Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'peterson'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 8 resultater

  1. Dette er ein person som eg i mange år har freista finna fleire oppysningar om lagnaden til. Kanskje det no er nokon som kan greia dette? Eg attgjev frå manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Peter P. Urness, f. i Dane Co., Wis. kring 1851, ##### (fødselsdato? - foreldre Peder Pederson og Kirsti Sjursdotter - båe utvandra frå Luster i 1849) vart drepen av eit lynnedslag kring 1887, truleg i Norman C., Minn. ##### (dødsdato og dødsstad?) Han gifte seg i Fargo, N.D. 26.1.1886 med Julianna Johannesdotter frå Trondheim, i Amerika kjend som Julia Olson. Ho var dotter av tømmermann Johannes Olsen i Trondheim, opphavleg frå Reiershaugen under Skogen (Rulland øvre) i Nord-Fron, og kona Andrea Pedersdotter frå Rørum i Leinstrand, Melhus og f. i Trondheim 29.5.1861, men utvandra til Amerika med mor si i 1883. Ho d. i Moorhead, Minn. 5.6.1913. Som enkje gifte Julianna seg 25.10.1888 att i Fargo, N.D. med Johan Johannesson frå Askeeiet i Nes, Hedmark, i Amerika kjend som John L. Ask. Han var son av husmann Johannes Larsson i Askeeiet, opphavleg frå Kiseeiet, og kona Agnetha Johannesdotter fra Askeeiet og f. i Nes 9.11.1848, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1868. Han d. i Fargo, N.D. 13.4.1940. Peter og Julianna slo seg ned som farmarar i Flom township, Norman Co., Minn., og denne farmen tok John Ask over då han i 1888 gifte seg med enkja, etter at han før hadde butt i Spring Green, Sauk Co., Wis. Men i 1908 flytte John og Julianna til Fargo, Cass Co., N.D. der John sidan livnærte seg som snikkar («carpenter»). Julianna fekk i alt tre born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Peter Urness. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg ville vorte kjempeglad om nokon kan hjelpa meg løysa denne kjempeutfordringi - kan henda kyrkjebøker eller avisoppslag? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ein huslyd, som eg har jobba med i ganske so mange år, men som eg aldri har greidd å finna ut av. Lat meg syna fram siste versjon av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~ Sjur Pederson {Urness}, f. {i Hafslo} 16.2.1829, Syver Peterson (Urness) utvandra til Amerika i 1857 og budde ei tid hjå broren Peter i Ridgeway township, Iowa Co., Wis. og flytte òg i 1867 til ein farm i Burnside township, Trempealeau Co., Wis. Han gifte seg i Trempealeau Co., Wis. 3.4.1872 med Anna Herbjørnsdotter frå Hovindbøle i Gransherad (Tinn), i Amerika kjend som Anna Herbjornson. Ho var dotter av gardbrukar Herbjørn Gunnulfson på Hovindbøle og kona Margit Tovsdotter frå Brynildsrud og f. i Gransherad 25.12.1834, men utvandra til Amerika i 1871. Syver og Anna vart buande på farmen hans i Burnside township, Trempealeau Co., Wis., men Syver miste livet ved eit ulukkeshende då hestespannet hans sprang vekk i 1876. ¤¤¤¤¤ (date of his death? – East Bennet Valley cemetery at Chimney Rock!) ¤¤¤¤¤ (further info on Anna? – Burnside township 1880: Sever Anderson 39 and Annie 46 – no ch - truleg Anna med ny ektemann??) Dei var barnlause. ~~~~~~~~~~~~~~ Manuskriptet talar forsovidt for seg sjølv... No vonar eg at nokon kan hjelpa meg finna: ** Fleire detaljar om dødsfallet til Syver Peterson (Urness) - kan henda gjennom avisoppslag?? ** Identifikasjon av Sever Anderson og lagnaden til han og Anna Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!?
