Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'minnesota'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

  1. Det vert fortalt at medan to av brørne reiste til California i 1848 for å grava gull der, flytte Tøger Talle i staden til Australia i same ærend. Men eventyret i Australia varte ikkje so lenge, og i 1854 vart Tøger Talle kjend som grunnleggjaren av det norske settlementet i Wanamingo township, Goodhue Co., MN. Denne soga er det skrive mykje om, men mindre er det skrive om huslyden hans. Eg har samla mykje om konene hans, men kvar det vart av den første, er eit mysterium. Me trur ho døydde i Australia før Tøger fór til Amerika.... Andre kona var frå Norderhov på Ringerike , og ho skal ha vore «kolera-enkje» då ho vart kjend og gift med Tøger i 1855. Ei utfordring i huslyden hennar er opphavet til svigerdotteri Sigvor Olsdotter, som eg vonar nokon greier å finna ut av. Dette er ein svært so «spesiell» huslyd, som eg trur vil interessera mange. Her følgjer et oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Tøger Nitter Nilsson Talle, son av føregåande brukar og herifrå garden, var f. 8.1.1809 og fekk 9.9.1835 skøyte på heimebruket hjå foreldri. Han dreiv garden fram til 1846, og 9.4.1847 gifte han seg i Årstad ved Bergen med Eli Aamunds­dotter frå Haugen under Berge i Dale, f. 16.8.1818.­ Toege Talla fekk i 1847 attest hjå soknepresten for å utvandra til Amerika. Han og Ellen kom heller aldri attende til Luster, men i staden for å dra til Amerika, skal dei vera farne til Australia der Toege var gullgravar («gold miner»). Ellen Talla må vera avlidi kring 1850, ##### (probably died in Australia - details?) og snart etter reiste Toege vidare til Amerika. I 1854 drog han i lag med broren Henry og to av søstrene deira til Minnesota, og same året grunnla dei ein norsk nybyggjarkoloni i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. Toege gifte seg att i Goodhue Co., Minn. 27.6.1855 med enkja Olea Olsdotter, opphavleg frå Sørgefoss i Norderhov, då kjend som Olena Gulbrandson. Ho var dotter av ##### (sjekka om dette opphavet stemmer?) gardbrukar Ole Thoreson på Sørgefoss, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Mari Henriksdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Norderhov 12.3.­1813. Ho gifte seg første gongen i Norderhov 19.7.1837 med Nils Gulbrandson frå Kvernebergsundet ##### (plass under kva gard? - nær Hønefoss?) i Norderhov. Han var son av ##### (husmann?) Gulbrand Nilsson på Kvernebergsundet, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Martha Engebretsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og vart døypt i Norderhov 26.12.1812. Nels og Olena Gulbrandson utvandra til Amerika i 1851, men Nels skal vera avliden av kolera på veg til Goodhue Co., Minn. i 1854. ##### (details on this?) Toege og Olena heldt fram som farmarar i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. der Toege d. 11.11.1888. Olena Talle vart buande nokre år på farmen som enkje, men flytte so med yngste sonen til Fairview township, Cowley Co., Ks. der ho d. 29.6.1900. So vidt me veit, var første ekteskapet til Toege Talla barnlaust, ##### (to be verified?) men Olena fekk i alt fem born, fire frå første ekteskapet med Nels Gul­brandson og eitt frå det siste med Toege: a. Gulbrand Nelson, f. på plassen Sundet under Øvre Tandberg i Norderhov 22.9.1837, utvandra til Amerika med foreldri i 1851. Han flytte med mori til Goodhue Co., Minn. og gifte seg i Red Wing, Minn. 24.5.1859 med Sigvor Olsdotter frå ##### (det norske opphavet hennar?) i Amerika kjend som Sigvor Olson. Ho var dotter av ##### (foreldri hennar med yrke, bustad og opphav?) og f. i ##### (fødestaden hennar?) 23.9.1836, men utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hennar? - 1846 or 1857?) Gulbrand og Sigvor Nelson farma ei tid i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn., men flytte sist i 1880-åri til ein farm i Baker township, Kingsbury Co., S.D. og sidan vidare til ein farm i Ortley township, Roberts Co., S.D. der Gulbrand d. 21.12.1908. Sigvor Nelson d. same staden 20.3.1911. Dei fekk fjorten born i lag, mellom anna desse tre døtrene: - Inger Olina, kjend som Olina Nelson (1860-1894), vart gift med gardbrukarsonen Johannes Jensson frå Kvam øvre i Hafslo (1857-1944) (s.d.). - Anna Marie Nelson (1862-1954), vart gift med Peder, kjend som Peter O. Yngsdal (1865-1925), son av innerst Ole Pederson frå Kvam øvre i Hafslo (1818-1901) (s.d.). - Nette Gurine Nelson (1866-1901), vart gift med Christopher Nitter Lilleskov (1864-1942), son av gardbrukarsonen Jan Johannes­son frå Lilleskog i Hafslo (1833-1896) (s.d.). b. Martha Marie Nelson, f. i Norderhov 11.9.1839, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1851, men skal vera avlidi i same koleraepidemien som tok livet til faren i 1854. ##### (to be verified?) c. Ole Nelson, f. i Norderhov 2.1.1845, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - Norderhov før 1851?) d. Dortha Nelson, f. i Norderhov 6.11.1849, utvandra til Amerika med foreldri i 1851, men skal liksom faren vera avlidi i koleraepidemien i 1854. ##### (to be verified?) e. Nels T. Talla, f. i Goodhue Co., Minn. 13.4.1857, d. i Ninnekah, Grady Co., Okla. 13.10.1930. Nels Talla gifte seg i Goodhue Co., Minn. 16.5.1877 med Johanna O. Sage, dotter av husmannssonen Ole Erikson frå Sage under Dale (1824-1874). Ho var f. i Goodhue Co., Minn. 11.2.