Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'wisconsin'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

  1. Eg er i kveld komen borti ein emigrant frå Ringsaker som synest ha ein noko «komplisert» ættebakgrunn, og no vonar eg at ein eller annan med lokal kunnskap kan hjelpa meg vidare? Carl Christianson, i Amerika kjend som Charlie Christianson, var fødd på Ringsaker 18.10.1859. Foreldri hans var ungkar og innerst Christian Haagenson Herbergseiget og innerstjente Agnetha Johnsdotter Sæhli (og noko eg ikkje greier å lesa) i Almenningen: https://media.digitalarkivet.no/view/8843/86 Ifølgje opplysningar frå Amerika skal Charlie ha utvandra i 1882. Han gifte seg i Vernon Co., WI 17.5.1899 med Anna Kirstina Knutson, fødd i Vernon Co., WI 14.4.1879 av foreldre frå Aurland og Luster i Sogn. Er det nokon med lokal kunnskap på Ringsaker som kan hjelpa meg finna ut: * På kva plass/gard er Carl Christianson oppvaksen? Hjå mor eller far? * Stemmer utvandringsåret 1882? * Yrke og bustad samt opphav til far Christian Haagenson? * Yrke og bustad samt opphav til mor Agnetha Johnsdotter? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande ei heile stund, og no vonar eg at tidi er kommi til å finna eit svar på denne gåta: August Swanson, ukjende foreldre, skal ifølgje dødsattesten hans vera fødd i Sverige 16.6.1868. Han døydde i Viroqua, WI 9.11.1945. Han var gift to gonger, først i Minneapolis, MN 1.6.1895 med Christine Sophie Haugen (Hogan) (1868-1915) og sidan i Viroqua, WI 15.11.1917 med enkja Christine Fortney Christianson (1870-1946) som først hadde vore gift med ein halvbror av bestemor mi frå Luster. Båe jentene var 100% av Luster-ætt! Men kven var denne svensken som blanda seg inn i sognemiljøet i Wisconsin? Her er han i FT1900 med fødselsår 1867 og utvandringsår 1887: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6SWT-YL Her er han i FT1910 med fødselsår 1868/1869 og utvandringsår 1888: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYV-SQ52 Her er han i FT1920 med fødselsår 1867 og utvandringsår 1887: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVZ-GS4 Her er han i FT1930 med fødselsår 1868/1869 og utvandringsår 1886: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RZK-ZRH Eg er interessert i nøyaktig fødestad og -dato samt utvandringsår og fulle namn på foreldri hans med yrke og opphav. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Hans Ingebrigtson Øvrebø var fødd i Luster 7.12.1859. Han var «uekte» son av Anna Olsdotter Øvrebø (1840-1889) og Ingebrigt Torbjørnson Rønnei (1833-1916): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/100 Mori Anna gifte seg sidan med Nils Sjurson Talle (1833-1914), og dei utvandra til Amerika i 1878. Under namni Nels og Anna Tally (eller Talley) slo dei seg ned som farmarar i Franklin township, Vernon Co., WI. Dei fekk seks born i lag, og heile huslyden, bortsett oifråmto ugifte døtrer, som flytte til Minneapolis, MN, vart dei buande i Vernon Co., WI. Sonen ho hadde frå før, Hans Ingebrigtson Øvrebø, utvandra året etter, i 1879, og me finn han att i FT1880 som farmarbeidar i Sterling township, Vernon Co., WI berre knappe ti kilometer frå mori og stefaren: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBV-92P5 Men dette er det siste me ser til Hans. Han er tydeleg bortflytt, men utan at nærare opplysningar ligg føre. Etterkomarar etter halvsøskeni som eg har vore i kontakt med, kan heller ikkje hjelpa meg vidare! Ser me på vigselslistene frå Wisconsin og nabostatane, finn eg berre eitt alternativ som eg tykkjer passer so nokolunde: ~~~~~~~~~~ Name Hans Ingebertson Event Type Marriage Event Date 21 Jun 1883 Event Place Dunn, Wisconsin, United States Gender Male Spouse's Name Anette Solberg Spouse's Gender Female ~~~~~~~~~~ Men dette parfolket finn eg ikkje att i folketeljingar eller andre kjelder... Eg ville vorte svært so glad om Hans kunne oppsporast i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Eg vil i dag gjerne få henta fram ein huslyd frå Nes i Luster som til no har fått liti merksemd, men etter at det syner seg so å seia heile ætti hamna i Amerika, vonar eg at nokon kan hjelpa meg finna fleire detaljar om dei? Biografien for foreldri er komplett, men eg «kavar» svært med: * Dotteri Inga og mann hennar frå Strinda - som synest forsvinna etter 1885!? * Opphavet til svigersonen Johan Adolph og svigerdotteri Laura Christine, søsken frå Spandet i Lade sokn, Strinda? * Opphavet til svigerdotteri Ingeborg frå Hadeland? * Og endeleg lagnaden til dotteri Nilsiona Chriostine, sopm eg ikkkje har finni korkje avlidi i Loddefjord eller utvandra til Amerika? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Peder Jensson {Næs}, f. {i Luster} 18.12.1834, Peder Jensson flytte i ung alder til Loddefjord ved Bergen der han 1.6.1857 gifte seg med Synneva Nilsdotter frå Myren, Laksevåg. Ho var dotter av gardbrukar Nils Nilsson på Myren, Laksevåg, opphavleg frå Sæterdalen i Bruvik, Haus, og kona Inga Gundersdotter frå Risnes i Manger og f. på Hjelme i Manger 23.2.1832. Peder var fiskar, og han og Synneva slo seg ned som plassfolk i Mindestraumen ved Håkonshella i Loddefjord der Peder d. 21.9.1879. Synneva utvandra til Amerika i 1882, og under namnet Synneva Peterson finn me ho att hjå borni hennar i Stoughton, Dane Co., Wis. der ho d. 12.4.1897. Peder og Synneva fekk elleve born i lag: a. Inga Lovise Peterson, f. i Loddefjord 10.3.1858, utvandra til Amerika med mori i 1882 og gifte seg i Stoughton, Wis. 25.3.1884 med Johan Adolph Johanson frå Spandet i Strinda, i Amerika kjend som ##### (American name? – John A. Johnson?) Han var son av husmann Johan Gunerius Nilsson på Tendneden under Spandet, opphavleg frå ##### (f. Malvik sokn Strinda 1833 – vigsli 18.10.1857 seier fødd på Aunet i Malvig: https://media.digitalarkivet.no/view/2355/296 og kona Karen Andreasdotter frå ##### (f. Fosen i Ørlandet 1827 – vigsli 1857 seier Korsvigen i Storfosen!?) og f. i Lade, Strinda 5.6.1863, men utvandra til Amerika i 1882. ##### (occupation and place of residence?) ##### (their deaths?) ##### (number of sons and daughters? – incl.: * Johan Cato – f. First Lutheran, Stoughton, WI 3.1.1885 – date hard to read!) b. Jens Peterson, f. i Loddefjord 7.5.1859, utvandra òg med mori til Amerika i 1882 og gifte seg første gongen i Stoughton, Wis. 8.10.1884 med Martha Helene Olsdotter frå Håland i Alversund, i Amerika kjend som Helena Olson. Ho var dotter av gardbrukar Ole Monsson på Håland, opphavleg frå Skare i Seim, Hosanger, og kona Ingeborg Hansdotter frå Erstad i Alversund og f. i Alversund 19.1.1863, men utvandra til Amerika i ##### (year of emigration?) Men Helena d. i Stoughton, Wis. 30.4.1894, og Jens gifte seg 25.1.1895 att i Stoughton, Wis. med enkja Ingeborg Andersdotter, opphavleg frå ##### (Norwegian origin? – Hadeland!?) i Amerika kjend som Ingeborg Amundson. Ho var dotter av ##### (parents Anders Hanson and Ingeborg Anderson – full names? – yrke og bustad?) ##### (date and place of her birth? – Feb. 1857 or 1858? – or May 1857?) ##### (year of emigration?) Jens Peterson var ei tid slaktar («meat market owner and operator»), men vart sidan vognfabrikkarbeidar ( «wagon shop repair man»). Han budde i Stoughton, Dane Co., Wis. der han d. 30.8.1924. Ingeborg Peterson d. same staden 15.3.1944. ##### (his obit: Stoughton Courier Sep. 2, 1924) ##### (number of sons and daughters from both marriages? – he had at least three children by 1st wife and one by Ingeborg!) c. Nilsina Christine Pedersdotter, f. i Loddefjord 24.12.1860, ##### (levde i 1865 – ikkje konf. i Loddefjord – lagnaden hennar?) d. Johanna Severine Pedersdotter, f. i Loddefjord 31.12.1862, d. i Loddefjord 13.4.1863. e. Johanna Serenne Pedersdotter, f. i Loddefjord 29.1.1864, d. i Loddefjord 21.3.1869. f. Nikolai, kjend som Nickolai Peterson, f. i Loddefjord 1.2.1866, utvandra med mori til Amerika i 1882 og gifte seg i Stoughton, Wis. 13.12.1885 med Laura Christine Johansdotter frå Spandet i Strinda, i Amerika kjend som Laura Johnson. Ho var dotter av husmann Johan Gunerius Nilsson på Tendneden under Spandet, opphavleg frå ##### (f. Malvik sokn Strinda 1833 – vigsli 18.10.1857 seier fødd på Aunet i Malvig: https://media.digitalarkivet.no/view/2355/296 og kona Karen Andreasdotter frå ##### (f. Fosen i Ørlandet 1827 – vigsli 1857 seier Korsvigen i Storfosen!?) og f. i Lade, Strinda 5.6.1863, men utvandra til Amerika i 1884. Nickolai dreiv slaktebutikk («meat market owner and operator»), og han og Laura budde i Stoughton, Dane Co., Wis. der Laura d. 22.5.1902. Nickolai Peterson d. ##### (date and place of his death?) Dei fekk seks born i lag. g. Peder Pederson, f. i Loddefjord 22.9.1868, d. i Loddefjord 10.10.1868. h. Johannes Severin, kjend som John S. Peterson, f. i Loddefjord 15.5.1871, utvandra med mori til Amerika i 1882 