NB: Emnetitelen endra etter kjempeoppdaging av Stine - sjå innlegg #4 og utover!
Gunnhild Marie Olson stod brur i Deuel Co., SD 26.6.1889 då ho gifte seg med Ole K. Johnson, fødd i Luster 18.12.1853 og utvandra herifrå i 1867. Gunnhild Marie er oppgjevi fødd 1.10.1841, og slekt i Amerika (etterkomarar etter adoptivsonen Oscar) meiner ganske sikkert ho skal vera kommi frå TELEMARK! Ho døydde i Deuel Co., SD 15.7.1912.
Eg finn ein ganske so «høveleg» kandidat i Sannidal der:
Gunnhild Marie Olsdotter var fødd 28.9. og døypt 10.10.1841 av foreldri arbeidsmann Ole Olson Quevig og kona Maren Andrea Jensdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/1394/251
Kanskje kan nokon med lokal kunnskap fortelja meg om det kan vera ho?
FT1900 syner utvandringsåret 1874: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-67HP-1M
FT1910 syner utvandringsåret 1862: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GT6Z-6TK
Dersom dette er «rett» Gunnhild Marie, er eg svært interessert i:
** Utvandringsåret hennar?
** Kvar voks Gunnhild Marie opp = bustaden til foreldri hennar?
** Yrke til far og opphavi (gard/plass) til båe foreldri?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!