­1860, og d. i Chickasha, Okla. 8.10.1930, fem dagar før mann sin. Nels og Johanna tok først over heimefarmen hans i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn., men i 1893 selde dei og flytte til ein farm i Fairview township, Cowley Co., Ks. I 1909 flytte dei vidare til ein ranch i Clarksville, Red River Co., Tx., og endeleg flytte dei i 1916 til ein farm nær Ninnekah, Grady Co., Okla. Me lyt leggja til at Nels Talla var postmeister («postmaster») i Ninnekah, Okla. i mange år. Han og Johanna fekk femten born lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Denne huslyden arbeidde eg første gongen med tidleg på 1980-talet, men det var ikkje so mykje eg fekk greie på. Ein av brørne var gift og hadde to søner, men «stakk av» frå kone og born. Om lag på same tidi forsvann ogso hin broren etter at han hadde butt i same nabolaget i Wisconsin. Først i nyare tid, etter at WW1 drafti og andre kjelder er vortne tilgjengelege, har me greidd å spora den eine broren i alle fall eit stykke på veg... Når det gjeld søsteri Thea, var det ingen i Noreg som visste at ho hadde vore gift to gongar, og denne første mann hennar, Theodore Anderson, er ikkje so heilt lett å identifisera... No vonar eg på lite vetta bistand i Brukarforum for å komma vidare med denne huslyden. Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande og nyttige innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #8 under: Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Dette er ein huslyd som eg først vart merksam på for nokre år sidan, men som ikkje vart teken med den gongen eg skreiv om foreldri i Luster, av den enkle grunn at denne eldste sonen av Haaver Jørgenson og Ingeborg Olsdotter på Talle i Luster ikkje flytte med foreldri frå Vang til Luster. Ikkje desto mindre ønskjer eg no å samla ein del opplysningar om dei, om eg berre hadde greidd å finna dei att... Her følgjer eit oppdatert manuskript med det eg veit so langt: ~~~~~~~~~~~~~~ Christopher Haaverson {Berge}, f. i Vang 24.9.1825, Christopher Haaverson flytte ikkje med far sin til Luster, men gifte seg i Vestre Slidre 17.6.1864 med Anna Tollefsdotter frå Jarstad i Vestre Slidre. Ho var dotter av husmann Tollef Helgeson på Jarstadmarki under Jarstad, opphavleg frå Nesja, og kona Anna Knutsdotter frå ein plass ##### (kva plass?) under Viste og f. i Vestre Slidre 5.5.1844. Parfolket budde ei kort tid som innerstfolk på Berge i Vang, men utvandra til Amerika i 1866. ##### (lagnad i Amerika? - resided 1870 as a laborer «Holverson» i St. Ansgar township, Mitchell Co., IA – still at St. Ansgar 1873 – shall also have lived near Carpenter, Mitchell (or Worth?) Co., Ia. in the 1870’s – 1885: farming in Warsaw township, Goodhue Co., MN - then «Christopher Hagen» with wife Ingeborg, born 1837) ##### (date and place of his death?) ##### (date and place of her death?) Dei fekk fire born i lag: ##### (sjekka at alle er medkomne?) a. Ingeborg, kjend som Emma Hoverson, f. i Vang 16.9.1864, ##### (nemnd 1873 - biography?) b. Anna Tonette Hoverson, f. i Mitchell Co., Ia. 15.10.1868, ##### (nemnd 1873 - biography?) c. Endre Olaus Hoverson, f. i Mitchell Co., Ia. 10.9.1870, ##### (nemnd 1873/1885 (Edw) – confirmed Vang, Dennison, MN 1885 - biography?) d. Christine Hoverson, f. i Mitchell Co., Ia. 27.1.1873, ##### (nemnd 1885 - confirmed Vang, Dennison, MN 1887 - biography?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg er ikkje overtydd om at dei har skrive seg for Hoverson. I 1885 står dei som Hagen, men om det er retningsgjevande, veit eg ikkje... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Dette er ein huslyd med tilknytting til Luster og Lindås som eg arbeidde med då eg hausten 1982 vitja m.a. Minnesota. Eg snakka med etterkomarar, og dei fortalte meg kva dei visste, No har eg konstatert at informantane mine ligg «under torvi», og eg har vanskar med å få tak i dei siste detaljane. Særleg er eg svært i stuss på kvifor eg ikkje kan finna spor etter Stina og Christopher Gjerde som utvandra frå Lindås so seint som i 1925 i retning Washington state!? No vonar eg på eksperthjelp til å løysa nokre av dei «flokene» som står att... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange interessante innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #15 under: Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Denne huslyden med utgongspunkt i Kroken i Luster forska eg på alt på 1980-talet, og eg hadde kontakt med etterkomarar som fortalte meg det dei den gongen visste. MEN, dei to gamle tantene Gurina og Martha hadde dei liten kunnskap om, og ikkje heller visste dei kvar bestemori Ingeborg var kommi frå i Noreg. Eg har no teke opp att studiane av denne huslyden, men kjem ikkje stort lenger... Ei anna utfordring her er at utvandringi til Nils Sjurson ikkje er innført i kyrkjebøkene for Luster, berre foreldri er nemnde i lista frå 1854. Kanskje reiste Nils med dei over? Heller ikkje broren Knut Sjurson kan eg sjå noko meir til. Finst det nokon stad tilgjengelege passasjerlister frå 1854 (Norwegian heritage?) som kan hjelpa oss på veg? Det hadde vore kjempegildt å kunna komplettera denne biografien...! Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Sjur Knutson Krogen, frå Tuftene under Kroken, var f. i Aurland 15.10.1797 og gifte seg første gongen i Hafslo 3.6.1823 med Mari Pedersdotter frå Veberg under Kroken i Hafslo. Ho vart døypt i Hafslo 15.2.1801, men d. som husmannskone på Veberg alt 7.12.1823. Sjur gifte seg so att her i Luster 7.6.1827 med Malena Nilsdotter frå Nes, f. 14.11.1803. Det var nok kring 1825 at Sjur rydda plassen her i Halvorskåri under Kroken, og han og Malena budde her fram til 1854. Då vart plassen nedlagd att, og jordi gjekk attende til garden. Sever og Malena Knudtson utvandra til Amerika i 1854 og var frå 1857 busette på ein farm hjå sonen Nels i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. der Sever d. 21.2.1884. Malena Knudtson d. i Goodhue Co., Minn. 15.6.1889. Sjur Knutson i Halvorskåri fekk i alt tre born; ei dotter var frå første ekteskapet, medan dei to sønene var med andre kona: 1. Kirsti Sjursdotter (1823-1886), vart gift med husmannssonen Peder Pederson frå Plassen i Kinserdalen under Urnes i Hafslo (1822-1901). 