og gifte seg i Stoughton, Wis. 21.5.1896 med Anna Bentson, ##### (full name etc. - born Utica, WI Dec. 1874) John og Anna busette seg i Stoughton, Dane Co., Wis. der John var målar og smed ved vognfabrikken («wagon shop painter and blacksmith») og sidan tobakksarbeidar («tobacco worker»). John d. i Stoughton, Wis. 25.11.1940, medan Anna Peterson d. same staden 11.5.1941. Dei fekk åtte born i lag. ##### (to be verified!?) i. Pernille Pedersdotter, f. i Loddefjord 9.12.1872, d. i Loddefjord 10.12.1872. j. Ingeborg Johanne Pedersdotter, f. i Loddefjord 15.1.1874, d. i Loddefjord 24.10.1874. k. Pernille Serenne Pedersdotter, f. i Loddefjord 3.10.1876, d. i Loddefjord 5.10.1876. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Andreas Larsson var fødd i Buksnes 15.10.1849 som yngst av sju born av foreldri Lars Hermundson (1811-1855) og kona Anna Larsdotter (1811-1898) båe fødde og oppvaksne i Hafslo i Sogn. Då Andreas var 6 år gamal, sette faren livet til då han 15.12.1855 var på ein handelsreise til Stamsund og forliste. Eg syner til følgjande tema der denne saki er dukka opp: https://forum.arkivverket.no/topic/201631-øyanes-påskenøtt-2-torger-christenson-1814-1862-frå-luster-via-vågan-til-st-croix-co-wi-1858-huslyden-hans-og-svigerdøtrene/ Det dukkar opp ein «fosterson» Andreas, fødd 1849, hjå Torger Christenson (1814-1862) og kona Malena Larsdotter (1818-1906) i Svolvær. Malena var ei søster av Anna , og kva er då meir naturleg, sidan Andreas heilt «forsvinn» for oss, at han var denne fostersonen og at han i 1858 utvandra til Amerika med mosteri og mann hennari? Eg kom på sporet etter Andreas då eg studerte FT1870 for Cylon township, St. Croix Co., WI der ein Andrew Lewison på 21 år farma nabofarmen til Christian Torgerson (eg fekk ikkje til å henta denne fram i FamilySearch - her hjå ancestry.com):: https://www.ancestry.com/interactive/7163/4268813_00007?pid=5998542&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx7167%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3D1870usfedcen%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsfn%3DAndrew%26gsfn_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1849%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D2%26msbpn__ftp%3DNorway%26msbpn%3D5173%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msrpn__ftp%3DCylon,%20St%20Croix,%20Wisconsin,%20USA%26msrpn%3D54368%26msrpn_x%3D1%26msrpn__ftp_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D35%26fh%3D0%26h%3D5998542%26recoff%3D%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx7167&_phstart=successSource&usePUBJs=true Andrew Larson i FT1880 same stad: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBG-89Y?cc=1417683 Andrew Larson i FT1900 same stad: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-D8MW-NS1?i=5&cc=1325221 Andrew Larson i FT1905 same stad: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-63JW-QV1?cc=1443899 Andrew Larson i FT1910 same stad: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBS-9DW2?i=2&cc=1727033 Og her er vigsli til Andrew Larson og Albertine Swendson 7.2.1878: Name Andrew Larson Spouse's Name Albertina Swendson Event Date 07 Feb 1878 Event Place St Croix, Wisconsin, United States Father's Name Lars Larson Mother's Name Ann Larson Spouse's Father's Name Joseph Swendson Spouse's Mother's Name Swendson Eg finn forresten Albertine Swanson i Cylon township, St. Croix Co., WI i 1870 øvst på same side som der Andrew Lewison var (sjå over), der med foreldre Ingvar og Augusta Swanson... No er denne utfordringi redusert til følgjande: ** Finna lagnadane til Andrew og Albertine Larson etter 1905? ** Finna ein fødselsdato for Albertine (sept. 1855?) og eventuelt det norske opphavet til foreldri hennar? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  6. Dagens påskenøtt tek oss på ny til Amerika og ei ætt som eg har jobba mykje med gjennom åri! Anders Christopherson og Martha Ottesdotter utvandra frå Luster i 1862, og medan Martha døydde etter barselseng i 1874, levde ikkje Anders lenger enn til 1878, og då var eldste dotteri berre 23 år - ein «tøff» lagnad for denne huslyden med so mange små born! No vonar eg at nokon kan hjelpa meg leita etter dei detaljane som framleis manglar... Her er manuskriptet mitt pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange imponerande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #8 under! Særleg er eg oppteken av å finna lagnadane til dei to døtrene (Britha) Christine (fødd 1862) og (Ellen) Caroline (fødd 1867). Den første var gift, men vart enkje alt i 1885. Ho skal sidan ha butt i Iowa og i St. Louis, MO, men eg finn ho berre ikkje... Kan henda vart ho attgift?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ønskjer alle ein God Påske!
