Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'holst'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 4 resultater

  1. Peder Jørgenson på Skildeim (1582-1678) var ein av dei mektigaste bøndene i Luster på 1600-talet, særleg etter at han gifte seg inn i Holst-ætti frå Fardal i Sogndal og sidan i stormannsætti frå Venjum i Hafslo, men alt då eg jobba med denne ætti tidleg på 1980-talet oppdaga eg mange hòl i ættetavla. Me kjenner borni etter Peder Jørgenson, men fleire av dei yngste «forsvinn» for oss, og eg vil no ta opp denne huslyden til drøfting i Brukarforum med von om at kanskje nokon sit med kunnskap som gjer det mogeleg å kartleggja ogso desse ukjende delane av ætti!? Eg har eit oppdatert manuskript som i dag ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ Peder Jørgenson Skildum, truleg frå Drægni, var f. kring 1592 og d. på Skildeim kring 1678. Han gifte seg første gongen kring 1618 med Guri Torbjørnsdotter (Holst) frå Fardal i Sogndal. Ho var dotter av Torbjørn Jensson (Holst) på Fardal, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Kari Nilsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. der kring 1595. Men Guri d. på Skildeim alt kring 1635, og kring 1638 gifte Peder seg att med Martha Torstensdotter frå Venjum i Hafslo. Ho var f. i Hafslo kring 1617 og d. på Skildeim kring 1671. Peder Jørgenson kom til Skildeim som bygselsmann kring 1619 og vart buande her levetidi ut. Han kom aldri til å eiga noko av Skildeim, men han vart derimot eigar av nabogarden Hengesteg (s.d.). Han brukte då òg Hengesteg som underbruk under Skildeim frå kring 1626 like til han fall ifrå i 1678, men det ser ut til at ein eller fleire av sønene hans har styrt Hengesteg når faren trekte på åri. Peder Jørgenson på Skildeim fekk visstnok minst femten born, seks frå første ekteskapet og ni frå det andre: 1. Torbjørn Pederson (1620‑1648?), d. ugift eller i alle fall barnlaus. 2. Jørgen Pederson, f. kring 1622, gifte seg kring 1648 med Britha Olsdotter, opphavleg frå Sørheim, men sjå Berge i Fortun. Ho var truleg f. kring 1628. Faren Peder Jørgenson eigde mesteparten av det bruket på Loftesnes i Sogndal som sidan vart skrivargard, og dette bruket overtok Jørgen og Britha kring 1650. Jørgen dreiv den garden til han d. våren 1690. Britha Olsdotter d. ##### (dødsfallet hennar? - e. 1690!) Fire born levde att etter Jørgen i 1690: a. Torbjørn Jørgenson, f. i Sogndal kring 1650, vart gravlagd frå Loftesnes i Sogndal 14.8.1701, visstnok ugift. ##### (eller var han gift med Anna Staalesdotter, gravlagd Loftesnes 31.8.1704, 55 år, 10 uger?) b. Cecilia Jørgensdotter, f. i Sogndal kring 1665, vart gravlagd frå Vardeflåten i Sogndal 8.2.1733. Ho gifte seg første gongen med Ingebrigt Olson frå ##### (sjekka opphavet hans? - heitte han Olson? - fødsli hans?) Han d. kring 1699, og Cecilia gifte seg kring 1700 att med Peder Tollefson frå ##### (opphavet hans?) Han var f. kring 1673 og d. truleg i Kvam kring 1725. Både Ingebrigt og