. Ho var f. i Griggs Co., N.D. 11.3.1892 og d. ##### (place of her death?) 2.11.1990. Olaf Dahley var brannmann («fireman»), og han og Emma budde i Fargo, Cass Co., N.D. Dei fekk tre born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  24. Martinus Bottolfson var fødd på Flikki i Luster i 1859 og utvandra til Amerika i 1881. Han gifte seg med ei nabojente frå Luster, men ho døydde i barselseng med andre barnet deira, uvisst kvar, og Martin flytte til Chicago, IL. Det var i si tid kontakt med dotteri etter Martinus, og slekti har fortalt at ho voks opp i North Dakota hjå ein huslyd Nelson, men sidan flytte ho som sjukepleiar til Denver, CO, og slekti miste kontakten med ho! Dette er MANGE år sidan... No ønskjer eg å ta opp att tråden her i Brukarforum, og eg har finne ein del opplysningar om Bernard Botelson, son hans Martinus. Eit oppdatert manuskript for denne huslyden ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange interessante og nyttige innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #21 under! Det hadde vore svært so kjekt å finna ut av kva som skjedde med første kona hans Martinus og dotteri deira. Dessutan, kven var andre kona hans? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  25. Dette er ein huslyd som eg hadde god kontakt med då eg første gongen arbeidde med soga deira på 1980-talet. Særleg hugsar eg at ein av etterkomararne (barneborni) fortalte meg dei hadde hatt storopprydning etter at eitt av søskeni (borni) døydde på 1950-talet, og der gjekk ein bråte med gamle brev på bålet!!! Vel, eg har no freista finna ut meir om dei to søskeni som utvandra til Amerika og har lukkast langt på veg, men ei stor utfordring er å finna ut kven den tysk-norske svigersonen John C. Wilson kan ha vore? Og kanskje like vanskeleg, den svenske svigerdotteri Nettie Nelson. Men den største utfordringi er truleg svigerdotteri Mathilda...? No vonar eg på eksperthjelp frå Brukarforum og legg fram eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Kirstina Ellingsdotter {Talle}, f. {i Luster} 5.5.1838, Christine Ellingsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 26.6.1864 gifte seg med Peder Haagenson frå Navarsete i Sogndal, ein son av gardbrukardotteri Britha Pedersdotter frå Kvam nedre i Hafslo (1816-1899), i Bergen kjend som Peder Haakonsen. Han var f. i Sogndal 16.7.1841. Peder var ei tid dagarbeidar i Bergen, men vart sidan stuert. Han og Christine budde mange år i Fjeldgaten i Bergen, men flytte sist i 1870-åri inn i eit nytt hus som dei då bygde i Torden­skjoldsgaten. Peder d. der 18.1.1896, medan Christine Haakonsen d. same staden 23.4.1908. Dei fekk åtte born i lag: a. Johanna Andrea Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 14.8.­1862, d. i Bergen 7.4.1863. b. Johanna Andrea, kjend som Hannah Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 5.6.1864, utvandra til Amerika i 1883 ##### (sjekka utvandringsåret?) og gifte seg i Minneapolis, Minn. 17.1.1891 med ##### (norsk namn og opphav?) i Amerika kjend som John C. Wilson. Han var son av ##### (foreldri med yrke, bustad og opphav? - faren skal vera TYSK av fødsel - jmf. dødsattest - mori norsk) og f. ##### (fødestaden hans? - fødselsår 1860?) 30.5.1858, men utvandra til Amerika i 1878 ##### (sjekka utvandringsåret?) John var ei tid maskinist («machinist») i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men han og Hannah vart sidan fruktfarmarar i Greenwood township, Hennepin Co., Minn. der John d. 28.7.1934. Hannah Wilson d. same staden 25.1.1938. Dei var barnlause. c. Karen Berentine Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 19.7.1866, d. i Bergen 3.12.1868. d. Haakon Theodor Pederson Haakonsen, kjend som Hawkin Hawkenson, f. i Bergen 13.4.1869, utvandra til Amerika i 1887 og gifte seg første gongen i Minneapolis, Minn. 9.1.1896 med ##### (svensk namn og opphav?) i Amerika kjend som Nettie Nelson. Ho var dotter av ##### (foreldri hennar med yrke, bustad og opphav?) og f. ##### (fødestaden hennar? - i Sverige!) 19.9.1870, men utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hennar? - 1886?) Hawkin var køyrekar og sidan prenteverksarbeidar («teamster and printer's stockman»), og han og Nettie budde levetidi ut i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Nettie d. 27.4.1930. Hawkin gifte seg att ##### (ei Mathilda levde att som enkje etter Hawkin i 1937! - kven var ho??) men so d. Hawkin i Minneapolis, Minn. 27.7.1937, medan Mathilda ##### (lagnaden hennar?) Hawkin fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine. e. Henrik Johan Pederson Haakonsen, f. i Bergen 9.7.1871, d. i Bergen 11.5.1952. Han gifte seg i Bergen 5.12.1897 med Othilie Marie Andreasdotter Ludvigsen frå Bergen, f. i Bergen 8.10.1875. Ho d. i Bergen 19.11.1952. Henrik Haakonsen var typograf, og han og Othilie budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk sju born i lag. f. Eilert Johan Pederson Haakonsen, f. i Bergen 1.9.1873, d. i Bergen 25.8.1922. Han gifte seg i Bergen 21.3.1897 med Kristine Hansine Martine Hansdotter Olsen frå Bergen. Ho var f. i Bergen 23.4.1876 og d. i Bergen 29.4.1958. Etter mange år som enkje gifte ho seg att ##### (dato og stad for denne vigsli? - kring 1936) med Annanias Johannes Johannessen frå ##### (opphavet hans?) Han var f. ##### (fødestaden hans?) 30.1.1874 og d. i Bergen 28.8.1955. Eilert Haakonsen var først sjømann og sidan fabrikkarbeidar i Bergen, medan Annanias Johannessen var bakar. Huslyden budde i Bergen levetidi ut. Kristine fekk i alt sju born, alle frå første ekteskapet med Eilert Haakonsen. g. Peder Christian Pederson Haakonsen, f. i Bergen 21.12.1875, d. i Bergen 24.2.1954. Han gifte seg i Bergen 28.11.1903 med Anna Katrine Johannesdotter Larsen frå Bergen, f. i Bergen 13.2.1880. Ho d. i Bergen 13.11.1964. Peder Christian Haakonsen var snikkarsvein og arbeidde på ein pianofabrikk i mange år. Han og Anna budde i Bergen levetidi ut og fekk fem born i lag. h. Henriette Sofie Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 8.6.1881, d. ugift i Bergen 2.8.1906. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.