I arbeidet med å skriva biografien til Anna Andersdotter Eide frå Luster i Sogn (1870-1918) er eg komen borti to svenske utfordringar. Ho gifte seg nemlig i Moorhead, MN 26.1.1895 med enkjemannen:
Samuel Antonius SVENSSON - som ifølgje eit ancestry family tree var fødd i «Hålland i Jämtland, Sweden» 15.8.1856. Han skal ha utvandra til Amerika i 1872 eller 1873!
Her er han i «find-a-grave» med fødselsåret 1855: https://www.findagrave.com/memorial/27775862/samuel-antonious-swensen
Denne Samuel gifte seg første gongen i Moorhead, MN 14.8.1880 med:
Ida Sophia BLOMBERG - i ancestry family treet kalla BLOMGREN - ho er oppgjevi med to ulike fødselsdatoar:
* 28.2.1852 i Kisa, Östergötlands län
* 15.9.1855 i Sverige
Her er ho i «find-a-grave», oppgjevi fødd i Kisa 15.9.1853: https://www.findagrave.com/memorial/27775928
Utvandringsåret hennar er ukjent.
Er det mogeleg utifrå desse opplysningane, for både Samuel og Ida, å finna ut:
** Fulle namn?
** Dato og stad for fødslene?
** Utvandringsåri?
** Fulle namn på foreldri med yrkestitel, bustad og opphav?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!