Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'hovland'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 2 resultater

  1. Eg har slite i mange år med å finna ut av denne jenta som i godt vaksi alder utvandra til Amerika og der gifte seg med ein mykje yngre sogning: Gunnhild Olsdotter, fødd på Hovland i Lunde sokn, Bø i Telemark 3.9.1840: https://media.digitalarkivet.no/view/1350/99 Her er vigsli til foreldri hennar, Ole Nilsson H....land og Signe Nilsdotter Faret 8.9.1836: https://media.digitalarkivet.no/view/1350/295 Han var gardbrukarson, medan ho var gardbrukardotter, men eg vert ikkje «klok» på opphavi deira! Det er fleire gardar med liknande namn..., og nokon gard med namn Faret finn eg ikkje! Frå Amerika vert det sagt at ho utvandra i 1873, men eg finn ho ikkje i Bø i 1865! Kan nokon med lokal kunnskap hjelpa meg med følgjande: * Kva gard i Bø (eller Lunde) var Ole Nilsson fødd/oppvaksen på? * Kva gard i Bø (eller Lunde) bat Signe Nilsdotter fødd/oppvaksi på? * Kvar var Gunnhild Olsdotter i FT1865? * Kan utvandringsåret 1873 stadfestast? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Ei ny juleutfordring følgjer: Øllegaard Jansdotter Teiste frå Kroken i Hafslo var etter segni gift to gonger. Siste mannen er velkjend, Christopher Gjertson Morgenstierne på Hovland i Årdal, men eg har vanskar med å identifisera den første, Jens Andersson, som skal vera avliden kring 1660. Kan nokon hjelpa meg? Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~ Christopher Gjertson (Morgenstierne) Hovland, ein yngre bror av futen Christopher Gjertson på Flahammar (1619-1679) og likeins ein bror av Maren Gjertsdotter (1632-1670), første kona til sorenskrivar Anders Sørenson på Talle (1630-1688), var truleg f. i Bergen kring 1628 og gifte seg kring 1663 med enkja Øllegaard Jansdotter Teiste, opphavleg frå Kroken i Hafslo. Ho var f. på Ytre Kroken kring 1631 og hadde før vore gift med ein Jens Andersson som d. kring 1660. ##### (kven var denne Jens Andersson? – opphav og opplysningar elles?) Det ser ut til at Christopher og Øllegaard busette seg på dette bruket på Kroken kring 1668, og dei vart visstnok buande her fram til kring 1680. Kring 1680 flytte Christopher Gjertson og Øllegaard til garden Hovland i Årdal der Christopher d. kring 1684. Øllegaard d. same staden kring 1707. Christopher og Øllegaard fekk seks born i lag: ##### (hadde Øllegaard born i første ekteskapet sitt med Jens Andersson? – opplysningar?) ~~~~~~~~~~~~~~ Når det gjeld desse borni, vil eg i dag avgrensa meg til eine dotteri: ~~~~~~~~~~~~~ 4. Anna Christophersdotter (Morgenstierne), f. i Luster kring 1672, Anna Christophersdotter flytte òg til Årdal med foreldri og vart der gift kring 1707 med Knut Lerche. ##### (opphavet hans? – foreldri?) Han var f. ##### (dato og stad for fødsli hans? – kring 1683?) og kom til Årdal først på 1700-talet som kolfut ved koparverket. ##### (detaljar om dette?) Anna d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) medan Knut Lerche d. i Årdal 9.7.1762. Me kjenner til to born etter dei: ##### (detaljar om desse borni? – inkl. Christopher Christian Knutson Lerche, døypt i Årdal 15.12.1715) ~~~~~~~~~~~~~ Om fleire detaljar kan finnast om denne huslyden, ville det vera ei gigantisk julegåve for meg og mange andre, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.