Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'rochester ny'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 2 resultater

  1. Alt i 1979 freista eg finna ei løysing på utfordringi om kvar det vart av frelsesarmé-offiser og «candy maker» Hans Christopher alias Henry Hanson som i 1867 utvandra med foreldri sine til McFarland, WI. Fleire eg den gongen snakka med, visste om denne karen. Truleg hadde han vore attende på vitjing i McFarland, men klagnaden hans var det ingen som kunne fortelja meg noko om. Me veit ikkje ein gong om han var gift... Han hadde òg ei søster Dorthea alias Tilla Hanson, som flytte til Colorado, men ho veit me endå mindre om... Det hadde vore svært so gildt om nokon kunne hjelpa meg finna fleire opplysningar om desse søskeni! Her følgjer eit oppdatert manuskript for heile huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Mons Hansson Øvrebø, frå Gjelet under Kjørlaug i Hafslo, var f. i Hafslo 13.9.1834 og gifte seg i Luster 4.6.1862 med Elisabeth Christophersdotter frå Lunden under Rønnei, f. 2.3.1832. Mons var skomakar, men han og Elisabeth busette seg visstnok i ei eiga stove attmed Inga Lassesdotter på denne plassen på Grandane kring 1863 og budde truleg her til 1867. I samband med den store utskiftingi i Gaupne sist i 1860-åri vart denne delen av Grandane lagd til Drevdal nordre, og stova på plassen vart då teki i bruk som stove på Grandane under den garden. Mons og Elizabeth Hanson utvandra til Amerika i 1867 og busette seg i McFarland, Dane Co., Wis. Også der dreiv Mons som skomakar («shoemaker»). Han d. i Dane Co., Wis. 12.3.1898, medan Elizabeth Hanson d. same staden 14.1.1916. Dei fekk sju born i lag: a. Hans Christopher, kjend som Henry Hanson, f. i Luster 27.6.1863, utvandra til Amerika med foreldri sine i 1867 og voks opp i McFarland, Dane Co., Wis. ##### (moved to «up state» New York state where he was a candy maker and also an active member of the Salvation Army – further details? – probably this Henry B. Hanson in Rochester, Monroe Co., NY in the Salvation Army shelter 1905: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7364/images/004296260_00082?treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx23835&_phstart=successSource&pId=5125832) b. Dorthea, kjend som Tilla Hanson, f. i Luster 4.6.1865, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1867, men flytte i ung alder til Denver, Colo. ##### (further details? – single?) c. Anna Caroline Hanson, f. i Dane Co., Wis. 4.8.1867, d. i DuPage, Ill. 1.7.1963. Anna gifte seg i Dane Co., Wis. 25.2.1903 med Alfred Ernest Speirs, f. i Peoria, Ill. 1.12.1870. Han d. i Chicago, Ill. 30.1.1921. Anna og Alfred Speirs busette seg i Chicago, Cook Co., Ill. der Alfred var kontorfunksjonær («grain office clerk»). Dei fekk tre born i lag. d. Albert Nicolay Hanson, tvilling, f. i Dane Co., Wis. 20.10.1869, d. i Dane Co., Wis. kort tid etter. ##### (details?) e. Edward Daniel Hanson, likeins tvilling og f. i Dane Co., Wis. 20.10.1869, d. òg i Dane Co., Wis. kort tid etter. ##### (details?) f. Albertina Nicolina, kjend som Tina Hanson, f. i Dane Co., Wis. 2.2.1872, d. i McFarland, Wis. 4.4.1962. Tina Hanson var bykontordame («village clerk») i McFarland, Dane Co., Wis. der ho budde levetidi ut, ugift. g. Edwardina Marie, kjend som May Hanson, f. i Dane Co., Wis. 16.3.1874, d. i McFarland, Wis. 30.5.1965. May var stenograf («stenographer») og budde i mange år i San Francisco, Cal., men kom attende til McFarland, Dane Co., Wis. då ho vart pensjonist. Også May var ugift. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Eg har nettopp oppdaga eit spennande dødsfall i Rochester, «upstate» NY, og eg lurer på om nokon kan hjelpa meg finna denne obituary'en: Name: Mildred Severson Gender: Female Residence Place: Rochester Death Date: 1988 Obituary Date: 29 Feb 1988 Obituary Place: Rochester, New York, United States of America Child: Dolores Merritt; Glenn Merritt Siblings: Marion Webb Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.