Eg freistar komplettera biografien om Ingulv Jørgenson Eldegard (1912-1996) som i 1932 reiste til sjøs frå Årdal og i 1941 slo seg ned i Seattle, WA. Han gifte seg i Seattle, WA 8.11.1946 med Ragni Dizzy f. Fjarlie (1911-1969). Dei fekk to døtrer i lag.
Denne Ragni hadde vore gift før, nemlig i Snohomish Co., WA 30.6.1940 med Rex B. MITCHELL, men denne mannen er førebels heilt ukjend!
Kva eg treng hjelp til, er følgjande;
** Rex B. Mitchell - fullt namn?
** Dato og stad for fødsli hans?
** Dato og stad for dødsfallet hans?
** Yrke og bustad?
** Fekk Rex og Ragni born i lag?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!