Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'gaular'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 6 results

  1. Då eg første gongen jobba med den huslyden i førre hundreåret, greidde eg ikkje finna opphavet til Simon Christenson som 18.3.1801 gifte seg i Gaular med Anna Colbeinsdotter frå Råeim i Gaular. Eg fann ei dotter fødd i Gaular, men ingen flere born før etter at dei i 1812 var komne til Luster. Eg ville tru at dei sikkert nok hadde fleire born? Denne eldste dotteri gifte seg ut att i Førde og fekk mange born der ute, men fleire av desse forsvinn! No vonar eg på lite vetta hjelp til å skaffa eit betre overblikk over denne huslyden. Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~NB: Etter mange gode innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #20 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. I lensrekneskapane for 1646 [NRA, Rentekammeret, Bergenhus lensrekneskapar, pk. 108, legg 1, Rossteneste mikjelsmesse og jul 1646, Sunnfjord] finn me følgjande: Dale schibred [...] Laurids Nielsenn Ousen, vdj Sletteland vdj Dale sogen, smør ij løb, wdj Sande i Sandesogen, smør 1/2 løb. wdj Tunevold samme steds smør j Pund. [...] Denne Lars Nilsson synest vera avliden kring 1649, for deretter står enkja hans oppført som eigar, og noko seinare kjem Christen Nilsson som har 2 laup 2 pund smør på vegner av «hans salige broders børn». Det står ikkje at Christen Nilsson budde på Fuhr i Luster, men Christen Fuhr vert sidan nemnd som formyndar for brordotteri Karen Larsdotter i Bergen. I 1693 (etter Christen var avliden) vert desse tre karane nemnde som «nære paarørende» til Karen: * Peder Nilsson Hjermann (1640-1709) - var son av dansken Nils Nilsson Hjermann og Bertha Andersdotter Fuhr (dotter av Anders Larsson) * Mads Sørenson Dalsøren (1618-1697) - var son av Søren Larsson Talle og den ukjende kona Anna Madsdotter * Peder Monson Eide (1632-1694) - var son av Mons Antoniusson på Eide og kona Karen Johansdotter (Teiste), men første kona hans Peder, Susanna Henriksdotter Eilers, var dotter av NN Andersdotter Fuhr (dotter av Anders Larsson). Den einaste «fellesnemnaren» eg kan sjå i denne huslyden, er sambandet til dei to brørne, Søren og Anders Larssøner - som i «populærlitteraturen» har fått ættenamnet «Heiberg». Kan Lars Nilsson eller kona hans vera av same ætti?? Eg vonar at nokon med lokal kunnskap i Gaular kan sjå på dette og kanskje komma med tips om kven Lars og Christen Nilssøner kan ha vore??
  3. Er det mogeleg å finne navn på kona hans - og evt etterkommere? Andreas sine foreldre: Johannes Olsen (Espeland - Grov - Kumle) og Kari Arnesdtr. (Sauesund - Kumle) Er Andreas gravlagt i Cardiff? Evt. kvar? Ministerialbok for Den Norske Sjømannsmisjonen i Cardiff 1887-1932 (4606) Stilling/stand: Tømmermand Gift Bosted: 16 Taff Embankment, Cardiff - https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002662964 Record Collection: England and Wales Death Registration Index 1837-2007 Name: Andreas Johannesen Event Type: Death Registration Quarter:Jan-Feb-Mar Registration Year:1921 Registration District: Cardiff County: Glamorganshire Event Place: Cardiff, Glamorganshire, Wales Age: 65 Birth Year (Estimated): 1856 Volume: 11A Page: 403 Affiliate Line Number: 87 - https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QVH9-X1ZB Geni.com-profilen hans: https://www.geni.com/people/Andreas/6000000114641273032
  4. Anita S. Johannessen

    Mads Larsen Lundekvam, f. 24. desember 1784

    Nå er jeg tilbake til denne familien igjen. Det er noen år siden jeg sist jeg prøvde å nøste opp i dette, og noe har dukket opp den siste tiden. Så bla at foreldrene hans ble nevnt i programmet ANNO på NRK i 2016. Kilde (Katinka sine forfedre): https://www.nrk.no/kultur/anno-deltakernes-slektshistorier_-_-utrolig-og-tarevatt-1.12831254 Mads Larsen Lundekvam, f. 24. desember 1784, trolig gift med Anne Simonsdatter i 1805, og de får kanskje tre barn sammen. Mads har mange søsken, og flere brødre med samme navn som dør ung. Det er også født en Mads til med få års mellomrom med andre foreldre på Lundekvam. Det som gjør forvirringen total er vel at det også ser ut som begge disse Madsene har karriere som musketerer. Jeg ser også i en gammel debatt i arkivet at det nevnes en annen kone til Mads (Karen Jacobsdtr. Aase). Kilde: Jeg har også tidliger startet en tråd om denne familien som nå også ligger i arkivet: Detter er noe av det jeg nå har om familien: http://look.no/anita/slekt/webcards/wc05/wc05_290.html Mads har trolig vært bosatt på Lundekvam. Datteren Guri/Gurine Madsdatter er ektefødt 9 Sep 1811 i Holmedal prestegjeld. Så Mads har vært gift. Han får også Johanna f. 26. sept. 1813 og Anna f. 30. april 1819, men heller ikke her skal mors navn være nevnt. Så det jeg lurer på nå, er om noen kjenner til denne Anna Simonsdotter? Andre kilder (bygdeboken for Gaular): https://www.nb.no/items/2fed148ab682b803c694516275988c4d?page=569&searchText=bygdebok gaular
  5. Ole Alexander Brobakk