  3. Eg freista finna ut meir om denne huslyden då eg i 1982 vitja Mankato, MN, men hadde vanskar med tilgjenge til offentlege register (varierande praksis i ulike kommunehus...) og visste ikkje kva for ei svensk kyrkje som eventuelt kunne ha opplysningar for å hjelpa meg vidare... No har eg klart å finna ut litt meir, men er framleis oppteken av å identifisera dei to svenske ektemakane til Johanna, og likeins kven som var kona til sonen Harry? Ogso manglar eg det tredje barnet hennar Johanna... Kanskje nokon kan hjelpa meg litt vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette manuskriptet no oppdatert med eit nytt i Innlegg #8 Innlegg #20 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Eg har sidan førre hundreåret slite med å finna det svenske opphavet til denne ektemaken til Gunnhild frå Sogn. Kanskje det er mogeleg med dei knappe oppplysningane som ligg føre? Eg er ogso nysgjerrig på detaljar kring opphavet og utvandringi til svigersonen Claus Knutson frå Voss... Slik ser manuskriptet mitt ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #9 under: Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Hi, I’m just after some more information about Carl Andreas Pettersen please. I would love to know where and when he married Helga Torresen Rosing and when and where she died. Also if Carl Andreas Pettersen went to USA, maybe after divorce/seperation or after her death. Carl Andreas Pettersen Born: 6 June 1832 Risor, Aust-Agder, Norway Father: Petter Didrik Andersen Mother: Annichen Knudsen Siblings: I think at least 2 sisters Anna and Maria. Spouse: Helga Torresen Rosing thx again, Mark Peterson
  6. Anna M. Peterson stod brur i Hauges Evangelical Lutheran church i Windom, MN 19.10.1890 då ho gifte seg med Ole Andersson Havreberg «Haverberg» frå Luster. Fødestad, alder eller foreldre er ikkje oppgjevne: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_315007-00305?pid=450996&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D450996%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx17678%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx17678&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.124867209.2053247276.1568908615-1442769865.1532627837 I 1900 er Anna 29 år - fødd i juli 187.: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6SS7-N4K I 1905 er Anna 34 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSYS-1NP I 1910 er Anna 39 år - utvandra 1890: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVC-8HS I 1920 er Anna 49 år - utvandra 1889: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RFS-PX9 I 1930 er Anna 58 år - utvandra 1889: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRCN-K4D I 1940 er Anna 69 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9M1-7CYJ Her er so dødsattesten hennar frå 27.8.1941 med oppgjeven fødselsdato 27.7.1873: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6QX7-G1N Er det mogeleg utifrå desse opplysningane å finna ut: ** Fullt norsk namn? ** Date og stad for fødsli hennar? ** Namni på foreldri hennar med yrke, bustad og opphav? Eg trur at korrekt fødselsår skal vera 1870 eller 1871, men kven var ho? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Dette er ein huslyd som eg arbeidde med på 1980-talet, men alt den gongen hadde eg store vanskar med å finna dei att. Ei òrsak var nok det vanlege ættenamnet Peterson, og dessutan hadde etterkomarane etter søskeni hans Sjur aldri hatt nokon særleg kontakt med denne greini av ætti. Sjur har jo heller ikkje so mange etter seg....! Eldste dotteri var 60 år gamal då ho gifte seg og vart dessutan skild etter kort tid att. Noko har eg greidd å finna, men no har eg nådd veggen, og eg vonar på lite vetta hjelp av ekspertisen i Brukarforum til å komplettera denne biografien. Her følgjer eit oppdatert manuskript pr. dags dato: ~~~~~~~~~~~~~~ Sjur Pederson {Krogen}, f. {i Luster} 26.11.1851, Sivert Peterson utvandra til Amerika i 1871 og gifte seg i Goodhue Co., Minn. 21.11.1883 med Elina T. Talla, dotter av husmannssonen Tøger Christopherson frå Nedreengi under Talle (1829-1892). Elina var f. i Hafslo 4.8.1865 og utvandra til Amerika med foreldri sine ##### (utvandringsåret? - kring 1870) Sivert og Elina farma ei tid i Cherry Grove township, Goodhue Co., Minn., men flytte kring 1890 til Duluth, St. Louis Co., Minn. der Sivert var arbeidar («laborer»). Sivert d. i Duluth, Minn. ##### (date and place of his death?) 