2. Knut Sjurson, f. 16.11.1828, vart konfirmert i Luster i 1843, ##### (lagnaden hans? - kan henda til Amerika??) 3. Nils Sjurson, f. 20.5.1831, Nels Severson, sidan kjend som Nels S. Krogen, utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret? - med foreldri i 1854??) og gifte seg ##### (date and place of his marriage? - MN 1861?) med Ingeborg Gundersdotter frå ##### (opphavet hennar?) i Amerika kjend som Ingeborg Gunderson. Ho var dotter av ##### (foreldri hennar? - «Gunder og Maren Roberg»!?) og f. ##### (fødestaden hennar?) 4.4.1836. Ho utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret?) Nels og Ingeborg Krogen slo seg ned som farmarar i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. der Nels d. 12.6.1900. Ingeborg Krogen d. same staden 18.4.1915. Dei fekk sju born i lag: a. Mary Krogen (1863-1916), vart gift med enkjemannen Johannes Johannesson, opphavleg husmannsson frå Smedhaugen under Valaker i Hafslo (1862-1945) (s.d.).b. Sivert Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 27.9.1864, d. i Goodhue Co., Minn. 4.8.1908. Han gifte seg ##### (date and place of their marriage?) med Oletta Marie, kjend som Lettie Huseth. Ho var f. i Stearns Co., Minn. 12.11.1863 og d. i Brooten, Minn. 6.5.1910. Sivert og Lettie Krogen farma i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. og fekk seks born i lag. c. Guri Marie, kjend som Gurina Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 10.12.1865, d. ##### (date and place of her death? - prior to 1915 - Dell Rapids, Minnehaha Co., SD!?) Gurina gifte seg ##### (date and place of her marriage?) med ##### («Mr. Anderson» - info on him?) ##### (occupation and place of residence? - apparently Dell Rapids, Minnehaha Co., SD) Dei var barnlause. ##### (to be verified?) d. Martin Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 3.12.1867, d. i Goodhue Co., Minn. 20.8.1868. e. Mathea, kjend som Martha Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 15.9.1870, d. ##### (date and place of her death?) Martha budde mange år heime i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn., men gifte seg ##### (date and place of her marriage? - about 1920?) med ##### («Mr. Christensen» - info on him?) ##### (occupation and place of residence? - supposedly Albert Lea, Freeborn Co., MN!) Dei var barnlause. f. Anna Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 24.8.1872, d. ##### (date of death? - shortly after birth!?) g. Anna Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 30.3.1874, d. i Goodhue Co., Minn. 5.7.1926. Ho gifte seg i Goodhue Co., Minn. 12.6.1903 med Johannes, kjend som John L. Kjos. Han var f. i Goodhue Co., Minn. 5.1.1873 og d. i Red Wing, Minn. 17.9.1940. Anna og John Kjos farma i Holden township, Goodhue Co., Minn., men John vart sidan vegarbeidar («highway maintenance worker»). Dei fekk seks born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Jacob Johnson døydde i Tacoma, WA 6.8.1970 og vert då oppgjeven fødd i Noreg 20.1.1883. Same fødselsdato kjem både på WW1 draftet og WW2 draftet. Han gifte seg i Minneapolis, MN 3.11.1911 med Caspara Pauline Haverberg, fødd i Jackson Co., MN 4.9.1891. Her er dei i FT1920 - utvandringsår for Jacob 1906: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RFS-PX9 Her er dei i FT1930 - utvandringsår for Jacob 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRCN-K4D Her er dei i FT1940: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9M1-7CYJ Truleg er Jacob her i FT1910 som ugift - utvandringsår 1905: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRV4-7TD Er det mogeleg å identifisera det norske opphavet til denne Jacob Johnson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Eg hadde store vanskar med å finna alle detaljane om denne huslyden alt då eg vitja Minnesota sommaren 1979. Mykje er komme til i ettertid, men langt ifrå alt. No har eg sete ei heile stund i dag for å oppsummera det eg veit, men no står eg fast og kjem ikkje lenger! Kanskje nokon kan sjå på dette med «friske» auge og hjelpa meg vidare på veg? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Andreas Christenson {Sørheim}, f. {i Luster} 28.9.1845, Andrew C. Serum utvandra til Amerika i lag med foreldri i 1862 og vart att der borte då foreldri flytte attende til Noreg året etter. Andrew gifte seg første gongen i Goodhue Co., Minn. 24.2.1866 med Maren Sørensdotter frå Hjermstad i Stange, i Amerika kjend som Mary Sorenson. Ho var dotter av gardbrukar Søren Larsson på Hjermstad søndre og kona Kirsti Ingebrigtsdotter frå Vethammer og f. i Stange 22.3.1844. Ho utvandra til Amerika med foreldri i 1850. Men Mary d. i Red Wing, Goodhue Co., Minn. ##### (exact date of her death? - about 1872) og 9.12.1875 gifte Andrew seg att i Jackson Co., Minn. med Rikka Sørensdotter, syster til første kona og likeins frå Hjermstad i Stange, i Amerika kjend som Rikka Sorenson. Ho var òg dotter av gardbrukar Søren Larsson på Hjermstad søndre og kona Kirsti Ingebrigtsdotter frå Vethammer og f. i Stange 29.4.1846. Også Rikka var med foreldri til Amerika i 1850, men ho d. i Jackson, Minn. 17.1.