    Anders Olsen Foss

    Kan noen hjelpe meg å finne en bekreftelse på at Anders Olsen Foss ca 1857 er sønn til Ole Sørensen Foss 1833 & Marie Hansdatter Foss 1839. Ole & Marie er bosatt på Foss/Indreholmedal i Gaular Sogn & Fjordane. De har barna Ole Olsen Foss 1868, Ane Olsdatter Foss 1875, Gabriel Olsen Foss 1878. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053014001215 Jeg har tidligere linket Anders Olsen Foss mot Leikanger/Sogndal siden Foss navnet finnes begge plasser, dette har jeg nå gått bort fra. Anders Olsen Foss døde i Bergen 30/11/1907.
  6. Dette er ein utfordrande huslyd som eg arbeidde med for 35 år sidan, men som eg laut gje opp den gongen på grunn av mangelfulle eller utilgjengelege kjelder. Kanskje det i dag er lettare å finna svar på nokre av dei mange spørsmåli eg sat med den gongen? Nokre av dei har eg greidd, men langtifrå alle. Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Gjertrud Sørensdotter {Bringe/Eide}, døypt {i Luster} 5.5.1816. Om lag samstundes med at mori kom til Galden, flytte Gjertrud Sørensdotter til Bergen, og der gifte ho seg første gongen i Krosskyrkja 9.11.1834 med Johannes Danielson frå Hoff i Gaular, i Bergen kjend som Johannes Hoff. Han var son av husmann Daniel Danielson på Slåtten under Hoff, opphavleg frå ##### (opphavet hans? – frå Årdal i Jølster? - https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001548477 ) og kona Ingeborg Andersdotter frå #####c (opphavet hennar?) og f. i Gaular 2.1.1809. Johannes Hoff var gravar og dagarbeidar, og han og Gjertrud budde i Lille Øvregaten i Bergen der Johannes d. som almisselem 2.9.1851. Gjertrud gifte seg so 17.4.1859 att i Domkyrkja i Bergen med Jacob Michael Madsson Sørensen frå Bergen. Han var son av styrmann Mads Sørensen i Bergen og kona Berthe Karine Michelsdatter, òg frå Bergen, og f. i Bergen 5.4.1827. Jacob Sørensen var matros og sjauar, og han og Gjertrud budde ei tid i Skrivergaarden i Bergen, men ##### (kvar vart det av Jacob Michael?? – forsvinn frå Bergen mellom 1865 og 1875 – i 1875 er Gjertrud Sørensdotter «ugift» reinhaldar i 9. Rode 164 i Bergen – 1879 busett i 6-67/68 – sjømannsenkje!) Gjertrud d. som enkje i Bergen 5.5.1879. Ho fekk sju born, fem frå første ekteskapet og eitt frå det siste, dessutan eitt barn som ho fekk mellom dei to ekteskapi: a. Elen Johanne Gjertine Johannesdotter Hoff, f. i Bergen 15.6.1836, gifte seg i Buksnes 27.12.1877 med Johan Peter Martin Hansson frå Tussand i Buksnes, f. i Buksnes 15.10.1848. ##### (lagnaden deira? – 1877: bus. Rækstranden i Buksnes!) b. Didrik Demecher Andreas Johannesson Hoff, f. i Bergen 16.11.1839, d. i Bergen 30.5.1840. c. Dina Didrikke Andrine Johannesdotter Hoff (1841‑1900), vart gift med dagarbeidar Halvor Halvorson (1844-1909), ein strandsitjarson frå Marifjøra i Hafslo (s.d.). d. Anna Endrina Johanna Johannesdotter Hoff, f. i Bergen 8.10.1843, ##### (lagnaden hennar?) e. Ingeborg Amalia Johannesdotter Hoff, f. i Bergen 8.6.1846, d. i Bergen 9.9.1849. f. Johan Severin Olsen, son av Gjertrud og skomakarsvein Ole Andersen, var f. i Bergen 19.3.1854 og d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Johan gifte seg ##### (andre ekteskapet hans!?) i Johanneskyrkja i Bergen 23.5.1904 med Rakel Andrea Eliasdotter Pedersen frå Bergen, f. i Bergen 23.3.1852. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – 21.5.1927? - https://media.digitalarkivet.no/view/27864/388 Johan var snikkarsvein, og han og Rakel budde i Bergen levetidi ut. ##### (talet på søner og døtrer? – 1910: ingen!!) g. Gjert Jacobson Sørensen, f. i Bergen 16.1.1859, d. i Bergen same dag, ein halv time gamal. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg har sjekka ut dødsmeldingane i Bergen til både Gjertrud frå 1879, her er meldingi hennar: https://media.digitalarkivet.no/view/27886/13 og dotteri Dina frå 1900, men båe skifte var «fattigskifte» utan opplysningar om ervingar... Eg finn att sonen Johan Severin i FT1910, men namnet er vanleg, og eg har vanskar med å identifisera mannen i andre kjelder... Eldste dotteri ser ut til å vera flytt til Buksnes, men ho var «godt vaksi» do ho flytte dit, og eg ser ikkje noko meir til korkje ho eller mann hennar der oppe...!? Dotteri Andna Endrina Johanna er ei utfordring, og likeins lagnaden til Jacob Michael Sørensen! Og eg har vanskar med å definera opphavi til foreldri til Johannes Danielson Hoff frå Gaular/Jølster!? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.