  7. Knut Haaverson Nundal, i Amerika kjend som Knute Bergum, var fødd i Luster 7.5.1864, men flytte kring 1870 til Nundal i Årdal med foreldri sine. I 1874 utvandra han so til Amerika i lag med mori, Siri Thoresdotter Nundal, då enkje og sidan kjend som Sarah Bergum (1825-1920). Knut, ein yngre bror Peder Christian Haaverson Nundal, i Amerika kjend som Christian Bergum (1867-1956) og mor deira skal først ha butt hjå ein eldre son Thore Haaverson Nundal, i Amerika kjend som Thomas Bergum (1847-1891) i Cherry Grove township, Goodhue Co., MN, men i 1887 flytte Thomas og mori til Springfield township, St. Croix Co.,. WI. Om Knute Bergum vert det fortalt følgjande: * Han gifte seg første gongen med ei Christine Johnson Shilton(?), fødd i Minnesota; Knute var smed, og dei skal ha butt i Bigfork, Itasca Co., MN, men Christine døydde ung. Dei fekk to born i lag: ** Howard Bergum, fødd i Wisconsin 10.2.1890 ** Margaret Bergum, fødd i Itasca eller Rice Co., MN 17.2.1896 Eg finn korkje Knute eller borni hans i FT1900, men i 1905 budde borni hjå onkelen Christian Bergum i Springfield township, St. Croix Co., WI! * Knute gifte seg som enkjemann att i Washburn Co., WI 6.12.1904 med enkja Sigrid Christensdotter, opphavleg frå Reiersgard i Flå, men då kjend som Sarah Johnson, fødd i Flå 6.8.1859 og visstnok utvandra med første mann sin (Ellef Johnson frå Ørgenvika i Krødsherad) i 1883. Knute Bergum heldt fram som smed, og dei budde for det meste i og nær Springbrook, Washburn Co., WI der Knute Bergum døydde 28.9.1940. Sarah skal vera avlidi i 1941 (dato og stad ukjende). Dei fekk ikkje born i lag men Sarah hadde fleire born frå første ekteskapet sitt, mellom anna sonen Chris Edwin Johnson som gifte seg med dotteri hans, Margaret Bergum! Den store utfordringi her gjeld den tidlege lagnaden til Knute Bergum og opplysningar om første ekteskapet hans! Eg ser at ein Knute Bergum på 29 år i 1895 var busett som «painter» i Minneapolis, Hennepin Co., MN, men kona hans heitte Maria, fødd i MN på 23 år og ei dotter Lillian, fødd i MN på 4 år. Alderen hans høver godt, men eg trur ikkje det kan vera han! https://www.ancestry.com/interactive/1058/MNV290_68-0488?pid=2109962&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx4665%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DMNstatecen%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsln%3DBergum%26gsln_x%3DNP_NN%26msrdy%3D1895%26msrdy_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D35%26fh%3D19%26h%3D2109962%26recoff%3D9%26ml_rpos%3D20&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4665&_phstart=successSource&usePUBJs=true So eg står ganske «bom fast» når det gjeld denne huslyden. Kanskje er det nokon som ser noko eg ikkje har sett? Kan til dømes ættenamnet Bergum vera feilskrive i amerikanske kjelder?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Agatha «Ida» Johnsdotter, fødd i Jostedalen 28.8.1857, utvandra med mor og stefar frå Luster i 1866 og voks opp i Buffalo Co., WI. Kring 1884 gifte ho seg første gongen med ein «Yankee»(?) med namnet David Schomp, og dei fekk tre døtrer i lag, men det kom kring 1891 til skilsmål, og Agatha gifte seg 14.1.1897 att i Buffalo Co., WI med Ole Finkelson Alme frå Luster (1854-1929), utvandra i 1882, og dei fekk to døtrer i lag. Dessutan adopterte Ole dei to døtrene hennar som då framleis levde. Eg har store vanskar med å identifisera denne første ektemannen, David Schomp og vonar at kanskje einkvan i Brukarforum kan hjelpa meg? Det som etterslekti fortalte meg for snart 40 år sidan, er at David etter skilsmålet skal ha flytt til Minneapolis, MN, men dette har det so langt ikkje vore mogeleg å finna noki stadfesting på! Her er barnedåpane til dei tre døtrene som David og Agatha fekk i lag: * Anna Katrina, fødd i Buffalo Co., WI 