Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'skibeli'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Denne huslyder dreier seg om to søsken frå Høyeimsvik i Luster som utvandra til Amerika og busette seg i det i all hovudsak skogkledde Crow Wing Co., MN. Ole var gift med ei jente som kalla seg Skibeli, og det var òg namnet til mann hennar Anna, men eg har so langt ikkje greidd å finna noko samband mellom dei. Skibeli-namnet stammar tydeleg frå Vest-Agder... Manuskriptet mitt for denne heller «innvikla» huslyden ser i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ Ole Olson {Høyeim}, f. {i Luster} 12.5.1870, Ole O. Hoium, Jr. utvandra til Amerika i 1890 og gifte seg i Crow Wing Co., Minn. 15.3.1897 med Anetta ##### (wife’s original Norwegian name? – Ole’s obit refers to her as Netta Skibli!!) ##### (wherefrom in Norway was she?) i Amerika kjend som Netta Pederson. Ho var dotter av ##### (Netta’s parents?) og f. i ##### (place of Netta’s birth? – where in Norway? – 1900 census suggests Nov. 1848 – 1905 census suggests 1852!! – 1895: Nettie Peterson (39), housekeeper for Tonnes Skibeli in Crow Wing Co., MN) 6.5.1841, men utvandra til Amerika i 1891. ##### (had Netta been married before? – info??) Ole og Nettie Hoium farma i Ideal township, Crow Wing Co., Minn. der Nettie d. 8.9.1907. Ole Hoium, Jr. flytte sidan til Pequot Lakes, Crow Wing Co., Minn. der han var arbeidar («laborer»). Han flytte i 1946 som pensjonist til Brainerd, Crow Wing Co., Minn. og sidan vidare til Walker, Cass Co., Minn. der han d. 8.8.1951. Han og Netta var barnlause. ~~~~~ Anna Olsdotter {Høyeim}, f. {i Luster} 13.2.1874, Anna O. Hoium utvandra til Amerika med foreldri i 1891 og gifte seg i Crow Wing Co., Minn. 15.3.1897 med enkjemannen Tønnes Ommundson, opphavleg frå Haughom i Bakke, Vest-Agder, i Amerika kjend som Tonnes O. Skibeli. Han var son av husmann Ommund Olson på ein plass under Haughom og kona Siri Torgrimsdotter frå Røyland i Fjotland og f. i Bakke 22.12.1851. Han gifte seg første gongen i Bakke 28.6.1871 med Anna Malene, kjend som Malena Tollaksdotter frå Rundås i Bakke. Ho var dotter av gardbrukar Tollak Nilsson på Rundås, opphavleg frå Espetveit, og kona Dortha Pedersdotter frå ##### (opphavet hennar? – f. Bakke 1804) og f. i Bakke 25.2.1838. Tønnes og Malena var gardbrukarar på Skibelid i Bakke i fleire år, men i 1880 utvandra mannen til Amerika. Malena fór etter til Amerika i 1881. ##### (place of residence of Tonnes and Malena in the US?? – apparently at Coon Prairie, Vernon Co., WI?) men Malena d. i Viroqua, Wis. 18.5.1890. Tonnes Skibeli flytte til Minnesota i 1894, og frå 1898 farma han og Anna i Ideal township, Crow Wing Co., Minn., men i 1913 flytte dei til Oslo, Marshall Co., Minn. der Tonnes var hotelleigar («hotel owner and operator»). Han d. i Oslo, Minn. 4.12.1915, og Anna gifte seg 23.5.1921 att i Thief River Falls, Minn. med Hubert B. ##### (middle name? – first name Herbert?) kjend som Bert Wilcox, f. i Lapeer Co., Mich. 26.4.1872. Han hadde vore gift to gongar før og hadde mellom anna farma i Ideal township, Crow Wing Co., Minn., men var skild. Bert og Anna slo seg ned som farmarar i Oak Park township, Marshall Co., Minn. der Anna d. 29.9.1945. Bert Wilcox d. på ein gamleheim i Warren, Minn. 22.8.1964. Tonnes fekk fem born i første ekteskapet sitt med Malena, medan Anna fekk desse fem borni, som alle var frå ekteskapet med Tonnes Skibeli: a. Clarence David Skibley, f. i Crow Wing Co., Minn. 28.7.1895, d. i Portland, Ore. 17.11.1961. Han gifte seg ##### (date and place of Clarence’s marriage? – 1919/1920! – Oslo, Marshall Co., MN??) med Sadie Margaret Krytzer, f. i Clay Co., Ind. 10.8.1895. Ho d. i Portland, Ore. 28.2.1980. Clarence var tømmerarbeidar («lumber yard worker»), medan Sadie var lærar («school teacher»). Dei budde ei tid i Hammond, Lake Co., Ind. og sidan i North Dakota, ##### (where in North Dakota did they reside?) men flytte i 1943 til Portland, Multnomah Co., Ore. Dei fekk to døtrer i lag. b. Oscar Theodore Skibeli, f. i Crow Wing Co., Minn. 20.3.1898, d. i Elgin, Ill. 30.3.1983. Oscar gifte seg i Oslo, Minn. 23.12.1919 med Ida Christina Grenlin. Ho var f. i Marshall Co., Minn. 11.8.1899 og d. i Elgin, Ill. 12.1.1990. Oscar var snikkar («carpenter»), og han og Ida budde i Oslo, Marshall Co., Minn., men flytte i ##### (year of removal from Oslo, MN to Elgin, IL? – between 1923 and 1930!) til Elgin, Kane Co., Ill. der Oscar livnærte seg som tømmerkøyrar og byggarbeidar («lumber company truck driver and construction worker»). Dei fekk to døtrer i lag. c. Emma Sophie Skibeli, f. i Crow Wing Co., Minn. 17.11.1899, d. i Oslo, Minn. 8.4.1978. Emma gifte seg i Oslo, Minn. 6.6.1919 med Gilbert Casper Tinnes, f. i Marshall Co., Minn. 17.9.1895. Han d. i Oslo, Minn. 23.1.1946. Gilbert og Emma Tinnes farma i Oak Park township, Marshall Co., Minn. og fekk to born i lag. d. Alma Theoline Skibeli, f. i Crow Wing Co., Minn. 20.4.1904, d. i Elgin, Ill. 16.5.1928. Alma gifte seg i Marshall Co., Minn. 8.8.1920 med Ole Emil Pederson, f. i Marshall Co., Minn. 6.9.1896. Han d. i Sacramento, Cal. 4.10.1981. ##### (Ole remarried a woman named Aurora who had 4 children!) ##### (Ole’s occupation and place of their residence? – apparenly a watch factory worker at Elgin, IL? – NB: 1930 census shows one Ole E. Pederson, 33 years old, born in Minnesota by Norwegian parents, widowed, machinist in a milk factory! – could this be him??) Dei fekk to born i lag. e. Gustav Arthur, kjend som Gust Skibley, f. i Crow Wing Co., Minn. 8.5.1910, d. ##### (place of Gust’s death? – Hampshire, Kane Co., IL?) 28.5.1973. Gust gifte seg i Warren, Minn. 6.12.1945 med Myretta Louise Wilson, f. i Walsh Co., N.D. 19.3.1922. Ho d. i Elgin, Ill. 14.8.2005. Gust var speditør («dray line owner and operator»), og han og Myretta budde i Elgin, Kane Co., Ill. Dei fekk fire born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for all hjelp eg kan få til å freista «klara opp» i denne huslyden!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.