1926, medan Elina Peterson d. same staden 4.2.1934. Dei fekk fem born i lag: a. Samuel P. ##### (middle name?) Peterson, f. i Goodhue Co., Minn. 21.6.1884, d. i Minneapolis, Minn. 20.10.1964. Samuel gifte seg første gongen i Duluth, Minn. 2.9.1906 med Belle ##### (middle name?) Campbell, f. ##### (info? - born MN 1883 - parents Canada!) So gifte Samuel seg att i Cass Co., Minn. 25.10.1917 med Thora C. ##### (middle name?) Hagen, f. i ##### (place of her birth? - MN!) 4.7.1893. Ho d. i Robbinsdale, Minn. 15.1.1976. Samuel Peterson var frisør («barber»), og han og Thora budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men var barnlause. b. Esther Helena Peterson, f. i Goodhue Co., Minn. 27.12.1885, d. i Superior, Wis. 29.5.1970. Ho gifte seg i Duluth, Minn. 25.8.1945 med Louis Theron Engebritson, f. i Blue Earth Co., Minn. 3.11.1893. Han d. i Duluth, Minn. 15.10.1965. Han var jarnbanearbeidar («railroad brake man»), medan Esther var butikkdame («department store sales lady»). Dei budde i Duluth, St. Louis Co., Minn., men vart skilde alt ##### (divorced prior to 1953!) Dei var barnlause. c. Joseph Henry Peterson, f. i Goodhue Co., Minn. 29.7.1887, d. i Mora, Minn. 4.7.1958. Han gifte seg i Duluth, Minn. 12.6.1911 med Tilda Lovise Botten, f. i Stearns Co., Minn. 27.11.1890. Ho d. i Duluth, Minn. 3.3.1986. Joseph var tømmerarbeidar («wood worker»), og han og Tilda budde i Duluth, St. Louis Co., Minn., men vart skilde kring 1932. ##### (later residences?) Dei fekk fire born i lag. d. John ##### (middle name?) Peterson, f. i St. Louis Co., Minn. ##### (exact date of his birth?) .11.1894, ##### (info? - died prior to 1964!) e. Josephine Christine Peterson, f. i St. Louis Co., Minn. 14.5.1901, d. ##### (place of her death? -- Solano, CA?) 7.2.1988. Josephine gifte seg første gongen i Lake Co., Minn. 18.11.1923 med Roy ##### (middle name?) Piering, f. ##### (date and place of his birth?) ##### (date and place of his death?) Dei vart skilde ##### (year of divorce? - prior to 1930! - son Douglas Raymond Biering, born Duluth, MN Aug. 11, 1924) Josephine gifte seg so 15.10.1934 att i Duluth, Minn. med Marcus, kjend som Mark Melvin, f. i St. Louis Co., Minn. 8.8.1898. Han d. ##### (place of his death? - Solano Co, CA!) 9.2.1887. ##### (occupation and place of their residence? - CA! - in Duluth, MN until 1943 - truck driver and machinist!) Josephine fekk ein son, som var frå første ekteskapet. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Dette er ei kjempeutfordring som eg har slite med i mange år. No er Brukarforum mi siste von: Ole Fredrik THOMPSON, fødd i Tranøy i Troms 21.2.1855, utvandra i 1867 til St. Croix Co., WI der han 26.1.1894 gifte seg med Martha AMUNDSON (Kinserdal), fødd i Årdal i Sogn 16.12.1874. Desse farma i Cylon township, St. Croix Co., WI: 1900 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-D8MW-NNS?cc=1325221 1905 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-63JW-MYT?i=8&cc=1443899 men Ole var òg skogsarbeidar («logger») og skal ifølgje ætti ha mist livet ved eit ulukkeshende, uvisst kvar, i 1905 (jmf. gravstøtta) eller i 1909 (jmf. slekti hans). Han ligg gravlagd nær heimen sin! ** Er det mogeleg å finna dødsfallet til Ole F. Thompson, kan henda gjennom eit avisoppslag? Martha gifte seg att i St. Croix Co., WI 4.1.1910 med Ole S. EVENSON, fødd i Støren 31.5.1863 og utvandra i 1867, og dei vart buande på farmen hennar i Cylon township, St. Croix Co., WI 1910 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBS-9DW5?i=1&cc=1727033 1920 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV4-NRW?i=1&cc=1488411 der Ole døydde 20.12.1940. Martha Evenson døydde same staden 4.1.1941. Av borni i denne huslyden vil eg i dag innskrenka meg til eldste dotteri, som er den største utfordringi: Pauline Henriette THOMPSON, fødd i St. Croix Co., WI 4.7.1894. Ho skal ha gift seg i St. Croix Co., WI 6.2.1912 med Johannes «John» PETERSON, fødd i Brookings Co., SD 2.5.1890. Ifølgje slekti skal John ha vore smed («blacksmith»), og dei budde i Cylon township, St. Croix Co., WI, men Pauline døydde etter barselseng same stad 16.4.1914, og ifølgje slekti skal John Peterson vera avliden om lag på same tid!? Dei fekk to døtrer som vart oppalne hjå bestemori Martha: * Viola Pearl, fødd i St. Croix Co., WI 20.3.1912 * Jeannette Pauline, fødd i St. Croix Co., WI 9.4.1914 ** Er det mogeleg å identifisera lagnaden til John Peterson, dødsfallet eventuelt lagnaden hans, kan henda gjennom eit avisoppslag? Her er John Peterson i 1905 med foreldri sine i Cylon township, St. Croix Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-63JW-9R9?i=7&cc=1443899 https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-63JW-MYT?i=8&cc=1443899 Her er fødsli hans i Brookings Co., SD 2.5.1890: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314922-00174/4892547?backurl=https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/86131673/person/36534988647/facts/citation/840366906196/edit/record Men eg finn han ikkje i FT1910! So vidt eg har forstått, var denne huslyden medlem av ein lokal metodistkyrkjelyd, so kyrkjebøker ligg for å hjelpa oss vidare... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og vonar at «gullaldaren» ikkje enno er over...
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.