­1883, og 4.12.1883 gifte Andrew seg tredje gongen i Jackson Co., Minn. med Helena Pedersdotter frå Lonbakken i Ringsaker, i Amerika kjend som Helen Brekke. Ho var dotter av husmann Peder Johannesson på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Lonbakken, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Anna Svendsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Ringsa­ker 13.1.1857. Andrew og første kona Mary budde i Red Wing, Goodhue Co., Minn. der Andrew var salsagent («reaper salesman»). Med andre kona Rikka farma han ei tid i West Heron Lake township, Jackson Co., Minn., men Andrew Serum vart folkevald kommunefunk­sjonær («Jackson Co. abstracter and Register of Deeds»), og med siste kona Helen busette han seg i Jackson, Jackson Co., Minn. Andrew var ein tur heime på vitjing i 1884, men d. i Jackson, Minn. 16.11.1910, medan Helen Serum d. same staden 5.6.1927. Andrew Serum fekk i alt elleve born, to frå første ekteskapet, fire frå det andre og fem frå det siste: ##### (verify there were no other children?) a. Christen Andreas Serum, f. i Goodhue Co., Minn. 14.12.1866, d. i Goodhue Co., Minn. 10.4.1873. b. Mathilda Susanna Serum, f. i Goodhue Co., Minn. 26.3.1870, ##### (destiny? - died prior to 1880?) c. John Charles Mark Serum, f. i Jackson Co., Minn. 21.2.1877, ##### (listed 1880 - destiny? - Charles M. Serum buried Riverside cemetery, Jackson Co., MN 1883 - him?) d. Soren Albert Serum, f. i Jackson Co., Minn. 5.8.1879, d. i Jackson Co., Minn. 27.8.1879. e. Unemnd dotter, f. i Jackson Co., Minn. 11.10.1881, d. i Jackson Co., Minn. 14.10.1881. f. Unemnd dotter, f. i Jackson Co., Minn. 13.1.1883, d. i Jackson Co., Minn. 14.10.1883. g. Phillip R. ##### (middle name?) Serum, f. i Jackson Co., Minn. 12.2.1885, d. i Jackson Co., Minn. 6.3.1885. h. Phillip Capoli Serum, f. i Jackson Co., Minn. 22.2.1886, d. i Minneapolis, Minn. 26.3.1935. Han gifte seg ##### (date and place of his marriage? - after 1910/prior to 1918!) med Lilly Elizabeth Deibler, f. i Dakota Co., Minn. 4.1.1885. Ho d. i Minneapolis, Minn. 18.2.1925. Phillip Serum var jarnbanemaskinist («railroad engineer»), og han og Lilly budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. Dei fekk ei dotter i lag. i. Marie Amanda Serum, f. i Jackson Co., Minn. 18.3.1888, d. i Berkeley, Cal. 15.6.1964. Ho gifte seg i Walla Walla, Wash. 8.4.1917 med Matthew Dean Swift, f. i Storey Co., Nev. 26.11.1879. Han d. i Calistoga, Cal. 25.3.1954. Matthew var salsagent innan jarnvare («iron implements travelling salesman»), og han og Marie budde først i Portland, Multnomah Co., Ore. og sidan ei kort tid i Seattle, King Co., Wash., men flytte sist på 1920-talet til Berkeley, Alameda Co., Cal. Dei fekk tre søner i lag. j. Mark Milton Serrem, f. i Jackson Co., Minn. 26.10.1892, d. i Fort Sam Houston, Tx. 1.2.1967. Han gifte seg første gongen ##### (date and place of his 1st marriage? - about 1915?) med Edna ##### (middle name? - last name of 1st husband?) f. MacDonald, f. i Washington Co., Neb. 20.4.1882. Ho d. i Georgetown, S.C. 25.5.1963, men vart skild frå Mark i ##### (year of their divorce?) ##### (she had been married before and had two children whom Mark adopted! - lived 1926 at Troy, NY and 1931 at Metuchen, NJ!) So gifte Mark seg att i Texarkana, Ark. 7.6.1947 med Margaret M. ##### (middle name?) Cameron, f. i Aberdeen, Skotland 28.10.1903. Ho utvandra til Amerika i ##### (year of emigration? - born 1902!?) ##### (date and place of her death? - New York City, NY Aug. 14, 1956! - divorced?) So gifte Mark seg tredje gongen ##### (date and place of his 3rd marriage? - prior to 1960!) med enkja Virginia ##### (middle name?) Le Stourgeon, f. Price, f. ##### (place of her birth? - where in Medina Co.?) Tx. 4.1.1909. Ho d. i Claremont, Cal. 25.12.2005. Mark Serrem var yrkessoldat («U.S. Army Colonel») og budde ##### (details on residence? - 1926 Troy, NY - 1931 Metuchen, NJ - later Texarkana, AR and finally as retired (from 1951?) at San Antonio, Bexar Co., TX) ##### (number of sons and daughters? - adopted Edna's children: * Catherine Lucille «Lucile» Serrem, born Philippines Nov. 28, 1908 - died Bridgeport, CT Feb. 23, 1995 - married Franklin S. Paterson (1903-1992) of Greenwich, CT * Edward MacDonald Serrem, born Chicago, IL Aug. 25, 1911 Virginia had a daughter from her prevous marriage!) k. Reuben Gordon Serum, f. i Jackson Co., Minn. 7.6.1895, vart borte på sjøen ##### (date and place of his death? - Somerset, England?) 1949. Reuben gifte seg i Jackson, Minn. 3.1.1924 med Hilda Malina Lee, f. i Jackson Co., Minn. 26.4.1900. Ho d. i Jackson, Minn. 26.5.1949. Reuben Serum var elektrikar («telegraph lineman electrician»), og han og Hilda budde ei tid i Prentice, Price Co., Wis., men elles i Jackson, Jackson Co., Minn. Dei fekk fire born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Eg strevde ein del med denne ætti alt på 1980-talet og ogso kring 2001, men utan å komma nokon særleg veg. I kveld har eg nytta ein del meir tid på å få «orden» på denne huslyden, men eg er no komen til eit punkt der eg tydeleg har nådd «veggen», og eg vonar å lite vetta hjelp i Brukarforum til å komma vidare... Dette er ein «utypisk» ætt frå Luster som busette seg i eit gruvesamfunn i nordlege Michigan og sidan flytte vidare til gruvebyen Tower, St. Louis Co., MN. Eg har mellom anna ikkje vore i stand til å finna ein nøyaktig dødsdato for Christen sjølv, og dei to eldste sønene hans er fullstendig ukjende. Kanskje døydde dei i Bergen FØR foreldri utvandra i 1865? Det oppdaterte manuskriptet mitt ser pr. i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #15 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  9. Søvde-familiane frå Luster er talrike i Amerika, og eg vil denne gongen gjerne få henta fram Ole Christopherson Søvde, som ogso utvandra til St. Louis Co., MN, gifte seg der med Augusta Charlotte Enquist frå Värmland, som eg ikkje veit stort om i det heile. Dei hadde sju born. Eg korresponderte i 1980 med dotteri Emily Sovde i Duluth, MN, og ho fortalte meg kva ho visste, men svogeren James Claffey visste ho lite om... No vonar eg det let seg gjera å få litt hjelp frå kyndig hald for å komplettera denne biografien... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire nye innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #7 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Eg har sidan tidleg på 1980-talet freista å identifisera denne John Emerson som i Amerika gifte seg med Susanna Pedersdotter frå Luster og sidan med «Dora Johnson», som me ikkje veit so svært mykje om. Gravstøtta til John Emerson, som i amerikanske kyrkjebøker opptrer med namnet Johannes Einerson, var ifølgje gravstøtta hans i Elysian, Le Sueur Co., MN fødd 10.9.1835, og leiter me på FamilySearch, finn me berre EIN god «kandidat»: Johannes fødd i Haus 20.9.1835 som son av husmann Einer Larsson og kona Kari Johannesdotter - plassfolk i Haugsviken i Haus: https://media.digitalarkivet.no/view/11485/84 Og her er vigsli til foreldri: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000519638 Men eg har ikkje bygdebøkene frå Haus og kan ikkje få sjekka om denne Johannes i det heile er aktuell...!? Utvandra han og i so fall kva tid? Eg har ikkje greidd å finna nokon av dei to vigslene til Johannes «John Emerson» i Amerika, men kanskje nokon har betre auge enn eg? Identifikasjonen av Dora Johnson vert nok verre, men kanskje einkvan har eit godt tips om ho? Her følgjer eit oppdatert manuskript for Johannes og konene hans: ~~~~~~~~~~~~~~ Susanna Pedersdotter {Bringe}, f. {i Luster} 24.1.1835, Susan Bringe utvandra til Amerika i 1858 og gifte seg ##### (date and place of her marriage? - Minnesota? - 1861?) med Johannes Einerson frå ##### (opphavet hans?) i Amerika kjend som John Emerson. Han var son av ##### (foreldri?) ##### (dato og stad for fødsli hans? - 10.9.1835!?) men utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hans?) John og Susan Emerson slo seg ned som farmarar i Brush Creek township, Faribault Co., Minn., men vart skilde kring 1890, og John gifte seg att ##### (date and place of his 2nd marriage? - 1891?) med ##### (2nd wife's original name?) ##### (opphavet hennar i Noreg?) i Amerika kjend som Dora Johnson. Ho var dotter av ##### (foreldri hennar?) og f. ##### (fødestaden hennar?) 3.6.1864, men utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret?) John og Dora busette seg på ein farm i Elysian township, Le Sueur Co., Minn. der John d. 25.10.1894. Andre kona Dora gifte seg att fleire gongar og d. i Faribault, Minn. 2.1.1925. Susan Emerson vart buande på farmen i Brush Creek township, Faribault Co., Min. der ho d. 3.1.1905. John og Dora fekk ei dotter i lag, medan han i første ekteskapet med Susan Bringe fekk desse fire borni: ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Tidleg på 1980-talet intervjua eg norske etterkomarar etter Johannes Christenson (1819-1907) og kona Anna Monsdotter (1828-1881), som fram til garden deira vart seld på tvangsauksjon i 1880, hadde vore gardbrukarar på Kleivi, eit bruk av garden Søvde i Dale sokn i Luster. Dei kunne då fortelja meg følgjande om dei to sønene etter Johannes og Anna som tvandra til Amerika: * Christen Johannesson Søvde (Kleivi), fødd i Luster 17.4.1863, utvandra til Amerika i 1884, skal ha busett seg i Chicago, IL der han gifte seg, men kona døydde barnlaus, og Christen flytte som enkjemann til Minneapolis, MN der han skal vera avliden... * Christopher Johannesson Søvde (Kleivi), fødd i Luster 7.5.1868, utvandra til Amerika i 1889 og skal òg ha busett seg i Chicago, IL. Han gifte seg òg, og med kona som dei ikkje kjente namnet til, flytte han til Pomona, CA der dei båe døydde. Dei hadde ingen born. Når eg no etter so mange år freistar gripa tak i desse brørne att for å greia ut biografiane deira, råkar eg på skikkelege utfordringar: * Christen Johannesson Søvde ser eg absolutt ikkje noko til. Ei ekstra utfordring er det at me har fleire personar med same namn som òg hadde tilknytting til Luster, mellom anna ein Christen Christopherson Søvde (1865-1931) som attpåtil gifte seg i Chicago, IL i 1896 og budde der nokre år før han flytte til Washington state. Den einaste eg ser som KAN vera Christen Johannesson, er ein Christian J. SOVD som er nemnd «coachman» og innskriven i Minneapolis city directory frå 1894 busett på 2303 Park Avenue: https://www.ancestry.com/interactive/2469/13545871?pid=821215215&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2469%26h%3D821215215%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx11799%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx11799&_phstart=successSource&usePUBJs=true * Christopher Johannesson Søvde finn eg derimot att, men ikkje før i FT1910, og då er han gift med ei Agnes, og dei er alt komne til Pomona, Los Angeles Co., CA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVG-RM3 Her er dei òg i FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6X-9D2 og i FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR4F-N7Q I 1940 er Christopher vorten enkjemann: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89MT-F3F2 Hjå ancestry finn eg dessutan eit family tree som inneheld Christopher, og der går det fram at kona hans heitte Agnes Barbara Slebiska, og ho var fødd i Winneshiek Co., IA 20.1.1870 av «Bohemian« foreldre. Agnes var i 1900 framleis ugift, men då busett i Chicago, IL: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-68DV-YH Agnes Sovde døydde i Los Angeles Co., CA 26.12.1939, medan Christopher Sovde døydde same staden 16.7.1953. Dei store utfordringane i denne huslyden kan oppsummerast slik: ** Opplysningar om Christen Johannesson Søvde, fødd 1863, etter han utvandra i 1884? ** Dato og stad for vigsli til Chrístopher Søvde med Agnes Barbara Slebiska? Kan det tenkjast, sidan me ikkje ser noko som helst til Christen, og Christopher ikkje dukkar opp før i 1910 med ei noko «merkeleg» skrivemåte av namnet sitt (Sode?). at dei kan ha nytta eit anna namn i Amerika? Kanskje Kleven? Kanskje Johnson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse brørne?
