Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'vestad'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 5 resultater

  1. Denne gåta har forfulgt meg i snart 40 år. Kanskje er det nokon som har litt meir peiling på utvandring til New Zealand enn kva eg har? Anders Olson var fødd i Hafslo 13.1.1832 av foreldri Ole Andersson Ormberg og Ingeborg Olsdotter Oklevik. Huslyden flytte i 1843 til Ålesund, og Ole tok til å kalla seg VESTAD, men han miste livet på sjøen ved Ålesund alt 14.12.1843. Sist på 1860-talet utvandra enkja Ingeborg Vestad til Amerika i lag med dotteri Oliane Jacobine Vestad, f. 1843, og ho døydde i Buffalo Co., WI 22.7.1874. Eit skifte etter farbroren Johannes Andersson Ormberg slutta i 1870, fortel oss at Anders Olson VESTAD då var busett i Christchurch på New Zealand! Er det mogeleg å finna svar på nokon av desse utfordringane: ** Utvandringsåret til Amerika for Ingeborg Vestad og dotteri Oliane frå Ålesund sist på 1860-talet? ** Utvandringsåret for Anders Olson Vestad til New Zealand og opplysningar om lagnaden hans der nede? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Herman Magnus Henrikson VESTAD var fødd i Ålesund 31.12.1861 som son av snikkar Henrik Andersson Vestad (1829-1911) og kona Metta Marie Lorentsdotter Lindgaard (1831-1909). Siste gongen eg kan sjå han nemnd i våre kjelder er ved konfirmasjonen i Ålesund i 1877: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000210170 Han reiste heimefrå ikkje lenge etter, kan henda som sjømann(?), og foreldri høyrde ikkje noko til han på mange år til han ein dag brått òpna døri heime hjå foreldri i Ålesund, og etter kva det vert fortalt i slekti, vart mori då so overraska at ho svimte av! Men han forsvann på ny, og ingen høyrde noko meir gjete han! Er det i det heile mogeleg å finna ut kvar denne karen kan ha vorte av? Kan henda sjømann, kan henda til Amerika? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Ole Larssen Vestad er far til mi farmor: Lovise Margrethe Olsdtr. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037403000783 Lovise Margrethe Olsdtr Vestad f. 14.10.1892 d. 31.7.1984. giftet seg med Bernhard Ingebrigtsen Hatlebak f 3.12.1890 d 10.1.1981. De flyttet til Bud. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037402001288 Problemstilling: hvordan kan jeg lete etter mer informasjon om Lovise Margrethe og Bernhard? - Om gårdsbruket (som jeg tror de overtok etter Ole Larssen Vestad) o Bostednr 0143 o Matr nr 47 o Løpenr/bnr 10 - Hva levde de av? o Hvor stor var garden når Ole Larssen Vestad hadde den? Jeg får ikke opp garden fra folketellingen fra 1865 eller 1875. Jeg finner informasjon om de på folketellingen i 1900. Men ikke noe særlig mer.
  4. Her følgjer so den eldste av tre brør frå Hauge i Luster som fór til Romsdalen på 1830-talet og som eg har greidd å finna ein del opplysningar om der oppe, men eg står fast på ein del detaljar, og no vonar eg på lokal ekspertise, eventuelt på hjelp frå ei bygdebok til å fylla dei siste «hòli»... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Elling Erikson {Hauge}, døypt {i Luster} 5.1.1791, gifte seg i Luster 22.9.1834 med Kari Pedersdotter frå Lereim i Sogndal. Ho var dotter av husmann Peder Pederson på Rygg under Lereim, opphavleg frå Kvåle i Sogndal, og kona Kari Madsdotter og vart døypt i Sogndal 26.1.1802. Elling Erikson og kona Kari flytte alt i 1834 til Veøy i Romsdalen for å ta over ein husmannsplass under garden Vestad, men flytte snart etter vidare til plassen Voldbakken under Malme i Fræna der Elling d. som husmann 11.9.1844. Kari Pedersdotter d. som husmannsenkje frå Voldbakken 26.11.1864, då med opphald på Sande i Fræna. Elling og Kari fekk fem born i lag: a. Erik Ellingson, f. i Luster 20.9.1832, flytte med foreldri til Romsdalen i 1834 og d. som husmann på Oterhals i Aukra 11.3.1897. Erik gifte seg i Aukra 2.7.1865 med Karen Thorine Larsdotter frå Løvik i Aukra, f. i Aukra 7.4.1833. Ho d. som enkje på Oterhals 28.10.1905. Erik og Karen vart plassfolk på Gjerdet under Oterhals i Aukra og fekk fire born i lag. b. Peder Ellingson, f. i Veøy 2.8.1835, d. som kårmann på Oterhals i Aukra 29.10.1914. Peder flytte i ung alder til Aukra som lærar og gifte seg i Aukra 10.9.1871 med Ingeborg Anna Nilsdotter frå Magerøy i Aukra. Ho var f. i Aukra 1.1.1847 og d. som kårkone på Oterhals 17.9.1908. Peder og Ingeborg Anna vart gardbrukarar på Oterhals i Aukra der dei budde levetidi ut. Dei fekk åtte born i lag. c. Elling Ellingson, f. i Veøy 12.7.1837, d. som kårmann ##### (stemmer dette?) på Vollbakken, Malmedal i Fræna ##### (dødsdatoen hans?) 1912. Elling flytte i 1868 til Bergen, men kom snart attende til Fræna der han 3.6.1873 gifte seg med Ane Marie, kjend som Maria Pedersdotter frå Rindarøy, Bjørnsund søndre. Ho var f. i Fræna 28.10.1851 og d. som enkje på Bjørnsund søndre i Fræna ##### (dødsdatoen hennar? – kring 1945!?) ##### (yrke og bustad? – 1900: visstnok fiskar og husmann(?) på Nesset under Bjørnsund søndre i Fræna – elles kva?) Dei fekk sju born i lag. d. Carl Ellingson, f. i Fræna 27.11.1840, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!) Carl gifte seg i Fræna 23.6.1872 med Gjertrud Pedersdotter frå Sande øvre i Fræna, ei sonestedotter av husmann Claus Johnson på ein plass under Sommernes i Fræna (1791-1854), opphavleg husmannsson frå Kinserdalen under Urnes i Hafslo. Gjertrud var f. på Vindedal ##### (sjekka fødestaden! – Sagøyni?) i Lærdal 22.4.1844, ##### (eller skal datoen vera 28.4.?) men flytte med foreldri til Fræna i 1845 og d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – i Fræna!) 1914. Carl og Gjertrud vart gardbrukarar på Svinøy i Fræna, men var barnlause. e. Ingebrigt Olaus Ellingson, f. i Fræna 6.11.1843, miste livet under fiske på sjøen ved Bjørnsund 15.4.1893. Han gifte seg i Fræna 13.7.1879 med Beret Martha Olsdotter, f. på Bjørnsund søndre i Fræna 23.11.1848. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!! – budde då på Skarhaugen som enkje!) Ingebrigt og Beret var gardbrukarar på Skarhaugen, Tornes øvre i Fræna, men Ingebrigt var òg fiskar. Dei fekk tre born i lag. ##### (sjekka talet på born?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Dette er ogso ein huslyd som eg arbeidde med på 1980-talet, men som eg grunna manglande kjeldetilgong ikkje greidde å gjera so fullstendig som eg ønskte meg, sjølv om eg den gongen hadde kontakt med dålevande etterkomarar... Kanskje er no tidi kommi til å fylla ein del av dei «hòli» som framleis finst? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye og spennande funn er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #16 nedanfor! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.