Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'hanson'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 7 results

  1. I freistnadane på å kartleggja det norske folket i Gilmanton township, Buffalo Co., WI er eg komen over ein ny huslyd som skapar frustrasjon (frå FT1870): Hanson, Hans 40 farmer Nor Hanson, Ingar 26 keeping house Nor Hanson, Marianna 6 at home WI Hanson, Tomer 4 at home WI Hanson, Tolina 2 at home WI Dwelling 1803: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6Q6W-C4?i=6&cc=1438024 Eg står fullstendig på «bar bakke» når det gjeld opphavet til denne huslyden og finn heller ikkje barnedåper for nokon av dei tre borni! Eg ville setja stor pris på hjelp og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. I ein freistnad på å identifisera dei tidlege norske emigrantane til Buffalo Co., WI står eg fast på denne huslyden som er plassert midt imellom ein heil masse emigrantar frå Luster i Sogn. Diverre er handskrifti svært vanskeleg å lesa: Huslyd #1917 på denne sida: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6Q6Q-M8 Eg les følgjande: * HANSON, Eli 50 år farmar f. Norway * HANSON, Christina 17 år dotter f. Norway * HANSON, Christ 11 år son f. Norway * HANSON, Sarah 8 år dotter f. Norway Greier nokon å identifisera denne huslyden, ville eg setja kjempestor pris på det! PS: Eli er ofte ei «amerikanisert» form av Elias. Elles kan det godt tenkjast at dei flytte vidare, for eg ser ikkje noko meir til dei i Buffalo Co., WI! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Sophia Andreasdotter (1875-1970) utvandra frå Kalhagen i Luster og busette seg i Washington, men eg har ikkje greidd å skaffa fram særleg mykje om lagnaden hennar. Eg saknar både vigsli hennar og opplysningar om kven han var den William Hanson som ho var gift med! No vonbar eg at nokon kan hjelpa meg med denne vesle huslyden? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange flotte innlegg er dette manusktriuptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #8 under: Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Utfordringi med dei fire brørne Hanson frå husmannsplassen Grandane under garden Drevdal i Luster som utvandra til Amerika og som berre «forsvinn», har lege hjå meg som eit «mareritt» sidan 1980-talet. Den gongen fanst det ingen tilgjengelege kjelder som kunne hjelpa finna dødsfall i California og Washington, men heller ikkje no greier eg finna ut nikom meir om dei, brtsett ifrå WW-drafts for yngste broren Martin. Det er liktalen etter John Hanson frå 1931 som fortel oss at tre av brørne då budde i Washington, men ingen adresse vert oppgjeven... Kanskje nokon kan hjelpa meg å endeleg finna lagnadane til desse gutane? Her følgjer eit oppdatert manuskript for søskenflokken: ~~~~~~~~~~~~~ Hans Torbjørnson Haugen, frå Øyane under Haugen, var f. 21.1.1844 og d. som husmann og enkjemann i Drevdalen 10.2.1923. Han gifte seg første gongen 1.5.1870 med Martha Johannesdotter frå Grandane under Øvrebø. Ho var f. 1.8.1841, men d. som husmannskone i Drevdalen 27.6.1898. Hans gifte seg så att 4.5.1900 med enkja Abelona Johannesdotter, opphavleg òg frå Grandane under Øvrebø og søster til første kona hans. Abelona var f. 14.10.1851 og hadde før vore gift med skomakar og husmannsson Lars Pederson frå Stølsbakkane under Joranger nedre i Hafslo (1845-1878). Abelona d. som husmannskone i Drevdalen 21.7.1911. Det ser ut til at Hans og første kona hans alt kring 1870 flytte inn på plassen på Grandane 7 under Øvrebø, som etter utskiftingi i 1860-åri hadde vorte lagd til Drevdal nordre, og her vart Hans buande levetidi ut. Etter at han var avliden i 1923, vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden. Stova vart ståande i mange år, men vart til sist rivi i samband med at det i 1951 på same tufti vart oppsett eit nytt stovehus på den utskilde parsellen Bekkheim, Drevdal nordre (bnr. 9). Hans Torbjørnson på Grandane fekk i alt sju born, som alle var frå første ekteskapet. Dessutan hadde Abelona fått ei dotter, medan ho var enkje etter første mannen sin. Ho hadde òg ei dotter i første ekteskapet, men den dotteri vert nemnd i Stølsbakkane under Joranger nedre i Hafslo: 1. Johannes Hansson Drevdal, f. 13.6.1865, gifte seg 6.5.1893 med Kari Johnsdotter frå Råum, f. 1.4.1865. John Hanson utvandra til Amerika alt i 1885, men kom altso heimatt for å gifta seg. Saman fór han og Kari til Amerika i 1893, og dei slo seg ned som farmarar i Walden township, Pope Co., Minn. der Kari d. 7.8.1907. John d. i Starbuck, Minn. 25.6.1931. Dei fekk fire born i lag: a. Marie Josephine Hanson, f. i Pope Co., Minn. 25.9.1893, d. i Starbuck, Minn. 15.12.1982. Marie var hushaldar («housekeeper») og budde på heimefarmen i Walden township, Pope Co., Minn. i lag med broren Edward, ugift. b. Henry Martinus Hanson, f. i Pope Co., Minn. 28.1.1895, d. i Glenwood, Minn. 8.1.1983. Henry gifte seg i Pope Co., Minn. 2.3.1927 med Edna Berntine Bogen. Ho var f. i Deuel Co., S.D. 30.8.1897 og d. i Glenwood, Minn. 5.3.1990. Henry og Edna Hanson farma i Walden township, Pope Co., Minn. og fekk to born i lag. c. Carolina Hanson, f. i Pope Co., Minn. 21.1.1900, d. i Pope Co., Minn. 23.1.1900. d. Edward Clarence Hanson, f. i Pope Co., Minn. 5.3.1906, d. i Glenwood, Minn. 28.2.1981. Edward Hanson tok over heimefarmen etter foreldri i Walden township, Pope Co., Minn. og budde der levetidi ut. Han var ugift. 