Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'natvig'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 2 resultater

  1. Dette er ei ganske uvanleg utvandrarsoge frå Sogn som eg har jobba med gjennom mange år, men utan å komma heilt til «botn» av! Erik Jørgenson Natvig og Anna Olsdotter flytte mellom fleire bygder i Sogn før dei i 1869 utvandra til Amerika. Fleire av borni var utvandra før, mellom anna sonen Jørgen (George Erickson) som på 1870-talet vart sauebonde i Trinity Co., CA. Yrkesvalet hans vart so mislikt av dei store kvegrancharane i nabolaget at dei myrda George gjennom eit bakholdsangrep i 1886. Dete var skikkdeleg «ville vesten»! Soga til Jørgen har eg studert i detalj. Eg har lese sakspapiri og finne ut det meste om han og huslyden hans. MEN, eg har vanskar med å finna att foreldri hans og fleire av søskeni.. ** Kvar budde Erik og Anna i 1870? Kva namn nytta dei då? ** Kvar vart det av dei etter 1880? Døydde dei òg i California? Dei vert ikkje nemnde i sakspapiri om drapet på sonen! ** Og kva med søskeni Ole, Erik og Olina? Erik var òg i California, men ingen av dei nolevande etterkomarane etter Jørgen i California veit kvar han vart av... Eg attgjev noverande status på manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Erik Jørgenson Natvig, opphavleg frå Sva under Natvik i Årdal, men soneson av husmann Erik Halvorson i Hola under Hovland i Årdal (1742-1816), opphavleg husmannsson frå Vågen under Kroken i Hafslo, var f. i Årdal 9.5.1819. Han gifte seg i Årdal 30.4.1843 med Anna Olsdotter frå Hovland, ei sonedotter av husmann Peder Paulson på Plassen under Hovland (1746-1831), opphavleg gardbrukarson frå Kinserdalen i Hafslo. Ho var f. i Årdal 29.3.1815. Erik og Anna busette seg først på ein plass under Natviki i Årdal. Erik og Anna fekk våren 1852 innflyttingsattest til Hafslo, men truleg flytte dei hit alt i 1851. Dei tok over som plassfolk på Loi og dreiv plassen fram til 1854. Erik og Anna flytte visstnok alt i 1854 til Bjordal i Lavik der dei var paktarar i fleire år til dei kring 1860 flytte til Lærdalsøyri i Lærdal der dei var innerstfolk til dei i 1869 utvandra til Amerika. Me finn dei att under namni Erick og Anna Natwick der dei først busette seg ¤¤¤¤¤ (Wisconsin or Iowa? - kvar??) men i 1879 følgde dei sonen Jørgen til Hettenshaw, Trinity Co., Cal. ¤¤¤¤¤ (lived there in 1880 – perhaps on a farm?? – what later??) ¤¤¤¤¤ (date and place of his death?) ¤¤¤¤¤ (date and place of her death?) Dei fekk sju born i lag, og dessutan hadde Anna ei dotter frå før: a. Fredrikka Kirstine Eriksdotter (1836- ¤¤¤¤¤ (death year US? – after 1920!) ), dotter av Anna og husmannssonen Erik Erikson frå Tolsgarden under Lægreid (1811-1896), vart gift første gongen med husmann Nils Andersson på ein plass under Rød i Balestrand (1831-1867), men utvandra i 1872 til Amerika og vart der attgift med husmannssonen Torbjørn Erikson frå Gruvlebakken under Leirdalen i Luster (1846-1907) (for båe ekteskapi, sjå under Leirdalen i Luster). b. Helvig Fredrikke Eriksdotter, kjend som Helen Erickson, f. i Årdal 17.9.1842, flytte med foreldri til Hafslo og vidare til Lavik og so til Lærdal, men utvandra derifrå til Amerika i 1863. Ho gifte seg første gongen i Columbia Co., Wis. 25.7.1863 med enkjemannen Hans Monsson, opphavleg frå Hausahalsen i Lærdal, ein soneson av gardbrukardotteri Synneva