Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'helmcamp'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Susanna Gjertsdotter Lerum alias Susie Jackson var fødd i Luster 9.3.1863, men utvandra til Amerika i 1881 og busette seg i Ft. Worth, TX der ho vart gift og fekk fire døtrer! Eg har i mange år slite med å finna fleire av vigslene til døtrene hennar, og no vonar eg at nokon kan hjelpa meg? Kanskje finst det avisoppslag? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Susanna Gjertsdotter Lerum, f. {i Luster} 9.3.1863, Susie Jackson Lerum utvandra til Amerika i 1881 og gifte seg i Ft. Worth, Tx. 12.4.1888 med William Ferdinand, kjend som Fredrick Helmcamp, f. i Ripley Co., Ind. 15.4.1867. Fredrick var ei tid spannkøyrar («teamster»), men vart sidan fôrhandlar («feedstore owner and operator»). Susie var i 1923 ein tur til Noreg på vitjing, men elles vart ho og Fredrick buande levetidi ut i Ft. Worth, Tarrant Co., Tx. Fredrick d. i Ft. Worth, Tx. 9.9.1940, medan Susie Helmcamp d. same staden 18.12.1958. Dei fekk fire døtrer i lag: a. Lillian Henrietta Helmcamp, f. i Tarrant Co., Tx. 22.10.­1888, d. i Ft. Worth, Tx. 4.5.1959. Ho gifte seg i Ft. Worth, Tx. 2.6.1910 med Leon Roy, kjend som Roy Ellis. Han var f. i Memphis, Tenn. 15.6.1888 og d. i Ft. Worth, Tx. 14.11.1972. Roy Ellis var kolonialkjøpmann («grocer»), og han og Lillian budde i Ft. Worth, Tarrant Co., Tx. Dei fekk fire døtrer i lag. b. Edna Claudine Helmcamp, f. i Tarrant Co., Tx. 30.4.1890, d. i Midland, Tx. 2.5.1965. Ho gifte seg første gongen i Ft. Worth, Tx. 28.10.1909 med John Wells Dawson, f. på Manhattan, N.Y. 27.2.1881. John var elektrikar («electrician»), og han og Edna budde for det meste i Ft. Worth, Tarrant Co., Tx. der John sette livet til ved eit ulukkeshende 30.6.1928. Edna gifte seg so 9.4.1932 att i Kansas City, Mo. med Edward Thornton Marsh, f. i Henry Co., Mo. 11.2.1892. Edward var dyrlækjar («veterinarian») og d. i Midland, Tx. 20.4.1965. Edward og Edna budde i St. Joseph, Buchanan Co., Mo. og i Odessa, Ector Co., Tx., men flytte i 1955 som pensjonistar til Midland, Midland Co., Tx. Edna fekk fire born, som alle frå første ekteskapet. c. Mabel Willie Helmcamp, f. i Tarrant Co., Tx. 18.12.1892, d. i Ft. Worth, Tx. 17.12.1967. Mabel gifte seg ##### (date and place of Mabel’s marriage? – 1913/1914? – Worth Co., TX?) med Roger Cleveland Neely, f. i Harland Co., Ky. 16.1.1886. Han d. i Ft. Worth, Tx. 18.1.1964. Roger Neely var trygdeagent (”insurance salesman”), og han og Mabel budde i Ft. Worth, Tarrant Co., Tx. Dei fekk ein son i lag.­ d. Ida Marguerite, kjend som Marguerite J. Helmcamp, f. i Tarrant Co., Tx. 18.12.1899, d. i Ft. Worth, Tx. 24.8.1944. Ho gifte seg ##### (date and place of Marguerite’s marriage? – 1918? – Worth Co., TX?) med John William Gorden, f. i Cisco, Tx. 26.9.1896. Han d. i Ft. Worth, Tx. 21.5.1955. John Gorden var bokhaldar («accountant»). Han og Marguerite budde i Ft. Worth, Tarrant Co., Tx. og fekk to døtrer i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.