Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'lingjerde'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 2 resultater

  1. Desse tre søskeni frå Lingjerde i Luster, som òg er del av følgjande tema frå 2018, men aldri fekk noko svar: https://forum.arkivverket.no/topic/220706-øyanes-påskenøtt-2018-2-asbjørnsfolket-på-lingjerde-i-luster-som-delvis-forsvinn-i-amerika-kan-henda-nokon-av-dei-døydde-av-kolera-ei-kjempeutfordring/?tab=comments#comment-1865652 er ein del av ein søskenflokk som alle hamna i Amerika med unntak av ei søster i Luster og ein bror i Tromsø. Det er ein (no avliden) etterkomar etter Kari Thomasdotter Lingjerde sin bror Jørgen, som er ganske so sikker på at Kari og mann hennar døydde i ein koleraepidemi i Wisconsin i 1854, og eg har ein mistanke om at ogso Gjertrud og son hennar KAN ha litt same lagnad...(?). Kanskje ogso mor deira, Anna Marie Davidsdotter (Svabo), døypt 25.8.1793, som utvandra i lag med dei i 1854, døydde òg. Derimot veit me sikkert at den eldste av desse søskeni, Anders Asbjørnson, fødd 1818, utvandra som ungkar til Amerika i 1861, og voni mi er no at i alle fall han kan finnast att i Amerika? Her følgjer eit oppdatert manuskript for dei tre søskeni: ~~~~~~~~~~~~~~~ 4. Anders Asbjørnson, f. {i Luster} 23.5.1818, I 1850 fekk Anders attest for å flytta til Nordland. Det vart då sagt om han at han var middels høg og hadde blondt hår og blå auge. Kor lenge han var i Nordland, veit me ikkje, for i 1861 fekk han ny presteattest for å utvandra til Amerika. ##### (lagnaden hans der borte?) 5. Gjertrud Asbjørnsdotter, f. {i Luster} 21.11.1821, Gertrude Asbjornson utvandra til Amerika med mori og broren John i 1854, men vart kan henda òg offer for den koleraepidemien som knekte broren og kona hans. Me ser i alle høve ikkje noko meir til ho der borte. ##### (sjekka dette?) Ho hadde ein son: a. Andreas Knutson, son av Gjertrud og hus­mannssonen Knut Olson frå Bakken under La i Joranger sokn, Hafslo (1820- ), var f. i Hafslo 27.2.1852. Andreas utvandra truleg med mori til Amerika i 1854, men vert likeins borte for oss. ##### (sjekka dette?) 6. John Asbjørnson, f. {i Luster} 7.8.1824, gifte seg 10.4.1854 med Kari Thomasdotter frå Lingjerde øvre, Lingjerde (bnr. 4), f. 28.2.1835.­ John og Kari Asbjornson utvandra til Amerika i 1854, men Kari var avlidi før 1860; ho og John skal som før nemnt ha sett livet til i det nordlege Wisconsin i ein koleraepidemi sommaren eller hausten 1854. ##### (sjekka dette?) Dei fekk ikkje born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  2. Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i minst 35 år og som eg aldri har greidd å finna løysing på, heller ikkje med dei noverande moderne søkemetodane. Kan ein eller annan hjelpa meg med tips? Mons Olson, truleg ein innflyttar til Luster, fødd kring 1700, gifte seg her kring 1725 med Anna Jacobsdotter frå Loven i Luster, fødd kring 1703, og fekk same året bygsel på heimebruket til mkona si på Loven i Luster. Der vart dei buande fram til kring 1740 då dei flytte til ein plass under nabogarden Lingjerde kalla Kvitten, truleg same plassen som sidan fekk namnet Runningen. Anna døydde på Kvitten og vart gravlagd der 12.5.1743. Skiftet hennar vart halde 7.5.1743: https://media.digitalarkivet.no/view/24137/106 I skiftet les me at ho vart etterlevd av mannen Mons og fem born, sønene Ole og Nils og døtrene Johanna, Anna og Britha. Ei eldre dotter Siri er ikkje nemnd. Buet var fallitt! Mons gifte seg att, men døydde før 1762 då andre kona Bertha Tollefsdotter var legdelem på Flattun i Luster. Av borni etter Mons og Anna vart døtrene Siri, Johanna og Britha buande i Luster og døydde her. MEN dei tre hine forsvinn frå bygdi: ** Ole Monsson, døypt i Hafslo 30.5.1728 ** Nils Monsson, døypt i Luster 11.5.1735 ** Anna Monsdotter, døypt i Luster 19.1.1738 Kvar i all verdi kan dei ha vorte av? Særleg namnekombinasjonen Nils Monsson er ganske so uvanleg. Me finn eit par av dei på Leikanger i Sogn, men eller er det fleire i og kring BERGEN. Det same gjeld for Anna Monsdotter, men denne kombinasjonen finn me mellom anna òg i Gulen, medan Ole Monsson finst «overalt»...! Eg står heilt utan konkrete spor, men vonar på hjelp og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.