Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'moe'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 6 resultater

  1. Eg er på leiting etter ei vigsle frå kring 1960 - truleg i Grimstad(?) - for dette parfolket: Olav Johan MOE (1931-1997) og Lillian Karoline Julia ERIKSEN, f. Gabrielsen (1926-2007) * Kan denne vigsli vera kunngjort i Norsk Lysingsblad? * Eller kan det finnast eit avisoppslag om denne vigsli? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Eg har i årevis freista finna ut av dødsfallet til denne jenta frå Hafslo: Maria Johannesdotter MOE, fødd i Hafslo 22.12.1875. Ho gifte seg «godt vaksi» i Sogndal 9.7.1919 med enkjemannen Anders Erikson AARØEN, fødd i Sogndal 20.4.1865. Dei budde i Sogndalsfjøra, men Anders døydde på gamleheimen i Sogndal 28.8.1942. Maria levde att som enkje i 1942, men dødsfallet hennar er IKKJE registrert i Sogndal. No har eg nettopp fått greie på at ho på sine «gamle dagar» skal ha flytt til Tronvika på Kyrkjebø, Lavik og døydde i svært høg alder, truleg på 1960-talet. MEN, eg kan ikkje finna ho i dødslistene for Noreg som børjar kring 1951, so no lurer eg på om kanskje andre har betre leiteteknikkar enn meg? Eg ville setja stor pris på å få greie på dato og stad for dødsfallet hennar og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Terje Tandsæther presenterte i aftes ein huslyd med direkte tilknytting til Hafslo og Sogndal, som eg har slite ein del med å skaffa godt oversyn over, jmf. innlegg #403: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=17 Aanund Larsson (1651-1730) gifte seg til La på Hafslo og fekk då ein steson med namn Erik Olson (fødd 1691), men hans eige dotter gifte seg sidan med ein annan Erik Olson (fødd 1696) som attpåtil var søskenbarn til den første Erik Olson, og båe Erik'ane budde på La, i alle fall ei tid. Innlegget til Terje hjelpte meg finna ei stadfesting av kva for ein av desse Erik'ane som i 1738 budde på Heggestad, og det set seg eg stor pris på! Men framleis er det fleire detaljar innanfor denne huslyden som treng nærare «oppklaring», og difor legg eg her ut som eige tema ut siste versjonane av manuskripti mine for Ole Ellendson Lahd og Aanund Larsson Moe: ~~~~~~~~~~~~ Ole Ellendson Lahd, truleg frå Eskestrand i Sogndal, var i so fall son av husmann Ellend Gunderson på ein plass under Eskestrand og f. i Sogndal kring 1660. Han d. visstnok på La hausten 1700. Ole gifte seg kring 1687 med Synneva Eriksdotter frå Venjo, f. kring 1668. Ho d. truleg på Mo kring 1723. Ole var gardbrukar på denne garden på La frå kring 1692 og budde her levetidi ut. Som enkje gifte Synneva seg att med gardbrukar og enkjemann Aanund Larsson på Moe (1651-1730) (s.d.). Ole og Synneva fekk seks born i lag: 1. Metta Olsdotter, f. kring 1688, Metta Olsdotter flytte i ung alder til Sogndal der ho kring 1716 gifte seg med Ole Iverson, opphavleg frå ##### (opphavet hans? - ytre Sogn, kan henda frå Leikanger?) Han var f. kring 1685 og var i 1701 tenestedreng på Fimreite i Sogndal. Ole og Metta vart gardbrukarar på Melås i Norum sokn, Sogndal, men Metta vart gravlagd frå Melås alt 11.2.1731, og Ole gifte seg att 20.4.1732 att i Leikanger med Solvi Andersdotter frå Njøs i Leikanger. Ho var dotter av gardbrukar Anders Pederson på Njøs, opphavleg frå Eitun i Balestrand, og første kona Ingrid Hansdotter frå Njøs og vart døypt i Leikanger 2.7.1710. Ole og Solvi heldt fram som gardbrukarar på Melås i Sogndal, men so d. Ole på Melås kring 1737. Solvi gifte seg 6.2.1738 att med Mikkel Iverson frå Slinde, og dei busette seg som plassfolk i Haugaviki under Fimreite i Sogndal der me trur Solvi d. kring 1785. Ole Iverson fekk i alt fire born; av dei var desse to frå første ekteskapet med Metta Olsdotter: a. Ole Olson, f. i Sogndal kring 1718, vart gravlagd frå Melås 27.4.1727. b. Ingeborg Olsdotter, f. i Sogndal kring 1721, d. på Melås kring 1741, ugift. 