Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'nyhus'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Det er mange år sidan eg freista skaffa eit oversyn over denne huslyden frå Lom/Hafslo i Amerika, men laut gje opp med følgjande status (der fleire utfordringar er fletta inn i teksten). Kanskje nokon er i stand til å hjelpa meg vidare? ~~~~~~~~~~~~~~~ Mari Gjertsdotter {Dversdal}, f. i Hafslo 6.8.1838, Mary Anderson utvandra til Amerika med foreldri sine i 1861 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 2.10.1864 med Trond Hansson frå Nyhus i Bøverdalen, Lom, i Amerika kjend som Thomas Hanson. Han var son av gardbrukar Hans Trondson på Nyhus og kona Anna Olsdotter frå Nyhus og f. i Lom 10.7.1831, men utvandra til Amerika i 1858. Mary og Thomas Hanson slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Thomas d. kring 1894. ##### (nøyaktig dødsdato?) Mary Hanson flytte som enkje inn hjå dotteri Julia i Sterling township, Vernon Co., Wis. der ho d. 22.11.1906. Dei fekk ni born i lag: a. Helene Marie Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 10.12.1865, d. i Crawford Co., Wis. 3.8.1866. b. Helene Marie, kjend som Helen Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 6.10.1867, d. i Viroqua, Wis. 25.11.1958. Helen gifte seg i La Crosse, Wis. 2.6.1894 med enkjemannen Engebret Evenson, opphavleg frå Askildsrud i Norderhov, i Amerika kjend som Albert Thompson. Han var son av husmann Even Trulsson på Jobæk, Askildsrudeiet, og kona Inger Sophie, kjend som Sophia Olsdotter, òg frå Askildsrudeiet, og f. i Norderhov 12.2.1856, men utvandra til Amerika i 1878 og hadde før vore gift og busett i Minnesota og Washington. Albert d. i Crawford Co., Wis. 10.5.1928. Albert var snikkar (”carpenter”), men han og Helen slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. Dei fekk seks born i lag, men Albert hadde òg minst ei dotter frå første ekteskapet sitt. c. Louise Malena, kjend som Malena Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 1.7.1869, d. i La Crosse, Wis. 14.9.1939. Malena gifte seg i La Crosse, Wis. 20.4.1898 med Ole Reinert Gustavson Julsberg frå Taslid i Strinda, i Amerika kjend som Ole R. Julesberg. Han var son av innerst og gardsarbeidar Gustav Andreasson Julsberg på Taslid, opphavleg frå Julsberg i Levanger, og kona Karen Marthe Ottesdotter frå Tingstadvald og f. i Levanger 28.1.1867. Ole utvandra med foreldri sine til Amerika i 1882 og d. i La Crosse, Wis. 2.5.1931. Ole Julesberg var ei tid kolonialhandlar (“grocer”), men vart sidan vaktmeister (“janitor”). Han og Malena budde i La Crosse, La Crosse Co., Wis. og fekk fire born i lag. d. John Albert, kjend som Jack T. Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 20.8.1871, d. visstnok e. 1920, men dato og stad er ukjende. ##### (nøyaktig dødsdato - og stad?) Jack gifte seg første gongen i Crawford Co., Wis. 24.12.1901 med Ethel G. Pennel, f. i Vernon Co., Wis. 8.1.1884. Dødsfallet hennar er ukjent, ##### (nøyaktig dødsdato - og stad?) men ho vart skild frå Jack etter kort tid. Jack gifte seg att i Crawford Co., Wis. 25.4.1905 med Anna M. Fortney Gunderson, dotter av gardbrukarsonen Christopher Christopherson frå Fortun (1816-1905). Anna var f. i Crawford Co., Wis. 25.3.1862 og d. i Richland Center, Wis. 7.10.1966, over 104 år gamal. Ho hadde før vore gift med Olai Andreas Gunderson (1862-1925), son av husmannsdotteri Anna Olsdotter frå Kvitli under Fuhr i Luster (1827-1917), men vart skild frå han. Jack Hanson var arbeidar (“laborer”), og han og Anna budde for det meste i Gays Mills, Crawford Co., Wis., men det ser ut til at dei flytte frå kvarandre alt kring 1915. Dei fekk to born i lag. e. Olina Johanna, kjend som Johanna Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 5.12.1873, d. truleg ugift i Crawford Co., Wis. kring 1895. ##### (nøyaktig dødsdato?) f. Julia Andrina Hanson (1875-1955), vart gift med Christen Simonson (1868-1944), son av husmannssonen Simon Christenson frå Grandane under Øvrebø i Luster (1838-1905) (s.d.). g. Henry Nitter Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 19.9.1877, d. i Crawford Co., Wis. kort etter fødsli. ##### (nøyaktig dødsdato?) h. Henry Nitter Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 23.1.1879, var i mange år rancharbeidar (”ranch laborer”) i Birney, Rosebud Co., Mont., men skal vera d. i Miles City, Mont. etter 1930, ugift. ##### (nøyaktig dødsdato - og stad?) i. Norah Mathilda Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 19.4.1881, skal vera d. i Viroqua, Wis. kring 1908. ##### (nøyaktig dødsdato?) Norah arbeidde på Fortney hotel (“hotel worker”) i Viroqua, Vernon Co., Wis. og budde der, ugift. ~~~~~~~~~~~~~~~ Her er huslyden i FT1880 for Freeman township, Crawford Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN4C-P9L Eg finn dei ikkje i FT1870, men her er ein huslyd som liknar svært, bortsett ifrå namnet på kona og borni...: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN9W-W98 Kva meiner de? Er det same huslyden som er fullstendig «vridd»?? Eller kven er huslyden frå 1870?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.