  12. Med utgongspunkt i dette emnet frå 2016: https://forum.arkivverket.no/topic/205585-peder-aamundson-kilen-fødd-i-luster-1822-utvandra-1861-til-mcfarland-dane-co-wi-ei-dotter-er-finni-men-kvar-vart-det-av-dei-andre-seks-borni/?tab=comments#comment-1866912 ønskjer eg i kveld å ta opp til drøfting lagnaden til tredje dotteri i denne huslyden, Andrea alias Andrena Rasmussen, som på eit merkeleg vis har gøymt seg svært godt i Amerika. Det er ikkje stort som er komme til av opplysningar om denne jenta sidan hitt emnet var opp til drøfting, men eg vonar at me kanskje har lesarar av Brukarforum som kan «sjå» ei mogeleg betring av dette manuskriptet? Her følgjer eit oppdatert manuskript for Andrea «Andrena» Rasmussen: ~~~~~~~~~~~~~~~~~ Andrea Pedersdotter, f. 27.5.1852, Andrena Peterson utvandra med faren og stemori til Amerika i 1861 og gifte seg i Dane Co., Wis. 9.10.1872 med Anders Olson frå Gudvangen i Aurland, i Amerika kjend som Andrew O. Rasmussen. Han var son av husmann Ole Rasmusson på ein plass under Gudvangen, opphavleg frå Gurvin i Sogndal, og kona Anna Nilsdotter frå Nyborg i Fresvik, Leikanger og f. i Aurland 17.2.1849, men utvandra til Amerika i ##### (year of his emigration? – 1862?) Andrew og Andrena budde ei kort tid i Cottage Grove township, Dane Co., Wis., men kring 1874 flytte dei til Albert Lea, Freeborn Co., Minn. ##### (also lived elsewhere?) men flytte våren 1880 til Fargo, Cass Co, N.D. der Andrew livnærte seg som skomakar («shoemaker»). ##### (what happened later? – one Andrew Rasmuson aged 44, died in Fargo, ND May 16, 1881 and was buried in Riverside cemetery – there is also buried one Eddie Rasmuson aged 4, who died in Fargo, ND May 5, 1881 – Andrew and son Edward with wrong ages? – Andrew’s mother Anna still lived in Fargo, ND in 1890!) Me kjenner til fem born etter Andrew og Andrena: ##### (were there more children?) a. Angelina Malena, kjend som Lena Rasmussen, f. i Dane Co., Wis. 27.11.1872, ##### (listed 1880 – her destiny?) b. Olaus Bernhard Rasmussen, f. i Freeborn Co., Minn. 10.7.1874, d. i Freeborn Co., Minn. ##### (date of his death? – shortly after birth! – christened Clarks Grove!) c. Bernt Olaus, kjend som Bennie Rasmussen, f. i Freeborn Co., Minn. 5.8.1875, ##### (listed 1880 – lived Fargo, ND 1891 – later destiny?) d. Albert ##### (middle name?) Rasmussen, f. ##### (exact date and place of his birth? – MN 1877) ##### (listed 1880 – his destiny?) e. Edward ##### (middle name?) Rasmussen, f. ##### (exact date and place of his birth? – MN Sep. 1879) ##### (listed 1880 – his destiny?) ~~~~~~~~~~~~~~~~~ Alle gode tips vil gjera meg til ein lykkeleg person, og eg takkar so mykje på førehand!
  13. Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i mange år. Det dreier seg om Gjert Andersson Eide frå Luster, som i Amerika skreiv seg for Lee Anderson. Han gifte seg med Marie Louise Haugh frå Eidsvoll, men reiste sjølv heimatt til Luster og døydde der. Marie gifte seg so att med ein Carl «Charles» Moen, men han veit me ikkje noko om! Ogso utvandringsåret hennar er ukjent. Kanskje nokon ser ei løysing her? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange gode innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #8 under: Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  14. Denne huslyden skaffa meg mykje bry då eg første gongen jobba med dei tidleg på 1980-talet. Bortsett ifrå dei første åri, so budde dei i svært «unorske» naboskap, og borni gifte seg alle med «Yankees». Eg har i dag greidd å finna nokre detaljar om fleire av dei, men no står eg ganske so «bom fast» og vonar at nokon kan hjelpa meg vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  15. Huslyden til Olina Christensdotter Bringe frå Luster har vore og er eit stort mysterium. Ho døydde i samband med at yngste dotteri vart fødd i 1864, men dotteri voks opp og har truleg gift seg før far hennar med ny kone flytte frå Fillmore Co., MN til Houston Co., MN. Likevel finn eg ikkje sport etter ho nokon stad! Ogso FT1870 er noko underleg, for der er denne dotteri nemnd i lag med faren og stemori samt ein son Nils, fødd i Noreg kring 1855. Truleg er Nils ein son som stemori hadde med seg frå Noreg, men noko prov på dette har eg ikkje... https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6XSQ-5RY Det hadde vore skikkeleg moro om denne biografien kunne kompletterast. Kanskje finst det obituaries for Hans og andre kona som kan fortelja oss litt meir? Slik ser manuskriptet for denne huslyden ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~ Olina Christensdotter {Bringe}, f. {i Luster} 9.6.1828, Olena Christenson utvandra til Amerika i 1861 og gifte seg i Fillmore Co., Minn. 19.1.1862 med Hans Jensson frå Nornes i Sogndal, i Amerika kjend som Hans J. Norness. Han var son av ##### (yrkestitel?) Jens Hansson på Nornes, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Gjertrud Johnsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Sogndal 16.7.1820, men utvandra til Amerika i 1854. Olena og Hans farma i Arendahl township, Fillmore Co., Minn. der Olena d. etter barselseng ?.7.1864. Hans gifte seg 21.11.1865 att i Fillmore Co., Minn. med Martha Olsdotter frå Veum i Aurland, i Amerika kjend som Martha Olson. Ho var dotter av husmann Ole Bottolfson på ##### (ein plass, men kva plass?) under Veum, opphavleg frå Øyum, og kona Ingeborg Olsdotter frå Bjørgum og f. i Aurland 10.8.1822, men utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret? - 1863?) Hans og Martha Norness farma mange år i Arendahl township, Fillmore Co., Minn., men flytte kring 1890 til ein farm i Black Hammer township, Houston Co., Minn. der Hans d. 10.11.1900. Martha Norness d. same staden 31.10.1915. Hans fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Olena, men Martha hadde òg ein son frå før: a. Jens Norness, f. i Fillmore Co., Minn. 6.4.1863, ##### (not listed 1870/1880 - destiny?) b. Olena Johanna Norness, f. i Fillmore Co., Minn. 23.7.1864, ##### (listed 1880 - destiny?) c. Nels ... ##### (born Norway 1855? - Martha's son? - listed 1870 - destiny?