2. Torbjørn Hansson Drevdal, f. 29.8.1870, Thom Hanson utvandra til Amerika i 1887 og busette seg i staten Washington der han framleis levde i 1931. ##### (lagnaden hans? – ugift?) 3. Hans Hansson Drevdal, f. 19.11.1872, Hans Hanson utvandra til Amerika i 1893 og skal ha vore busett i staten California der han visstnok d. kring 1928. ##### (lagnaden hans? – ugift?) 4. Christi Hansdotter Drevdal, f. 25.11.1874, Tina Hanson utvandra òg til Amerika i 1893, men busette seg først i Pope Co., Minn. Ho var hushaldar («housekeeper») og flytte etter ei tid til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho d. ugift 22.12.1916. 5. Henrik Hansson Drevdal (1877-1878). 6. Henrik Hansson Drevdal, f. 11.11.1879, Henry Hanson utvandra til Amerika i 1898 og var i 1900 farmarbeidar («farm laborer») i New Prairie township, Pope Co., Minn., men flytte sidan til staten Washington der han framleis levde i 1931. ##### (lagnaden hans? – ugift?) 7. Martin Hansson Drevdal, f. 21.10.1882, Martin Hanson utvandra til Amerika i 1902 og var i 1931 òg busett i staten Washington. ##### (lagnaden hans? – ugift?) WW1 draft: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/6482/images/005241960_01945?treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx23980&_phstart=successSource&pId=1046846 WW2 draft: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1002/images/32195_520306998_0069-00438?usePUB=true&_phsrc=Nzx23981&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=10637593 8. Johanna Olsdotter Øvrebø (1882-1937), dotter av Abelona og gardbrukar Ole Olson i Teigen, Øvrebø (1845-1912), vart gift med skomakar og husmann Sjur Olson Mo på Molund under Ottum (1877-1946). ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Hovudpersonen i dette emnet, Hans Hanson, var svigerson av Ole Olson på Øvrebø i Luster, omskriven i følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/265542-ingeborg-1850-peder-1852-og-susanna-1854-søsken-og-born-av-gardbrukar-ole-olson-i-teigen-øvrebø-i-luster-i-alle-fall-to-av-dei-til-amerika-men-eg-finn-ikkje-nokon-av-dei-att-hjelp/ I nemnde tema er fleire av innleggi «borti» denne svigersonen, og for å dje eit ski9kkeleg oversyn over huslyden, har eg valgt å ta denne æti opp som eige tema! Hans Hansson var frå garden Bolstad i Luster, men det var fleire huslydar i Vernon Co., WI med namnet Bolstad, og dei var ikkje alle av same ætt! Nokre av dei postane me finn hjå FamilySearch og likeins hjå ancestry.com synest svært «forvirrande» med til dels dei same førenamni, men med avvik i fødselsdatoar - stundom referert til som BOLSTAD og andre gongar referert til som HANSON. «Vår» Hans er nær sagt alltid referert til som HANSON. Berre ein gong finn eg han som BOLSTAD, og det er hjå find-a-grave på Belgum Ridge cemetery nær Viroqua, WI: https://www.findagrave.com/memorial/39354771/hans-bolstad Når det er sagt, manglar eg framleis ein del detaljar om denne huslyden, og eg ville setja stor pris på hjelp til å fylla på med manglande detaljar, dersom dette er mogeleg. Særleg er eg overraska over at vigsli mellm Hans Hanson og andre kona Bertha ikkje finst nokon stad! Ved FT1880 var ho hushaldaren bans, og sommaren 1881 var dei mann og kone då dotter deira vart fødd...! Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange fine opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #20 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Andreas Schjeldrup Knutson Rønnei (1845-1940) var søskenbarn til ei av oldemødrene mine, og alt på 1970-talet vitja eg etterkomarar nær Moorhead, MN. Diverre var det sørgeleg lite dei visste om slekti; dei trudde sogar dei var av svensk avstamming(!); men noko fekk eg tak i undervegs, og meir er komme til sidan. Eg står elles ganske so «bom fast» når det gjeld sogene til døtrene Sadie med mann «Mr» Blank og Nora, som aldri ville fortelja slekti noko om første ekteskapet sitt! No er kanskje tidi kommi for å få litt betre oversyn over denne huslyden, og eg presenterer med dette eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #7 under Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. (Thor) Christian Hansson (1818-1866) og kona Bertha Nilsdotter (1818-1887) var gardbrukarar på Flattun i Luster, men selde garden i 1854 og utvandra til Vernon Co., WI med fem born, som alle vart buande i Vernon Co., WI. Men etter dei kom fram til Amerika, fekk dei tre born til, og to av desse voks opp: * Britha Marie «Mary» C. Hanson, fødd i Dane Co., WI 2.8.1854 - skal ifølgje etterslekt av søskeni vore gift med ein «Mr.» MILLER og budde i Chicago, IL. Dei skal ha hatt to born i lag, Ida og Birdie... * Lars «Lewis» C. Hanson, fødd i Vernon Co., WI 20.10.1859, skal ifølgje slekti ha vore soldat, men miste livet i ei krigshandling - kan henda var han med i The Spanish-American War sist på 1890-talet? Eg har vore på leiting etter desse søskeni i mange år, og det hadde vore so kjekt å finna ut kvar det vart av dei... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.