Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'fresvik'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 2 results

  1. Eg har i minst 35 år spekulert på kvar det vart av søstrene Sophia og Mari Pedersdøtrer frå husmannsplassen i Skildeimskleivi under Søvde i Luster. Kanskje tidi no er mogi for å komm, vidare i desse spekulasjonane? Far til desse jentene hadde tre søstrer, som soleis vart fastrene deira, som alle i ung alder flytte til Fresvik, * Mari Johnsdotter (1733-1807) til Simleneset * Clara Johnsdotter (1738-1820) til Nyborg, Frønningen og sidan til Fimreite i Sogndal * Britha Johnsdotter (1743-1803) til Sagi, Frønningen Kan det tenkjast at Sophia og/eller Mari flytte til ei av desse etter at dei vart foreldrelause i so ung alder? Eller hamna dei kanskje i Vik? Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden i Skildeimskleivi: ~~~~~~~~~~~~~~ Peder Johnson Kleiven, frå Lavoll, vart døypt 26.11.1735 og vart gravlagd frå Kleivi 23.12.1784. Han gifte seg 20.11.1766 med Elisabeth Larsdotter frå Kleivi, Søvde (bnr. 4). Ho vart døypt 12.10.1741 og vart gravlagd som legdelem 7.5.1794 utan at bustaden vart nemnd. Peder og Elisabeth tok over plassen her i Skildeimskleivi 3 etter svogeren og søster hennar alt i 1766 og vart visstnok buande her levetidi ut. Dei fekk fem born i lag: 1. John Pederson (1765-1836), tente mellom anna på Rønnei og på Høyeim, men d. ugift i Kilen. 2. Lars Pederson (1768-1787), ugift. 3. Sophia Pedersdotter, døypt 8.12.1771, voks opp på Søvde, men tente på Nes i 1801. Sophia Pedersdotter ser ut til å vera fari frå bygdi kort etter hundreårsskiftet, ##### (lagnaden hennar? - kanskje til Fresvik?) 4. Ole Pederson (1775-1848), var sjukleg og budde visstnok på Feigum all sin dag der han òg d. ugift. 5. Mari Pedersdotter, døypt 22.2.1778, budde i Kleivi i 1785. Mari Pedersdotter må vera fari frå bygdi alt før ho vart konfirmert, ##### (lagnaden hennar? - kanskje til Fresvik?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ein huslyd som har lege hjå meg utan merksemd i mange år. Ein del opplysningar har eg greidd å finna, men eg står fast på ein del detaljar, særleg når det gjeld identifikasjon av foreldri på Lagmannsås i Fresvik og svigerdotteri Kirsti Olsdotter. Kanskje nokon med lokal kunnskap kan hjelpa meg vidare? Her følgjer siste versjon av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Ole Hansson Stegen, frå Lagmannsås i Fresvik, Leikanger, var son av gardbrukar Hans Bottolfson på Lagmannsås, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Eli Zachariasdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Leikanger kring 1742. ##### (dåpsdato?) Ole gifte seg i Leikanger 22.6.1767 med Ingeborg Torgersdotter frå Hengesteg (bnr. 1), døypt i Luster 17.8.1739. Ole og Ingeborg flytte straks til Luster og busette seg som plassfolk i Bjørkestegen. Her vart dei til plassen frå 1773 på ny vart liggjande øyde for ei tid. Truleg brukte både Ole Hansson og ovannemnde Iver heile Bjørkestegen, og det er umogeleg å seia nett kvar dei hadde stova si ståande, men den mest naturlege plassen har nok vore her i Bjørkestegen 1. Ole og Ingeborg flytte kring 1773 til Hauge sokn i Lærdal der ##### (bustaden deira i Lærdal?) men kriong 1778 flytte dei attende til Fresvik i Leikanger der dei vart husmannsfolk på Stegen under Bøtun, ein plass som visstnok vart oppkalla etter heimen dei hadde i Luster. Ingeborg vart gravlagd frå Stegen i Leikanger 9.6.1811, medan Ole Hansson vart gravlagd same staden 23.4.1815. Dei fekk fem born i lag: ##### (sjekka at alle er medkomne?) a. Hans Olson (1768‑1772), f. og d. i Luster. b. Torger Olson, dypt i Luster 31.12.1770, flytte med foreldri til Lærdal og vidare til Fresvik og vart gravlagd frå Stegen 21.5.1789. c. Hans Olson, f. i Lærdal 1.11.1773, d. som husmann på Hove i Leikanger 4.7.1848. Hans gifte seg i Leikanger 21.11.1808 med Lussi Aamundsdotter frå ##### (ein plass, men kva for ein?) under Bøtun, døypt i Leikanger 29.4.1780. Ho d. som husmannskone på Hove 12.2.1846. Hans og Lussi var husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Hove i Leiklanger og fekk tre born i lag. d. Christen Olson, f. i Lærdal 18.2.1776, vart gravlagd frå Bøtun i Leikanger 3.7.1814. Christen gifte seg ##### (dato og stad for vigsli hans? – kring 1807!) med Kirsti Olsdotter frå ##### (opphavet hennar?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1772?) og d. som husmannsenkje på Bøtun 21.3.1845. Som enkje gifte ho seg 27.3.1815 att i Leikanger med Ole Lasseson frå Skau, døypt i Leikanger 23.3.1782. Han d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Christen Olson delte heimeplassen på Stegen under Bøtun med broren Peder, og sidan fekk Ole Lasseson hand om same plassen. Kirsti fekk i alt tre søner, to frå første ekteskapet og ein frå det andre. e. Peder Olson, f. i Leikanger 2.4.1779, gifte seg første gongen i Sogndal 7.2.1806 med Gjøri Rasmusdotter frå Nes i Sogndal, ei dotter av husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes (1757-1820), opphavleg frå Løken under Kvam nedre i Hafslo. Ho vart døypt i Hafslo 29.5.1778, men vart gravlagd frå Bøtun 25.4.1813. Peder gifte seg 24.5.1813 att i Sogndal med Ingeborg Rasmusdotter, ei søster av Gjøri og likeins frå Grøt under Nes i Sogndal og dotter av husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes (1757-1820), opphavleg frå Løken under Kvam nedre i Hafslo. Ho vart døypt i Sogndal 20.9.1789. Peder delte som nemnt heimeplassen på Stegen under Bøtun med broren Christen, men kring 1821 flytte Peder og Ingeborg til Sogndalsfjøra under Årvoll i Sogndal der Peder ei tid var strandsitjar til dei kring 1824 flytte til Bergen. Peder livnærte seg der som smed, men er kalla «dimittert soldat» då han d. i Bergen 7.11.1834. Ingeborg gifte seg 9.10.1842 att i Krosskyrkja i Bergen med enkjemannen Mikkel Iverson, opphavleg frå Fosse ytre i Hamre, i Bergen kjend som Michael Iversen. Han vart døypt i Hamre 25.10.1793. Michael og Ingeborg budde som strandsitjarar på Jægersminde i Sandviken i Bergen der Michael d. 2.5.1866. Ingeborg d. som enkje same staden 10.5.1866. Peder fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.