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  16. Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i over 35 år utan å finna ei løysing på. Fire søsken frå garden Kolstad i Luster utvandra til Amerika mellom 1883 og 19??, men eg er ikkje i stand til å finna noko som helst om dei i Amerika. Kan dei ha endra namni sine (Hanson?)? Slekti deira i Noreg har aldri høyrt noko meir frå dei, so det hadde vore kjempebra om dei kunne finnast... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ 5. Christopher Hansson, f. 28.3.1861, Christopher Kolstad utvandra til Amerika i 1883, ##### (what became of him? - died young?) 7. Anna Hansdotter, f. 19.2.1865, Anna Kolstad utvandra til Amerika i 1891 og var sidan heime på vitjing i 1907. Ho var kokke («cook») og busette seg i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. Ho var ugift og d. ##### (date and place of her death? - after 1931 - not found MN) 8. Gunnhild Hansdotter, f. 1.6.1867, Gunnhild Kolstad utvandra til Amerika i 1891, ##### (what became of her? - died young?) 10. Hans Hansson, f. 23.3.1872, Hans Kolstad flytte i ung alder til Christiania ##### (budde der i 1901!) men utvandra til Amerika i ##### (year of emigration? - prior to 1914!) ##### (still living in the US 1923 - what became of him? - died in 1923?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  17. Ole Christenson Berge i Luster (1823-1910), òg kalla «Post-Ola», utvandra til Amerika i 1862 med kona Kari Pedersdotter (1826-1885). Dei slo seg ned som farmarar i Ridgeway township, Iowa Co., Wis. og skreiv seg med ættenamnet POAST - sidan forenkla til POST. Dødsdatoen til Ole Poast var 2.4.1910, og kanskje finst det ein obituary etter han? I dette emnet tek eg først for meg nesteldste sonen i denne huslyden, Peder alias Peter O. POST, som flytte til Lyon Co., MN, gifte seg og fekk ti born. Eg har freista plukka ut frå ancestry og familysearch det eg kan finna av opplysningar om Peter og kona og dei ti borni med ektemakar, men no møter eg «veggen». Eg kjem ikkje lenger, og eg vonar no at nokon kan hjelpa meg finna obituaries eller andre kjelder som kan bidra med biografiske opplysningar? Manuskriptet mitt ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar er dette manuskriptet oppdatert med eit nytt i innlegg #15 under! So hadde Peter Post tre yngre brør, som eg har vanskar med å finna ut noko meir om, men om dei skreiv seg POST eller OLSON, er usikkert: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Dette avsnittet er òg oppdatert i innlegg #15 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til å komplettera biografien til denne huslyden i Amerika!
  18. FT1865 for Nøkleberg på Austre Toten syner mellom anna desse huslydane: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0528&kenr=007&bnr=0082&lnr=000 Mellom innbuarane her er Karine Pedersdotter, som me finn att som fødd i Laeseiget på Austre Toten 2.6.1843: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008454068 Ifølgje FT1865 var foreldri då innerstfolk på Nøkleberg, Peder Christianson frå Vardal og Ragnhild Knutsdotter frå Nord-Aurdal. Ifølgje amerikanske kjelder skal Karine ha utvandra i 1873. Er det utifrå desse opplysningane mogeleg å finna svar på desse utfordringane: * Kva skal me rekna som «endeleg bustad» for Peder Christianson og Ragnhild Knutsdotter på Austre Toten? * Kva gard/plass hadde Peder Chrostianson opphavet sitt ifrå? * Kva gard/plass hadde Ragnhild Knutsdotter opphavet sitt ifrå? * Utvandringsåret for Karine Pedersdotter? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  19. Slik lyder eit (oppgradert) manuskript som eg forfatta for over 30 år sidan om denne huslyden frå Luster: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Dtter mange spennande og imponerande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #12 under! Dei store utfordringane her er å identifisera dei to norske konene til Andrew, kven dei var og kvar i Noreg dei kom ifrå! Til alt hell har me fødselsdatoane deira, om me då kan stola på dei... Eg har fånyttes i dag freista finna den første vigsli til Andrew Hoium i Amerika kring 1896, men har ikkje greidd det! Derimot fann eg huslyden i FT1900 Ramsey Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-62VG-35?i=13&cc=1325221 Her er dei i FT1910 Ramsey Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJX-9FF?i=18&cc=1727033 Her er dei i FT1920 i Ramsey Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRX2-LMS?i=28&cc=1488411 Her er dei i FT1930 Ramsey Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHF-9XZ?i=76&cc=1810731 Er det mogeleg med utgongspunkt i desse opplysningane å identifisera Dina og Olga? Og kva med første vigsli til Andrew? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  20. Prøver jeg å finne noen som utvandret 30 mai 1888 fra Trondheim. Hun hadde med seg sin sønn Jacob Theodor Theodorsen som var født 26 okt 1885 i Nesna. https://media.digitalarkivet.no/view/2843/18215/36 Her er utvandringen https://media.digitalarkivet.no/view/43717/74?indexing= Her er dåpen til Jacobie https://media.digitalarkivet.no/view/2592/70128/6 Ble hun gift i USA? Ble Jacob gift og har etterkommere?