Peder var gardbrukarar i Kvam i Sogndal, men som enkje flytte Cecilia til Vardeflåten. Cecilia fell minst fire born, to frå kvart av ekteskapiu. ##### (sjekka borni? * Jørgen * Ingebrigt, f. 1701 - bus. Vardeflåten * Anders, f. 1704) c. Kari Jørgensdotter, f. i Sogndal kring 1668, vart gravlagd frå Loftesnes i Sogndal 12.2.1736. Ho gifte seg kring 1695 med Sten Nilsson, visstnok frå Ølnes i Sogndal og f. der kring 1659. Han vart gravlagd frå Loftesnes 16.9.1731. Sten og Kari hadde først eit bruk på Ølnes, men flytte kring 1707 til Loftesnes der dei tok over heimebruket hennar og sidan budde levetidi ut. Dei fekk minst seks born i lag. ##### (sjekka talet på born?) d. Peder Jørgenson, f. i Sogndal kring 1672, ##### (nemnd på Loftesnes 1701 - lagnaden hans?) 3. Anna Pedersdotter d.e. (1625‑1650), vart gift med gardbrukar Jens Dagfindson på Fet i Hafslo (1615-1695). 4. Christen Pederson (1627‑1700), vart gardbrukar på Sterri i Hafslo. 5. Henrik Pederson, f. kring 1630, Henrik Pederson flytte til Sogndal og gifte seg første gongen kring 1652 med Unni Monsdotter frå ##### (opphavet hennar?) Ho var visstnok òg f. kring 1630, men d. alt kring 1660, for kring 1662 gifte Henrik seg att med Anna Ellingsdotter frå ##### (opphavet hennar?) truleg var f. kring 1640. Henrik Pederson var gardbrukar på Lomelde i Sogndal der han d. kring 1693. Anna vart visstnok gravlagd frå Nornes i Sogndal 2.6.1727. Me kjenner til åtte born etter Henrik Lomelde, to frå første ekteskapet og seks frå det siste: a. Guri Henriksdotter, f. i Sogndal kring 1653, vart truleg gravlagd frå Thorstad i Sogndal 21.4.1731. Ho gifte seg kring 1675 gift med enkjemannen Baard ##### (farsnamnet hans? - opphav?) f. kring 1620. Baard vart gravlagd frå Thorstad 1.12.1698. Baard og Guri var gardbrukarar på Thorstad i Sogndal og fekk minst ein son i lag. ##### (sjekka borni? - son Ole Baardson på Thorstad, son hennar Guri?) b. Endre Henrikson, f. i Sogndal kring 1656, vart visstnok gravlagd frå Nornes i Sogndal 2.6.1727, same dagen som både kona og mori. ##### (kven var kona? - opphav etc.?) Dei fekk minst tre born i lag. ##### (sjekka borni?) c. Elling Henrikson, f. i Sogndal kring 1664, vart gravlagd frå Lomelde i Sogndal 24.11.1725. Han gifte seg kring 1714 med Gjertrud Gautesdotter frå Fimreite i Sogndal. Ho var f. i Sogndal kring 1685 og vart gravlagd frå Lomelde 21.7.1765. Som enkje gifte ho seg 3.1.1728 att med Ole Olson frå Ølmeim i Sogndal. Han vart døypt i Sogndal 20.9.1705, men vart gravlagd frå Lomelde alt 5.8.1731. Gjertrud gifte seg so tredje gongen i Sogndal 6.7.1732 med Jens Johannesson frå Eggum i Leikanger. Han vart døypt i Leikanger 31.7.1707 og vart gravlagd frå Lomelde i Sogndal same dagen som kona, 21.7.1765. Elling Henrikson tok over heimebruket på Lomelde i Sogndal etter foreldri, og der budde òg kona og dei to seinare ektemakane hennar. Elling og Gjertrud fekk ein son i lag, medan dei to andre ekteskapi hennar vart barnlause. d. Synneva Henriksdotter, f. i