Sjursdotter frå Bollingberg i Luster (1765-1834), i Amerika kjend som Hans Monson. Hans var f. i Lærdal 10.8.1823 og gifte seg første gongen i Aurland 23.10.1848 med Inger Oline, kjend som Olina Olsdotter frå Onstad i Aurland, f. i Aurland 18.3.1817. Hans og Olina budde visstnok som innerstfolk på Hausahalsen, men Olina må vera avlidi, ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?) for Hans var enkjemann då ogso han utvandra til Amerika i 1863. Hans og Helen Monson slo seg først ned som farmarar i Bristol township, Dane Co., Wis., men flytte tidleg i 1870-åri til ein farm i Clayton township, Mower Co., Minn. Kring 1883 flytte dei so inn hjå ein bror hans i North Ottawa township, Grant Co., Minn. der Hans d. 6.1.1894. Helvig Monson flytte som enkje til Elk Lake, Grant Co., Minn., men gifte seg att i Grant Co., Minn. 16.10.1908 med enkjemannen Ole Kittelson, opphavleg frå Landsverk i Hjartdal, i Amerika kjend som Ole Kittleson. Han var son av gardbrukar Kittel Olson på Landsverk og kona Anlaug Olsdotter frå Frøland og f. i Hjartdal 29.5.1829, men utvandra til Amerika i 1847 til Winnebago Co., Wis. Han gifte seg første gongen kring 1852, dato og stad ukjende, med Margit Halvorsdotter frå ¤¤¤¤¤ (Telemark!?) Ho var dotter av ¤¤¤¤¤ (foreldri hennar?) og f. ¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar? – 19.8.1834? – kan henda f. Drangedal 14.7.1833 som dotter av Halvor Hansson Øvrebø og kona Signe Johnsdotter, utvandra 1846? men utvandra til Amerika i ¤¤¤¤¤ (utvandringsåret hennar? – 1900 seier 1847, men 54 år i Amerika!) Ole og Margit farma mange år i Winchester township, Winnebago Co., Wis., men flytte på 1890-talet med fleire av dei yngre borni til Navarino township, Shawano Co., Wis. der Margit d. 28.8.1902. Ole flytte kring 1907 til Elbow Lake, Grant Co., Minn. der han og Helvig budde levetidi ut. Ole d. i Elbow Lake, Minn. 2.9.1911, medan Helvig Kittleson d. same staden 3.2.1917. Me kjenner til tre born etter Hans Monson, som alle var frå andre ekteskapet med Helvig. Andre ekteskapet hennar var barnlaust, men Ole Kittleson hadde elleve born frå første ekteskapet sitt. c. Ole Erikson, kjend som Ole Natwick, f. i Årdal 22.3.1845, flytte likeins med foreldri sine til Hafslo, Lavik og Lærdal, men utvandra til Amerika i 1867. ¤¤¤¤¤ (what became of him? – biography needed!) d. Jørgen Erikson, kjend som George Erickson, f. i Årdal 10.11.1847, flytte med foreldri sine til Hafslo, Lavik og so til Lærdal, og derifrå utvandra han til Amerika i 1868. George flytte tidleg til California og budde ei tid i Sacramento og i Tehama Co., Cal. til han i 1874 flytte til Hettenshaw, Trinity Co., Cal. George gifte seg i Madison, Wis. 1.9.1879 med Dorthina, kjend som Dena Burnson, f. i Dane Co., Wis. 22.7.1860. Dei vart buande i Hettenshaw precinct nær Mad River, Trinity Co., Cal. der George livnærte seg som sauebonde («sheep raiser»). Men han vart myrda av ein nabo 7.9.1886, og Dena gifte seg att i Gardnerville, Nev. 22.2.1894 med Hans Hansson Nielsen frå Nørre Løgum i Lø kommune, Tønder amt, Danmark, i Amerika kjend som Hans Nelson. Han var son av gardbrukar Hans Jensen Nielsen i Kløjing, Nørre Løgum og kona Karen Hansdotter f. Lund og f. i Nørre Løgum, Tønder amt i Danmark 24.3.1862, men utvandra til Amerika i 1883. Hans Nelson var ei tid hotellstyrar («hotel manager»), og han og Dena budde i