Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'aaberg'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Dette er ei oppfølgjing av tema #7972 frå det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/93924-7972-nils-olson-hafslo-bremanger-sunnmøre/?tab=comments#comment-774656 og samstundes ein huslyd som Ivar Moe har mint meg om i eit anna innlegg og som eg svært gjerne vil henta fram att «frå gøymsli»! Ole Ellefson (1709-1764) og kona Susanna Hansdotter (1715-1763) var i mange år gardbrukarar på Mo i Hafslo, men flytte i 1762 til Sogndal der dei vart gardbrukarar på garden Åberge. Dei hadde åtte born i lag, mellom anna sonen Hans Olson (1744-1779) som døydde ugift i Sogndal. Ved skiftet etter denne Hans dagsewtt 3.2.1779: https://media.digitalarkivet.no/view/24141/221 kjem det fram interessante opplysningar om to av brørne hans: * Nils Olson, døypt i Hafslo 24.6.1747 - var 1779 busett på Sunnmøre * Halvor Olson, fødd i Hafslo kring 1750 - var 1779 busett i Danmark I det gamle emnet frå 2002 er eg ute med eit forslag som gjeld denne Nils Olson. Dersom han kalla opp mor si, Susanna, KAN han vera identisk med ein Nils Olson Qvalstad som med Malene Pedersdotter Osen fekk ei dotter Susanna døypt i Bremanger 10.10.1776: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005054878 men denne Susanna syner seg vera fødd utanfor ekteskap, so kanskje det likevel ikkje er han? FamilySearch syner forresten ei anna mor, Orlaug Andersdotter: Name Susanna Nilsen Gender Female Christening Date 10 Oct 1776 Christening Place , BREMANGER, SOGN OG FJORDANE, NORWAY Father's Name Niels Olsen Mother's Name Orloug Andersdr. Denne Susanna kan vera identisk med den Susanna Nilsdotter, 27 år, som i 1801 tente på Vågsberget i Selje og som i 1804 gifte seg med Lars Jeremiasson, gardbrukar på Nordpollen i Selje. Denne Susanna døydde i 1844. Selje ligg mellom Bremanger og Sunnmøre... Når det gjeld Halvor Olson, finn eg berre EIN god «kandidat» i vigselslistene hjå FamilySearch Name Halvor Olsen Spouse's Name Ane Margrethe Rasmusdr Event Date 03 Aug 1785 Event Place Garnisons Sogn, Kobenhavn, Kobenhavn, Denmark Kan det vera han?? Det hadde vore kjempemoro om me greidde å spora opp både Nils og Halvor, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.