  21. Dette er ei kjempeutfordring som eg fekk «servert» for 30 år sidan, men som eg aldri greidde å løysa. Kanskje er no tidi kommi? Britha Johnsdotter, fødd i Luster 12.6.1838 som dotter av John Nilsson (1795-1851) og kona Gjertrud Asbjørnsdotter (1807-1857), husmannsfolk i Lunden anten under Kalhagen eller Rønnei i Luster. I 1859, medan ho tente i Marifjøra i Hafslo, fekk Britha ei dotter Johanna Andersdotter (1859-1941). Denne jenta voks opp som fosterdotter hjå ein gardbrukar på Joranger i Hafslo, men vart sidan gift og busett i Sogndal. Truleg var det ein etterkommar etter Johanna som for over 30 år sidan fortalte meg at Britha «Bertha» utvandra til Amerika, og det skal ha skjedd kring 1861. Ho skal ha butt i Houston Co., MN og var gift der anten med ein «Mr.» Reed eller med ein «Mr.» O'Neil. Ho skal vera avlidi i Amerika kring 1930, og truleg kom det den gongen arv til Noreg, for ho fekk ingen born i ekteskapet sitt! Som sagt greidde eg ikkje å løysa denne kjempeutfordringi den gongen, men eg ville vorte svært so glad om det let seg gjera i dag og takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til identifikasjon av Britha «Bertha» og mann hennar!
  22. Kari F. Pedersen

    Amerika immigrasjon

    hei, vi ser etter norsk utvandret far (muligens også mor) til Hazel Pedersen, muligens født I nærheten av Duluth Minnesota i juni 1916. Hennes søstre het Mable og Eleanor. Noen som kan hjelpe? På forhånd tusen takk.
  23. Hei, Eg søker etter opphavet til Marie Anna Knudsen f. 30.12.1888 av foreldre Christopher & Elizabeth Strand. Dette er info eg har fått frå ein frivillig hjelpar i Wilmar. -tidligere debatt som omhandler hennes mann; Er det mulig å finne hennes fødsel/dåp og i FT1900?
  24. Dette er ei utfordring som eg har slite med i mange år, men som kanskje no kan få ei løysing? Finst det nokon med lokal kunnskap frå Grue, eventuelt med tilgjenge til ei bygdebok? Ole Engebretson vart fødd i Grue 1.8.1842 som son av gardbrukar Engebret Andersson og kona Oleana Ingvaldsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/9156/99 Konfirmasjonen hans i 1857 gjev oss liknande opplysningar, foreldri gardbrukarar på Skyrud...: https://media.digitalarkivet.no/view/8877/222 Dei var framleis gardbrukarar på Skyrud då yngste dotteri Eli vart døypt i Grue 16.7.1848: https://media.digitalarkivet.no/view/8877/25 Ingebret Andersson, 28, og Oliana Ingvaldsdotter Skyrud, 19, gifte seg i Grue 12.10.1826: https://media.digitalarkivet.no/view/9154/219 FT1801 syner ein Engebret Andersson i Grue som kan høve på alderen, ein av to «uekte» søner av ei jente på Løvhaugen i Grue: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058241004380 Men FT1865 syner ein Ingebret Andersson som kårmann på ein plass Bakken under Næs i Grue, på same alder, men fødd i Odalen(!): http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0423&kenr=012&bnr=0057&lnr=00 Dette er tydeleg to ulike Engebret'ar men kva for ein som budde på Skyrud og vart far til Ole i 1842, sjå det veit eg ikkje... Kanskje var det ikkje nokon av dei? Ole Engebretson stod brudgom i Fillmore Co., MN 18.2.1866 då han gifte seg med Gjertrud Christensdotter, fødd i Luster 25.8.1847. Dei farma i Preston township, Fillmore Co., MN der Ole døydde alt 22.12.1873. Han let etter seg enkja og fem små born! Men vigsli seier oss at Ole må ha utvandra seinast i 1865... Denne huslyden byr på følgjande utfordringar: ** Kva vart «endeleg» bustad til Engebret Andersson og Oleana Ingvaldsdotter - d.v.s. kvar voks Ole Engebretson opp? - sjå innlegg #4 ** Utvandringsåret til Ole Engebretson? - sjå innlegg #2 ** Frå kva gard/plass hadde Engebret Andersson opphavet sitt? ** Frå kva gard/plass hadde Oleana Ingvaldsdotter opphavet sitt? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  25. Då eg på 1980-talet hadde kontakt med Fjøsne-ætti i Luster, fortalte dei meg kva dei då visste om dei to onklane Ole og Melchior som var utvandra til Amerika. Ole visste dei litt om, men Melchior var det dårleg med. Dei meinte habn hadde gift seg med ei svensk dame og var flytt til New Mexico, men på 1930-talet vart det stilt om han, og broren Ole visst visstnok heller ikkje kvar han vart av! No har eg freista oppdatera dette manuskriptet, og eg har finne ein del detaljar om Ole, som skreiv seg for Ole F. Anderson, og kona hans. Eg har òg, takk vera WW1 drafti, finn ein som eg er 99% sikker på må vera identisk med Melchior og som kalla seg for Mark F. Anderson. Han gifte seg kring 1912, truleg i Utah, med ei enkje, som visstnok var frå Danmark, og dei fekk ein son i lag, som slekti i Noreg aldri har høyrt gjete! Eg har ikkje reinskrive notati om Mark Anderson, men nedanfor, i manuslriptet, følgjer ein del referansar, stort sett frå amncerstry, som kanskje nokon kan sjå litt på. Er de samde med meg i at dette må vera «vår» Melchior? Her følgjer manuskriptutdraget: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #12 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.