Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'vestad'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 3 results

  1. Ole Larssen Vestad er far til mi farmor: Lovise Margrethe Olsdtr. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037403000783 Lovise Margrethe Olsdtr Vestad f. 14.10.1892 d. 31.7.1984. giftet seg med Bernhard Ingebrigtsen Hatlebak f 3.12.1890 d 10.1.1981. De flyttet til Bud. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037402001288 Problemstilling: hvordan kan jeg lete etter mer informasjon om Lovise Margrethe og Bernhard? - Om gårdsbruket (som jeg tror de overtok etter Ole Larssen Vestad) o Bostednr 0143 o Matr nr 47 o Løpenr/bnr 10 - Hva levde de av? o Hvor stor var garden når Ole Larssen Vestad hadde den? Jeg får ikke opp garden fra folketellingen fra 1865 eller 1875. Jeg finner informasjon om de på folketellingen i 1900. Men ikke noe særlig mer.
  2. Her følgjer so den eldste av tre brør frå Hauge i Luster som fór til Romsdalen på 1830-talet og som eg har greidd å finna ein del opplysningar om der oppe, men eg står fast på ein del detaljar, og no vonar eg på lokal ekspertise, eventuelt på hjelp frå ei bygdebok til å fylla dei siste «hòli»... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Elling Erikson {Hauge}, døypt {i Luster} 5.1.1791, gifte seg i Luster 22.9.1834 med Kari Pedersdotter frå Lereim i Sogndal. Ho var dotter av husmann Peder Pederson på Rygg under Lereim, opphavleg frå Kvåle i Sogndal, og kona Kari Madsdotter og vart døypt i Sogndal 26.1.1802. Elling Erikson og kona Kari flytte alt i 1834 til Veøy i Romsdalen for å ta over ein husmannsplass under garden Vestad, men flytte snart etter vidare til plassen Voldbakken under Malme i Fræna der Elling d. som husmann 11.9.1844. Kari Pedersdotter d. som husmannsenkje frå Voldbakken 26.11.1864, då med opphald på Sande i Fræna. Elling og Kari fekk fem born i lag: a. Erik Ellingson, f. i Luster 20.9.1832, flytte med foreldri til Romsdalen i 1834 og d. som husmann på Oterhals i Aukra 11.3.1897. Erik gifte seg i Aukra 2.7.1865 med Karen Thorine Larsdotter frå Løvik i Aukra, f. i Aukra 7.4.1833. Ho d. som enkje på Oterhals 28.10.1905. Erik og Karen vart plassfolk på Gjerdet under Oterhals i Aukra og fekk fire born i lag. b. Peder Ellingson, f. i Veøy 2.8.1835, d. som kårmann på Oterhals i Aukra 29.10.1914. Peder flytte i ung alder til Aukra som lærar og gifte seg i Aukra 10.9.1871 med Ingeborg Anna Nilsdotter frå Magerøy i Aukra. Ho var f. i Aukra 1.1.1847 og d. som kårkone på Oterhals 17.9.1908. Peder og Ingeborg Anna vart gardbrukarar på Oterhals i Aukra der dei budde levetidi ut. Dei fekk åtte born i lag. c. Elling Ellingson, f. i Veøy 12.7.1837, d. som kårmann ##### (stemmer dette?) på Vollbakken, Malmedal i Fræna ##### (dødsdatoen hans?) 1912. Elling flytte i 1868 til Bergen, men kom snart attende til Fræna der han 3.6.1873 gifte seg med Ane Marie, kjend som Maria Pedersdotter frå Rindarøy, Bjørnsund søndre. Ho var f. i Fræna 28.10.1851 og d. som enkje på Bjørnsund søndre i Fræna ##### (dødsdatoen hennar? – kring 1945!?) ##### (yrke og bustad? – 1900: visstnok fiskar og husmann(?) på Nesset under Bjørnsund søndre i Fræna – elles kva?) Dei fekk sju born i lag. d. Carl Ellingson, f. i Fræna 27.11.1840, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!) Carl gifte seg i Fræna 23.6.1872 med Gjertrud Pedersdotter frå Sande øvre i Fræna, ei sonestedotter av husmann Claus Johnson på ein plass under Sommernes i Fræna (1791-1854), opphavleg husmannsson frå Kinserdalen under Urnes i Hafslo. Gjertrud var f. på Vindedal ##### (sjekka fødestaden! – Sagøyni?) i Lærdal 22.4.1844, ##### (eller skal datoen vera 28.4.?) men flytte med foreldri til Fræna i 1845 og d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – i Fræna!) 1914. Carl og Gjertrud vart gardbrukarar på Svinøy i Fræna, men var barnlause. e. Ingebrigt Olaus Ellingson, f. i Fræna 6.11.1843, miste livet under fiske på sjøen ved Bjørnsund 15.4.1893. Han gifte seg i Fræna 13.7.1879 med Beret Martha Olsdotter, f. på Bjørnsund søndre i Fræna 23.11.1848. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!! – budde då på Skarhaugen som enkje!) Ingebrigt og Beret var gardbrukarar på Skarhaugen, Tornes øvre i Fræna, men Ingebrigt var òg fiskar. Dei fekk tre born i lag. ##### (sjekka talet på born?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Dette er ogso ein huslyd som eg arbeidde med på 1980-talet, men som eg grunna manglande kjeldetilgong ikkje greidde å gjera so fullstendig som eg ønskte meg, sjølv om eg den gongen hadde kontakt med dålevande etterkomarar... Kanskje er no tidi kommi til å fylla ein del av dei «hòli» som framleis finst? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye og spennande funn er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #16 nedanfor! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.