2. Erik Olson (1691-1749), vart gardbrukar på Solvi. 3. Synneva Olsdotter (1693-1762), vart gift første gongen med gardbrukar Anders Lasseson i Neset (1695-1750) og sidan attgift med gardbrukar Peder Ellendson, òg i Neset (1725-1763). 4. Ragnhild Olsdotter, f. kring 1696, Ragnhild Olsdotter flytte til Sogndal der ho 24.6.1728 gifte seg med Endre Olson frå ##### (opphavet hans? - 1728 busett på Ølmeim i Sogndal - f. kring 1682) Endre og Ragnhild slo seg ned som husmannsfolk i Myri under Nornes i Sogndal der Endre d. ##### (dødsfallet hans? - kring 1765?) Ragnhild vart gravlagd frå Nornes 28.7.1770. Dei fekk to døtrer i lag: a. Britha Endresdotter (1730-1777), vart gift med gardbrukar og enkjemann Nils Monsson på Svangstu i Luster (1710-1786) (s.d.). b. Synneva Endresdotter, døypt i Sogndal 10.4.1734, vart gravlagd frå Øyri i Fresvik, Leikanger 16.9.1787. Synneva gifte seg i Sogndal 16.2.1772 med enkjemannen Bottolf Ingebrigtson, opphavleg frå Otternes i Aurland, døypt i Aurland 12.4.1728. Han vart gravlagd frå Øyri, Leikanger 19.10.1800. Bottolf hadde vore gift to gonger før og vart òg gift ein gong etter at Synneva var avlidi. Han var skulemeister og gardbrukar på Øyri i Fresvik, Leikanger og fekk i alt fire born, men ingen av dei var frå tredje ekteskapet med Synneva. 5. Margretha Olsdotter, f. kring 1698, Margretha Olsdotter flytte i ung alder til Sogndal og voks dels opp hjå søsteri Metta på Melås. Ho vart 2.7.1733 trulova i Sogndal med Erik Hansson frå ##### (opphavet hans? - kalla Slinde 1733, men budde ikkje der i 1701!) Han var son av ##### (foreldri hans?) og f. kring 1691. Men Erik vart gravlagd frå Slinde alt 1.11.1733 utan at dei hadde feira noko bryllaup, og Margretha gifte seg i staden i Sogndal 1.10.1734 med Ole Pederson frå Slinde ytre i Sogndal. Han var son av gardbrukar Peder Olson på Slinde ytre, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Unni Nilsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Sogndal kring 1704. Ole og Margretha var gardbrukarar på Slinde i Sogndal, men Margretha d. på Slinde våren 1749, og Ole gifte seg 11.5.1750 att med Anna Johannesdotter frå Øyre i Sogndal. Ho var dotter av husmann Johannes Endreson i Hagen under Øyre, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Guri Iversdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Sogndal kring 1704. Ole og Anna vart buande som gardbrukarar på Slinde, men Anna vart gravlagd derifrå alt 17.8.1760. Ole Pederson vart gravlagd frå Slinde 15.3.1789. Han fekk tre døtrer, som alle var frå første ekteskapet med Margretha: a. Synneva Olsdotter, døypt i Sogndal 8.9.1736, vart gravlagd frå Slinde 8.5.1814. Ho gifte seg i Sogndal 5.5.1763 med Ole Pederson frå Stedje i Sogndal, døypt i Sogndal 8.7.1740. Han d. som kårmann på Slinde 7.7.1825. Ole og Synneva tok over som gardbrukarar etter foreldri hennar på Slinde i Sogndal og fekk seks søner i lag. b. Unni Olsdotter, døypt i Sogndal 18.4.1740, vart gravlagd frå Slinde 24.7.1740. c. Gjertrud Olsdotter, f. i Sogndal kring 1743, vart gravlagd frå Slinde 2.7.1769, ugift. 