Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'thon'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Eg har i over 40 år slite med å finna ut av denne huslyden frå Ål, som berre budde ei kort tid i Luster før dei i 1849 utvandra frå Ål til Amerika. Ein del har eg finne på eigi hand, mellom anna har eg i 1982 sett skiftet etter Ole Svendson Thon i Vernon Co., WI der det gjekk fram at sonen Helge «Harry» var avliden før far sin, men han hadde vore gift og hadde etterlete ein son! Eg har ingen kopi av dette skiftet, og no finn eg heller ikkje dei skanna skifti hjå ancestry.com... Kanskje kan nokon hjelpa meg finna ut kvar det vart av Helge «Harry» og yngste broren Ole, Jr.? Ogso opphavet til denne huslyden på Ål har stor interesse! Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Ole Svendson Thon, frå Sørbønsthon på Ål, var son av ##### (gardbrukar?) Svend Olson på Sørbønsthon, opphavleg frå ##### (kvar fødd og oppvaklsen?) og kona Gro Guttormsdotter frå ##### (kvar fødd og oppvaksi?) men f. i Grytten i Romsdalen 28.8.1812. Ole gifte seg på Ål 12.10.1840 med Anna Helgesdotter frå Gåsterud på Ål, ei søster av ovannemnde Ole Helgeson. Ho var likeins dotter av gardbrukar Helge Helgeson på Gåsterud og andre kona Guro Olsdotter frå Sveinsgard, Fire og f. på Ål 28.4.1816. Ole Thon var sølvsmed, og han og Anna kom hit til Luster kring 1844, på same tid som Ole Helgeson. Ole Thon var innerst i Åsen, og me trur han og kona budde her i Stegane i lag med Ole Helgeson fram til 1847. Alt før dei kom hit til Luster hadde Ole og Anna vore husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Sørbønsthon på Ål, og dit flytte dei attende i 1847. Derifrå utvandra dei so til Amerika i 1849. Under namni Ole og Anna Swenson finn me dei først i Avon township, Rock Co., Wis. der Ole livnærte seg som smed («blacksmith»), men først på 1860-talet finn me dei att som farmarar i Sterling township, Vernon Co., Wis. der Ole d. 17.1.1892. Anna Swenson d. same staden 10.2.1895. Dei fekk åtte born i lag: ##### (sjekka at alle er medkomne?) a. Gro Swenson (1840‑1904), utvandra med foreldri til Amerika i 1849 og vart gift med husmannssonen Thor Helgeson frå Øygarden under Dale (1840‑1889) (s.d.). b. Svend, kjend som Swen Swenson, f. på Ål 10.7.1842, ##### (lagnaden hans? – d. før 1855!) c. Helge, kjend som Harry Swenson, f. i Luster 24.2.1846, utvandra med foreldri til Amerika i 1849 og ##### (lagnaden hans? – var gift, men d. før 1892 – let etter seg ein son!) d. Guro, kjend som Julia Swenson, f. i Rock Co., Wis. 28.11.1849, d. i Vernon Co., Wis. 4.12.1885. Ho gifte seg i Vernon Co., Wis. 29.4.1871 med Christian Olson frå Kringli i Etnedal, Sør‑Aurdal, i Amerika kjend som Christian C. Olson. Han var son av husmann Ole Christianson på Skorren under Kringli, opphavleg frå ##### (kvar fødd og oppvaksen?) og kona Ragnhild Ellendsdotter frå ##### (kvar fødd og oppvaksi?) og f. i Etnedal, Sør‑Aurdal 27.7.1841. Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1850 og d. i Vernon Co., Wis. 1.8.1925. Som enkjemann gifte han seg att med Malena P. Skildum (1867‑1956), dotter av gardbrukar Peder Olson frå Skildeim (1844‑1916) (s.d.). Julia og Christian Olson farma i Sterling township, Vernon Co., Wis. og fekk seks born i lag. e. Bergit, kjend som Betsy Swenson (1852‑1893), vart gift med husmannssonen Salomon Olson frå Tallehagen under Talle (1850‑1915) (s.d.). f. Svennig, kjend som Swen Swenson, f. i Rock Co., Wis. 16.5.1855, d. i Rock Co., Wis. 10.6.1855. g. Anne Marie, kjend som Mary Swenson, f. i Rock Co., Wis. 9.9.1857, d. ugift i Vernon Co., Wis. 28.11.1883. h. Ole Swenson, Jr., f. i Rock Co., Wis. 5.8.1860, ##### (lagnaden hans? – levde 1880 – d. barnlaus før 1892?) ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.