Sogndal kring 1667, vart gravlagd frå Melås i Sogndal 27.2.1707. Ho gifte seg kring 1690 med Christen Christenson frå Melås i Sogndal. Han var f. kring 1641 og d. truleg på Melås kring 1720. Som enkjemann gifte han seg 26.12.1708 att i Sogndal med Elisabeth Eriksdotter, ##### (oppl.?) Christen var gardbrukar på Melås i Norum, Sogndal, og i ekteskapet med Synneva hadde han minst fem born. ##### (sjekka?) e. Unni Henriksdotter, f. i Sogndal kring 1670, vart frå Eggum på Leikanger 4.12.1745. Unni gifte seg kring 1720 med enkjemannen Sjur Olson, opphavleg frå Borlaug indre på Leikanger. Han var f. på Leikanger kring 1678 og vart gravlagd frå Eggum 22.12.1759. Sjur og Unni var gardbrukarar på Eggum på Leikanger, men fekk ikkje born i lag. f. Torbjørn Henrikson, f. i Sogndal kring 1673, gifte seg i Sogndal 31.10.1700 med Ingeborg Svendsdotter, ##### (kvar vart det av dette parfolket?) g. Peder Henrikson, f. i Sogndal kring 1677, ##### (budde på Lomelde i 1701 - lagnaden hans?) h. Mikkel Henrikson, f. i Sogndal kring 1681, ##### (budde òg på Lomelde i 1701 - utskriven til hærteneste 28.10.1709 - dimittert før 29.7.1717 - lagnaden hans?) 6. Siri Pedersdotter, f. kring 1633, Siri Pedersdotter gifte seg kring 1655 med Lars Ellingson frå Øyre i Sogndal. Han var son av lensmann Elling ##### (farsnamnet hans?) på Øyre, opphavleg frå ##### (opphavet hans) og kona ##### (namn og opphav?) og f. på Øyre kring 1625. Lars og Siri tok over heimebruket hans på Øyre frå kring 1657 der Lars d. kring 1680. Siri gifte seg same året att med og vart buande der levetidi ut. Lars Ellingson d. på Øyre kring 1680, og same året gifte Siri seg att med Anders ##### (opphav, foreldre og fødselsår?) Dei heldt fram som gardbrukarar på Øyre i Sogndal der Anders d. kring 1690. Siri vart gravlagd frå Øyre 8.1.1699. Me kjenner til to born etter ho, som båe var frå første ekteskapet: ##### (fleire born? - opplysningar?) a. Johannes Larsson, f. i Sogndal kring 1660, d. på Øyre kring 1722. Han gifte seg kring 1680 med Martha Ellingsdotter frå ##### (opphavet hennar?) Ho var visstnok f. kring 1655 og d. på Øyre kring 1742. Johannes og Martha tok over bruket på Øyre i Sogndal etter foreldri hans og budde der levetidi ut. Dei fekk seks born i lag. b. Guri Larsdotter, f. i Sogndal kring 1662, d. på Skarsbø i Sogndal kring 1715. Ho gifte seg kring 1683 med Søren Gunderson frå ##### (opphavet hans?) f. kring 1651. Han d. òg på Skarsbø i Sogndal kring 1715, og skifte etter båe ektefellane vart halde på same tid. Dei var gardbrukarar på Skarsbø i Norum, Sogndal og fekk fem born i lag, mellom anna dotteri: ‑ Britha Sørensdotter (1685‑1741), vart gift med Peder Jensson på Ylvisker i Sogndal (1684-1745), ein son av gardbrukardotteri Anna Christensdotter frå Fuhr i Luster (1642‑1704) (s.d.). 7. Johannes Pederson (1639‑1710), hamna visstnok som husmann i Hesteskår under Heltne i Dale (s.d.). 8. Guri Pedersdotter (1642‑1694), vart gift med gardbrukar Anders Haaverson på Nes (1638‑1712). 