6. Ellend Olson (1700-1756), vart gardbrukar på Nes. ~~~~~~~~~~~~ Aanund Larsson Moe, av ukjent opphav, var f. kring 1651 og d. truleg som kårmann i Mo kring 1730. Han gifte seg første gongen kring 1688; denne kona er ukjend, men det er ymse som tyder på at ho kan ha vore ei dotter av Torger Ølnes i Sogndal. ##### (sjekka dette??) Som enkjemann gifte Aanund seg våren 1701 att med enkja Synneva Eriksdotter, opphavleg frå Venjo. Ho var f. kring 1668 og hadde før vore gift med gardbrukar Ole Ellendson på La i Hafslo sokn (1660-1700). Synneva d. på Mo kring 1723, og 25.7.1725 gifte Aanund seg tredje gongen med Guri Christophersdotter frå ##### (opphavet hennar?) Ho var truleg f. kring 1690 og d. kan henda i Mo kring 1750. Aanund hadde visstnok vore gardbrukar i Leirdalen i Luster, men flytte til La i Hafslo sokn då han i 1701 gifte seg dit. Kring 1713 flytte han so med andre kona si som bygselsmann til Mo, men alt året etter ser det ut til at Aanund kom på kåret. Det ser ut til at dette vart ordna slik at svigersonen Erik Olson på La la ut dette kåret, og truleg har Aanund og Synneva dels butt på La, men på tinget 10.-12.11.1725 stemnde Aanund Moe svigersonen Erik for mangelfullt kår. Det kom fram at Aanund og Erik var komne til forlik om nytt kår ved skiftet etter Synneva. Etter dette forliket skulle Erik gje Aanund årleg 4 ½ sætteland og ei ku med fire smalar, ei ku midt på vinteren og eit føl. Aanund meinte Erik Lahd heldt att to av dei fire smalane han plikta å fø og meinte Erik skulle gje attende etter forliket. Me ser ikkje meir til saki, so partane er truleg vortne forlikte. Me kjenner til to born etter Aanund Larsson, eitt frå første og eitt frå siste ekteskapet: 1. Kari Aanundsdotter (1694-1730), vart gift med gardbrukar Erik Olson på La (1696-1737); dei var gardbrukarar på La. 2. Christopher Aanundson, døypt 21.10.1725, gifte seg truleg i Hafslo kring 1754 med ei Gjertrud, som me ikkje har greidd å identifisera. ##### (kven kan ho ha vore??) Dei budde ei tid i Mareimsbakken, truleg under Marheim. Men Christopher og Gjertrud flytte truleg alt kring 1756 til Lærdal og budde på ein husmannsplass i Hauge sokn der Christopher d. 17.7.1786. ##### (fleire opplysningar om Gjertrud?) Dei fekk i alle fall ein son i lag: a. Aanund Christopherson (1755-1803), vart gift med gardbrukardotteri Anna Aamundsdotter frå Høyeim i Luster (1758-1819) (s.d.). ~~~~~~~~~~~~ Det skulle gå fram av desse manuskripti kvar «skoen trykkjer» hjå meg, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan eliminera eitt eller fleire av desse «hòli»!
  4. Eg tek utgongspunkt i denne barnedåpen på Jevnaker, heilt nedst på denne sida: https://media.digitalarkivet.no/view/6120/7 * Ida, fødd 22.10.1877 og døypt 23.12.1877 av foreldri husmann John Nilsson Moeiget 1830 og kona Randi Iversdotter 1839 Ifølgje amerkanske kjelder skal Ida ha utvandra anten i 1895 eller i 1896, og det vert påstått at far hennar var svenske! Og her er vigsli til foreldri på Jevnaker: https://media.digitalarkivet.no/view/8967/177 * 28.10.1864 Jan Nilsson, 32, f. Värmland, og Randi Iversdotter, 24 1/2, f. Toverud - båe busette på Moe Her er dei i FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0532&kenr=001&bnr=0086&lnr=00 * Husmannsfolk på Raataarud under Hauger, Jevnaker Her er dei i FT1875: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0532&kenr=009&bnr=0081&lnr=00 * Husmannsfolk på Klæggerud under Moe, Jevnaker Utifrå desse opplysningane, let det seg gjera finna/stadfesta: ** Kva år utvandra Ida Johnsdotter Moeiget til Amerika? ** Føde- og oppvekststad for John/Jan Nilsson i Värmland? - kva er hans fulle namn? ** Føde- og oppvekststad for Randi Iversdotter? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Døpt Jørgen Nielsen Moe Lorenz...restener helt utydelig for meg. Mid på siden til høyre. https://media.digitalarkivet.no/kb20070928650440 Det står dom II p. Trinit som jeg tror vil være 12 juni.?
  6. Hva står det om Ane Jørgensdatter i øverste felt her på høyre side? https://media.digitalarkivet.no/kb20070928650456
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.