Eg etterlyser opplysningar om paret Jens Christian Abrahamsen og Gullæke Marie (Jacobsdtr) Reyersen frå Bergen som frå 1834 til 1839 var gardbrukarar på Rosland, Klepp prgj i Rogaland
Paret gifte seg i Klepp 5.6.1831. - Nr.5 s.210 https://www.digitalarkivet.no/kb20070621620075
Eg har funne følgande barn:-
- Stine f.11.6.1832 https://www.digitalarkivet.no/kb20070621620020
- Jacob f. 16.12.1833 https://www.digitalarkivet.no/kb20070621620166 død 9.2.1834
- Jacob f. 31.01.1835 https://www.digitalarkivet.no/kb20070621620158
- Abraham f. 12.12.1836 https://www.digitalarkivet.no/kb20070621620179
- Isak f. 05.11.1838 https://www.digitalarkivet.no/kb20070621620197
Faren Jens Christian Abrahamsen døydde på Rosland 8. mai 1839
https://www.digitalarkivet.no/kb20070621620299
I bygdeboka for Klepp står det at enkja Gullække flytte ut av bygda med ungane, men ikkje kvar dei flytte.
- Jacob vart konfirmert i Klepp 17.06.1849 https://www.digitalarkivet.no/kb20051212040486
- Abraham konfirmert i Klepp 05.10.1851 https://www.digitalarkivet.no/kb20051212040495
- Isak vart konfirmert i Klepp 03.10.1852, då busett på Skadsem https://www.digitalarkivet.no/kb20051212040498
- Stine har eg ikkje funne korkje konfirmert eller død i Klepp.
Den 3, Mai 1855 får Jacob Jensen Skadsem (20) og Isak Jensen Skadsem (16) utflyttingsattest frå soknepresten i Klepp for å reise til Amerika, https://www.digitalarkivet.no/kb20051212041028 dette trur eg må være sønene til Jens Christian og Gullække (jfr. konfirmasjonen til Isak)
Er det nokon som har utfyllande opplysningar til denne familien?