9. Anders Pederson (1644-1704), vart gardbrukar på Urnes. 10. Lars Pederson (1647‑1718), vart gardbrukar her på Skildeim etter foreldri sine. 11. Torbjørn Pederson, d.y. (1649- ), vart gardbrukar på Urnes i Hafslo. 12. Anna Pedersdotter, d.y., f. kring 1652, Anna Pedersdotter gifte seg første gongen kring 1680 med Knut Iverson frå Voll nedre i Lærdal. Han var son av gardbrukar Iver Knutson på Voll nedre, kan henda frå Ljøsne nedre, og kona Gjertrud Monsdotter, kan henda frå Rikheim, og f. i Lærdal kring 1625. Kanskje hadde han vore gift før, men dette veit me ikkje noko sikkert om. Knut og Anna var gardbrukarar på Hunderi i Lærdal der Knut d. kring 1695. Anna gifte seg so att i Lærdal kring 1698 med Tørris Johnson frå Ljøsne øvre i Lærdal. Han var son av gardbrukar John Johannesson på Ljøsnbe øvre og kona Alis Tørrisdotter, òg frå Ljøsne øvre og f. i Lærdal kring 1672. Tørris tok over som gardbrukar på Hunderi, men d. der alt kring 1703. Anna gifte seg so tredje gongen i Lærdal kring 1705 med Erik Jensson frå Hauge i Lærdal, ein son av gardbrukardotteri Gunnhild Eriksdotter frå Ytre Eikjo i Hafslo (1643-1726). Han var f. i Lærdal kring 1672. Ogso Erik var gardbrukar på Hunderi i Lærdal, men so d. Anna på Hunderi våren 1716, ##### (gravferdsdato? - skifte heldt 24.4.1716) og Erik gifte seg 24.6.1716 att i Lærdal med Ingrid Olsdotter frå ##### (Ljøsne øvre? - oppl.?) Erik og Ingrid vart buande på Hunderi levetidi ut. Erik vart gravlagd frå Hunderi 4.6.1731, medan Ingrid d. ##### (dødsfallet hennar?) Anna på Hunderi fekk ein son, som var frå første ekteskapet: ##### (det levde i alle fall ikkje att fleire born etter ho i 1716!) a. Peder Knutson, f. i Lærdal kring 1687, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - reiste frå Lærdal kort etter kona døydde - ukjend bustad 1751!) Han gifte seg i Lærdal kring 1710 med prestedotteri Anna Hansdotter Leyrdahl frå Lærdal prestegard. Ho var f. kring 1687 og vart gravlagd frå Grøto 12.7.1747. Peder og Anna budde eit par år på Stebole i Lærdal, men var frå 1718 gardbrukarar på Grøto i Lærdal. Me kjenner til fem born etter dei. ##### (kan dei ha hatt fleire?) 13. Britha Pedersdotter, f. kring 1655, ##### (ugift i 1678 - lagnaden hennar?) 14. Kari Pedersdotter, f. kring 1657, ##### (ugift 1678 - lagnaden hennar?) 15. Synneva Pedersdotter, f. kring 1659, ##### (ugift 1678 - lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne ætti og vonar på spennande svar!
  2. Noen som vet hvor Ole Hansen Holst kom fra og om han var sogneprest andre steder før han kom til Rødøy? Han var ansatt som prest der fra 1756-1759 da han døde. Min 4xtippoldemor Marit Olsdatter Holst, født ca. 1753 også nevnt som Martha kan hun være en datter av denne presten? Marit ble gift med Nils Peter Norberg fra Sverige, de var bosatt i Trondheim, så flyttet de en periode til Kristiansund og kom senere tilbake til Trondheim igjen. Noen som kjenner historien og vet navnene på barneflokken til Ole Halsen Holst?
