Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'bjerk'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Denne huslyden med opphav frå garden Bjørk i Jostedalen samla eg opplysningar om tidleg på 1990-talet, og eg fann ei god del, men vart òg ståande fast på ein del. Kanskje er no tidi kommi til å gjera denne biografien noko meir fullstendig? Sonen Nicolai døydde kan henda ung, men dotteri Serene er eit «mysterium» Manuskriptet mitt ser pr. i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ Otto Tøgerson {Bjerk}, døypt {i Jostedalen} 16.9.1787, Otto Tygesen Bjerk flytte i ung alder til Bergen, kan henda var det som soldat, og der gifte han seg 3.9.1817 med Cecilia Nilsdotter frå Gåsemyr i Gloppen. Ho var dotter av gardbrukar Nils Jacobson på Gåsemyr, opphavleg frå ##### (kvar fødd og oppvaksen?) og kona Martha Gabrielsdotter frå Støve og vart døypt i Gloppen 12.1.1783. Otto livnærte seg i Bergen som famnesetjar, og han og Cecilia busette seg i Nedre Dynnersmuget der Cecilia d. 9.2.1839. Otto Tygesen d. same staden 2.2.1842. Dei fekk seks born i lag: a. Nicolai Søren Otteson Bjerk, f. i Bergen 1.4.1818, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kort etter fødsli?) b. Anne Martine Ottesdotter Bjerk, f. i Bergen 27.12.1819, d. i Bergen 27.11.1901. Anne gifte seg i Bergen 26.12.1839 med Ole Ellingson frå Alværn i Lavik, i Bergen kjend som Ole Alværn. Han vart døypt i Lavik 16.8.1812, men flytte i ung alder til Bergen og d. der 29.7.1868. Ole Alværn var snikkar, og han og Anne budde i Øvre Dynnersmug i Bergen. Dei fekk ##### (talet på søner og døtrer? – åtte?) born i lag. c. Tyge Olai Otteson Bjerk, f. i Bergen 30.8.1821, d. i Bergen 24.6.1843. Tyge var anglemakarsvein og budde i Kjældersmuget i Bergen, ugift. d. Serene Marie Ottesdotter Bjerk, f. i Bergen 14.5.1824, tente i 1847 hjå overrettsjustitiarius Riis i Bergen, ##### (lagnaden hennar?) e. Marthe Margrethe Ottesdotter Bjerk, f. i Bergen 21.4.1826, d. i Bergen 16.12.1859. Marthe gifte seg i Førde 18.6.1848 med Ole Eliasson frå Ramstad i Førde, i Bergen kjend som Ole Ramstad. Han var f. i Førde 8.9.1823 og d. i Bergen 6.8.1895. Som enkjemann gifte Ole seg 11.5.1862 andre gongen i Bergen med Christiane Rasmusdotter Knudsen, f. i Gravdal på Laksevåg 3.2.1829. Ho d. i Bergen 9.1.1869, og 2.6.1873 gifte Ole Ramstad seg tredje gongen i Bergen med Rakel Gurine Andersdotter Knudsen, også ho f. i Gravdal på Laksevåg 30.10.1836. Rakel d. i Bergen 10.8.1893. Ole Ramstad var tømmermann og budde lengste tidi i Nøstegaten i Bergen. Han fekk i alt ti born, seks frå første ekteskapet, tre frå andre ekteskapet og eitt frå det siste. f. Bolette Sophie Ottesdotter Bjerk, f. i Bergen 12.2.1829, var sjukleg og d. som legdelem i Bergen 1.11.1866, ugift. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.