Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'sylvesterson'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Dette er huslyden til ein av brørne til dei etterlyste Christen og Nils Sølfestssøner - sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/201223-christen-1819-og-nils-1822-sølfestssøner-frå-bergebøen-i-luster-flytte-til-bergen-på-1840-talet-men-vert-borte-kvar-hamna-dei-til-åfjord/ Men i motsetnad til Christen og Nils utvandra Sølfest Sølfestson alias Sylvester Sylvesterson til Amerika, og gjennom tre ekteskap og i alt 10 eigne og fleire steborn har han ei stor etterslekt i Amerika, som ikkje alle er like greie å halda styr på. Eg jobba mykje med denne huslyden tidleg på 1980-talet og fann mange detaljar, men diverre sette manglande kjeldetilgong den gongen ein stoppar for ein meir komplett biografi. No har eg greidd å fylla mange av hòli frå den gongen, men eg vert likevel ståande fast mange stadar og vonar på lite vetta hjelp i Brukarforum til å komma vidare. Her følgjer eit oppdatert manuskript med «utløparar» til mellom anna Overhalla og Ringsaker: ~~~~~~~~~~~~~~ Sølfest Sølfestson Berge, frå Bøen 1 under Berge, men ein tremenning av føregåande husmann på plassen, var f. 15.2.1827 og gifte seg første gongen 15.6.1853 med Johanna Johannesdotter frå Hagen under Ottum, f. 8.9.1820. Men Johanna d. som husmannskone på Berge alt 23.1.1860, og Sølfest gifte seg 29.1.1863 att med søster hennar, Martha Johannesdotter, òg frå Hagen under Ottum, f. 21.8.1831. Sølfest tok over som husmann her på Bøen 2 frå 1853 og dreiv plassen til 1866. Då vart ogso denne plassen på Bøen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden. Sylvester Sylvesterson og andre kona Martha utvandra til Amerika i 1866, og etter nokre år i Dane Co., Wis. slo dei seg ned som farmarar i Modena township, Buffalo Co., Wis. der Martha d. ##### (date of her death?) 1882. Sylvester gifte seg so tredje gongen i Buffalo Co., Wis. 3.7.1890 med enkja Johanna Lovise Olsdotter, opphavleg frå Grandaunet i Ranem, Overhalla, då kjend som Johanna Ramstad. Ho var dotter av husmann Ole Einerson på Jenssædet under Grandaunet, opphavleg frå sjølve Grandaunet, og kona Maren Salomonsdotter frå Sellothen og f. i Overhalla 1.10.1835. Ho gifte seg første gongen i Overhalla 20.9.1865 med Christen Olson frå ##### (opphavet hans? – fødd Fåberg i Gudbrandsdalen kring 1829 – sjå vigsli Overhalla: https://media.digitalarkivet.no/view/2508/98 Dei budde nokre år i Namsos, men utvandra til Amerika i 1882 med Wabasha, Minn. som reisemål. Christen Ramstad d. i Buffalo Co., Wis. 16.7.1887. Sylvester og Johanna vart buande på farmen hans i Modena township, Buffalo Co., Wis., og der d. Sylvester Sylvesterson 30.9.1902. Johanna skal vera avlidi i Buffalo Co., Wis. etter ei bilulukke ##### (date and place of her death?) 1916. Sylvester Sylvesterson fekk i alt ti born, fire frå første ekteskapet og seks frå det andre. Med Johanna Ramstad fekk han ikkje born, men ho hadde ##### (minst to døtrer) frå første ekteskapet sitt, og ei av døtrene vart gift med ein emigrant frå Luster: a. Sølfest, kjend som Sylvester Sylvesterson, Jr., f. i Luster 6.3.1854, utvandra med faren og stemori til Amerika i 1866 og d. i Crookston, Minn. 8.12.1890. Han gifte seg i Buffalo Co., Wis. 28.3.1885 med Bertha Engebretson, f. i ##### (place of her birth?) Wis. 25.11.1865 og d. i Crookston, Minn. 8.9.1938. Sylvester og Bertha Sylvesterson farma i Kertsonville township, Polk Co., Wis. og fekk fire born i lag. b. Johannes, kjend som John Sylvesterson, f. i Luster 5.11.1855, utvandra òg med faren og stemori til Amerika i 1866 og d. i Crookston, Minn. 14.5.1928. Han gifte seg i Polk Co., Minn. 14.7.1883 med Toline Susanna, kjend som Susanna Harrison, stedotter av husmannen Torkild Pederson frå Hagen under Ottum (1825‑1861) og soleis søskenbarn av John. Ho var f. i Dane Co., Wis. 4.7.1866 og d. i Polk Co., Minn. 23.11.1917. John og Susanna farma i Fairfax township, Polk Co., Minn. og fekk fire born i lag. c. Christen, kjend som Chris Sylvester, f. i Luster 27.1.1858, utvandra til Amerika i 1866 og miste livet då han vart påkøyrd av eit tog nær Crookston, Minn. 11.4.1899. Han gifte seg i Polk Co., Minn. 11.12.1882 med Anna Olsdotter frå Geitskardalken, Almås i Åsane, Hamre, i Amerika kjend som Anna Morvig. Ho var dotter av gardbrukar Ole Olson på Geitskardalen, Almås, opphavleg frå Kogjerdet, Morvik, og kona Gjertrud Knutsdotter frå Tyssen på Evanger og f. i Hamre 3.11.1862, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1878. Chris og Anna Sylvester farma i Garfield township, Polk Co., Minn. Som enkje gifte Anna seg sidan att med