  3. Etter å ha lest litt i Tingbøkene for Sunnhordaland har det dukket opp noe som motsier Bygdebokas info.(Kvinnherad 4.) Kona til Johannes Bogsnes het Barbro Jakobsdatter. Hun var i følge SH.Tingbok.12.76B,77B.1665. datter av Bygdelensmann Jacop Persson på Sunde (Husnes. Kvinnherad.)Jakop var sønn av Presten Per Larsson i Førde (Vikebygd) Trolig het bror hans Anders Håvik-Berøy.Bømlo.Gift med Martha Viersdatter Totland. Barbro hadde ifølge TB beviselig minst 1 søster. Trolig het hun Gro, og er å finne på Sunde under koppskatten. (1645) Gro "Den eldre" bør være henne, som ektet Ole Guldbrandsson Meland (Bremnes og senere på Aksdal Fjelberg). Aksdal arvet Ole av sin svigerfar Jakop Sunde. Under debatt i 1665 om hvem som skulle få kjøpe Aksdal kom det frem at Johannes Bogsnes var gift med søsteren til Ole Gulbrandsens kone. Johannes mente da at han var den neste som var berettighet til å kjøpe gården. Ole Guldbrandsens svogre var også de 2 Lars sønnene på samme Sunde.(Husnes). Tingboka viser at disse to var Olavssønner. Dette kommer frem under en innstevning av Ole Gulbrandsen som vitne. (TB.5.51A.1655-56)(+ TB.3.13B) Han slapp etter loven å vitne mot sin svoger "unge" Lars Olavsson på Sunde. (TB.8.41B.) Saken gjaldt en ung mann hadde forsvunnet på havet under reise mot Bergen sammen med Lars Sunde. Gutten het Bendict Rolfsson fra Landa & Sjo. Mor het Guri Jetmundsdatter. Han var trolig en slektning av Landbonde Lars Rolfsson på Stussvik. Denne Lars var slekt av Lars sønnene på Sunde, og solgte de en gårdpart i Sunde. Enken Anna på Sunde var først gift med Sageier Olav på Sunde.Han døde rundt 1620. Hun fikk de 2 Larssønnene med han. Hun ble oppattgift med Jakop og fikk 2 døtre med han. Barbro bar farsnavnet Jakopsdatter på Boksnes. Søsteren Gro kan ha blitt født i det første ektet med Olav, men hun og Ole arver Aksdal etter Jakop Sunde. Enken Anna levde til etter 1657, og Jakop Sunde døde rett før 1657. (Side 313.Kv.4) Jakop Perssøn Sunde og Anders Håvik ble bøtelagte for å flytte liket til Laurits Holst fra Stord til Mostra-kirka. De var arvinger etter Holst. Dette står i sakefallslista. Det var vel helst Enka Anna, som Jakop var gift med som sto for denne arven ? Anders Håvik var trolig Jakobs bror. Det kan være fristende å påstå at Enken Anna var ei datter av Gro Jonsdatter Slede og Ektemannen Lars Holst for Hustru Herborg på Valen kjøpte tidlig en part av Sunde.Det kan være den parten Anna (hypotetisk) arver av sin trolige mor, Gro Slede. Herborg blir da oldemor til Enken Anna (Larsdatter) Sunde. (b.XXI s.525 / 21 s.525) Sammendrag: Torgils Styrkårsson erkjente å ha mottatt full betaling av hustru Herborg Torbjørnsdotter av Valen for en jordpart i Sunde i Kvinnherad, som gav en landskyld på 3 spann annethvert år og 1 hud annethvert år.(Nr: 692.Dato:1504.Sted:Sunde.) Setter pris på om noen har noe mer å bidra med rundt denne historien. Mvh Knut
  4. Dagens påskenøtt tek oss frå Luster til Bergen via Fana. Ein svigerson skal vera frå Ulstein, medan ein annan var translatør og notarius publicus i Bergen! Eg har vanskar med å finna opphavi til dei to svigersønene og likeins lagnaden til dotteri Berthe Lucie og mann hennar! Manuskriptet mitt for brørne Torger og Johannes Halvorssøner frå Fortun i Luster ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter talrike spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #17 under! Kanskje greier nokon òg å finna lagnaden til Johannes, som truleg òg flytte til Bergen...? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.