Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'eig'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Eg startar ein ny tråd for Karen Knudson frå Våler som eg har etterlyst saman med syskena tidlegare: Karen Knutsdotter var fødd 23. apr. 1841, Våler i Solør. Ho nemnt Knudsen da ho vart gifta seg 24. mai 1868, Arkdale, Adams County, WI med Bernt O. Lund fødd 22. nov. 1839 på Ulfsbøl i Våler (Son til Ola Arnesson fødd på Nordre Børke i Hofog Ragnhild Bergersdatter fødd på Ulfsbøl i Våler). Det er kanskje Bernt som bur som ugift innerst og målar på Skarderud i Våler i 1865. Han utvandra til USA i 1866 og er da nemnt Audenby, men tok namnet Lund i USA. Dei busette seg i eller nær Blair, WI der minst tre ungar er døypt. I 1880 bur familien i Hixton, WI der namnet til Bernt er transkribert som Burnett og Karen er omtalt som Caroline i folkjeteljinga: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN4G-F8H Basert på folketeljnga har eg funne informasjon om fire ungar: 1. Reinholdt Lund fødd 16. okt. 1871, Wisconsin, kanskje i Blair, død 29. jan. 1942, Butte County, California, ugift. 2. Anna Olea Lund fødd 8. okt. 1872, visstnok i Hixton, Jackson, WI, men døypt i Blair, død 20. sep. 1951, Ironwood, MI, kom til Michigan i 1888, gift 26. jul. 1894, Bessemer, Gogebic, MI med Charles Johan Larson fødd 4. aug. 1866, Ånimskog, Sverige, død 12. jan. 1939, Ironwood, MI. Han kom til USA kring 1883 og arbeidde fyrst på bakeriet til broren. Frå 1892 var han postbod, seinare postbetjent og frå 1922 postmeister i Ironwood til han vart pensjonist i 1933. Dei hadde 5 born. 3. Carl Oscar Lund fødd 21. mar. 1875, døypt i Blair, WI, død før broren vart fødd i 1877 4. Carl Oscar Lund fødd 12. mar. 1877, døypt i Blair, WI, død 25. apr. 1919, Ironwood, MI. Han er nevnt som elektrikar i 1906 og var arbeidde på ein elektrisk fabrikk i 1910. Han vart gift 15. okt. 1906, Ironwoond, MI med Ada A. Ballore fødd 16. jan. 1886, Canada, død 28. feb. 1984, Paradise, Butte, CA. Dei hadde 6 born. Etter 1880 har eg ikkje funne sikker informasjon om foreldra i denne familien. I nekrologen til dottera Anna står det at ho kom til Michigan i 1888: Men det kjem ikkje fram om ho flytta dit saman med familien. Eg har ikkje funne ut når Bernt og Karen døydde, men det kan vere Bernt som døyr 10. sep. 1890 i Chicago, IL: Cook County, Illinois, Deaths Index, 1878-1922 Name B O Lund Birth Date abt 1839 Birth Place Norway Death Date 10 Sep 1890 Death Place Chicago, Cook, Illinois Burial Place Bessenna, Michigan Death Age 51 Occupation Farmer Race White Marital Status Widowed Gender Male FHL Film Number 1030955 Kan det vere at Karen har døydd kort tid etter 1880 og at Bernt har gifta seg nå nytt. Det er nemleg ein Bernt Lund, gift med Geoline Larson som døyper ei dotter Clara (fødd 18. okt. 1882) i Zion Churc, Blair, Wisconsion 19. nov. 1882. Ho blir konfirmert i Blair i 1898 og er da nemnt Clara Lund Gilbert, men ho bur i 1900 hjå onkelen Carl Solberg i Bessemer: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MSMW-Z82 Eit moment her er at da Oscar Lund døyr i 1919 er mora nemnt som Lina Solberg. Kan det ha vore ei forveksling ei stemora Geoline som altså var syster til Carl Solberg? Geoline var fødd i Åsnes, men foreldra kom til Solberg i Våler før 1870. Ho og Bernt dermed er i tilfelle frå same bygda. Ho vart konfirmert i Våler i 1875 (nr. 20) og fødselsedaoten er da oppgitt til 3. feb. 1860: https://media.digitalarkivet.no/kb20070126310197 Ho utvandra til USA i 1881: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000951246 Broren Carl var døyt Karlot i Våler i Solør 18. apr. 1870 (nr. 46): https://media.digitalarkivet.no/kb20070126310071 (Han er registrert som utflytta frå Våler berre 11 år gamal i 1881 (nr 8): https://media.digitalarkivet.no/kb20060725090373 Clara bur også 1910 hjå onkelen i Bessemer og vart gift i 1915 med Albert Ludvig Thompson. Clara døyr 23. nov. 1944 i Elgin, IL. Eg har ikkje klart å finne nokon nekrolog for henne. Det er vidare tre innførslar i Michigan, Death Records, 1867-1950 som kanskje kan knytas til Bernt: For det fyrste er det ein Benjamin Lund med kone Leda Lund, busette i Bessemer, MI som er foreldre til ei dotter Leda fødd i Wisconsin og død 3. des. 1887, 1 år og 10 månader gamal. Ein B. O. Lund og kona (som ikkje er namngjeven) var busette i Bessemer, MI og gravlegg to barn i 1888: Carl Rude Lund som var 5 månader og 14 dagar da han døydde 12. des. 1888, medan systera Lydia Lund var 1 år, 4 månader og 3 dagar da ho døydde 16. jan. 1888. Om Bernt har vore gift på nytt med Geoline kan han altså ha fått to barn i Wisconsin og flytta til Bessemer kring 1887. Det kan høve med at dottera Anna skal ha flytta til Michigan i 1888. Det er altså ein del spørsmål og lause trådar om denne familien (eller desse to familiane), inkludert: - Når døydde Karen Knutsdotter? - Når døydde Bernt O. Lund? - Er Bernt identisk med han som var gift med Geoline Larsdotter Solberg og er dei også foreldre til to eller tre barn som døyr i Bessemer, IL i 1887 og 1888? - Når døydde Geolie Larsdotter Solberg?
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.