gardbrukarson og enkjemann Hans Hansson Hoium frå Skildeim (1850‑1928) (s.d.). Ho d. i Fertile, Minn. 20.5.1935. Christ og Anna fekk ei dotter i lag (sjå under Skildeim). d. Johan, kjend som Joseph Sylvester, f. i Luster 15.1.1860, utvandra likeins med faren og stemori til Amerika i 1866 og d. i Story City, Ia. 2.7.1922. Han gifte seg i Crookston, Minn. 21.6.1910 med Bertha Elise Omvig, f. i Hamilton Co., Ia. 4.3.1875. Ho d. i Story City, Ia. 31.7.1950. Joseph farma i mange år i Russia township, Polk Co., Minn., men han og Bertha flytte kring 1918 som pensjonistar til Story City, Stry Co., Ia. Dei fekk to born i lag. e. Anna Sylvesterson, f. i Luster 8.10.1863, utvandra med foreldri til Amerika i 1866 og d. i Crookston, Minn. 3.11.1931. Ho gifte seg i Buffalo Co., Wis. 21.3.1885 med Sjur Andreasson frå Kvarberg nedre i Ringsaker, i Amerika kjend som Sever Quarberg. Han var son av husmann Andreas Olson på Skålsveen under Kvarberg nedre, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Mari Oudensdotter frå ##### (opphavet hennar? – vigsli Ringsaker 14.6.1848: https://media.digitalarkivet.no/view/6013/349 og f. i Ringsaker 23.5.1861. Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1876 og d. i Crookston, Minn. 10.11.1930. Anna og Sever Quarberg farma først i Onstad township, Polk Co., Minn., men flytte sidan til ein farm i Fairfax township, Polk Co., Minn. Dei fekk seks born i lag, mellom anna denne dotteri: ‑ Mathilda Marie Quarberg (1886‑1966), vart gift med Syver Lee (1883‑ ), son av gardbrukarsonen Otto Jensson frå Ormelid i Luster (1850‑1933) (s.d.). f. Nels Sylvester, f. i Dane Co., Wis. 5.3.1867, d. i Crookston, Minn. 3.10.1941. Han gifte seg i Polk Co., Minn. 11.11.1897 med Minnie Josephine Herberg, f. i Waseca Co., Minn. 25.8.1875. Ho d. i Crookston, Minn. 5.1.1970. Dei farma i Fairfax township, Polk Co., Minn. og fekk seks born i lag. g. Martha, kjend som Mary Sylvester, f. i Buffalo Co., Wis. 12.1.1869, d. i Tampa, Fla. 8.6.1932. Mary gifte seg i Minneapolis, Minn. 7.4.1898 med Frank M. ##### (middle name?) Moore, f. ##### (date and place of his birth? – MO 1863 or 1864!) Han d. i Tampa, Fla. 2.2.1941. Frank Moore var målar («house painter»), og han og Mary budde mange år i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men flytte kring 1916 til Winter Haven, Polk Co., Fla. og sidan vidare til Tampa, Hillsborough Co., Fla. Dei fekk tre born i lag. h. Alette, kjend som Lottie Sylvester, f. i Buffalo Co., Wis. 11.5.1870, d. i Minneapolis, Minn. 17.11.1930. Ho gifte seg i Chicago, Ill. 4.4.1891 med Otto Engebretson frå Hilmen i Nord-Aurdal, i Amerika kjend som Otto E. Hillman. Han var son av gardbrukar Engebret Olson på Hilmen og andre kona Astrid Halvorsdotter frå Døvresøygarden og f. i Nord-Aurdal 22.12.1860, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1874. Han d. i Hinsdale, Mont. 10.3.1948. Otto og Lottie Hillman dreiv først restaurant («restaurant owners») i Wabasha, Wabasha Co., Minn. til Otto i 1907 vart butikkeigar («store owner») i Modena, Buffalo Co., Wis. Frå 1927 dreiv dei so pensjonat («boardinghouse owners and operators») og budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. Dei fekk tre born i lag. i. Ole Sylvester, f. i Buffalo Co., Wis. 30.5.1872, d. i Wabasha Co., Minn. 29.7.1941. Han gifte seg i Buffalo Co., Wis. 24.5.1902 med Anna Bertina Peterson, dotter av husmannssonen Ellef Pederson frå Fura under Hauge i Luster (1853‑1908). Ho var f. i Buffalo Co., Wis. 30.7.1882 og d. i Wabasha Co., Minn. 23.3.1936. Ole og Anna Sylvester farma nær Kellogg, Wabasha Co., Minn. og fekk ni born i lag. j. Marie Johanna, kjend som Julia Sylvester, f. i Buffalo Co., Wis. 1.1.1875, d. i International Falls, Minn. 25.11.1915. Julia gifte seg i Wabasha Co., Minn. 28.7.1894 med Colonel Ole Wood, f. ##### (exact place of his birth? – WI – father Danish, mother Norwegian!) Wis. 25.11.1872. Han d. ##### (date and place of hs death? – after 1920!) Colonel Wood var sigarmakar («cigar maker»), medan Julia Wood var vertshushaldar («tavern owner») i Wabasha, Wabasha Co., Minn. og sidan i Crookston, Polk Co., Minn., men flytte kring 1908 til Bovey, Itasca Co., Minn. der ho var pensjonateigar («boardinghouse owner and operator»). ##### (later destiny Colonel? – 1917 Virginia, MN – 1918 Buhl, MN – 1920 Chisholm, MN – dau Ruth Marie born Wabasha, MN Dec. 5, 1897) Dei fekk ei dotter i lag. k. Olea Marianne, kjend som Mary Anna Ramstad (1876‑1912), dotter av Johanna og Christen Ramstad, vart gift med husmannssonen Ole Andreasson frå Helagåta under Dalsøyri i Luster (1863‑1946) (s.d.). ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.