17.7.1885: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314994-00590?pid=3095222&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx5490%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msbdy%3D1886%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26msbpn__ftp%3DLyster,%20Buffalo%20County,%20Wisconsin,%20USA%26msbpn%3D408%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msmng%3DAgatha%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26fh%3D3%26h%3D3095222%26recoff%3D%26ml_rpos%3D4&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx5490&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_314994-00589 * Emma Turina, fødd i Buffalo Co., WI 8.2.1888: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314994-00590?pid=3095222&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx5490%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msbdy%3D1886%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26msbpn__ftp%3DLyster,%20Buffalo%20County,%20Wisconsin,%20USA%26msbpn%3D408%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msmng%3DAgatha%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26fh%3D3%26h%3D3095222%26recoff%3D%26ml_rpos%3D4&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx5490&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_314994-00590 * Inger Turina, fødd i Buffalo Co., WI 8.3.1890: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314994-00590?pid=3095222&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx5490%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msbdy%3D1886%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26msbpn__ftp%3DLyster,%20Buffalo%20County,%20Wisconsin,%20USA%26msbpn%3D408%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msmng%3DAgatha%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26fh%3D3%26h%3D3095222%26recoff%3D%26ml_rpos%3D4&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx5490&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_314994-00590 Det næraste eg kjem denne ektemannen i andre kjelder, er denne innførsli i FT1875 frå Wabasha, Wabasha Co., MN, som ligg rett over Mississippi-elvi frå Buffalo Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6X5S-4H9?i=9&cc=1503053 David Schomp 34 NY NY NY Eliza M Schomp 25 IA NY NY Edward Schomp 5 IA NY IA Elexington S. Schomp 3 MN NY IA Chas R. Schomp 1 MN NY IA og i FT1880 for Greenfield township, Wabasha Co., MN, då som enkjemann med tre born (men med fødestadar som ikkje «heng på greip»): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBN-99JF?i=8&cc=1417683 Dauer Scomp 40 Bad Bad Bad farmer Edwin Scomp 10 MN Bad Bad Charles Scomp 8 MN Bad Bad Larna Scomp 4 MN Bad Bad Yngste sonen finn me att som fødd i Wabasha, MN 2.5.1874 og avliden i Davenport, IA 2.11.1942: Name Charles W Schomp Event Type Death Event Date 02 Nov 1942 Event Place Davenport, Scott, Iowa, United States Event Place (Original) Davenport, Iowa Age 68 Birth Date 02 May 1874 Birthplace Wabasha, Minnesota Spouse's Name Amelia Schomp Certificate Number 62 I 1925 kjem Charles Schomp fram som fødd i Wisconsin, men faren heitte David Schomp: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9XP-9931-5?i=373&cc=2224537 I 1910 er Charles Schomp i Alma, Buffalo Co., WI innlosjert hjå Nels Hovland med foreldre frå Luster, men då er faren fødd i New Jersey, medan mori er fødd i US: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBM-S4ZM?i=5&cc=1727033 I 1910 finn me likeins Edward Schomp i Alma, Buffalo Co., WI, gift med fleire born, foreldri fødd i New Jersey og US: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBM-S4X6?i=4&cc=1727033 og vigsli hans (då kalla Edwin) i Buffalo Co., WI 19.10.1895 syner far David E. Schomp og mor Elizabeth M. Ringsbee: Name Edwin Schomp Event Type Marriage Event Date 19 Oct 1895 Event Place Alma, Buffalo, Wisconsin, United States Gender Male Race White Birthplace Davenport, Iowa Father's Name David E. Schomp Mother's Name Elisabeth M. Ringsbee Spouse's Name Emma Burg Spouse's Gender Female Spouse's Race White Spouse's Birthplace Alma, Wis. Spouse's Father's Name John Albert Burg Spouse's Mother's Name Elisabeth M. Gibbon På ancestry.com finn eg fleire family trees med ættenamnet Schomp, som sidan 1600-talet har butt i Hunterdon Co., New Jersey, men som opphavleg kom frå Flandern. Det er vel rimeleg å tru at «vår» David òg høyrer til der, eller kva meiner de? Etter dette er eg ganske so overtydd om at første mannen til Agatha «Ida» Johnson (Alme) må vera denne David E. Schomp som altso i 1880 var enkjemann og budde i Wabasha Co., MN, men følgjande utfordringar står att å løysa: ** Dato og stad for fødsli til David E. Schomp? ** Dato og stad for vigsli til David E. Schomp og Agatha «Ida» Johnson? ** Dato og stad for dødsfallet til David E. Schomp? ** Lagnaden til David E. Schomp etter 1891? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Eg har prøvd å finne igjen Anton Antonsson frå Lom i USA. Han var fødd på Graffershaugen i Lom 10. august 1864 som son til Anton Larson og Eli Arnesdotter. Her er dåpen: https://media.digitalarkivet.no/kb10040808201040 Han utvandra til USA i 1881 med Sleepy Eye, Minnesota som reisemål: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000952219. Eg har ikkje funne noko meir sikker informasjon om han etter dette. Familien i Wisconsin fortel at Anton fyrst budde i Wisconsin og vart gift der, angra seg og så flytta til Minnesota. Anton hadde ein bror, Ole Haugen, som budde i Maxville, Buffalo County, Wisconsin. På familysearch har eg funne ein Anton Anton(son) som blir gift i Buffalo County i 1890. Nokre av namna må vere forvanska, men foreldrenamna Anton og Ellen (Eli) kan stemme. Eg har ikkje funne lenke til originalkjelder og det er derfor vanskeleg å vite kva som faktisk står der. Northport of Norway er også litt uklart: Other information in the record of Anton Anton and Tora Lurson Alme from Wisconsin, County Marriages Name Anton Anton Event Type Marriage Event Date 08 Sep 1890 Event Place Maxville, Buffalo, Wisconsin, United States Gender Male Race White Birthplace Northport Of Norway Father's Name Anton Anton Mother's Name Ellen Anton Spouse's Name Tora Lurson Alme Spouse's Gender Female Spouse's Race White Spouse's Birthplace Northport of Norway Spouse's Father's Name Lewis Lurson Alme Spouse's Mother's Name Carrie Lurson Alme Citing this Record "Wisconsin, County Marriages, 1836-1911," database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XR2R-KPP : 3 June 2016), Anton Anton in entry for Anton Anton and Tora Lurson Alme, 08 Sep 1890; citing Maxville, Buffalo, Wisconsin, United States, Wisconsin Historical Society, Madison; FHL microfilm 1,275,781. No image available Wisconsin, County Marriages, 1836-1911 Er det nokon som veit om det finst onlineversjonar av Wisconsin County Marriages? Eg finn ikkje igjen vigsla til Anton i same kykjeboka som broren Ole er registrert gift i tre år før. Eg har heller ikkje funne igjen Tora eller foreldra andre kjelder eller folketeljingar. Nokon som kjenner opphavet eller lagnaden hennar. Kan ho ha opphav frå Alme i Luster? Slektningar i Wisconsin fortel at han arbeidde på eit hotell i Two Harbor og seinare på St James Hotel i Minneapolis. Både blant slektningar i Noreg og USA har det versert historier om at han vart drepen i eit slagsmål på ein bar. Eg har ikkje funne ut når han døydde, men Saint Paul Globe skriv 3. og 5. desember 1895 om ein Anton eller Andrew Antonson som døydde etter vådeskot. Eg veit ikkje om det er Anton frå Lom.
  10. So har eg fått ei ny kjempeutfordring å hanskas med i Amerika: Peder Christenson Aasen, yngste barn av gardbrukar Christen Christenson Aasen (1781-1870) og kona Lucris Iversdotter (1789-1869), var fødd i Hafslo 7.9.1834: https://media.digitalarkivet.no/view/11456/87 Han budde i 1865 hjå foreldri sine i Hafslo: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038260002664 Han utvandra til Amerika i 1867: https://media.digitalarkivet.no/view/6870/64 Peder hadde tre eldre søstrer, Kirsti (1824), Lucris (1825) og Cecilia (1829) som før hadde utvandra til Amerika og som alle budde i «kvar sin ende» av Dane Co., WI, ei av dei i Mt. Horeb, og nettopp i Mt. Horeb, Dane Co., WI finn eg ei «mistenkeleg» vigsle 14.2.1876: Peder Christofersen Aasen - 34 år - son av Christopher og LUCRICE Aasen Kari Johnsdotter - 42 år - dotter av John og Rønnaug Eilefson Forlovarar er Johannes Hillestad og ein Eilif Obele(?), og nettopp Johannes Hillestad var gift med Lucris Christensdotter!!! https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314951-00361?pid=3429275&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D3429275%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4894%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4894&_phstart=successSource&usePUBJs=true Til tross for avvik både i namn og alder, kan dette likevel vera «vår» Peder Christenson Aasen?? Når det gjeld Kari, finn eg ein god «kandidat» i denne jenta, sjølv om me ogso her ser eit visst avvik i alder...: Karen Johnsdotter, fødd i Lom 18.12.1831 som dotter av John Eilefson Nordjordet og Rønnaug Johnsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/9245/93 Kanskje ho som i 1865 var ugift på Kvernstuen i Lom hjå broren Eilef: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0514&kenr=002&bnr=0024&lnr=00 Eilif og Kari Kvernstuen utvandra frå Lom til Amerika i 1866: https://media.digitalarkivet.no/view/6072/272 MEN, eg finn ikkje nokon som liknar Peder og Kari i FT1880 for Dane Co., WI, so kvar vart det av dei?? Og, kan nokon stadfesta at eg har finne «rett» Peder og «rett» opphav til Kari Johnsdotter? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Chris(tian) F. Flack, fødd i Noreg juni 1853, utvandra 1893 og kona Lina M. (Flack), fødd i Noreg juni 1856, utvandra 1895 hadde mange born, dei fleste fødde i Noreg og utvandra med mori i 1895, mellom anna dotteri: * Christine Louise, fødd i Noreg kring 1885 Her er huslyden i ulike folketeljingar frå St. Croix Co., WI: * 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-D8MW-NQG?i=23&cc=1325221 * 1905: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-63JW-91J?i=2&cc=1443899 * 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBS-9CY2?i=22&cc=1727033 * 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRV4-V4W?i=12&cc=1488411 Då Christine Flack gifte seg i St. Croix Co., WI 22.12.1903, er fødestaden hennar oppgjeven som Levanger: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314835-00420?pid=4780006&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D4780006%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4627%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4627&_phstart=successSource&usePUBJs=true Eg finn i det nye digitalarkivet berre Levanger bysokn, og der finn eg ikkje Christine Louise døypt! Kvar er Levanger landsokn vorte av? Er det utifrå desse opplysningane mogeleg å finna: ** Nøyaktig dato og stad for fødsli til Christine Louise Flack? - sjå innlegg #2 nedanfor, fødd på Flak i Klinga sokn, Namsos 3.11.1885! ** Fulle namn på foreldri hennar samt yrkestitel til far, bustaden deira og opphavi til båe? ** Stadfesting av utvandringsåret 1895 for Christine Louise Flack? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  12. Eit nytt spørsmål er dukka opp frå Amerika, og eg står «bom fast». Kanskje nokon kan hjelpa meg? Torsten Christianson Sjøtveit, i Amerika kjend som Thomas C. Johnson, skal vera fødd i Noreg 28.5.1863, men gifte seg i Trempealeau Co., WI 6.7.1892 med Anna Josephine Call (Kilen), fødd i Crawford Co., WI 23.4.1859. Dei busette seg i Strum, Trempealeau Co., WI der Thomas døydde 7.8.1949. Ifølgje FT1910 utvandra Torsten i 1871: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYJ-B2N?i=3&cc=1727033 Er det mogeleg å finna ut: * Nøyaktig dato og stad for fødsli hans? * Utvandringsår? * Fulle namn på foreldri hans med opphav, yrke og bustad? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Endå ei utfordring er kommi frå Amerika: Christine Larsdotter, i Amerika kjend som Christine Johnson, skal vera fødd «nær» Lillehammer 5.9.1872. Ho gifte seg i Trempealeau Co., WI 18.3.1896 med John Albert Call, fødd i Crawford Co., WI 1.3.1864. Dei budde i Strum, Trempealeau Co., WI, men Christyine døydde i Eau Claire, WI 5.3.1954. Ifølgje slekt skal Christina ha utvandra til Amerika med foreldri sine i 1881, men FT1900 oppgjev 1885, medan FT1910 og FT1920 båe oppgjev 1880 som utvandringsår. Eg meiner eg har finne jenta hjå FamilySearch fødd 2.9.1872 i KVAM, Oppland som dotter av ein Lars Johannesson og Gunnhild Pedersdotter: Name Kristine Larsen Gender Female Birth Date 05 Sep 1872 Christening Date 20 Oct 1872 Christening Place KVAM,OPLAND,NORWAY Father's Name Lars Johannesen Mother's Name Gunhild Pedersdr Er det utifrå dette mogeleg å få greie på: * Nøyaktig fødestad? * Nøyaktig utvandringsår? * Yrke til far hennar, opphav til båe foreldri og bustaden deira? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. Ogso denne utfordringi er kommi frå Amerika: Otto Pederson Kosmo skal vera fødd i Solør. Noreg 18.4.1872 eller 1873, men utvandra visstnok alt i 1873 med foreldri sine til Wisconsin. Han gifte seg i Eau Claire, WI 1.12.1896 med Olena Louise Call, fødd i Crawford Co., WI 30.1.1868. Dei budde i Eau Claire, WI der Otto døydde 1.8.1944. Kan det vera han som er fødd på Kornmo i Brandval 18.4.1872: https://media.digitalarkivet.no/view/8880/57 FT1910, FT1920 og FT1930 seier alle at Otto utvandra i 1873! Er det mogeleg å finna ut: * Nøyaktig dato og stad for fødsli hans? * Nøyaktig utvandringsår? * Fulle namn på foreldri hans med yrke, opphav og bustad? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  15. Opphavet til denne jenta var oppe til drøfting alt i det gamle Brukarforum i 2002 under tema #9999, https://forum.arkivverket.no/topic/95910-9999-malena-monsdotter-1843-1880-frå-valestrand-hamre-til-wisconsin-–-opphav/?tab=comments#comment-787938 men etterslekti hennar har synt seg vera ei endå større utfordring, og desse spørsmåli står i dag framleis utan løysing. Eg attgjev frå manuskriptet mitt for garden Hillestad i Hafslo: ~~~~~~~~~~~~~~~ Peder Pederson (Hillestad), f. i Hafslo 12.2.1823, Peder P. Hillestad utvandra til Amerika i 1869 og gifte seg første gongen ##### (exact date and place of marriage? - about 1876?) med enkja Maila, kjend som Malena Monsdotter, opphavleg frå Morland i Fjell, då kjend som Malena Nelson. Ho var dotter av gardbrukar Mons Gudmundson på Morland, opphavleg frå Skår i Hamre, og første kona Pernilla Johannesdotter frå Valestrand i Hamre og f. i Hamre 4.12.1842. Malena gifte seg første gongen på Laksevåg (Askøy) 15.10.1865 med John Nilsson frå Myren, Laksevåg. Han var son av gardbrukar Nils Nilsson på Myren, Laksevåg, opphavleg frå Sæterdalen i Bruvik, Haus, og kona Inga Gundersdotter frå Risnes i Manger og f. på Morland i Fjell 17.6.1835. John og Malena utvandra til Amerika i 1866 og under namni John og Malena Nelson finn me dei att som farmarbeidarar (”farm laborers”) i Vienna township, Dane Co., Wis. der John d. ##### (exact date and place of his death? - about 1873?) Peter og Malena Hillestad busette seg i McFarland, Dane Co., Wis. der Peter var arbeidar (“laborer”). Men Malena d. i McFarland, Wis. ##### (exact date and place of her death? - fall of 1880!?) og Peter gifte seg 17.9.1881 att i Madison, Wis. med ei ny enkje, Ragnhild Andersdotter, opphavleg frå Tveiten i Manger, då kjend som Ragnhilda Monson. Ho var dotter av gardbrukar Anders Olson på Tveiten og kona Martha Ellingsdotter frå Toska og f. i Manger 13.10.1815. Ho gifte seg første gongen i Bergen 18.5.1845 med Jørgen Petersen Olson Hjelmersteen frå Bergen. Han var son av bøkkerarbeidsmann Ole Andreas Jørgenson Hjelmersteen Pedersen i Bergen og kona Margrethe Elisabeth Clausdotter Schrøder, òg frå Bergen, og f. i Bergen 15.2.1818. Jørgen var murarbeidar, og han og Ragnhild budde i Bergen til dei i 1865 utvandra til Amerika. Jørgen d. ##### (exact date and place of his death? - on the way over or shortly upon arrival?) og Ragnhilda gifte seg so først att i Dane Co., Wis. 12.10.1866 med enkjemannen Lars Johan Monsson frå Myren, Laksevåg (Askøy), i Amerika kjend som Lars Monson. Han var son av gardbrukar Mons Johannesson på Myren, Laksevåg, og kona Anna Stephensdotter frå Sætre og f. på Askøy 28.11.1825. Lars utvandra til Amerika med første kona Kirsti Olsdotter og fire born i 1862. Lars og Ragnhild busette seg i McFarland, Dane Co., Wis. der Lars d. 25.10.1878. Peter og Ragnhilda vart buande i McFarland, Dane Co., Wis. der Ragnhilda d. alt 8.2.1883. Peter P. Hillestad flytte i 1910 inn på ein gamleheim i Verona, Wis. der han d. 26.5.1911. Peter fekk to born, båe frå første ekteskapet med Malena, men me tek òg med dei tre borni som Malena hadde frå første ekteskapet sitt: a. Nils Martin Johnson, f. i Dane Co., Wis. 30.8.1866, d. ##### (date and place of his death? - shortly after birth?) b. Inga Johnson, f. i Dane Co., Wis. 13.2.1868, ##### (was alive in 1880 - later destiny?) c. Peder Johan, kjend som Peter Johnson, f. i Dane Co., Wis. 25.11.1871, ##### (was alive in 1880 - later destiny?) d. Johanna, kjend som Hanna Hillestad, f. i Dane Co., Wis. ##### (exact date of her birth? - fall of 1876!?) 1876, ##### (was alive in 1880 - later destiny? - died young?) e. Peder Martin Hillestad, f. i Dane Co., Wis. 19.1.1879, ##### (was alive in 1880 - later destiny? - died young?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg har leitt «høgt og lågt» etter desse borni, men ikkje finn eg nokon obituary etter faren frå 1911, og ikkje har eg greidd å finna dei i nokre av folketejingane, men kanskje er det nokon som har tips å komma med? Det ville vore ei fantastisk julegåve å få svar på nokre av desse spørsmåli, og eg takkar so mykje på førehand for all den bistand eg kan få!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.