East Fork precinct, Douglas Co., Nev., men farma sidan i Jacks Valley precinct, Douglas Co., Nev. Hans og Dena vart skilde i 1915, og Hans flytte til Reno, Washoe Co., Nev. der han d. 15.5.1950. Dena gifte seg tredje gongen i Reno, Nev. 29.6.1925 med Frank Berger, f. i Washoe Co., Nev. 26.6.1865. Frank hadde då i mange år vore jarnbanearbeidar («railroad worker»), og han og Dena budde i Reno, Washoe Co., Nev. der Dena d. 19.8.1940. Frank Berger d. same staden 2.12.1943. Dena fekk i alt fire born, som alle visstnok var frå første ekteskapet med George Erickson, men siste mannen Frank Berger hadde òg to døtrer frå eit tidlegare ekteskap. e. Erik Erikson, kjend som Erick Natwick, f. i Årdal 1.9.1850, flytte òg med foreldri til Hafslo, Lavik og derifrå til Lærdal, men utvandra òg til Amerika i 1868. ¤¤¤¤¤ (what became of him? – mentioned 1888 in Hettenshaw precinct near Mad River, Trinity Co., CA! – biography needed! – called Erick Erickson!?) f. Cecilia Eriksdotter, kjend som Cecelia Erickson, f. i Hafslo 24.11.1852, flytte med foreldri til Lavik og Lærdal og utvandra derifrå med dei til Amerika i 1869. Ho d. i Ada, Minn. 12.7.1932. Cecelia gifte seg i Dane Co., Wis. 11.11.1872 med søskenbarnet Jørgen Andreasson, kjend som George A. Natwick, ein dotterson av gardbrukardotteri Anna Hermundsdotter frå Kinserdalen i Hafslo (1784-1882). Han var f. i Årdal 4.2.1846, men flytte i 1847 med foreldri sine til Hitra og utvandra so derifrå til Amerika i 1869. Han d. i Ada, Minn. 13.10.1919. George og Cecelia slo seg i 1873 ned som farmarar i Clay township, Shelby Co., Ia., men flytte i 1882 til ein farm i Lake Ida township, Norman Co., Minn. Som pensjonistar flytte dei kring 1915 inn til Ada, Norman Co., Minn. Dei fekk elleve born i lag. g. Olina Eriksdotter, kjend som Lena Natwick, f. i Lavik 4.3.1855, flytte med foreldri til Lærdal, men utvandra òg med dei til Amerika i 1869. ¤¤¤¤¤ (what became of her? – biography needed!) h. Peder Erikson, f. i Lavik 10.10.1857, d. på Lærdalsøyri i Lærdal 25.3.1865. ~~~~~~~~~~~~~ Kanskje kan OBITUARIES finnast for: * Helvig «Helen» KITTELSON, som døydde i Elbow Lake, MN 3.2.1917? * Cecelia NATWICK, som døydde i Ada, MN 12.7.1932? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  2. Opphavleg hadde eg på 1980-talet berre identifisert to søner etter Lars Sørenson Natvig - av den sokalla «Heiberg-ætti». Men kort etter hundreårsskiftet vart eg konfrontert med påstandar frå Danmark som hevda at Lars skulle ha hatt (minst) to søner til, som båe vart prestar på Bornholm i Danmark. Desse hadde eg før plassert som sønesøner etter sokneprest Christen Henrikson Lyster til Luster, men ved nærare studium av saki, trur eg at danskane har rett. Det at ein av sønene heitte Thue, tydeleg oppkalla etter morfaren i Valdres, har vore eit avgjerande element i saki! Eg går difor no ut med denne nye versjonen av manuskriptet mitt for garden Sørheim i Luster, der Lars Sørenson budde i mange år før han flytte til Natvik i Årdal: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande og nyttige innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #8 under! Eg ville setja stor pris på eventuelle kommentarar til denne ættetavla og takkar so mykje på førehand for supplerande opplysningar, t.d. frå studentbøker og universitetsmatriklar etc.!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.